St.prp. nr. 9 (1997-98)

Om endringar på statsbudsjettet for 1997 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

Til innholdsfortegnelse

3 Framlegg til reduksjonar

Kap. 0150 Utviklingshjelp til Afrika

Fredskorpset i Afrika

Det blir eit mindreforbruk til Fredskorpset i år grunna m.a. utfasing i Botswana og delvis rekrutteringsstopp i påvente av konklusjonane frå ei utgreiing om fredskorps-verksemda. Ein gjer framlegg om ein reduksjon på til saman 9 mill. kroner fordelt som følgjer:

Post 01 Løn og godtgjersle

Ein gjer framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 6 mill. kroner.

Post 11 Varer og tenester

Ein gjer framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 3 mill. kroner.

Post 73 Langsiktig utviklingssamarbeid med Eritrea, kan overførast

I Eritrea har det vore store startproblem med gjenbusettingsprogrammet for eritreiske flyktningar frå Sudan grunna konflikta mellom Sudan og Eritrea. I tillegg er det forseinka framdrift for prosjekt innanfor utdanningssektoren. Ein gjer framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 16 mill. kroner.

Post 77 Langsiktig utviklingssamarbeid med Malawi, kan overførast

Opptrappinga av samarbeidet med Malawi har vorte forseinka, m.a. fordi det har teke lenger tid enn venta å finne fram til eigna tiltak for norsk finansiering og å inngå avtalar om desse. I lys av denne situasjonen gjer ein framlegg om i staden å støtte Malawi gjennom tilskot til gjeldslette, jf. omtale under kap. 0166, post 70 der ein foreslår å auka gjeldsfondet tilsvarande. Ein gjer framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 22 mill. kroner.

Kap. 0152 Utviklingshjelp til Mellom-Amerika

Fredskorpset i Mellom-Amerika

Som omtalt under kap. 0150 ovanfor vil det bli eit mindreforbruk under Fredskorpset i år grunna delvis rekrutteringsstopp i påvente av konklusjonen frå ei utgreiing om fredskorpsverksemda. Ein gjer framlegg om ein reduksjon på til saman 8 mill. kroner til Fredskorpset til Mellom-Amerika fordelt som følgjer:

Post 01 Løn og godtgjersle

Ein gjer framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 6 mill. kroner.

Post 11 Varer og tenester

Ein gjer framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 2 mill. kroner.

Kap. 0159 Tilskot til ymse hjelpetiltak

Post 70 Tilskot, kan overførast

Denne proposisjonen inneheld forslag om auke på i alt kr 247 280 000 og tilsvarande reduksjonar, av dette blir kr 93 855 000 av tilleggsforslaga foreslått finansiert over denne posten.

Oversikt over endringar på kap. 0159, post 70 i 1997:

beløp i 1000 kr
Løyving:
Overført frå 19961 987
S III/1997100 965102 952
Disposisjonar:
Departementsvedtak6 100
Forslag denne proposisjonen93 85599 955
Forslag rest på posten etter omfordeling2 997

Kap. 0163 Generelle stønader - finansinstitusjonar

Post 71 Innskot i Den asiatiske utviklingsbank og fond, kan overførast

Ved St.prp. nr. 71 (1996-97) og Innst. S.nr. 268 (1996-97) fastsette Stortinget det norske bidraget til den sjette kapitalpåfyllinga i Det asiatiske utviklingsfondet til kr 155 910 501 over fireårsperioden 1997-2000. Budsjettet for 1997 vart vedteke før forhandlingane om kapitalpåfyllinga var avslutta. Grunna endringar som følgje av forhandlingsresultatet og justert for valutakurs, gjer ein framlegg om å redusere løyvinga på posten med 12 mill. kroner, fordelt med 11 mill. kroner på Det asiatiske utviklingsfond (AsDF) og 1 mill. kroner på Den asiatiske utviklingsbank (AsDB).

Post 72 Innskot i Den afrikanske utviklingsbank og fond, kan overførast

Grunna valutakursjustering gjer ein framlegg om å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Post 73 Innskot i Den interamerikanske utviklingsbank og Spesialfondet, kan overførast

Grunna valutakursjustering gjer ein framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, fordelt med med 4,1 mill. på Den interamerikanske utviklingsbank og 0,9 mill. kroner på Spesialfondet.

Kap. 0165 Bilateral utviklingshjelp administrert av internasjonale organisasjonar (multi-bi)

Post 01 Løn og godtgjersle

Lønsutgiftene til norske ekspertar som arbeider i Den afrikanske utviklingsbank vil bli noko lågare enn budsjettert. Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 0195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjent som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Nye overslag frå Kommunal- og arbeidsdepartementet viser at utgiftene knytt til mottakarapparatet for asylsøkjarar og flyktningar og utgiftene knytt til tilbakevending av flyktningar blir mindre enn det som er lagt til grunn i det vedtekne budsjettet for 1997. Utgifter til det statlege mottakarapparatetet for asylsøkjarar og utgifter til tilbakevending av flyktningar kan i samsvar med OECD/DACs statestikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA). For 1997 har Stortinget vedteke at Noreg skal innrapportere 50 pst. av dei ODA-godkjende utgiftene knytt til det statlege mottakarapparatet og 100 pst. av dei ODA-godkjende utgiftene knytt til tilbakevending av flyktningar. På bakgrunn av at utgiftene på desse områda blir mindre enn tidlegare budsjettert gjer Regjeringa framlegg om ein reduksjon i løyvinga på kap. 0195, post 21 på kr 79 125 000 i 1997. Regjeringa vil i nysalderingsproposisjonen for 1997-budsjettet foreslå tilsvarande nedjustering av inntektene under Kommunal- og arbeidsdepartementet, kap. 3520 Utlendingsdirektoratet, post 04 Diverse inntekter og kap. 3521 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar, post 01 Tilbakevending av flyktningar.

Regjeringa meiner at opphaldsutgiftene for flyktningar i Noreg prinsipielt ikkje bør dekkast over budsjettet for utviklingshjelp. I statsbudsjettet for 1998 foreslår Regjeringa at løyvinga over kap. 0195 til opphaldsutgifter for flyktningar blir redusert med 20 mill. kroner. Den vidare utfasing vil skje i seinare budsjett.

Til forsiden