Meld. St. 21 (2010–2011)

Finansmarknadsmeldinga 2010

Til innhaldsliste

1 Saker som er handsama av Finansdepartementet i 2010 etter finansieringsverksemdslova, børslova og verdipapirhandellova

Oversikta gjev opplysningar om søkjar/klagar, vedtak, heimdel, dato, saksnummer, og om det er stilt vilkår til saker som er handsama av Finansdepartementet etter reglane i finansieringsverksemdslova, børslova og verdipapirhandellova i 2010. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.

Forkortingar:

finansvl. – lov 10.juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven)

børsl. – lov 29.juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven)

vphl. – lov 29.juni 2007 nr 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)

To løyve til å driva forsikringsverksemd og endring av vilkår

29.6.2010 – 08/252

Gabler Wassum AS. Avslag søknad om fristforlenging til å ta i bruk løyve til livsforsikringsverksemd.

16.12.2010 – 08/244

Netfonds Livsforsikring AS. Avslag på søknad om utvida løyve.

Eit løyve til å driva finansieringsverksemd og endring av vilkår

18.6.2010 – 10/2538

Gjensidige forsikring BA. Løyve til omdanning til allmennaksjeselskap. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-13 andre ledd.

To vedtak i samband med finanskonsernreglane

15.12.2010 – 07/3991

DnB NOR Bank ASA. Avslag på søknad om forlenging av dispensasjon for plassering av SalusAnsvar AB i konsernstrukturen. Heimel: finansvl. § 2a-6 andre ledd femte punktum.

20.12.2010- 10/4318

DnB NOR Bank ASA. Løyve til å overta dei resterande 59. pst. av aksjane i Bank DnB NORD A/S. Vilkår. Heimel: finansvl. §§ 2a-3 og 2a-7 andre ledd.

Fem fusjonar mellom finansinsitusjonar

12.4.2010 – 09/5635

Nordito AS og PBS Holding A/S. Løyve til fusjon. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2a-14.

27.3.2010 – 10/1011

Ringerikes Sparebank, Gran Sparebank og Sparebanken Jevnaker Lunner. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-2 første ledd.

15.6.2010 – 10/1962

Fjaler Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-2 første ledd.

30.6.2010 – 10/2533

Høland Sparebank og Setskog Sparebank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-2 første ledd.

22.10.2010 – 10/3629

Sparebank 1 SR-Bank og Kvinnherad Sparebank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-2 første ledd.

Ingen vedtak om oppretting av filial og dotterselskap i utlandet

To vedtak i samband med verdipapirhandel

21.4.2010 – 09/6023

Oslo Clearing ASA. Løyve til å driva oppgjersverksemd. Vilkår. Heimel: vphl.§ 13-1første ledd.

12.5.2010 – 09/5622

OMX AB. Løyve til å eiga alle aksjane i Nord Pool ASA. Vilkår. Heimel: børsl. § 35 andre ledd.

Til forsida