1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [ . . .] av [ . . .] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane
EØS-KOMITEEN HAR -
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og
på følgjande bakgrunn:
Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. . . ./ . . . av . . . 1
.
Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet 2
.
Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2005 -
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I protokoll 31 artikkel 4 (Utdanning, opplæring og ungdomsspørsmål) i avtala vert det gjort følgjande endringar:
Etter nr. 2j skal nytt nr. 2k lyde:
«2k. EFTA-statene skal fra 1. januar 2004 delta i følgende tiltak:
32004 D 0790: 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet (EUT L 138 av 30.4.2004, s. 24).»
Teksta i nr. 3 skal lyde:
«EFTA-statene skal bidra finansielt til programmene og tiltakene omhandlet i nr. 1, 2, 2a, 2b, 2c, 2d, 2e, 2f, 2g, 2h, 2i, 2j og 2k, i samsvar med avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a).»
Artikkel 2
Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3
.
Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2005.
Artikkel 3
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.
Utferda i Brussel, [ . . .]
For EØS-komiteen | |
Formann | |
[ . . .] | |
Sekretærar for EØS-komiteen | |
[...] | [...] |