4 Grunnar for norsk medlemskap i IIC
Regjeringa har hovudsakleg vurdert spørsmålet om norsk medlemskap i IIC ut frå følgjande tre forhold: 1) utviklingspolitiske vurderingar, 2) andre utanrikspolitiske omsyn, og 3) næringslivsinteresser.
4.1 Utviklingspolitiske vurderingar
Landa i regionen er generelt sett betre stilte enn dei fattigaste landa i Afrika og Asia. Medlemskap i IIC vil difor ikkje nå dei fattigaste landa i same grad som bistand gjennom enkelte andre multilaterale organisasjonar. Latin-Amerika er likevel den regionen i verda som har skeivast fordeling av inntekter og eigedom. Fattigdomssituasjonen er prekær for store befolkningsgrupper i Latin-Amerika, trass i at utviklingspotensialet generelt sett er stort. Norsk og nordisk medlemskap og innverknad i IIC kan påverke institusjonen til å bidra til ei positiv utvikling for dei fattigaste landa og dei fattigaste befolkningsgruppene i Latin-Amerika.
IIC vil kunne bli eit nyttig instrument i den nye norske strategien for næringsutvikling i sør. IIC har eit mandat som går ut på å gje privat sektor ei større rolle i utviklingsprosessen ved å tilby finansiering og rådgjeving særleg til små og mellomstore bedrifter i regionen, noko som samsvarer godt med norske utviklingspolitiske prioriteringar. Nord-Sør / Bistandskommisjonen har understreka det nødvendige i å satse på små og mellomstore bedrifter (SMB). Små og mellomstore bedrifter er generelt meir arbeidsintensive og nyttar teknologi som ofte er betre tilpassa lokale forhold enn større bedrifter. Behovet for å satse på SMB vert vidare understreka av den privatiseringa, spesialiseringa og nedlegginga av statsselskap og private selskap som har vore ei følgje av reformprosessen i regionen. Utvikling av privat sektor er generelt ein nødvendig føresetnad for varig fattigdomsreduksjon i Latin-Amerika, og IIC er ei viktig partnar for dei latinamerikanske landa i strevet etter å utvikle ein produktiv privat sektor. IIC er òg ein interessant samarbeidspartnar for det nyetablerte norske investeringsfondet for næringsverksemd i utviklingsland, NORFUND.
4.2 Andre utanrikspolitiske omsyn
Danmark er alt medlem av IIC, og både Finland og Sverige har søkt om medlemskap. Norsk medlemskap i IIC opnar for nærare nordisk samarbeid i IIC. Gjennom medlemskap i IIC vil Noreg, i utanrikspolitisk samarbeid med andre valgruppemedlemmer, vere med på å påverke organisasjonen frå innsida. Det overordna målet med slik påverknad vil vere å bidra til å styrkje fattigdomsorienteringa i IIC-arbeidet ved å auke utviklingseffekten av prosjekta institusjonen tek på seg.
Medlemskap i IIC har òg eit menneskerettsperspektiv. Investeringsreglane for IIC fremjar opne prosessar hos bedriftene som tek imot finansiering. Organisasjonen stiller også sosiale og miljømessige krav til prosjekta organisasjonen involverer seg i. Desse standardane har ein viktig signaleffekt overfor næringslivet elles, ettersom IIC har ein status som gjer at krava organisasjonen stiller, ofte blir sett på som retningsgjevande for privat verksemd generelt. Ein open og dynamisk privat sektor med basis i små og mellomstore bedrifter kan såleis motverke maktkonsentrasjon.
4.3 Næringslivsinteresser
IIC kan bli ein viktig medspelar både for NORFUND og norsk næringsliv i regionen. IIC legg vekt på rådgjevingsfunksjonen, noko som vil kunne vere av stor verdi for norske firma ved etablering i regionen, og medlemskap i IIC opnar for interessante investerings- og samfinansieringsalternativ for norsk næringsliv. Nærings- og handelsdepartementet har gjennom ei undersøking fått påvist god interesse for norsk medlemskap i IIC hos viktige norske finansinstitusjonar og bedrifter.