8 Verksemda til Folketrygdfondet i 2010
8.1 Innleiing
Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har som oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Noreg (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna forvaltingsmandat som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet for Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Den finansielle målsetjinga for Statens obligasjonsfond er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til meininga med fondet om å medverka til auka likviditet på, og betre kapitaltilgang til, kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Finansdepartementet følgjer opp Folketrygdfondet si forvaltning av dei to fonda gjennom kvartalsvise møte.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 15 (2010-2011) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2010, der departementet også gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 8.4 i denne meldinga.
Folketrygdfondet skal for 2010 utarbeida ein årsrapport og halvårsrapport om forvaltninga av SPN, i tillegg til ein årsrapport om forvaltninga av Statens obligasjonsfond. Årsrapportane frå Folketrygdfondet følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 15 (2010-2011).
I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet, etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det totalt sett økonomisk mest fordelaktige tilbodet fekk tilslaget, peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltninga av SPN. Det er òg inngått ein avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltninga av SPN er i samsvar med forskrift og retningsliner som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.
Departementet har i ei eiga forskrift fastsett nærare reglar om korleis rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert SPN, skal førast, jf. forskrift 10. november 2008 nr. 1264 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet inkludert Statens pensjonsfond Noreg. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 24. mars 2011.
8.2 Leiing og administrasjon
Folketrygdfondet skal ha eit styre på ni medlemer, med personlege varamedlemer, jf. lov om Folketrygdfondet § 8. Samansetjinga av styret i Folketrygdfondet i 2010 går fram av tabell 8.1.
Tabell 8.1 Styremedlemene i Folketrygdfondet i 2010. Varamedlemer i parentes.
Når oppnemningstida er omme | 30. juni 2012 | 15. mai 2014 |
---|---|---|
Norvald Mo (Ottar B. Guttelvik) | Erik Keiserud, styreleiar (Wenche Nistad) | |
Ingvild Myhre (Øyvind Bøhren) | Mai-Lill Ibsen, nestleiar (Bernt Arne Ødegaard) | |
Tor Mikkel Wara (Terje Søviknes) | Marianne Hansen (Petter Bjerksund) | |
Reidar Viken (Camilla B. Øvald) | Anne Gine Hestetun (Oddbjørg Starrfelt) | |
Arne Skauge (Merete Haugli) |
Ved behandling av administrative saker vert styret supplert med ytterlegare éit medlem og éin observatør som vert valde av og blant dei tilsette. Tilsettevalde representantar er Bjarne Andersson og Henning Lund.
Styret i Folketrygdfondet har i 2010 for første gong oppretta eit revisjonsutval, sett saman av Mai-Lill Ibsen (leiar), Marianne Hansen og Arne Skauge.
Ved utgangen av 2010 hadde Folketrygdfondet 42 tilsette, det same som året før. Kvinner utgjorde 43 prosent. Leiargruppa i Folketrygdfondet bestod ved årsskiftet av åtte personar, av dei fire kvinner.
I årsmeldinga av 17. mars 2011 har styret i Folketrygdfondet gjort greie for styrearbeidet i 2010. Det er halde åtte styremøte i 2010. I meldinga frå styret vert det peika på at det gjennom 2010 har vore arbeidd mykje med investeringsstrategi og profil, vurderingar av risiko og utøving av eigarskap. Styret ser kontrollsystema i Folketrygdfondet som gode, og det er ikkje avdekt vesentlege operasjonelle feil i drifta.
8.3 Nærare om Statens pensjonsfond Noreg
Marknadsverdien til SPN var ved utgangen av 2010 134,9 mrd. kroner, som er 17,8 mrd. kroner høgare enn ved inngangen til året. Verdien av aksjane i SPN utgjorde ved årsskiftet 87,9 mrd. kroner.
Realiserte porteføljeinntekter utgjorde 7 879 mill. kroner. Av dette utgjorde renteinntekter 2 434 mill. kroner, utbyte 2 443 mill. kroner, netto realiserte gevinstar 3 375 mill. kroner og andre porteføljeinntekter –374 mill. kroner. Netto urealiserte gevinstar var på 10 024 mill. kroner. Forvaltningskostnadene utgjorde 91 mill. kroner, og dei vert dekte ved at godtgjersla til Folketrygdfondet vert trekt frå bruttoavkastninga i SPN.
I 2010 var avkastninga av SPN 15,3 prosent målt nominelt i kroner, og det gode resultatet kjem særleg av den svært gode utviklinga på aksjemarknaden i fjor. Folketrygdfondet oppnådde i 2010 betre resultat enn referanseindeksen for norske aksjar og obligasjonsinvesteringar. Meiravkastninga vart 0,56 prosentpoeng, det vil seia 0,56 prosentpoeng høgare avkastning enn avkastninga på referanseindeksen.
Styret i Folketrygdfondet peikar i årsmeldinga for 2010 på at dei vurderer det slik at det strukturelle rammeverket som no er etablert, er tenleg for dei oppgåvene Folketrygdfondet er sett til å ta seg av.
I årsmeldinga for 2010 peikar styret på at Folketrygdfondet vert vurdert til å ha eit godt risikostyringssystem for forvaltninga av SPN jamført med beste praksis. Dei fastsette risikorammene ligg etter styret si vurdering på eit forsvarleg nivå, og den forventa relative volatiliteten har i 2010 lege innanfor dei fastsette rammene.
Ekstern revisor for Folketrygdfondet, Ernst & Young, har gjeve revisjonsmelding for 2010. Ifølgje meldinga er årsrekneskapen for SPN levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit rett bilete av den økonomiske stillinga til SPN per 31.12.2010 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.
Ei nærare vurdering av Folketrygdfondets si forvaltning av SPN er gjeven i Meld. St. 15 (2010-2011).
8.4 Nærare om Statens obligasjonsfond
8.4.1 Innleiing
Statens obligasjonsfond vart oppretta i mars 2009 med ei ramme på 50 mrd. kroner. Meininga med fondet er å medverka til auka likviditet og betre kapitaltilgang på kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Statens obligasjonsfond er eit generelt verkemiddel overfor obligasjonsmarknaden, der fondet saman med andre investorar vil kjøpa obligasjonslån som er lagde ut av norske føretak både på førstehandsmarknaden og på andrehandsmarknaden.
Folketrygdfondet er ansvarleg for forvaltninga av Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet, med eit mandat separat frå mandatet for Statens pensjonsfond Noreg. Finansdepartementet fastsette 18. mars 2009 ei forskrift om forvaltninga av Statens obligasjonsfond som slår fast at fondet skal ha ei klår finansiell målsetjing. Forskrifta vart oppdatert og erstatta av eit nytt mandat 21. desember 2010 i samband med endringar i det formelle rammeverket for SPN, jf. Meld. St. 15 (2010-2011).
Folketrygdfondet er ansvarleg for å gjera dei einskilde investeringsvala innanfor dei retningslinene som er gjevne. Fondet skal gjera einskildinvesteringar på forretningsmessig grunnlag, uavhengig av Finansdepartementet, og legg heller ikkje investeringsavgjerdene fram for Finansdepartementet på førehand.
Investeringane skal skje på marknadsmessige vilkår, og risikoen skal vera spreidd på ei rad utferdarar i fleire sektorar. Kravet om marknadsmessig prising er viktig for at investeringane i Statens obligasjonsfond skal vera i samsvar med dei føresetnadene som vart lagde til grunn då lovforslaget vart fremja. Dette er òg avgjerande for å gå klår av EØS-reglane om ulovleg statsstøtte.
8.4.2 Plasseringane
Det har vore eit kraftig fall i rentenivået sidan Statens obligasjonsfond vart etablert vinteren 2009, og kredittpåslaga på verdipapir i norske kroner er no monaleg reduserte samanlikna med toppnivået som vart nådd under finanskrisa. Dette gjev lågare kostnader for norske føretak som ønskjer å finansiera verksemda si gjennom den norske kredittobligasjonsmarknaden, samanlikna med det som var tilfellet i 2009.
Ved utgangen av 2010 var 9,3 mrd. kroner av den samla ramma på 50 mrd. kroner plasserte på obligasjonsmarknaden. Det var investert i totalt 69 ulike lån, og om lag halvparten av investeringane var lån til selskap innanfor bank- og finanssektoren. 78,2 prosent av dei investerte midlane er lån som er gjevne til selskap som har høg eller moderat kredittkvalitet («investment grade»), medan 21,8 prosent er lån som er gjevne til selskap med lågare kredittkvalitet («non-investment grade»). Ein vesentleg del av investeringane er gjorde på førstehandsmarknaden, og denne delen i kvar emisjon har variert mellom 5 og 60 prosent.
Ved utgangen av 2010 var marknadsverdien av eigedelane i Statens obligasjonsfond 51,3 mrd. kroner, som er 0,7 mrd. kroner høgare enn ved utgangen av 2009. Utviklinga i marknadsverdien i 2010 var i stor grad prega av ei gradvis normalisering på kredittobligasjonsmarknaden og lågare rentepåslag. Styret i Folketrygdfondet peikar i årsmeldinga på at det vart ein sterk auke i aktiviteten på obligasjonsmarknaden i 2010, og med ein meir velfungerande marknad vart det også mindre behov for å delta i nyemisjonar frå Statens obligasjonsfond si side.
Avkastninga av Statens obligasjonsfond var i fjor på 7,6 prosent målt i forhold til nivået på dei investerte midlane, rekna som ei tidsvekta avkastning.
Folketrygdfondet orienterte i brev til departementet av 4. januar 2011 om ei obligasjonsinvestering i Statens obligasjonsfond som gjorde at fondet vart sitjande med aksjar i ein kort periode. Departementet har i brev til Folketrygdfondet presisert at ein ikkje har merknader til at Statens obligasjonsfond, som følgje av selskapshendingar, på generelt grunnlag i kortare periodar kan verta sitjande med finansielle instrument utanfor det investeringsuniverset ein har tillate, dersom det er nødvendig av omsyn til dei finansielle interessene til fondet. Departementet vil vurdera å presisera dette i mandatet for Statens obligasjonsfond.
Mandatet for Statens obligasjonsfond slår fast at Folketrygdfondet innan utgangen av 2013 skal leggja fram ein plan for avvikling av fondet.
8.5 Nærare om særlovselskapet Folketrygdfondet
Administrasjonskostnadene til Folketrygdfondet utgjorde 99,7 mill. kroner i 2010. Dei samla administrasjonskostnadene var om lag på same nivå som i 2009. Overførte forvaltningshonorar frå SPN utgjorde 90,9 mill. kroner, eller 0,077 prosent av inngåande forvaltningskapital i 2010. Dette er innanfor ramma som er fastsett av departementet.
Årsrekneskapen for Folketrygdfondet for 2010 viser eit overskot på 2,2 mill. kroner. Av dette er det gjort framlegg om at 1,2 mill. kroner vert sett av til utbyte til staten, jf. Prop. 1 S (2009-2010). Folketrygdfondet sin eigenkapital var 31. desember 2010 på 26,2 mill. kroner, mot 25,3 mill. kroner ved utgangen av 2009.
Ekstern revisor for Folketrygdfondet konkluderer i si revisjonsmelding for 2010 med at årsrekneskapen for Folketrygdfondet er avgjeven i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit korrekt bilete av den økonomiske stillinga per 31.12.2010 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.
Revisor har for året 2010 fått i oppdrag å gjennomføra eit attestasjonsoppdrag knytt til internkontrollsystemet i Folketrygdfondet og om Folketrygdfondet har følgt reglane som er gjevne i lov om Folketrygdfondet og i forskrift, utfyllande retningsliner og forvaltningsavtale fastsette av Finansdepartementet. Revisor konkluderer i attestasjonsfråsegna si, datert 10. mars 2010, med at ein ikkje har fått kjennskap til forhold som gjev grunn til å tru at Folketrygdfondets internkontrollsystem ikkje i det alt vesentlegaste er i samsvar med internasjonalt anbefalt praksis. Revisor konkluderer også med at ein ikkje har fått kjennskap til tilhøve som gjev grunn til å tru at det har skjedd vesentlege brot på reglane som er gjevne i lov om Folketrygdfondet og i forskrift, utfyllande retningsliner og forvaltningsavtale fastsette av Finansdepartementet, jf. omtale i Meld. St. 15 (2010-2011).