Prop. 130 L (2009-2010)

Endringar i bustadoppføringslova og avhendingslova (skjerping av garantireglar og regulering av vidaresal)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget og høyringa

Departementet sendte 27. oktober 2008 på høyring framlegg om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. (bustadoppføringslova) og lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova). Bakgrunnen for framlegget var tilrådingar frå Bygningslovutvalet i NOU 2005: 12 Mer effektiv bygningslovgivning II. I høyringsnotatet vart det gjort framlegg om å utvide storleiken på garantiane og lengje garantitida etter bustadoppføringslova § 12. Vidare vart det i høyringsnotatet også reist spørsmål om ein bør presisere i kva grad garantien omfattar krav som ein rettsetterfølgjar av kjøparan fremjar mot entreprenøren. Til sist vart det gjort framlegg om å avklare kva slags lovreglar som gjeld for avtalar om vidaresal av bustader i bustadprosjekt før ferdigstilling.

Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar med frist til 1. februar 2009 for å gje høyringsfråsegn i saka:

Barne- og likestillingsdepartementet

Finansdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet

Miljøverndepartementet

Nærings- og handelsdepartementet

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Kredittilsynet

Noregs Bank

Regjeringsadvokaten

Statens bygningstekniske etat

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet

Universitetet for miljø- og biovitenskap

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Universitetet i Tromsø

AL Norske Boligbyggelags Landsforbund

Bankklagenemnda

Bedriftsforbundet

Boligprodusentenes Forening

Byggenæringens Landsforening

Den Norske Advokatforening

Den norske Dommerforening

Eiendomsmeglerforetakenes Forening

Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg

Finansforbundet

Finansieringsselskapenes Forening

Finansnæringens Hovedorganisasjon

Forening for Byggesak og Samarbeid

Foreningen Næringseiendom

Forum for Byggesak

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Juss-Buss

Juss Hjelpa i Nord-Norge

Jussformidlingen i Bergen

Landsorganisasjonen i Norge

Maskinentreprenørenes Forbund

Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

Norges Byggmesterforbund

Norges Bygg- og Eiendomsforening

Norges Eiendomsmeglerforbund

Norges Huseierforbund

Norges Hytteforbund

Norges Praktiserende Arkitekter

Norges TakseringsForbund

Norsk Forening for Byggesak og Byggeplasstilsyn

Norske Arkitekters Landsforbund

Norske Murmesteres Landsforening

Norske Rørleggerbedrifters Landsforening VVS

Næringslivets Hovedorganisasjon

Oslo Bolig- og Sparelag

Rådgivende Ingeniørers Forening

SINTEF

Sparebankforeningen i Norge

Standard Norge

Takentreprenørenes Forening

Tekna

Tekniske Entreprenørers Landsforening

Teknisk-Naturvitenskapelig Forening

Varme- og sanitærentreprenørenes forening

Desse høyringsinstansane har uttalt seg:

Barne- og likestillingsdepartementet

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Kredittilsynet

Statens bygningstekniske etat

Oslo kommune

AL Norske Boligbyggelags Landsforbund

Advokatfirmaet Schjødt

Bedriftsforbundet for små og mellomstore bedrifter

Boligprodusentenes Forening

Den Norske Advokatforening

Eiendomsmeglerforetakenes Forening

Finansnæringens Hovedorganisasjon

Huseiernes Landsforbund

Jussformidlingen

Maskinentreprenørenes Forbund

Norges Byggmesterforbund

Norges Eiendomsmeglerforbund

OBOS

Sparebankforeningen

Følgjande høyringsinstansar har uttalt at dei ikkje har merknader eller ikkje ønskjer å delta i høyringa:

Finansdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Miljøverndepartementet

Nærings- og handelsdepartementet

Norges Bank

Regjeringsadvokaten

Landsorganisasjonen i Norge

I høyringa kom det nokre innspel knytt til problemstillingar som låg utafor rammene av høyringsnotatet. Desse er ikkje nærmare handsama i proposisjonen. Når det gjeld Boligprodusentenes Forening sitt innspel med omsyn til på kva tidspunkt garantiar etter bustadoppføringslova § 12 skal føreliggje, vil departementet peike på at det neppe er eit særleg behov for rettsavklaring på dette punktet. Spørsmålet er omhandla i ei tolkingsfråsegn frå Justisdepartementets Lovavdeling av 6. oktober 2006 og i Trygve Bergsåker, Kjøp av ny bustad (2000) side 64. Begge stader er det lagt til grunn at garantien skal stillast umiddelbart etter at avtalen er slutta.

Til forsida