2 Nærmare om ISA-programmet
Gjennom IDA/IDABC er det lagt til rette for teknisk og organisatorisk samverknadsevne, som er naudsynt for å verkeleggjere fellesløysingane. ISA-programmet skal vidareføre dette samarbeidet. Programmet skal støtte samarbeidet mellom europeiske offentlege forvaltingar ved å leggje til rette for føremålstenleg og effektiv elektronisk kommunikasjon over landegrensene og på tvers av sektorar.
Programmet opnar for at norske offentlege etatar kan nytte felles elektroniske løysingar på lik linje med EU sine medlemmer utan meirkostnader eller meiradministrasjon. Eit av resultata av IDABC er skipinga av eit felleseuropeisk kommunikasjonsnettverk, sTesta, som vert nytta i felleseuropeiske datatenester. UDI, Politiet, NAV, Vegdirektoratet, Forbrukarombodet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap nyttar i dag felleseuropeiske IKT-system gjennom dette nettverket. Noreg er gjennom avtale plikta til å nytte nokre av desse systema. Til dømes vil all kommunikasjon med Schengen sin sentrale VIS-database (for utferding av visum og grensekontroll) og kontroll mot SIS-II-databasen (m.a. kontroll av uønskte personar i Schengen) gå over nettverket. Fleire andre statlege verksemder ønskjer òg å knytte seg opp mot system som er tilgjengelege gjennom sTesta, t. d. Kystverket. Kostnadene ved å nytte sTesta-nettverket er blitt dekte gjennom IDABC og det er førebels lagt opp til ei tilsvarande ordning for ISA-programmet.
ISA-programmet skal leggje til rette for utveksling av røynsler og utvikling og vedlikehald av felles spesifikasjonar, standardar, løysingar og tekniske framgangsmåtar. Programmet skal òg medverke til å vurdere dei konsekvensane som fellesskapsregelverket til EU har for IKT. Dette skal gjerast med sikte på å støtte effektivt samspel over landegrensene samstundes som dei administrative byrdene og utgiftene vert reduserte.
Innhaldet i programmet er under løpande utvikling. Det er frå norsk side lagt opp til at Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) skal ha det operative ansvaret for norsk deltaking i programmet. Difi vil òg vere nasjonalt kontaktpunkt for ISA-programmet, slik dei har vore for IDABC-programmet.
EU-kommisjonen har gjennomført ei ekstern evaluering av IDABC-programmet med positive resultat. Evalueringa peikar på at IDABC har spelt ei sentral rolle i å styrkje europeisk integrasjon, samstundes som ho òg peikar på moglege forbetringar som det kan takast omsyn til i ISA-programmet.
Kommisjonen utarbeider i samarbeid med medlemsstatane eit arbeidsprogram for ISA-programmet. Medlemsstatane tek del i styringa av programmet gjennom deltaking i ein styringskomité. EØS-EFTA-statane tek del som observatørar i denne komiteen.
I tillegg til EU-statar er ISA-programmet ope for EØS-statar og kandidatstatar dersom dei òg tek sin del av budsjettet. Som ein del av programmet vert det oppmoda til samarbeid med tredjestatar og internasjonale organisasjonar eller institusjonar.