2 Framlegg til auke
Kap. 0140 Administrasjon av utviklingshjelpa
Post 01 Løn og godtgjersle
Ein gjer framlegg om ei løyving på kr 750 000 til dekking av meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1997.
Kap. 0141 Direktoratet for utviklingshjelp
Post 01 Løn og godtgjersle
Ein gjer framlegg om ei løyving på kr 1 350 000 til dekking av meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1997.
Kap. 0142 Lokale representasjonar
Post 01 Løn og godtgjersle
Ein gjer framlegg om ei løyving på kr 930 000 til dekking av meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1997.
Kap. 0143 Utanriksrepresentasjon/ 03-området
Post 01 Løn og godtgjersle
Ein gjer framlegg om ei løyving på kr 250 000 til dekking av meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1997.
Kap. 0153 Utviklingshjelp til andre prioriterte område
Post 70 Tilskot til palestinske områder, kan overførast
Israel innførde omfattande grensestengingar og økonomiske sanksjonar mot palestinske område etter terroraksjonar i juli og september i år. Sanksjonane har hatt store negative økonomiske konsekvensar i form av auka budsjettunderskot og arbeidsløyse. Det er difor behov for auka løyvingar for å imøtekomme appellar frå palestinske styresmakter om ytterlegare støtte til arbeidsintensive tiltak med stor sysselsettingseffekt. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 15 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til gjenoppbygging av det tidlegare Jugoslavia, kan overførast
Det er behov for hjelpetiltak i det tidlegare Jugoslavia. Mangel på sysselsetjingstiltak og sjansar til å skaffe seg inntektsbringande arbeid er i dag eit av dei viktigaste hinder for tilbakevending for bosniske flyktningar. Eit viktig element i å tilretteleggje for at flest mogeleg bosniarar skal kunne vende tilbake til heimlandet vil difor vere å hjelpe til å utvikle nye arbeidsplassar i Bosnia-Hercegovina. På bakgrunn av dette gjer Regjeringa framlegg om 10 mill. kroner til tiltak gjennom Norges Eksportråd for bruk under Eksportrådet sitt program for små og mellomstore bedrifter (SMB). Midlane vil kunne nyttast til gjennomføring av forprosjekt i Bosnia-Hercegovina etter retningslinjene i Eksportrådet sitt SMB-program, og i samarbeid med Utanriksdepartementet og Kommunaldepartementet. Etter Regjeringa si vurdering vil Eksportrådet sitt program for små og mellomstore bedrifter vere eit godt verkemiddel for å tilretteleggje for næringsetablering i heimlandet blant bosniske flyktningar i Noreg. Ein viser og til forslag under kap. 0191, post 77 nedanfor om 10 mill. kroner i auka humanitær hjelp til det tidlegare Jugoslavia.
Kap. 0161 Generelle stønader - FN-organisasjonar
Post 70 Tilskot til FNs utviklingsprogram (UNDP) og underliggjande fond
FNs utviklingsprogram (UNDP) skal styrkje utviklingslanda si evne til å fremme eiga utvikling og byggje opp kapasitet på prioriterte områder. Hovudfokus for programmet er kamp mot fattigdom og tiltak for sysselsetjing, miljø og kvinner. Organisasjonen har og ei viktig rolle i samordninga av utviklingshjelpa under FN-systemet. Auka løyvingar vil styrkje dette arbeidet. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 24 mill. kroner.
Kap. 0165 Bilateral utviklingshjelp administrert av internasjonale organisasjonar
Post 72 Tilskot til særorganisasjonar m.v., kan overførast
Prosjektsamarbeidet med fleire av særorganisasjonane går godt og for å kunne finansiere fleire stønadsverdige tiltak, er det trong om ekstra midlar. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.
Kap. 0166 Gjeldslettetiltak
Post 70 Tilskot til Fond for internasjonale gjeldsoperasjonar, kan overførast
Mange afrikanske land har framleis ein svært vanskeleg gjeldssituasjon. Det er difor ønskjeleg å auke løyvinga til gjeldslettetiltak. Tilleggsløyvinga vil bli prioritert for gjeldslette til Afrika. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 95 mill. kroner.
Kap. 0190 Humanitær hjelp ved naturkatastrofer
Post 70 Tilskot, kan overførast
Det er varsla ei omfattande tørkekatastrofe som vil råke fleire land frå Afrikas horn og sørover. Det er behov for ekstra midlar til å møte verknadene av tørken i mellom anna Etiopia og Tanzania. Samstundes er det behov for å styrkje katastrofeberedskapen i denne regionen med norske varer. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner.
Kap. 0191 Hjelp til flyktningar og menneskerettar
Post 75 Tilskot til anna flyktningehjelp og menneskerettar, kan overførast
Situasjonen i Nord-Korea og Kambodsja er svært vanskeleg. I Nord-Korea vil det humanitære behovet auke i løpet av vinteren. I Kambodsja har den politiske konflikten ført til nye flyktningekonsentrasjonar. Det blir difor foreslått 20 mill. kroner i auka midlar til Nord-Korea og 10 mill. kroner til resten av regionen med vekt på Kambodsja. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 30 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til humanitær hjelp til Afrika, kan overførast
Grunna den vedvarande krisa i Sentral-Afrika, konflikten i Kongo-Brazzaville og ein forverra borgarkrigssituasjon i Sierra Leone, er det behov for ekstra hjelpeinnsats. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 30 mill. kroner.
Post 77 Tilskot til humanitær hjelp til det tidlegare Jugoslavia, kan overførast
Det er stort behov for humanitære hjelpetiltak i det tidlegare Jugoslavia. For å kunne støtte nokre av dei mest prioriterte tiltaka er det behov for auka midlar. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner. Ein viser og til forslaget under kap. 0153, post 71 ovanfor om 10 mill. kroner i auka hjelp til det tidlegare Jugoslavia.