6 Verksemda til Noregs Bank i 2010
6.1 Innleiing
Etter lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbanklova) § 1 første ledd skal Noregs Bank vera utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt, fremja eit effektivt betalingssystem og overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken har også viktige oppgåver innanfor kapitalforvaltning. Etter sentralbanklova § 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggja dette fram for Kongen og gjera desse dokumenta kjent for Stortinget. Årsmeldinga frå Noregs Bank for 2010 følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden, snarast mogleg etter å ha motteke papira, senda årsrekneskapen for banken, årsmeldinga frå hovudstyret, fråsegn frå representantskapet om protokollar frå hovudstyret og eventuelle fråsegner om andre forhold som gjeld banken, til Riksrevisjonen. Det følgjer òg at statsråden skal gje si utgreiing til Riksrevisjonen om korleis styringsretten som ligg hos departementet og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank, har vore nytta. Departementet sender årsrekneskapen til Riksrevisjonen når departementet har motteke han frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og i saker der ein lèt vera å instruera.
I brev 4. mars 2010 og 25. juni 2010 til departementet har Riksrevisjonen lagt til grunn at statsråden si rapportering til Riksrevisjonen om verksemda i Noregs Bank skal koma i tillegg til rapporteringa til Stortinget. Statsråden seier i brev 5. juli 2010 at han ikkje har ytterlegare merknader om verksemda i Noregs Bank utover det som går fram av Finansmarknadsmeldinga, men at form og innhald på den jamlege rapporteringa til Stortinget skal vurderast i ljos av merknaden frå Riksrevisjonen. I Dokument 3: 2 (2010-2011) held Riksrevisjonen fast ved synet sitt på rapporteringa til Riksrevisjonen. I Innst. 246 S (2010-2011) seier Kontroll- og konstitusjonskomiteen at «[k]omiteen er tilfreds med at departementet vil vurdere form og innhold i den løpende rapporteringen til Stortinget i lys av Riksrevisjonens anmodning». Departementet tek på dette grunnlaget sikte på å vurdera forma og innhaldet på rapporteringa til Stortinget i omtala av verksemda i Noregs Bank i Finansmarknadsmeldinga 2011, som vil verta lagd fram våren 2012. Rapporteringa til Riksrevisjonen vert handsama for seg.
6.2 Leiing og administrasjon
Dei øvste organa i banken er hovudstyret og representantskapet. Hovudstyret leier den utøvande og rådgjevande verksemda til banken og har sju medlemer oppnemnde av Kongen, jf. § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen nestleiar i hovudstyret. Dei vert tilsette i heildagsstilling for seks år. Dei fem andre medlemene vert oppnemnde for fire år. Når styret handsamar administrative saker, vert hovudstyret supplert med to medlemer som representerer dei tilsette i banken. Med lovendringa 19. juni 2009 nr. 47 gjekk ein over frå ei ordning med personlege varamedlemmer til oppnemning av minst to ikkje-personlege varamedlemer, jf. sentralbanklova § 9. Den første oppnemninga av ikkje-personlege varamedlemer skjedde i desember 2009, med verknad frå 1. januar 2010. Hovudstyret hadde 15 møte i 2010.
Hovudstyret har i 2010 vore sett saman slik:
Svein Gjedrem, leiar
Jan F. Qvigstad, nestleiar
Ida Helliesen
Liselott Kilaas
Brit K. Rugland
Asbjørn Rødseth
Eirik Wærness
Varamedlemer:
Gøril Bjerkan
Egil Matsen
Funksjonærrepresentantar:
Jan Erik Martinsen
Tore Vamraak
Petter Nordal (varamedlem)
Gunnvald Grønvik (varamedlem)
Frå 1. januar 2011 tok Øystein Olsen over som sentralbanksjef og leiar av hovudstyret.
Stortinget oppnemner femten medlemer til representantskapet i Noregs Bank for fire år om gongen og vel leiar og nestleiar for to år, jf. sentralbanklova § 7.
Etter sentralbanklova § 5 tredje ledd skal representantskapet føra «tilsyn med bankens drift og med at reglene for bankens virksomhet blir fulgt». Representantskapet skal mellom anna føra tilsyn med at hovudstyret har tilfredsstillande styring og kontroll med administrasjonen av og verksemda i banken, og med at det er etablert tenlege rutinar for å sikra at bankverksemda vert utøvd i samsvar med lover, avtalar, vedtak og rammeverk elles.
Representantskapet har i samsvar med sentralbanklova § 5 fjerde ledd femte punktum kome med fråsegn om protokollane frå hovudstyret, om tilsynet med banken og om saker det mottek frå hovudstyret. Fråsegna er teken inn som vedlegg til årsmeldinga og rekneskapen frå banken.
Representantskapet var i 2010 sett saman slik (personlege varamedlemer i parentes):
Reidar Sandal, leiar (Ola Røtvei)
Frank Sve, nestleiar (Tone T. Johansen)
Terje Ohnstad (Anne Grethe Kvernrød)
Eva Karin Gråberg (Jan Elvheim)
Tom Thoresen (Hans Kolstad)
Runbjørg Bremset Hansen (Camilla Bakken Øvald)
Kåre Harila (Liv Sandven)
Tormod Andreassen (André Støylen)
Gunvor Ulstein (Beate Bø Nilsen)
Morten Lund (Torunn Hovde Kaasa)
Synnøve Søndergaard (Britt Hildeng)
Reidar Åsgård (Kari-Anne Opsal)
Erland Vestli (Jan Blomseth)
Marianne Lie (Lars Gjedebo)
Monica Salthella (Frode Klemp i første halvår, deretter Lars Haakon Søraas)
Etter endringa av sentralbanklova § 30 som Stortinget vedtok på bakgrunn av framlegg frå regjeringa i Prop. 101 L (2009-2010), legg representantskapet frå og med rapporteringa for 2010 fram si utgreiing for Stortinget i form av ein eigen rapport. Departementet gjer difor ikkje nærare greie for verksemda i representantskapet her.
Noregs Bank har i brev 7. mars 2011 til Finansdepartementet gjort greie for utviklinga i ressursbruken og for arbeidet med å styrkja den interne kontrollen og risikostyringa.
Banken har dei seinare åra konsentrert verksemda om kjerneoppgåvene pengepolitikk, finansiell stabilitet og kapitalforvaltning, i tillegg til drifts- og støtteoppgåver knytte til desse funksjonane. Dette har resultert i store omstillingar dei siste ti åra.
Ved utgangen av 2010 var det i alt 589 fast tilsette i Noregs Bank, det same som ved utgangen av 2009. Talet på tilsette er redusert med om lag 600 frå siste del av 1990-talet. Reduksjonen i talet på tilsette har skjedd samstundes som ressursbruken har auka innanfor banken sitt kjerneområde. I kapitalforvaltninga har det vore ein markant auke i talet på tilsette dei siste åra. Årsaka er særleg den sterke veksten i forvaltningskapitalen i Statens pensjonsfond utland. Talet på fast tilsette i kapitalforvaltninga var 278 ved utgangen av 2010, ein auke på om lag 30 sidan 2009. Banken meiner at det kjem til å verta ein vekst i talet på tilsette i denne delen av verksemda også i åra framover.
Ifølgje banken er intern kontroll og risikostyring vesentleg for verksemda i banken og ein integrert del av det ordinære lineansvaret og leiingssystemet.
Noregs Bank skriv at utviklinga i kjerneoppgåvene til banken, og særleg innanfor forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, fører med seg auka operasjonell risiko og omdømmerisiko, noko som gjev utfordringar for banken og dei styrande organa.
Noregs Bank har sidan 2006 hatt eit revisjonsutval og sidan 2007 ein internrevisjon under hovudstyret. Etter at Stortinget vedtok endringar i revisjons- og tilsynsordningane i banken i juni 2009, er dette forankra i sentralbanklova. Hovudstyret vedtok i juni 2009 å oppretta eit kompensasjonsutval som skal medverka til at det vert ei grundig og uavhengig handsaming av saker som gjeld løns- og kompensasjonsordningane i banken. Både revisjonsutvalet og kompensasjonsutvalet er saksførebuande utval.
Hausten 2010 oppretta sentralbanksjefen ein eigen funksjon som skal arbeida for at reglar og retningsliner som gjeld for sentralbankverksemda, vert følgde, slik at banken ikkje vert utsett for økonomisk tap, sanksjonar eller tap av omdømme. I tillegg har Noregs Bank Investment Management ei eiga eining for etterleving av reglar.
For vidare omtale av ressursbruken og anna i Noregs Bank, sjå banken si årsmelding for 2010.
6.3 Arbeidet med finansiell stabilitet
6.3.1 Innleiing
Internasjonalt avdekte finanskrisa vesentlege manglar i systemet som skulle regulera og føra tilsyn med det finansielle systemet. Noregs Bank trekkjer særleg fram tre lærdomar frå krisa som har påverka Noregs Bank sitt arbeid med finansiell stabilitet i 2010:
Finanskrisa viste at bankane hadde for liten eigenkapital, for mykje kortsiktig marknadsfinansiering og for små bufferar av lett omsetjelege eigedelar.
Det er behov for nye makrotiltak som kan setjast inn ved behov. Makrotiltaka må medverka til å gjera finanssektoren meir robust, både ved å redusera risikoen for kriser og ved å gjera finansinstitusjonane betre i stand til å koma gjennom kriser.
Styresmaktene har behov for verkty for å kunna avvikla bankar på ein ryddig måte. Bankane bør syta for planar for korleis dei kan verta avvikla dersom det oppstår problem. Eigarar og kreditorar – ikkje skattebetalarane – bør ta tapa. Då vil renta på bankane sine innlån spegla den risikoen bankane tek, og ikkje ein implisitt statsgaranti.
6.3.2 Ny regulering av kapital og likviditet i bankane
Baselkomiteen for banktilsyn kom med framlegg om ny regulering av kapital og likviditet i bankar i desember 2010. Noregs Bank har saman med Finanstilsynet skrive fleire høyringssvar om forslaga til nye reglar, både til Baselkomiteen og til EU-kommisjonen. Banken har støtta ei innstramming i reglane. Reglane om kapital har banken teke til ords for å gjera endå strengare, mellom anna slik at eigarar av bankgjeld med låg prioritet ved avvikling skal kunna ta ein endå større del av tapa i samband med finansielle problem også i store bankar.
Makrotiltak har som mål å gjera finanssektoren meir robust, både ved å redusera risikoen for kriser og ved å gjera finansinstitusjonane betre i stand til å koma gjennom kriser. I eit brev til Finansdepartementet 29. november 2010 skreiv Noregs Bank at banken regelbunden vil vurdera om situasjonen i norsk økonomi tilseier diskresjonær bruk av motsykliske tiltak retta mot finanssektoren.
I periodar der veksten i kreditt i Noreg er så høg at det kan oppstå ubalansar, kan ein motsyklisk kapitalbuffer brukast til å sikra at alle bankar i Noreg byggjer opp større bufferar mot framtidige tap. Det kan også dempa kredittytinga. Utanlandske bankar har ein stor del av den norske kredittmarknaden. For at bufferkravet skal omfatta mest mogleg av kredittgjevinga i Noreg, må det også gjelda for utanlandske bankar som låner ut til norske låntakarar. Baselkomiteen har gått inn for at det bufferkravet norske styresmakter fastset, òg skal gjelda kreditt frå utanlandske bankar til norske låntakarar. Noregs Bank og Finanstilsynet understreka i eit felles høyringssvar til EU-kommisjonen kor viktig det er at kreditt frå utanlandske bankar til norske låntakarar vert underlagd det same kapitalkravet som kreditt frå norske bankar, for at tiltaket skal verka slik ein vil.
6.3.3 Noregs Bank si vurdering av tilstanden i det norske finanssystemet
For å avdekkja kor sårbart finanssystemet er, analyserer Noregs Bank mellom anna utviklinga i eigedomsprisar og gjeldsbeteningsevna til låntakarane i bankane. Modellbaserte stresstestar vert brukte til å analysera kor sterk motstandskraft bankane har mot uventa sjokk i økonomien. Noregs Bank har i 2010 også sett i gang arbeidet med å gjennomføra grundigare studiar av korleis tilstanden til bankane påverkar kredittgjevinga frå bankane, og korleis det verkar inn på realøkonomien. Noregs Bank si utlånsundersøking gjev kvalitativ informasjon om etterspurnaden etter, tilbodet av og vilkåra knytt til nye lån. I tillegg gjennomfører Noregs Bank si eiga likviditetsundersøking, der dei største bankane rapporterer om korleis dei opplever finansieringssituasjonen. I etterkant av finanskrisa har undersøkinga vorte utvida både i omfang og frekvens.
Utlånstapa i norske bankar fall markert frå 2009 til 2010, og det gjorde at innteninga vart betra. Mange norske bankar auka kapitaldekninga mot slutten av 2009 ved å henta inn ny kjernekapital. Gode resultat og auka kapitaldekning er viktige årsaker til at Noregs Bank ser på utsiktene for finansiell stabilitet som betre ved slutten av 2010 enn dei var i 2009. Slik Noregs Bank vurderer det, er risikoen for bankane i tida framover særleg knytt til uvissa om utviklinga i økonomien og på finansmarknadene internasjonalt, og til at norske husstandar er sårbare på grunn av den høge gjeldsbelastninga.
6.3.4 Framlegg til tiltak frå Noregs Bank
Korleis Noregs Bank vurderer farane for finansiell ustabilitet og meiner at dei bør motverkast, vert formidla i brev til Finansdepartementet to gonger i året i samband med offentleggjeringa av rapporten om finansiell stabilitet.
Noregs Bank kom i brev 29. november og i rapporten «Finansiell stabilitet» 2/10 med framlegg om at dei nye internasjonale standardane for kapital og likviditet i bankane vert innførte raskare i Noreg enn den internasjonale timeplanen legg opp til. Noregs Bank har dessutan saman med Finanstilsynet teke til ords for at ein ikkje bør venta med å innføra motsyklisk kapitalbuffer, og at kvart land må kunna setja kravet høgare enn den maksimale grensa Baselkomiteen har gjort framlegg om. Land som Noreg, som har hatt høg kredittvekst også etter finanskrisa, kan ha nytte av motsyklisk kapitalbuffer allereie no. Fram til dette er på plass, bør bankane, slik Noregs Bank vurderer det, påleggjast høgare kapitalkrav for å demma opp for framtidige ubalansar.
Noregs Bank varsla i 2010 at banken vil følgja nøye med på finansieringa i bankane i åra framover. Det kan verta aktuelt å leggja vekt på likviditetsstyringa i bankane når Noregs Bank skal fastsetja vilkåra for bankar som har tilgang til låneordningane i sentralbanken. For å sikra at ålmenta har tilgang til informasjon om finansieringsstrukturen i norske bankar, bør bankane også påleggjast å offentleggjera kvantitativ informasjon om finansieringa.
Det norske systemet for kriseløysing vart berre i liten grad sett på prøve under den siste krisa. Systemet Noreg fekk på plass etter røynslene med bankkrisa tidleg i 1990-åra, var bra. Strukturelle endringar og vidareutvikling av krisehandteringsverktya i andre land etter den siste finanskrisa gjer det likevel naturleg å sjå nærare på dei norske verktya og byggja på dei røynslene andre land no har gjort. Etter ein gjennomgang kom Noregs Bank med framlegg om konkrete endringar for Finansdepartementet. Finansdepartementet har sendt framlegga til Banklovkommisjonen, som frå før var beden om å sjå nærare på banksikringslova. Det har også vore høg aktivitet internasjonalt med sikte på å betra handteringa av kriser i grensekryssande bankar og i store og systemviktige bankar. I merknadene til framlegg frå EU-kommisjonen om handtering av grensekryssande bankkriser, støtta Noregs Bank forslaga til nye og betre system for kriseløysing.
6.3.5 Betalingssystemet
Noregs Bank syter for oppgjer av betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank. I tillegg overvaker Noregs Bank dei norske betalingssystema. Alle betalingar mellom bankar og mellom kundar i ulike bankar vert avrekna og gjorde opp i desse systema. Stabil drift av systema er difor særs viktig for finansiell stabilitet. Systema har fungert godt i 2010.
Noregs Bank yter lån til bankane mot pant i verdipapir. Slike lån medverkar til å effektivisera gjennomføringa av pengepolitikken og betalingsoppgjera. For å kunna nyttast som pant må verdipapira oppfylla ei rad krav. Høvet til å ta opp lån og krava til pant går fram av forskrift og retningsliner frå Noregs Bank. I februar 2010 gjorde Noregs Bank vedtak om endringar i retningslinene om pant for lån i Noregs Bank. Det vart mellom anna vedteke at bruken av verdipapir utferda av bankar som trygd for lån, skal avgrensast ytterlegare.
6.4 Utøvinga av pengepolitikken
Under dette punktet vert utøvinga av pengepolitikken i 2010 vurdert. Pengepolitikken i tidlegare år er drøfta i finansmarknadsmeldingane for dei respektive åra. Som eit grunnlag for vurderinga følgjer det først ein omtale av retningslinene for pengepolitikken. Deretter følgjer ein omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2010, og dessutan vurderingar frå nokre andre institusjonar. Departementet sine vurderingar følgjer til slutt.
6.4.1 Retningslinene for pengepolitikken
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vera eit utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt og fremja eit effektivt betalingssystem. Vidare skal Noregs Bank overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene.
Dei noverande retningslinene for pengepolitikken vart fastsetta i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jamfør boks 5.1. Nærare grunngjeving og utdjuping av retningslinene vart gjeve i St.meld. nr. 29 (2000-2001) Retningsliner for den økonomiske politikken, som vart lagd fram same dagen.
Boks 6.1 Forskrift om pengepolitikken
Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd.
I
§ 1.
Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.
Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 pst.
Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.
§ 2.
Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
§ 3.
Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet.
§ 4.
Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.
II
Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.
I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikta mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Den operative gjennomføringa av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverka til å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes medverka til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at rentesetjinga til Noregs Bank skal vera framoverretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret i Noregs Banks fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt. Vidare skal styret sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje vil påverka den underliggjande pris- og kostnadsveksten.
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverka til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vega omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Ofte er det ingen motstrid mellom desse to omsyna. Dersom det oppstår konflikt, må Noregs Bank utøva skjønn og vega desse to omsyna mot kvarandre.
6.4.2 Utøvinga av pengepolitikken i 2010
6.4.2.1 Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken
Det operative målet for pengepolitikken er at veksten i konsumprisane over tid skal vera nær 2,5 prosent, jamfør det som er sagt ovanfor. Det viktigaste verkemiddelet i pengepolitikken er styringsrenta, som er renta på bankane sine innskot over natta i Noregs Bank. I normale situasjonar har endringar i styringsrenta nokså sterkt gjennomslag i dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seia dags- og vekesrentene. Marknadsrentene med lenger løpetider er påverka av nivået på styringsrenta og av korleis marknadsaktørane forventar at styringsrenta kjem til å utvikla seg i framtida.
Hausten 2008 vart desse samanhengane forstyrra som følgje av den internasjonale finanskrisa, og tidvis fungerte ikkje pengemarknaden. Høge risikopåslag førte til at pengemarknadsrentene var mykje høgare enn marknadsaktørane sine forventningar om styringsrenta, jamfør figur 6.1. Noregs Bank og politiske styresmakter sette då i verk fleire tiltak for å betra tilhøva i penge- og kredittmarknaden, jamfør nærare omtale i kapittel 2 i denne meldinga. Noregs Bank tilførte mykje meir kronelikviditet enn normalt, både gjennom ordinære fastrentelån (F-lån) og gjennom kronetilførande valutabyteavtalar. Vidare sikra auksjonar av dollarlikviditet norske bankar naudsynt dollarfinansiering. Utover i 2009 betra situasjonen i finansmarknadene seg, og påslaga i pengemarknaden fall markert og nærma seg meir normale nivå. Noregs Bank normaliserte då likviditeten og avvikla dei ekstraordinære tiltaka ut gjennom 2009. Samstundes med at det endå ein gong braut ut uro i finansmarknadene i mai i fjor, auka skilnaden mellom tremånaders pengemarknadsrente og den styringsrenta marknadsaktørane forventa. I andre halvår i fjor heldt denne skilnaden seg på vel ½ prosenteining, dvs. høgare enn normalt og høgare enn i dei fleste andre land. Om dette skriv Noregs Bank i si årsmelding for 2010:
«Det kan òg sjå ut til at omfordelinga av likviditet i den norske marknaden fungerte dårlegare enn normalt i denne perioden. Også påslaget i dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene var i periodar høgare og svinga meir enn vanleg trass i stort overskot av likviditet i banksystemet. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at forhold knytte til sjølve NIBOR-fastsetjinga kan påverke påslaget i pengemarknadsrentene. Noregs Bank har i 2010 påpeikt overfor Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO) at regelverket for NIBOR-fastsetjinga er lite transparent og har teke initiativ til å få regelverket forbetra.»
For å dempa etterspurnaden etter sentralbanklikviditet og fremja større aktivitet i interbankmarknaden vedtok hovudstyret i Noregs Bank vidare den 15. desember 2010 ei endring i Forskrift om bankers adgang til lån og innskudd i Noregs Bank mv. Endringa opnar for eit nytt likviditetsstyringssystem der bankane berre får forrenta ei viss mengd innskot – ein kvote – til styringsrenta. Innskot utover dette blir forrenta til ei lågare rente. Ordninga blir innført 3. oktober 2011.
Forventningane til styringsrenta i marknaden er avhengig av kva aktørane trur om den økonomiske utviklinga og om sentralbanken sitt handlingsmønster i pengepolitikken. Marknadsrentene verkar inn på kronekursen, på prisane på verdipapir, på bustadprisane og etterspurnaden etter lån, på investeringar og på forbruk. Styringsrenta til Noregs Bank kan òg påverka forventningane om framtidig inflasjon og den økonomiske utviklinga. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspurnads- og produksjonstilhøva og på prisar og lønningar.
I årsmeldinga for 2010 skriv Noregs Bank mellom anna dette om fleksibel inflasjonsstyring:
«Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at det blir lagt vekt på å jamne ut svingingar både i inflasjon og i produksjon og sysselsetjing når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer bru mellom den langsiktige oppgåva for pengepolitikken, som er å halde inflasjonen låg og forankre inflasjonsforventingane, og omsynet til utjamning av utviklinga i produksjonen.»
Noregs Bank offentleggjer regelmessig analysar og vurderingar av utsiktene for økonomien. Tre gonger i året vert «Pengepolitisk rapport» publisert samstundes med renteavgjerda til hovudstyret. Her analyserer Noregs Bank den økonomiske situasjonen og gjer prognosar for den økonomiske utviklinga og for styringsrenta. Med utgangspunkt i analysen i rapporten vedtek hovudstyret den pengepolitiske strategien i form av eit intervall for styringsrenta for perioden fram til den neste pengepolitiske rapporten.
På kort og mellomlang sikt må ein i utøvinga av pengepolitikken vega omsynet til låg og stabil inflasjon opp mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. For at pengepolitikken skal vera truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank legg til grunn om den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken på rimeleg vis vega mellom dei ulike omsyna pengepolitikken skal ta. Når det er tillit til at Noregs Bank følgjer eit kjent og føreseieleg handlingsmønster, vert verknaden av pengepolitikken styrkt. Noregs Bank har utarbeidd eit sett med kriterium for kva banken meiner er ei god framtidig utvikling av renta. Det er gjort greie for kriteria i dei pengepolitiske rapportane.
Gjennomføringa av pengepolitikken krev god tilgang til informasjon om den økonomiske utviklinga. Hausten 2002 etablerte Noregs Bank eit regionalt nettverk som er samansett av føretak og offentlege verksemder, for å henta inn informasjon om utviklinga i produksjon og prisar og om planar for investeringar og sysselsetjing i tida framover. Til saman om lag 1500 kontaktar er knytte til dette nettverket. Saman med tilgjengeleg offisiell statistikk er rapportane frå det regionale nettverket ifølgje Noregs Bank ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget til banken.
6.4.2.2 Pengepolitikken i 2010
Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Utviklinga i inflasjonen, produksjonen og sysselsetjinga i 2010 er difor eit resultat av mellom anna korleis pengepolitikken var utøvd i åra før.
I 2010 vart styringsrenta heva éin gong, frå 1,75 til 2,00 prosent, jamfør tabell 6.1.
Tabell 6.1 Rentevedtaka til hovudstyret i Noregs Bank i 2010.
Rentemøte | Endring i prosenteiningar | Styringsrenta etter møtet |
---|---|---|
3. februar | 0,00 | 1,75 |
24. mars | 0,00 | 1,75 |
5. mai | 0,25 | 2,00 |
23. juni | 0,00 | 2,00 |
11. august | 0,00 | 2,00 |
22. september | 0,00 | 2,00 |
27. oktober | 0,00 | 2,00 |
15. desember | 0,00 | 2,00 |
I dei pengepolitiske rapportane fastset hovudstyret i Noregs Bank ein strategi for utviklinga i styringsrenta fram til neste rapport skal leggjast fram. Hovudstyret sin strategi frå «Pengepolitisk rapport» 3/09 var at styringsrenta burde liggja i intervallet 1¼–2¼ prosent fram til neste rapport skulle leggjast fram i mars 2010, med mindre norsk økonomi skulle verta utsett for nye store forstyrringar. Fram mot rentemøtet 3. februar tok eksporten seg noko raskare opp enn Noregs Bank hadde lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten, men dette vart motverka av svakare utsikter for petroleumsinvesteringane. Samla sett var utviklinga i produksjonen, arbeidsløysa og konsumprisane om lag som lagt til grunn av Noregs Bank. På bakgrunn av dette vedtok hovudstyret å halda styringsrenta uendra på 1,75 prosent på rentemøtet i februar, i tråd med den pengepolitiske strategien frå oktober 2009.
I tida som følgde heldt oppgangen i norsk økonomi fram, men kapasitetsutnyttinga auka ikkje så fort som Noregs Bank hadde rekna med i den pengepolitiske rapporten frå oktober 2009. Dessutan var krona sterkare og utsiktene til lønsvekst lågare. Samla sett trekte dette i retning av at Noregs Bank no såg for seg lågare prisvekst framover enn ein tidlegare hadde lagt til grunn.
Hovudstyret i Noregs Bank heldt styringsrenta uendra på rentemøtet 24. mars. I «Pengepolitisk rapport» 1/10, som vart gjeven ut same dagen, vart det lagt til grunn at styringsrenta skulle aukast gradvis i tida framover, men noko seinare enn Noregs Bank tidlegare hadde rekna med. Hovudstyret sin strategi var no at styringsrenta burde liggja i intervallet 1½–2½ prosent i perioden fram til neste rapport skulle leggjast fram i slutten av juni. Det vart teke atterhald om at norsk økonomi ikkje vart utsett for nye store forstyrringar. Rentebana i «Pengepolitisk rapport» 1/10 indikerte ei gjennomsnittleg styringsrente på 2,3 prosent i 4. kvartal 2010 og på 4,2 prosent i 4. kvartal 2012. Dette innebar ei nedjustering på knapt ½ prosenteining i forhold til rentebana frå oktober året før.
Etter at forholda hadde betra seg markert gjennom 2009 og våren 2010, blussa det på ny opp uro i dei internasjonale finansmarknadene i mai. Uroa oppstod då marknadsaktørane fekk mindre tiltru til at Hellas og einskilde andre land med svake statsfinansar ville vera i stand til å betena statsgjelda si. Rentene på statsobligasjonane til desse landa auka markert. Uroa smitta over på pengemarknadene, der risikopåslaga auka, og til aksje- og råvaremarknadene, der prisane fall. Også i Noreg auka påslaga i pengemarknaden, medan kronekursen svinga mykje.
Samstundes heldt den moderate oppgangen i norsk økonomi fram, ifølgje Noregs Bank om lag som ein hadde rekna med i den pengepolitiske rapporten frå mars. Også utviklinga i arbeidsløysa og i konsumprisane var om lag som Noregs Bank hadde venta. På rentemøtet 5. mai vedtok hovudstyret i Noregs Bank å setja opp styringsrenta med 0,25 prosenteiningar, til 2 prosent. Dette var i tråd med rentebana i den pengepolitiske rapporten. I pressemeldinga skreiv banken mellom anna: «Hensynet til å gardera oss mot risikoen for fremtidige ubalanser som kan forstyrra aktiviteten og inflasjon et stykke fram i tid, trekker i retning av at renten gradvis bringes nærmere et mer normalt nivå.» Risikoen for eit nytt tilbakeslag i Europa tala for å utsetja auken, og hovudstyret vurderte difor som eit alternativ å halda renta uendra.
På rentemøtet 23. juni vedtok Noregs Bank å halda styringsrenta uendra på 2,0 prosent. Strategien til hovudstyret, som vart lagd fram same dagen, var at styringsrenta burde liggja i intervallet 1½ – 2½ prosent fram til den neste pengepolitiske rapporten skulle leggjast fram i slutten av oktober, så lenge ikkje norsk økonomi vart råka av nye store forstyrringar. I rapporten nedjusterte Noregs Bank rentebana noko, samanlikna med bana i rapporten frå mars. Den nye rentebana indikerte ei gjennomsnittleg styringsrente på 2,0 prosent i 4. kvartal 2010 og på 3,6 prosent i 4. kvartal 2012. Det innebar ei gjennomsnittleg nedjustering på om lag ½ prosenteining frå den prognosebana som vart lagd fram i mars. I grunngjevinga for nedjusteringa peika Noregs Bank på svakare utsikter for veksten i Europa, forventningar til at rentene internasjonalt kunne verta liggjande lågare i tida framover enn ein tidlegare hadde lagt til grunn, noko lågare overslag over veksten i norsk økonomi, høgare påslag i pengemarknadene i Noreg, og at veksten i lønningane truleg ville verta noko lågare enn det banken tidlegare hadde rekna med.
Gjennom sommaren roa situasjonen i finansmarknadene seg noko. Betringa må sjåast i samanheng med ei rad tiltak som var setta i verk av EU, IMF og ECB, jamfør omtale i avsnitt 2.2. I Noreg var det ifølgje verksemdene i det regionale nettverket til Noregs Bank god vekst gjennom sommaren. Samstundes fall veksten i konsumprisane. På rentemøtet 11. august uttala hovudstyret at den nye informasjonen samla sett ikkje gav grunnlag for å avvika frå den pengepolitiske strategien. Styringsrenta vart difor halden uendra på 2,0 prosent.
Fram mot rentemøtet 22. september heldt veksten i konsumprisane fram med å minka, og ny informasjon tyda ifølgje Noregs Bank på at inflasjonen dei næraste månadene ville verta lågare enn det banken hadde lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten. Ifølgje banken såg det på den andre sida ut til at aktiviteten i norsk økonomi elles utvikla seg i tråd med dei prognosane banken hadde utarbeidd. Etter ei samla vurdering vedtok hovudstyret å halda styringsrenta uendra på 2,0 prosent.
Marknadsaktørane såg framleis ein risiko for at einskilde land i Europa ikkje ville greia å betena statsgjelda si, og prisen på å sikra seg mot misleghald av statsgjeld til desse landa låg på eit høgt nivå. Samstundes heldt veksten i norsk økonomi fram, men prisveksten var ifølgje Noregs Bank lågare enn det banken hadde sett føre seg. På rentemøtet 27. oktober vedtok hovudstyret i Noregs Bank å halda styringsrenta uendra. I «Pengepolitisk rapport» 3/10, som vart lagt fram same dagen, var strategien til hovudstyret at styringsrenta burde liggja i intervallet 1½–2½ prosent fram til neste pengepolitiske rapport i mars 2011. Strategiintervallet fram til mars 2011 var såleis det same som det var både i perioden frå mars til juni og i perioden frå juni til oktober 2010.
Rentebana i «Pengepolitisk rapport» 3/10 indikerte ei gjennomsnittleg styringsrente på 2,5 prosent i 4. kvartal 2011 og på 3,5 prosent i 4. kvartal 2012. Samanlikna med den førre pengepolitiske rapporten var rentebana nedjustert med om lag ¼ prosenteining gjennom 2011 og våren 2012, men uendra for perioden frå og med hausten 2012. Noregs Bank grunngav nedjusteringa for dei næraste kvartala mellom anna med utsikter til noko lågare prisvekst framover, og at dei no venta at rentene internasjonalt kom til å verta haldne låge lenger enn ein tidlegare hadde lagt til grunn.
Ifølgje Noregs Bank auka veksten i norsk økonomi om lag som banken hadde rekna med fram mot rentemøtet 15. desember. Også prisane utvikla seg i tråd med Noregs Bank sine vurderingar i den pengepolitiske rapporten frå oktober. I internasjonal økonomi var veksten hos fleire av dei viktigaste handelspartnarane til Noreg sterkare enn banken hadde venta, men på den andre sida peika banken på at det framleis var uvisse om utviklinga i Europa som følgje av fornya uro omkring statsfinansane til fleire land i euroområdet. Etter ei samla vurdering vedtok hovudstyret i Noregs Bank å halda styringsrenta uendra på 2,0 prosent. I pressemeldinga skreiv Noregs Bank:
«Både hensynet til å bringe veksten i konsumprisene opp mot målet og hensynet til en stabil utvikling i produksjon og sysselsetting, tilsier en lav rente (…) Hensynet til å gardere mot risikoen for fremtidige finansielle ubalanser som kan forstyrre aktiviteten og inflasjonen et stykke fram i tid, taler for at renten ikke holdes lav for lenge.»
Figur 6.4 viser endringane i prognosen for styringsrenta frå «Pengepolitisk rapport» 3/09 til «Pengepolitisk rapport» 3/10. Søylene illustrerer korleis Noregs Bank i denne perioden vurderte at ulike faktorar verka inn på inflasjon, produksjon og sysselsetjing. Gjennom 2010 nedjusterte Noregs Bank prognosen for styringsrenta og skauv den vidare oppgangen ut i tid. Både inflasjonen og veksten i norsk økonomi utvikla seg noko svakare enn banken rekna med hausten 2009. Også lågare forventningar til styringsrentene hos handelspartnarane og ei styrkt krone trekte renteprognosen ned gjennom 2009.
6.4.2.3 Nærare om utviklinga i inflasjon, produksjon, sysselsetjing, valutakurs og inflasjonsforventningar
Konsumprisane (KPI) auka i gjennomsnitt med 2,5 prosent frå 2009 til 2010. Veksten i konsumprisane i 2010 var litt høgare enn året før, då han var 2,1 prosent. Tolvmånadersveksten gjennom fjoråret varierte mellom 1,7 prosent (september) og 3,4 prosent (mars). Auken i prisane på elektrisitet medrekna nettleige stod for ein tredel av årsveksten i KPI, men også husleige for sjølveigarar og prisane på drivstoff og smørjemiddel var viktige bidragsytarar. I motsett retning trekte særleg prisane på klede og audiovisuelt utstyr. Dei siste ti åra har KPI i gjennomsnitt auka med 2,0 prosent årleg.
KPI vil ofte variera mykje frå ein månad til den neste, særleg som følgje av store svingingar i straumprisane. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst har ein freista å fjerna endringar i konsumprisane som kjem av slike forbigåande forstyrringar. Prisveksten justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) er eitt av dei måla Noregs Bank bruker som indikator for den underliggjande inflasjonen. Veksten i KPI-JAE frå 2009 til 2010 var på 1,4 prosent, 1,2 prosenteiningar lågare enn i dei to føregåande åra. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var på sitt høgaste i januar (2,3 prosent) og på sitt lågaste i september (0,9 prosent). Dei siste ti åra har KPI-JAE i gjennomsnitt stiga med 1,6 prosent per år.
I 2008 presenterte Noregs Bank ein ny indikator for underliggjande inflasjon, KPIXE. I denne indikatoren er KPI justert for avgiftsendringar og mellombels endringar i energiprisane. Bakgrunnen for å innføra denne indikatoren var at Noregs Bank meinte KPI-JAE ikkje er ein fullgod indikator for underliggjande inflasjon, ettersom ein kan oversjå trendmessige endringar i energiprisane.
Noregs Bank har i dei pengepolitiske rapportane presentert prognosar for utviklinga i både KPI, KPI-JAE og KPIXE. Noregs Bank opplyser også om utviklinga i KPI justert for frekvens av prisendringar (KPI-FV), eit trimma snitt og ein modellbasert indikator for underliggjande prisvekst (KPIM). I den pengepolitiske rapporten frå oktober 2009 la Noregs Bank til grunn at veksten i både KPI, KPI-JAE og KPIXE i 2010 ville vera 1¾ prosent. I den pengepolitiske rapporten frå oktober 2010 justerte Noregs Bank prisoverslaga til ein vekst i KPI på 2¼ prosent, ein vekst i KPI-JAE på 1½ prosent og ein vekst i KPIXE på 1¾ prosent. Figur 6.5 syner veksten i konsumprisane gjennom dei siste åra.
I årsmeldinga for 2010 skriv Noregs Bank mellom anna dette om utviklinga i inflasjonen over tid:
«Inflasjonen stabiliserte seg tidleg i 1990-åra etter å ha komme ned frå eit høgt nivå i tiåret før. Sett over tid har inflasjonen vore låg og stabil og halde seg noko under, men ganske nær 2,5 prosent (..) Dei siste ti åra har den gjennomsnittlege årlege konsumprisveksten vore 2 prosent. Avviket frå inflasjonsmålet på 2,5 prosent kjem av at økonomien tidlegare i tiåret var råka av ei rekkje gunstige forstyrringar på produksjonssida, mellom anna sterk vekst i produktiviteten, god tilgang på arbeidskraft frå andre land og lågare prisvekst på importerte varer. Det speglar seg i at veksten i norsk økonomi var sterk, samtidig som inflasjonen ein periode var lågare enn venta.»
Dersom aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken når inflasjonsmålet, vil dei venta at inflasjonen på sikt vert lik målet. I årsmeldinga for 2010 skriv Noregs Bank mellom anna:
«Tillit til at inflasjonsmålet blir nådd, er ein føresetnad for at pengepolitikken òg kan medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Inflasjonen vil ikkje vere lik målet til kvar tid, men med tillit til pengepolitikken vil den forventa prisveksten på lengre sikt vere nær inflasjonsmålet. Det er i seg sjølv med på å stabilisere inflasjonen.»
På oppdrag frå Noregs Bank gjennomfører Perduco kvartalsvise spørjeundersøkingar om mellom anna forventa inflasjon. Figur 6.7 syner utviklinga i forventa prisvekst dei siste åra. I 1. kvartal 2011 venta fagøkonomane ein konsumprisvekst på 2,7 prosent om to år, og på 2,8 prosent om fem år. Samstundes venta arbeidslivsorganisasjonane ein prisvekst på 2,6 prosent om to år og på 2,9 prosent om fem år.
Ein kan òg få informasjon om prisforventningar hos aktørane frå avkastningskurva og frå langsiktige terminrenter i rentemarknaden. På grunn av høgare inflasjonsmål i Noreg enn i euro-området, bør skilnaden mellom langsiktige terminrenter i Noreg og i euroområdet ifølgje Noregs Bank normalt liggja i området 0,5–1 prosenteining, avhengig av storleiken på risikopremiane i rentemarknaden. Gjennom 2010 var denne differansen gjennomgåande på éi prosenteining. I årsmeldinga for 2010 skriv Noregs Bank:
«Mot slutten av 2010 var dei langsiktige rentene internasjonalt uvanleg låge og truleg påverka av ukonvensjonelle tiltak frå dei store sentralbankane, mellom anna store kjøp av statspapir. Eit større avvik kan vere eit varsel om at prisforventningane i Noreg aukar meir enn det inflasjonsmålet tilseier. Samla tyder indikatorane på at det er tillit til at inflasjonen over tid vil liggje nær 2,5 prosent.»
Noregs Bank nyttar eit rekna produksjonsgap for å uttrykkja korleis dei vurderer den samla kapasitetsutnyttinga i økonomien jamført med eit normalnivå. Noregs Bank vurderte den økonomiske veksten til å vera svakare enn veksten i produksjonspotensialet gjennom 2010. Produksjonsgapet for Fastlands-Noreg i 2010 vart rekna til –¾ prosent i alle dei pengepolitiske rapportane. Figur 6.8 syner korleis Noregs Bank rekna utviklinga i produksjonsgapet og variasjonen i produksjonsgapet frå 1980 til 2010. Variasjonen er illustrert med bandet rundt produksjonsgapet. I årsmeldinga for 2010 skriv Noregs Bank at svingingane i økonomien målt på denne måten i dei siste ti åra i gjennomsnitt har vore noko mindre enn i åra kring 1990. Utslaga i produksjonen hausten 2008 og våren 2009 var likevel større enn dei hadde vore på fleire år.
Det er stor uvisse omkring utrekninga av produksjonsgapet. Det er difor ifølgje Noregs Bank nødvendig også å nytta andre indikatorar òg når ein skal vurdera kapasitetsutnyttinga i økonomien. I «Inflasjonsrapport» 3/2006 skreiv Noregs Bank mellom anna:
«Produksjonsgapet er ikke observertbart og må anslås. Det er stor grad av usikkerhet i anslagene, ikke bare for framtidig produksjonsgap, men også for produksjonsgapet i dag. Ulike beregningsmetoder kan gi ulike anslag på produksjonsgapet (..). Hver metode har sine styrker og svakheter, og det er ikke opplagt hvilken av metodene som gir det beste uttrykket for ressursknappheten. I tillegg til metodeusikkerhet, er anslag på produksjonsgapet usikkert på grunn av usikre data. (..).»
Den internasjonale finanskrisa har medverka til store svingingar i krona dei siste åra. Målt ved konkurransekursindeksen svekte krona seg med heile 18 prosent gjennom andre halvår 2008, jf. figur 6.9. Gjennom 2009 blei denne utviklinga i stor grad reversert, og ved slutten av året var krona 14 prosent sterkare enn ved starten av året. Sidan byrjinga av 2010 har krona halde seg forholdsvis stabil. Som gjennomsnitt var krona i fjor 4,2 prosent sterkare enn året før, og 2,8 prosent sterkare enn gjennomsnittet for femårsperioden 2005-2009.
6.4.3 Vurderingar frå andre om korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken
Det har kome fleire rapportar som omtalar korleis pengepolitikken i Noreg har vore utøvd i tida som har gått etter at Finansmarknadsmeldinga 2009 vart lagt fram i april 2010. Under er vurderingane i desse rapportane kort omtala:
IMF sitt oppsummerande referat frå 16. november 2010 etter at ein delegasjon frå organisasjonen hadde vitja Noreg i samband med ein Artikkel IV-konsultasjon
«Økonomisk utsyn over 2010» frå Statistisk sentralbyrå, som vart offentleggjort 17. februar 2011
«Finansielt utsyn 2011» frå Finanstilsynet, som vart lagt fram 10. mars 2011. Rapporten omtalar pengepolitikken si rolle i vurderingane av utsiktene for finansiell stabilitet.
I tillegg har ei ekspertgruppe som er oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME) ved Handelshøyskolen BI, lagt fram rapporten «Norges Bank Watch 2011». Finansdepartementet medverker til finansieringa av denne rapporten. Om utøvinga av pengepolitikken i 2010 heiter det her mellom anna:
«Overall, the committee considers the Norges Bank´s decisions to signal delays in expected future interest rate increases in the first half of 2010 were well balanced and consistent with incoming information (…).
In the committees view, Norges Bank cannot be blamed for overestimating the outlook for mainland-Norway growth at the beginning of the year. After all, the momentum in the economy had showed signs of improvement in late 2009 and the Bank´s view was consistent with consensus at that time.
(…) Indicators of economic growth picked up over the summer and in Monetary Policy Report 3/2010 forecasts for GDP growth in 2011 and 2012 were revised up. These changes pushed up the interest rate forecasts in 2012 and 2013. The committee would have expected these revisions to have contributed to a slightly higher interest rate path in 2011 as well.
Moreover, the communication associated with the faster increase in home prices after the Board meeting in December should have been less ambiguous and should have included a discussion about possible implications for monetary policy if the sharp increase were to continue (…).»
Vidare skriv Norges Bank Watch-gruppa at Noregs Bank bør halda fram med å publisera tre pengepolitiske rapportar kvart år, men samstundes vurdera å leggja fram ei oppdatering med prognosar for visse makroøkonomiske hovudstorleikar i samband med minst eitt av dei rentemøta der banken i dag ikkje legg fram nokon pengepolitisk rapport. Med den noverande timeplanen for utgjeving av pengepolitiske rapportar, bør ei slik oppdatering gjerast på det årlege møtet i desember, meiner gruppa.
Gruppa argumenterer vidare for at det bør leggjast fram offentleg referat frå hovudstyremøta som viser røystegjevinga på møta og kva for tema som vart diskuterte, utan at ein eksplisitt omtalar kven som har sagt kva. Også gruppene i 2004, 2007 og 2010 argumenterte for at Noregs Bank burde publisera møtereferat. Ifølgje årets rapport vil publisering av slike referat gje marknadsaktørane nyttig informasjon om diskusjonen rundt dei pengepolitiske avgjerdene. Det vil i sin tur gjera pengepolitikken meir transparent og truverdig, meiner gruppa. Gruppa viser mellom anna til praksisen til Bank of England, som publiserer referat som viser kva som vart diskutert, men utan å opplysa om kven som sa kva.
Årets Norges Bank Watch-gruppe meiner vidare, slik også gruppene frå 2009 og 2010 meinte, at KPIXE ikkje er ein fullgod indikator for den underliggjande inflasjonen, og at denne indikatoren ikkje bør nyttast som ein hovudindikator i utøvinga av pengepolitikken. Kritikken til gruppa knyter seg til at KPIXE vert revidert etter kvart som nye observasjonar for energiprisar vert kjende. Ifølgje gruppa kan revisjonane føra til at pengepolitikken vert mindre robust. Dessutan, meiner gruppa, er det eit problem at det er Noregs Bank sjølv som utarbeider KPIXE, og ikkje ein nøytral tredjepart, som til dømes Statistisk sentralbyrå. Gruppa skriv at KPI-JAE på bakgrunn av dette framleis bør vera hovudindikator for utøvinga av pengepolitikken, men at Noregs Bank kan nytta eit særleg skjønn i vurderingane av denne indikatoren i periodar der det er store endringar i terminprisar på energi.
Noregs Bank Watch gruppa argumenterer òg for at Noregs Bank bør gjera greie for i kva for ein grad utsiktene til den finansielle stabiliteten influerer på dei pengepolitiske avgjerdene praksis. Dei skriv mellom anna:
«Norges Bank argues that both financial stability and price stability considerations should be important when making monetary policy decisions. Yet, it is not clear to us what weight is attached to each consideration and how specific analysis and recommendations from financial stability is integrated into the actual monetary policy framework. The committee suggests that Norges Bank makes it clearer as to how the issues of major concern in financial stability influence monetary policy decisions in practice. In particular, judgment as to how the risk of future financial imbalances may (or may not) disturb activity and inflation somewhat further ahead could be more emphasized. This is in particular important in the current phase, since the model suit in Norges Bank has not yet fully incorporated financial variables.»
I IMF sitt «Concluding Statement» frå den siste Artikkel IV-konsultasjonen av Noreg, som vart lagt fram 16. november 2010, er vurderingane av pengepolitikken òg positiv:
«With inflation projected to return only gradually to the target, the current accommodative monetary stance is appropriate. Although a prolonged period of low interest rates could heighten financial vulnerabilities – notably by inducing further house price appreciation and household borrowing – this concern is best addressed by prudential measures, as these can be targeted to the sector most at risk. Indeed, the combination of low policy rates and sufficiently tight and targeted prudential policies appears most likely at the current juncture to achieve sustainable growth along with price and financial stability. In particular, low interest rates provide income relief to indebted sectors – helping to repair their balance sheets – while strong prudential standards avert a re-accumulation of excessive debt.»
Statistisk sentralbyrå peikar i «Økonomisk utsyn over året 2010» på at Noreg har klart seg betre gjennom den internasjonale økonomiske krisa enn mange av handelspartnarane. Byrået omtalar pengepolitikken som ein del av den samla stabiliseringspolitikken, og vurderer denne politikken i eit noko lenger tidsperspektiv enn berre 2010. I utsynet står det mellom anna:
«Aktiv bruk av stabiliseringspolitiske virkemidler bidro til at norsk økonomi ikke gikk inn i en dyp lavkonjunktur i 2009, slik mange av våre handelspartnere opplevde. Virkemiddelbruken under forrige oppgangskonjunktur var derimot ikke tilstrekkelig til at vi unngikk en overoppheting av norsk økonomi, særlig i 2007. I finanspolitikken bandt myndighetene seg til å holde skattenivået uforandret, noe som reduserte styringsmulighetene. Samtidig var den offentlige utgiftsveksten relativt høy. Hensynet til å nå inflasjonsmålet førte til at rentene ikke ble økt så mye som en kunne ønske ut ifra et ønske om realøkonomisk stabilisering. Dermed ble høykonjunkturen i 2007 like kraftig som på slutten av 1990-tallet, selv om finanskrisen gjorde at den ble raskere avsluttet. For å unngå at norsk økonomi blir overopphetet på et par års sikt, er det viktig å vurdere bruk av stabiliseringspolitiske virkemidler før høykonjunkturen er et faktum. Det tar en tid fra politikken endres til den får betydelig effekt på økonomien.»
I rapporten «Finansielt utsyn 2011», utgjeva 10. mars 2011, vurderer Finanstilsynet utsiktene for finansiell stabilitet. Om pengepolitikken skriv ein mellom anna:
«Penge- og finanspolitikken har blitt brukt aktivt for å motvirke effektene av finanskrisen, men stimulansene strammes gradvis til etter hvert som aktiviteten i norsk økonomi øker. Norges Bank har hevet styringsrenten tre ganger siden oktober 2009 og har signalisert ytterligere økning i 2011. Vedvarende lave renter i de store vestlige landene som følge av moderat vekst kombinert med nødvendig innstramming i finanspolitikken tilsier likevel at styringsrenten vil være lav ennå noe tid. Relativt sterk kronekurs og lav kjerneinflasjon trekker i samme retning.»
Finanstilsynet skriv vidare:
«Langvarig lav rente kan imidlertid bidra til oppbygging av risiko i husholdningssektoren. De siste årene har husholdningenes økonomi vært preget av økende gjeldsbelastning, lite nedbetaling av gjeld og høy belåningsgrad på boliglån. Disse faktorene har bidratt til å øke sårbarheten ved et økonomisk tilbakeslag, som Finanstilsynet har advart mot. Utviklingen de senere årene er til dels drevet av optimisme i husholdningene og forventninger om ytterligere prisoppgang på boliger, som har bidratt til at både gjeld og boligpriser nå er kommet opp på et meget høyt nivå. Når rentene før eller senere normaliseres eller hvis norsk økonomi får et tilbakeslag, kan det utløse et stemningsskifte som vil kunne bidra til et markert fall i boligprisene og gi betydelige innstramminger hos husholdningene. Lavere forbruk vil gi negative ringvirkninger til resten av økonomien og særlig ramme næringseiendom hardt.»
Kapittel 2 gjev ein nærare omtale av utsiktene til finansiell stabilitet i denne meldinga.
6.4.4 Departementet sine vurderingar om korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken
Retningslinene for pengepolitikken, som vart fastsett 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om retningslinene for pengepolitikken. Det ser ut til å vera tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og allment i opinionen. Innanfor retningslinene skal Noregs Bank utøva eit sakleg avgrensa skjønn. Ansvarsdelinga mellom dei politiske styresmaktene og Noregs Bank er etter departementet si meining tenleg.
Departementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken, og at dei har vist seg robuste også i samband med finanskrisa. Retningslinene gjorde det mogleg for Noregs Bank å setja rentene markert ned då inflasjonsforventningane fall og produksjonen forverra seg hausten 2008, og den ekspansive pengepolitikken har i vesentleg grad vore med på å dempa nedgangen i økonomien. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring.
I forskrifta for pengepolitikken heiter det at pengepolitikken skal sikta mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Pengepolitikken skal rettast inn mot å nå låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal samstundes stø finanspolitikken ved å medverka til å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetjing og skapa stabile forventningar om valutakursutviklinga.
Budsjettpolitikken og pengepolitikken må verka saman til ei stabil utvikling i produksjon og etterspurnad. Retningslinene for den økonomiske politikken inneber at pengepolitikken har ei klår rolle å spela i stabiliseringspolitikken. Verkemidla i pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien endrar seg.
Pengepolitikken skal vera framoverretta. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisera inflasjonen nær målet på mellomlang sikt. Den aktuelle horisonten er avhengig av kva forstyrringar økonomien er utsett for, og kva verknader slike forstyrringar har på inflasjonen og realøkonomien framover. I utøvinga av pengepolitikken i 2010 har Noregs Bank vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort til mellomlang sikt.
Utviklinga i konsumprisane i Noreg varierer mykje frå eitt år til det neste, mellom anna som følgje av store variasjonar i straumprisane. I gjennomsnitt auka konsumprisane (KPI) med 2,5 prosent i 2010, etter ein prisauke på 2,1 prosent året før. I 2010 var det prisane på elektrisitet medrekna nettleige, rekna husleige for sjølveigarar og prisane på drivstoff og smørjemiddel som trekte prisveksten mest opp. I motsett retning trekte prisutviklinga på klede og audiovisuelt utstyr. Gjennomsnittleg vekst i konsumprisane har vore 2,0 prosent dei siste ti åra og 2,3 prosent dei siste fem åra, dvs. nær inflasjonsmålet i pengepolitikken.
Når ein skal vurdera prisutviklinga over tid, er det utviklinga i samla KPI som er det sentrale målet. Når ein skal vurdera inflasjonen i dag og utsiktene for den vidare prisveksten, gjer KPI, slik han ser ut i augneblinken, likevel ikkje det beste vurderingsgrunnlaget. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst freistar ein å fjerna endringar i konsumprisane som kjem av mellombels forstyrringar som ein bør sjå bort frå ved fastsetjinga av renta, jamfør det som er sagt ovanfor. Noregs Bank har nytta konsumprisane justerte for avgiftsendringar og ikkje medrekna energivarer (KPI-JAE) som ein indikator for den underliggjande inflasjonen sidan hausten 2001. For å ta omsyn til den trendmessige utviklinga i energiprisane gjennom dei siste åra har Noregs Bank i tillegg utvikla indikatoren KPIXE. Ingen av måla gjev eit fullgodt bilete av den underliggjande inflasjonen. Det er difor ein styrke at Noregs Bank nyttar informasjon frå fleire indikatorar. Noregs Bank reknar sjølv ut KPIXE, og offentleggjer prisveksten målt med denne indikatoren same dagen som KPI vert publisert. Veksten i KPI-JAE var på 1,4 prosent i 2010, 1,2 prosenteiningar lågare enn året før. Gjennomsnittleg tolvmånadersvekst i KPIXE er utrekna til 1,8 prosent i 2010.
Forventningane til inflasjonen nokre år fram i tid ser ut til å vera godt forankra i inflasjonsmålet. Dette tyder på at det er brei tillit til at pengepolitikken over tid kjem til å gje ei prisstiging i samsvar med inflasjonsmålet, jamfør avsnitt 5.3.2 ovanfor. Slik tillit gjer det også lettare for Noregs Bank å medverka til stabilitet i produksjon og sysselsetjing, jamfør forskrifta for pengepolitikken.
Noreg har klart seg betre enn dei fleste andre land gjennom finanskrisa og det økonomiske tilbakeslaget internasjonalt dei siste åra. Det er truleg fleire grunnar til det. Saman med ein næringsstruktur som denne gongen var gunstig i møte med finanskrisa, medverka truleg penge- og finanspolitikken vesentleg til å stabilisera utviklinga. Som følgje av at dei aller fleste bustadlåna i Noreg er lån med flytande rente, gav Noregs Bank sine rentereduksjonar frå hausten 2008 til sommaren 2009 seg raskt utslag i auka kjøpekraft. Veksten i BNP for Fastlands-Noreg i 2010 var på 2,2 prosent. Saman med ein auke i etterspurnaden frå hushalda og offentleg sektor trekte ein moderat oppgang i bedriftsinvesteringane aktiviteten i fastlandsøkonomien opp gjennom 2010. Veksten i BNP for Fastlands-Noreg har no vore positiv i fem kvartal på rad. Arbeidsløysa er låg, både samanlikna med andre land og i eit noko lenger tidsperspektiv.
Som følgje av betra utsikter for norsk økonomi var Noregs Bank blant dei første sentralbankane internasjonalt som auka renta att etter finanskrisa. Banken byrja med å setja opp renta i oktober 2009, og har varsla at renta kjem til å verta sett opp gradvis i tida framover. Samstundes er situasjonen i mange andre land slik at rentene truleg kan verta verande på eit lågt nivå enno ei stund. Det påverkar i sin tur handlingsrommet når det gjeld Noregs Bank si eiga rentesetjing. Uroa i finansmarknadene internasjonalt førte til at skilnaden mellom tremånaders pengemarknadsrente og den styringsrenta marknadsaktørane forventar har vore høgare enn normalt. Skilnaden i Noreg har dessutan vore høgare enn i mange andre land. Dette var ein viktig grunn både for Noregs Bank sitt initiativ overfor finansnæringa om å betra regelverket for NIBOR-fastsetjinga, og for vedtaket banken gjorde om å endra likviditetsstyringssystemet for å dempa etterspurnaden etter sentralbanklikviditet og fremja auka aktivitet i interbankmarknadene. Sistnemnde ordning vil verta innført 3. oktober 2011.
Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverka til stabilitet i kronas internasjonale verdi og til å stabilisera forventningane om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. I samsvar med dette er det ikkje fastsett noko bestemt mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel innverknad på rentesetjinga, for ho påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten, open økonomi som den norske.
Det har vore store endringar i verdien av den norske krona i samband med uroa på finansmarknadene dei siste åra. Målt med konkurransekursindeksen svekte krona seg med heile 18 prosent gjennom andre halvår 2008. Gjennom 2009 vart størsteparten av kronesvekkinga reversert, og ved slutten av året var krona 14 prosent sterkare enn ved byrjinga av året. Krona heldt seg etter måten stabil gjennom 2010.
Pengepolitikken og finanspolitikken må verka saman for å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetting. Ei særnorsk høg rente kan føra til at krona styrkjer seg, noko som særleg kjem til å ramma det konkurranseutsette næringslivet. Regjeringa har varsla at finanspolitikken må kome raskt attende til fireprosentbana for bruken av oljeinntekter når økonomien tek seg opp att. Ei slik utvikling vil isolert sett dempa presset på konkurranseutsette verksemder.
Tydeleg kommunikasjon om intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken medverkar òg til å stabilisera forventningane om valutakursutviklinga. Publisering av Noregs Bank si eiga bane for renta framover er ein viktig del av denne kommunikasjonen.
Det går føre seg faglege drøftingar og mykje økonomisk forsking internasjonalt om ein gjennom pengepolitikken kunne ha gjort meir for å hindra oppbygginga av bobler på bustad- og aksjemarknadene dei siste åra, jamfør rapporten frå Norges Bank Watch 2010 og Finansmarknadsmeldinga for 2010. Utviklinga i gjeld, formuesprisar og den evna låntakarar har til å betala gjelda, er med i grunnlaget for Noregs Bank si rentesetjing, men er ikkje sjølvstendige mål for pengepolitikken. Sentralbanken har uttala at banken, for å ta omsyn til at moglege ubalansar i formuesprisane kan forstyrra aktiviteten og inflasjonen eit stykke fram i tid, vil kunna ha eit langt tidsperspektiv for når ein skal nå inflasjonsmålet. På den andre sida kan ein neppe venta at pengepolitikken åleine vil kunne hindre bobler i eigedomsprisar, og både internasjonalt og i rapporten frå det norske Finanskriseutvalet blir det peikt på at ein bør sjå på rommet for å nytta andre verkemeddel. Vi viser også til kapittel 3 i denne meldinga for ei drøfting av arbeidet med makrotilsyn og finansiell stabilitet.
Det er viktig for hushalda og andre aktørar i økonomien at kommunikasjonen frå Noregs Bank si side er klår når det gjeld kva vurderingar som ligg til grunn for renteavgjerdene, og korleis ein vurderer den framtidige renteutviklinga, slik at ein kan tilpassa seg dette på ein tenleg måte. Praksisen Noregs Bank har følgt sidan hausten 2005 med å offentleggjera sin eigen renteprognose, har hatt ein positiv verknad i denne samanhengen. Internasjonalt har ein lagt merke til Noregs Bank på grunn av den vekta banken legg på ein god og open kommunikasjon med omverda knytt til dei vurderingane som ligg til grunn for utøvinga av pengepolitikken, og banken har vidareutvikla dette også i seinare tid. Noregs Bank skriv mellom anna kva styret har lagt vekt på i vurderingane som ligg bak renteavgjerdene, og om ein har vurdert andre alternativ for renta. Det er opp til Noregs Bank å avgjera om banken ønskjer å publisera referat, og det er ulik praksis blant sentralbankar internasjonalt på dette feltet.
Etter å ha auka styringsrenta to gonger i 4. kvartal 2009 med til saman 0,50 prosenteining, auka Noregs Bank renta vidare med 0,25 prosenteining i mai, til 2,0 prosent. Styringsrenta vart deretter liggjande uendra på dette nivået ut året. Rentebana til Noregs Bank indikerer at renta vil verta sett vidare opp, til 2,5 prosent som gjennomsnitt for 4. kvartal 2011 og vidare til 3,9 prosent i 4. kvartal 2012. Styringsrentene internasjonalt er framleis på låge nivå, men det er venta at også dei gradvis vil verta sette opp i tida framover.
I 2010 var veksten i konsumprisane akkurat på inflasjonsmålet, medan den underliggjande inflasjonen var noko lågare. Inflasjonsforventningane har halde seg stabile gjennom finanskrisa, og det ser ut til å vera brei tillit til inflasjonsmålet. I utøvinga av pengepolitikken i 2010 har hovudstyret i Noregs Bank på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2010.
6.5 Kapitalforvaltning
6.5.1 Innleiing
Ved utgangen av 2010 forvalta Noregs Bank midlar for i alt 3 342 mrd. kroner på dei internasjonale kapitalmarknadene. Brorparten av midlane galdt Statens pensjonsfond utland, som vert forvalta på vegner av Finansdepartementet. Banken forvaltar også sine eigne internasjonale reservar. Statens petroleumsforsikringsfond, som banken har forvalta på vegner av Olje- og energidepartementet, vart avvikla ved utgangen av 2010. Midlane frå Statens petroleumsforsikringsfond vart då overførte til pensjonsfondet, jf. Stortinget sitt lovvedtak 34 (2010-2011).
6.5.2 Dei internasjonale reservane til Noregs Bank
Dei internasjonale reservane til Noregs Bank er sett saman av valutareservane og krav overfor det internasjonale valutafondet (IMF). Valutareservane utgjorde 84 prosent av dei totale internasjonale reservane. Marknadsverdien av valutareservane i rekneskapen, etter frådrag for innlån i valuta, var 259 milliardar kroner ved utgangen av 2010. Valutareservane skal kunna brukast til intervensjonar på valutamarknaden som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken, eller ut frå omsynet til finansiell stabilitet. Hovudstyret i Noregs Bank fastset retningsliner for korleis valutareservane skal forvaltast, og har delegert til sentralbanksjefen å gje utfyllande reglar på ein del område.
Reservane er delte inn i ein pengemarknadsportefølje og ein investeringsportefølje. I tillegg er det ein petrobufferportefølje som skal samla opp midlar for overføring av valuta til Statens pensjonsfond utland. Pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen inneheld berre renteinvesteringar, medan investeringsporteføljen har ein aksjedel på 40 prosent og ein rentedel på 60 prosent.
Investeringsporteføljen utgjer den største delen av valutareservane, og var ved utgangen av 2010 på 225 milliardar kroner. Målet for forvaltninga av investeringsporteføljen er høg avkastning på lang sikt, men porteføljen skal også kunna brukast for å nå pengepolitiske mål eller ut frå omsynet til finansiell stabilitet dersom det vert vurdert som naudsynt. Det er fastsett eit forventa nivå for kor mykje den faktiske porteføljen kan avvika frå referanseporteføljen.
Hovudstyret vedtok i 2010 nye retningsliner for plassering av investeringsporteføljen. Basert på røynslene frå finanskrisa var det naudsynt å betra likviditetsgraden. Referanseindeksen for obligasjonar vart endra slik at han no berre inneheld statlege verdipapir og verdipapir utferda av internasjonale organisasjonar med høgaste kredittvurdering, denominert i fire valutaer (amerikanske dollar, japanske yen, euro og britiske pund). Allokeringa til aksjar vart halden på 40 prosent, men dei minst likvide marknadene vart fjerna, og dei regionale vektene vart erstatta av globale marknadsvekter. Ein gjekk òg over frå ei maksimal ramme på 1,5 prosentpoeng forventa relativ volatilitet til eit forventa nivå på 1,0 prosenteiningar.1
Avkastninga på investeringsporteføljen for 2010 var på 8,7 prosent, målt i den valutakorga som svarer til samansetjinga av referanseporteføljen. Målt i norske kroner var avkastninga på 6,5 prosent. Dei siste ti åra har den årlege nominelle avkastninga vore på 4,8 prosent, rekna i valutakorga for referanseporteføljen. Etter frådrag for forvaltningskostnader og prisauke har netto realavkastning lege på 2,8 prosent per år. Forvaltninga gav i 2010 ei meiravkastning på 1,32 prosentpoeng målt i forhold til kva ein ville fått ved å investera i referanseporteføljen.
Hovudstyret har vedteke at den maksimale eigardelen i eitt einskilt selskap skal vera 5 prosent, rekna som del av aksjar med røysterett. Med eigardel er det meint investeringar i eigenkapitalinstrument som gjev ein direkte tilgang til sjølv, eller gjennom andre, å utøva røysterett i selskap. Det same gjeld for avtalar som gjev rett til å oppnå ein slik eigarposisjon. Noregs Bank sine investeringar er ikkje strategiske, berre finansielle. Hovudstyret har fastsett felles retningsliner for utøving av eigarskap i valutareservane og i Statens pensjonsfond utland.
Pengemarknadsporteføljen er plassert i kortsiktige pengemarknadsinstrument, i hovudsak i sikra utlån til godkjende internasjonale bankar og i statssertifikat med løpetid på opptil eitt år. Porteføljen skal vera plassert slik at han på kort varsel kan brukast som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken eller ut frå omsyn til finansiell stabilitet. I tillegg vert pengemarknadsporteføljen brukt til å møta dei internasjonale skyldnadene til Noregs Bank, mellom anna transaksjonar med IMF og lån til einskildland. Hovudstyret vedtok i 2010 nye retningsliner for pengemarknadsporteføljen. Det vart bestemt at storleiken på porteføljen skulle vera mellom tilsvarande 2 og 3 milliardar SDR. Samstundes vart det vedteke at plasseringar i statspapir skulle ha ei gjenståande løpetid på opptil eitt år. Hovudstyret vedtok at referanseporteføljen skulle vera samansett av 50 prosent amerikanske dollar og 50 prosent euro. Porteføljen skulle setjast saman av over natta pengemarknadsindeksar og statssertifikatindeksar. Nye retningsliner førte til at midlar tilsvarande 31 milliardar kroner vart overførte frå pengemarknadsporteføljen til investeringsporteføljen 31. mars 2010.
Det er fastsett rammer for kor mykje den faktiske pengemarknadsporteføljen kan avvika frå referanseporteføljen. Grensa for forventa relativ volatilitet er sett til 1,0 prosenteiningar, rekna ut med ein modell som tek omsyn til historiske svingingar på marknadene. Forventa relativ volatilitet vart i gjennomsnitt rekna ut til 0,11 prosentpoeng i 2010. For året 2010 var avkastninga på porteføljen 0,70 prosent, målt i valutakorga til referanseporteføljen, medan referanseporteføljen gav ei avkastning på 0,63 prosent. Ein stor del av den positive meiravkastninga på 0,07 prosentpoeng har si årsak i at valutasamansetjinga av den faktiske porteføljen var noko ulik valutasamansetjinga av referanseporteføljen i første kvartal 2010. Ved utgangen av 2010 var pengemarknadsporteføljen på 24,3 milliardar kroner (2,7 milliardar SDR), ein reduksjon på 27,3 milliardar kroner (3,0 milliardar SDR) frå utgangen av 2009.
Petrobufferporteføljen tek imot midlar ved at Noregs Bank får overført bruttoinntekter i valuta frå Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE). I tillegg kjøper Noregs Bank i periodar valuta direkte på marknaden for å kunna dekkja det beløpet som skal setjast av til Statens pensjonsfond utland (SPU). Ved utgangen av 2010 var porteføljen på 15,5 milliardar kroner. Normalt vert det overført midlar frå bufferporteføljen til SPU kvar månad, med unnatak for desember, då det ikkje er noka overføring. Det vil seia at porteføljen ved slutten av året vanlegvis er større enn gjennomsnittsverdien ved slutten av andre månader (etter overføring). For året 2010 har petrobufferporteføljen hatt ei avkastning på –2,34 prosent målt i norske kroner.
Krava overfor IMF femner om SDR (Special Drawing Rights), reserveposisjonen og bilaterale lån frå Noreg til IMF. Noregs Bank har fått tildelt 1 563 millionar SDR frå IMF. Noregs Bank har inngått ein avtale med IMF om frivillige kjøp og sal av SDR som inneber at den faktiske behaldninga av SDR skal vera på mellom 782 og 2 345 millionar SDR. Ved utgangen av 2010 var behaldninga 1 594 millionar SDR, som svarer til 14 461 millionar kroner (basert på valutakursen 31. desember 2010). Reserveposisjonen i IMF utgjorde 3 546 millionar kroner. Noreg har inngått to låneavtalar med IMF. Noregs Bank har inngått ein avtale som gjev IMF høve til å trekkja opptil 3 000 millionar SDR for å finansiera dei generelle låneordningane deira. Finansdepartementet har inngått ein avtale om å stilla lånemidlar til disposisjon for IMF sine låneordningar for låginntektsland innanfor ei ramme på 300 millionar SDR. Ved utgangen av 2010 hadde IMF trekt til saman 296 millionar SDR under desse avtalane.
6.5.3 Statens pensjonsfond utland
Noregs Bank står for den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond utland på vegner av Finansdepartementet. Forvaltningsoppdraget er regulert av eit eige mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland. Ved utgangen av 2010 var marknadsverdien av fondet 3 077 milliardar kroner, før frådrag for forvaltningshonorar til Noregs Bank.
Finansdepartementet overførte i 2010 til saman 182 milliardar kroner til Statens pensjonsfond utland. Finansdepartementet har fastsett ein strategisk referanseportefølje av aksjar og obligasjonar. Referanseporteføljen er sett saman av aksjeindeksar for 46 land og obligasjonsindeksar i 11 valutaer. Referanseporteføljen uttrykkjer oppdragsgjevaren sin investeringsstrategi for fondet og er eit viktig utgangspunkt for å styra risikoen i den operative forvaltninga og for å vurdera resultata av forvaltninga i Noregs Bank. Finansdepartementet har sett grenser for kor mykje den faktiske porteføljen kan avvika frå referanseporteføljen. Fondet hadde i 2010 ei avkastning på 9,62 prosent, målt i den valutakorga som svarer til samansetjinga av referanseporteføljen. Det er dette avkastningsmålet som best viser utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Målt i norske kroner var fondsavkastninga på 9,49 prosent. Rekna i valutakorga for fondet var avkastninga på aksjeporteføljen 13,34 prosent, medan renteporteføljen hadde ei avkastning på 4,11 prosent. Sidan 1998 har den årlege nominelle avkastninga vore 5,04 prosent rekna i valutakorga for fondet. Etter frådrag for forvaltningskostnader og prisauke har netto realavkastning vore 3,05 prosent per år.
Avkastninga i 2010 var 1,06 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseporteføljen. Renteporteføljen sitt bidrag til meiravkastninga var på 0,63 prosentpoeng, og aksjeporteføljen sitt bidrag var på 0,42 prosentpoeng. For ein meir detaljert presentasjon av forvaltninga i 2010 vert det vist til meldinga om Statens pensjonsfond (Meld. St. 15 (2010-2011)), som vart lagd fram 8. april 2011.
I mars 2010 fekk Noregs Bank mandat til å investera i eigedom gjennom Statens pensjonsfond utland. Mot slutten av 2010 vart den første investeringa gjord kjent. Investeringa vart underteikna i januar 2011 og gjev rettar i ein portefølje i handlegata Regent Street i London. Dette er den første investeringa i eigedelar fondet gjer som ikkje er notert på nokon marknadsplass. Slike investeringar vert truleg viktigare i åra som kjem. Hausten 2010 vedtok hovudstyret ein ny strategiplan for Noregs Bank Investment Management (NBIM) som skal gjelda i åra frå 2011 til 2013. I planen er det skissert ein investeringsstrategi der Noregs Bank tek større ansvar for avkastninga i fondet, ikkje berre for meiravkastninga samanlikna med referanseindeksane. Støttefunksjonane rundt investeringsverksemda skal forenklast, mellom anna ved å samordna fleire av støttesystema mellom ulike investeringsklasser.
Finansdepartementet offentleggjorde eit nytt mandat for kapitalforvaltninga i Noregs Bank mot slutten av året. Noregs Bank praktiserer ein aktiv eigarskap for å tryggja og byggja finansielle verdiar for framtidige generasjonar. Banken fremjar aksjonærrettar og arbeider for betre samfunnsmessige og miljømessige forhold i dei selskapa banken investerer i. Eigarskapsutøvinga i Noregs Bank er forankra i prinsippa som er uttrykte i SN (Dei sameinte nasjonane) sitt «Global Compact» og i prinsippa vedtekne av OECD.
6.6 Rekneskap og budsjett
6.6.1 Nye rekneskapsreglar for Noregs Bank og Statens pensjonsfond utland
Ved lovendring 19. juni 2009 vart sentralbanklova endra i tråd med forslaget frå departementet i Ot.prp. nr. 58 (2008-2009) om ny rekneskaps- og revisjonsordning o.a. for Noregs Bank. Lovendringa inneber mellom anna at departementet er gjeve kompetanse til å fastsetja forskrift om rekneskapsreglar for Noregs Bank og SPU.
Departementet fastsette 1. januar 2011 ny forskrift om årsrekneskap o.a. for Noregs Bank. Forskrifta omfattar desse hovudelementa:
Noregs Bank får plikt til å utarbeida årsrekneskap og årsmelding i tråd med reglane i rekneskapslova som gjeld for store føretak, på grunnlag av internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS), jf. rekneskapslova § 3-9.
Årsrekneskapen for Noregs Bank skal omfatta rekneskapsrapportering for SPU. Det er fastsett nokre særlege krav til opplysningar om SPU i årsrekneskapen.
Det er stilt opp nokre særlege krav til rekneskapsrapporteringa frå Noregs Bank når det gjeld plasseringar for SPU (i note til årsrekneskapen og eventuelle kvartalsrapportar om SPU).
Etter rekneskapslova § 3-9 skal børsnoterte føretak utarbeida årsrekneskap etter internasjonale rekneskapsstandardar vedtekne av EU-kommisjonen og innlemma i EØS-avtalen (IFRS). Andre rekneskapspliktige kan velja mellom å følgja IFRS eller dei andre reglane i rekneskapslova. For bankar er det eigne rekneskapsreglar i forskrift til rekneskapslova. Desse reglane inneber i det vesentlege at bankar må utarbeida rekneskap etter innreknings- og målereglane i IFRS.
Det er fleire moment som etter departementet si vurdering tilseier at Noregs Bank bør påleggjast å utarbeida rekneskap etter IFRS, mellom anna at det vert stilt krav om bruk av IFRS eller IFRS-tilpassa forskrifter for norske bankar. Òg omsynet til at rekneskapsrapporteringa for SPU bør skje etter ein standard som er kjend i mottakarlanda for fondsinvesteringane, talar for dette.
På bakgrunn av dette krev rekneskapsforskrifta at Noregs Bank skal følgja IFRS i samband med rapporteringa om plasseringar for SPU (i forskrifta vert omgrepet «investeringsporteføljen» brukt). IFRS skal også følgjast ved rekneskapsrapportering for andre delar av verksemda til Noregs Bank, med to unnatak:
Ved oppstilling av finansiell stilling (balanse) i årsrekneskapen skal SPU sin kronekonto og motverdien av denne kontoen førast på ei line (vidareføring av dagens praksis).
Dersom Noregs Bank opprettar dotterselskap for å eiga aktiva som ledd i forvaltninga av SPU, skal slike dotterselskap konsoliderast inn i rekneskapsrapporteringa for SPU. Desse dotterselskapa inngår difor på lina for SPU sin kronekonto og motverdien av denne kontoen ved oppstilling av finansiell stilling (balanse) i årsrekneskapen til Noregs Bank.
Mandatet gjeve av Finansdepartementet for Noregs Bank si forvaltning av SPU inneheld rapporteringskrav som supplerer krava til rekneskapsrapportering i rekneskapsforskrifta.
Statens pensjonsfond utland er eit innskot på konto i Noregs Bank. Midlane vert forvalta av Noregs Bank i samsvar med forvaltningsmandat gjeve av Finansdepartementet. Kapitalforvaltninga utgjer ein monaleg del av verksemda i Noregs Bank, og det er hovudstyret i banken som står ansvarleg overfor departementet når det gjeld å sikra at måla som er fastsette i mandatet, vert nådde. Dei underliggjande juridiske forholda talar difor for at det bør rapporterast om forvaltningsverksemda i rekneskapen til Noregs Bank. Ut frå ei slik vurdering vil det ikkje vera tenleg å krevja at det også skal avleggjast ein eigen rekneskap for investeringsporteføljen. Departementet viser til at åtskilde rekneskapar for SPU vil kunna gje opphav til ulike løysingar innanfor dei prinsippbaserte reglane etter IFRS. Det vil vera uheldig om Noregs Bank i ulike offentlege dokument må gje motstridande opplysningar om dei same faktiske forholda. Departementet har på bakgrunn av dette kome fram til at det skal krevjast rapportering om SPU i note til rekneskapen for Noregs Bank, men at relevante utdrag frå denne rekneskapen skal takast med i ein eigen årsrapport for SPU.
I Meld. St. 15 (2010-2011) er det gjeve ein nærare omtale av dei nye rekneskapsreglane, medrekna ei oversikt over særlege krav til rekneskapsrapporteringa for SPU.
6.6.2 Rekneskap og budsjett for 2010
Rekneskapsprinsippa for Noregs Bank er vedtekne av representantskapet, som rapporterer direkte til Stortinget, jf. sentralbanklova § 30. Dei prinsippa som er vedtekne av representantskapet, vert lagde til grunn ved utarbeidinga av årsrekneskapen.
Netto internasjonale reservar er den dominerande eigedelen i Noregs Bank, når vi ser bort frå Statens pensjonsfond utland, som ikkje har innverknad på resultatet til Noregs Bank. Noregs Bank har ei rentefri gjeld i form av setlar og mynt i omløp. I tillegg har banken innanlandske innskot frå staten og frå bankar. Denne samansetjinga av balansen vil normalt gje ei positiv avkastning over tid. Årsaka er særleg at banken har ein eigenkapital i tillegg til gjeld i form av setlar og mynt i omløp. Blant eigedelane har banken i hovudsak plasseringar som gjev avkastning.
Det forholdet at eigedelane i hovudsak er plasserte i valuta, medan gjelda er i norske kroner, gjev ein valutakursrisiko som krev tilstrekkeleg eigenkapital.
Tabell 6.2 Noregs Bank sine eigedelar per 31. desember 2010. Millionar kroner.
2010 | 2009 | ||
---|---|---|---|
Utanlandske finansielle eigedelar: | |||
Aksjar | 12 | 92 324 | 74 618 |
Utlånte aksjar | 12,14 | 1 566 | 8 445 |
Obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 12 | 117 412 | 107 392 |
Utlånte obligasjonar | 12,14 | 24 830 | 18 135 |
Innskot i utanlandske bankar | 897 | 4 345 | |
Utlån | 13 | 53 764 | 50 437 |
Finansielle derivat | 15 | 26 | 364 |
Fordringar overfor Det internasjonale valutafondet | 16 | 18 009 | 17 434 |
Sum internasjonale reservar | 17 | 308 829 | 281 170 |
Andre fordringar i utanlandsk valuta | 16,20 | 6 729 | 2 336 |
Sum andre utanlandske fordringar | 6 729 | 2 336 | |
Sum utanl. finansielle eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond utland | 315 557 | 283 506 | |
Innanlandske finansielle og andre eigedelar: | |||
Utlån til bankar o.a. | 21 | 60 543 | 75 929 |
Andre fordringar i utanlandsk valuta | 0 | 16 | |
Andre fordringar i norske kroner | 22 | 7 848 | 6 876 |
Sum innanlandske finansielle eigedelar | 68 391 | 82 821 | |
Varige driftsmidlar | 23 | 1 516 | 1 604 |
Gullsamling | 291 | 291 | |
Sum andre innanlandske eigedelar | 1 807 | 1 895 | |
Sum innanlandske finansielle og andre eigedelar | 70 197 | 84 716 | |
Sum eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond utland | 385 754 | 368 222 | |
Plasseringar for Statens pensjonsfond utland | 30 | 3 074 461 | 2 636 815 |
Sum eigedelar | 3 460 215 | 3 005 037 |
Kjelde: Noregs Bank.
Tabell 6.3 Gjeld og eigenkapital for Noregs Bank per 31. desember 2010. Millionar kroner.
2010 | 2009 | |
---|---|---|
Utanlandsk gjeld: | ||
Innskot i bankar | 4 | 4 |
Innlån i utanlandsk valuta | 14 433 | 8 905 |
Motteken kontanttrygd | 17 893 | 16 733 |
Obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 1 492 | 340 |
Finansielle derivat | 213 | 297 |
Anna gjeld i utanlandsk valuta | 1 357 | 2 197 |
Motverdien av tildelte spesielle trekkrettar | 14 176 | 14 156 |
Sum utanlandsk gjeld | 49 567 | 42 632 |
Innanlandsk gjeld: | ||
Setlar og mynt i omløp | 53 929 | 54 303 |
Innskot frå statskassa | 136 851 | 138 036 |
Innskot frå bankar o.a. | 79 894 | 80 308 |
Anna gjeld i norske kroner | 582 | 662 |
Sum innanlandsk gjeld | 271 256 | 273 309 |
Sum gjeld ekskl. Statens pensjonsfond utland | 320 823 | 315 941 |
Innskot på kronekonto Statens pensjonsfond utland | 3 074 461 | 2 636 815 |
Sum gjeld | 3 395 284 | 2 952 756 |
Eigenkapital: | ||
Kursreguleringsfond | 63 985 | 51 298 |
Annan eigenkapital | 946 | 983 |
Sum eigenkapital | 64 931 | 52 281 |
Sum gjeld og eigenkapital | 3 460 215 | 3 005 037 |
Kjelde: Noregs Bank.
Inntektene til Noregs Bank er i hovudsak renter og eventuelle netto kursgevinstar frå plasseringar i valuta. Kursgevinstar skriv seg frå valutakursendringar, aksjekursendringar og renteendringar som påverkar obligasjonskursane. Resultatet for Noregs Bank er avhengig av utviklinga i desse parametrane, og dei kan gje store årlege svingingar i resultatet.
For 2010 viser resultatet for Noregs Bank eit overskot på 12,6 milliardar kroner, mot eit underskot på 7,6 milliardar kroner i 2009. Styrkinga av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane har ført til at valutabehaldninga omrekna til norske kroner gjev eit tap på kursregulering på valuta på i alt 5,1 milliardar kroner i 2010, mot 53,1 milliardar kroner i 2009. Gevinstar og tap som skriv seg frå endra kronekurs, har ingen innverknad på den internasjonale kjøpekrafta til valutareservane. Kursendringa på dei internasjonale verdipapirmarknadene i 2010 har gjeve ein gevinst på 9,4 milliardar kroner, mot 32,7 milliardar kroner i 2009. Renteinntekter og utbyte av plasseringar i utlandet utgjer 7,6 milliardar kroner, som er 0,3 milliardar kroner meir enn i 2009. Renter betalte til statskassa var på 0,8 milliardar kroner i 2010. I 2009 utgjorde dei totale rentekostnadene til statskassa 2,6 milliardar kroner.
Kursreguleringsfondet var på 51,3 milliardar kroner ved utgangen av 2009. Etter resultatdisponering for 2010 utgjer kursreguleringsfondet 64,0 milliardar kroner. Finansdepartementet har fastsett kor mykje Noregs Bank kan setja av til kursreguleringsfond for å møta endringar i valutakursar og verdipapirprisar. Storleiken på dei internasjonale reservane og dei innanlandske fordringane ved årsskiftet gjev grunnlag for å setja av opptil 106,5 milliardar kroner i kursreguleringsfondet.
Den totale balansen for Noregs Bank er på 3460,2 milliardar kroner. Statens pensjonsfond utland er integrert i rekneskapen for Noregs Bank og utgjer om lag 89 prosent av balansen. Statens pensjonsfond utland sitt kroneinnskot er ein gjeldspost for Noregs Bank og utgjer ved utgangen av året 3074,5 milliardar kroner. Motverdien av kroneinnskotet vert investert av Noregs Bank i ein øyremerkt portefølje i utlandet. Oppnådd avkastning på den internasjonale porteføljen vert tilført kronekontoen i fondet. Kostnadene som Noregs Bank har i samband med forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, vert dekte av Finansdepartementet innanfor ei øvre grense.
Tabell 6.4 Resultatrekneskapen for Noregs Bank for 2009 og 2010. Millionar kroner.
2010 | 2009 | |
---|---|---|
Renteinntekter og utbyte | 7 580 | 7 328 |
Verdiendring av finansielle instrument | 9 449 | 32 734 |
Kursreguleringar på valuta | –5 106 | –53 089 |
Resultat internasjonale reservar | 11 923 | –13 027 |
Utbyte av aksjar i BIS | 56 | 22 |
Resultat av andre utanlandske finansielle instrument | 146 | 8 854 |
Resultat av innanlandske finansielle instrument i valuta | –256 | –3 609 |
Resultat av innanlandske finansielle instrument i norske kroner | 1 282 | 3 131 |
Resultat av renteinnt./kostnader knytte til staten, bankar m.m. | 245 | –2 054 |
Resultat av anna finansiell verksemd | 1 473 | 6 344 |
Sum resultat av finansiell verksemd | 13 396 | –6 683 |
Resultat av plasseringar gjorde av Statens pensjonsfond utland | 255 375 | 195 177 |
Tilført kronekonto frå Statens pensjonsfond utland | –255 375 | –195 177 |
Forvaltningsgodtgjersle til Statens pensjonsfond utland | 2 959 | 3 228 |
Andre driftsinntekter | 151 | 104 |
Sum driftsinntekter | 3 110 | 3 332 |
Personalkostnader | –799 | –892 |
Avskrivingar | –114 | –167 |
Andre driftskostnader | –2 944 | –3 197 |
Sum driftskostnader | –3 857 | –4 256 |
Netto driftskostnader | –747 | –924 |
Årsresultat | 12 649 | –7 607 |
Overført frå kursreguleringsfond | 0 | 7 567 |
Overført frå annan eigenkapital | 37 | 40 |
Sett av til kursreguleringsfond | –12 686 | 0 |
Sum disponert | –12 649 | 7 607 |
Kjelde: Noregs Bank.