6 Leigeavtale for statens bruk av Berg Gård
Cerebral Parese-foreningen har fremja krav om husleige for statens bruk av Berg Gård frå det tidspunkt Berg Gård blei ein del av Rikshospitalet, dvs frå 1. januar 1996, og fram til 31. desember 1998.
Frå 1. januar 1999 er det forhandla fram ordinær husleigekontrakt.
Staten har på si side kravd fullt frådrag for statlege investeringar sidan 1970 i utrekninga av ein leigesum.
Det er nå forhandla fram ein avtale mellom partane om ein eingongssum på 13 mill kroner for statens bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996 - 31. desember 1998. Som del av det samla oppgjeret seier staten frå seg sitt potensielle tilbakebetalingskrav knytt til dekning av lån. Det er semje mellom partane om at 7 mill kroner av summen skal nyttast til vedlikehald/oppgradering av bygget.
I 1998 blei det vedteke ei løyving under kap 739 post 73 Erstatning for stråleskader, kan overførast på 85 mill kroner. Arbeidet med utrekning av erstatningane, som skal utbetalast i 1999, er avslutta og viser at den samla utbetalinga vil bli på i underkant av 70 mill kroner. Departementet gjer framlegg om at delar av denne innsparinga nyttast til finansiering av kostnaden til husleige for statens bruk av Berg Gård.
Sosial- og helsedepartementet gjer framlegg om at løyvinga for 1999 under kap 731 Rikshospitalet post 50 Statstilskot aukast med 13 mill kroner til dekking av husleige for statens bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996 - 31. desember 1998.
Av løyvinga på 85 mill. kroner for 1998 som er overført frå 1998 til 1999 under kap 739 post 73 Erstatning for stråleskader, kan overførast, vil 13 mill kroner ikkje bli nytta.