3 Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1072/2009 av 21. oktober 2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for godstransport på veg (omarbeiding)
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR –
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 71,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,
med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,
etter samråd med Regionutvalet,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten2, og
ut frå desse synsmåtane:
1) Det skal gjerast ei rekkje viktige endringar i rådsforordning (EØF) nr. 881/92 av 26. mars 1992 om markedsadgang i Fellesskapet for godstransport på vei som utføres fra eller til en medlemsstats territorium eller krysser en eller flere medlemsstaters territorium3, rådsforordning (EØF) nr. 3118/93 av 25. oktober 1993 om fastsettelse av vilkårene for transportørers adgang til å utføre innenlands godstransport på vei i en medlemsstat der de ikke er hjemmehørende4 og europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/94/EF av 12. desember 2006 om fastsetjing av felles reglar for visse former for godstransport på veg5. Av omsyn til klarleik og forenkling bør desse rettsaktene omarbeidast og førast saman i Ži forordning.
2) Innføringa av ein felles transportpolitikk inneber m.a. at det vert fastsett felles reglar om tilgang til den internasjonale marknaden for godstransport på veg på territoriet til Fellesskapet, og av vilkår for korleis transportørar som ikkje høyrer heime i ein medlemsstat, kan drive transportverksemd i ein medlemsstat. Desse reglane må fastsetjast på ein slik måte at dei medverkar til at den indre transportmarknaden verkar godt.
3) For å sikre ei einsarta ramme for internasjonal godstransport på veg i heile Fellesskapet bør denne forordninga nyttast på all internasjonal godstransport på territoriet til Fellesskapet. Godstransport frå medlemsstatane til tredjestatar er i stor grad framleis omfatta av bilaterale avtaler mellom medlemsstatane og dei aktuelle tredjestatane. Difor bør denne forordninga ikkje nyttast på den delen av strekninga som vert tilbakelagd på territoriet til medlemsstaten der lasting eller lossing finn stad, før det er inngått naudsynte avtaler mellom Fellesskapet og dei aktuelle tredjestatane. Ho bør likevel nyttast på territoriet til ein transittmedlemsstat.
4) Innføringa av ein felles transportpolitikk inneber at alle restriksjonar på grunnlag av nasjonalitet eller etablering i ein annan medlemsstat enn staten der tenestene skal ytast, vert fjerna overfor personar som yter transporttenester.
5) For å nå dette målet på ein smidig og fleksibel måte bør det innførast ei overgangsordning for kabotasje inntil harmoniseringa av marknaden for godstransport på veg er vorten fullførd.
6) Den gradvise fullføringa av den felles europeiske marknaden bør føre til ei oppheving av restriksjonar på tilgangen til heimemarknadane i medlemsstatane. I samband med dette bør det likevel takast omsyn til effektiviteten til kontrollen og utviklinga av sysselsetjingstilhøva i yrket, og til harmoniseringa av reglane for m.a. handheving og vegavgifter, og dessutan til regelverket på sosial- og tryggleiksområdet. Kommisjonen bør føre nøye tilsyn med marknadssituasjonen og med den førnemnde harmoniseringa, og eventuelt gjere framlegg om ytterlegare opning av dei nasjonale marknadene for innanlands vegtransport, medrekna kabotasje.
7) I medhald av direktiv 2006/94/EF er visse typar transport fritekne frå fellesskapsgodkjenning og frå eventuelle andre transportløyveordningar. Innanfor ramma av organiseringa av marknaden som er fastsett ved denne forordninga, bør det haldast ved lag ei ordning for å gje nokre av desse transportformene fritak frå kravet om fellesskapsløyve og alle andre transportløyve ut frå eigenarten deira.
8) I medhald av direktiv 2006/94/EF vart godstransport med køyretøy der den høgste tillatne totalvekta var mellom 3,5 og 6 tonn, friteken frå kravet om eit fellesskapsløyve. Fellesskapsreglane på området godstransport på veg, skal likevel nyttast generelt på køyretøy som har ein største tillatne totalmasse på over 3,5 tonn. Føresegnene i denne forordninga bør difor tilpassast den generelle bruken av fellesskapsreglane for vegtransport, og bør berre gje fritak for køyretøy med ein største tillaten totalmasse på opptil 3,5 tonn
9) Det bør krevjast eit fellesskapsløyve for utføring av internasjonal godstransport på veg. Transportørar på veg bør påleggjast å ha ein stadfesta kopi av fellesskapsløyvet om bord i kvart einskilt køyretøy, slik at tilsynsstyresmaktene på ein enkel måte kan gjennomføre effektive kontrollar, særleg utanfor medlemsstaten der transportøren er etablert. For dette føremålet må det fastsetjast nærmare spesifikasjonar når det gjeld utforminga og andre sider ved fellesskapsløyvet og av dei stadfesta kopiane.
10) Det bør gjennomførast vegkontrollar utan direkte eller indirekte skilnadshandsaming på grunnlag av nasjonaliteten til transportøren eller til staten der transportøren er etablert eller køyretøyet registrert.
11) Det bør fastsetjast vilkår for utferding og tilbakekalling av fellesskapsløyve og for kva typar last dei skal gjelde for og kor lenge dei skal gjelde, saman med nærmare reglar for bruken deira.
12) Det bør òg utferdast ein førarattest, slik at medlemsstatane på ein effektiv måte kan kontrollere om førarar frå tredjestatar er tilsette på lovleg måte eller er stilte til rådvelde av den ansvarlege transportøren for eitt transportoppdrag.
13) Transportørar på veg som har fellesskapsløyve slik det er fastsett i denne forordninga, og transportørar på veg som yter visse former for internasjonale transporttenester, bør ha løyve til å utføre nasjonale transporttenester mellombels innanfor ein medlemsstat, utan å ha forretningskontor eller annan verksemd i denne staten. Slik kabotasje bør vere underlagd fellesskapsregelverk som t.d. europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 561/2006 av 15. mars 2006 om harmonisering av visse bestemmelser på det sosiale området innen veitransport6 og nasjonal lovgjeving som er gjeldande på særlege område i vertsstaten.
14) Det bør vedtakast føresegner som gjer det mogleg å gripe inn på dei aktuelle transportmarknadene dersom desse vert alvorleg forstyrra. For dette føremålet må det innførast ein høveleg framgangsmåte for avgjerdstaking og innsamling av dei statistiske opplysningane som er naudsynte.
15) Utan at det rører ved føresegnene om etableringsrett i traktaten, inneber kabotasje at transportørane yter tenester i ein medlemsstat der dei ikkje er etablerte, og dette bør ikkje vere forbode så lenge tenestene ikkje vert utførde på ein måte som skapar ei varig eller samanhengande verksemd innanfor den same medlemsstaten. For å støtte gjennomføringa av dette kravet bør frekvensen av kabotasje og tidsrommet han kan utførast i, definerast på ein klarare måte. Tidlegare vart det gjeve mellombels løyve til å utføre slike nasjonale transporttenester. I praksis har det vore vanskeleg å avgjere kva tenester som har vore tillatne. Difor er det naudsynt med klare reglar som er enkle å gjennomføre.
16) Denne forordninga rører ikkje ved føresegnene om inngåande eller utgåande godstransport på veg som del av ein kombinert transport slik det er fastsett i rådsdirektiv 92/106/EØF av 7. desember 1992 om innføring av felles regler for visse typer kombinert transport av gods mellom medlemsstater7. Nasjonale reiser på veg innanfor ein vertsstat som ikkje er del av ein kombinert transport slik det er fastsett i direktiv 92/106/EØF, høyrer inn under definisjonen av kabotasje, og bør difor vere underlagde krava i denne forordninga.
17) Føresegnene i europaparlaments- og rådsdirektiv 96/71/EF av 16. desember 1996 om utsending av arbeidstakere i forbindelse med tjenesteyting8 skal nyttast på transportføretak som utfører kabotasje.
18) For å kunne utføre effektive kontrollar av kabotasje bør tilsynsstyresmaktene i vertsstatane minst ha tilgang til data i fraktbrev og frå fartsskrivarar i samsvar med rådsforordning (EØF) nr. 3821/85 av 20. desember 1985 om bruk av fartsskriver innen veitransport9.
19) Medlemsstatane bør gje kvarandre ymsesidig hjelp med sikte på tilfredsstillande gjennomføring av denne forordninga.
20) Administrative formalitetar bør reduserast mest mogleg, utan å setje til side dei kontrollane og sanksjonane som garanterer for ein korrekt bruk og ei effektiv handheving av denne forordninga. For dette føremålet bør dei eksisterande reglane for tilbakekalling av fellesskapsløyve klargjerast og styrkjast. Dei gjeldande reglane bør tilpassast, slik at alvorlege brot som finn stad i ein vertsstat, kan straffast på ein effektiv måte. Sanksjonane bør sikre lik handsaming og svare til omfanget av brotet. Det bør vere mogleg å klage på alle sanksjonar som vert pålagde.
21) Medlemsstatane bør føre alle alvorlege brot som vert gjorde av vegtransportørar, og som har ført til pålegging av sanksjonar, inn i det nasjonale elektroniske registeret sitt over vegtransportørar.
22) For å lette og styrkje utvekslinga av informasjon mellom nasjonale styresmakter bør medlemsstatane utveksle relevante opplysningar gjennom dei nasjonale kontaktpunkta som er innførde i medhald av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1071/2009 av 21. oktober 2009 om innføring av felles regler med hensyn til vilkårene som må oppfylles for å utøve yrket som transportør på vei og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF10.
23) Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne forordninga, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen11.
24) Kommisjonen bør særleg få fullmakt til å tilpasse vedlegg I, II og III til denne forordninga, til den tekniske utviklinga. Ettersom desse tiltaka er allmenne og har som føremål å endre ikkje-grunnleggjande føresegner i denne forordninga, må dei vedtakast etter den framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er fastsett i artikkel 5a i avgjerd 1999/468/EF.
25) Medlemsstatane bør gjere dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne forordninga, særleg med omsyn til sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot.
26) Ettersom målet for denne forordninga, som er å sikre ei einsarta ramme for internasjonal godstransport på veg i heile Fellesskapet, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor på grunn av omfanget og verknadene av tiltaket betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne forordninga lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet –
VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:
Kapittel I
Allmenne føresegner
Artikkel 1
Verkeområde
1. Denne forordninga skal nyttast på internasjonal godstransport på veg for ein annans rekning som vert utførd på territoriet til Fellesskapet.
2. I samband med transport frå ein medlemsstat til ein tredjestat og omvendt skal denne forordninga nyttast på den strekninga som i transitt vert tilbakelagd på territoriet til ein kvar medlemsstat. Ho skal ikkje nyttast på den strekninga som vert tilbakelagd på territoriet til medlemsstaten der lasting eller lossing finn stad, før det er inngått naudsynte avtaler mellom Fellesskapet og den aktuelle tredjestaten.
3. Inntil det er inngått avtaler slik det er nemnt i nr. 2, skal denne forordninga ikkje røre ved
a) føresegner om transport frå ein medlemsstat til ein tredjestat og omvendt som er omfatta av bilaterale avtaler som er gjorde mellom medlemsstatar og dei aktuelle tredjestatane,
b) føresegner om transport frå ein medlemsstat til ein tredjestat og omvendt som er omfatta av bilaterale avtaler som er gjorde mellom medlemsstatar som anten i medhald av bilaterale løyve eller liberaliseringsordningar tillt at transportørar på veg som ikkje er etablerte i ein medlemsstat, utfører lasting og lossing i den nemnde medlemsstaten.
4. Denne forordninga skal nyttast på nasjonal godstransport på veg som vert utført mellombels av ein transportør som ikkje er etablert i medlemsstaten slik det er fastsett i kapittel III.
5. For dei følgjande formene for transport og turar utan last i samband med slik transport, krevst det ingen fellesskapsløyve, og dei skal fritakast frå alle ordningar for transportløyve:
a) posttransport som vert utførd som leveringspliktige tenester,
b) transport av køyretøy som har skade eller har vore utsette for havari,
c) godstransport med motorvogner der den største tillatne totalvekta, medrekna vekta til tilhengjarar, ikkje er høgare enn 3,5 tonn,
d) godstransport med motorvogn, på følgjande vilkår:
i) godset som vert transportert, skal tilhøyre føretaket eller må ha vore selt, kjøpt, utleigt eller leigt, produsert, utvunne, foredla eller reparert av føretaket,
ii) føremålet med transporten er å bringe godset til føretaket, bringe det bort frå føretaket eller flytte det anten innanfor føretaket eller utanfor føretaket til eigen bruk,
iii) motorvogner som vert nytta til slik transport, vert køyrde av personale som er tilsette av eller stilte til rådvelde for føretaket i medhald av ei avtaleplikt,
iv) køyretøya som transporterer godset, tilhøyrer føretaket eller er vortne kjøpte av føretaket på avbetaling eller leigde, på det vilkåret at dei i det sistnemnde tilfellet oppfyller krava i europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/1/EF av 18. januar 2006 om bruk av køyretøy som er leigde utan førar til godstransport på veg12, og
v) transporten er berre ein hjelpefunksjon jamført med den samla verksemda til føretaket,
e) transport av lækjemiddel, medisinske apparat, medisinsk utstyr og andre artiklar som er naudsynte i samband med naudhjelp, særleg ved naturkatastrofar.
Bokstav d) iv) i dette nummeret skal ikkje gjelde for bruken av eit reservekøyretøy i tilfelle der det køyretøyet som vanlegvis vert nytta, har eit kortvarig havari.
6. Føresegnene i nr. 5 skal ikkje verke inn på dei vilkåra som ein medlemsstat fastset for godkjenning av at eigne statsborgarar kan drive verksemd som er nemnd i det nemnde nummeret.
Artikkel 2
Definisjonar
I denne forordninga tyder:
1. «køyretøy» ei motorvogn som er registrert i ein medlemsstat, eller eit vogntog der minst motorvogna er registrert i ein medlemsstat, og som vert nytta berre til godstransport,
2. «internasjonal transport»
a) ein tur med last, utført med eit køyretøy der avgangs- og framkomststaden ligg i to ulike medlemsstatar, med eller utan kryssing av éin eller fleire medlemsstatar eller tredjestatar i transitt,
b) ein tur med last, utført med eit kjøretøy frå ein medlemsstat til ein tredjestat eller omvendt, med eller utan kryssing av éin eller fleire medlemsstatar eller tredjestatar i transitt,
c) ein tur med last, utført med eit kjøretøy mellom tredjestatar i transitt over territoriet til éin eller fleire medlemsstatar, eller
d) ein tur utan last i samband med transport som er nemnd i bokstav a), b) og c),
3. «vertsstat» ein medlemsstat der ein transportør driv verksemd, men som ikkje er etableringsstaten til transportøren,
4. «transportør som ikkje høyrer heime i medlemsstaten» ein transportør som driv godstransport på veg, og driv verksemda si i ein vertsstat,
5. «førar» den personen som fører køyretøyet, sjølv berre for ein kort periode, eller som er om bord i køyretøyet som ein del av tenesta si for om naudsynt å vere tilgjengeleg for å føre køyretøyet,
6. «kabotasje» nasjonal transport for ein annans rekning som vert utført jamleg i ein vertsstat, i samsvar med denne forordninga,
7. «alvorleg brot på fellesskapsregelverket for vegtransport» eit brot som kan føre til tap av god vandel i samsvar med artikkel 6 nr. 1 og 2 i forordning (EF) nr. 1071/2009, og/eller til mellombels eller permanent tilbakekalling av eit fellesskapsløyve.
Kapittel II
Internasjonal transport
Artikkel 3
Allment prinsipp
Internasjonal transport skal utførast på grunnlag av eit fellesskapsløyve, og med ein førarattest dersom føraren er statsborgar i ein tredjestat.
Artikkel 4
Fellesskapsløyve
1. Fellesskapsløyvet skal i samsvar med denne forordninga utferdast av ein medlemsstat til ein transportør som fraktar gods på veg for ein annans rekning, og som
a) er etablert i den nemnde medlemsstaten i samsvar med fellesskapsregelverket og den nasjonale lovgjevinga i medlemsstaten, og
b) i samsvar med fellesskapsregelverket og nasjonal lovgjeving i etableringsstaten om tilgang til yrket som godstransportør på veg har rett til å utføre internasjonal godstransport på veg.
2. Fellesskapsløyvet skal utferdast av den rette styresmakta i etableringsstaten for eit tidsrom på opptil ti år, og kan fornyast.
Fellesskapsløyve og rettkjende kopiar som er utferda før datoen då denne forordninga tok til å gjelde, skal vere gyldige inntil datoen då dei går ut.
Kommisjonen skal tilpasse perioden som fellesskapsløyvet gjeld for, til den tekniske utviklinga, særleg dei nasjonale elektroniske registra over vegtransportørar som er fastsette i artikkel 16 i forordning (EF) nr. 1071/2009. Desse tiltaka, som er utarbeidde for å endre mindre viktige element i denne forordninga, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 15 nr. 2.
3. Etableringsstaten skal utferde til innehavaren eit fellesskapsløyve i original, som skal forvarast av transportøren, saman med rettkjende kopiar som svarar til talet på køyretøy som innehavaren av fellesskapsløyvet rår over, anten med full eigedomsrett eller på annan måte, t.d. gjennom ei avtale om avbetalingskjøp, leige eller leasing.
4. Fellesskapsløyvet og dei rettkjende kopiane skal svare til den malen som er å finne i vedlegg II, der vilkåra for bruken av løyvet òg er fastsette. Dei skal innehalde minst to av dei tryggleikskjenneteikna som er førde opp i vedlegg I.
Kommisjonen skal tilpasse vedlegg I og II til den tekniske utviklinga. Desse tiltaka, som er utarbeidde for å endre mindre viktige element i denne forordninga, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 15 nr. 2.
5. Fellesskapsløyvet og dei rettkjende kopiane av løyvet skal vere utstyrde med stempelet til den utferdande styresmakta, saman med ei underskrift og eit serienummer. Serienumra til fellesskapsløyvet og dei rettkjende kopiane skal førast inn i det nasjonale elektroniske registeret over vegtransportørar som ein del av opplysningane om transportøren.
6. Fellesskapsløyvet skal utferdast i namnet til transportøren, og kan ikkje overførast til andre. Ein rettkjend kopi av fellesskapsløyvet skal forvarast i kvart av køyretøya til transportøren, og skal visast fram på oppmoding frå alle godkjende inspektørar.
Dersom det dreier seg om eit vogntog, skal den rettkjende kopien følgje motorvogna. Kopien skal omfatte heile vogntoget, òg i tilfelle der tilhengjaren eller semitraileren ikkje er registrerte eller godkjende for bruk på veg i namnet til innehavaren av løyvet, eller der dei er registrerte eller godkjende for bruk på vegane i ein annan stat.
Artikkel 5
Førarattest
1. Ein førarattest skal utferdast av ein medlemsstat i samsvar med denne forordninga til alle transportørar som
a) er innehavar av eit fellesskapsløyve, og
b) i denne medlemsstaten, anten på lovleg måte har tilsett ein førar som verken er statsborgar i ein medlemsstat eller er busett der i ein lengre periode slik det er definert i rådsdirektiv 2003/109/EF av 25. november 2003 om statusen til tredjestatsborgere som er bosatt i medlemsstaten i en lengre periode13, eller på lovleg måte nyttar ein førar som verken er statsborgar i ein medlemsstat eller er busett der i ein lengre periode slik det er definert i det nemnde direktivet, og som er stilt til rådvelde for transportøren i samsvar med arbeidsvilkåra og vilkåra for yrkesretta opplæring som er fastsette i medlemsstaten
i) ved lover eller forskrifter, og eventuelt
ii) ved tariffavtaler i samsvar med gjeldande lovgjeving i denne medlemsstaten.
2. Førarattesten skal utferdast av dei rette styresmaktene i etableringsstaten til transportøren, etter oppmoding frå innehavaren av fellesskapsløyvet, for kvar førar som verken er statsborgar i ein medlemsstat eller er busett der i ein lengre periode slik det er definert i rådsdirektiv 2003/109/EF, og som på lovleg måte er tilsett av transportøren, eller for kvar førar som verken er statsborgar i ein medlemsstat eller er busett der i ein lengre periode slik det er definert i det nemnde direktivet, og som er stilt til rådvelde av transportøren. Kvar førarattest skal attestere at føraren som er namngjeven i attesten, er tilsett i samsvar med dei vilkåra som er nemnde i nr. 1.
3. Førarattesten skal svare til den malen som er fastsett i vedlegg III. Han skal innehalde minst to av dei tryggleikskjenneteikna som er førde opp i vedlegg I.
4. Kommisjonen skal tilpasse vedlegg III til den tekniske utviklinga. Desse tiltaka, som er utarbeidde for å endre mindre viktige element i denne forordninga, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 15 nr. 2.
5. Førarattesten skal vere utstyrd med stemplet til den utferdande styresmakta og med ei underskrift og eit serienummer. Serienummeret til førarattesten kan førast inn i det nasjonale elektroniske registeret over vegtransportørar som ein del av opplysningane om vegtransportøren som stiller førarattesten til rådvelde for den føraren som er førd opp i attesten.
6. Førarattesten skal tilhøyre transportøren, som stiller han til rådvelde for den føraren som er førd opp i attesten når denne føraren fører eit køyretøy som nyttar eit fellesskapsløyve som er utferda til denne transportøren. Ein rettkjend kopi av førarattesten som er utferda av den rette styresmakta i etableringsstaten til transportøren, skal forvarast i lokala til transportøren. Førarattesten skal på oppmoding visast fram for alle godkjende inspektørar.
7. Ein førarattest skal utferdast for eit tidsrom som skal fastsetjast av den utferdande medlemsstaten, og vere gyldig i høgst fem år. Førarattestar som er utferda før datoen då denne forordninga tok til å gjelde, skal vere gyldige inntil datoen då dei går ut.
Førarattesten skal vere gyldig berre så lenge dei vilkåra som han vart utferda på, er oppfylte. Medlemsstatane skal gjere eigna tiltak for å sikre at dersom desse vilkåra ikkje lenger er oppfylte, skal transportøren straks gje løyvet tilbake til dei utferdande styresmaktene.
Artikkel 6
Kontroll av vilkåra
1. Når ein søknad om fellesskapsløyve eller om fornying av eit fellesskapsløyve vert innlevert i samsvar med artikkel 4 nr. 2, skal dei rette styresmaktene i etableringsstaten kontrollere om transportøren oppfyller eller framleis oppfyller dei vilkåra som er fastsette i artikkel 4 nr. 1.
2. Dei rette styresmaktene i etableringsstaten skal jamleg gjennom årlege kontrollar av minst 20 % av dei gyldige førarattestane som er utferda i denne medlemsstaten, kontrollere at dei vilkåra som er nemnde i artikkel 5 nr. 1, og som førarattesten er utferda i medhald av, framleis er oppfylte.
Artikkel 7
Avslag på søknad om fellesskapsløyve og førarattest, og tilbakekalling
1. Dersom dei vilkåra som er fastsette i artikkel 4 nr. 1 eller er nemnde i artikkel 5 nr. 1, ikkje er oppfylte, skal dei rette styresmaktene i etableringsstaten ved ei grunngjeven avgjerd avslå ein søknad om utferding eller fornying av eit fellesskapsløyve eller utferding av ein førarattest.
2. Den rette styresmakta skal tilbakekalle eit fellesskapsløyve eller ein førarattest dersom innehavaren
a) ikkje lenger oppfyller dei vilkåra som er fastsette i artikkel 4 nr. 1 eller er nemnde i artikkel 5 nr. 1, eller
b) har gjeve ukorrekte opplysningar som er knytte til ein søknad om fellesskapsløyve eller førarattest.
Kapittel III
Kabotasje
Artikkel 8
Allment prinsipp
1. Alle transportørar som driv godstransport for ein annans rekning, som er innehavar av eit fellesskapsløyve og, dersom føraren er statsborgar i ein tredjestat, er innehavar av ein førarattest, skal på dei vilkåra som er fastsette i dette kapittelet, ha rett til mellombels å utføre kabotasje.
2. Transportføretak som er nemnde i nr. 1, og har utført ein internasjonal godstransport på veg frå ein annan medlemsstat eller ein tredjestat til vertsstaten, skal straks godset er levert, ha rett til å utføre opptil tre kabotasjetransportar med det same køyretøyet, eller dersom det dreier seg om eit vogntog, med den same motorvogna. Den siste lossinga som vert utført som ledd i ein kabotasjetransport før denne forlt vertsstaten, skal finne stad innan sju dagar rekna frå siste lossing i vertsstaten som var ein del av den inngåande internasjonale transporten.
Innan den fristen som er nemnd i nr. 1, kan transportørar utføre nokre av eller alle kabotasjetransportar som er tillatne i medhald av det nemnde nummeret, i alle medlemsstatar på det vilkåret at dei er avgrensa til Žin kabotasjetransport per medlemsstat innan tre dagar etter innreise utan last til territoriet til den nemnde medlemsstaten.
3. Nasjonal godstransport på veg som vert utført i vertsstaten av ein transportør som ikkje høyrer heime i medlemsstaten, skal berre reknast for å vere i samsvar med denne forordninga dersom transportøren kan leggje fram tydelege prov på at den inngåande internasjonale transporten og kvar av dei etterfølgjande kabotasjetransportane er vortne utførde.
Provet som er nemnt i nr. 1, skal omfatte følgjande opplysningar for kvar einskilt transport:
a) namnet, adressa og underskrifta til avsendaren,
b) namnet, adressa og underskrifta til transportøren,
c) namnet og adressa til mottakaren, og underskrifta og leveringsdatoen straks godset er vorte levert,
d) staden og datoen for overtakinga av godset, og staden der godset skal leverast,
e) den vanlege nemninga for godset, emballeringsmetoden, og dersom det gjeld farleg gods, ei allment godkjend nemning for godset, saman med talet på pakkar og særskild merking og nummerering av pakkane,
f) bruttovekta til godset eller mengda gods uttrykt på annan måte,
g) kjennemerket til motorvogna og tilhengjaren.
4. Det krevst ingen tilleggsdokument som prov på at dei vilkåra som er fastsette i denne artikkelen, er vortne oppfylte.
5. Alle transportørar som i etableringsstaten, som i samsvar med lovgjevinga der har rett til å utføre kabotasje for ein annans rekning slik det er fastsett i artikkel 1 nr. 5 bokstav a), b) og c), skal på dei vilkåra som er fastsette i dette kapittelet, ha rett til å utføre kabotasje av same typen eller kabotasje med køyretøy av same kategori, alt etter kva som høver.
6. Det skal ikkje vere restriksjonar på løyvet til å utføre kabotasje innanfor ramma av dei transportformene som er nemnde i artikkel 1 nr. 5 bokstav d og e).
Artikkel 9
Reglar for kabotasje
1. Med mindre noko anna er fastsett i fellesskapsregelverket, skal kabotasje vere underlagd dei gjeldande lovene og forskriftene i vertsstaten med omsyn til
a) vilkåra som gjeld for transportavtala,
b) vekt og dimensjonar på veggåande køyretøy,
c) krav som gjeld transport av visse kategoriar gods, særleg farleg gods, næringsmiddel som lett vert skjemde, og levande dyr,
d) køyre- og kviletid,
e) meirverdiavgift (mva) på transporttenester.
Vekt og dimensjonar som nemnt i nr. 1 bokstav b) kan eventuelt overstige dei som gjeld i etableringsstaten til transportøren, men dei kan under ingen omstende overstige dei grensene som er fastsette av vertsstaten når det gjeld nasjonal trafikk eller tekniske eigenskapar som er nemnde i dei prova som er førde opp i artikkel 6 nr. 1 i rådsdirektiv 96/53/EF av 25. juli 1996 om fastsettelse av største tillatte dimensjoner i innenlands og internasjonal trafikk og av største tillatte totalvekt i internasjonal trafikk for visse veigående kjøretøyer i Fellesskapet14.
2. Dei lovene og forskriftene som er nemnde i nr. 1, skal nyttast på transportørar som ikkje høyrer heime i medlemsstaten, på same vilkår som dei som er pålagde transportørar som er etablerte i vertsstaten, for såleis å hindre all skilnadshandsaming på grunnlag av nasjonalitet eller etableringsstad.
Artikkel 10
Framgangsmåte ved avgjerder om vernetiltak
1. Dersom det utviklar seg alvorleg forstyrring av den nasjonale transportmarknaden innanfor eit særskilt geografisk område som botnar i eller vert forverra av kabotasje, kan ein medlemsstat leggje saka fram for Kommisjonen med sikte på at det skal vedtakast vernetiltak; medlemsstaten skal samstundes sende Kommisjonen dei opplysningane som er naudsynte, og melde frå til Kommisjonen om dei tiltaka som han har planar om å gjere overfor transportørar som høyrer heime i medlemsstaten.
2. I nr. 1 tyder:
«alvorleg forstyrring på den nasjonale transportmarknaden innanfor eit særskilt geografisk område» at det på denne marknaden melder seg problem som er særeigne for han, og som inneber eit alvorleg og kanskje varig overskot av tilbod i høve til etterspurnad, noko som utgjer eit trugsmål mot den økonomiske stabiliteten og overlevingsevna til mange transportørar,
«geografisk område» eit område som omfattar heile eller ein del av territoriet til ein medlemsstat, eller som omfattar heile eller ein del av territoriet til andre medlemsstatar.
3. Kommisjonen skal granske situasjonen, særleg på grunnlag av dei relevante opplysningane og etter samråd med det utvalet som er nemnt i artikkel 15 nr. 1, og innan ein frist på Žin månad etter at oppmodinga frå medlemsstaten er motteken, avgjere om det er naudsynt å gjere vernetiltak, og i så fall vedta dei.
Slike vernetiltak kan innebere at det aktuelle området vert mellombels halde utanfor verkeområdet for denne forordninga.
Dei tiltaka som vert vedtekne i samsvar med denne artikkelen, skal gjelde i høgst seks månader og kan fornyast éin gong med den same fristen.
Kommisjonen skal straks melde frå til medlemsstatane og Rådet om alle avgjerder som er tekne i medhald av dette nummeret.
4. Dersom Kommisjonen vedtek å gjere vernetiltak som gjeld éin eller fleire medlemsstatar, skal dei rette styresmaktene i dei aktuelle medlemsstatane gjere tiltak av tilsvarande omfang overfor dei transportørane som høyrer heime i medlemsstaten, og melde frå til Kommisjonen om dette. Desse tiltaka skal nyttast seinast frå den same datoen som dei vernetiltaka som Kommisjonen har vedteke.
5. Alle medlemsstatar kan leggje fram for Rådet ei avgjerd som Kommisjonen har teke i medhald av nr. 3, innan ein frist på 30 dagar etter datoen då det vart gjeve melding om avgjerda. Rådet kan med kvalifisert fleirtal ta ei anna avgjerd innan ein frist på 30 dagar etter at saka vart lagd fram, eller dersom saka vert lagd fram av fleire medlemsstatar, innan ein frist på 30 dagar etter at ho vart lagd fram for Rådet første gongen.
Avgjerda til Rådet skal gjelde i det tidsrommet som er fastsett i nr. 3 tredje leddet. Dei rette styresmaktene i dei aktuelle medlemsstatane skal gjere tiltak av tilsvarande omfang overfor dei transportørane som høyrer heime i medlemsstaten, og melde frå til Kommisjonen om dette. Dersom Rådet ikkje tek noka avgjerd innan den fristen som er nemnt i første leddet, vert avgjerda til Kommisjonen endeleg.
6. Dersom Kommisjonen vurderer det slik at dei tiltaka som er nemnde i nr. 3, må lengjast, skal han gjere framlegg for Rådet, som skal ta ei avgjerd med kvalifisert fleirtal.
Kapittel IV
Ymsesidig hjelp og sanksjonar
Artikkel 11
Ymsesidig hjelp
Medlemsstatane skal gje kvarandre ymsesidig hjelp med sikte på gjennomføringa av denne forordninga og overvakinga av gjennomføringa. Dei skal utveksle opplysningar gjennom dei nasjonale kontaktpunkta som er skipa i medhald av artikkel 18 i forordning (EF) nr. 1071/2009.
Artikkel 12
Sanksjonar frå etableringsstaten si side
1. Ved alvorlege brot på fellesskapsregelverket for vegtransport som finn stad eller vert oppdaga i ein medlemsstat, skal dei rette styresmaktene i etableringsstaten til den transportøren som har gjort seg skuldig i brotet, gjere eigna tiltak, som kan omfatte ei åtvaring dersom det finst heimel for dette i nasjonal lovgjeving, for å følgje opp saka som m.a. kan føre til følgjande administrative sanksjonar:
a) mellombels eller varig tilbakekalling av visse av eller alle dei rettkjende kopiane av fellesskapsløyvet,
b) mellombels eller varig tilbakekalling av fellesskapsløyvet.
Desse sanksjonane kan fastsetjast etter at det er teke endeleg avgjerd i saka, og det skal takast omsyn til alvoret i det brotet som innehavaren av fellesskapsløyvet har gjort, og til det samla talet på rettkjende kopiar av dette løyvet som innehavaren disponerer med omsyn til internasjonal transport.
2. Ved alvorlege brot som omfattar alle former for misbruk av førarattestar, skal dei rette styresmaktene i vertsstaten til transportøren som har gjort seg skuldig i eit slikt brot, påleggje passande sanksjonar, m.a. følgjande:
a) avbryte utferdinga av førarattestar,
b) tilbakekalle førarattestar,
c) fastsetje tilleggsvilkår for utferdinga av førarattestar for såleis å hindre misbruk,
d) mellombels eller varig tilbakekalle visse av eller alle dei rettkjende kopiane av fellesskapsløyvet,
e) mellombels eller varig tilbakekalle fellesskapsløyvet.
Desse sanksjonane kan fastsetjast etter at det er teke endeleg avgjerd i saka, og det skal takast omsyn til kor alvorleg det brotet er som innehavaren av fellesskapsløyvet har gjort.
3. Dei rette styresmaktene i etableringsstaten skal så snart som mogleg og seinast seks veker etter at det er teke endeleg avgjerd i saka, melde frå til dei rette styresmaktene i medlemsstaten der brotet vart oppdaga, om at dei sanksjonane som er fastsette i nr. 1 og 2, er vortne pålagde.
Dersom det ikkje er pålagt slike sanksjonar, skal dei rette styresmaktene i etableringsstaten grunngje kvifor dette ikkje er gjort.
4. Dei rette styresmaktene skal sikre at dei sanksjonane som er pålagde den transportøren som det gjeld, samla sett står i høve til det brotet eller dei brota som ligg til grunn for sanksjonane, samstundes som det vert teke omsyn til eventuelle sanksjonar mot det same brotet som er pålagde i medlemsstaten der brotet vart oppdaga.
5. Dei rette styresmaktene i etableringsstaten til transportøren kan òg, i medhald av internrettslege føresegner, klage den aktuelle transportøren inn for ein kompetent nasjonal domstol. Dei skal melde frå til den rette styresmakta i vertsstaten om dei avgjerdene som er tekne om dette.
6. Medlemsstatane skal sikre at transportørane har rett til å påklage alle administrative sanksjonar som vert sette i verk mot dei i medhald av denne artikkelen.
Artikkel 13
Sanksjonar frå vertsstaten si side
1. Dersom dei rette styresmaktene i ein medlemsstat kjenner til at ein transportør som ikkje høyrer heime i medlemsstaten, har gjort eit alvorleg brot på føresegnene i denne forordninga eller fellesskapsregelverket for vegtransport, skal medlemsstaten der brotet vart oppdaga, så snart som mogleg og seinast seks veker etter at det er teke endeleg avgjerd i saka, sende over følgjande opplysningar til dei rette styresmaktene i etableringsstaten til transportøren:
a) ein omtale av brotet og opplysningar om dato og klokkeslett for brotet,
b) kva kategori og type brot det dreier seg om, og kor alvorleg det er, og
c) sanksjonane som er pålagde, og sanksjonane som er sette i verk.
Dei rette styresmaktene i vertsstaten kan be dei rette styresmaktene i etableringsstaten om å påleggje administrative sanksjonar i samsvar med artikkel 12.
2. Utan at det rører ved ei eventuell straffeforfølging skal dei rette styresmaktene i vertsstaten ha fullmakt til å påleggje sanksjonar mot ein transportør som ikkje høyrer heime i medlemsstaten, som har brote føresegnene i denne forordninga eller fellesskapsregelverket for vegtransport på territoriet deira ved utføring av kabotasje. Sanksjonane skal påleggjast utan skilnadshandsaming. Desse sanksjonane kan mellom anna ha form av ei åtvaring, eller dersom det dreier seg om eit alvorleg brot, eit mellombels forbod mot å drive kabotasje på territoriet til vertsstaten der brotet fann stad.
3. Medlemsstatane skal sikre at transportørane har rett til å påklage alle administrative sanksjonar som vert sette i verk mot dei i medhald av denne artikkelen.
Artikkel 14
Innføring i nasjonale elektroniske register
Medlemsstatane skal syte for at opplysningar om alvorlege brot på fellesskapsregelverket for vegtransport som transportørar som er etablerte på territoriet deira har gjort seg skuldige i og har ført til pålegging av ein sanksjon i ein medlemsstat, og alle mellombels eller varige tilbakekallingar av fellesskapsløyve eller av rettkjende kopiar av slike løyve, vert førde inn i det nasjonale elektroniske registeret over vegtransportørar. Oppføringar i registeret som gjeld ei mellombels eller varig tilbakekalling av eit fellesskapsløyve, skal når det gjeld mellombels tilbakekallingar lagrast i databasen i to år rekna frå datoen då tilbakekallingsperioden går ut, eller frå og med tilbakekallingsdatoen når det gjeld varige tilbakekallingar.
Kapittel V
Gjennomføring
Artikkel 15
Utvalsframgangsmåte
1. Kommisjonen skal få hjelp av det utvalet som er nedsett ved artikkel 18 nr. 1 i forordning (EØF) nr. 3821/85.
2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 5a nr. 1-4 og artikkel 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Artikkel 16
Sanksjonar
Medlemsstatane skal fastsetje reglar for sanksjonar som skal nyttast på brot på føresegnene i denne forordninga, og skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at dei vert gjennomførde. Dei fastsette sanksjonane skal vere verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot. Medlemsstatane skal melde frå om desse føresegnene til Kommisjonen innan 4. desember 2011, og straks melde frå om alle seinare endringar som har innverknad på dei.
Medlemsstatane skal syte for at alle slike tiltak vert gjorde utan skilnadshandsaming med omsyn til nasjonaliteten eller etableringsstaden til transportøren.
Artikkel 17
Rapportering
1. Medlemsstatane skal annakvart år melde frå til Kommisjonen om talet på transportørar som har fellesskapsløyve per 31. desember året før, og om talet på rettkjende kopiar som svarar til køyretøya som var i trafikk den nemnde datoen.
2. Medlemsstatane skal òg melde frå til Kommisjonen om talet på førarattestar som vart utferda i det føregåande kalenderåret, og om talet på førarattestar som var i bruk per 31. desember det same året.
3. Kommisjonen skal innan utgangen av 2013 utarbeide ein rapport om tilstanden for marknaden for vegtransport i Fellesskapet. Rapporten skal innehalde ein analyse av marknadssituasjonen, medrekna ei vurdering av kor effektive kontrollane er og av arbeidsvilkåra i yrket, saman med ei vurdering av om harmoniseringa av reglane på området, m.a. for handheving, vegavgifter og sosial- og tryggleiksregelverket, har ført til ein så stor framgang at det kan verte aktuelt med ei vidare opning av dei innanlandske marknadene for vegtransport, medrekna kabotasje.
Kapittel VI
Sluttføresegner
Artikkel 18
Oppheving
Forordning (EØF) nr. 881/92 og (EØF) nr. 3118/93 og direktiv 2006/94/EF vert oppheva.
Tilvisingar til dei oppheva rettsaktene skal forståast som tilvisingar til denne forordninga og lesast slik det er vist i jamføringstabellen i vedlegg IV.
Artikkel 19
Iverksetjing
Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.
Ho skal nyttast frå 4. desember 2011, bortsett frå artikkel 8 og 9, som skal nyttast frå 14. mai 2010.
Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.
Utferda i Strasbourg, 21. oktober 2009.
For Europaparlamentet | For Rådet |
J. BUZEK | C. MALMSTRÖM |
President | Formann |
Vedlegg I
Tryggleikskjenneteikn for fellesskapsløyvet og førarattesten
Fellesskapsløyvet og førarattesten må innehalde minst to av dei følgjande tryggleikskjenneteikna:
eit hologram,
spesielle fibrar i papiret som vert synlege i ultrafiolett lys,
minst Ži linje i mikrotrykk (som er synleg berre med forstørringsglas og ikkje mogleg å reprodusere med kopieringsmaskiner),
følbare teikn, symbol eller mønster,
dobbel nummerering: serienummeret til fellesskapsløyvet, til den rettkjende kopien av løyvet eller til førarattesten, og i kvart einskilt tilfelle, utferdingsnummeret,
eit tryggleiksmønster som bakgrunn, med fine guillochemønster og regnbogetrykk.
Vedlegg II
Mal for fellesskapsløyve | |||
---|---|---|---|
Det europeiske fellesskapet | |||
(a) | |||
(Lyseblått (Pantone) cellulosepapir, format DIN A4, 100 g/m2 eller meir) | |||
(Første sida av løyvet) | |||
(Tekst på det offisielle språket eller eitt av dei offisielle språka i medlemsstaten som utferdar løyvet) | |||
Nasjonalitetsmerket til medlemsstaten1 som utferdar løyvet | Namnet til den rette styresmakta eller det rette organet | ||
LØYVE NR. .. | |||
(eller) | |||
RETTKJEND KOPI NR. | |||
for internasjonal godstransport på veg for ein annans rekning | |||
Dette løyvet gjev2 ……………………………………………………......................................................……… …………………………………………………………………......................................................……………… …………………………………………………………………......................................................……………… | |||
rett til å drive internasjonal godstransport på veg for ein annans rekning på strekningar eller delar av strekningar på territoriet til Fellesskapet, slik det er fastsett i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1072/2009 av 21. oktober 2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for godstransport på veg, og i samsvar med dei allmenne føresegnene i dette løyvet. | |||
Særlege merknader: …………………………………………………………………....................................... | |||
............................................................................................................................................................................... | |||
Dette løyvet skal gjelde frå ....................................... | til ................................................................................. | ||
Utferda i ..................................................................... | den .............................................................................. | ||
....................................................................................3 |
1 Nasjonalitetsmerka til medlemsstatane er: (B) Belgia, (BG) Bulgaria, (CZ) Den tsjekkiske republikken, (DK) Danmark, (D) Tyskland, (EST) Estland, (IRL) Irland, (GR) Hellas, (E) Spania, (F) Frankrike, (I) Italia, (CY) Kypros, (LV) Latvia, (LT) Litauen, (L) Luxembourg, (H) Ungarn, (MT) Malta, (NL) Nederland, (A) Austerrike, (PL) Polen, (P) Portugal), (RO) Romania, (SLO) Slovenia, (SK) Slovakia, (FIN) Finland, (S) Sverige, (UK) Det sameinte kongeriket.
2 Namnet eller firmaet til transportøren og fullstendig adresse.
3 Underskrifta og stempelet til utferdande rett styresmakt eller organ.
(b)
(Andre sida av løyvet)
(Tekst på det offisielle språket eller eitt av dei offisielle språka i medlemsstaten som utferdar løyvet)
ALLMENNE FØRESEGNER
Dette løyvet er utferda i medhald av forordning (EF) nr. 1072/2009.
Det gjev innehavaren rett til å drive internasjonal godstransport på veg for ein annans rekning på alle strekningar eller delar av strekningar innanfor territoriet til Fellesskapet, og eventuelt på dei vilkåra som er fastsette i løyvet:
der avgangs- og framkomststaden ligg i to ulike medlemsstatar, med eller utan kryssing av éin eller fleire medlemsstatar eller tredjestatar i transitt,
frå ein medlemsstat til ein tredjestat eller omvendt, med eller utan kryssing av éin eller fleire medlemsstatar eller tredjestatar i transitt,
mellom tredjestatar i transitt gjennom territoriet til Žin eller fleire medlemsstatar,
og turar utan last i samband med slik transport.
Når det gjeld transport frå ein medlemsstat til ein tredjestat eller omvendt, er dette løyvet gyldig for den delen av strekninga som finn stad innanfor territoriet til Fellesskapet. Det skal vere gyldig i medlemsstaten der lasting eller lossing finn stad, berre i tilfelle der den naudsynte avtala mellom Fellesskapet og den aktuelle tredjestaten er gjord i samsvar med forordning (EF) nr. 1072/2009.
Løyvet er personleg og kan ikkje overførast til andre.
Løyvet kan tilbakekallast av den rette styresmakta i medlemsstaten der det er utferda, særleg dersom innehavaren
ikkje har oppfylt alle vilkåra for bruk av løyvet,
har gjeve ukorrekte opplysningar når det gjeld data som er naudsynte for utferdinga eller lenginga av løyvet.
Originalen av løyvet skal forvarast av transportføretaket.
Ein rettkjend kopi av løyvet skal forvarast i køyretøyet15. Når det gjeld vogntog, skal løyvet følgje motorvogna. Det skal omfatte heile vogntoget, òg i tilfelle der tilhengjaren eller semitraileren ikkje er registrert eller godkjend for bruk på veg i namnet til innehavaren av løyvet, eller der dei er registrerte eller godkjende for bruk på vegane i ein annan stat.
Løyvet skal visast fram for alle godkjende inspektørar på oppmoding.
Innehavaren skal på territoriet til kvar einskilt medlemsstat rette seg etter dei lovene og forskriftene som gjeld i denne staten, særleg dei som gjeld transport og trafikk.
Vedlegg III
Mal for førarattest | |||
Det europeiske fellesskapet | |||
(a) | |||
(Lyseraudt (Pantone) cellulosepapir, format DIN A4, 100g/m2 eller meir) | |||
(Første sida av attesten) | |||
(Tekst på det offisielle språket eller eitt av dei offisielle språka i medlemsstaten som utferdar attesten) | |||
Nasjonalitetsmerket til medlemsstaten1 som utferdar løyvet | Namnet til den rette styresmakta eller det rette organet | ||
FØRARATTEST NR. .. | |||
for transport av gods på veg for ein annans rekning i medhald av eit fellesskapsløyve | |||
(Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1072/2009 av 21. oktober 2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for godstransport på veg) | |||
Denne attesten provar at på grunnlag av dokumenta som vert lagde fram av: .................................……… …………………………………………………………………......................................................…………….2 | |||
er følgjande førar: | |||
Etternamn og førenamn: ..................................................................................................................................... | |||
Fødselsdato og -stad .................................................. | Nasjonalitet ................................................................. | ||
Type og referansenummer på identitetspapir ................................................................................................... | |||
Utferda (dato) ............................................................. | i .................................................................................... | ||
Førarkort nummer .............................................................................................................................................. | |||
Utferda (dato) ............................................................. | i .................................................................................... | ||
Personnummer eller tilsvarande ........................................................................................................................ | |||
tilsett i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og eventuelt tariffavtaler og i samsvar med dei reglane som gjeld i følgjande EFTA-stat, på dei arbeidsvilkåra og vilkåra for yrkesretta opplæring som gjeld i den aktuelle EFTA-staten, for å utføre vegtransport i denne staten: ...............................................................................................................................................................................3 | |||
Særlege merknader: …………………………………………………………………....................................... | |||
............................................................................................................................................................................... | |||
Dette løyvet skal gjelde frå ....................................... | til ................................................................................. | ||
Utferda i ..................................................................... | den .............................................................................. | ||
....................................................................................4 |
1 Nasjonalitetsmerka til medlemsstatane er: (B) Belgia, (BG) Bulgaria, (CZ) Den tsjekkiske republikken, (DK) Danmark, (D) Tyskland, (EST) Estland, (IRL) Irland, (GR) Hellas, (E) Spania, (F) Frankrike, (I) Italia, (CY) Kypros, (LV) Latvia, (LT) Litauen, (L) Luxembourg, (H) Ungarn, (MT) Malta, (NL) Nederland, (A) Austerrike, (PL) Polen, (P) Portugal), (RO) Romania, (SLO) Slovenia, (SK) Slovakia, (FIN) Finland, (S) Sverige, (UK) Det sameinte kongeriket.
2 Namnet eller firmaet til transportøren og fullstendig adresse.
3 Namnet til etableringsstaten til transportøren.
4 Underskrifta og stempelet til utferdande rett styresmakt eller organ.
(b)
(Andre sida av attesten)
(Tekst på det offisielle språket eller eitt av dei offisielle språka i medlemsstaten som utferdar attesten)
ALLMENNE FØRESEGNER
Denne attesten er utferda i medhald av forordning (EF) nr. 1072/2009.
Attesten er prov på at føraren som er namngjeven i attesten, er tilsett i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og eventuelt tariffavtaler, i samsvar med dei reglane som gjeld i den medlemsstaten som er nemnd i attesten, på dei arbeidsvilkåra og vilkåra for yrkesretta opplæring som gjeld i den aktuelle medlemsstaten, for å utføre vegtransport i denne staten:
Førarattesten skal tilhøyre transportøren, som stiller han til rådvelde for den føraren som er førd opp i attesten når denne føraren fører eit køyretøy(16) som i ein vegtransport nyttar eit fellesskapsløyve som er utferda til denne transportøren. Førarattesten kan ikkje overførast. Førarattesten skal berre gjelde så lenge dei vilkåra som han vart utferda i medhald av, framleis er oppfylte, og må straks leverast tilbake av transportøren til dei utferdande styresmaktene dersom desse vilkåra ikkje lenger er oppfylte.
Attesten kan tilbakekallast av den rette styresmakta i medlemsstaten der han er utferda, særleg dersom innehavaren
ikkje har oppfylt alle vilkåra for bruk av attesten,
har gjeve ukorrekte opplysningar når det gjeld data som er naudsynte for utferdinga eller lenginga av attesten.
Ein rettkjend kopi av attesten skal forvarast av transportføretaket.
Ein attest i original skal forvarast i køyretøyet, og visast fram for alle godkjende inspektørar på oppmoding.
Vedlegg IV
Jamføringstabell
Forordning (EØF) nr. 881/92 | Forordning (EØF) nr. 3118/93 | Direktiv 2006/94/EF | Denne forordninga |
---|---|---|---|
Artikkel 1 nr. 1 | Artikkel 1 nr. 1 | ||
Artikkel 1 nr. 2 | Artikkel 1 nr. 2 | ||
Artikkel 1 nr. 3 | Artikkel 1 nr. 3 | ||
Vedlegg II | Artikkel 1 nr. 1 og 2, vedlegg I, artikkel 2 | Artikkel 1 nr. 5 | |
Artikkel 2 | Artikkel 1 nr. 6 | ||
Artikkel 2 | Artikkel 2 | ||
Artikkel 3 nr. 1 | Artikkel 3 | ||
Artikkel 3 nr. 2 | Artikkel 4 nr. 1 | ||
Artikkel 3 nr. 3 | Artikkel 5 nr. 1 | ||
Artikkel 4 | |||
Artikkel 5 nr. 1 | Artikkel 4 nr. 2 | ||
Artikkel 5 nr. 2 | Artikkel 4 nr. 3 | ||
Artikkel 5 nr. 3 | Artikkel 4 nr. 4 | ||
Artikkel 4 nr. 5 | |||
Artikkel 5 nr. 4, vedlegg I | Artikkel 4 nr. 6 | ||
Artikkel 5 nr. 5 | Artikkel 4 nr. 2 | ||
Artikkel 6 nr. 1 | Artikkel 5 nr. 2 | ||
Artikkel 6 nr. 2 | Artikkel 5 nr. 2 | ||
Artikkel 6 nr. 3 | Artikkel 5 nr. 3 | ||
Artikkel 6 nr. 4 | Artikkel 5 nr. 6 | ||
Artikkel 6 nr. 5 | Artikkel 5 nr. 7 | ||
Artikkel 7 | Artikkel 6 | ||
Artikkel 8 nr. 1 | Artikkel 7 nr. 1 | ||
Artikkel 8 nr. 2 | Artikkel 7 nr. 2 | ||
Artikkel 8 nr. 3 | Artikkel 12 nr. 1 | ||
Artikkel 8 nr. 4 | Artikkel 12 nr. 2 | ||
Artikkel 9 nr. 1 og 2 | Artikkel 12 nr. 6 | ||
Artikkel 1 nr. 1 | Artikkel 8 nr. 1 | ||
Artikkel 1 nr. 2 | Artikkel 8 nr. 5 | ||
Artikkel 1 nr. 3 og 4 | Artikkel 8 nr. 6 | ||
Artikkel 2 | |||
Artikkel 3 | |||
Artikkel 4 | |||
Artikkel 5 | |||
Artikkel 6 nr. 1 | Artikkel 9 nr. 1 | ||
Artikkel 6 nr. 2 | |||
Artikkel 6 nr. 3 | Artikkel 9 nr. 2 | ||
Artikkel 6 nr. 4 | |||
Artikkel 7 | Artikkel 10 | ||
Artikkel 10 | Artikkel 17 nr. 1 | ||
Artikkel 11 nr. 1 | Artikkel 8 nr. 1 | Artikkel 11 | |
Artikkel 11 nr. 2 | Artikkel 13 nr. 1 | ||
Artikkel 11 nr. 3 | Artikkel 12 nr. 4 | ||
Artikkel 11a | |||
Artikkel 8 nr. 2 og 3 | Artikkel 13 nr. 2 | ||
Artikkel 8 nr. 4 første og tredje leddet | |||
Artikkel 8 nr. 4 andre leddet | Artikkel 12 nr. 4 | ||
Artikkel 8 nr. 4 fjerde og femte leddet | Artikkel 12 nr. 5 | ||
Artikkel 9 | Artikkel 13 nr. 3 | ||
Artikkel 12 | Artikkel 18 | ||
Artikkel 13 | |||
Artikkel 14 | Artikkel 10 | ||
Artikkel 11 | |||
Artikkel 15 | Artikkel 12 | Artikkel 4 | Artikkel 19 |
Artikkel 3 | |||
Artikkel 5 | |||
Vedlegg II, III | |||
Vedlegg I | Vedlegg II | ||
Vedlegg III | Vedlegg III | ||
Vedlegg I | |||
Vedlegg II | |||
Vedlegg III | |||
Vedlegg IV |
Fotnoter
TEU L 204 av 9.8.2008, s. 31.
TEF L 235 av 17.9.1996, s. 59.