3 Utanriksdepartementets arbeid for større innsyn
Regjeringa er oppteken av å gje større innsyn i spørsmål knytte til utførselen av norsk forsvarsmateriell. I denne meldinga er det difor lagt vekt på å skildre varene og teknologien som er utført i størst mogeleg grad, samtidig som det blir opplyst om kva land som har fått varene. For å gjere framstillinga av eksportomfanget meir oversiktleg er det òg utarbeidd grafiske framstillingar. Det er informert om formidling av forsvarsmateriell mellom tredjeland og om overføring av produksjonsrettar for forsvarsmateriell til utlandet. I tillegg er det informert om forsvarsstyresmaktas utførsel av forsvarsmateriell, om utførselen av handvåpen og om kva EU-kriterium som er lagde til grunn ved avslag på søknader om lisens.
Informasjonen er slik inndelt:
varer som er utførte, mellom anna korleis varene fordeler seg på kategori A- og B-materiell,
avslag på lisenssøknader,
løyve til formidling av forsvarsmateriell frå eitt tredjeland til eit anna,
løyve til overføring av produksjonsrettar,
utførsel av handvåpen,
relevante utlån av forsvarsmateriell frå forsvarsstyresmakta.
Det er lagt vekt på å gjere informasjonen meir oversiktleg ved å bruke grafiske framstillingar og forklaringar, mellom anna i form av fotnotar.
Det har dei siste åra blitt vesentleg større openheit om eksporten av forsvarsmateriell. Forsvarsbedriftene er pålagde nye rapporteringsplikter. For å etterleve desse pliktene krevst det godt innarbeidde system og rutinar. Dette gjeld òg for det arbeidet Utanriksdepartementet har med rapportane, medrekna nødvendig kvalitetssikring av materialet.
For å sikre at informasjonen som står i den årlege stortingsmeldinga, er så korrekt og komplett som mogeleg, er det nødvendig å gje tid til å etablere dei nødvendige rutinane og systema. Det vesentlege innsyn i eksporten av forsvarsmateriell, må vurderas mot den lovpålagde teiepliktreglar og behovet bedriftene har for å verne om forretningsmessige tilhøve. Dette er bakgrunnen for at denne meldinga om eksporten av forsvarsmateriell i 2006 i hovudsak følgjer same formatet som meldinga om eksporten i 2005.
Praktiseringa av auka innsyn vil måtte skje innanfor ramma av dei avgrensingar som teieplikta i eksportkontrollova set. I medhald av lova har alle plikt til å gje Utanriksdepartementet den hjelpa som krevst for å kontrollere at føresegnene i lova eller forskriftene blir følgde. Det gjeld alle opplysningar som er rekna som nødvendige i samband med behandlinga av søknader om eksportlisens. Ein slik rett til å innhente bedriftssensitiv informasjon har sitt motstykke i dei strenge føresegnene om teieplikt i lova.
Når det gjeld Stortingets innsyn i eksporten av forsvarsmateriell, meiner regjeringa at Stortinget skal sikrast innsyn gjennom den årlege stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell. Regjeringa vil samtidig vidareføre praksisen med å konsultere og informere Stortinget om saker av særleg omfang og som er særleg viktige.