6 Innsats for næringsutvikling og verdiskaping
Næringslivet i alle regionar er i dag ein del av den globale marknaden. Samanlikna med utviklinga i Europa elles går næringslivet i Noreg i all hovudsak godt. Det gjeld òg i Distrikts-Noreg, sjølv om fleire område slit med ei svak eller negativ utvikling i sysselsetjinga. Nyskaping er avgjerande både for regionar med god næringsutvikling og for regionar med nedgang i talet på arbeidsplassar. Den nasjonale næringspolitikken har heile landet som siktemål. Distrikts- og regionalpolitikken er ein innsats i tillegg til denne, der merksemda er retta mot dei områda av landet som dei nasjonale tiltaka ikkje alltid når, og som ikkje har dei same rammevilkåra for utvikling som andre regionar.
Distrikts- og regionalpolitikken gjer at det er større offentleg medverknad til næringsutvikling i dei svakaste områda. Det er særskilde finansielle verkemiddel i det distriktspolitiske verkeområdet. Distrikts- og regionalpolitikken er retta mot entreprenørskap og innovasjon i næringslivet.
Utfordringane og potensiala for næringsutvikling varierer frå stad til stad. Ein regionalt differensiert innsats er naudsynt for å få størst mogleg verdiskaping ut av dei offentlege midlane til næringsutvikling. Fylkeskommunane har ei viktig oppgåve her.
Noreg har ein godt utbygd infrastruktur for innovasjon som dekkjer heile landet, med vekt på læring og flyt av kunnskap mellom verksemder. Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet har alle ei distrikts- og regionalpolitisk oppgåve.
Regjeringa vil
føre ein offensiv innsats for verdiskaping og sysselsetjing i heile landet
sikre gode rammevilkår for dei ressursbaserte næringane
at verkemiddelaktørane i større grad skal arbeide proaktivt, særleg i dei områda der utfordringane er størst
at verkemiddelaktørane sitt distriktspolitiske oppdrag skal gå fram endå tydelegare overfor norske og utanlandske gründerar og investorar
vidareutvikle den landsomfattande infrastrukturen for innovasjon og nyskaping
etablere ein internettportal der all gründerrelevant informasjon er samla
6.1 Kunnskapsdriven global konkurranse
6.1.1 Norske regionar er del av den globale arbeidsdelinga
Produksjonen av varer og tenester skjer i ei stadig meir konkurranseutsett og global arbeidsdeling. Stordrift og nisjeproduksjon lever side om side, og produksjonen kan skje på ulike stader. Utviklinga i mange industrialiserte land har gått frå «made in» til «assembled in» og «designed in». Samstundes ser ein døme på «homeshoring», som vil seie at arbeidsplassar blir flytta til høgkostland der robotar kan erstatte billeg arbeidskraft.
Fleire år med høgare lønsvekst i Noreg enn hjå handelspartnarane våre har vore med på å gje oss eit høgt kostnadsnivå. I tillegg har krona gjennomgåande styrkt seg dei siste åra. Dei gjennomsnittlege timelønskostnadene i industrien i 2011 var over 50 prosent høgare i Noreg enn hjå handelspartnarane våre i EU.1
Noreg har likevel ein gunstig næringsstruktur i ei tid der råvareprisane har gått opp. Spesielt næringar som leverer til petroleumssektoren, har hatt ei god utvikling. Dei er spesialiserte, leverer til heile verda og toler kostnadsnivået i Noreg. Desse næringane finn vi mange stader i landet, men dei står spesielt sterkt langs kysten i Sør-Noreg og i dei største byregionane.
Låge renter og god inntektsvekst har medverka til større etterspurnad i hushalda. Dette bidreg igjen til veksten i tenestenæringane, som står sterkast der marknadene er størst – det vil seie i byane.
Vi ser no konturane av ei todeling av næringslivet fordi den tradisjonelle industrien, reiselivet i distrikta og primærnæringane har problem med kostnadsnivået. Desse næringane har vi mange stader i landet, mellom anna i spreiddbygde delar av Innlandet, Sørlandet, Trøndelag og Nord-Noreg.
Utfordringa for norsk næringsliv er å utvikle produkt og tenester som kan betale dei høge lønskostnadene vi har i Noreg. Dette gjer behovet større for stadig å utvikle konkurransekrafta på andre område enn pris. Døme på konkurransefortrinn kan vere god leiar- og medarbeidarskap, god organisering av arbeidet, god evne til raskt å ta i bruk ny teknologi, høg kvalitet på varer og tenester, evne til å vere tidleg ute med nye varer og tenester, evne til rask omstilling til nye behov og betre marknadsføring. På alle desse områda speler høg kompetanse og kunnskap ei avgjerande rolle. I moderne økonomiar er kunnskap den viktigaste produksjonsfaktoren.
Den globale arbeidsdelinga gjer at den internasjonale konkurransen blir større. Det legg i neste omgang press på norsk næringsliv for kontinuerleg forbetring. Høge løningar i Noreg samanlikna med andre land, gjer at norsk næringsliv må konkurrere gjennom å vere raske til å omstille seg og ha eit stort innslag av kompetanse, nyskaping og kvalitet. Dette fører igjen til at det er stort press på og behov for å omstille seg til eit meir kunnskapsbasert og internasjonalt orientert næringsliv.
6.1.2 Todeling av norsk næringsliv har geografiske konsekvensar
Trass i finanskrisa har det vore ei god utvikling i norsk økonomi dei seinaste fem åra. Figur 6.2 viser bu- og arbeidsmarknadsregionar med anten vekst eller nedgang i privat sysselsetjing i perioden 2006–2011. Det har vore vekst i den private sysselsetjinga i alle storbyregionane. Tenestenæringane er dominerande i dei store byane. Dette er næringar som har hatt sterk vekst dei siste tiåra. Det er også god vekst i det private næringslivet i store delar av Distrikts-Noreg.
Mykje av veksten kjem av at det har vore ei positiv utvikling i det eksportretta, ressursbaserte næringslivet. Det er difor samanfall mellom regionane med vekst i figur 6.2 og regionane med mykje eksport i figur 2.11.
Dersom ein visualiserer utviklinga, kan vi sjå ein mosaikk med sterke og svake område side om side. Dette er eit bilete vi finn i alle delar av landet. I Sør-Noreg er hovudbiletet at delinga følgjer skiljet mellom kyst og innland. Lengst i nord er det delar av kystområda som har dei største utfordringane. Utviklinga i einskilde næringar forklarer mykje av dei regionale skilnadene. Tenestenæringar veks overalt, men mest der marknadene er størst. Også næringar som er del av eller leverer til petroleumssektoren, veks. Desse næringane finn vi att i både små og store marknader. Der avstandane blir større og arbeidsmarknadane er små, er det eit større innslag av industri og primærnæringar. Fleire av dei næringane som no er under strukturendring, er overrepresenterte i distrikta (jf. boks 6.1).
Boks 6.1 Utviklingstrekk i einskilde næringar
Nokre delar av det private næringslivet betyr meir i distrikta enn i sentrale strok. Utviklinga i desse næringane har difor mykje å seie for Distrikts-Noreg:
Utviklinga i olje- og gassrelaterte bransjar er sterke drivarar for utviklinga i mange regionar. Dette er ein del av norsk næringsliv som er kopla opp mot dei sterkaste og mest globaliserte næringsmiljøa. Det er verksemder innan desse næringane som har den største veksten i sysselsetjing.
Kjerneverksemda i sjømatnæringa, det vil seie fangst-, oppdretts-, fiskeforedlings- og grossistleddet, gav i 2010 eit samla bidrag til BNP på 28 milliardar kroner (bruttoproduktet). Produksjonsverdien var på 91 milliardar kroner og sysselsetjinga 24 300 årsverk. Eksportverdien var same året på 53 milliardar kroner, og det gjer sjømatnæringa til ei av dei største norske eksportnæringane. Fiskeri- og havbruksnæringa har i lang tid opplevd strukturendringar. Den tradisjonelle fiskerinæringa har redusert sysselsetjinga. Samstundes er havbruk den nest største eksportnæringa vi har. Veksten i havbruksnæringa dei siste ti åra har skapt arbeidsplassar i mange lokalsamfunn langs heile kysten.
Landbruket er avgjerande for næringsutvikling og busetjing i mange distriktsområde. I landbruket har spreiing av innovativ teknologi, som til dømes rundballepresser, mjølkerobotar og hogstmaskiner, ført til stor produktivitetsvekst dei seinare åra. I tillegg har jordbruksverksemdene blitt større og færre, ei strukturendring som òg har funne stad i industriar knytte til landbruket. Det er i mindre arbeidsmarknader nedgangen har vore størst. I gjennomsnitt utgjer inntektene frå landbruket vel ein femdel av dei totale inntektene til landbrukshushalda. Det inneber at ei vidareføring av landbruksdrifta i mange arbeidsmarknadsregionar i stor grad er avhengig av moglegheitene for anna inntekt. Område med stor grad av sysselsetjing i landbruket og lite aktivitet i andre næringar er difor særleg sårbare for vedvarande nedgang i sysselsetjing og folketal. Skogsektoren konkurrerer i ein internasjonal marknad og er ei av dei store eksportnæringane i Noreg. Skogindustrien eksporterar varer for mellom 10 og 15 milliardar kroner årleg.
Den samla sysselsetjinga i industrien har endra seg lite sidan 2005, medan produksjonen har auka. Det er derimot skilnader mellom ulike industribransjar. Petroleumsretta leverandørindustri har vekst både i sysselsetjing og i produksjon. Det har vore reduksjon i sysselsetjinga i delar av eksportindustrien, som metallindustri, kjemisk råvareindustri og treforedlingsindustri. I nokre tilfelle har den sterke internasjonale konkurransen ført til at bedrifter har avvikla verksemda.
Reiselivsnæringa er i vekst i Noreg og i verda. Veksten er likevel ujamt fordelt i landet, og det er svingingar i besøkstala i mange av dei viktigaste marknadene. Medan by- og sentrumsnære område klarer seg godt i konkurransen, slit einskilde distriktsområde. Noreg har tradisjonelt vore særleg oppteke av å selje naturopplevingar, og det har vore ein viktig del av reiselivet i distrikta. Mange små stader har også store sesongvariasjonar i turistbesøka. Det gjev utfordringar når det gjeld utviklinga av ein kompetent arbeidsstyrke. Dei siste åra har næringslivet lagt færre konferansar til distrikta, og nordmenn kjøper fleire fritidsbustader. Det lagar store vanskar for mange hotell- og overnattingsbedrifter i distrikta.
Næringsstrukturen forklarer likevel ikkje alle variasjonane mellom ulike regionar. Det er klare klyngjetendensar i eksportintensitet, og nokre område har verksemder som har lukkast betre enn andre stader med å kople seg på dei næringane der Noreg står sterkt globalt. Eksport avlar eksport, og jo meir spesialisert eit næringsliv er, desto større eksport har det.2 Eldsjeler og gründerar kan òg ha stor innverknad på utviklinga i mindre arbeidsmarknader.3
6.2 Næringsretta innsats på mange sektorområde
6.2.1 Den samla næringsretta innsatsen i Noreg er omfattande og særs viktig
Det er mange ulike faktorar som avgjer kva for entreprenørskaps- og innovasjonsaktivitet vi får. Viktigast av alt er sjølvsagt gründerane og verksemdene. Offentlege tiltak bidreg på ulikt vis. Stabile og gode rammevilkår for eit mest mogleg konkurransedyktig næringsliv er truleg det viktigaste, som kronekurs, rentenivå, skatte- og avgiftsregime, lover og reglar, tilgang til marknader og tilrettelegging av regelverk og offentlege tenester. Det same gjeld infrastruktur for transport og mjuk infrastruktur for utdanning og forsking.
Den direkte næringsretta innsatsen består av ei rad ulike tiltak. Over statsbudsjettet blir det gjeve næringsstøtte på fleire ulike måtar, med eit totalt omfang på om lag 22,2 milliardar kroner i 2012 (jf. tabell 6.1). Mesteparten av støtta er retta mot einskilde næringar, i hovudsak gjennom landbruksstøtta som utgjorde vel 64 prosent av næringsstøtta i 2012. For støtte som i utgangspunktet er tilgjengeleg for bedrifter i alle eller dei fleste næringane (horisontal støtte) er støtte til miljø- og energitiltak no størst og har gått forbi regionalstøtta. FoU-støtta har òg hatt vekst dei siste åra.
I tillegg får næringslivet skattelette på ulike måtar. Den mest omfattande ordninga er den differensierte arbeidsgjevaravgifta, som utgjorde 7,1 milliardar kroner i redusert proveny i 2012. I tabell 6.1 er nokre andre viktige skatteutgifter tekne med for å illustrere også slik næringsmessig støtte. Nest størst verdi har redusert elavgift for bergverk og industri.
Tabell 6.1 Statleg næringsstøtte etter føremål. Nettokostnader. Mill. 2011-kroner
Føremål | 2001 | 2006 | Anslag 2012 | Utvalde skatteutgifter 2012 |
---|---|---|---|---|
Horisontal støtte | 4 509 | 3 588 | 4 835 | |
Av dette: | ||||
FoU | 1 043 | 882 | 1 119 | 1 530 |
Regional | 2 198 | 1 930 | 1 474 | 7 100 |
SMB | 488 | 389 | 539 | |
Miljø og energi | 208 | 210 | 1 556 | |
Støtte til einskilde næringar | 19 978 | 16 511 | 17 334 | |
Av dette: | ||||
Landbruk | 16 943 | 13 849 | 14 183 | 1 262 |
Fiske og havbruk | 333 | 163 | 158 | 445 |
Skipsbygging | 971 | 42 | 156 | |
Sjøfart | 419 | 1 439 | 1 572 | 2 410 |
Industri | 5 590 | |||
Sum | 24 487 | 20 098 | 22 170 |
Kjelde: Meld. St. 1 (2012–2013) Nasjonalbudsjettet 2013, tabellane 6.3 og 6.4.
Næringsstøtta som vist i tabell 6.1 er ikkje mogleg å fordele geografisk. Oxford Research har på oppdrag frå departementet rekna ut kor mange bedrifter som
har fått støtte gjennom tilsegner enten frå Noregs forskingsråd eller Innovasjon Noreg
har fått godkjend SkatteFUNN-frådrag
er lokaliserte i eit SIVA-anlegg
Om ein berre ser på dei næringane der det er aktuelt med næringsretta støtte, og spesielt støtte til innovasjon, er skilnadene mellom fylka relativt små (jf. figur 6.3). Det er mange fylke som har ein stor del av sysselsetjinga i verkemiddelbedrifter. Sogn og Fjordane ligg på topp saman med Nord-Trøndelag. Kva type verkemiddel som er nytta i dei ulike delane av landet, varierer òg. I større byregionar blir verkemiddel gjennom Forskingsrådet og SkatteFUNN nytta i større grad, medan kontakten med verkemiddelapparatet i Distrikts-Noreg heller går gjennom Innovasjon Noreg eller lokalisering i SIVA-anlegg som til dømes næringshagar.
6.2.2 Ressursbaserte næringar er viktige i Distrikts-Noreg
Busetnad og verdiskaping i Distrikts-Noreg har i stor grad teke utgangspunkt i nytting av naturressursane. Distrikta har framleis mange av fortrinna sine knytte til nærleik til naturressursane og historisk kunnskap om korleis dei effektivt kan nyttast. Landbruks- og matpolitikken, fiskeri- og havbrukspolitikken, olje- og energipolitikken og politikk for marine næringar, reiselivet og mineralnæringa tek alle utgangpunkt i nytting av naturressursane og er sentrale for å nå måla om busetjing og verdiskaping i distrikts- og regionalpolitikken. Verdiskaping basert på natur- og kulturarven er omtalt i kapittel 8.1.3.
Matproduksjon for framtida
I Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken legg regjeringa til grunn fire overordna mål: mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Det skal leggjast til rette for at matproduksjonen frå landbruket kan auke i takt med etterspurnaden frå ei veksande befolkning i Noreg. For å auke produksjonen av mat frå norsk landbruk, må ressursane takast i bruk der dei finst gjennom eit landbruk i heile landet. Det skal også leggjast til rette for meir hogst og uttak av biomasse frå skog dersom etterspurnaden aukar, til dømes gjennom ulike former for trebruk og bioenergi. For å nå målet om landbruk i heile landet, ynskjer regjeringa å setje i verk ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk. Dette skal skje gjennom ein tydelegare distriktsprofil i dei nasjonale ordningane, oppretting av regionale bygdeutviklingsprogram som forsterkar regionaliseringa av utviklings- og investeringsverkemidla og ein meir områderetta innsats. Frå eit sysselsetjingsperspektiv er landbrukspolitikken særleg viktig for utviklinga i mindre arbeidsmarknader med ein stor del sysselsette i landbruket og mindre aktivitet i andre næringar, jf. kapittel 8.1.
Verdikjedene i landbruket er blant dei mest komplette i norsk næringsliv, og omfattar alt frå produksjon av innsatsvarer og næringsmiddelindustri til forsking og forbrukarar. Totalt sysselset landbruksnæringane om lag 115 000 menneske i Noreg, med om lag 51 000 årsverk i jordbruket, om lag 40 000 årsverk i matindustrien (eksklusive fiskevarer) og om lag 25 000 årsverk i skogbruk og skogindustri. For å få til innovasjon og verdiskaping regionalt er det viktig med god samhandling mellom forvaltninga, næringslivet og kunnskaps- og forskingsmiljøa. Landbruket er eit døme på ein sektor der ein desentralisert struktur med forskings- og kompetansemiljø bidreg til kunnskapsbasert utvikling og innovasjon i næringa (jf. kap. 6.3.4).
Landbruks- og matmeldinga peikar på at det er eit stort potensial for å vidareutvike bygdenæringar med utgangspunkt i bredda av landbruksressursane. Gjennom produksjon av matspesialitetar, naturbaserte reiselivstilbod, utleige av jakt og fiske, fornybar energi og tenester innan utdannings-, oppvekst-, helse- og omsorgssektoren vil bygdenæringane få opp aktiviteten over heile landet. I landbruks- og matpolitikken er det både sentrale og regionale verkemiddel for å stimulere til løftet for bygdenæringane, mellom anna gjennom å prioritere investeringsmidlar innanfor dei fylkesvise Bygdeutviklingsmidlane. På nasjonalt nivå er Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv sentralt.
Inn på tunet er kvalitetssikra og tilrettelagde velferdstenester med garden som arena. Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet står saman om ein nasjonal strategi for Inn på tunet og gjennom satsinga Inn på tunet-løftet, der 77 kommunar har fått støtte til lokale utviklingsprosjekt. Den nasjonale strategien skal følgjast opp med ein eigen handlingsplan i 2013.
Verdas fremste sjømatnasjon
Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vere den fremste sjømatnasjonen i verda. Regjeringa legg i vårsesjonen 2013 fram ei melding til Stortinget om dette. Stortingsmeldinga vil beskrive kva dette inneber og korleis Noreg kan utvikle seg som sjømatnasjon. Meldinga vil gjere greie for norsk sjømatnæring i dag, sannsynlege utviklingstrekk og potensialet for framtidig verdiskaping basert på fornybare marine ressursar.
Akvakultur er eit av dei matområda som veks raskast i verda og i det komande tiåret er det berekna at den totale produksjonen frå fiske og havbruk vil vere større enn produksjonen av storfe, svin og fjørfe.4 Globale trendar, som generelt større matbehov og auka etterspørsel etter sjømat spesielt, vil vere med å drive fram vekst i verdiskapinga innan marin sektor i Noreg. Den marine omsetningsverdien er i 2050 rekna til å kunne vere 550 milliardar kroner. Det vil i så fall vere ei seksdobling av nivået i dag.5 Dette inneber ei vidareutvikling av kjerneområda til sjømatnæringa slik vi kjenner dei i dag og utvikling av gryande og nye industriar.
Det siste tiåret er det først og fremst havbruket som har vakse i volum, men produksjonsverdien har auka både for fiske og oppdrett. Veksten i havbruket medverkar til ny sysselsetjing og busetjing langs den lange kysten vår. Fiske og havbruk var i 2011 den næringa som sysselsette flest menneske i område med spreidd busetnad jf. tabell 2.4.
Stø kurs for maritime næringar
Arbeidet til regjeringa for dei maritime næringane er greidd ut om i strategien Stø kurs (2007). Målet er at Noreg skal vere ein verdsleiande maritim nasjon. Å styrkje maritim kompetanse gjennom utdanning, forsking og innovasjon er sentralt her. Regjeringa vil leggje fram ein oppdatert maritim strategi våren 2013.
Målretta satsing på sterke næringsklyngjer og kompetansemiljø gjev potensial for vekst, verdiskaping og sysselsetjing i maritime næringar i mange lokalsamfunn langs kysten. Satsinga innanfor strategien styrkjer den maritime klyngja nasjonalt og internasjonalt, og utgjer eit viktig bidrag til dei lokale og regionale maritime klyngjene. Det er identifisert fleire slike klyngjer, mellom anna i Rogaland, rundt Oslofjorden og på Mørekysten. Den sistnemnde klyngja har fått status som Norwegian Centre of Expertice (NCE). Totalt sysselset dei maritime næringane om lag 100 000 personar i Noreg. Mange av verksemdene er lokaliserte utanfor dei store byregionane. Verft, utstyrsleverandørar og fleire reiarlag er hjørnesteinsbedrifter i mange distriktskommunar. Sjøfart utgjer òg ein sentral del av transporttilbodet i distrikta for både gods- og passasjertransport.
Større ringverknader frå petroleumsnæringa
Regjeringa la i 2011 fram petroleumsmeldinga Meld. St. 28 (2010–2011) En næring for framtida. Petroleumsverksemda på norsk sokkel har skapt arbeidsplassar over heile landet. Drifta av felt utanfor Nord-Noreg har skapt ringverknader på fastlandet. Ringverknader på land er avhengige av at det blir etablert leverandørføretak i området. Når nye, lønsame funn i framtida blir gjorde på norsk sokkel, vil Olje- og energidepartementet følgje opp utbyggingsplanane med sikte på å fremje lønsam produksjon av ressursane og samtidig sikre at det lokale og regionale næringslivet får høve til å delta som konkurransedyktige leverandørar til petroleumsverksemda. Det er viktig at operatøren legg til rette for at det lokale næringslivet får høve til å konkurrere om oppdraga i samband med ei utbygging.
Analysar viser at internasjonalisering har vore viktig for næringsutviklinga og sysselsetjinga i distrikta.6 Norwegian Oil and Gas Partners (INTSOK) er eitt av verkemidla til Olje- og energidepartementet for å auke internasjonaliseringa av næringa, og blir finansiert delvis av Olje- og energidepartementet og delvis av næringa sjølv. Særleg små og mellomstore bedrifter har nytte av samspelet med større bedrifter, forskingsmiljø og styresmakter for å vinne innpass i nye marknader ute. Av INTSOK sine om lag 200 medlemsbedrifter er 80 prosent små og mellomstore bedrifter.
Fornybar energi og utbygging av nett
Utbygging og drift av energianlegg som er baserte på fornybare energikjelder, er ei viktig verksemd i distrikta. Utbygging av vasskraft og vindkraft gjev eit viktig bidrag til grunneigarar og kommunar. Meir bruk av skogråstoff til bioenergi og leveranse av biovarme er eit grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping. Med innføring av elsertifikatmarknaden blir aktiviteten i Distrikts-Noreg i stor grad stimulert fram mot 2020. Noreg og Sverige skal saman byggje ut kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder tilsvarande 26,4 TWh ny produksjon i 2020. Elsertifikatsystemet gjev kraftnæringa eit unik høve til å byggje ut endå meir fornybar kraftproduksjon.
For å gjere norsk energinæring endå meir slagkraftig internasjonalt, har Olje- og energidepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Utanriksdepartementet gått saman med norskbaserte bedrifter som arbeider med fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft, og solenergi og etablert foreininga Norwegian Renewable Energy Partners (INTPOW), etter mønster av INTSOK. Føremålet er å sikre arbeidsplassar og kompetanse i Noreg, samstundes som ein aukar eksportdelen av fornybar teknologi.
Dei planlagde nettinvesteringane i åra framover skapar grunnlag for større aktivitet i leverandørindustrien. Statnett har til dømes planar om investeringar på 50–70 milliardar kronar dei neste ti åra. For at nettselskapa skal kunne gjennomføre prosjekta sine, må det vere tilstrekkeleg med ledige ressursar, kapasitet og kompetanse i leverandørindustrien.
I arbeidet med prosjektet Ørskog-Sogndal har Statnett hatt som strategi å dele opp delar av prosjektet i fleire pakker for å kunne leggje til rette for lokale leverandørar. Både norske og internasjonale aktørar har fått kontraktar i prosjektet. Å dele opp store prosjekt på ein slik måte er eit viktig bidrag til å sikre konkurransen innanfor leverandørindustrien. Ein slik strategi kan vidare bidra til at fleire lokale og regionale leverandørar kan konkurrere om kontraktane. Olje- og energidepartementet ser positivt på denne utviklinga. Sjå også omtale av samarbeidet LeverandørUtvikling til Energisatsing i Nord (LUEN) i kapittel 8.3.2.
Reiselivssatsing
Reiselivsstrategien til regjeringa Destinasjon Norge (2012) har som mål å få ei meir produktiv næring, fleire heilårsarbeidsplassar og fleire unike reiselivsprodukt. Strategien varslar ei større omlegging av struktur og oppgåvefordeling i destinasjonsselskapa i Noreg. Saman med fylkeskommunane og kommunesektoren vil Nærings- og handelsdepartementet setje i gang eit prosjekt som skal profesjonalisere og effektivisere reisemålsselskapa i Noreg. Fleire reiselivsbedrifter i heile landet prøver å møte utfordringane med særeigne produkt av høg kvalitet i mellom anna mat-, natur-, og kulturopplevingar for å trekkje til seg fleire turistar med sterk kjøpekraft, både i høgsesong og i lågsesong. Her er både sektorretta og næringsretta verkemiddel viktige.
Strategi for mineralnæringa
Regjeringa vil leggje fram ein strategi for mineralnæringa der hovudmålet er ei verdiskapande og lønsam næring med god vekstkraft. Bakgrunnen for strategien er ein større global etterspurnad etter mineral og metall. Dermed er også fleire norske mineralressursar aktuelle for utvinning enn tidlegare. Næringa har eit stort potensial for større aktivitet, ikkje minst i nordområda og i kystområda. Sentrale tema i strategien er at
mineralnæringa i Noreg skal være ein av dei mest miljøvenlege i verda
kartlegginga av mineralførekomstane skal bli betre
mineralforvaltninga skal styrkjast
ressursplanlegging og samordning av regelverk på mineralområdet skal bli betre
det skal bli auka satsing på forsking og utvikling
tilgangen på kunnskap og kompetent arbeidskraft skal bli betre
Kultur og næring
Kulturnæringane speler ei stadig viktigare rolle i økonomien, mellom anna på grunn av den generelle velstandsauken som har gjort etterspurnaden etter kultur større og gjeve grunnlag for eit mangfald av ulike kulturføretak. Regjeringa vil våren 2013 leggje fram ein ny handlingsplan om næringsverksemd i kulturnæringane.
Kultur speler også ei viktig rolle i distrikts- og regionalpolitikken. Kommunar, byar og regionar over heile landet nyttar kultur som ein del av arbeidet med å utvikle attraktive lokalsamfunn for innbyggjarar, besøkjande og næringslivet. Med handlingsplanen vil regjeringa
medverke til å auke verdiskapinga og sysselsetjinga i kulturnæringane gjennom å leggje til rette for fleire gode gründerar, fleire vekstbedrifter og fleire nyskapande næringsmiljø med internasjonal konkurranseevne
medverke til fleire attraktive lokalsamfunn for innbyggjarane og for arbeidskraft og bedrifter i heile landet ved å stimulere til bruk av kultur og kulturbasert næringsutvikling
Sikring av naturressursane for fellesskapen
Norsk økonomi har både historisk og i vår tid i hovudsak vore tufta på nytting av verdifulle naturressursar. Det går ein raud tråd politisk, økonomisk og juridisk frå dei institusjonelle ordningane som blei innretta rundt vasskraft for meir enn hundre år sidan, til vår tids organisering av olje- og gassverksemd. Eit overordna mål har vore å sikre dei store verdiane for fellesskapen gjennom eigarskap, konsesjonsreglar og skattereglar. Desse ordningane er blant dei eldste distriktspolitiske verkemidla som har vore nytta i Noreg, og dei har medverka til vekst og utvikling i lokalsamfunn og distrikt.
For dei landbaserte naturressursane er fellesskapen representert både ved stat, fylkeskommune og kommune. Vasskraftutbygging er eit døme på at ein har søkt å sikre delar av verdiskapinga i dei kommunane og lokalsamfunna der ressursane finst. Det er i tråd med mellom anna prinsipp i Europarådets Charter om lokalt sjølvstyre av 15. oktober 1985, som i artikkel 9 fastset retningslinjer for organiseringa av dei økonomiske rammene til kommunane i medlemslanda. Inntekter til lokalsamfunn og kommunar som er baserte på lokale naturressursar, dannar grunnlag for vidare næringsutvikling og verdiskaping i desse områda.
6.3 Ein distriktsretta innsats tilpassa behova til næringslivet
6.3.1 Fylkeskommunane legg grunnlaget for regional skreddarsaum
Næringsinnretninga i distrikts- og regionalpolitikken er eit grep for å tenkje langsiktig, og som skal verke langsiktig. Innsatsen er i all hovudsak næringsnøytral. Den bedriftsretta innsatsen skal vere retta inn mot landsdelar og område med særlege utfordringar. Desse områda er definerte som det distriktspolitiske verkeområdet (jf. kap. 5.1.5). Den bedriftsretta innsatsen per sysselsett over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet er langt større i mindre arbeidsmarknader enn i større. Innsatsen skal særleg vere innretta mot kapitalbehov, kompetanse, nettverk, entreprenørskap og innovasjon og prioriterer spesielle grupper som små og mellomstore bedrifter, kvinner, unge og innvandrarar. Innsatsen må tilpassast både dei nasjonale og dei langt meir omfattande sektoravgrensa tiltaka.
Fylkeskommunane står sentralt i næringspolitikken i Noreg
Utfordringane i arbeids- og næringslivet varierer mykje både i og mellom fylka. Det krev ein regionalt tilpassa næringspolitikk. Føresetnadene er annleis i mindre arbeidsmarknader enn i større, mellom anna på grunn av næringsstruktur, små miljø og store avstandar. Difor trengst det ein ekstrainnsats i område med særskilde utfordringar, ut over dei generelle landsdekkjande verkemidla. God næringsutvikling over heile landet er eit vilkår for omstilling og verdiskaping i Noreg som heilskap. Den offentlege innsatsen må tilpassast dei regionale føresetnadene. Difor er regional skreddarsaum naudsynt.
Fylkeskommunen skal vere den leiande aktøren når det gjeld å gjennomføre ei slik differensiering av politikken. Det meste av midlane frå departementet til næringsutvikling blir kanalisert gjennom fylkeskommunane.
Arbeidsdelinga mellom ulike aktørar fungerer godt
Regjeringa har lagt nokre føringar for arbeidsdelinga mellom aktørane regionalt i bruken av regionale utviklingsmidlar. Fylkeskommunane har ansvar for det strategiske arbeidet med næringspolitiske verkemiddel. Både det strategiske arbeidet og iverksetjing av tiltak i kvart einskilt fylke skal skje gjennom samhandling med Innovasjon Noreg, SIVA, Forskingsrådet, fylkesmannen, Sametinget, kommunar og andre private og offentlege aktørar. Ved forvaltningsreforma fekk fylkeskommunane 49 prosent eigarskap i Innovasjon Noreg og dei regionale forskingsfonda blei oppretta. Målet med å leggje eigarskap til fylkeskommunen er å styrkje den strategiske og samordnande rolla regionalt og mellom regionalt og nasjonalt nivå. Den operative forvaltninga av dei bedriftsretta verkemidla er lagd til Innovasjon Noreg, SIVA, Forskingsrådet og kommunane.
Nærings- og handelsdepartementet la i Meld. St. 22 (2011–2012) Verktøy for vekst fram nye mål for Innovasjon Noreg og SIVA. Innovasjon Noreg skal utløyse bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling og utløyse regionane sine næringsmessige moglegheiter. Innovasjon Noreg skal bidra til fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige føretak og fleire innovative næringsmiljø. Målstrukturen skal liggje til grunn for alle oppdrag som blir gjevne til Innovasjon Noreg, og er overordna andre føringar og styringssignal. Dette gjeld mellom anna føringar i ulike oppdrag knytte til satsingar på særskilde sektorar og målgrupper.
SIVA er, gjennom sin eigedoms- og innovasjonsverksemd, staten sitt verkemiddel for tilretteleggjande eigarskap og utvikling av bedrifter og nærings- og kunnskapsmiljø i heile landet. SIVA har eit særleg ansvar for å fremje vekstkrafta i distrikta. SIVA skal utløyse lønsam næringsutvikling i bedrifter og regionale nærings- og kunnskapsmiljø. Meldinga strekar under behovet for forenklingar i verkemidla. Det skal òg utviklast eit nytt system for mål- og resultatstyring.
Noregs forskingsråd skal arbeide for å fremje innovasjon i næringsliv og offentleg sektor i heile landet. Forskingsrådet har ei eiga avdeling for regional forsking og innovasjon med 13 regionale representantar som dekkjer heile landet. Forskingsrådet er nyleg evaluert med positive vurderingar. Evalueringa skal følgjast opp i den komande forskingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet.
Fylkeskommunane kan gje støtte til prosjekt, i hovudsak innanfor det distriktspolitiske verkeområdet, for at regionar og lokalsamfunn skal bli meir attraktive å bo i og flytte til. Dei kan òg finansiere tilrettelegging av gode rammer for næringslivet og for kompetanseheving. Dette gjeld òg der verksemder er mottakarar av stønaden når stønaden er innanfor gruppeunntaka i lov om statsstøtte og tenestene ikkje blir tilbodne hjå Innovasjon Noreg. Fylkeskommunane skal ikkje gje støtte til investerings- og utviklingsprosjekt til einskilde verksemder eller etablerarar. Tilskot, lån, garantiar og eigenkapital til slike formål skal forvaltast av Innovasjon Noreg. Kommunane kan med dei kommunale og regionale næringsfonda gje støtte til bedrifter innanfor reglane for bagatellmessig støtte og gruppeunntaka (jf. kap. 3.1.6).
Departementet ventar at fylkeskommunane, kommunane og dei nasjonale verkemiddelaktørane har ei føremålstenleg arbeidsdeling og samordning i tilfelle der dei i prinsippet kan støtte same type tiltak. Det gjeld til dømes programstøtte (slik som NCE, Næringshageprogrammet, VRI og Arena), støtte til deltaking på messer, kompetansehevingstiltak og nettverksstøtte. Desse premissane er lagde til grunn for arbeidsdelinga når fleire aktørar støttar same type tiltak, jf. St.prp. nr. 51 (2002–2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv:
Tiltaket må vere brukarvennleg (éi dør inn).
Det må vere effektivitet i styringa (unngå duplisering av ressursar og kompetanse eller profesjonalisering/habilitetsspørsmål).
Ein må ha oversyn over tiltak og aktørar for å unngå overetablering i regionane (konkurransevriding).
Aktørane skal ha stor fridom i forvaltninga av bedriftsretta midlar
For at fylkeskommunane skal kunne ta tak i lokale utfordringar og fortrinn, er det naudsynt med stor fleksibilitet i nyttinga av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla. Det gjeld både for samansetjinga av ulike verkemiddel retta mot næringsmiljø og enkeltbedrifter og fleksibilitet i måten verkemiddelapparatet arbeider på for å møte utfordringar og behov i næringslivet. Fylkeskommunane har difor relativt stor fridom når det gjeld å prioritere bruken av dei midlane som blir overførte frå departementet (jf. kap. 5.2.2).
Midlane frå departementet skal nyttast innanfor ramma av nasjonale føringar og i tråd med regionale planar og strategiar. Forvaltning på alle nivå skal skje i samsvar med det statlege økonomiregelverket og konkurransereglane i EØS-området.
Aktørane skal støtte enkeltprosjekt av høg kvalitet
Verkemiddelaktørane skal tilpasse arbeidsforma og samansetjinga av program og tenester til behova på staden og i samhøve med fastlagde mål. Samstundes skal dei stille strenge krav til dei einskilde prosjekta som får støtte. Midlane frå departementet skal nyttast til gode prosjekt med stort potensial for bedrifts- og samfunnsøkonomisk meirverdi. Prosjekta skal medverke til verdiskaping og til varige og lønsame arbeidsplassar. For å sikre at midlane blir nytta effektivt, skal verkemiddelaktørane berre gje støtte til prosjekt som har utløysande effekt (addisjonalitet). Støtta skal heller ikkje verke konkurransevridande mot anna verksemd i same område. I Meld. St. 22 (2011–2012) presenterte regjeringa åtte kriterium for god verkemiddelbruk som skal vere rettleiande for verkemiddel som blir lagde til Innovasjon Noreg og SIVA.
Mål- og resultatstyring
Eigarane og oppdragsgjevarane til Innovasjon Noreg har nyleg utarbeidd eit felles forslag til eit nytt mål- og resultatstyringssystem for selskapet. Måleparametrane skal bidra til å betre styringsinformasjonen og avgjerdsgrunnlaget. Alle oppdrag skal bli rapportert i samsvar med mål- og resultatstyringssystemet, sjølv om einskilde oppdrag kan ha fleire rapporteringskrav utover dette. Eit tilsvarande system vil bli utvikla for SIVA.
Fylkeskommunane kan leggje strategiske føringar for midlane som mellom andre Innovasjon Noreg forvaltar for dei. Desse føringane kan mellom anna seie noko om kvar i fylket midlane skal brukast, bransjar, føremål, kvinnedel og så vidare. Føringane kan i tillegg omfatte krav om rådgjeving og mobiliserande og oppsøkjande arbeid som eit viktig supplement til eit system som er basert på etterspurnad. Fylkeskommunane kan òg fastleggje fleire mål- og resultatkrav til forvaltninga av midlane, innanfor ramma av disponible budsjettrammer og fastlagd målstruktur. Departementet legg til grunn at både føringar og mål- og resultatkrav blir drøfta og forankra i den regionale partnarskapen.
Også departementet løyver midlar til satsingar og program i Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Strategiske føringar, proaktivt arbeid og mål- og resultatkrav til slike tiltak blir fastlagde i styringsdialogen mellom departementet og selskapa og i program, statsbudsjett og oppdragsbrev. Fylkeskommunane kan delta i slike nasjonale satsingar. I mellom anna Næringshageprogrammet føreset departementet regional medverknad.
Innovasjon Noreg og SIVA skal kommunisere sitt distriktspolitiske oppdrag endå tydelegare til gründerar og verksemder. Samla sett gjev dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla næringslivet i distrikta fleire fordelar som må marknadsførast betre.
Verkemidla har ulike føremål, effektar og kostnader
Dei bedriftsretta verkemidla over departementet sitt budsjett skal treffe verksemder i ulike utviklingsfasar. Ein del av innsatsen er retta inn mot oppstarten av føretaka, til dømes etablerartilskot og investeringstilskot (Innovasjon Noreg) og infrastruktur gjennom inkubatorar og næringshagar (SIVA).
Gjennom undersøkingar om kundeeffektar og evalueringar får departementet kunnskap om korleis dei ulike ordningane verkar. Høgare sysselsetjing står sentralt i distriktspolitikken, og kundeeffektundersøkingane til Innovasjon Noreg tyder på at det er vesentlege skilnader i kostnaden per sikra eller skapt arbeidsplass.
Tabell 6.2 syner døme på kostnad per arbeidsplass for tre ulike distriktspolitiske tenester. Som ein del av samanlikningsgrunnlaget inngår i tillegg industrielle og offentlege forskingskontraktar (IFU/OFU). Kostnaden per sikra eller skapt arbeidsplass varierer, noko som er eitt av fleire grunnlag for prioriteringane mellom og innanfor verkemidla.
Det er OFU/IFU-ordninga som har den største innovasjonshøgda ifølgje evalueringa av Innovasjon Noreg.7 Av tabellen ser vi at kostnaden per arbeidsplass er høgare for denne ordninga enn for dei distrikts- og regionalpolitiske ordningane. På den andre sida vil høgare innovasjon på lengre sikt ha større gevinstar i form av større verdiskaping og høgare sysselsetjing. Ringverknadene vil òg kunne variere mellom ulike typar innsats.
Tabell 6.2 Skapte og sikra arbeidsplassar etter verkemiddel. Lågt anslag. Gjennomsnitt per år for dei som har fått støtte i perioden 2003–2007
Ordning | Arbeidsplassar per prosjekt | Totalt | Kostnad per arbeidsplass |
---|---|---|---|
Distriktsretta risikolån | 1,8 | 287 | 187 095 kr |
Distriktsutviklingstilskot | 1,4 | 1 535 | 258 362 kr |
OFU/IFU | 2,2 | 288 | 625 797 kr |
Etablerarstipend | 0,6 | 350 | 280 993 kr |
Totalt | 1,2 | 2 460 |
Kjelde: Oxford Research (2012). I pose og sekk? Utredning om hensiktsmessigheten ved et høyere innovasjonsinnhold i de distrikts- og regionalpolitiske virkemidlene.
6.3.2 Tilgang på privat kapital varierer mellom regionane
Den private kapitalmarknaden er den viktigaste finansieringskjelda for næringslivet og speler ei nøkkelrolle for verdiskaping. Kapital blir kanalisert inn i lønsame prosjekt, og risikoen knytt til prosjekta blir fordelt på dei aktørane som har best evne og vilje til å bere han. Finansieringsbehov, risiko med vidare varierer mellom bedrifter avhengig av utviklingsfase, storleik, type prosjekt og utvikling i lønsemd. Til dømes er entreprenørar og mindre bedrifter i stor grad avhengige av ekstern finansiering i form av lån eller eigenkapital.
Boks 6.2 Lokale sparebankar
Sparebankane hadde opphavleg eit klart lokalt preg, og mange har medverka til utviklinga av næringslivet i sitt distrikt. Særleg dei siste tiåra har det skjedd ei omfattande omstrukturering av den norske sparebanknæringa. Endringane i sparebankstrukturen speglar utviklinga i norsk økonomi og krava som blir stilte til bankane i ein moderne økonomi. Mellom anna på 1980-tallet fekk lokale sparebankar større konkurranse frå andre sparebankar og forretningsbankar i «sine» lokale distrikt, og rentemarginen har gått ned. For å møte konkurransen har sparebankane måtta endre seg og kutte kostnader. Dessutan er innhaldet i sjølve bankdrifta endra, mellom anna som følgje av informasjonsteknologi og utvikling av nye finansielle tenester. For å møte utfordringane har fleire sparebankar inngått ulike former for samarbeid. Endringane har òg ført til samanslåingar. Medan sparebankar for nokre tiår sidan jamt over var små i nasjonal samanheng, finst det no både store, mellomstore og små sparebankar. Mange sparebankar har likevel i mange tilfelle framleis ein klar distriktsprofil. Lokal forankring, kjennskap til kundane og samfunnsansvar er nokre av dimensjonane som mange sparebankar framleis legg særleg vekt på.
Bedrifter i mindre arbeidsmarknader har færre bankar og finansinstitusjonar å velje mellom, noko som gjev mindre konkurranse. Gjeldsfinansiering blir òg nytta i mindre grad her.8
Utan offentleg innsats ville det vore vanskelegare å få lån i distriktsområde der panteverdiane er låge. Den offentlege støtta skal verke utløysande for det einskilde prosjektet, men samstundes vere lågast mogleg for slik å nytte midlane best mogleg.
Offentlege låne- og tilskotsordningar skal medverke til å utløyse bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt. Den offentlege innsatsen stimulerer til meir privat finansiering. Låne- og tilskotsordningane blir brukte til å delfinansiere utbyggings-, omstillings-, utviklings- og nyetableringsprosjekt som det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg risikovilje til i den private kreditt- og finansmarknaden. Sjølv små midlar kan verke utløysande for anna finansiering, jf. kapittel 3.1.6 om kommunale og regionale næringsfond.
I særleg næringssvake område kan Innovasjon Noreg finansiere verksemder med utelukkande ein lokal eller regional marknad, eller akseptere større risiko, særleg der andrehandsverdien av fast eigedom er låg.
I delar av landet og i fleire bransjar er det mangel på privat kapital og industriell eigarskap. Investeringar i eigedom kan binde opp kapital for eigarane. Dette gjer at risikoen kan auke og at det blir vanskelegare å utvikle bedrifta. Statlege SIVA Eiendom Holding AS driv kommersiell eigedomsverksemd over heile landet og investerer i industri- og innovasjonsparkar. Føretaka kan då bruke kapitalen sin og kapasiteten i leiinga til eiga strategisk utvikling, anten det gjeld produkt, produksjon, marknad eller kompetanse.
Eigenkapital
Investinor er eit statleg eigd investeringsselskap som skal oppnå avkastning i marknaden for investeringane sine. Investinor fekk som oppfølging av Meld. St. 13 (2010–2011) Aktivt eierskap – norsk statlig eierskap i en global økonomi over statsbudsjettet for 2012 tilført 1,5 milliardar kroner i ny eigenkapital, slik at selskapet framleis kan bidra til at det veks fram nye internasjonalt konkurransedyktige bedrifter.
I Meld. St. 22 (2011–2012) Verktøy for vekst – om Innovasjon Norge og SIVA SF varsla regjeringa at det skal opprettast inntil seks nye landsdekkjande såkornfond. Såkornfonda skal investere kapital og kompetanse i nye innovative og internasjonalt konkurransedyktige bedrifter. Fonda skal investere i såkorn- og oppstartsfasane, og dei investerte midlane skal også kunne brukast til internasjonaliserings- og omstillingsprosessar i desse bedriftene. Kunnskapsintensive og teknologisk tunge bedrifter er målgruppa for fonda.
Kompetansen til forvaltarane og potensialet for å utvikle nye, kompetente forvaltningsmiljø vil vere avgjerande for satsingsområda og korleis fonda blir forvalta. Det er eit mål å etablere fond i alle landsdelar. Fonda må godkjennast av EFTAs overvakingsorgan, ESA, det må veljast ut forvaltarar og privat kapital må hentast inn før fonda er operative. Det første fondet skal etter planen vere operativt første halvår 2014.
6.3.3 Tiltak for innovasjon og internasjonalisering som er tilpassa regionale utfordringar
Innslaget av innovasjon varierer mellom regionane
Uavhengig av storleik, næring og sentralitet har innovative verksemder ei meir positiv utvikling enn ikkje-innovative verksemder.9 I ein kunnskapsbasert økonomi har større byar og folketunge arbeidsmarknadsregionar ifølgje teorien betre føresetnader for innovasjon. Tilgangen på sysselsette med høgare utdanning er god, og store delar av dei kunnskapsintensive næringane og kreative yrka er lokaliserte her. FoU-investeringar er størst i desse områda, og det er her dei tyngste FoU-institusjonane held til.10 Her finn vi også den høgaste konsentrasjonen av investeringar i innovasjonsaktivitet.
I gjennomsnitt er det meir innovasjon i store regionar enn i små (jf. tabell 6.3), men meir påfallande er det at variasjonen innanfor gruppene er så stor (jf. figur 6.4). Mange av dei mest innovative regionale næringsmiljøa finn vi i småbyområda. Her finst både dei mest innovative næringsmiljøa (Halden, Ulsteinvik, Kongsberg, Ørsta/Volda og Alta – som alle skårar høgare enn Oslo) og dei minst innovative (Hammerfest, Førde, Fagernes og Flora). Dette viser at dynamikken i verksemdene er viktigare som forklaringsfaktor enn folketalet i området.
Tabell 6.3 Innovasjonstypar og -grader i ulike regiontypar,1 2008
Samla innovasjonsnivå2 | Prosentdel sysselsette i bedrifter med produkt- og/eller prosessinnovasjon | Prosentdel bedrifter med: | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Produkt- og/eller prosessinnovasjon | Produktinnovasjon | Prosessinnovasjon | Patent | |||
Hovudstadsregionen | 33 | 38 | 28 | 21 | 16 | 5 |
Storbyregionar | 25 | 31 | 19 | 14 | 12 | 4 |
Mellomstore byregionar | 22 | 27 | 17 | 13 | 11 | 3 |
Småbyregionar | 22 | 28 | 15 | 11 | 10 | 2 |
Småstadregionar | 18 | 21 | 14 | 10 | 10 | 1 |
Heile landet | 25 | 31 | 19 | 14 | 12 | 3 |
1 Inndelinga tar her utgangspunkt i storleiken på arbeidsmarknaden i BA-regionane, og avvikar noko frå inndelinga som er nytta i meldinga elles. Sjå NIBR-rapport 2011:12, side 37 for omtale av inndelinga.
2 Gjennomsnittet av prosentdelen bedrifter og prosentdelen sysselsette i bedrifter med produkt- og/eller prosessinnovasjon.
Kjelde: Onsager, K. og Gundersen, F. (2011). Regional innovasjon og næringsutvikling. NIBR-rapport 2011:12.
Dei regionale skilnadene når det gjeld innovative bedrifter, er mindre enn føresetnadene for innovasjon skulle indikere. Fylke med låge totale innovasjonskostnader og låge kostnader per sysselsett, som Hedmark, Nord-Trøndelag og Finnmark, er på same nivå når det gjeld innovative bedrifter, som fylke med høgare investeringar i innovasjonsaktivitet.11 Skilnader i innovasjon er større mellom næringar enn mellom fylke.12
Ulik dimensjonering for å stimulere til innovasjon
Innovasjon skjer med utgangspunkt i både forskings- og utviklingsaktivitet, praktiske erfaringar og i samband med investeringar. Med ulike føresetnader for innovasjon kan eitt og same verkemiddel ha ulik effekt i ulike bransjar og ulike geografiske område. For å stimulere til auka innovasjon i ulike arbeidsmarknader må dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla utformast og dimensjonerast ulikt.
Det er stor innovasjonshøgde i dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla. Evalueringa av Innovasjon Noreg tilrådde ei ytterlegare prioritering av prosjekt med innovasjon på nasjonalt og internasjonalt nivå.13 Ei undersøking frå Oxford Research viser konsekvensane av å stille større krav om innovasjon til dei som får distriktsretta midlar til næringsutvikling.14 Med eit krav om større innovasjonshøgde er det mange bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt som ikkje vil kunne få finansiering frå Innovasjon Noreg. Bedrifter i mindre arbeidsmarknader er dei som blir hardast ramma. Det kjem mellom anna av at marknadssvikten som Innovasjon Noreg korrigerer for, er annleis i mindre arbeidsmarknader, og at behovet for å stimulere til næringsutvikling er sterkare i slike område. Fordelinga av midlar frå departementet er lagt opp til å treffe område og landsdelar med særlege utfordringar.
Rapporten frå Oxford viser at det er mogleg å auke innovasjonshøgda i prosjekta ved at verkemiddelapparatet arbeider meir proaktivt med føretaka. Men potensialet er avgrensa på kort sikt, og det er stor fylkesvis variasjon som følgje av ulik næringsstruktur. Utfordringa for verkemiddelapparatet er at det må til meir ressursar, kapasitet og kompetanse for at ein slik strategi skal gje gode resultat.
Distriktskontora til Innovasjon Noreg har allereie starta ein prosess med utvikling av arbeidsformene sine i retning av meir proaktivitet og mobilisering. Innovasjon Noreg vil i større grad enn tidlegare dra inn ulik kompetanse i kundedialogen. I praksis fører dette òg til ei dreiing frå ei prosjektretta til ei meir bedriftsretta arbeidsform.
Departementet vil byggje opp under dette arbeidet, og meiner at dette skal vere ein naturleg og integrert del av tenestene og programma til verkemiddelaktørane finansierte over budsjettet til departementet. Dette må òg bli sett i samanheng med samarbeidet med kommunane og deira førstelinjeteneste mot næringslivet (jf. kap. 3.1.6). Departementet og fylkeskommunane vil i 2013–2014 bidra til å gjennomføre eit prosjekt som skal utvikle arbeidsformene og innhaldet i dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla.
Internasjonalisering
Det finst vekstkraftige verksemder over heile landet. Regionar, bransjar og bedrifter som er eksportretta har det største potensialet for vekst i framtida.15 Dei som eksporterer mykje, må stadig bli betre og strekkje seg stadig lenger for å nå opp i konkurransen. Dette driv utviklinga i næringslivet framover. Gode døme på dette finn ein særleg i olje- og gassrelaterte bransjar og i havbruksnæringa. Bedrifter som i hovudsak sel varene sine innanlands, konkurrerer òg i stor grad internasjonalt. Næringar som tidlegare var skjerma, blir meir og meir importkonkurrerande.
Departementet ser positivt på at ein større del av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla går til arbeidet for å gjere norske gründerar og bedrifter meir internasjonale. Målet er at fleire verksemder skal byggje opp ein internasjonal marknadskompetanse og bli internasjonalt konkurransedyktige. Mål om internasjonalisering må balanserast mot andre omsyn i det distrikts- og regionalpolitiske oppdraget.
6.3.4 Innovasjonsnettverka gjev samarbeid og kunnskapsflyt
Svært få bedrifter og entreprenørar utviklar seg berre med eigne ressursar. Mykje av utviklingsarbeidet skjer i samarbeid og dialog med krevjande leverandørar og kundar. Nyskaping skjer ved bruk av både forskingsbasert kunnskap og erfaringsbasert kompetanse. I aukande grad vil det vere behov for å kombinere forskings- og erfaringsbasert kunnskap i bedriftsutviklinga.
Nettverk, klyngjer og strategiske samarbeidsalliansar skaper flyt av kunnskap og idear mellom verksemder og mellom FoU-institusjonar og næringslivet. Dette gjev grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping og entreprenørskap og innovasjon i heile landet. Dei seinare åra det vore ei aukande merksemd nasjonalt og internasjonalt på kva flyt av kunnskap og utviklinga av strategiske samarbeid har å seie.
I boka Et kunnskapsbasert Norge blir olje og gass, sjømat og skipsfart (inklusiv leverandørar av varer og tenester) løfta fram som dei sterkaste internasjonale klyngjene i Noreg.16 Her er det eit tett samspel mellom utdanning, forsking og innovasjon, det såkalla kunnskapstrianglet. Næringsklyngjene har ofte eit regionalt tyngdepunkt, med forgreiningar nasjonalt og internasjonalt. Fysisk nærleik til FoU-miljø og andre verksemder er viktig, men viktigast er tilgangen til rett kompetanse. Utvikling av og tilgang til spisskompetanse føreset i stadig større grad aktiv deltaking i internasjonale nettverk.
Mange av dei større og mindre norske næringsklyngjene har vakse mykje dei siste åra og hevdar seg godt i ein global marknad. Olje- og gassektoren er eit godt døme på det, med utvikling av og sal av system og løysingar som fungerer under krevjande operasjonar. Koplingane mellom ulike leverandørar og dei som bestiller, er avgjerande for at desse systema og løysingane skal fungere godt. Større regionar med eit meir variert næringsliv har større potensial for koplingar og samarbeid mellom ulike verksemder, gjerne frå ulike bransjar. I regionar med store avstandar og lite variert næringsliv er det ei større utfordring å skape nettverk og samarbeid.
Innovasjonsnettverka
For å leggje til rette for samarbeid og flyt av kompetanse og kunnskap, er det dei siste åra etablert landsdekkjande innovasjonsnettverk – ein infrastruktur for kompetanseutvikling, nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon – i regi av Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet (sjå boks 6.3 og figur 6.5). Fleire departement og fylkeskommunar er med på å finansiere denne infrastrukturen, som er tilpassa utfordringane i kvar region. Innovasjonsnettverka er ein vel utbygd nasjonal infrastruktur som når heile landet.
Boks 6.3 Innovasjonsnettverka
Klyngjeprogramma NCE og Arena tek utgangspunkt i samarbeidet i sterke næringsmiljø. Næringsmiljøa i NCE-programmet er kopla til internasjonale kunnskapsnettverk, men har òg vore opptekne av å samarbeide med lokale høgskular om å utvikle gode utdanningstilbod.
Regionkontora til Innovasjon Noreg gjev råd og rettleiing til bedrifter og koplar saman bedrifter gjennom Bedriftsnettverk.
Dei regionale representantane til Forskingsrådet og VRI-programmet medverkar til å mobilisere næringslivet til i større grad å kople forskingsbasert og erfaringsbasert kompetanse.
Regionale forskingsfond finansierer forsking basert på kvalitet i heile landet og styrkjer slik kunnskapsbasen der dei ulike bedriftene er lokaliserte. Dette er forsking som skjer både i FoU-institusjonar og i føretak.
Forskingsløft i nord medverkar til oppbygging av fem næringsretta FoU-miljø i Nord-Noreg.
SIVA har tilbod til fleire typar inkubatorar, mellom anna FoU-inkubatorar og industriinkubatorar. Industriinkubatorane er retta mot utvikling av nye verksemder som er baserte på industriell kunnskap i eksisterande industrimiljø.
Næringshagane SIVA har tilbod til er mindre spesialiserte. Næringshagane tilbyr plass i kontorfellesskapar på mindre stader. Gjennom næringshagane blir verksemder kopla til landsdekkjande nettverk for innovasjon.
Sentrale delar av nettverket for innovasjon er lokaliserte i nærleiken av universitet og høgskular. Det er til dømes tilfellet med FoU-inkubatorar og forskings- og kunnskapsparkar. Det er viktig at innovasjonsnettverket evnar å kople næringslivet med dei institusjonane som utviklar den beste og mest relevante kunnskapen, sjølv der det må skje over til dels store avstandar.
Til saman er det i dag god regional balanse i innovasjonsnettverka. Dei finst både i universitetsbyane, på stader med eit sterkt næringsliv, på stader med særlege omstillingsutfordringar og i næringssvake område.
Departementet har dei siste åra styrkt satsinga på innovasjonsinfrastrukturen. Eit nytt tiårig næringshageprogram blei sett i gang i 2011. Frå 2012 er inkubatorprogramma slått saman til ei ny felles satsing. VRI-programmet er halvvegs i programperioden. Alle programma blir evaluerte fortløpande, og resultata er så langt positive. Regjeringa vil difor kome attende med forslag om ei vidare utvikling av innovasjonsnettverka.
Forsking og utvikling
Kunnskap basert på forsking er ei sentral kjelde til økonomisk vekst. Meir kunnskap i privat sektor er naudsynt for å konkurrere med aktørar frå andre land og for å absorbere FoU-resultat frå internasjonale og nasjonale aktørar. Noreg har ein godt utbygd infrastruktur for forsking og kunnskapsoppbygging. FoU-institusjonar som universitet, høgskular og forskingsinstitutt er spreidde i alle landsdelar og fylke.
Den relativt omfattande instituttsektoren i Noreg har mykje å seie for utvikling og bruk av kunnskap i alle delar av landet. Institutta er ulike når det gjeld storleik, fagleg profil og internasjonalisering. Samhandlinga med andre FoU-institusjonar er viktig for kunnskapsflyt og god arbeidsdeling. Dette gjeld spesielt for dei mindre institutta utanfor dei største byregionane. Samstundes blir fagleg spesialisering stadig viktigare. Basisfinansieringssystemet for forskingsinstitutta er evaluert i 2012. Vurderinga til regjeringa kjem i den komande forskingsmeldinga.
Næringslivet i Noreg investerer relativt lite i FoU samanlikna med mange andre vesteuropeiske land. Næringsstrukturen er ei viktig forklaring på det.
Innovasjon gjennom mindre, stegvise endringar i produkt og prosessar er viktig, men er ikkje alltid tilstrekkeleg til at næringslivet kan oppretthalde og auke konkurransekrafta på lang sikt. Departementet meiner difor det er naudsynt at fleire bedrifter investerer i FoU. Differensiert innsats er viktig for å gjere FoU relevant for dei regionale innovasjonsprosessane.
Dei regionale forskingsfonda blei oppretta januar 2009, og skal styrkje regional forsking og innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og slik medverke til betre kvalitet i forskinga. Følgjeevalueringa av fonda viser at ordninga er godt forankra regionalt og sentralt og har utløyst omfattande aktivitet.
Bedriftene vil hente den forskinga som er mest relevant og som har høg kvalitet. Det vil i mange samanhengar innebere internasjonalt samarbeid. Bedrifter som har vore med i EUs 7. rammeprogram (2008–2014) er i stor grad lokaliserte rundt storbyane. I mange fylke er det svært få bedrifter som deltek. Spørsmålet om norsk deltaking i EUs 8. rammeprogram, Horisont 2020, vil bli lagt fram for Stortinget i ein eigen proposisjon.
Dei regionale forskingsfonda og den regionale innsatsen frå Forskingsrådet gjennom VRI og regionale representantar er viktig for å stimulere bedrifter til å jobbe meir systematisk med å utvikle ny kunnskap. Departementet vil sjå nærare på korleis den regionale organisasjonen til verkemiddelapparatet kan styrkje innsatsen for å mobilisere bedrifter til internasjonalt FoU-arbeid.
6.3.5 Departementet følgjer opp råd frå gründerar
Eldsjeler, entreprenørar og innovatørar er viktige for nasjonal verdiskaping i framtida gjennom at dei skapar nye bedrifter og arbeidsplassar. Ein underskog av bedrifter må heile tida dyrkast fram til erstatning for dei som blir lagde ned. Det er potensial for entreprenørskap i heile landet, men potensialet varierer mellom regionane.
Det blir etablert om lag 50 000 nye verksemder i Noreg kvart år. Dei aller fleste er verksemder med få eller ingen tilsette, og det er få vekstetablerarar. Berre ein relativt liten del av gründerane har ambisjonar om å etablere bedrifter som skal konkurrere på den internasjonale marknaden. Om lag 3 prosent av føretaka står for heile 60 prosent av den samla veksten i sysselsetjinga.17
Det er regionale variasjonar i etableringsfrekvens. Tabell 6.4 og figur 6.6 syner skilnadene i ulike regiontypar. Den klart høgaste frekvensen av nyetableringar finn vi i Osloregionen, medan han er relativt lik i dei andre regiontypane. Om lag 25 prosent av entreprenørane er kvinner. Også her er det store regionale skilnader. Sørlandet og Trøndelagsfylka har den høgaste prosentdelen kvinnelege entreprenørar, medan han er lågast på Vestlandet og i indre del av Austlandet.18
Tabell 6.4 Gjennomsnittleg tal på nyetableringar per 1 000 innbyggjarar i ulike regiontypar1 i perioden 2007–2011, ekskl. offentleg sektor og primærnæringar
Osloregionen | Storbyregionar utanom Oslo | SMBy utanfor DPV | SMBy innanfor DPV | Småsenterregionar | Spreiddbygde område | Noreg | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Tal per 1 000 innbyggjarar | 13,5 | 9,4 | 8,0 | 6,8 | 7,0 | 7,2 | 9,5 |
1 Sjå boks 2.1 for omtale av inndeling i regionar.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. Utrekningar av departementet.
Etableringsfrekvensen varierer mykje mellom næringar. Med store skilnader i næringsstruktur er dette ei viktig årsak til dei regionale skilnadene i etableringsfrekvens. I store delar av dei tenesteytande næringane, som handelsverksemd, personleg tenesteyting og konsulentverksemd, er det relativt høg etableringsfrekvens. Ettersom desse næringane i stor grad er konsentrerte til byområde, er etableringsfrekvensen gjennomgåande høgare i desse områda enn i mindre arbeidsmarknader. Samstundes er det variasjonar mellom område med same folketal. Dette kan henge saman med kulturelle skilnader og at ulike område er prega av ulike tradisjonar og haldningar til entreprenørskap.
Om lag halvparten av dei nyetablerte føretaka blir borte i løpet av tre år. Det inneber at område med høg etableringsfrekvens også har høg frekvens når det gjeld avgang. Om ein ser på endringar i talet på føretak, er veksten høgare i større arbeidsmarknader enn i små.
Departementet sette i 2011 ned eit råd av gründerar som blei bedt om å føreslå tiltak for å gjere situasjonen lettare for nyetablerarar. Rapporten var ferdig i 2012 og inneheld ei rekkje interessante forslag, sjå boks 6.4.
Boks 6.4 Gründerrådet
Gründerrådet blei etablert hausten 2011 med mandat om å drøfte kva rammevilkår som er dei viktigaste for å stimulere til fleire vekstbedrifter, styrkje evna til overleving, få fleire kvinnelege gründerar og få fleire nyetableringar av folk med innvandrarbakgrunn i distrikta. Rådet skulle òg føreslå tiltak som kan betre situasjonen for nyetablerarar.
Rådet hadde fire møte og bestod av:
Alexander Kjølstad, dagleg leiar Smart-Media AS, Steinkjer
Håvard Halvorsen, dagleg leiar nLink AS, Sogndal
Sarita Sehjpal, dagleg leiar Mother India, Taste of India, Kristiansand
Jens Martin Johnsrud, dagleg leiar Stereo Skis, Sør-Odal
Jeanette Johansen, dagleg leiar Lofoten sjokolade AS, Værøy
Silje Vallestad, dagleg leiar Bipper Communication AS, Bergen
Stine Mølstad, solbærbonde og kommunikasjonsrådgjevar, Ringsaker
Andreas Wiese, mjølkebonde, Skjolden
Anders Mjåset, MESH og PramPack, Bærum
Tor Jo Meyer, dagleg leiar iGlobal Tracking AS, Nesbyen
Hovudråda frå gründerane var å
gje gründerar same velferdsrettar som lønsmottakarar
etablere eit system som gjev gründeren raskare avklaring frå verkemiddelapparatet
byte geografiske grenser med kunnskapsgrenser
gjere det meir attraktivt å investere i gründerbedrifter
leggje til rette for etablering av pollenkapitalfond (presåkorn)
byggje ein sunn gründerkultur
lage attraktive gründergulrøter
Departementet gjev i dag økonomisk støtte til entreprenørskap både direkte og via fylkeskommunane til Innovasjon Noreg, SIVA og Ungt Entreprenørskap. Fleire av verkemidla er landsdekkjande, men storparten av midlane går til aktørar i det distriktspolitiske verkeområdet.
Gründerrådet føreslo mellom anna å etablere ein internettportal der all gründerrelevant informasjon er samla. Departementet har i statsbudsjettet for 2013 løyvd midlar til dette. Innovasjon Noreg har fått i oppdrag å utvikle ei ny nettbasert teneste, i nært samarbeid med Altinn. Tenesta skal omfatte både Innovasjon Noregs eigne ordningar og annan informasjon som er nyttig for ein gründer før, under og etter etablering av ei verksemd. Målet er at det skal bli lettare å finne fram i relevant informasjon, og at gründerar skal få raskare svar på spørsmål. Satsinga må sjåast i lys av andre tiltak overfor nyetablerarar, som etablerartilskotet, mentorordninga for unge, tilbodet mange gründerar har gjennom næringshagar og inkubatorar, med meir.
Nærings- og handelsdepartementet har òg styrkt og laga ei ny innretning av den landsdekkjande ordninga med etablerartilskot som Innovasjon Noreg forvaltar. Her skal bedrifter som er etablerte for mindre enn tre år sidan, prioriterast.
På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet etablerte Innovasjon Noreg i 2011 ei eiga mentorordning for unge etablerarar (under 35 år). Sidan oppstarten har om lag 300 etablerarar fått dette tilbodet.
Det er eit mål å ha god balanse mellom kjønna på alle nivå i næringslivet. I Handlingsplanen for meir entreprenørskap blant kvinner (2008) har regjeringa som mål at kvinnedelen skal vere på 40 prosent. Den kvinneretta innsatsen har gjeve gode resultat – talet på kvinneretta prosjekt har auka sterkt. Departementet har, saman med verkemiddelaktørane, sett i gang eit arbeid for å få betre målingar av kor mykje av innsatsen som er retta mot kvinner. Kvinneretta arbeid blir vidareført, som ein integrert del av alle satsingane.
Innvandrarar har stadig meir å seie for utviklinga i folketalet. Departementet oppmodar fylka til å ta omsyn til desse sterke utviklingstrendane i planlegginga av det regionale utviklingsarbeidet. Det er òg sett i verk prøveprosjekt for fleirkulturelle verdiskaparar i Innovasjon Noreg. I tillegg vil departementet medverke til å utvikle eit nettbasert norskkurs for innvandrarar (sjå kap. 3.1.9).
I 2009 lanserte Kunnskapsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga (2009–2014). Planen har som mål å styrkje kvaliteten på og omfanget av entreprenørskapsopplæring på alle nivå og fagområde i utdanningssystemet for å medverke til innovasjon og nyskaping. Midtvegsevalueringa av planen viser at planen er godt følgd opp, og at dei aktuelle tiltaka er gjennomførte, mellom anna gjennom nye studieplassar i entreprenørskap og innovasjon og etterutdanning av lærarar i entreprenørskap. Ein nettstad for digitale verkemiddel vil bli etablert i løpet av 2013.
Ungt Entreprenørskap er ein viktig aktør for arbeidet med entreprenørskap i utdanninga og tilbyr ulike program frå grunnskule til høgare utdanning. Ungt Entreprenørskap arbeider også med program som styrkjer samhandlinga mellom nærings- og arbeidslivet og skulane og dermed gjev kunnskap om og engasjement for lokalsamfunnet tidleg i utdanningsløpet. Regjeringa har nær firedobla løyvingane til Ungt Entreprenørskap – frå 7 millionar kroner i 2005 til 26 millionar kroner i 2012.
Fotnotar
Meld. St. 1 (2012–2013) Nasjonalbudsjettet 2013.
Jakobsen, E.W. mfl. (2012). Eksport fra norske regioner - Hvorfor så store forskjeller? Menon-publikasjon nr. 2/2012.
Telemarksforskning (2012). Suksessrike distriktskommuner - ein studie av kjenneteikn ved 15 norske distriktskommunar. TF-notat nr. 303. Sjå også boks 3.1.
FAO (2012). The state of world fisheries and aquaculture 2012.
Norges Tekniske Vitenskapsakademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (2012). Verdiskaping basert på produktive hav i 2050.
Rystad Energy (2012). Internasjonal omsetning fra norske oljeserviceselskaper.
Econ Pöyry mfl. (2010). Evaluering av Innovasjon Norge. Econ R-2010-054.
Stamdal T. mfl. (2008). Kapitaltilgangen for SMB i ulike deler av landet. SNF-rapport nr. 15/08.
Oxford Research (2012). I pose og sekk?Utredning om hensiktsmessigheten ved et høyere innovasjonsinnhold i de distrikts- og regionalpolitiske virkemidlene.
Onsager, K. mfl. (2010). City regions, advantages and innovation. NIBR Report 2010:5.
Wilhelmsen, L. (2011). Innovasjon i norsk næringsliv 2006–2008. Rapporter 32/2011. Statistisk Sentralbyrå.
Onsager, K. og Gundersen, F. (2011). Regional innovasjon og næringsutvikling, NIBR-rapport 2011:12.
Econ Pöyry mfl. (2010). Evaluering av Innovasjon Norge. Econ R-2010-054.
Oxford Research (2012). I pose og sekk?Utredning om hensiktsmessigheten ved et høyere innovasjonsinnhold i de distrikts- og regionalpolitiske virkemidlene.
Jakobsen, E.W. mfl. (2012). Eksport fra norske regioner – Hvorfor så store forskjeller? Menon-publikasjon nr. 2/2012.
Reve og Sasson (2012). Et kunnskapsbasert Norge. Universitetsforlaget.
Spilling, O.R. (2000). SMB 2000 – fakta om små og mellomstore bedrifter i Norge.
Global Entrepreneurship Monitor (GEM) 2011.