St.meld. nr. 33 (2006-2007)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2006, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

2 Eksportkontrollregelverket

Utanriksdepartementet har ansvaret for kontrollen med eksport frå Noreg av våpen, ammunisjon og anna militært materiell 1, fleirbruksvarer 2, teknologi og tenester. Kontrollen går føre seg på grunnlag av eit eige regelverk som omfattar lov, forskrifter, retningslinjer og kontrollister.

Utførselen av våpen, militært materiell og militær teknologi er i utgangspunktet dei enkelte landas nasjonale ansvar. Det har likevel vakse fram eit internasjonalt politisk samarbeid også på dette området. Noreg legg vesentleg vekt på å gjennomføre internasjonale standardar i det nasjonale eksportkontrollregelverket, både når det gjeld krav til varelister og kontrollstandardar. Det blir gjort nærare greie for det internasjonale samarbeidet i kapittel 4 i meldinga.

I dette kapittelet blir det gjort greie for dei politiske retningslinjene som Utanriksdepartementet legg til grunn i saksbehandlinga av søknader om løyve til å føre ut forsvarsmateriell, og for eksportkontrollova og -forskriftene. I tillegg blir vedtaket frå Tryggingsrådet i FN om sanksjonar mot Nord-Korea og Iran, som er gjort til norske forskrifter, omtalt per 15. april 2007.

2.1 Retningslinjer for Utanriksdepartementet

Retningslinjene frå 28. februar 1992 er rettleiande for korleis Utanriksdepartementet skal behandle søknader om eksport av våpen, militært materiell og teknologi og tenester for militære formål.

Kontrollen med eksporten av forsvarsmateriell byggjer på regjeringserklæringa av 11. mars 1959 og stortingsvedtaket av same dato, som slår fast at «det skal ved avgjørelsen legges vekt på de utenriks- og innenrikspolitiske vurderinger, og hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig». I vedtak av same dato tek Stortinget «til etterretning den erklæring Statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en nøye vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må være avgjørende for om eksport skal finne sted». Utanriksdepartementets vurdering av desse tilhøva omfattar ei rekkje politiske og tekniske spørsmål, mellom anna spørsmål knytte til demokratiske rettar og respekt for grunnleggjande menneskerettar, jf. òg St.meld. nr. 43 (1997–98), nr. 45 (2000–2001), nr. 29 (2001–2002), nr. 35 (2002–2003), nr. 36 (2004–2005) og nr. 19 (2005–2006).

Eit samrøystes Storting slutta seg til ei presisering som Bondevik I-regjeringa gjorde i 1997 om at «Utenriksdepartementets vurdering av disse forholdene omfatter en vurdering av en rekke politiske spørsmål, herunder spørsmål knyttet til demokratiske rettigheter og respekt for grunnleggende menneskerettigheter».

Retningslinjene byggjer på politikken nemnd ovanfor og omhandlar mellom anna kva prinsipp som skal leggjast til grunn når ein skal vurder kva land som kan ta imot forsvarsmateriell frå Noreg, dei definerer kva kategoriar materiell som kan eksporterast til dei ulike landgruppene og kva krav som blir stilte til dokumentasjon. Retningslinjene er publiserte for at det skal vere større openheit kring sjansane til å få utførselsløyve, og at det skal vere meir føreseieleg.

Retningslinjene definerer tre landgrupper som er retningsgjevande når Utanriksdepartementet skal vurdere kven som kan ta imot forsvarsmateriell frå Noreg.

Landgruppe 1 er NATO-medlemslanda og dei nordiske landa, pluss andre land som etter ei grundig vurdering kan godkjennast av departementet som mottakarar av våpen og ammunisjon.

Landgruppe 2 er land som Noreg ikkje eksporterer forsvarsmateriell til. Dette er land der det er krig eller der krig truar, land der det er borgarkrig, land der ei omhyggeleg vurdering av dei utan- og innanrikspolitiske tilhøva tilseier at eksport av forsvarsmateriell ikkje bør finne stad, og land som Tryggingsrådet i FN har vedteke sanksjonar mot.

Landgruppe 3 er land utanfor gruppe 1 og 2 som Noreg ikkje sel våpen og ammunisjon til, men som etter ei nøye vurdering eventuelt kan ta imot anna militært materiell.

Varene som er omfatta av retningslinjene, står på liste 1 (våpen, ammunisjon og anna militært materiell). Retningslinjene skil mellom materiell i kategori A og kategori B.

Med kategori A-materiell forstår ein våpen og ammunisjon av alle slag og materiell som i vesentleg grad vil kunne påverke dei militære styrkeforholda utover nærområdet, medrekna materiell for havovervaking og elektroniske tiltak mot satellittborne system.

Kategori B-materiell er anna forsvarsmateriell som ikkje har dei eigenskapane eller bruksområda som er definerte for varekategori A.

Retningslinjene seier at det kan tildelast lisens for A-materiell berre når kunden er eller opptrer på vegner av forsvarsmakta i mottakarlandet. Dette må dokumenterast.

I vurderinga av om ei vare eller ein teknologi er A- eller B-materiell, trekkjer Utanriksdepartementet ved behov på ekspertise først og fremst frå Forsvarets forskingsinstitutt og Institutt for energiteknikk.

Dokumentasjonskrav og sluttbrukarkontroll

I tillegg til dei politiske vurderingane skal behandlinga i Utanriksdepartementet sikre at det ligg føre tilfredsstillande dokumentasjon før det kan innvilgast utførselsløyve. Kravet til dokumentasjon vil vere avhengig av mottakar og kva slags materiell det er snakk om.

Eksport av våpen og anna militært materiell mellom forsvarsstyresmakter i NATO-landa byggjer på ein langsiktig utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk der leveransar av materiell mellom partane er forankra i avtalar og mangeårig praksis.

Ved utførsel av forsvarsmateriell til medlemsland i NATO eller til nærståande land der det ligg føre bilaterale avtalar om samarbeid om forsvarsmateriell, er det krav om dokumentasjon som godtgjer kven sluttbrukaren er. Det blir såleis ikkje lagt geografiske avgrensingar på kvar forsvarsstyresmaktene i NATO-land kan bruke militært materiell importert frå Noreg. Når det gjeld innsatsvarer som krut og sprengstoff eller komponentar, trengst det ei kundeerklæring som stadfester at materiellet heilt og fullt skal nyttast i importørens eigen produksjon, at det ikkje vil bli eksportert vidare separat og at det vil inngå i det ferdige produktet utan at dette er å rekne som norsk. Importsertifikat skal sikre at ein eventuell re-eksport skjer i samsvar med eksportkontrollreglane i importlandet.

Søknader om eksport til land utanfor den allierte og nærståande kretsen av land vil bli grundig vurderte med tanke på dei aktuelle utanriks- og innanrikspolitiske tilhøva, jf. Utanriksdepartementets retningslinjer. Dersom konklusjonen er at ein kan gje løyve til eksport, blir det kravd dokumentasjon der mottakaren erklærer at han eller ho er endeleg brukar/mottakar av materiellet, gjer greie for kvar det skal installerast og brukast og forsikrar at materiellet ikkje skal leverast vidare utan med samtykke frå norske styresmakter. I bestemte saker kan det vere krav om at styresmaktene skal stadfeste sluttbrukarerklæringa.

Innanfor ramma av det multilaterale eksportkontrollregelverket blir det utveksla informasjon om sluttbrukarar som det knyter seg uro til, om lisensavslag og om relevant informasjon om forsøk på skaffe seg lisens. Sjølv om det enkelte landet ikkje er bunde av avslag frå andre, blir det teke omsyn til denne typen informasjon i all behandling av lisenssøknader. Noreg arbeider aktivt for å styrkje denne mekanismen innanfor relevante forum, mellom anna ved å støtte eit forslag om førehandskonsultasjonar i dei tilfella der eit anna land vurderer ein søknad om eksport av varer som tilsvarer dei som har fått avslag, og som eit anna land har meldt om. Noreg meiner at ein slik praksis over tid vil føre til at det i handelen med våpen og militært materiell utviklar seg ei internasjonal ansvarskjensle som det er større semje om,.

Det går føre seg ei internasjonal utveksling av opplysningar om og synspunkt på kva dokumentasjonskrav som bør stillast. Målet er å komme fram til meir einsarta standardar og prosedyrar på internasjonal basis, særleg med sikte på å hindre ulovleg handel med handvåpen og lette våpen. Innanfor både OSSE og Wassenaar-samarbeidet er det oppnådd semje om rettleiande format for sluttbrukarsertifikat. Når det gjeld utførsel av berbare luftvernsystem (MANPADS), har medlemslanda i Wassenaar-samarbeidet vedteke strenge retningslinjer som ein føreset blir implementerte nasjonalt. Desse retningslinjene omfattar òg krav til sluttbrukarkontroll, medrekna dokumentasjon på styresmaktnivå. Tilsvarande retningslinjer har òg OSSE vedteke seinare.

Delleveransar og fleirnasjonale produkt

Retningslinjene tek omsyn til at eksporten kan ha ulike formål, til dømes samarbeids- og utviklingsprosjekt, tenester eller teknologioverføringar. Produkta kan ha sjølvstendig funksjon eller vere delleveransar. Med delar er meint varer utan sjølvstendig funksjon, til dømes elektronikkomponentar, programvare eller metallhylser. For delleveransar skal søknaden i utgangspunktet behandlast på same måten som ved eksport av sluttproduktet. Ved samarbeidsavtalar som er godkjende av norske styresmakter, jf. kap. VII.2 i retningslinjene, kan ein som eit unntak omgå kravet til sluttbrukardokumentasjon. Desse reglane gjeld når det ferdige produktet ikkje er å rekne som norsk.

Unntak frå hovudregelen om norsk sluttbrukarkontroll kan òg gjerast på visse vilkår dersom produktet er resultatet av eit fleirnasjonalt samarbeid. Dersom det endelege produktet ikkje er å rekne som norsk, kan det ferdige produktet eksporterast etter reglane i samarbeidslandet, jf. kap. III i retningslinjene om samarbeids- og utviklingsprosjekt.

Retningslinjene frå 1992 var ikkje heilt klare i spørsmålet om korleis søknader om utførsel av produkt med fleirnasjonal identitet skulle behandlast. Auka integrasjon i forsvarsindustrien og større internasjonalt samarbeid om utvikling og produksjon av forsvarsmateriell skapte nye utfordringar for eksportkontrollen.

I 1998 blei det difor teke inn eit nytt kapittel IV som set nærare reglar for behandlinga av fleirnasjonale produkt.

2.2 Eksportkontrollova

Eksportkontroll blir utøvd på grunnlag av Lov av 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v. Varer, tenester og teknologi som kan spele ei rolle for utviklinga, produksjonen eller bruken av produkt til militære formål i andre land, eller som direkte kan tene til å utvikle eit lands militære evne, må ikkje førast ut utan løyve frå Utanriksdepartementet. Liste I (våpen og militært materiell) og liste II (fleirbruksvarer) inneheld produkt og teknologi som krev slikt løyve. Kontrollen med teknologi omfattar òg immateriell teknologioverføring.

Tenester knytte til varer og teknologi i liste I og II, og andre tenester som direkte kan tene til å utvikle eit lands militære evne og som blir ytte i utlandet eller her i landet for bruk i utlandet, krev òg løyve frå Utanriksdepartementet.

Lova set forbod mot at personar som har bustad eller opphaldsstad i Noreg, og norske selskap, stiftingar og samanslutningar driv handel med, formidlar eller på anna vis medverkar til sal av våpen og militært materiell frå eitt framandt land til eit anna utan særskilt løyve.

I tillegg er det lisensplikt for alle varer og tenester og all teknologi til militært bruk til område der det er krig eller der krig truar eller til land der det er borgarkrig, og til område under våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN med heimel i kapittel VII i FN-pakta.

Alle har plikt til å gje departementet den hjelp det treng for å kontrollere at reglane i lova eller forskriftene er følgde. Dette gjeld alle opplysningar som er å rekne som nødvendige i samband med behandlinga av søknader om eksportlisens. Ein slik rett til å innhente bedriftssensitiv informasjon har sitt motstykke i teiepliktreglane i lova.

Eksportkontrollova inneheld eigne straffeføresegner. Forsettleg brot på regelverket blir straffa med bøter eller fengsel inntil fem år eller begge delar. Aktlaust brot kan straffast med bøter eller fengsel inntil to år. Når lovbrotet er gjort av ein som handlar på vegner av eit selskap med avgrensa ansvar, eit kommandittselskap eller ei anna samanslutning eller ei stifting, kan føretaket ileggjast bot. Dersom eit forhold blir ramma av strengare straffebod, er det straffelova som gjeld.

Arbeidet med lovendringar

I tråd med Innst.O. nr. 74 (2004–2005) og Ot.prp. nr. 47 (2004–2005) avgjorde Stortinget (jf. Besl.O. nr. 72 (2004–2005)) å utvide virkeområdet til eksportkontrollova til å omfatte utførsler som kan nyttas til å gjennomføre terrorhandlingar. I tillegg blei lova endra for å gje heimel for kontroll med formidlinga av nærare fastsette fleirbruksvarer mellom to tredjeland. Endringane, som tok til å gjelde 1. juli 2005, er gjevne att i kursiv:

«Kongen kan bestemme at varer og teknologi som kan være av betydning for andre lands utvikling, produksjon eller anvendelse av produkter til militært bruk eller som direkte kan tjene til å utvikle et lands militære evne, samt varer og teknologi som kan benyttes til å utøve terrorhandlinger, jf. straffelovens § 147 a første ledd,ikke må utføres fra norsk tollområde uten særskilt tillatelse. Det kan også settes forbud mot at det uten særskilt tillatelse ytes tjenester som nevnt i første punktum. Det kan settes vilkår for tillatelsene.

Kongen kan likeså sette forbud mot at personer som har bopel eller oppholdssted i Norge og norske selskaper, stiftelser og sammenslutninger uten særskilt tillatelse driver handel med, formidler eller på annen måte bistår ved salg av våpen og militært materiell fra et fremmed land til et annet. Tilsvarende gjelder for strategiske varer og teknologi som er nærmere angitt i forskrift.

Kongen gir nærmere forskrifter til utfylling og gjennomføring av loven.»

Bakgrunnen og behovet for å oppdatere eksportkontrollova 3 var at lova berre gav heimel for å regulere utførsel som kan «tjene til å utvikle et lands militære evne». I kjølvatnet av terroråtaka mot amerikanske mål 11. september 2001 sette Utanriksdepartementet i gang eit arbeid for å lovfeste krav om kontroll med utførsel av andre varer, teknologi og tenester som kan nyttast til terrorformål. I tillegg til terrorismeaspektet kom Utanriksdepartementet med framlegg om å gje heimel for kontroll med formidlinga av visse særleg sensitive fleirbruksvarer. Slik kontroll inneber at personar som har fast opphald i Noreg, og norske selskap og institusjonar under visse omstende må ha løyve frå Utanriksdepartementet for å kunne formidle sal av slike varer mellom to tredjeland. Arbeidet med å sikre gjennomføringa i forskrift er omtalt i kapitel 2.3 i meldinga.

Utanriksdepartementet arbeider med eit framlegg til fleire endringar i eksportkontrollova. Desse endringane har som foremål å gje heimel for kontroll med transport av våpen, militært materiell og visse fleirbruksvarer mellom to tredjeland,

I tillegg omfatter framlegget tiltak for å styrkje kontrollen med formidlinga av våpen, militært materiell og fleirbruksvarer ved å gjere kontrollen gjeldande for « einkvar».

Begge framlegga inneber ei vesentleg styrking av den norske kontrollen med eksporten av strategiske varer. Den lova vi har i dag, omfattar ikkje kontroll med transport av våpen og militært materiell, berre handlingar knytte til sal av slike varer mellom to tredjeland. Vidare heiter det i lovteksten i dag at kontrollen rettar seg mot «personer som har bopel eller oppholdssted i Norge og norske selskaper, stiftelser og sammenslutninger». Å erstatte denne formuleringa med «einkvar» inneber ei utviding av jurisdiksjonen og vil vere i tråd med alminnelege norske jurisdiksjonsføresegner.

Det blir òg arbeidd med sikte på å styrkje kontrollen med varer og teknologi, medrekna transport, når det ligg føre informasjon om at varene er meint for terrorformål. Det er likevel nødvendig å vente på det arbeidet Justisdepartementet held på med for å styrkje straffelova på dette området. Det er venta at Justisdepartementet vil vere ferdig med å gå gjennom straffelova i 2008.

2.3 Forskrift til gjennomføring av eksportkontrollen

Det er utferda forskrift i medhald av eksportkontrollova. Forskrift av 10. januar 1989 gjev nærare reglar om gjennomføringa av eksportreguleringa. Denne forskrifta inneheld mellom anna krav om lisens ved utførsel av varer og tilhøyrande teknologi som står på vareliste I (våpen og militært materiell) og vareliste II (fleirbruksvarer). Det krevst dessutan løyve ved utførsel av nærare fastsett teknologi, medrekna immaterielle ytingar, tekniske datapakkar og produksjonsrettar for varer, i tillegg til visse tenester. Vidare inneheld forskrifta føresegner om visse unntak frå lisensplikta og administrative føresegner om oppbevaring av løyve og om rett for departementet til å stille vilkår for tildeling av lisens. I 2000 blei ein ny paragraf (§ 13) lagd til. Denne gjev departementet høve til å kalle tilbake ein lisens dersom grunnlaget for tildelinga er vesentleg endra .

For å gjennomføre bindande vedtak i Tryggingsrådet i FN om fullstendig eller delvis handelsembargo mot visse land, blir det utferda forskrifter med heimel i Lov av 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd. På denne måten blir bindande vedtak i Tryggingsrådet gjorde til norsk rett. Gjeldande forskrifter i samband med dette er oppførte i kapittel 2.4 i meldinga. Norske forskrifter om sanksjonar mot Nord-Korea og Iran er nærare omhandla i kapittel 2.5 og 2.6 i meldinga.

Arbeidet med forskriftsendringar

I St.meld. nr. 36 (2004–2005) og St.meld. nr. 19 (2005–2006) om utførsel av forsvarsmateriell frå Noreg, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid blei det gjort greie for forskriftsendringar som blei gjennomførte i 2004.

Utanriksdepartementet arbeider no med korleis lovendringane som blei sette i verk 1. juli 2005, kan gjennomførast i forskrift. Utanriksdepartementet har sendt eit utkast til revidert forskrift ut til høyring. Målet er å gjennomføre forskriftsendringane i 2007. Utkastet til forskriftsendring rettar seg i første omgang mot å styrkje kontrollen med formidlinga av fleirbruksvarer og å styrkje kontrollen med alle varer når desse kan vere meint for eit program for masseøydeleggingsvåpen («fangar alt»-kontroll). I tillegg blir det gjort framlegg om å presisere eksisterande unntak frå lisensplikta når det gjeld retur av eit NATO- eller EU-lands utstyr etter øving eller trening i Noreg.

Basert på resultatet av ei høyring som blei sendt til dei aktuelle instansane i april 2007 om endringar i eksportkontrollova når det gjeld kontroll med transport av våpen og militært materiell, jf. kapittel 2.2, vil Utanriksdepartementet vurdere gjennomføringa av slik kontroll i forskrift med sikte på å leggje ned forbod mot transport av våpen og militært materiell til land som er under våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN eller andre tiltak som Noreg har slutta opp om.

Det er regjeringa sitt syn at dette vil sikre kontrollen med transport av våpen og militært materiell på ein eigna måte. Arbeidet med desse forskriftsendringane vil bli sett i verk så snart høyringa om framlegget til den føregåande lovendringa er avslutta.

Med omsyn til arbeidet med forbod mot utførsel og formidling av varer, teknologi og tenester når det er kjent at dei er tenkt nytta til å utøve terrorhandlingar, er det nødvendig å koordinere dette arbeidet med Justisdepartementet sitt arbeid med ny straffelov i denne samanhengen. Det er venta at Justisdepartementet vil vere ferdig med gjennomgangen i 2008.

Kontrollistene

Utanriksdepartementets kontrollister er ein del av eksportkontrollforskriftene. Dei forsvarsprodukta som er omfatta av denne meldinga, er spesifiserte i liste I. Fleirbruksvarer er oppførte i liste II. For utførsel av varer som er spesifiserte i listene, krevst det utførselslisens frå Utanriksdepartementet. Vidare krevst det skriftleg løyve ved overføring av teknologi og utføring av tenester for utanlandsk kunde, anten tenesta blir utført i Noreg eller i utlandet.

Liste I dekkjer alle våpen og militære varer som er omfatta av internasjonale varelister. Den norske lista er utforma slik at ho omfattar alle kategoriar våpen og militært materiell, og lisensplikta gjeld for alle varer og all teknologi som er spesielt konstruert eller modifisert for militære formål.

Etter terroråtaka 11. september er det innanfor dei multilaterale eksportkontrollregima teke initiativ til å identifisere varer og teknologi som i visse situasjonar kan nyttast i terrorverksemd. Siktemålet er at slike varer og slik teknologi blir underlagt eksportkontroll. Det er gjort fleire vedtak om å utvide listene, mellom anna når det gjeld ubemanna luftfarkostar (UAV) og visse glattbora skytevåpen. Fleire framlegg om å inkludere nye varer og ny teknologi i listene er under diskusjon.

Anna lisensplikt. Særlege unntak frå lisensplikta

I tillegg til lisensplikta for varer, teknologi og tenester som er spesifiserte i kontrollistene, har forskriftene reglar som i spesielle tilfelle fangar opp varer som ikkje er spesifiserte i listene. Det finst tre slike reglar («fangar alt»-reglar) i forskriftene (§ 1 bokstavane f, g og h).

Den eine regelen seier at ved utførsel for militær bruk til område der det er krig eller der krig truar eller til land der det er borgarkrig, er varer, teknologi og tenester av alle slag lisenspliktige sjølv om dei ikkje er omfatta av listene.

Den andre regelen gjev heimel til å krevje lisens for varer, teknologi og tenester av alle slag sjølv om dei ikkje er omfatta av listene frå Utanriksdepartementet, i tilfelle der eksportøren er kjend med at desse er tiltenkte eller vil bli brukte i samband med utvikling, produksjon, vedlikehald, lagring, deteksjon, identifikasjon eller destruksjon av kjernevåpen eller kjemiske eller biologiske våpen. Tilsvarande gjeld i samband med utvikling, produksjon, vedlikehald eller lagring av missil som leverer slike våpen. Denne regelen vil bli sendt ut på høyring med sikte på å styrkje kontrollen i tråd med internasjonale forpliktingar. Det er gjort nærare greie for arbeidet med forskriftsendringar ovanfor.

I tillegg er det lisensplikt for alle varer og tenester eller all teknologi til militær bruk i område under våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN med heimel i kapittel VII i FN-pakta. Dette er i tråd med vedtak fatta innanfor ramma av Wassenaar-samarbeidet.

2.4 Internasjonale tiltaksregime med eksportforbod

Under følgjer eit oversyn over FN-sanksjonar, EU-tiltak og terrorismetiltak som inneheld våpenembargoar.

FNs sanksjonsregime

Sanksjonar som er vedtekne gjennom bindande vedtak i Tryggingsrådet i FN blir gjennomførte i norsk rett ved forskrift med heimel i Lov til gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd (gjennomføringslova) av 7. juni 1968.

Desse sanksjonsregima som inneheld våpenembargo, er gjennomførte med heimel i denne lova 4:

1990–08–09 nr. 0635: Forskrift om gjennomføring av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråds resolusjoner om sanksjoner mot Irak

1992–02–07 nr. 0077: Forskrift om sanksjoner mot Somalia

1992–11–27 nr. 0879: Forskrift om sanksjoner mot Liberia

1997–10–23 nr. 1116: Forskrift om sanksjoner mot Sierra Leone

1999–12–22 nr. 1374: Forskrift om sanksjoner mot Usama bin Laden, Al-Qaida og Taliban

2003–10–10 nr. 1221: Forskrift om sanksjoner mot Den demokratiske republikken Kongo

2004–12–10 nr. 1617: Forskrift om sanksjoner mot Elfenbenskysten

2006–06–02 nr. 573: Forskrift om sanksjoner mot visse grupper, militser og personer som opererer i Darfur-provinsen i Sudan

2006–09–08 nr. 1040: Forskrift om sanksjoner mot aktører i Libanon

2006–12–15 nr. 1405: Forskrift om sanksjoner mot Nord-Korea

2007–02–09 nr. 149: Forskrift om sanksjonar mot Iran

Terrorismetiltak

Desse terrorismetiltaka inneheld våpenembargo:

– Tryggingsrådets resolusjon 1373

( tiltak mot terrorisme)

– Tryggingsrådets resolusjon 1540

( ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen)

– Tryggingsrådets resolusjon 1333/1390/1617/1677

(sanksjonar mot Al-Qaida/Taliban)

– Tryggingsrådets resolusjon 1735

(om trugsmål mot internasjonal fred og tryggleik på grunn av terroristhandlingar)

EUs tiltaksregime

EU-rådet har vedteke ei rekkje felles haldningar med tiltaksregime overfor ulike statar. Fleire av desse tiltaksregima inneheld våpenembargoar. Noreg blir oppmoda om å slutte opp om EU-rådets felles haldningar. Den norske oppslutninga om EUs felles haldningar er ikkje folkerettsleg bindande.

Den norske oppslutninga om EUs tiltaksregime kan gjennomførast ved forskrift med heimel i Lov av 27. april 2001 nr. 14 om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler.

Sanksjonar mot Burma er gjennomførte med heimel i denne lova ved:

2003 – 07 – 04 nr. 895: Forskrift om særlige tiltak mot Burma.

Når det særskilt gjeld gjennomføringa av EU-rådets felles haldning med sanksjonar mot regimet i Zimbabwe er det laga ei eiga særlov, jf. Lov av 27. juni 2003 nr. 58 om særlige tiltak mot Republikken Zimbabwe. Sanksjonane er gjennomførte ved:

2003 – 08 – 15 nr. 1050: Forskrift om særlige tiltak mot Republikken Zimbabwe

2006 – 04 – 28 nr. 450: Forskrift om særlige tiltak mot Usbekistan

2.5 Tryggingsrådsvedtak om sanksjonar mot Iran

Tryggingsrådet i FN vedtok sanksjonar mot Iran 23. desember 2006 (resolusjon 1737) og 24. mars 2007 (resolusjon 1747).

Sanksjonane rettar seg mot Irans kjernefysiske program, òg medrekna leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen, og mot transport, formidling og eksport av konvensjonelle våpen. Sanksjonane omfattar likeins reiserestriksjonar for iranske statsborgarar som er knytte til landets kjernefysiske program, og forbod mot investeringar og finansiering i samband med dette.

Det er utarbeidd ei eiga norsk forskrift 5 for å sikre at resolusjonsforpliktingane blir gjennomførte. Ved gjennomføring av eksportkontrolltiltak skal alle statar hindre eksport til Iran av produkt som er kontrollerte av dei multilaterale eksportkontrollregima for kjernefysisk eksport 6 og missilteknologi 7. Alle statar skal dessutan hindre eksport av alle varer som kan medverke til Irans opprikingsverksemd, opparbeiding av tungtvatn-relaterte aktivitetar eller til utvikling av leveringsmiddel for kjernevåpen. Vidare er det vedteke forbod mot eksport av våpensystem til Iran og transport og formidling av våpen til landet.

2.6 Tryggingsrådsvedtak om sanksjonar mot Nord-Korea

Med utgangspunkt i tryggingsrådsresolusjon 1718 vedteken 14. oktober 2006 fastsette Utanriksdepartementet ei eiga forskrift 8 om sanksjonar mot Nord-Korea for å sikre gjennomføring i nasjonal rett.

Forskrifta set mellom anna forbod mot at norske rettssubjekt og alle som oppheld seg på norsk territorium, leverer våpensystem eller nærare fastsett militært materiell og fleirbruksvarer for masseøydeleggingsvåpen til Nord-Korea. I tillegg omfattar forskrifta forbod mot eksport av visse luksusvarer og føresegner om å fryse formuesgode som er til rådvelde for visse personar og einingar.

2.7 EU-kodeksen

Noreg slutta seg til EU-kodeksen for våpeneksport i 1998. Dei åtte kriteria i kodeksen har hittil blitt handheva innanfor ramma av det norske regelverket. Kodeksen har utvikla seg til å framstå som eit internasjonalt referanseverk for lisensiering av våpen og militært materiell. I det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet blir det i aukande grad referert til EU-kriteria. I tillegg dannar kodeksen i aukande grad ramma for openheit om utførsel av våpen og militært materiell. Innanfor EU blir det no arbeidd for å vidareutvikle og styrkje kodeksen.

Frå norsk side er det lagt vekt på å medverke til internasjonal aksept for høge standardar på dette området. Dette gjeld både ansvar i behandlinga av søknader om utførsel og openheit om slik handel. På denne bakgrunnen gjorde Noreg og EU i 2004 ein avtale om eit nærare samarbeid innanfor ramma av kodeksen. Samarbeidet inneber mellom anna at det blir utveksla regelmessig informasjon om avslag på søknader om eksport av våpen og militært materiell med utgangspunkt i kriteria i kodeksen. Oversyn over avslag på søknader om utførselslisens for våpen og militært materiell i samsvar med kodeksen er sett opp i kapittel 7.

Fotnotar

1.

Forsvarsmateriell omtalt på Utanriksdepartementets liste I.

2.

Sivile produkt som har viktige militære bruksområde. Omhandla på Utanriksdepartementets liste II.

3.

Lov av 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v.

4.

I tillegg til vedtak om sanksjonar vedtekne av Tryggingsrådet i FN, gjorde OSSE i 1992 vedtak om våpenembargo i samband med konflikten kring Nagorno-Karabakh. Som medlem følgjer Noreg dette vedtaket.

5.

Forskrift om sanksjonar mot Iran fastsett ved kgl.res. 9. februar 2007 med heimel i Lov av 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd. Fremja av Utanriksdepartementet.

6.

Nuclear Suppliers Group (NSG)

7.

Regimet for eksportkontroll av missilteknologi (Missile Technology Control Regime, MTCR)

8.

Forskrift om sanksjoner mot Nord-Korea fastsett ved kgl.res. 15. desember 2006 med heimel i Lov av 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoner Sikkerhetsråd. Fremja av Utanriksdepartementet.

Til forsida