1 Innleiing
Forsuring skuldast tilførsel av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx) og ammoniakk (NH3), og er ein av dei største truslane mot biologisk mangfald i Noreg, særleg i ferskvatn. Den nordiske naturen er særleg sårbar for forsuring, og det var her dei første skadane vart registrerte på 1960- og 1970-talet. Den mest synlege effekten er skadane på fiskebestandar, særleg i Sør-Noreg. Utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) og nitrogenoksid gjev bakkenært ozon som ved høge konsentrasjonar kan gje helseskadar og skadar på vegetasjon, avlingar og materiale. Tilførsel av nitrogenoksid og ammoniakk kan medføre overgjødsling.
Utsleppa av forureiningsstoffa som er nemnde over er grensekryssande, og alle land i Europa medverkar til forsuring, overgjødsling og/eller høge konsentrasjonar av bakkenært ozon i grannelanda. Til dømes kjem meir enn 90% av nedfallet som bidreg til forsuring i Noreg (svovel og nitrogenoksid) frå kjelder utanfor landets grenser.
Det har sidan 1980-talet gått føre seg omfattande forsking om langtransportert luftureining og kartlegging av skadar, både i det einskilde land og i eit internasjonalt samarbeid under konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining. Ein har mellom anna kartlagt naturens tolegrense for forsuring i alle delar av Europa. Naturens tolegrense uttrykkjer kor mykje forsuring naturlege økosystem kan ta imot utan å verte påførte nemneverdig skade. Tolegrensa er mest avhengig av berggrunn og jordsmonn. Bergartar som er harde og fattige på kalk, som i Noreg og store delar av Skandinavia elles, gjev låge tolegrenser.
Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining av 13. november 1979 er ein rammeavtale som har til mål å verne menneska og miljøet deira mot luftureining. Konkrete forpliktingar er nedfelte i protokollar til konvensjonen. Fire protokollar som inneheld forpliktingar om kontroll og reduksjon av utslepp gjeld i dag. Noreg er part i alle dei fire protokollane. Desse er:
Protokoll av 8. juli 1985 om reduksjon av svovelutslepp eller av den mengda av svovel som kryssar nasjonale grenser, som tredde i kraft 2. september 1987. Partane er i denne protokollen forplikta til å redusere sine utslepp av svoveldioksid (SO2) med minst 30% frå 1980 til 1993.
Protokoll av 31. oktober 1988 om kontroll av utslepp av nitrogenoksid eller av den mengda av nitrogenoksid som kryssar nasjonale grenser, som tredde i kraft 14. februar 1991. Partane er i denne protokollen forplikta til å stabilisere sine utslepp av nitrogenoksid (NOx) innan 1994, samanlikna med utsleppa i 1987.
Protokoll av 18. november 1991 om kontroll med utslepp av flyktige organiske sambindingar eller grensekryssande mengder av slike, som tredde i kraft 29. september 1997. Partane si generelle forplikting i denne protokollen er å redusere utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) med 30% innan 1999, i forhold til utsleppa i 1989 (eller eit anna år mellom 1984 og 1990). For Noreg gjeld denne forpliktinga for heile fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegraden. Noreg skal vidare sikre at dei samla årlege utsleppa innan 1999 ikkje overstig nivåa i 1988. Forpliktingane i protokollen gjeld alle organiske sambindingar av antropogen (menneskeskapt) art, med unnatak av metan, som er i stand til å danne fotokjemiske oksidantar ved kjemiske reaksjonar med nitrogenoksid når det er sollys til stades (NMVOC). Ved underteikninga av protokollen erklærte Noreg i tillegg at det vil bli gjennomført tilsvarande tiltak, basert på beste tilgjengelege teknologi som er økonomisk forsvarleg, for å redusere utsleppa frå oljeverksemda langs heile kysten, både nord og sør for 62. breiddegraden.
Protokoll av 14. juni 1994 om vidare reduksjonar av svovelutslepp, som tredde i kraft 5. august 1998. Partane har i denne protokollen ulike forpliktingar, alt etter kor skadelege utsleppa deira er for område i Europa som toler lite forsuring og i høve til kostnadene med å redusere utsleppa i dei enkelte landa. Noreg er i protokollen forplikta til å sleppe ut maksimalt 34 000 tonn svoveldioksid (SO2) årleg frå og med 2000.
I tillegg er finansieringa av det europeiske måle- og evalueringsprogrammet (EMEP) fastlagd i ein eigen protokoll av 28. september 1984.
Ein ny protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon vart vedteken under eit møte i Styringsorganet for konvensjonen 30. november 1999. 27 statar underteikna protokollen ved dette høvet. Noreg var mellom desse. 4 statar har underteikna etter dette. Alle medlemsstatane i EU, dei fleste europeiske statar med overgangsøkonomi, USA og Canada er mellom dei statane som har underteikna protokollen. Protokollen, som trer i kraft når 16 partar har ratifisert han, regulerer dei nasjonale utsleppa av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar med unnatak av metan (NMVOC). Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til ratifikasjon av protokollen. Proposisjonen er utarbeidd i samarbeid med Finansdepartementet, Fiskeridepartementet, Justis- og politidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet.
Som vedlegg til proposisjonen følgjer protokollen i engelsk originaltekst og omsetjing til norsk.