1 Innleiing
I denne proposisjonen ber regjeringa om Stortingets samtykke til inngåing av avtale av 23. mai 1986 om oppretting av Det interamerikanske investeringsselskapet (Inter-American Investment Corporation - heretter IIC).
IIC starta opp i 1989 som ein sjølvstendig søsterorganisasjon til Den interamerikanske utviklingsbanken (Inter-American Development Bank - heretter IDB). Avtalen legg opp til at IIC skal stimulere til økonomisk utvikling i medlemslanda i regionen gjennom å fremje etablering, utviding og modernisering av primært små og mellomstore private bedrifter, i ei form som støttar opp om det utviklingsarbeidet som IDB utfører i same regionen.
Etter ein periode med nødvendig reorganisering og rasjonalisering har IIC den seinare tida hatt ei positiv utvikling. Under årsmøtet i IDB våren 1999 vedtok medlemslanda ei kapitalutviding i IIC på USD 500 millionar. Dette opna for deltaking av nye medlemmer. Noreg valde, saman med Belgia, Portugal, Sverige og Finland, å bli medlem på føresetnad av parlamentarisk godkjenning. Alle medlemmene i IDB, med unntak av Canada og Storbritannia, vil i så fall vere medlemmer av IIC.
Norsk medlemskap i organisasjonen har som mål å medverke til vekst og sysselsetjing i regionen, særleg i dei fattigaste landa som har liten tilgang på privat kapital. Innanfor ramma av den nye strategien for næringsutvikling i sør vil formålet med norsk medlemskap i IIC vere å påverke organisasjonen i ei utviklingsfremjande retning, i tråd med norske utviklingspolitiske prioriteringar.
Den framforhandla norske deltakinga i kapitalutvidinga er på USD 3 930 000, fordelt på 393 aksjar à USD 10 000. Norsk medlemskap i IIC vil i 2001 innebere ei innbetaling på USD 1 068 960, og deretter USD 476 840 per år dei neste seks åra (2002-2007).
Avtalen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.