1 Innleiing
I denne proposisjonen blir det foreslått å omdisponere 247 mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1997. Forslaga blir fremma for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret. Mindreforbruket har samanheng med at framdrifta for prosjekt og program av ulike årsaker er blitt utsett eller at planar og rammevilkår elles er endra. M.a. blir det eit mindreforbruk for Fredskorpset, landprogrammet til Eritrea og Malawi, til enkelte internasjonale organisasjonar og til flyktningar i Noreg. I tillegg gjer ein framlegg om å redusere ymseposten (kap. 0159, post 70). Mindreforbruket blir i hovudsak foreslått omfordelt til humanitære tiltak, gjeldslette, tiltak i palestinske områder og auka støtte til internasjonale organisasjonar. Afrika blir tilgodesett ved auka tildelingar innanfor gjeldslette, humanitære tiltak og internasjonale organisasjonar.
Budsjettet for utviklingshjelp for 1997 er på 9 685 mill. kroner, inklusiv 481 mill. kroner i ubrukte midlar overførde frå 1996.