1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og
på følgjande bakgrunn:
Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. [.../...] av [...] 1 .
Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 922/2009/EF av 16. september 2009 om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting (ISA) 2 .
Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2010 –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Protokoll 31 til avtala vert endra slik det er fastsett i vedlegget til denne avgjerda.
Artikkel 2
Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3 .
Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2010.
Artikkel 3
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel, [...].
For EØS-komiteen
Formann
[...]
Sekretærar for EØS-komiteen
[...]
Vedlegg
til avgjerd i EØS-komiteen nr.. [.../...]
I protokoll 31 til avtala artikkel 17 (Telematisk datautveksling) vert det gjort følgjande endringar:
I nr. 1 vert omgrepa «nr. 5 bokstav a)» og «nr. 5 bokstav b)» erstatta med «nr. 6 bokstav a)» og «nr. 6 bokstav b)»
I nr. 1 skal nytt ledd lyde:
«EFTA-statene skal fra 1. januar 2010 delta i de av Unionens prosjekter og tiltak som er nevnt i nr. 6 bokstav c), i den grad disse prosjektene og tiltakene støtter annet samarbeid mellom avtalepartene.»
I nr. 2 vert orda «nr. 5» erstatta med «nr. 6».
I nr. 3 vert orda «nr. 5 bokstav a)» erstatta med «nr. 6 bokstav a)».
I nr. 4 vert orda «nr. 5 bokstav b)» erstatta med «nr. 6 bokstav b)».
Nr. 5 vert omnummerert som nr. 6.
Etter nr. 4 skal nytt nr. 5 lyde:
«5. EFTA-statene skal fra starten av samarbeidet innenfor rammen av programmet nevnt i nr. 6 bokstav c), delta fullt ut, uten stemmerett, i de EØS-relevante delene av arbeidet til komiteen for samvirkningsløsninger for europeisk offentlig forvaltning (ISA-komiteen), som bistår Kommisjonen for De europeiske felleskap i gjennomføringen, styringen og utviklingen av programmet, når de EØS-relevante delene av programmet er berørt.»
I nr. 6 etter bokstav b) skal ny bokstav c) lyde:
«c) med henblikk på deltakelse fra 1. januar 2010:
32009 D 0922: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 922/2009/EF av 16. september 2009 om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting (ISA) (EUT L 260 av 3.10.2009, s. 20).»