3 Norsk medlemskap i IIC - vilkår for norsk medlemsskap
Noreg søkte formelt om medlemsskap i IIC hausten 1998. Forhandlingane om utvida medlemstal i IIC vart hovudsakleg førte i 1998-99. I samband med den kapitalutvidinga som vart vedteken våren 2000, kom ein fram til ei generell semje mellom dei eksisterande medlemmene om at dei skulle frigje delar av aksjepostane sine for å opne for dei landa som ønskjer å bli medlemmer av IIC.
Noreg har fått tilbod om medlemskap gjennom kjøp av 393 aksjar pålydande USD 10 000, i alt USD 3 930 000. Som tidlegare nemnt utgjer dette ein aksjepost på 0,56 prosent. Noreg skal i prinsippet betale inn sin del av aksjekapitalen over totalt åtte år, med like årlege innbetalingar. På bakgrunn av at dei eksisterande medlemmene betalte inn sin første del av kapitalutvidinga allereie i år 2000, vil Noreg og dei andre nye medlemmene betale dobbelt avdrag i 2001. Det vil seie at Noreg vil måtte betale inn USD 1 068 960 innan 31.10.01, og deretter USD 476 840 innan 31.10. kvart av dei neste seks åra (2002-2007). Utgiftene vert å dekkje innanfor ODA-godkjend bistandsramme i det einskilde år. Innbetalingane i 2001 har dekning over kap. 163, post 70, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001).