1 Hovudinnhald i proposisjonen
Samferdselsdepartementet gjer her framlegg til endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova) som skal leggje til rette for gjennomføringa av EØS-reglar om busspassasjerrettar, og vere ei nasjonal tilpassing til, Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 181/2011 om busspassasjerrettar og om endring av rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 (forordninga). Framlegget til lovendringar er lagt ved.
Forordninga har reglar om ikkje-diskriminering av passasjerar, passasjerrettar ved ulykker, assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, rettar ved kansellering og forseinkingar, informasjon til passasjerane, handsaming av klager og handheving.
Gjennomføring av forordninga inneber ei harmonisering av busspassasjerrettar innan EØS. Vidare inneber forordninga ei harmonisering av rettane til passasjerar som nyttar ulike transportformer.
Det vert gjort framlegg om heimel i yrkestransportlova for (i) å fastsetje forskrift om gjennomføring og utfylling av forordninga om busspassasjerrettar og seinare EØS-reglar på området, og (ii) å peike ut terminalar der reisande med nedsett funksjons- eller rørsleevne kan få assistanse, samt å gje forskrifter om dette. Vidare vert det gjort framlegg om heimel for (iii) å gje forskrift om å etablere og organisere eit nasjonalt klageorgan for busspassasjerrettar, medrekna reglar om finansiering, og (iv) å påleggje transportørane og andre som har plikter overfor passasjerane, å vere knytte til eit nasjonalt klageorgan. Det vert òg gjort framlegg om (v) heimel for å peike ut eit nasjonalt handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane i forordninga vert følgde, og for at handhevingsorganet kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på EØS-reglane.
Yrkestransportlova rettar seg mot dei som mot vederlag driv eller vil drive persontransport med motorvogn eller fartøy. Framlegget gjeld berre transport med motorvogn.