4 Avgjerd i EØS-komiteen
Med sikte på deltakinga til EØS-EFTA-statane i EU sitt program for ungdomsorganisasjoner vil avgjerda i EØS-komiteen innebere ei endring av protokoll 31 til EØS-avtala. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1slår fast at protokoll 31 får ei tilføying om at samarbeidet vert utvida til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004.
Artikkel 2 føreset at europaparlaments- og rådsavgjerda skal nyttast frå 1. januar 2005 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.