4 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
I forhandlingsmøte 31. mai 1999 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for perioden 1. juli 1999 - 30. juni 2000.
Avtalen føreset ei regulering av takstar, driftstilskot og fondsavsetningar med 3,8 pst pr 1. juli 1999. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.
Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir regulert med 3,0 mill kroner.