6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Protokollen inneheld både forpliktingar om maksimale utslepp av dei ulike gassane (utsleppstak) i 2010 og krav om bruk av tekniske standardar for mellom anna køyrety, drivstoff, kjelar og forbrenningsanlegg. Nokre av desse krava er obligatoriske, mens andre tillet partane å velje alternative tiltak/verkemiddel for å overhalde sine forpliktingar. Dei tekniske krava fell i hovudsak saman med krav i EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtalen eller som det no vert arbeidd med å innlemme i avtalen. Det vert vidare referert til rettleiande dokument om kva som er å forstå som dei beste tilgjengelege teknikkar (BAT). Desse dokumenta er vedtekne av Styringsorganet for konvensjonen.
Det er ikkje teke stilling til kva for verkemiddel som konkret skal brukast i Noreg for å oppfylle protokollen sine krav om maksimale nasjonale utslepp, utover dei verkemidla som følgjer av protokollen sine føresegner om obligatoriske tekniske standardar.
I samband med forhandlingane om protokollen berekna Statens forureiningstilsyn (SFT) i samarbeid med andre etatar mogelege reduksjonar i utslepp og kostnader ved desse for ei rekkje tiltak som kan vere aktuelle for å oppfylle Noreg sine forpliktingar i protokollen, jf. kap. 5.1.
I følgje SFT sine tiltaksanalysar vil tiltak innan skipsfart, annan transport, petroleumsverksemda, prosessindustrien og landbruket i hovudsak vere mest kostnadseffektive for å oppfylle Noreg sine forpliktingar i protokollen. Årlege tiltakskostnader med å oppfylle forpliktingane i protokollen er berekna til i storleiken 400 millionar kroner samanlikna med ei forventa utsleppsutvikling. Det er her ikkje teke med kostnader knytte til reduksjon i utsleppa av NMVOC. Dette skuldast at forpliktinga i Göteborgprotokollen for NMVOC omtrent er den same som i avtalen av 1991, og at det meste av kostnaden dermed går med til å nå det utsleppsnivået som burde ha vore nådd i samsvar med avtalen av 1991. Den nye protokollen gjev difor ingen vesentlege tilleggskostnader.
Det knyter seg uvisse til dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved å oppfylle protokollen. Dette skuldast mellom anna at bruken av verkemiddel ikkje er avklart. Dessutan kan mellom anna føresetnader som ligg til grunn for kostnadsoverslaga bli endra. I utrekning av dei samfunnsøkonomiske kostnadene er det mellom anna lagt til grunn at det står verkemiddel til rådvelde for å gjennomføre dei billegaste tiltaka fullt ut. Dersom desse tiltaka er vanskelege å gjennomføre, kan kostnadene ved å oppfylle Göteborgprotokollen bli vesentleg høgare enn det som framgår av SFT sine tiltaksanalysar. På den andre sida kan det finnast billege tiltak som ikkje er utgreidde. Mogelege omstillingsverknader i samband med endringar i lønsemd er ikkje utgreidde.
Kostnadene ved å gjennomføre protokollen må sjåast i samanheng med dei miljøforbetringane som følgjer for Noreg av utsleppsreduksjonar både her og i andre land. Forbetringane for Noreg vil særleg vere mindre forsuring, mindre materialskadar og mindre helseskadar. Vidare vil reduserte overskridingar av tolegrensene for forsuring føre til redusert behov for kalking på lang sikt.
Det vil vere mogeleg å oppfylle forpliktingane i protokollen ved å bruke og utvikle vidare dei verkemidla ein har i dag. Ein legg difor til grunn at gjennomføring av protokollen ikkje vil krevje lovendringar. Det kan derimot vere aktuelt med nye forskrifter som ledd i gjennomføringa av protokollen. Dette vil bli vurdert i samband med nærare analysar av verkemiddel. Dersom ein vel å etablere heilt nye verkemiddel, kan det likevel vere aktuelt å gjere endringar i lovverket for å heimle desse.
Miljøverndepartementet vil no, saman med andre departement, arbeide vidare med å analysere kva for tiltak som bør gjennomførast og kva for verkemiddel som bør brukast for å oppfylle Noreg sine forpliktingar både i eksisterande protokollar under konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining og i Göteborgprotokollen. Ein vil leggje vekt på å foreslå verkemiddel som utløyser tiltak med lågast mogelege samfunnsøkonomiske kostnader. Oppfølginga av Göteborgprotokollen vil bli sett i samanheng med dei klimapolitiske verkemidla og med arbeidet med å redusere andre miljøproblem som skuldast utslepp til luft. Ved val av tiltak og verkemiddel vil det òg verte lagt vekt på å gjennomføre tiltak der dei gjev størst miljøforbetring samla sett. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med konkrete forslag til oppfølging.
Oppfølging av protokollen vil kunne medføre auka kostnader for skipsfarten dersom det vert vedteke å gjennomføre tiltak i denne sektoren. Riksvegferjer, Hurtigruta og lokale båtruter/fylkesvegferjer mottek offentlege tilskot. Dei økonomiske konsekvensane av mogelege tiltak innan skipsfarten er førebels ikkje utgreidde. Regjeringa vil komme tilbake til dette før eventuelle vedtak.
Partane skal rapportere om utsleppsutvikling og om kva for tiltak dei gjennomfører for å oppfylle sine forpliktingar i protokollen. Overvakinga av den nye protokollen blir finansiert gjennom dei nasjonale overvakingsprogramma, generelle bidrag til FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og det europeiske måle- og overvakingsprogrammet (EMEP), som fastsett i protokollen av 28. september 1984. Ein ventar ikkje at den nye protokollen vil medføre vesentleg auke i kostnadene til overvaking i Noreg. Desse kostnadene vil bli dekte innafor gjeldande budsjettrammer.