5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Den finansielle ramma for dette treårige programmet er på 13 millionar euro, dvs. gjennomsnittleg 4,3 millionar euro per år.
Det er lagt opp til at EØS-EFTA-statane skal koste 2,11 prosent (2005-nivået) av det totale budsjettet. Dette vil seie at tilskotet frå EØS-EFTA-statane vil vere om lag 181 000 euro over to år. Med ein eurokurs på 8,5 vil dette utgjere om lag 1,54 millionar kroner over to år.
Noreg sin del (94,94 prosent) vil vere om lag 1,46 millionar kroner, dvs. om lag 730 000 kroner per år.
Tilskotet vert dekt innanfor budsjettet til Barne- og familiedepartementet. Kostnaden for 2005 er innarbeidd i St.prp. nr. 1 (2004-05), budsjettkapittel 8.5.7, budsjettpost 79. Deltakinga i programmet har ingen administrative konsekvensar for Noreg.