2 Nærmare om programmet for ungdomsorganisasjonar
I samband med at EU har organisert tilskota sine til ikkje-statlege organisasjonar som arbeider på ungdomsområdet i eitt program, har ein òg opna for at andre land kan ta del. Dette gjeld EØS-EFTA-statane, Bulgaria, Romania, Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Albania, Serbia og Montenegro, Bosnia-Hercegovenia, Kroatia, Russland, Kviterussland, Ukraina og Moldova.
Programmet er todelt. Den eine delen gjeld tilskot til drift av verksemda til Det europeiske ungdomsforumet, der Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er med. Den andre delen omfattar tilskot til drift av verksemda til internasjonale ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonar og tilskot til prosjekt som desse organisasjonane set i verk.
Programmet opnar òg for å støtte tiltak som vert sette i verk gjennom eit samarbeid mellom nasjonale organisasjonar i minst åtte land. Gruppa av land kan omfatte både EU-medlemmer og andre land som har slutta seg til programmet. Mange norske frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar samarbeider med søsterorganisasjonar i andre europeiske land gjennom dei internasjonale paraplyorganisasjonane sine. Desse vil kunne nyte godt av støtta.
Det er lagt opp til at programmet om å fremje europeiske organ på ungdomsområdet skal takast inn i eit nytt generelt ungdomsprogram for perioden 2007-13. Kommisjonen gjorde framlegg om eit slikt program 14. juli 2004. Dette programmet skal mellom anna etterfølgje ungdomsutvekslingsprogrammet for 2004-2006.