6 Tilretteleggjing for gjennomføring av forordninga om busspassasjerrettar i norsk rett
Etter EØS-avtalen artikkel 7 bokstav a) skal forordningar i seg sjølve gjerast til ein del av den interne rettsordenen. Departementet meiner at forordninga bør takast inn i norsk rett i form av forskrift. Etter departementet si vurdering, gjev dei generelle forskriftsheimlane i yrkestransportlova §§ 27 (4) og 35 ikkje tilstrekkeleg heimel for å fastsetje forordninga i forskrift. For å leggje til rette for å få gjennomført forordninga i forskrift er det nødvendig med heimel i lov.
I høyringsnotatet la departementet opp til å gje heimel i yrkestransportlova for å gjennomføre og utfylle forordninga i forskrift. Denne modellen gjer det mogleg å gjere justeringar i passasjerrettane og i klageordninga utan å endre lova. Dette er i samsvar med dei lovtekniske løysingane i luftfartslova §§ 10-42 flg., og i jernbanelova § 7 c, som gjennomfører passasjerrettar for høvesvis fly- og togpassasjerar.
Departementet fann det òg nødvendig å ta inn særskilde heimlar i yrkestransportlova for å peike ut dei bussterminalane som skal ha plikt til å yte assistanse til passasjerane, og for å oppfylle krava forordninga stiller om ei nasjonal klageordning og handheving av forordninga.
På denne bakgrunnen gjorde departementet i høyringa framlegg om at desse heimlane vert tekne inn i yrkestransportlova:
heimel for å fastsetje ei forskrift om gjennomføring og utfylling av forordninga om busspassasjerrettar og seinare EØS-reglar på området
heimel for å peike ut terminalar der reisande med nedsett funksjons- eller rørsleevne kan få assistanse, og for å gje forskrifter om dette
heimel for å gje forskrift om etablering og organisering av eit nasjonalt klageorgan for busspassasjerrettar, medrekna reglar om finansiering, oppnemning, ansvarsområde, samansetning, høve til valdgiftsklausular, og sakshandsaming
heimel for å kunne påleggje transportørane og andre som har plikter overfor passasjerane, å vere knytte til eit nasjonalt klageorgan
heimel for å peike ut eit nasjonalt handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane i forordninga vert følgde, og for at handhevingsorganet kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på EØS-reglane.
Under punkt 7 vert det gjeve ei nærare framstilling av framlegga til lovendringane som er nemnde over, fråsegn frå høyringsinstansane og departementet sine vurderingar.