1 Bakgrunn
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utviding av Bergensprogrammet, med vidareføring av bompengeordninga i 10 år frå 2015 til 2025.
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det vist til at Bergensområdet er ein av dei viktigaste økonomi-, kompetanse og innovasjonsregionane i landet. Regionen er viktig for verdiskaping på Vestlandet og i landet elles. Bergensområdet står framfor ein vesentleg vekst i folketal og trafikk. Innan 2025 er det venta over 70 000 fleire personar som gjennom arbeidsreiser og reiseaktivitetar i dagleglivet vil bidra til auka etterspurnad etter transport.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 118 (1984-85) slutta Stortinget seg til at det blei etablert ei bompengeordning i Bergen der hovudmålet var å bygga ut eit tenleg hovudvegnett. Ordninga blei etablert i 1986 og skulle opphavleg gjelda fram til utgangen av 2000. Avtalen om innkrevjing av bompengar blei forlenga til utgangen av 2002, jf. St.prp. nr. 45 (1998-99) og St.prp. nr. 1 (2001-2002). Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 76 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 45 (2002-2003), slutta Stortinget seg til hovudlinjene i Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø. Det blei lagt opp til å redusera biltrafikken, styrka kollektivtrafikken med buss og bybane, rusta opp sentrumsområde som er blitt avlasta for biltrafikk og etablera eit samanhengande gang- og sykkelvegnett til og gjennom byen. I tillegg til bompengar var det lagt til grunn både kommunale, fylkeskommunale og statlege midlar. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 75 (2004-2005), jf. Innst. S. nr. 94 (2005-2006), slutta Stortinget seg til ei revidert bompengeordning for Bergensprogrammet. Rabattstruktur og innkrevjingsordning inkludert talet på bomstasjonar blei endra, bompengeperioden blei utvida med fire år fram til utgangen av 2015 og det blei gitt løyve til låneopptak for å sikra parallell utbygging av første etappe av Bybanen og rv 557 Ringveg vest. Det blei vidare gitt løyve til å nytta bompengar til finansieringa av Bybanen. I St.prp. nr. 24 (2007-2008) blei det varsla kostnadsaukar på bybaneprosjektet. Det blei og rekna med auka bompengeinntekter.
Første etappe av Bybanen og Ringveg vest er planlagt opna for trafikk i 2010. Med dagens bompengeordning vil bompengeinntektene til og med 2015 gå til å tilbakebetala lån som er tatt opp til å finansiera første etappe av dei to prosjekta. Det er ikkje rom for å gjennomføra andre etappe av Ringveg vest, andre etappe av Bybanen eller Skansentunnelen.
For å få best mogleg nytte av investeringane i første etappe av Bybanen og Ringveg vest, har Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune gått inn for at andre etappe av begge prosjekta blir ferdigstilte snarast råd, jf. St.meld. nr. 16 (2008-2009), side 159. For å komma raskt i gang med anleggsarbeida på andre etappe av Bybanen og Ringveg vest har Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune gått inn for å finansiera førebuande arbeid i 2009 og 2010 gjennom auka låneopptak, innsparingar og omprioriteringar innafor Bergensprogrammet. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2008-2009) er det gitt løyve til å auka låneopptaket for å finansiera nødvendig planlegging og prosjektering i 2009 og 2010. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 72 (2008-2009) er løyvet blitt utvida til også å omfatta grunnerverv.
Finansieringa av Bergensprogrammet frå 2010 er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar.