7 Økonomiske og administrative konsekvensar
I meldinga er det lagt opp til at kostnadene i samband med forskrift om utforming av store flyplassar skal finansierast gjennom intern kryssubsidiering i Avinor. Dette vil gi høgare avgifter for brukarane av tenestene frå Avinor enn det ein elles ville ha fått.
Elles reknar ikkje Samferdselsdepartementet med at nokre av tiltaka i denne meldinga vil gi andre vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar, verken for selskapet, staten eller samfunnet elles.