Prop. 110 S (2009–2010)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting ISA (2010-2015)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 922/2009/EF av 16. september 2009 om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting (ISA)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 156 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1 ,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2 ,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3 , og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I samsvar med artikkel 154 i traktaten skal Fellesskapet medverke til skiping og utvikling av transeuropeiske nett ved hjelp av tiltak for å fremje samankoplinga av, samverknadsevna og tilgangen til desse netta for såleis å medverke til å nå dei måla som er nemnde i artikkel 14 og 158 i traktaten og gjere det mogleg for borgarar i Unionen, marknadsdeltakarar og regionale og lokale administrative einingar å fullt ut dra nytte av føremonene med å skape eit område utan indre grenser.

  2. I konklusjonane sine av 1. desember 2005 om kommisjonsmeldinga «i2010 – Eit europeisk informasjonssamfunn for vekst og sysselsetjing» streka Rådet under at meir målretta, effektiv og integrert politikk med omsyn til informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på både europeisk og nasjonalt plan er vesentleg for å nå måla for økonomisk vekst og produktivitet. Kommisjonen vart oppmoda til å oppmuntre til effektiv bruk av IKT i offentlege tenester gjennom utveksling av røynsler og å utvikle felles framgangsmåtar på viktige område som samverknadsevne og effektiv bruk av opne standardar.

  3. I resolusjonen sin av 14. mars 2006 om eit europeisk informasjonssamfunn for vekst og sysselsetjing 4 , oppmoda Europaparlamentet til at det vert lagt vekt på spørsmåla om samverknadsevne og god praksis i dei elektroniske tenestene som offentleg sektor tilbyr borgarar og føretak, med det overordna målet å lette fri rørsle, etablering og sysselsetjing utan hindringar for borgarar i medlemsstatane. Europaparlamentet oppmoda òg medlemsstatane inntrengjande til å gjennomføre i2010-initiativa og –programma under omskipinga av dei offentlege forvaltingane deira for å sikre dei små og mellomstore føretaka og borgarane betre, meir effektive og lettare tilgjengelege tenester.

  4. I ministerfråsegna frå Manchester av 24. november 2005 vart dei ministrane som er ansvarlege for IKT-politikk, mellom anna samde om å arbeide saman og med Kommisjonen for å dele eksisterande verktøy, felles spesifikasjonar, standardar og løysingar på ein meir effektiv måte, og om å oppmuntre til samarbeid i utviklinga av løysingar der det er naudsynt.

  5. I ministerfråsegna frå Lisboa av 19. september 2007 oppmoda ministrane Kommisjonen mellom anna til å lette samarbeidet mellom medlemsstatane og Kommisjonen med sikte på å definere, utvikle, gjennomføre og overvake samverknadsevna over landegrensene og på tvers av sektorane, og slo fast at framtidig fellesskapsregelverk særleg bør føregripe og vurdere kva verknad det regelverket har på endringar av IKT-infrastrukturar og –tenester.

  6. Med den raske utviklinga av IKT er det ein fare for at medlemsstatane vel ulike eller inkompatible løysingar og at det kan oppstå nye elektroniske hindringar som kan føre til at den indre marknaden og den tilhøyrande frie rørsla ikkje verkar på ein tilfredsstillande måte. Dette kan ha negative verknader på klarleiken og konkurranseevna til marknadene og på ytinga av visse tenester av allmenn interesse for borgarar og føretak, anten dei er av økonomisk art eller ikkje. Medlemsstatane og Kommisjonen bør auke innsatsen for å unngå oppsplitting av marknadene, oppnå samverknadsevne og fremje dei felles vedtekne IKT-løysingane, samstundes som det vert sikra ei høveleg styring.

  7. Borgarar og føretak vil òg kunne dra nytte av felles samverkande løysingar som kan nyttast om att, og samverkande forvaltingsmessige sakshandsamingsløysingar, ettersom desse løysingane og systema vil fremje ei føremålstenleg og effektiv yting av offentlege tenester til borgarar og føretak over landegrenser og på tvers av sektorar.

  8. Det er naudsynt med ein vedvarande innsats for å sikre samverknadsevna over landegrensene og på tvers av sektorane, utveksle røynsler, skipe og halde ved lag felles framgangsmåtar, spesifikasjonar, standardar og løysingar og for å vurdere dei konsekvensane som fellesskapsregelverket har for IKT, med sikte på å støtte eit føremålstenleg og effektivt samspel over landegrensene mellom anna ved gjennomføringa av det regelverket, samstundes som dei administrative byrdene og utgiftene vert reduserte.

  9. For å handtere desse utfordringane bør ein slik innsats gjerast gjennom nært samarbeid og nær samordning og dialog mellom Kommisjonen og medlemsstatane, i nært samspel med dei sektorane som er ansvarlege for gjennomføringa av politikken til Den europeiske unionen, og eventuelt med andre aktørar, samstundes som det vert teke tilbørleg omsyn til prioriteringane og det språklege mangfaldet til Den europeiske unionen og til utviklinga av felles framgangsmåtar på viktige område som samverknadsevne og effektiv bruk av opne standardar.

  10. Infrastrukturtenester bør haldast ved lag og drivast på ein berekraftig måte i samsvar med europaparlaments- og rådsavgjerd 2004/387/EF av 21. april 2004 om samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC) 5 , som krev at Kommisjonen definerer ordningar som sikrar den finansielle og driftsmessige berekrafta til infrastrukturtenestene. Medlemsstatane vart samde om slike infrastrukturtenester i samband med gjennomføringa av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett retningslinjer, medrekna fastlegging av prosjekt av felles interesse, på området transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar (IDA) 6 og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999 om vedtaking av eit sett tiltak og åtgjerder for å sikre samverknadsevne mellom og tilgang til transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom administrasjonar (IDA) 7 og i samband med gjennomføringa av IDABC og andre relevante program.

  11. IDABC-programmet går ut 31. desember 2009 og bør etterfølgjast av eit fellesskapsprogram om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting (ISA-programmet), som handterer dei utfordringane som er nemnde over.

  12. ISA-programmet bør byggje på dei røynslene som er gjorde med IDA- og IDABC–programma. Det bør òg takast omsyn til konklusjonane frå vurderingane av IDABC-programmet, som handlar om kor relevant, føremålstenleg, effektivt, nyttig og samanhengande det programmet er. Det bør òg takast særskilt omsyn til behova til brukarane. Det er vist at ein samordna framgangsmåte med felles og delte løysingar som vert skipa og drivne i samarbeid med medlemsstatane, kan medverke til å gje snøggare og betre resultat og til å stette administrative krav. Verksemdene under IDA- og IDABC- programma har allereie medverka monaleg til å sikre samverknadsevne til støtte for elektronisk utveksling av opplysningar mellom europeiske offentlege forvaltingar, og gjer det stadig, med positive ringverknader på den felles marknaden.

  13. For å unngå oppsplitting og sikre ei heilskapleg tilnærming, bør det takast tilbørleg omsyn til den europeiske strategien for samverknadsevne og den europeiske ramma for samverknadsevne når prioriteringane for ISA-programmet vert fastsette.

  14. Løysingar som er skipa eller drivne under ISA-programmet, bør vere baserte på etterspurnad og så langt det er råd utgjere ein del av eit samanhengande økosystem av tenester som lettar samspelet mellom europeiske offentlege forvaltingar og sikrar, lettar og gjer det mogleg å få til samverknadsevne over landegrensene og på tvers av sektorane.

  15. ISA-programmet bør sikre tilgang til felles rammer, felles tenester og allmenne verktøy til støtte for samspel mellom europeiske offentlege forvaltingar over landegrensene og på tvers av sektorane, og støtte sektorar i vurderinga av dei konsekvensane som fellesskaps­regelverket har for IKT, og i planlegginga av gjennomføringa av høvelege løysingar.

  16. Felles rammer bør omfatte mellom anna felles spesifikasjonar, retningslinjer og metodar og felles strategiar. Slike rammer bør stette krava i eksisterande fellesskapsregelverk.

  17. Samstundes som drift og betring av eksisterande felles tenester som er skipa under IDA– og IDABC-programma og andre liknande initiativ, vert sikra, bør ISA-programmet støtte skiping, industrialisering, drift og betring av nye felles tenester som følgje av nye behov og krav.

  18. Ettersom lokale og regionale forvaltingar har som oppgåve å sikre at europeiske offentlege forvaltingar fungerer effektivt og at det er samverknad mellom dei, er det viktig at løysingane tek omsyn til behova til lokale og regionale forvaltingar.

  19. Samstundes som betring av eksisterande allmenne verktøy som kan nyttast om att og som er skipa under IDA– og IDABC-programma og andre liknande initiativ, vert sikra, bør ISA-programmet som svar på nye behov eller krav, støtte skiping, levering og betring av nye allmenne verktøy som kan nyttast om att, medrekna dei verktøya som er fastsette ved ei vurdering av dei konsekvensane som fellesskapsregelverket har for IKT.

  20. I skipinga, betringa og drifta av dei felles løysingane bør ISA-programmet, der det høver, byggje på eller utfyllast av deling av røynsler og løysingar og utveksling og fremjing av god praksis. I denne samanhengen bør samsvar med den europeiske ramma for samverknadsevne og opne standardar og spesifikasjonar fremjast.

  21. Løysingar som vert skipa eller drivne under ISA-programmet, bør byggje på prinsippet om teknologisk nøytralitet og tilpassingsevne med sikte på å sikre at også borgarar, føretak og forvaltingar fritt kan velje kva teknologi som skal nyttast.

  22. Prinsippa om tryggleik, personvern og vern av personopplysningar bør nyttast i all verksemd som kjem inn under ISA-programmet.

  23. Sjølv om det vert oppmoda til at alle medlemsstatane tek del i tiltaka under ISA-programmet, bør det òg vere mogleg med tiltak som berre nokre av medlemsstatane sett i verk. Medlemsstatar som ikkje tek del i slike tiltak, bør oppmodast til å ta del på eit seinare tidspunkt.

  24. ISA-programmet bør medverke til gjennomføring av alle initiativ til oppfølging av i2010, og for å unngå dobbeltarbeid, ta omsyn til andre fellesskapsprogram på området IKT, særleg støtteprogrammet for IKT-politikk under rammeprogrammet for konkurranseevne og nyskaping (2007 til 2013) som er fastsett i europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1639/2006/EF 8 .

  25. Samspel med privat sektor og andre einingar har allereie vist seg å vere effektivt og gje meirverdi. Det bør difor leggjast vinn på å oppnå samverknad med desse aktørane for å prioritere løysingar som er tilgjengelege i og vert støtta av marknaden, der det høver. I denne samanhengen bør den eksisterande praksisen med å organisere konferansar, arbeidsgrupper og andre møte for å kommunisere med desse aktørane, haldast ved lag. Ei vidareføring av bruken av elektroniske plattformar bør òg fremjast ytterlegare. Alle andre høvelege måtar å halde kontakt med desse aktørane på, bør òg nyttast.

  26. ISA-programmet bør gjennomførast i samsvar med fellesskapsføresegnene om offentlege innkjøp.

  27. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 9 .

  28. ISA-programmet bør overvakast og vurderast jamleg slik at det kan justerast.

  29. Det bør oppmodast til internasjonalt samarbeid og følgjeleg bør ISA-programmet òg vere ope for deltaking for statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet og for kandidatstatane. Det bør òg oppmodast til samarbeid med andre tredjestatar og internasjonale organisasjonar eller organ, særleg innanfor ramma av partnarskapet mellom Europa og middelhavsstatane og det austlege partnarskapet, og med nabostatar, særleg statane på Vest-Balkan og i Svartehavsregionen.

  30. Høvet til å nytte midlar for tidsrommet før tilmelding for å lette deltakinga for kandidatstatar i ISA-programmet og høvet til at strukturfonda og brukarane kan samfiansiere felles rammer og allmenne verktøy som er skipa eller betra ved ISA-programmet, bør undersøkjast nærmare.

  31. Med sikte på å sikre ei god forvalting av dei finansielle ressursane til Fellesskapet og unngå unaudsynleg auke i utstyrsmengd, overflødige granskingar og bruk av ulike metodar, bør det vere mogleg at løysingar som er skipa eller drivne under ISA-programmet, også vert nytta i samband med initiativ som ikkje kjem frå Fellesskapet, på det vilkåret at dette ikkje påfører det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen kostnader og at hovudmålet med løysinga på fellesskapsplan ikkje vert sett på spel.

  32. I denne avgjerda er det for det fleirårige programmet fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og god økonomistyring 10 . Denne finansielle ramma bør òg omfatte utgifter som er knytte til førebuing, overvaking, kontroll, revisjon og vurdering som er direkte naudsynt for forvaltinga av programmet og for at måla for programmet skal nåast, særleg studiar, møte mellom sakkunnige, informasjons- og publiseringstiltak, utgifter som er knytte til IT-system og –nett for utveksling og handsaming av informasjon, og eventuelle andre former for teknisk og administrativ støtte som Kommisjonen kan fastsetje i samband med forvaltinga av programmet.

  33. Ettersom målet med denne avgjerda, nemleg å lette føremålstenleg og effektiv elektronisk kommunikasjon mellom europeiske offentlege forvaltingar over landegrensene og på tvers av sektorane, som gjer det mogleg å levere elektroniske offentlege tenester til støtte for gjennomføringa av fellesskapspolitikk og –verksemd, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor på grunn av omfanget og verknadene av det framlagde tiltaket betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Føremål og mål

  1. Ved denne avgjerda vert det for tidsrommet 2010-2015 skipa eit program om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting, medrekna lokale og regionale forvaltingar og fellesskapsorgan og –institusjonar, som skal levere felles og delte løysingar som lettar samverknadsevna (ISA-programmet).

  2. Målet med ISA-programmet er å støtte samarbeidet mellom europeiske offentlege administrasjonar ved å lette føremålstenleg og effektiv elektronisk kommunikasjon over landegrensene og på tvers av sektorane mellom slike forvaltingar, medrekna organ som utfører offentlege verv på deira vegner, som gjer det mogleg å levere elektroniske offentlege tenester til støtte for gjennomføringa av fellesskapspolitikk og –verksemd.

Artikkel 2

Definisjonar

I denne avgjerda tyder:

  1. «samverknadsevne» den evna som åtskilde og ulike organisasjonar har til å samhandle i retning av ymsesidig føremålstenlege og vedtekne felles mål som omfattar deling av informasjon og kunnskap mellom organisasjonane gjennom den forretningsverksemda som dei støttar, ved hjelp av utveksling av data mellom dei respektive IKT-systema deira,

  2. «løysingar» felles rammer, felles tenester og allmenne verktøy,

  3. «felles rammer» strategiar, spesifikasjonar, metodar, retningslinjer og like framgangsmåtar og dokument,

  4. «felles tenester» praktisk bruk og infrastrukturar av allmenn art som stettar felles brukarkrav på tvers av politikkområde,

  5. «allmenne verktøy» referanseplattformer, delte plattformer og samarbeidsplattformer, felles komponentar og liknande modular som stettar felles brukarkrav på tvers av politikkområde,

  6. «tiltak» undersøkingar, prosjekt og oppfølgingstiltak,

  7. «oppfølgingstiltak» strategiske og haldningsskapande tiltak, tiltak til støtte for forvaltinga av ISA-programmet og tiltak i samband med utveksling av røynsler og utveksling og fremjing av god praksis.

Artikkel 3

Verksemder

ISA-programmet skal støtte og fremje:

  1. skiping og betring av felles rammer til støtte for samverknadsevne over landegrensene og på tvers av sektorane,

  2. vurdering av dei konsekvensane som framlagt eller vedteke fellesskapsregelverk har for IKT, og planlegginga eller innføringa av IKT-system til støtte for gjennomføringa av slikt regelverk,

  3. drift og betring av eksisterande felles tenester og skiping, industrialisering, drift og betring av nye felles tenester, medrekna samverknadsevna til infrastrukturen for offentlege nøklar (PKI),

  4. betring av eksisterande allmenne verktøy som kan nyttast om att, og skiping, levering og betring av nye allmenne verktøy som kan nyttast om att.

Artikkel 4

Allmenne prinsipp

Tiltak som er sette i verk eller vidareførde under ISA-programmet, skal byggje på følgjande prinsipp:

  1. teknologisk nøytralitet og tilpassingsevne,

  2. klarleik,

  3. evne til å kunne nyttast om att,

  4. personvern og vern av personopplysningar, og

  5. tryggleik.

Artikkel 5

Tiltak

  1. Fellesskapet skal i samarbeid med medlemsstatane gjennomføre dei tiltaka som er spesifiserte i det samanhengande arbeidsprogrammet som er skipa ved artikkel 9, i samsvar med gjennomføringsføresegnene i artikkel 8. Slike tiltak skal gjennomførast av Kommisjonen.

  2. Ei undersøking skal ha éin fase og avsluttast med sluttrapporten.

  3. Eit prosjekt skal, der det høver, ha tre fasar:

    1. den innleiande fasen, som skal føre til skiping av prosjektplanen,

    2. gjennomføringsfasen, som skal avsluttast med gjennomføringsrapporten, og

    3. driftsfasen, som startar når ei løysing er gjort tilgjengeleg for bruk.

    Dei aktuelle prosjektfasane skal definerast når tiltaket er teke inn i det samanhengande arbeidsprogrammet.

  4. Gjennomføringa av ISA-programmet skal støttast av oppfølgingstiltak.

Artikkel 6

Prosjektplan og gjennomføringsrapport

  1. Prosjektplanen skal innehalde følgjande element:

    1. omfang, mål og problem eller høve, medrekna dei forventa brukarane av og føremonene ved ei løysing og dei kvantitative og kvalitative indikatorane for å måle slike føremoner,

    2. framgangsmåten, medrekna dei organisatoriske sidene ved prosjektet, som til dømes fasar, resultat og delmål, og tiltak for å lette fleirspråkleg kommunikasjon,

    3. aktørar og brukarar, og dei tilhøyrande styringsstrukturane,

    4. nærmare opplysningar om løysinga, medrekna samanhengen med og tilknytinga til andre løysingar, fordeling av forventa kostnader, tidsplan og krav og eit overslag over dei samla kostnadene ved eigarskap, medrekna dei eventuelle årlege driftskostnadene,

    5. særtrekk ved løysinga, og

    6. avgrensingar, medrekna krav til tryggleik og datavern.

  2. Gjennomføringsrapporten skal innehalde følgjande element:

    1. omfang, mål og problem eller høve målt i høve til prosjektplanen,

    2. prosjekteffektiviteten, medrekna ei måling av resultat, kostnader som er kome på, faktisk tidsplan og krav i høve til prosjektplanen, ein analyse av den forventa kapitalforrentinga og dei samla kostnadene ved eigarskap, medrekna dei årlege driftskostnadene,

    3. dei organisatoriske sidene, medrekna spørsmålet om kor eigna den styringsstrukturen som vert nytta, er, og eventuelt tilrådingar med omsyn til styringsstruktur etter gjennomføringsfasen,

    4. der det høver, den framlagde planen for overføring av løysinga til driftsfasen og indikatorane for tenestenivå, og

    5. brukarhandbok og tilgjengeleg materiale for teknisk støtte.

Artikkel 7

Løysingar

  1. Felles rammer skal utarbeidast og haldast ved lag ved hjelp av undersøkingar.

    Undersøkingane skal òg nyttast til å støtte vurderinga av dei konsekvensane som framlagt eller vedteke fellesskapsregelverk har for IKT, og planlegginga eller innføringa av løysingar til støtte for gjennomføringa av slikt regelverk.

  2. Undersøkingane skal offentleggjerast og sendast til dei ansvarlege utvala i Europaparlamentet som eit grunnlag for alle framtidige regelverksendringar som er naudsynte for å sikre samverknadsevna til dei IKT-systema som europeiske offentlege forvaltingar nyttar.

  3. Allmenne verktøy skal utarbeidast og haldast ved lag ved hjelp av prosjekt. Prosjekt skal likeins vere eit middel til skiping, industrialisering, drift og vedlikehald av felles tenester.

Artikkel 8

Gjennomføringsreglar

  1. Ved gjennomføringa av ISA-programmet skal det takast tilbørleg omsyn til den europeiske strategien for samverknadsevne og den europeiske ramma for samverknadsevne.

  2. Det skal oppmodast til at så mange som mogleg av medlemsstatane tek del i ei undersøking eller eit prosjekt. Ei undersøking eller eit prosjekt skal vere ope for deltaking på alle stadium og medlemsstatar som ikkje tek del i ei undersøking eller eit prosjekt, skal oppmodast til å ta del seinare.

  3. For å sikre samverknadsevne mellom nasjonale system og fellesskapssystem, skal det utarbeidast felles rammer, felles tenester og allmenne verktøy med tilvising til eksisterande europeiske standardar eller offentleg tilgjengelege spesifikasjonar, eller til opne spesifikasjonar for informasjonsutveksling og integrering av tenester.

  4. Skipinga eller betringa av løysingar skal, der det høver, byggje på eller utfyllast av deling av røynsler og løysingar og utveksling og fremjing av god praksis.

  5. For å unngå dobbeltarbeid og for å auke framdrifta i skipinga av løysingar, skal det takast omsyn til resultat som er oppnådde gjennom andre relevante fellesskaps- eller medlemsstatsinitiativ der det høver.

    For å skape best mogleg samverknad og sikre at dei ulike veksemdene vert kombinerte og at dei utfyllar kvarandre, skal tiltaka samordnast med andre relevante fellesskapsinitiativ der det høver.

  6. Igangsetjing av tiltak, definering av fasane til desse tiltaka og utarbeiding av prosjektplanar og gjennomføringsrapportar skal utførast og overvakast av Kommisjonen som ein del av gjennomføringa av det samanhengande arbeidsprogrammet som er skipa i samsvar med artikkel 9.

Artikkel 9

Samanhengande arbeidsprogram

  1. Kommisjonen skal skipe eit samanhengande arbeidsprogram for å gjennomføre tiltak i heile det tidsrommet som denne avgjerda gjeld.

  2. Kommisjonen skal godkjenne det samanhengande arbeidsprogrammet og, minst éin gong i året, eventuelle endringar av det.

  3. Utan at det rører ved artikkel 10 nr. 4, skal den framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 12 nr.2, nyttast når det gjeld godkjenninga til Kommisjonen av det samanhengande arbeidsprogrammet og alle endringar av det.

  4. For kvart tiltak skal det samanhengande arbeidsprogrammet omfatte, der det høver:

    1. ei utgreiing om omfang, mål, problem eller høve, forventa brukarar og føremoner og den organisatoriske og tekniske framgangsmåten,

    2. ei fordeling av forventa kostnader og, der det høver, delmål som skal nåast.

  5. Eit prosjekt kan verte omfatta av det samanhengande arbeidsprogrammet i alle fasar.

Artikkel 10

Budsjettføresegner

  1. Midlane skal tildelast når følgjande spesifikke delmål er nådde:

    1. for igangsetjinga av ei undersøking, eit oppfølgingstiltak eller den innleiande fasen av eit prosjekt: innføringa av tiltaket i det samanhengande arbeidsprogrammet,

    2. for igangsetjinga av gjennomføringsfasen til eit prosjekt: prosjektplanen,

    3. for gjennomføringa av den påfølgjande driftsfasen til eit prosjekt: gjennomføringsrapporten.

  2. Eventuelle delmål som skal nåast under gjennomføringsfasen og driftsfasen, skal definerast i det samanhengande arbeidsprogrammet.

  3. Når eit prosjekt vert teke inn i det samanhengande arbeidsprogrammet i gjennomføringsfasen eller driftsfasen, skal midlane tildelast ved innføringa av det prosjektet i det samanhengande arbeidsprogrammet.

  4. Endringar av det samanhengande arbeidsprogrammet som gjeld budsjettmidlar på meir enn 400 000 euro per tiltak, skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 12 nr. 2.

  5. ISA-programmet skal gjennomførast i samsvar med fellesskapsføresegnene om offentlege innkjøp.

Artikkel 11

Finansielt tilskot frå Fellesskapet

  1. Skipinga og betringa av felles rammer og allmenne verktøy skal fullt ut finansierast gjennom ISA-programmet. Bruken av slike rammer og verktøy skal finansierast av brukarane.

  2. Skipinga, industrialiseringa og betringa av felles rammer og allmenne verktøy skal fullt ut finansierast gjennom ISA-programmet. Drifta av slike tenester skal fullt ut finansierast gjennom ISA-programmet i den grad bruken av dei kan tene interessene til Fellesskapet. I andre tilfelle skal bruken av desse tenestene, medrekna drifta av dei på eit desentralisert plan, finansierast av brukarane.

  3. Oppfølgingstiltak skal finansierast fullt ut gjennom ISA-programmet.

Artikkel 12

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av Utvalet for samverknadsløysingar for europeiske offentlege forvaltingar (ISA-utvalet).

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  3. Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

Artikkel 13

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal jamleg overvake gjennomføringa av ISA-programmet. Han skal undersøkje samverknadene med utfyllande fellesskapsprogram.

    Kommisjonen skal kvart år leggje fram for ISA-utvalet ein rapport om gjennomføringa av ISA-programmet.

  2. Løysingane skal vurderast på nytt annakvart år.

  3. ISA-programmet skal underleggjast ei førebels vurdering og ei sluttvurdering og resultata av dei skal sendast til Europaparlamentet og Rådet innan høvesvis 31. desember 2012 og 31. desember 2015. I denne samanhengen kan det ansvarlege utvalet til Europaparlamentet oppmode Kommisjonen til å leggje fram resultata av vurderinga og svare på spørsmål frå medlemma av utvalet.

    Vurderingane skal omfatte ei gransking av kor relevante, effektive, føremålstenlege, nyttige, berekraftige og samanhengande tiltaka i ISA-programmet er og ei evaluering av resultata i høve til måla med ISA-programmet og det samanhengande arbeidsprogrammet. I sluttvurderinga skal det i tillegg undersøkjast i kor stor grad målet med ISA-programmet er nådd.

    Vurderingane skal òg omfatte ei gransking av dei føremonene som tiltaka har tilført Fellesskapet med omsyn til utviklinga av ein felles politikk, fastlegging av område der det kan gjerast betringar og vurdering av overføringsverdien i høve til anna fellesskapsverksemd på området samverknadsevne over landegrensene og på tvers av sektorane.

Artikkel 14

Samspel med aktørar

Kommisjonen skal bringe dei relevante aktørane saman for at dei skal kunne utveksle synspunkt med kvarandre og med Kommisjonen om saker som er omfatta av ISA-programmet. For dette føremålet skal Kommisjonen organisere konferansar, arbeidsgrupper og andre møte. Kommisjonen skal òg nytte elektroniske interaktive plattformar og kan nytte alle andre kommunikasjonsmidlar som han finn føremålstenlege.

Artikkel 15

Internasjonalt samarbeid

  1. Statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet og kandidatstatane kan ta del i ISA-programmet innanfor ramma av dei høvesvise avtalene som dei har med Det europeiske fellesskapet.

  2. Det skal òg oppmodast til samarbeid med andre tredjestatar og internasjonale organisasjonar eller organ, særleg innanfor ramma av partnarskapet mellom Europa og Middelhavsstatane og det austlege partnarskapet og med nabostatar, særleg statane på Vest-Balkan og i Svartehavsregionen. Kostnadene til dette skal ikkje dekkjast av ISA-programmet.

  3. Der det er relevant skal det oppmuntrast til at ISA-programmet sine løysingar skal nyttast om att av tredjestatar.

Artikkel 16

Initiativ som ikkje kjem frå Fellesskapet

Utan at det rører ved annan fellesskapspolitikk, kan løysingar som vert skipa eller drivne under ISA-programmet, verte nytta i samband med initiativ som ikkje kjem frå Fellesskapet, på det vilkåret at dette ikkje påfører det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen ekstra kostnader og at hovudmålet med løysinga på fellesskapsplan ikkje vert sett på spel.

Artikkel 17

Finansielle føresegner

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av det fellesskapstiltaket som er nemnt i denne avgjerda for tidsrommet 1. januar 2010–31. desember 2015, er 164 100 000 euro, der 103 500 000 euro skal vere for tidsrommet 1. januar 2010-31. desember 2013.

    For tidsrommet etter 31. desember 2013 skal denne summen reknast som stadfesta dersom han for denne fasen stemmer overeins med dei finansielle overslaga som gjeld for det tids­rommet som tek til i 2014.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 18

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Ho skal nyttast frå 1. januar 2010 til 31. desember 2015.

Utferda i Strasbourg, 16. september 2009.

For EuropaparlamentetFor Rådet
PresidentFormann
J. BuzekC. Malmström

Fotnotar

1.

Fråsegn gjeven 25. februar 2009 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

2.

TEU C 200 av 25.8.2009, s. 58.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 22. april 2009 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 27. juli 2009.

4.

TEU C 291 E av 30.11.2006, s. 133.

5.

TEU L 144 av 30.4.2004, s. 62 (avgjerda finst i TEU L 181 av 18.5.2004, s. 25).

6.

TEF L 203 av 3.8.1999, s. 1.

7.

TEF L 203 av 3.8.1999, s. 9.

8.

TEU L 310 av 9.11.2006, s. 15.

9.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

10.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.