2 Omtale av utbygginga
Samferdselspakke fase 1 inneheld prosjekt og tiltak kostnadsrekna til om lag 1 800 mill. 2009-kr, jf. tabell 2.1:
Tabell 2.1 Aktuelle prosjekt og tiltak innafor Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1
Rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset | 1 080 |
Mjuk pakke | 420 |
Tiltak langs rv 41/451 Timenes - Kjevik | 120 |
Bomstasjonar | 20 |
Planlegging og førebuing av fase 2 | 160 |
Sum | 1 800 |
Rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset
Rundt ein tredel av busetnaden i Kristiansand kommune er i Vågsbygd, og bydelen har også tunge næringsområde. Rv 456 har i dag to felt, kryss i plan og fleire direkte avkøyrslar. Trafikken er på om lag 22 000 køyretøy pr. døgn. Fartsgrensa er 50 og 60 km/t. Det er vesentlege problem med kø i rushtida. I perioden 1999-2009 er det registrert 21 ulykker med ein drepen, to hardt skadde og 32 lettare skadde. Ulykkene med drepne og skadde var møteulykker. Det var 6 ulykker med påkøyring bakfrå.
Prosjektet omfattar bygging av 2,2 km ny firefelts veg frå kryss med E39 i Kolsdalen, om lag 1,5 km vest for Kristiansand sentrum, til Lumberkrysset, sentralt i bydelen Vågsbygd, jf. fig. 2.1. I prosjektet inngår m.a. ein tunnel med to løp på 1,3 km. Det blir bygd planskilt kryss med kommunale vegar i Fiskådalen, samt ny rundkøyring i kryss med kommunale vegar ved Lumberkrysset. Krysset med dagens E39 er utforma slik at det på ein enkel måte kan tilpassast framtidig E39-løysing. Dagens rv 456 skal fungere som parallellført samleveg til den nye vegen på strekninga frå Hannevikdalen til krysset i Fiskådalen.
Kristiansand kommune vedtok reguleringsplanane for prosjektet i mai og i september 2007 og ei mindre reguleringsendring 13. mai 2009. Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet (KS2). Det er semje mellom konsulenten og Statens vegvesen om styrings- og kostnadsramme. Samferdselsdepartementet legg i tråd med dette til grunn ei styringsramme på 1 080 mill. 2009-kr og ei kostnadsramme på 1 220 mill. 2009-kr. Netto nytte (NN) er rekna til om lag 500 mill. kr. Netto nytte pr. investert krone (NN/K) er rekna til om lag 0,3.
Det er planlagt å starte anleggsarbeida på rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset hausten 2010, med fullføring hausten 2013.
Mjuk pakke
Det er føresett om lag 420 mill. kr til tiltak innafor dei ulike programområda i kommunane Kristiansand, Søgne, Songdalen og Vennesla i Vest-Agder og Birkenes og Lillesand i Aust-Agder. Hovudsatsinga innafor mjuk pakke er gang- og sykkelvegar, kollektivtrafikktiltak, trafikktryggleikstiltak, miljøtiltak og mindre utbetringar. I tillegg er det føresett midlar til planlegging og grunnerverv. Enkelte tiltak kan bli delfinansierte med kommunale midlar eller ved at kommunane står ansvarlege for planlegging og eigedomskjøp.
Gang- og sykkelvegutbygginga skal vidareutvikle samanhengande gang- og sykkelvegnett i Kristiansandsregionen, og knyte nettet/netta til viktige knutepunkt. Totalt er det foreslått å bygge om lag 25 km nye gang- og sykkelvegar.
Kryssingar for fotgjengarar i tettbygde strøk er eit viktig satsingsområde innan trafikktryggleik. Det skal byggjast planskilte kryssingar for gåande og syklande m.a. nær skular. I tillegg er det lagt opp til å gjennomføre tiltak etter trafikktryggleiksinspeksjonar, primært på dagens øvrige riksvegnett.
Det er lagt opp til å setje av midlar til tiltak i kollektivnettet både i Kvadraturen og i Kristiansandsregionen generelt. Midlane vil bli nytta til kollektivgater, tiltak for å betre framkome for buss, terminalar, opprusting av haldeplassar, inkl. tiltak for universell utforming, samt bil- og sykkelparkering langs kollektivaksar.
Fv 303 mellom Kristiansand og Songdalen er også føreslått utbetra. I tillegg er det aktuelt å delfinansiere nytt kryss til jernbanegodsterminalen på Langemyr. Vidare skal 15 mill. kr nyttast til refusjon til Kristiansand kommune for utbetring av rv 452 mellom Fagerholdt og Justvik, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009), side 98.
Mjuk pakke vil gi betre framkome og tryggleik for gåande, syklande og kollektivtrafikantar og vil gjennom dette leggje betre til rette for å erstatta bilturar med miljøvenleg transport i Kristiansandsregionen. I underkant av halvparten av ramma på 420 mill. kr er planlagt investert i Kristiansand kommune, medan det er foreslått investeringar i storleiksorden 30-60 mill. kr i kvar av dei fem andre kommunane. I den lokale behandlinga er det føresett at om lag 70 mill. kr av den totale ramma til mjuk pakke skal gå til investeringar i Aust-Agder.
Det føresette finansieringsbidraget i eksisterande bompengeordning var oppnådd 1. juli 2008. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 45 (2007-2008) og St.prp. nr. 72 (2008-2009) har Stortinget vedteke å vidareføre eksisterande innkrevjingsordning for å unngå opphald i innkrevjinga til den nye samferdselspakka er behandla. Dette er venta å gje 6-7 mill. kr i inntekt pr. månad etter at driftskostnader er trekt frå, fram til ny ordning trer i kraft. Det er lagt opp til å nytte om lag 80 mill. kr av desse midlane til tiltak innafor mjuk pakke innan utgangen av 2009.
Rv 41/rv 451 Timenes - Kjevik
Det er behov for å ruste opp rv 41/rv 451 mellom Timenes og Kjevik flyplass. Det er derfor sett av om lag 120 mill. kr til tiltak langs denne strekninga. Det er i fyrste omgang lagt opp til å nytte om lag 40 mill. kr av ramma til gang- og sykkelvegar og planskilte kryssingar for gåande og syklande.
Vidare tiltak langs Kjevikvegen og eventuell løysing på ny tilkomst til flyplassen er ikkje avklart enno. Samferdselsdepartementet vil kome attende til bruken av dei resterande midlane når dei lokale avklaringane ligg føre.
Planlegging og førebuing av ei eventuell fase 2 av samferdselspakka
Det er sett av om lag 160 mill. kr til planlegging og førebuing av ein eventuell fase 2 av samferdselspakka. Det skal gjennomførast ei konseptvalutgreiing (KVU) for vidare utbygging i Kristiansandsregionen som grunnlag for kvalitetssikring i tidleg planfase (KS1). Midlane til planlegging av fase 2 kan derfor ikkje nyttast før resultatet av kvalitetssikringa ligg føre.