4 Avskriving tap på lån og garantiar
Kap. 0157 Næringsutvikling og økonomisk utvikling
Post 90 Låneordninga for utvikling av næringslivet i utviklingsland, kan overførast
Departementet for utviklingshjelp (DUH) ga i 1988 eit lån på 14,5 mill. kroner til Scan Gambia Shrimp Ltd. Lånet hadde tilbakebetalingstid på 10 år med to års avdragsfriheit, og var sikra med pant i aktiva.
Formålet med selskapet var oppdrett av tropiske reker. Selskapet var eit samarbeid mellom norske S.G. Holding A/S, Netherlands Development Finance Company (FMO) og Deutsche Entwicklung Gesellshaft, den gambiske stat og private gambiske investorar.
I juni 1990 garanterte NORAD for eit lån på 1,4 mill. kroner gitt av FMO. Selskapet betalte ikkje skulda si, og 1. februar 1991 innfridde NORAD garantien med renter. I 1991 vart det vedteke å avvikle selskapet. Bustyret vedtok i 1993 å selje aktiva. NORAD mottok rapport frå bustyraren i august 1995. Det var ikkje noko midlar igjen til dekking av prioriterte og uprioriterte fordringar.
Tapet kan framstillast slik:
Lån gitt 09.08.1988 | 14.500.000 kroner | |
Renter ikkje betalt 25.08.1990-15.01.1991 | 225.555 kroner | |
Sum | 14.725.555 kroner | |
Garanti gitt 29.06.1990, innfridd 01.02.1991 | 1.400.000 kroner | |
Renter | 60.543 kroner | |
Sum | 1.460.543 kroner | |
Totalt realisert tap | 16.186.098 kroner |
I samsvar med retningslinjene for avskriving, jf. romertallsvedtak XII i St prp nr 1 (1996-97), Budsjett-innst. S-nr. 3 (1996-97) foreslår ein å utgiftsføre utan ny løyving realisert tap på kr 16 186 098 på kap. 0157, post 80 Avskrivning - tap på lån/garantiar, jf. utkast til romartalsvedtak II.