1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1. I pakka inngår prosjektet rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset (Vågsbygdveien) i Kristiansand samt ei rekke tiltak innafor dei ulike programområda i kommunane Kristiansand, Søgne, Songdalen og Vennesla i Vest-Agder og Birkenes og Lillesand i Aust-Agder. Midlane til programområda vil i stor grad bli nytta til bygging av samanhengande gang- og sykkelvegnett i Kristiansandsregionen. I tillegg inngår midlar til planlegging av prosjekt og tiltak med sikte på vidareføring av samferdselspakka (fase 2).
I dei lokale vedtaka er det lagt til grunn at samferdselspakka skal finansierast med statlege midlar innafor ramma til øvrige riksvegar og bompengar. Som følgje av forvaltningsreforma er dei aktuelle riksvegstrekningane i regionen i hovudsak føresett omklassifiserte til fylkesvegar frå 2010. Det er derfor lagt til grunn at føresette statlege midlar til pakka blir dekka av Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar.
For å kome i gang så snart som råd med prosjekt og tiltak som er kome lengst i planlegginga, er det lokal semje om å leggje fram samferdselspakka i to fasar. I fase 2 legg lokale styresmakter opp til bygging av ny E39 mellom Gartnerløkka og Søgne samt ytterlegare satsing på tiltak innafor dei ulike programområda. Det vil også bli vurdert å gjennomføre tiltak for å redusere veksten i biltrafikken. Før fase 2 kan leggjast fram, skal det gjennomførast ei konseptvalutgreiing (KVU) som grunnlag for kvalitetssikring i tidleg planfase (KS1).