Prop. 85 L (2013–2014)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

2.1 Tilretteleggjing for gjennomføring av forordninga om busspassasjerrettar

EU har vedteke forordningar som sikrar rettar for passasjerar som reiser med fly, tog, buss og sjøtransport.

Forordning 181/2011 om busspassasjerrettar vart vedteken i EU 16. februar 2011 og tredde i kraft i EU 1. mars 2013. Forordninga er enno ikkje teken inn i EØS-avtalen.

Det er venta at EØS-komiteen vil vedta å innlemme forordninga i EØS-avtalen, med atterhald om samtykke frå Stortinget på vanleg måte.

Lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart (luftfartsloven) implementerer forordning (EF) 261/20041 og forordning (EF) 1107/20062.

Lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (jernbaneloven) implementerer forordning (EF) nr. 1371/20073.

Når det gjeld båtpassasjerar viser departementet til Justisdepartementet si høyring av 15. mars 2012, om mellom anna gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 om båtpassasjerrettar4.

Dei nemnde EU-reglane som er, eller vil verte, gjennomførte i norsk rett sikrar rettar for passasjerar med alle transportslag med unnatak av trikk, T-bane og bybane. Passasjerar som reiser med trikk, T-bane og bybane, har likevel etter norsk rett langt på veg dei same materielle rettane som busspassasjerar. I tillegg har transportselskapa ofte felles transportvilkår for transport med ulike transportslag.

Departementet peika i høyringa difor på at det i samband med forskriftsendringane som gjennomfører forordninga om busspassasjerrettar i norsk rett, kan vere aktuelt å utvide ansvarsområdet til Transportklagenemnda til òg å omfatte klager på transportvilkåra frå passasjerar med trikk, T-bane og bybane. Desse transportformene er, særleg i dei store byane, nært integrerte med busstransport. Departementet vil kome tilbake til spørsmålet i samband med forskriftsarbeidet. Det er heimel i jernbanelova § 7 c for å gjennomføre ei slik ordning for desse transportslaga i forskrift.

2.2 Høyring

Samferdselsdepartementet sende 18. desember 2013 saka ut på høyring. Frist for merknader var 26. februar 2014. I tillegg til at høyringsnotatet vart lagt ut på Samferdselsdepartementet sine heimesider på internett, vart det sendt til følgjande instansar:

  • Departementa

  • Fylkeskommunane

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

  • Forbrukarombodet

  • Jernbaneverket

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Luftfartstilsynet

  • Regjeringsadvokaten

  • Statens jernbanetilsyn

  • Vegdirektoratet

  • Akademikerne

  • AKT (Agder kollektivtrafikk AS)

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • AtB AS

  • Avinor

  • Brakar- Buskerud kollektivtrafikk AS

  • Fagforbundet

  • Forbrukerrådet

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Kollektivtrafikkforeningen c/o Akershus fylkeskommune

  • KS – Kommunenes interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • NHO Transport

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Taxiforbund

  • Norges Turbileierforbund

  • Norsk Jernbaneforbund

  • Norsk Kommuneforbund

  • Norsk Lokomotivmannsforbund

  • Norsk Transportarbeiderforbund

  • NSB AS

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Ruter AS

  • Transportbrukernes fellesorganisasjon

  • Transportklagenemnda v/Norsk ReiselivsForum

  • VKT AS (Vestviken Kollektivtrafikk)

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund

  • Yrkestrafikkforbundet

Framlegget til lovendring vart sendt på høyring til 70 høyringsinstansar. Det er kome inn 27 høyringssvar i saka.

Av dei høyringsinstansane som har svart er det elleve som ikkje har merknader til saka; Arbeids- og sosialdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Utanriksdepartementet, Regjeringsadvokaten, Statens jernbanetilsyn, Jernbaneverket, Oslo kommune og Arbeidsgiverforeningen Spekter.

Fire høyringsinstansar gjev uttrykk for at dei er positive til framlegget utan å gå nærare inn i detaljane. Tolv høyringsinstansar har substansielle merknader til saka. Alle høyringsinstansane med substansielle merknader i saka er i hovudsak positive til framlegget om å utvide rettane for busspassasjerar.

Merknadene frå høyringsinstansane er tekne inn i pkt. 7.

Eit tidlegare utkast til forordning vart sendt på høyring i Noreg med høyringsfrist 28. august 2009. Forordninga var på det tidspunktet under utarbeiding og skilde seg på nokre punkt frå den endelege teksten i forordninga. Høyringsinstansane var hovudsakleg positive til å innføre felles reglar om busspassasjerrettar så framt det ikkje ga passasjerane eit dårlegare rettsvern enn dei allereie har.

Dei viktigaste endringane samanlikna med det tidlegare utkastet til forordning er reglane om verkeområdet og framlegget om plikt til forskotsbetaling ved ulykker for transportørane.

Etter det tidlegare framlegget kunne medlemsstatane gjere unnatak for busstransporttenester i byar og forstader og i regional transport dersom transporten var omfatta av offentlege tenestekontraktar som sikra passasjerane det same vernet som forordninga. Dette skiljet er ikkje lenger med i forordninga.

Ein regel som dei fleste høyringsinstansane fann problematisk i det tidlegare utkastet, var kravet om at transportørane skulle ha plikt til forskotsbetaling ved dødsfall eller skade som følgje av ulykker. Denne regelen er ikkje med i den endelege forordningsteksten.

Fotnotar

1.

Europa-Parlamentets og Rådets forordning (EF) nr. 261/2004 af 11. februar 2004 om fælles bestemmelser om kompensation og bistand til luftfartspassagerer ved boardingafvisning og ved aflysning eller lange forsinkelser og om ophævelse af forordning (EØF) nr. 295/91

2.

Europa-Parlamentets og Rådets forordning (EF) nr. 1107/2006 af 5. juli 2006 om handicappede og bevægelseshæmmede personers rettigheder, når de rejser med fly

3.

Europa-Parlamentets og Rådets forordning (EF) nr. 1371/2007 af 23. oktober 2007 om jernbanepassagerers rettigheder og forpligtelser

4.

Europa-Parlamentets og Rådets forordning (EU) nr. 1177/2010 af 24. november 2010 om passagerers rettigheder ved sørejser og rejser på indre vandveje og om ændring af forordning (EF) nr. 2006/2004
Til forsida