St.meld. nr. 33 (2006-2007)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2006, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

4 Multilateralt samarbeid om eksportkontroll og ikkje-spreiing

Multilaterale ikkje-spreiingsavtalar og nedrustingsinstrument er sentrale uttrykk for det arbeidet verdssamfunnet driv med nedrusting og for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen, og dessutan ukontrollert flyt av andre våpen. For at ein skal nå målsetjingane med desse avtalane og instrumenta, er det likevel behov for at alle land gjennomfører ein effektiv nasjonal eksportkontroll.

Det at leverandørland samarbeider og koordinerer nasjonale tiltak gjennom multilateralt eksportkontrollsamarbeid er såleis eit viktig verkemiddel i arbeidet for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og oppbygging av ei offensiv militær slagkraft som kan vere eit trugsmål mot internasjonal stabilitet og tryggleik. Dette samarbeidet finn først og fremst stad i dei multilaterale eksportkontrollregima 1. Samarbeidet er oppretta av leverandørland for å sikre at folkerettslege avtalar på ikkje-spreiingsområdet blir etterlevde, særleg avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT), kjemivåpenkonvensjonen (CWC) og konvensjonen om forbod mot biologiske våpen (BWC). På denne måten tek land som har sensitiv teknologi, ansvar for å sikre at varene og teknologien deira ikkje medverkar til å utvikle masseøydeleggingsvåpen eller hamnar i hendene på terroristar.

Dei seinare åra har leverandørland òg arbeidd for at alle land skal gjennomføre eksportkontroll. Bakgrunnen for dette er i hovudsak kunnskapen om at oppkjøparar til skjulte våpenprogram utnyttar land med svake kontrollrutinar for å skaffe seg dei varene og den teknologien dei ønskjer. Sluttbrukarkontroll er difor blitt eit nøkkelord for eksportkontrollen i leverandørland, og tendensen går klart i retning av at det òg blir kontroll med transitt, transport og formidling mellom tredjeland. I tillegg er det ei auka satsing på målretta informasjonsutveksling mellom landa.

Etter terroråtaka 11. september 2001 har det internasjonale samfunnet sett i verk nye tiltak for å hindre at våpen, militært materiell og sensitive fleirbruksvarer kjem i hendene på ikkje-statlege aktørar. Tryggingsrådsresolusjon 1373 (2001) pålegg medlemslanda å treffe nødvendige tiltak mot terrorisme gjennom lovgjeving og kontrolltiltak på nasjonalt plan. Tryggingsrådet i FN vedtok dessutan 28. april 2004 resolusjon 1540 om ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Resolusjonen gjev støtte til og godkjenner eksportkontrolltiltak i kampen mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Han forpliktar alle FN-medlemslanda til å motarbeide spreiing av kjernevåpen, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel (missil) for slike våpen. Denne forpliktinga gjeld uavhengig av om landa er part i dei globale nedrustings- og ikkje-spreiingsavtalane. Rapporteringskrava er særleg knytte til nasjonal lovgjeving når det gjeld import- og eksportkontroll, politi- og tollkontroll og fysisk sikring av sensitivt materiale. Det er oppretta ein eigen komité under Tryggingsrådet i FN for å analysere rapportane frå medlemslanda.

Innanfor dei multilaterale eksportkontroll- og ikkje-spreiingsregima er det teke ei rekkje initiativ for å medverke til å oppfylle tryggingsrådsresolusjon nr. 1373 og 1540 om tiltak mot terrorisme. Retningslinjene i regima er oppdaterte til å omfatte tiltak som kan hindre at sensitive varer og teknologi hamnar i hendene på terroristar. Det er teke initiativ til ei meir omfattande utveksling av aktuell informasjon, identifisering av varer og teknologi som er særleg relevant i terrorsamanheng og større openheit om leveransar av slike varer og slik teknologi. Det er oppretta tiltak som mellom anna er retta mot kontroll med dei som formidlar og distribuerer sensitive varer og sensitiv teknologi mellom tredjeland. Det er òg teke initiativ i retning av tiltak for å avdekkje bruken av mellomledd og frontselskap i samband med illegitime omsetningsaktivitetar. Noreg er ein pådrivar i dette arbeidet. Med utgangspunkt i tryggingsrådsresolusjon 1540 har dei multilaterale eksportkontrollregima vendt seg til 1540-komiteen og tilbode assistanse til land som har behov for å sikre at forpliktingane blir etterlevde og gjennomførte.

I arbeidet med å identifisere korleis eksportkontroll kan medverke til å hindre at terroristar får tilgang til våpen og sensitive varer, blir det lagt særleg vekt på utveksling av informasjon, kontroll med transittsendingar, styrking av grensekontrollen, kontroll med formidlinga mellom tredjeland og immateriell teknologioverføring. I tillegg er det sett i gang eit arbeid for å vurdere kva sensitive varer som kan vere mest attraktive for terroristar, og som ikkje står på kontrollistene i dag. Dette dreier seg til dømes om utstyr som kan forstyrre samband (jammeutstyr) og visse typar laserutstyr. Det er dessutan oppretta høge internasjonale kontrollstandardar for handel, transport og lagring av berbare luftvernsystem (MANPADS 2). I hendene på terroristar er slike våpen eit alvorleg trugsmål mot sivil luftfart. Innanfor Wassenaar-samarbeidet er det vedteke omfattande retningslinjer for kontroll med både leveransar og lagring av slike våpen.

I tillegg til utveksling av informasjon om sluttbrukarar, frontselskap, omsetningsmetodar, fraktruter og prosjekt som det knyter seg særleg uro til i spreiingssamanheng, skjer det ei omfattande utveksling av informasjon mellom regimelanda om faktisk eksport og avslag på lisenssøknader. Det er ein føresetnad at landa tek omsyn til denne informasjonen i sitt eige lisensieringsarbeid, mellom anna ved å avslå lisensar som andre regimeland har meldt om avslag på.

Det er eit mål å knyte potensielle leverandørland som står utanfor eksportkontroll-regima, nærare til det internasjonale samarbeidet. Tryggingsrådsresolusjon 1540 gjev no legitimitet til dette arbeidet. Som formann i Nuclear Suppliers Group (NSG) 2005–2006 og som deltakar i formannskapstroikaen 2006–2007 har Noreg lagt stor vekt på å føre ein tett dialog med land som står utanfor dei multilaterale eksportkontrollregima, for å fremje større forståing for at det er viktig med nasjonale eksportkontrolltiltak og innsats på ikkje-spreiingsområdet.

Arbeidet med å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen går føre seg langs fleire spor. Eit av spora er tryggingsrådsresolusjon 1540 som pålegg FN-medlemslanda å setje i verk ei rekkje nasjonale tiltak. For mange land er arbeidet med å følgje opp resolusjonen krevjande og stiller store krav til ressursar. I denne samanhengen er det frå norsk side lagt vekt på å medverke med kompetanse og ressursar både bilateralt og i samband med regionale eller internasjonale seminar. Formålet er å hjelpe andre land med å etablere ein adekvat eksportkontroll.

I 2006 bidrog Noreg mellom anna i slike aktivitetar overfor land i Latin-Amerika, Søraust-Asia, Sentral-Asia og Kaukasus. I november 2006 arrangerte Indonesia og Noreg ein konferanse i Indonesia for landa i Sør-Asia om korleis ein kan styrkje arbeidet med ikkje-spreiing, mellom anna gjennom nasjonale eksportkontrolltiltak. I mars 2007 arrangerte Noreg saman med den tyske EU-formannskapen og Chile ein konferanse i New York. Formålet med denne konferansen var å styrkje det praktiske samarbeidet mellom dei landa som har gode nasjonale system for å hindre spreiing, og dei landa som har mangelfulle ordningar. Over 30 land frå alle regionar deltok saman med representantar frå ulike FN-organisasjonar og akademiske miljø. Dette norske engasjementet blir verdsett internasjonalt.

Dei siste åra har ein sett ein aukande aktivitet frå EU si side innanfor dei multilaterale eksportkontrollregima. Eksportkontroll er eitt av tre satsingsområde som EU har sett opp i kampen mot terrorisme. Det er eit omfattande samarbeid og koordinering mellom EU-landa om eksportkontroll. Det er òg oppretta eit vesentleg program retta mot dialog med og opplæring av relevante styresmakter i land som ikkje deltek i eksportkontrollregima.

Frå norsk side er det oppretta eit nært samarbeid og koordinering med EU på eksportkontrollområdet. Noreg nyttar mellom anna EUs fleirbruksregime som utgangspunkt for den norske kontrollen både når det gjeld kontrollista og kontrollmekanismar. Dette er med på å sikre at det i størst mogeleg grad er det same regelverket som gjeld for norske eksportørar som for europeiske samarbeidspartnarar og konkurrentar.

4.1 Dei globale nedrustings- og ikkje-spreiingsavtalane

Avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT)

NPT tok til å gjelde i 1970 og har vore med på å avgrense talet på land som har skaffa seg kjernevåpen. Avtalen byggjer på ei forståing om at berre dei fem statane 3 som hadde utvikla kjernevåpen innan 1. april 1961, har legitim rett til å ha slike våpen. Gjennom ratifiseringa av NPT forplikta desse landa seg til å ruste ned. Avtalen omfattar òg tiltak for å hindre spreiing av kjernefysisk teknologi for våpenformål. Samtidig slår avtalen fast at alle statspartar har rett til kjernefysisk teknologi til sivil bruk.

NPT har dei siste åra vore utsett for alvorlege påkjenningar ved at dei tre landa som står utanfor avtalen (India, Pakistan og Israel), har eller ein reknar med at dei har utvikla kjernevåpen. Samtidig har mellom anna USA, Storbritannia, Frankrike og Russland teke til orde for å bringe desse landa nærare det multilaterale ikkje-spreiingsregimet.

Gjennom NPT har dei fem anerkjende kjernevåpenstatane forplikta seg til å ruste ned. Målet er ei verd fri for kjernevåpen. Mellom mange land er det ei utbreidd oppfatning at framdrifta i nedrustingsarbeidet har stansa opp. Mange land er skeptiske til å påta seg nye ikkje-spreiingsforpliktingar før kjernevåpenlanda har innfridd meir på nedrustingsområdet. Regjeringa legg til grunn at nedrusting og ikkje-spreiing gjensidig må forsterke kvarandre, men ønskjer òg å motverke at ein koplar desse to spørsmåla slik at framgang på eitt område blir knytt til framgang på det andre. Ikkje-spreiingstiltak slik som eksportkontroll og effektive verifikasjonsordningar fremjar global tryggleik og må ikkje knytast opp til framgang på nedrustingsområdet.

Noreg har teke eit særleg ansvar internasjonalt for å styrkje arbeidet med nedrustings- og ikkje-spreiingsspørsmål. Vi samarbeider tett med ei gruppe på seks land (Chile, Romania, Australia, Sør-Afrika, Indonesia og Storbritannia) på dette området. Denne såkalla 7-landsgruppa blei oppretta før FN-toppmøtet i september 2005 og har i tida etterpå hatt regelmessig kontakt.

Frå regjeringa er det ei prioritert oppgåve å medverke til at den kjernefysiske nedrustinga skal halde fram. For å lukkast på dette området er det viktig å komme med konkrete og realistiske nedrustingsframlegg. I dette arbeidet har regjeringa styrkt kontakten med norske og utanlandske forskingsmiljø. Dette samarbeidet vil saman med 7-landsinitiativet bli særleg viktig fram mot NPTs tilsynskonferanse i 2010. Det førebuande arbeidet til denne starta i april i 2007.

Konvensjonen mot biologiske våpen

Biologivåpenkonvensjonen (BTWC) tok til å gjelde i 1975 og set forbod mot framstilling, lagring og omsetning av biologiske og giftige stridsmiddel. Det er blitt gjort fleire forsøk på å styrkje denne konvensjonen ved mellom anna å få på plass verifikasjonsordningar. Desse forsøka har så langt ikkje ført fram. Noreg spelte ei aktiv rolle for å oppnå semje i desember 2006 om eit nytt arbeidsprogram med særskilt vekt på nasjonale tiltak for å gjennomføre BTWC-forpliktingane, slik som fysisk vern av farleg biologisk materiale, nasjonal rapportering, å fremje større samarbeid for å utnytte framsteg innan biologiske vitskapar og å fremje større oppslutning om konvensjonen. Det er vidare oppretta ei lita eining i FN-sekretariatet for å støtte opp om BTWC.

Konvensjonen mot kjemiske våpen

Kjemivåpenkonvensjonen (CWC) tok til å gjelde i 1997 og forpliktar partane til ei omfattande rapportering om relevante aktivitetar, mellom anna all inn- og utførsel av visse kjemikaliar. Det er òg oppretta eit større sekretariat som hjelper statspartane med å gjennomføre forpliktingane sine. CWC inneheld klare forpliktingar når det gjeld å destruere lager av kjemivåpen, men fleire land har hatt vanskar med å gjennomføre destruksjonsforpliktingane sine innanfor tidsfristane. Konvensjonen inneheld òg eit omfattande inspeksjonsregime.

Ei eiga lov sikrar norsk gjennomføring av konvensjonen.

Tryggingskontrollavtalar med IAEA, Tryggingsrådet i FN og andre multilaterale tiltak

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) i Wien har ei nøkkelrolle når det gjeld gjennomføringa av tiltak for å sikre at kjernefysisk materiale og utstyr ikkje blir brukt til militære formål. Alle statspartane i NPT pliktar å inngå tryggingskontrollavtalar med byrået. Noreg gjorde ein slik avtale med IAEA allereie i 1972.

Irak-erfaringane tidleg på 1990-tallet viste mellom anna at dei eksisterande tryggingskontrollavtalane ikkje var tilstrekkelege. Dette førte til framforhandling av ein modell med tilleggsprotokollar til tryggingskontrollavtalane for dei einskilde landa. Tilleggsprotokollen forpliktar partane til å gje meir detaljert informasjon om aktivitetar knytte til kjerneteknisk verksemd og til å gje IAEA rett til uavhengig verifikasjon av at informasjonen er korrekt. Ein tilleggsprotokoll til Noregs tryggingskontrollavtale av 1972 tok til å gjelde 16. mai 2000. Det er allereie gjort fleire inspeksjonar under tilleggsprotokollen.

Trass i at tilleggsprotokollen har eksistert i 10 år, er det berre 112 land som har underteikna avtalen, og den har tredd i kraft i 78 land. Frå norsk side blir det arbeidd for at så mange land som mogeleg underteiknar og gjennomfører IAEAs tilleggsprotokoll. Dette er ei prioritert oppgåve for Noreg i IAEA-styret. I NPT tek Noreg til orde for at tilleggsprotokollen må gjerast obligatorisk, og i det kjernefysiske eksportkontrollregimet NSG for at den skal vere eit vilkår for å kunne ta imot visse kjernefysiske varer.

4.2 Dei multilaterale eksportkontrollregima

Det er oppretta fem multilaterale eksportkontrollregime. Desse dekkjer teknologiområde knytte til masseøydeleggingsvåpen og konvensjonelle våpen. Regima har ei rekkje fellestrekk: Det er oppretta varelister og retningslinjer, arbeidet skjer i ulike ekspertforum og årlege plenumsmøte gjer vedtak som ein føreset blir gjennomførte av det einskilde medlemslandet gjennom nasjonal lovgjeving og praksis.

Wassenaar-samarbeidet

Wassenaar-samarbeidet (WA, The Wassenaar Arrangement) blei oppretta i 1996 og har som målsetjing å hindre leveransar som kan føre til destabiliserande oppbygging av konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi, og å hindre terroristar og terrorgrupper i å få tilgang til slike våpen. 39 land er med i samarbeidet.

WA byggjer i stor grad på utveksling av informasjon om godkjenning av og avslag på lisensar og dessutan gjennom å utvikle felles standardar for nasjonale eksportkontrolltiltak. I tillegg er det vedteke retningslinjer om ei rekkje spørsmål mellom anna knytte til kontroll med berbare luftvernsystem, handvåpen og lette våpen, immateriell teknologi og formidling av våpen mellom tredjeland. WA er no eit solid og relevant eksportkontrollregime som set høge standardar for kontroll med konvensjonelle våpen og relevant høgteknologi.

Wassenaar-samarbeidet gjennomfører fjerdekvart år særskilte forhandlingar med sikte på å styrkje og vidareutvikle samarbeidet. Det vil bli gjennomført ein slik forhandlingsrunde i 2007. Frå norsk side vil vi ta aktivt del i dette arbeidet, med særleg fokus på å oppnå større openheit om våpenleveransar mellom WA-landa og styrkje forpliktingane når det gjeld kontroll med transport og formidling av våpen mellom tredjeland.

Zangger-komiteen og Nuclear Suppliers Group (NSG)

Det er etablert to regime for kjernefysiskrelatert eksportkontroll. Zangger-komiteen blei oppretta i 1971 som ei arbeidsgruppe under avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) for å sikre ei mest mogeleg einsarta tolking av artikkel III.2 i avtalen, som krev at partane skal sikre at det ikkje blir eksportert materiale som kan nyttast til utvikling av kjernefysiske våpen. Zangger-komiteen blei i 1974 samde om ei liste over spaltbart materiale med utgangspunkt i artikkel III.2 i NPT (kalla «trigger-lista»).

I 1976 gjekk ei rekkje land saman og danna Nuclear Suppliers Group (NSG) fordi ein ønskte ein meir omfattande eksportkontroll med kjernefysiske produkt og materiale enn den Zangger-komiteen kunne fastsetje med utgangspunkt i artikkel III.2 i NPT.

NSG har i dag 46 medlemsland, mellom anna alle dei fem faste medlemmene av Tryggingsrådet i FN. Regimet har i aukande grad oppnådd aksept for å ha etablert ein høg internasjonal standard for gjennomføring av nasjonal eksportkontroll av kjernefysiske varer og teknologi.

NSG omfattar to sett retningslinjer og to varelister: ei for reint kjernefysiske materiale og teknologi (frå 1976) og ei for fleirbruksvarer og tilhøyrande teknologi (frå 1992). Fleirbruksregimet frå 1992 var eit direkte svar på avsløringane av kjernevåpenprogrammet i Irak, som i vesentleg grad var utvikla på basis av fleirbruksteknologi. Retningslinjene krev som vilkår for leveranse av kjernefysiske varer at det ligg føre ei heildekkjande tryggingskontrollavtale med IAEA.

Noreg hadde formannskapen i NSG i perioden juni 2005–juni 2006 og sat i formannskapstroikaen til Sør-Afrika tok over formannskapen i gruppa i april 2007.

Gjennom desse posisjonane har Noreg arbeidd aktivt for å styrkje gruppas verdi når det gjeld kjernefysisk eksportkontroll, medrekna framdrift og vidareutvikling av ikkje-spreiings- og eksportkontrollstandardane til NSG.

Australia-gruppa

Australia-gruppa (AG) blei etablert i 1984 og har som formål å hindre spreiing av kjemiske og biologiske våpen. Ein har grunn til å mistenkje fleire land for å sitje inne med slike våpen. Det er òg frykt for at terroristar kan få tilgang til kjemiske og biologiske våpen eller relevante utgangsstoff. Mange sensitive kjemikaliar er billege, enkle å bruke og verknaden kan vere alvorleg i avgrensa område. For å medverke til å oppfylle tryggingsrådsresolusjon 1373 av 28. september 2001 om tiltak mot terrorisme er det teke initiativ til dialog og samarbeid med potensielle leverandørland og transittland for å hindre terroristar i å få tilgang til utgangsstoff for kjemiske våpen, biologiske agensar eller produksjons- og spreiingsutstyr. For å sikre ei mest mogeleg einsarta etterleving blei det i 2002 vedteke retningslinjer som utgangspunkt for den nasjonale gjennomføringa av kontrollen i deltakarlanda.

Dei seinare åra er det vedteke å styrkje dialogen med land som ikkje deltek i regimet, men som er potensielle leverandørar av sensitive kjemikaliar og biologiske substansar. Samtidig er det semje om større openheit mellom landa i Australia-gruppa om å gjennomføre konsensusvedtak i regimet. Etter initiativ frå Noreg og Australia har gruppa innleidd ei kartlegging av medlemslandas kontroll med formidlinga av relevante fleirbruksvarer mellom tredjeland. Frå norsk side tek ein sikte på å vidareføre arbeidet med å identifisere adekvate retningslinjer for slik kontroll med Australia-gruppa som ramme.

Kontroll med spreiing av missilteknologi

Regimet for kontroll av missilteknologi (MTCR) har til siktemål å avgrense spreiinga av missil, rakettsystem og ubemanna luftfarty som kan levere masseøydeleggingsvåpen. MTCR, der 34 land no er med, blei oppretta i 1987 av G7-landa. Noreg slutta seg til i 1990. Det er utarbeidd ei felles liste over teknologi og materiale som blir kontrollert, og denne blir jamleg oppdatert.

I lys av terrortrusselen knytt til spreiing av masseøydeleggingsvåpen har MTCR vedteke prosedyrar for å forsterke utvekslinga av informasjon om statar som representerer ein potensiell spreiingsfare. Også innanfor MTCR blir det drøfta om det lèt seg gjere å innføre forpliktingar om kontroll med formidlinga av fleirbruksvarer mellom to tredjeland.

MTCR har vore det einaste internasjonale forumet som har til formål å hindre spreiing av leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen. Som ledd i styrkinga av dette arbeidet tok MTCR-landa initiativ til ein internasjonal kodeks mot missilspreiing, «The Hague Code of Conduct» (HCOC), som blei etablert i 2002. I dag har over 120 land slutta seg til han. Det er gjort nærare greie for HCOC i kapittel 4.3.

4.3 Andre ikkje-spreiingstiltak

Initiativet for spreiingstryggleik

Faren for at terroristar skal tileigne seg masseøydeleggingsvåpen har dei seinare åra ført til eit sterkare internasjonalt samarbeid gjennom initiativet for spreiingstryggleik (Proliferation Security Initiative) for å kunne avskjere handel med og transport av masseøydeleggingsvåpen og relatert teknologi. Det blir lagt særleg vekt på politi- og justissamarbeid og på opprulling av internasjonale nettverk for oppkjøp og spreiing av innsatsvarer relaterte til masseøydeleggingsvåpen. Norsk deltaking i PSI-initiativet representerer ei naturleg vidareføring av engasjementet vårt når det gjeld ikkje-spreiing og kampen mot internasjonal terrorisme.

Det er oppretta eit interdepartementalt samarbeid i form av ei kontaktgruppe som blir koordinert av Utanriksdepartementet. Dette samarbeidet har medverka til ein auka nasjonal beredskap for å kunne reagere i internasjonale krisesituasjonar. Noreg var hausten 2005 vertskap for ei omfattande øving ved Sjøkrigsskulen i Bergen med deltakarar frå 17 land som testa ut prosedyrar for avskjering av lufttransport med masseøydeleggingsvåpen med tanke på spreiing. I januar 2007 arrangerte departementet ei øving som samla alle relevante instansar i Noreg. Formålet var å gå gjennom avgjerdsnivå og -rutinar i tilfelle ei avskjering skulle bli nødvendig innanfor norsk jurisdiksjon. I tillegg har Noreg delteke i ei rekkje øvingar som er arrangerte i andre PSI-land.

Haag-kodeksen mot missilspreiing

Den internasjonale kodeksen mot spreiing av ballistiske missil, «The Hague Code of Conduct» (HCOC), blei lansert i Haag i 2002. Kring 120 land har no slutta seg til kodeksen. Den største utfordringa er likevel å få fleire land frå regionar der ein reknar spreiingsfaren for å vere størst, til å slutte seg til kodeksen.

HCOC er eit politisk instrument. Gjennom ei rekkje tillitsskapande tiltak er målet at kodeksen skal medverke til å avgrense utviklinga og spreiinga av missil som kan levere masseøydeleggingsvåpen. Førehandsvarsling om utskyting av rakettar og ballistiske missil frå eige territorium og årlege rapporteringar om relevante aktivitetar er mellom dei viktigaste tiltaka. Noreg rapporterer årleg om aktivitetar knytte til dei to rakettskytefelta høvesvis på Andøya og i Ny-Ålesund, og varslar på førehand om rakettutskytningar frå desse. Under plenumsmøtet i New York i oktober 2003 tok ein frå norsk side initiativ til å invitere observatørar i samband med rakettkampanjar og utskyting av missil frå norsk territorium. Ein må sjå initiativet på bakgrunn av ønsket om å styrkje HCOC som eit tillitsskapande instrument. I 2005 tok Japan eit liknande initiativ.

Frå norsk side støttar ein framlegg om at HCOC bør førast inn i ein FN-prosess med sikte på å utvikle eit FN-instrument mot missilspreiing. Frå norsk side er det ønskjeleg at kodeksen med tida blir eit rettsleg bindande instrument.

FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar

Generalforsamlinga i FN vedtok i desember 1991 ein resolusjon som oppfordra medlemslanda til frå og med 1992 å rapportere årleg om eigen eksport og import av tyngre konvensjonelle våpen til eit eige FN-register over våpenoverføringar. Registeret inneheld opplysningar om følgjande sju våpenkategoriar: stridsvogner, pansra stridskøyrety, tungt artilleri, jagarfly, angrepshelikopter, krigsskip og missil/missilplattformer. FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar skal gje auka innsyn i internasjonal våpenhandel. Men registeret er mangelfullt og gjev ikkje eit fullstendig bilete av den internasjonale handelen med konvensjonelle våpen. Enno er det under halvparten av medlemslanda som rapporterer til registeret. Mellom desse er likevel nesten alle dei store eksportørane av tyngre konvensjonelle våpen og dei fleste store importlanda. Noreg støttar aktivt opp om dei initiativ som er tekne for å utvide registeret til å omfatte fleire våpenkategoriar.

4.4 Handvåpen og arbeidet for å hindre ulovleg våpenhandel

Eksportkontroll og ulovleg internasjonal handel med handvåpen er dagsaktuelle spørsmål i mellom anna FN, EU, OSSE og i Wassenaar-samarbeidet (WA).

Med utgangspunkt i FNs handlingsplan mot ulovleg handel med handvåpen har Noreg og Nederland samarbeidd om å fremje etableringa av nasjonal lovgjeving for kontroll med formidlinga av handvåpen. I samband med dette er det etablert eit positivt samarbeid med fleire regionale organisasjonar, særleg i Afrika. Innanfor ramma av OSSE har Noreg, Nederland og Tyskland samarbeidd om å setje i verk dei felles prinsippa om kontroll med formidlinga av handvåpen som blei vedtekne i 2004.

FNs generalforsamling vedtok hausten 2005 eit internasjonalt instrument om merking og sporing av handvåpen. Generalforsamlinga vedtok òg å setje ned ei ekspertgruppe for å vurdere vidare skritt for å nedkjempe ulovleg våpenmekling. Noreg er representert i ekspertgruppa. Gruppa skal leggje fram rapporten sin for Generalsekretæren i FN i juni/juli 2007. Denne rapporten vil deretter bli behandla vidare i Generalforsamlinga hausten 2007. Frå norsk side legg vi vekt på at drøftingane i Generalforsamlinga skal munne ut i ei semje om å forhandle fram eit globalt, omfattande og folkerettsleg bindande instrument for å nedkjempe slik våpenmekling. Det er likevel klart at ei rekkje sentrale statar neppe er klare til å gå like langt og ser for seg mindre omfattande og forpliktande arrangement.

Noreg har òg støtta ei rekkje prosjekt for å betre lovgjevinga og det internasjonale samarbeidet og for å leggje til rette for innsamling og destruksjon av handvåpen i utsette område. I samband med dette samarbeider vi nært med både regionale, sub-regionale og frivillige organisasjonar.

Noreg har slutta seg til EUs felles haldning om handvåpen av 12. juli 2002.

Frå norsk side går vi inn for ein betre global kontroll med alle våpenoverføringar. Vi helste velkommen det britiske initiativet om å leggje til grunn prinsipp som skal sikre mot at våpeneksport bryt embargoar eller blir brukt i samband med brot på menneskerettar eller internasjonal humanitærrett. Saman med dei fleste av FN-medlemslanda støttar Noreg arbeidet for å forhandle fram eit internasjonalt instrument om handel med alle typar konvensjonelle våpen (Arms Trade Treaty – ATT). Eit slikt instrument vil òg betre kontrollen med handelen med handvåpen og vil såleis vere eit viktig steg i arbeidet mot ulovleg handel med slike våpen.

Arbeidet med ein avtale om å regulere handelen med konvensjonelle våpen tok eit viktig steg framover då Generalforsamlinga hausten 2006 vedtok å setje ned ei ekspertgruppe som skal vurdere omfanget og innhaldet i ein mogeleg global, omfattande og folkerettsleg bindande avtale om konvensjonell våpenhandel. Noreg var mellom medframleggsstillarane til det vedtaket som blei gjort. Framlegget blei vedteke mot ei røyst (USA), medan eit tjuetal land avstod frå å røyste. Ekspertgruppa skal byrje arbeidet sitt i 2008. Det er ei norsk målsetjing å vere representert i gruppa som skal setjast saman ut frå ei geografisk og regional rimeleg fordeling.

Fotnotar

1.

Australia-gruppa (kjemiske og biologiske våpen), Nuclear Suppliers Group (NSG) og Zangger-komiteen (kjernefysiske våpen), regimet for kontroll med eksport av missilteknologi (MTCR), Wassenaar-samarbeidet (WA) (konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi).

2.

Man Portable Air Defence Systems, MANPADs

3.

Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA.

Til forsida