7 Utbyggings- og finansieringsopplegg
I St.prp. nr. 75 (2004-2005) var det lagt til grunn at finansieringa av Bergensprogrammet skulle skje med både statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar i tillegg til bompengar. Finansieringa av Bergensprogrammet frå 2010 er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Det er lagt til grunn 6 820 mill. 2010-kr til investeringar i perioden 2010-2025, fordelt med 3 280 mill. kr av fylkeskommunale midlar og 3 540 mill. kr av bompengar.
Fylkeskommunale midlar
Frå 2010 har fylkeskommunane ansvaret for hovuddelen av tidlegare øvrige riksvegar. Desse er omklassifiserte til fylkesvegar, og statlege løyvingar til fylkeskommunane ved overtaking av øvrig riksvegnett skjer gjennom rammetilskotsordninga.
Ved behandlinga av transportetatane sitt forslag til Nasjonal transportplan for perioden 2010-2019 uttalte fylkestinget at fordelinga av investeringsmidlar til øvrige riksvegar i høvesvis Bergen og resten av fylket framleis skal vera 50/50.
I saksframstillinga til møtet i fylkestinget i juni 2009 peika fylkesrådmannen på at det i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er lagt opp til ei statleg ordning med rentekompensasjon for transporttiltak i fylkeskommunane. Fylkesrådmannen har vurdert det slik at denne ordninga gjer det mogleg å auka investeringane i Bergensprogrammet med om lag 50 mill. kr. pr. år. I Prop. 1 S (2009-2010) er det gitt førebelse retningslinjer for ordninga. Det er lagt til grunn ei årleg planramme på 176 mill. kr for Hordaland frå rentekompensasjonsordninga.
Ved den fylkespolitiske behandlinga i juni 2009 blei det lagt til grunn ei årleg fylkeskommunal løyving på 205 mill. kr i 2010-prisnivå pr. år til prosjekt og tiltak i Bergensprogrammet. Dette inneber ei samla fylkeskommunal løyving i perioden 2010-2025 på til saman 3 280 mill. kr, omrekna til 2010-prisnivå.
Handlingsprogram for det fylkeskommunale vegnettet i Hordaland 2010-2013 (19) blei behandla av fylkestinget 8. desember 2009. Her er det lagt til grunn eit årleg fylkeskommunalt finansieringsbidrag til Bergensprogrammet i perioden 2010-2013 på 205 mill. kr pr. år, inkludert bruk av rentekompensasjonsordninga. Det er også lagt til opp til at løyvingane til Bergensprogrammet blir vidareførte på same nivå i siste seksårsperiode (2014-2019). I samband med planar om utviding av Busstasjonen i Bergen er det lagt opp til å prioritera ytterlegare 20 mill. kr pr. år i 2011 og 2012, til saman 40 mill. kr, mot tilsvarande reduksjon i siste seksårsperiode.
Ved behandlinga av budsjettet for 2010 i møte 8. desember 2009 løyvde fylkestinget 205,7 mill. kr til prosjekt og tiltak i Bergensprogrammet pr. år. Midlane er fordelte med 140,3 mill. kr til tiltak innafor programområda, 10,4 mill. kr til refusjonar, 27,5 mill. kr til andre etappe av Bybanen og 27,5 mill. kr til andre etappe av Ringveg vest.
Bompengar
Det er lagt til grunn 3 540 mill. kr i bompengar til investeringar i perioden 2010-2025. Bompengar til å dekka renter på bompengelån er rekna til 1 850 mill. kr. I tillegg kjem bompengar til å dekka innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet med om lag 38 mill. kr, pr. år eller om lag 610 mill. kr i perioden 2010-2025. Akkumulert gjeld i 2013/2014, når andre etappe av Bybanen og Ringveg vest er gjennomførte, er førebels rekna til i storleiksorden 4,1 mrd. kr (løpande kroner). Pr. 31. desember 2009 var akkumulert gjeld om lag 1 660 mill. kr.
Det sto att å finansiera om lag 840 mill. kr av kostnadene ved første etappe av Bybanen og Ringveg vest pr. 31. desember 2009. Desse kostnadene er med i finansieringsopplegget frå 2010.
I hovudsak som følgje av at delar av investeringane ved første og andre etappe av Bybanen og Ringveg vest vil skje seinare enn tidlegare lagt til grunn, er bompengemidlar til investeringar i perioden 2010-2025 auka med om lag 420 mill. kr samanlikna med den lokale behandlinga.
Planlagt bompengeuttak i 2010 er om lag 1 000 mill. kr.
Ved den lokale behandlinga er det lagt til grunn ei lånerente på 4,75 pst.,basert på ei låneordning som Bergen Bompengeselskap har i dag. Statens vegvesen viser til at 8 pst. rente er ein standardføresetnad i bompengeprosjekt. I fleire bompengeproposisjonar dei siste åra er det lagt til grunn 6,5 pst. rente med føresetnad om dokumentasjon for lånerente før bompengeavtalen blir underskriven, eventuelt før anleggsstart. Også for enkelte bompengepakker er 6,5 pst. lånerente nytta. I nokre få bompengeprosjekt er det nytta lågare rente enn 6,5 pst., men i desse sakene har det vore krav om opsjonsavtale før bompengeproposisjon blir fremma.
I denne proposisjonen er det lagt til grunn 4,75 pst. lånerente. Dersom den faktiske lånerenta blir høgare enn 4,75 pst., må investeringane reduserast. Det er rekna på følgjande to pessimistiske alternativ, basert på gjeldande investeringsplan:
Eit alternativ der det er lagt til grunn 6,5 pst. lånerente.
Som a), men i tillegg er kostnadene både for andre etappe av Bybanen og Ringveg vest auka opp til kostnadsramma og samtidig er det ikkje lagt til grunn årleg trafikkvekst.
I begge alternativa er det lagt til grunn at investeringane blir reduserte i slutten av bompengeperioden, og det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing til utgangen av 2025.
Med føresetnadene i alternativ a) blir bompengar til investeringar reduserte med om lag 870 mill. kr, samanlikna med basisalternativet. Bompengar til å dekka renter blir auka med om lag 970 mill. kr.
Med føresetnadene i alternativ b) blir bompengar til investeringar reduserte med om lag 1 440 mill. kr, samanlikna med basisalternativet. Bompengar til å dekka renter blir auka med om lag 1 000 mill. kr. Ved at 370 mill. kr vil gå til å dekka kostnadauker på dei to store prosjekta, vil midlar til andre prosjekt og tiltak bli reduserte med om lag 1 810 mill. kr.
Fylkesrådmannen har i saksframstillinga til fylkestinget sett det som uheldig at så store delar av dei samla inntektene må gå til å betale renter til finansieringsinstitusjonar. Samferdselsdepartementet viser til at ein eventuell reduksjon i maksimalrabattane, jf. kap. 5, vil gi betre økonomi i Bergensprogrammet og eventuelt gjera det mogleg med ein viss reduksjon av bompengeperioden.
Av takstretningslinjene går det fram at Statens vegvesen, etter søknad frå bompengeselskapet, kan justera takstane i tråd med konsumprisindeksen. I denne proposisjonen er det lagt til grunn at ei slik prisregulering blir gjennomført.
Styringa av Bergensprogrammet
Bergensprogrammet er ei bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. All kostnadsauke må følgjeleg løysast innafor dei økonomiske rammene for pakka. Det er framleis lagt opp til parallell utbygging av Bybanen og Ringveg vest, med anleggsstart for andre etappe av begge prosjekta hausten 2010. Ved eventuell kostnadsauke for eit, eventuelt begge prosjekta, må først kuttlista takast i bruk. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, er det føresett å nytta midlar som er planlagt til tiltak innafor programområda og/eller Skansentunnelen.
I St.prp. nr. 75 (2004-2005) blei det vist til at Bybanen og Ringveg vest er store og kostnadskrevjande, og kostnadsoverskridingar på desse prosjekta vil kunna få store konsekvensar for prioriteringa av dei mindre prosjekta i pakka. Det var derfor ein føresetnad at det ikkje blir starta opp nye prosjekt i Bergensprogrammet ut over Bybanen og Ringveg vest før utbygginga av desse er komme så langt ein har full oversikt over kostnadsutviklinga i prosjekta og inntektsutviklinga frå bompengeinnkrevjinga. Det er likevel starta opp ei rekkje mindre prosjekt og tiltak. Statens vegvesen meiner at det er behov for å klargjera rutinane rundt prioriteringar og oppstart av nye prosjekt og tiltak i Bergensprogrammet. Statens vegvesen meiner vidare at opplegget for styring og rapportering bør takast opp til ny vurdering, bl.a. ut i frå den nye situasjonen i Bergensprogrammet der det ikkje er lagt til grunn statlege midlar.
Garantiar
For første etappe av Bybanen og Ringveg vest har Bergen kommune stilt garanti for 1750 mill. kr (sjølvskuldnargaranti). For å oppnå best mogleg lånevilkår oppmodar Samferdselsdepartementet om at det også blir stilt garantiar i samband med andre etappe av dei to prosjekta.