St.prp. nr. 87 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av ein protokoll av 30. november 1999 til konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining av 13. november 1979, som gjeld reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon

Til innhaldsliste

3 Føresegnene i protokollen

3.1 Artiklane

Protokollen har ein fortale som består av 24 paragrafar, ein definisjonsartikkel (artikkel 1), 11 materielle artiklar (artiklane 2-12) og 7 avsluttande artiklar (artiklane 13-19). Til dei materielle artiklane er det å merkje:

Artikkel 2 Formål

Artikkelen slår fast at formålet med protokollen er å kontrollere og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar som oppstår som følgje av menneskeskapte aktivitetar og som kan ventast å ha skadeleg innverknad på menneskehelsa, på naturlege økosystem, på materiale og på avlingar, gjennom forsuring, overgjødsling eller danning av bakkenært ozon som eit resultat av atmosfærisk transport over lange avstandar og over landegrenser. Formålet er vidare i størst mogeleg grad å sikre at dei atmosfæriske avsetningane eller konsentrasjonane på lang sikt ikkje overstig tolegrensene for sure avsetningar og avsetning av næringsnitrogen, eller tolegrenser for luftkonsentrasjon av ozon.

Artikkel 3 Grunnleggjande plikter

Kvar part som har eit utsleppstak i tabellane 1-4 i vedlegg II til protokollen, skal redusere og halde ved lag reduksjonen i sine årlege utslepp i samsvar med dette taket og med tidsfristane som er fastsette i det same vedlegget. Kvar part skal som eit minstemål avgrense sine årlege utslepp av ureinande sambindingar i samsvar med pliktene i vedlegg II. Noreg sine utsleppstak går fram av kap. 5 i denne proposisjonen.

Kvar part skal seinast innanfor dei tidsfristane som er fastsette i vedlegg VII til protokollen, gjere grenseverdiane som er fastsette i vedlegg IV (svovel), V (nitrogenoksid) og VI (flyktige organiske forbindingar) gjeldande for kvar ny stasjonær kjelde innanfor dei kategoriane av stasjonære kjelder som er nemnde i desse vedlegga. Som eit alternativ kan ein part bruke andre strategiar for utsleppsreduksjon som fører til tilsvarande samla utsleppsnivå for alle kjeldekategoriar.

Kvar part skal vidare, så langt det er teknisk og økonomisk gjennomførleg når det vert teke omsyn til kostnader og fordelar, og seinast innanfor dei tidsfristane som er fastsette i vedlegg VII, gjere grenseverdiane som er fastsette i vedlegg IV, V og VI gjeldande for kvar eksisterande stasjonær kjelde i dei kategoriane av stasjonære kjelder som er nemnde i desse vedlegga. Som eit alternativ kan ein part bruke andre strategiar for utsleppsreduksjon som fører til tilsvarande samla utsleppsnivå for alle kjeldekategoriar.

Grenseverdiar for nye og eksisterande kjelar og prosessvarmarar med ein nominell termisk effekt på meir enn 50 MWth og nye tunge køyrety skal evaluerast av partane i eit møte i Styringsorganet for konvensjonen med sikte på å endre vedlegg IV, V og VIII seinast to år etter datoen då denne protokollen tek til å gjelde.

Kvar part skal ta i bruk grenseverdiane for dei drivstoff og nye mobile kjelder som er nemnde i vedlegg VIII seinast innanfor dei tidsfristane som er fastsette i vedlegg VII.

Kvar part bør bruke dei beste tilgjengelege teknikkar på mobile kjelder og på kvar ny eller eksisterande stasjonær kjelde, og bør her ta omsyn til rettleiingsdokument I til V som Styringsorganet for konvensjonen vedtok i sitt syttande møte (vedtak 1999/1), med eventuelle endringar.

Kvar part skal, for dei av sine landområde dette kravet gjeld for:

  1. som eit minstemål setje i verk dei kontrolltiltaka for ammoniakk som er fastsette i vedlegg IX; og

  2. når han finn det tenleg, bruke dei beste tilgjengelege teknikkar for å hindre og redusere ammoniakkutslepp slik dei er oppførte i lista i rettleiingsdokument V som Styringsorganet vedtok i sitt syttande møte (vedtak 1999/1), med eventuelle endringar;

Partane skal fortsetje med forhandlingar om vidare reduksjonar seinast eitt år etter at første evaluering er gjennomført etter artikkel 10.

Tidsplan for gjennomføring av grenseverdiane som er fastsette i denne artikkelen, er gjeven i vedlegg VII til protokollen.

Artikkel 4 Utveksling av informasjon og teknologi

I tråd med eigne lover og forskrifter og eigen praksis, og i samsvar med dei plikter han har teke på seg med denne protokollen, skal kvar part leggje tilhøva til rette for utveksling av informasjon, teknologi og teknikkar med sikte på å redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. For å fremje slike aktivitetar skal kvar part leggje tilhøva til rette for kontaktar og samarbeid mellom relevante organisasjonar og personar i privat og offentleg sektor som kan hjelpe med teknologi, konstruksjons- og ingeniørtenester, utstyr eller finansiering.

Artikkel 5 Publikumsinformasjon

I tråd med eigne lover og forskrifter og eigen praksis skal kvar part arbeide for å skaffe fram informasjon til publikum, mellom anna om utslepp, forureiningssituasjonen og tiltak som vert sette i verk for å redusere forureiningane. Partane skal òg gje informasjon som set publikum i stand til sjølve å bidra til utsleppsreduksjonar.

Artikkel 6 Strategiar, politikk, program, tiltak og informasjon

Alt etter behov og på grunnlag av trygge vitskaplege og økonomiske kriterium skal kvar part, for lettare å kunne oppfylle dei pliktene han har teke på seg etter artikkel 3, vedta støttande strategiar, politikk og program og setje i verk tiltak for å kontrollere og redusere sine utslepp av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar.

Artikkel 7 Rapportering

Artikkelen fastset at partane skal rapportere, i tråd med vedtak fatta av Styringsorganet, om utsleppsutvikling og om kva for tiltak dei gjennomfører for å oppfylle sine forpliktingar i protokollen, mellom anna om det blir valt alternative løysningar i medhald av artikkel 3.

Artikkel 8 Forsking, utvikling og overvaking

Partane skal oppmuntre til forsking, utvikling og samarbeid knytt til metodar for utrekning og vurdering av skadeeffektar. Dette skal brukast i arbeidet med å fastsetje tolegrenser, forbetring av metodar for overvaking, generelle strategiar for å redusere skadeeffektar, strategiar for vidare utsleppsreduksjonar og forbetring av modellar for integrerte analysar for å berekne den optimale fordelinga av utsleppsreduksjonar mellom statar.

Artikkel 9 Etterleving

Det skal med jamne mellomrom kontrollerast at kvar part gjer det han har forplikta seg til gjennom denne protokollen. Implementeringskomiteen som Styringsorganet oppretta med vedtak 1997/2, skal utføre slike kontrollar og rapportere til partane i eit møte i Styringsorganet i samsvar med reglane i vedlegget til det nemnde vedtaket og med eventuelle endringar i det.

Artikkel 10 Gjennomgang ved partane i møte i Styringsorganet

I møte i Styringsorganet skal partane i samsvar med artikkel 10 nr. 2 a i konvensjonen gå gjennom opplysningar som partane, EMEP og underordna organ til Styringsorganet legg fram, data over verknadene av konsentrasjonar og avsetningar av svovel og nitrogensambindingar og av fotokjemisk ureining, og likeins rapportane frå Implementeringskomiteen som er nemnde i artikkel 9 ovanfor. Partane skal føre tilsyn med pliktene dei har teke på seg med denne protokollen. Første gjennomgangen skal seinast ta til eitt år etter at denne protokollen tek til å gjelde.

Artikkel 11 Tvisteløysing

Tvistar mellom to eller fleire partar skal løysast gjennom tingingar eller andre fredeleg middel etter eige val. Styringsorganet skal informerast om tvisten.

Ein part kan når han underteiknar, godtek, godkjenner eller tiltrer denne protokollen, eller når som helst seinare, erklære i eit skriftleg dokument innlevert til depositaren at han ved ein eventuell tvist godtek eitt eller begge av følgjande middel til løysing av tvistar med ein part som aksepterer same løysinga:

  1. at tvisten vert lagd fram for Den internasjonale domstolen;

  2. skilsdom i samsvar med prosedyrar som partane snarast mogeleg vedtek i møte i Styringsorganet i eit eige vedlegg om skilsdom.

Miljøverndepartementet føreslår at det i samband med ratifikasjonen vert erklært at Noreg godtek at eventuelle tvistar vert lagde fram for Den internasjonale domstolen i samsvar med artikkel 11 nr. 2 a.

Artikkel 12 Vedlegg

Artikkelen slår fast at vedlegga er ein integrert del av protokollen. Vedlegg I definerer kva som er tolegrenser for sure avsetningar, avsetning av næringsnitrogen og for luftkonsentrasjon av ozon. Vedlegg II inneheld partane sine bindande forpliktingar om å overhalde maksimale nasjonale utsleppstak. Noreg sine utsleppstak går fram av kap. 5 i denne proposisjonen. Vedlegga IV-VI og VIII-IX set mellom anna grenseverdiar for utslepp frå ulike kjelder og viser til dokument som forklarer kva som er dei beste tilgjengelege teknikkar (BAT), mens vedlegg VII set fristar for å oppfylle grenseverdiane for utslepp og andre tekniske krav. I artikkel 3 i protokollen er det spesifisert kva for status dei tekniske vedlegga og dokumenta har. Nokre av krava er bindande. Fleire av formuleringane i artikkel 3 er slik at partane langt på veg sjølve kan avgjere kva for verkemiddel og tiltak som må gjennomførast for å tilfredsstille dei bindande utsleppskrava.

Når det gjeld dei avsluttande føresegnene i protokollen, er det å merkje:

Artikkel 13 Endringar og justeringar

Artikkelen fastset kva prosedyrar som skal følgjast når det vert gjort framlegg om endringar i protokollen eller vedlegga.

Artikkel 14 Underteikning

Protokollen kan underteiknast av alle statar som er medlem i FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE), av statar med konsultasjonsstatus hos ECE og av regionale organisasjonar for økonomisk integrasjon samansette av suverene statar som er medlemmer av ECE, og som har fullmakt til å forhandle, inngå og bruke internasjonale avtalar i saker som kjem inn under protokollen, føresett at dei aktuelle statane og organisasjonane er partar i konvensjonen og står på lista i vedlegg II til protokollen.

Artikkel 15 Ratifikasjon, godtaking, godkjenning og tiltreding

Artikkelen slår fast at protokollen krev ratifikasjon, godtaking, godkjenning eller tiltreding av signatarstatane. Statar og organisasjonane som oppfyller krava i artikkel 14 nr. 1 kan tiltre protokollen.

Artikkel 16 Depositar

Generalsekretæren for Dei sameinte nasjonane skal vere depositar.

Artikkel 17 Iverksetjing

Protokollen trer i kraft den nittiande dagen etter datoen då det sekstande ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingsdokumentet er deponert hos depositaren, og deretter for kvar einskild stat eller organisasjon sin del like lenge etter at denne har deponert sitt ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingsdokument.

Artikkel 18 Oppseiing

Ein part kan når som helst etter at protokollen har vore i kraft i fem år for denne parten, seie opp protokollen ved å sende skriftleg melding til depositaren. Oppseiing får verknad frå den nittiande dagen etter datoen då depositaren mottek meldinga, eller frå ein seinare dato dersom dette er fastsett i meldinga om oppseiing.

Artikkel 19 Gyldige tekstar

Originalen til protokollen i engelsk, fransk og russisk utgåve gjeld likt.

3.2 Dei tekniske krava

Vedlegg IV. Grenseverdiar for utslepp av svovel frå nye og eksisterande stasjonære kjelder

Vedlegget gjev verdiar for maksimalt tillatne utslepp av SO2 frå alle slags kjelar og frå produksjon av titandioksid. Det inneheld vidare krav til maksimalt innhald av svovel i fyringsoljar og krav om gjenvinning av svovel frå clausanlegg.

Vedlegg V. Grenseverdiar for utslepp av nitrogenoksid frå nye og eksisterande stasjonære kjelder

Vedlegget gjev verdiar for maksimalt tillatne utslepp av NOx frå alle slags kjelar, alle slags forbrenningsturbinar, sementproduksjon, nye stasjonære forbrenningsmotorar, primærproduksjon av jern og stål og produksjon av salpetersyre.

Vedlegg VI. Grenseverdiar for utslepp av flyktige organiske sambindingar frå nye og eksisterande stasjonære kjelder

Vedlegget gjev verdiar for maksimalt utslepp av NMVOC mellom anna frå bruk av alle slags løysemiddel og påføring av måling og lakk på alle slags overflater, til dømes all bruk av lim, måling og lakk, reingjering og avfeitting. Det set òg utsleppsgrenser for landbasert lagring og distribusjon av bensin.

Vedlegget inneheld eit forslag til ein såkalla «Solvent management plan» som kan brukast i staden for verdiane for maksimalutslepp.

Vedlegg VII. Tidsfristar for innføring av grenseverdiar for utslepp frå stasjonære og mobile kjelder

Verdiar for maksimalt tillate utslepp frå nye stasjonære kjelder skal for alle partar gjerast gjeldande frå og med eitt år etter at protokollen trer i kraft, mens verdiar for maksimalt tillate utslepp frå eksisterande stasjonære kjelder skal gjerast gjeldande frå og med det seineste tidspunktet av eitt år etter at protokollen trer i kraft og 31. desember 2007. Partane skal gjere verdiar for innhald i drivstoff og maksimalt tillate utslepp frå nye mobile kjelder gjeldande frå og med det seinaste av tidspunktet då protokollen trer i kraft og tidspunkta som er sette i vedlegga IV og VIII.

Vedlegg VIII. Grenseverdiar for drivstoff og nye mobile kjelder

Vedlegget inneheld grenseverdiar for maksimalt tillate utslepp av CO 1

, HC 2

, NOx, HC+NOx og PM 3

frå nye køyrety, mellom dei personbilar, lette lastebilar, tunge køyrety, ikkje-veggåande dieselmaskiner, motorsyklar, mopedar, etc. Det inneheld òg spesifikasjon av eigenskapar ved og samansetning av bensin og diesel.

Vedlegg IX. Kontrolltiltak for utslepp av ammoniakk frå landbrukskjelder

Vedlegget inneheld krav om at kvar part, med bakgrunn i lokale tilhøve, skal utarbeide ein plan for god landbruksdrift som har som mål å redusere utslepp av nitrogen frå husdyrhald og gjødsling. Planen skal lagast innan eitt år etter at protokollen trer i kraft. Partane skal, innan eitt år etter at protokollen trer i kraft, forby bruk av ammoniumkarbonat som gjødsel, og setje i verk tiltak for å avgrense bruken av urea som gjødsel. Bruk av utstyr som kan nemnast som dei beste tilgjengelege teknikkar (BAT) skal nyttast ved spreiing av blautgjødsel. Kravet skal gjelde frå 31. desember 2007. Det er sett krav til driftsbygningar med husdyr og til lagring av gjødsel frå store slike driftsbygningar.

Fotnotar

1.

karbonmonoksid

2.

hydrokarbon

3.

partikkelstoff

Til forsida