6 Norsk forsvarsindustri og internasjonalt samarbeid
Dei siste ti åra har det skjedd ei omfattande tilpassing av forsvarsindustrien i Noreg. Drivkrafta bak denne utviklinga har vore det stadig aukande innslaget av teknologi i forsvarsmateriellet og av kompleksiteten og dei store kostnadane knytte til utviklinga av forsvarsmateriell.
Det har blitt stadig dyrare å utvikle forsvarsmateriell, og det har blitt nødvendig å samarbeide tettare om å utvikle og produsere nytt materiell. Fleire norske forsvarsindustribedrifter sit inne med viktig nisjekompetanse. Norsk forsvarsindustri har difor utvikla eit tett samarbeid med internasjonale partnarar.
Ved større materiellkjøp (over 75 millionar) frå utlandet arbeider Forsvarsdepartementet aktivt for at norsk forsvarsindustri kan vere med som underleverandør. Ved fleire høve er det gjennom gjenkjøpsavtalar etablert langvarig samarbeid mellom norsk og utanlandsk forsvarsindustri om utvikling og produksjon av materiell. Større materiellinnkjøp i Forsvaret (over 500 millionar) blir lagde fram for Stortinget til godkjenning.
Norske styresmakter fokuserer på industriprosjekt som kan medverke til effektive løysingar for Forsvaret, og som samtidig støttar opp om behovet for eit meir integrert samarbeid med allierte. Dei største forsvarsindustribedriftene, og mest aktuelle partnarane for norsk forsvarsindustri, er lokaliserte i USA og i EU-landa.
For mindre land og deira forsvarsindustri vil fleirnasjonalt samarbeid knytt til innkjøp og utvikling av forsvarsmateriell bli stadig meir avgjerande for å sikre ein livskraftig industri på lengre sikt. Noreg vil difor prioritere fleirnasjonale løysingar med utvalde samarbeidspartnarar framover.
Det går føre seg eit samarbeid om forsvarsmateriell mellom dei nordiske landa, mellom allierte land og multilateralt innanfor ramma av NATO og EU.