6 Økonomiske og administrative konsekvensar
EØS-EFTA-statane pliktar seg etter avgjerda i EØS-komiteen til å medverke til finansieringa av programmet. Det finansielle bidraget frå EØS-EFTA-statane til deltaking i programmet vert utrekna i samsvar med artikkel 82 nr. 1 bokstav a) og Protokoll 2 i EØS-avtala. Bidraget reflekterer den relative delen som BNP for kvar stat utgjer i høve til samla BNP for EU-statane.
Det totale budsjettet for ISA i seksårsperioden er førebels estimert til 164 millionar euro. EFTA sin del er i overkant av 4 millionar euro, og Noreg må dekkje snautt 96 prosent av dette, som tilsvarar i underkant av 35 millionar kroner med dagens eurokurs. Dette tilsvarar i underkant av 6 millionar kroner per år gjennom seksårsperioden. I praksis vil utgiftene fordele seg ujamnt gjennom programperioden. For 2010 er EØS-EFTA-statane sitt bidrag rekna ut til å utgjere 162 540 euro (ca. 1,33 millionar kroner), der Noreg sin del utgjer 155 665 euro (ca. 1,28 millionar kroner). I tillegg kjem også nokre kostnader til nasjonal administrasjon, nasjonale oppfølgingsaktivitetar og eventuelt ein nasjonal ekspert i EU-kommisjonen som er knytt til programmet. Dei gjennomsnittlege årlege utgiftene til norsk deltaking i programmet vert estimert til 6,5 millionar kroner totalt.
FAD dekkjer 50 prosent av utgiftene til programmet mens dei andre relevante departementa (AD, JD, FIN, HOD, NHD, SD, LMD, BLD, KD og UD) dekkjer med like delar den resterande halvparten av utgiftene til programmet.
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vil ha det overordna ansvaret for å koordinere norsk deltaking i programmet.
Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) vil vere nasjonalt kontaktpunkt for ISA og nasjonal representant i styringskomiteen for ISA.