7 Vurdering
Kontakten over landegrensene er aukande. I Europa fører dette til større behov for gode felleseuropeiske IKT-tenester. Utvikling og innføring av slike løysingar krev systematisk samarbeid, ikkje minst på teknisk nivå. Det er framleis viktig at Noreg tek del i dette samarbeidet av fleire grunnar. Satsingane i IDA/IDABC er i stor grad samanfallande med det arbeidet med samverknad og IKT-arkitektur som norsk offentleg forvalting gjer. Deltaking i ISA gjer det mogleg for Noreg å påverke ei felleseuropeisk utvikling på dette området og å dra nytte av europeisk kunnskapsutvikling. Norsk deltaking i europeisk samarbeid for samverknad er med på å leggje tilhøva til rette for at felleseuropeiske IKT-system skal utviklast slik at systema kan «snakke saman» og ta vare på norske behov på best mogleg måte. Det er behov for vedvarande innsats for å sikre samhandling over landegrensene og på tvers av sektorar.
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet tilrår at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet ISA (2010–2015). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.