6 Fylkeskommunal og kommunal garanti
Som det går fram av kap. 3 har Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune fatta vedtak om garanti for eit bompengelån på tilsamen 350 mill. kr, fordelt med 50 pst. på kvar. Den maksimale gjelda til selskapet er rekna til om lag 550 mill. kr i 2013. Kommunal- og regionaldepartementet har ingen innvendingar til den fylkeskommunale garantien. Garantien bil bli godkjent etter at det ligg føre ei stortingsbeslutning. Den kommunale garantien må godkjennast av fylkesmannen i Vest-Agder.