2 Status for Bergensprogrammet
I finansieringsplanen i St.prp. nr. 75 (2008-2009) var det lagt til grunn 5 300 mill. kr i 2005-prisnivå til investeringar i perioden 2002-2015. Omrekna til 2010-prisnivå var dette 6 570 mill. kr. Av dette var det lagt til grunn 880 mill. kr i perioden 2010-2015. Finansieringsplanen i St.prp. nr. 75, omrekna til 2010-prisnivå, er vist i tabell 2.1.
Tabell 2.1 Finansieringsplan i St.prp. nr. 75 (2004-2005). Mill. 2010-kr
Opplegg i St.prp. nr. 75 (2004-2005) | ||||
2002-2005 | 2006-2009 | 2010-2015 | Sum 2002-2015 | |
Statlege midlar, øvrige riksvegar | 480 | 860 | 840 | 2 180 |
Statlege midlar, stamvegar | 250 | 160 | 0 | 410 |
Bompengar | 770 | 2 960 | - 40 | 3 690 |
Fylkeskommunale midlar | 40 | 70 | 40 | 150 |
Kommunale midlar | 50 | 50 | 40 | 140 |
Sum investeringar | 1 590 | 4 100 | 880 | 6 570 |
Tabell 2.2 viser oppfølginga av finansieringsplanen i St.prp. nr. 75.
Tabell 2.2 Oppfølging av finansieringsplanen i St.prp. nr. 75 (2004-2005). Mill. 2010-kr
St. prp. nr. 75 | Løyvd i perioden | St. prp. nr. 75 | Løyvd i perioden | St. prp. nr. 75 | Løyvd i perioden | |
Periode | 2002-2005 | 2002-2005 | 2006-2009 | 2006-2009 | 2002-2009 | 2002-2009 |
Statlege midlar, øvrige riksvegar | 480 | 436 | 860 | 662 | 1 340 | 1 098 |
Statlege midlar, stamvegar | 250 | 266 | 160 | 180 | 410 | 446 |
Bompengar* | 770 | 1156 | 2 960 | 3 159 | 3 730 | 4 315 |
Fylkeskommunale midlar | 40 | 32 | 70 | 56 | 110 | 88 |
Kommunale midlar | 50 | - | 50 | - | 100 | - |
Sum | 1 590 | 1 890 | 4 100 | 4 057 | 5 690 | 5 947 |
* Bompengar som er løyvde/tatt ut er inklusive om lag 260 mill. kr frå bompengeordninga før 2002, omrekna til 2010-prisnivå.
For perioden 2002-2009 er dei statlege løyvingane til øvrige riksvegar om lag 240 mill. kr lågare enn lagt til grunn i St. prp. nr. 75, og dei fylkeskommunale løyvingane er om lag 20 mill. kr lågare enn lagt til grunn. Det ligg ikkje føre dokumentasjon som gir grunnlag for å ta med kommunale midlar i oppfølginga. Endringane i løyvingar er meir enn kompenserte ved at bompengar til investeringar er auka med om lag 590 mill. kr. Her inngår om lag 260 mill. kr frå bompengeordninga før 2002.
Investeringsplanen som var lagt til grunn, med parallell utbygging av Bybanen og Ringveg vest og med gjennomføring av mindre investeringstiltak, er i hovudsak følgt opp. Til og med 2009 er om lag 2,9 mrd. kr av investeringar på om lag 5,9 mrd. kr gått til dei to store prosjekta. Større stamvegprosjekt som er gjennomførte er sluttføring av arbeida på E39 mellom Hop og Fjøsanger, utviding av E39 mellom Sørås og Hop frå to til fire felt og bygging av nytt Fjøsangerkryss. Det var nødvendig å gjennomføra ein del tiltak på tilstøytande vegnett, dei såkalla Hasteprosjekta, før anleggsarbeidet på bybaneprosjektet starta opp i Inndalsveien og Bjørnsons gate. Kanalvegen og kryssa Fjøsangerveien/Minde Allé og Kanalvegen/Minde Allé er bygde om. I tillegg er Solheimsgaten forlenga for å auka kapasiteten gjennom krysset på Danmarksplass og gi betre tilkomst til Solheimsviken. Frå 2002 er det blitt nytta i storleiksorden 100 mill. kr pr. år til mindre investeringstiltak i Bergensprogrammet. Tiltak som er gjennomførte er kollektivtrafikktiltak, bygging av gang- og sykkelvegar, trafikksikringstiltak, miljøtiltak og bygging av nye bomstasjonar. Det er bygd kollektivfelt langs rv 580 Flyplassvegen, rv 585 Årstadveien og i Natlandsveien. Det er gjennomført større gang- og sykkelvegprosjekt på strekninga Elvenes - Valle (langs E39), mellom Minde allé og Kristiansborgvatnet og langs rv 558 Håkonsvernveien/Hillerenveien (fylkesveg). I Bergen sentrum er det innafor miljøtiltak gjennomført opprusting av m.a. Håkonsgaten, Vaskerelven, Vestre Torvgate og Nygårdsgaten. Utafor sentrum er det gjennomført miljøtiltak med opprusting i Nesttun sentrum og på Laksevåg.
Bergen kommune har søkt om fritak for inngåande meirverdiavgift for bybaneprosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009), side 101 - 102. Finansdepartementet har gjort vedtak om eit slikt fritak for første etappe og grunngjeve det med at ei slik ekstrarekning ville ha vore ei urimeleg belastning for Bergen kommune. For andre etappe skjer utbygginga i fylkeskommunal regi, og det er også fylkeskommunen som får driftsansvaret for Bybanen og som skal ha billettinntektene. Når desse instansane er samanfallande, er kriteria for rett til frådragsføring av inngåande meirverdiavgift oppfylte.
I St.prp. nr. 24 (2007-2008) blei det vist til at det ikkje er endeleg avklart kven som skal dekkja kostnadene for omlegging av vassrøyr og kabelnett i bybanetraséen. Spørsmålet har vore behandla i Bergen tingrett som ga staten medhald i at Statens vegvesen kan pålegga andre leidningseigarar å flytta kablar og røyr som ligg i vegtraséen for eiga rekning. BKK Nett AS anka saka, og anken blei behandla av Gulating lagmannsrett i oktober 2009. Lagmannsretten avslo anken og stadfesta dommen frå tingretten. Dommen i lagmannsretten er rettskraftig.