7 Verksemda til Finanstilsynet i 2010
7.1 Innleiing
Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Finanstilsynet skal, ifølgje finanstilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gje Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare vert det gjeve ei nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga frå Finanstilsynet ligg ved denne meldinga som utrykt vedlegg.
Etter § 1 i finanstilsynslova fører Finanstilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, som omfattar forretnings- og sparebankar, kredittføretak, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsselskap, forsikringsformidlarar, børsar og andre regulerte marknadsplassar. Etter finanstilsynslova § 1 nr. 14, jf. verdipapirhandellova § 15-1, har Finanstilsynet ansvar for å føra tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og med at reglane i verdipapirhandellova vert følgde. Finanstilsynet har også ansvar for å føra kontroll med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 8-1, kontroll med inkassoverksemd etter inkassolova § 30, kontroll med forvaltning av verdipapirfond etter verdipapirfondlova § 8-2, tilsyn med revisorar og revisjonsføretak etter finanstilsynslova § 1 nr. 9, tilsyn med sjøtrygdelag, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 12, og tilsyn med føretak som driv låneformidling, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 7. Finanstilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter finanstilsynslova § 1 nr. 18. Finanstilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kredittinstitusjonar og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei tilfella slikt tilsyn ikkje vert ført av styresmaktene i heimlandet. Det vert dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.
Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på eit føremålstenleg og trygt vis og i samsvar med lover og føresegner og det føremålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføra tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granska rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane, og elles gjera dei undersøkingane om stillinga og verksemda deira som Finanstilsynet finn naudsynt, jf. finanstilsynslova § 3.
7.2 Leiing og administrasjon
Styret i Finanstilsynet har etter lova det overordna ansvaret for verksemda i Finanstilsynet, og behandlar mellom anna viktige fagsaker i samband med forskrifter og konsesjonar, budsjett og tiltaksplanar. Styret har fem medlemer. Medlemene og varamedlemene vert oppnemnde av Finansdepartementet for ein periode på fire år.
Slik var styret sett saman ved utgangen av 2010:
Advokat Endre Skjørestad, leiar
Assisterande direktør Vivi Lassen, nestleiar
Professor Hilde C. Bjørnland, styremedlem
Professor Mette Bjørndal, styremedlem
Tidlegare banksjef Harald Indresøvde, styremedlem
Førsteamanuensis Beate Sjåfjell, første varamedlem
Avdelingsdirektør Jostein Skaar, andre varamedlem
Direktør i Noregs Bank, Birger Vikøren, er observatør. Direktør Arild J. Lund er vararepresentanten hans.
Finanstilsynet fekk nytt styre 1. mars 2010, og den nye styreleiaren, Endre Skjørestad, vart oppnemnd frå 15. april 2010. Den førre styreleiaren, Finn Hvistendahl, fungerte som styreleiar til den nye leiaren tok over. Tidlegare banksjef Harald Indresøvde vart oppnemnd som styremedlem frå 26. mars 2010. Noregs Bank sin observatør i styret, Birger Vikøren, hadde permisjon fram til 15. april 2010. Direktør i Noregs Bank, Arild J. Lund, var observatør fram til då, og assisterande direktør i Noregs Bank, Sindre Weme, var vararepresentant i denne perioden.
To representantar som er valde av og blant dei tilsette, supplerer styret når administrative saker skal behandlast. Frå februar 2009 har desse representert dei tilsette:
Seniorrådgjevar Marit Sletta
Spesialrådgjevar Knut Godager
Vararepresentantar var seniorrådgjevar Øyvind Jenssen, internasjonal koordinator Nina Moss og seksjonssjef Lone Tudborg Lakhan.
Ved utgangen av 2010 var det 261 fast tilsette i Finanstilsynet, mot 246 ved utgangen av 2009. Av dei fast tilsette er 52 pst. kvinner. Blant dei tilsette har 89 pst. høgare utdanning.
Likestillingsarbeidet i Finanstilsynet er forankra i arbeidsmiljø- og likestillingsutvalet. Ein eigen tillitsvald for likestilling møter fast i utvalet. Utvalet behandlar jamleg lønsstatistikk for kvar stillingsgruppe og for heile Finanstilsynet for å følgja med på utviklinga i likeløn, som er eit prioritert område i den interne lønspolitikken. Utvalet behandlar òg andre spørsmål om likestilling. Likestillingshandlingsplanen til tilsynet, som vart vedteken i februar 2007, er laga på grunnlag av eit breitt likestillingsomgrep. Såleis gjeld han òg mellom anna etnisk bakgrunn, funksjonshemming og alder.
Sentralt i løns- og personalpolitikken til Finanstilsynet står tiltak for å rekruttera, utvikla og halda på medarbeidarar med høg kompetanse innanfor tilsynsområda. Det er viktig at Finanstilsynet har den kompetansen som trengst for å utføra oppgåvene på ein god og effektiv måte.
Ved utgangen av 2010 hadde Finanstilsynet 66 medarbeidarar med lang røynsle (normalt meir enn fem års arbeid) frå bransjane under tilsyn. Utskiftingsprosenten blant medarbeidarane var ni i 2010, mot seks i 2009.
7.3 Nærare om verksemda
7.3.1 Arbeidet med finansiell stabilitet
Finanstilsynet har lang røynsle med å vurdera finansiell stabilitet. Allereie i 1994 vart det etablert eit program for makroøkonomisk overvaking av risiko i det finansielle systemet. Her vert utviklinga i konjunkturar og på marknader, i tillegg til endringar i strukturen på finansmarknaden, følgd tett. Finanstilsynet har kvart halvår sidan 1995 utarbeidd oversyn over risikofaktorar som også omfattar makroøkonomiske forhold og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet. Overvaking av systemrisiko er ein naudsynt del av den jamlege tilsynsverksemda. Rapportane har vore sende til Finansdepartementet og Noregs Bank sidan 1995. Sidan 2002 har vurderingane vore offentleggjorde gjennom den årlege rapporten «Tilstanden i finansmarkedet». For å spegla betre at rapporten også ser framover, heiter han frå 2011 «Finansielt utsyn». Hausten 2010 utarbeidde tilsynet også halvårsrapporten «Finansielle utviklingstrekk», noko ein legg opp til å føra vidare.
I tillegg til ein gjennomgang av tilstand og utvikling i dei viktigaste institusjonane under tilsyn, vert det i rapportane peika på dei viktigaste risikoområda som Finanstilsynet følgjer med på. I rapportane offentleggjorde i 2010 trekte ein i omtala av internasjonal økonomi særleg fram at uvissa knytt til den vidare økonomiske utviklinga har auka. Finanskrisa utløyste i mange land behov for statleg kapitaltilførsel til bankane. Dette forsterka statlege gjeldsproblem, og dersom statar i neste omgang ikkje kan betena gjelda si, vert private bankar og andre investorar som har gjeve dei lån, ramma. Det vart i mai 2010 gjennomført ei undersøking av kva eksponeringar dei norske bankane og forsikringsselskapa hadde mot dei mest gjeldsutsette landa i euro-området (Hellas, Irland, Portugal, Spania og Italia). Ein fann at eksponeringa var lita, og faren for direkte smitteverknader på finansmarknaden i Noreg vart halden for å vera avgrensa. Moglege indirekte effektar på grunn av auka finansieringskostnader for bankane vart følgde nøye.
Analysar og jamlege undersøkingar av lån til næringseigedom og skipsfart vert nytta på ulike vis i tilsynsarbeidet, og har mellom anna vore lagde til grunn for Finanstilsynet sine tematilsyn i bankar.
For å medverka til ei meir robust bustadfinansiering fastsette Finanstilsynet i mars 2010 retningsliner for god utlånspraksis for bustadføremål. Her vart det gjeve retningsliner både for lånegrad og for gjeldsbelastning. Dette makrotilsynsverkemiddelet medverkar til å stogga nye stabilitetsproblem som kan følgja av høgt nivå på gjeld og bustadprisar. Hausten 2010 vart dei 30 største bankane bedne om å gjera greia for i kva grad dei følgjer opp retningslinene. Dette vart òg følgd opp gjennom Finanstilsynet si bustadlånsundersøking same hausten. Vidare oppfølging av desse retningslinene, i første omgang gjennom stadlege tilsyn, men om naudsynt også med andre verkemiddel, er ei viktig oppgåve for Finanstilsynet i arbeidet med å sikra finansiell stabilitet i 2011 og i åra framover.
Hausten 2010 bad Finanstilsynet sju store bankar gjennomføra stresstestar basert på makroøkonomiske scenario for utviklinga i norsk økonomi i perioden 2010–2013. Scenarioa er utarbeidde av Noregs Bank og er samansette eit basisscenario og eit stresscenario. Bruken av felles makroøkonomiske scenario gjer det lettare å samanlikna stresstestresultat på tvers av bankane. Resultata av stresstestane vart offentleggjorde på samla nivå i rapporten «Finansielt utsyn» i mars 2011 og synte at dei berekna tapa for bankane var låge også i stresscenarioet. Finanstilsynet gjennomfører også meir detaljerte stresstestar av bankane sine utlån til næringslivet, og desse testane vert nytta i samband med tilsyn og risikovurderingar.
Finanstilsynet har i løpet av 2000-talet medverka, mellom anna gjennom fleire tematilsyn, til at bankane gradvis har betra si likviditetstyring. Sidan 2008 har Finanstilsynet ytterlegare intensivert overvakinga av likviditetssituasjonen på finansmarknadene og i institusjonane. Oppfølginga vert gjord gjennom stadlege tilsyn, analysar, oppfølging av rapporteringa på likviditetsområdet, i møte med dei største bankane og gjennom annan tett kontakt. På likviditetsområdet er det nært samarbeid mellom Finanstilsynet og Noregs Bank.
Finanstilsynet har i lengre tid rekna ut ulike likviditetsindikatorar for bankane. Den langsiktige likviditetsindikatoren som vert berekna på konsernnivå, har felles trekk med det føreslegne kravet til langsiktig finansiering. Berekningsstudiar for å analysera verknaden av forslaga til nye likviditetskrav for eit utval norske bankar, syner at kravet til langsiktig, stabil finansiering kan verta meir utfordrande enn kravet til likviditetsbuffer.
Finanstilsynet følgjer det internasjonale arbeidet med dei kvantitative likviditetskrava og vil gje tilrådingar om dei bør innførast tidlegare for norske finansinstitusjonar enn i EU. Tilrådingane vert gjevne på grunnlag av den rapporteringa som er sett i verk for 2011, og den endelege utforminga av det internasjonale regelverket.
Bankane sin risiko og soliditet vert mellom anna følgd gjennom stadlege tilsyn, Finanstilsynet si vurdering av bankane sine eigne kapitalberekningar (ICAAP) og ulike analyser. I tillegg vert bankane følgde gjennom den regulære rapporteringa. I vurderingane av kapitalkravet for kvar bank byggjer Finanstilsynet på risikoen i kvar einskild bank og på risikoen i økonomien som heilskap. I vurderingane av kapitaltilhøva i kvar einskild bank legg ein såleis vekt på både den risikoen banken står andsynes som følgje av den makroøkonomiske utviklinga, og den risikoen for økonomien og marknadene som bankane kan skapa gjennom si samla framferd. Ein studie av utslaga i eit utval norske bankar av internasjonale forslag til nye kapitalkrav syner at endringane vil ha liten innverknad. Årsaka er at det allereie i dag er stilt restriktive krav til kva som kan telja med i kjernekapitalen. Finanstilsynet vil halda kontakt med tilsynsstyresmaktene i dei andre nordiske landa med sikte på ei samordning av tilpassingar til dei nye kapitalkravsreglane. Finanstilsynet vil gje tilråding til Finansdepartementet i 2011 om naudsynt tilpassing av norske lover og reglar.
Finanstilsynet vil halda fram med å utvikla arbeidet med finansiell stabilitet og makrotilsyn, og vil byggja vidare på det samarbeidet som er etablert mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet.
7.3.2 Tilsyn med bankar og finansinstitusjonar
Stadleg tilsynsverksemd er viktig for å kunna identifisera problemområda i einskildbankar og for å koma i dialog med leiinga og styret så tidleg som mogleg. Finanstilsynet nyttar ein risikobasert tilsynsmetodikk. Det inneber at mest ressursar vert nytta på tilsyn av dei mest systemviktige bankane og på dei områda som til kvar tid vert rekna som mest risikofylte.
Ved gjennomføring av dei stadlege tilsyna vert det nytta risikomodular som er utvikla av Finanstilsynet på grunnlag av internasjonale tilsynsstandardar. Modulane er rammeverk for å kartleggja risikotilhøve og risikonivå i føretaka, og korleis føretaka styrer og kontrollerer risikoane. For bankar vert det nytta modular for kredittrisiko, marknadsrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko, og ein modul for overordna styring og kontroll.
I 2010 vart det gjennomført 70 stadlege tilsyn i bankar og finansieringsføretak. Elleve av tilsyna galdt kvitvaskingsregelverket, og ni galdt bankane si kapitaldekningsrapportering. Talet omfattar også seks IT-tilsyn, åtte tematilsyn knytte til investeringsrådgjeving og eitt tilsyn knytt til søknad om godkjenning av interne modellar for utrekning av kredittrisiko og operasjonell risiko.
Eit viktig tema for tilsynsverksemda har elles vore uvissa knytt til dei økonomiske utsiktene internasjonalt og moglege negative ringverknader for norsk økonomi. Finanstilsynet har lagt vekt på at bankane på grunn av dette bør halda ved lag ein god kapitalbuffer. I samband med dei stadlege tilsyna har Finanstilsynet også uttala at bankane i tida framover må vera budde på skjerpa kvantitative krav til likviditet. I Finanstilsynet si overvaking av dei største bankane har det i tillegg vore lagt vekt på risikoen knytt til shipping, Baltikum og finansiering av oppkjøp.
7.3.3 Tilsyn med forsikringsselskap og pensjonsføretak o.a.
7.3.3.1 Livsforsikringsselskap
Det vart gjennomført fire stadlege tilsyn i livsforsikringsselskap i 2010, og av dei var eitt tilsyn IT-tilsyn. Tilsyna vart gjennomførte med utgangspunkt i risikomodulane som er utarbeidde for å dekkja ulike risikoområde i forsikringsselskapa.
I tilsyna vart det lagt vekt på styrings- og kontrollsystem på overordna nivå. Blant saker som vart tekne opp ved tilsyna, var manglande dokumentasjon og forankring av strategiar, retningsliner og rutinar på forsikringsområdet og kapitalforvaltningsområdet. Det vart også peika på manglande vurdering av om dei tilsette og leiinga var skikka, manglande registrering av forsikringsagentar og manglande rutinar i oppfølginga av forsikringsavtalelova. Det vart reist kritiske spørsmål ved delar av organiseringa av eitt selskap, mellom anna om tilleggsoppgåver for ansvarshavande aktuar.
7.3.3.2 Pensjonsføretak
I 2010 vart det gjennomført tematilsyn på kapitalforvaltningsområdet i åtte større pensjonskasser. Systema for styring og kontroll vart vurderte til å vera tilfredsstillende i desse pensjonskassene. Andsynes fleire pensjonskasser peika Finanstilsynet på veike sider ved strategi, rammestruktur, skilje mellom forvaltarfunksjonar og kontrollfunksjonar, stresstestar og prosessar knytte til dei, handlingsreglar ved brot på overordna risikorammer, overvaking av interne retningsliner/lovkrav og styrerapportering. Røynslene frå tematilsyna vart oppsummerte i ein samlerapport som er tilgjengeleg på nettstaden til Finanstilsynet.
7.3.3.3 Skadeforsikringsselskap
I 2010 vart det gjennomført stadlege tilsyn i fem skadeforsikringsselskap, eitt skadebehandlingsføretak og eitt rekneskapsføretak. I tillegg vart det gjennomført eit felles nordisk IT-tilsyn hos skadeforsikringsselskapet If.
I samband med dei stadlege tilsyna peika Finanstilsynet mellom anna på brot på minimumskrava til kapitaldekning og solvensmarginkapital, manglande strategi og forretningsplan, manglande definisjon av styret sin risikotoleranse og manglande styring og kontroll med utkontraktert verksemd. Finanstilsynet streka under kor viktig det er at styret og leiinga har eit aktivt forhold til risiko- og kapitalstyringsprosessen. Andre tilhøve som ein peika på, var knytte til innføring av system og kompetanse, vesentleg utviding av aktivitetsområdet utan at det var godt nok dokumentert, manglande dokumentasjon av lovpålagd revisjon og manglande kartlegging av operasjonell risiko.
7.3.3.4 Forsikringsformidlingsføretak
Det vart gjennomført fire stadlege tilsyn i forsikringsformidlingsføretak og eitt stadleg tilsyn i forsikringsagentføretak i 2010. I tillegg vart det gjennomført eitt IT-tilsyn i eit forsikringsmeklingsføretak.
Ved tilsyna vart det peika på at formidling med preg av agentverksemd ikkje kan drivast i same føretak som meklarverksemd, på grunn av omsynet til god forretningsskikk, provisjonsforbodet og kravet om at slike verksemder skal vera åtskilde. Det vart vidare peika på at krava i risikostyringsforskrifta må etterlevast sjølv om føretaket er underlagt kontrollsystem gjennom morselskapet. Andre tilhøve som ein peika på, var manglande vurdering av om kompetansen til dei tilsette var god nok, og manglande etterleving av krava i risikostyringsforskrifta.
7.3.4 Tilsyn med verdipapirføretak
Dei stadlege tilsyna som Finanstilsynet gjennomfører, skal medverka til at verdipapirføretaka har eit medvite forhold til risiko. Tilsyna skal dessutan sikra at verdipapirmarknaden held eit høgt nivå når det gjeld kundevern, ved at føretaka følgjer krava til god forretningsskikk. Vidare skal tilsyna medverka til å sikra integriteten til marknadene. Det er stor variasjon blant verdipapirføretaka når det gjeld storleik, organisering og kva investeringstenester dei tilbyd. Finanstilsynet nyttar mellom anna risikobaserte kriterium når ein vel ut føretak der det skal gjennomførast stadleg tilsyn. Slike kriterium kan vera finansielle tilhøve som likviditet, kapitaldekning, endringar i inntekter og lønsemd, og dessutan forvaltningsmessige og åtferdsmessige tilhøve, til dømes klagar frå kundar eller mistanke om brot på føresegn om god forretningsskikk.
I 2010 vart det gjennomført 20 stadlege tilsyn i verdipapirføretak, to tilsyn i norsk filial av utanlandsk verdipapirføretak og to tilsyn retta spesielt mot IT-løysingane hjå verdipapirføretak.
7.3.5 Tilsyn med forvaltningsselskap for verdipapirfond
Tilsynet med forvaltningsselskapa vart utøvd gjennom både stadleg og dokumentbasert tilsyn. I 2010 vart det gjennomført to stadlege tilsyn i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Sidan gjennomføringa av MiFID-direktivet i norsk rett har rådgjevingssegmentet vorte prioritert i dei stadlege tilsyna. Tilsyn med og overvaking av forvaltningsselskapa har i hovudsak vorte gjennomført på grunnlag av det dokumentbaserte tilsynet.
7.3.6 Tilsyn med reglane for åtferd på verdipapirmarknaden
Det overordna målet med tilsyn og overvaking av dei generelle åtferdsreglane er å medverka til å sikra omdømmet til den norske marknaden og således marknaden sin funksjon som kapitalkjelde. Reglane som omfattar ulovleg innsidehandel, marknadsmanipulasjon og forsvarleg informasjonshandtering, er sentrale. Finanstilsynet følgjer òg opp reglar om listeføring, undersøkingsplikt, forbod mot urimelege forretningsmetodar og meldepliktig og flaggepliktig verdipapirhandel. Dette inneber at tilsynet er retta mot ein vid krins: investorar, rådgjevarar og utferdarar av finansielle instrument og deira samarbeidspartnarar, inkludert verdipapirføretaka. Målet er å avdekkja og forfølgja ulovlege tilhøve på verdipapirmarknaden og, så langt åtferdsreglane vert gjorde gjeldande, på marknadene for varederivat. Gjennom tilsynsarbeidet er det eit mål å gjera potensielle lovbrytarar kjende med at lovbrot er risikabelt, noko som kan ha ein preventiv verknad. Finanstilsynet undersøkte ei mengd saker i 2010. Mange av desse sakene var oversende frå Oslo Børs eller rapporterte til Finanstilsynet frå verdipapirføretaka. Tilsynet satte òg i gang ei rad undersøkingar på bakgrunn av marknadshendingar eller oppslag i media.
7.3.7 Tilsyn med revisorar
Finanstilsynet kontrollerer om krava som regulerer revisjonsverksemd, er oppfylte, om kravet om at revisoren må vera sjølvstendig, er oppfylt, og om kvaliteten på utført revisjon er tilfredsstillande. Vidare kontrollerer ein at pliktene etter kvitvaskingsregelverket vert etterlevde, og at revisorar og revisjonsselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid.
Avgjerder om tilsyn vert tekne på bakgrunn av risikovurderingar, innrapporteringar eller andre signal, til dømes medieoppslag. Tilhøve som vert avdekte som ledd i det finansielle tilsynet på andre område, kan òg føra til nærare vurdering av arbeidet til ein revisor. Minimum kvart sjette år skal Finanstilsynet gjennomføra periodisk kvalitetskontroll av revisorar som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige. Sidan 2002 har den periodiske kvalitetskontrollen vore samordna med den kontrollen som Den norske Revisorforening gjennomfører av sine medlemer.
Dersom revisorforeininga finn tilhøve som kan kvalifisera for vedtak om tilbakekalling av godkjenning som revisor, vert saka send over til Finanstilsynet for vidare oppfølging. Finanstilsynet kontrollerer òg ikkje-medlemer, slik at alle som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige, vert underlagde kvalitetskontroll innanfor seksårsperioden. Som følgje av gjennomføringa av EUs revisjonsdirektiv i norsk rett, er det utarbeidd nye retningsliner som skal sikra at den periodiske kontrollen er i samsvar med direktivet. For revisorar og revisjonsselskap som reviderer føretak av ålmenn interesse, skal den periodiske kontrollen skje kvart tredje år. Frå 2011 vil kontrollane verta gjennomførte av Finanstilsynet, i tillegg til anna tilsynsarbeid retta mot desse revisorane. Det vart gjennomført 85 stadlege tilsyn hos revisorar i 2010.
7.3.8 Tilsyn med rekneskapsførarar
Finanstilsynet kontrollerer om krava som gjeld for rekneskapsførarverksemd, er oppfylte. Mellom anna undersøkjer tilsynet kvalitetskontrollen av arbeidet i føretaka i tilfelle der det vert nytta medarbeidarar som ikkje er autoriserte rekneskapsførarar. Vidare kontrollerer ein at pliktene etter rekneskapslova, bokføringslova og kvitvaskingsregelverket vert etterlevde, og at rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid. Fordi det finst så mange rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap, legg Finanstilsynet vekt på det kontrollarbeidet som Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) gjennomfører andsynes sine medlemer kvart sjuande år, når ein prioriterer korleis tilsynet med rekneskapsførarar skal gjennomførast. Det er utarbeidd retningsliner for samarbeidet med NARF. Finanstilsynet gjennomførte 56 stadlege tilsyn innanfor rekneskapsverksemd i 2010.
7.3.9 Tilsyn med eigedomsmekling
Det vart i 2010 gjennomført 48 stadlege tilsyn med eigedomsmeklingsføretak og med advokatar som driv eigedomsmekling. Meklarane si handtering av klientmidlar og etterleving av forskrifta om risikostyring og internkontroll stod særleg sentralt under desse kontrollane.
7.3.10 Tilsyn med inkasso
I 2010 vart det gjennomført 12 stadlege tilsyn i framandinkassoføretak. Kontrollverksemda dreidde seg særleg om salær var korrekt utrekna, om ein hadde teke naudsynt omsyn til innvendingar frå skyldnarane, og om føretaka hadde innarbeidd forskrifta om risikostyring og internkontroll i verksemda si.
7.3.11 IT-tilsyn
I 2010 gjennomførte Finanstilsynet 26 IT-tilsyn og tilsyn med system for betalingstenester i bankar, forsikringsselskap, finansieringsføretak og verdipapirinstitusjonar, hos revisorar og rekneskapsførarar og i eigedomsmeklar- og inkassoføretak. IT-tilsyna omfatta òg tilsyn hos IKT-leverandørar, med grunnlag i IKT-forskrifta § 12 om utkontraktering av IKT-verksemd. I tillegg vart det gjennomført 31 forenkla IT-tilsyn som ein del av ordinære tilsyn og eitt revisortilsyn med gjennomgang av IT-revisjonen. Tilsyna var særleg retta mot samfunnsviktige føretak og tok elles utgangspunkt i ei risikobasert vurdering der mellom anna elektroniske betalingsløysingar vart prioriterte.
Tabell 7.1 Tal på stadlege tilsyn fordelte på institusjonstypar (inkl. IT-tilsyn*).
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|---|---|
Bank/finans | 49 | 49 | 37 | 58 | 70 |
E-pengeføretak | 1 | – | – | – | – |
Holdingselskap | – | – | – | – | – |
Forsikringsselskap | 5 | 6 | 6 | 8 | 11 |
Forsikringsformidlingsføretak | 5 | 3 | 3 | 7 | 6 |
Pensjonskasser og fond | 1 | 2 | 6 | 4 | 8 |
Verdipapirføretak | 18 | 20 | 19 | 21 | 24 |
Andre verdipapirinstitusjonar (inkl. forvaltingsselskap for verdipapirfond) | 7 | 6 | 1 | 3 | 6 |
Revisorar | 52 | 22 | 29 | 47 | 87 |
Rekneskapsførarar | 46 | 41 | 60 | 49 | 58 |
Eigedomsmeklarar | 40 | 51 | 66 | 30 | 49 |
Inkassoføretak | 5 | 6 | 13 | 12 | 13 |
Datasentralar/IKT-leverandørar | 3 | 4 | 4 | 2 | 4 |
Andre | 1 | – | – | – | 1 |
* Det vart gjennomført 26 IT-tilsyn, anten separat eller i samband med ordinære tilsyn i føretaka. I tillegg vart det utført 31 forenkla IT-tilsyn og behandla 18 meldingar mottekne etter lov om betalingssystem m.m., etter undersøking om meldeplikta.
Finanstilsynet har etablert ei vernebuing for å vera i stand til å handtera kriser i det norske finansielle systemet. Ein viktig del av vernebuingssystemet er Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI). BFI vart skipa for å tryggja ei best mogleg samordning av vernebuingsarbeidet i den finansielle infrastrukturen. Frå 1. juni 2010 vart leiinga og sekretariat i BFI overført frå Noregs Bank til Finanstilsynet.
Beredskapsutvalet har hatt tre møte i 2010, der hovudsakene har vore å gjennomgå a) Finanstilsynet sine hendingsrapportar frå finansføretak om IKT-relaterte hendingar og hendingar knytte til betalingstenestene og b) hendingsrapportar frå bankane sine avrekningssystem, Norwegian Interbank Clearing System (NICS), og frå Noregs Bank sitt oppgjerssystem (NBO). Betalingssystema i Noreg var stabile i 2010.
BFI har i 2010 arbeidt med vernebuingsløysingar som kan etablerast ved bortfall av tele- og straumforsyninga, eller dersom betalingssystema er ute av drift gjennom ein lengre periode. Konklusjonane frå arbeidet i BFI vil etter planen verta rapporterte til Finansdepartementet i løpet av 2011.
BFI har i 2010 også vorte informert om konsekvensar av streik blant vakt- og tryggleikspersonell hos i NOKAS. NOKAS utfører pengedistribusjon for Noregs Bank og bankane i Noreg. BFI har vidare vorte informert om «Årsrapport for betalingssystem» frå Noregs Bank for 2009 og «Finanstilsynets risiko- og sårbarhetsanalyse for 2009», og har fått informasjon frå Nasjonalt tryggingsorgan om kriminalitetsutviklinga på Internett.
Det vart gjennomført ei vernebuingssøving i regi av EDB ErgoGroup ASA (dåverande EDB Business Partner ASA) i august 2010, med seinare evaluering og oppfølging. Røynsler frå øvinga vert følgde opp i 2011 og mellom anna tekne med som læringsgrunnlag i nye øvingar som er planlagde i 2011.
7.4 Rekneskap og budsjett
Stortinget fastset budsjettet for Finanstilsynet som ein del av statsbudsjettet. Budsjettet for 2010 var opphavleg på 286,9 mill. kroner.
I tillegg vart det løyvt 4,5 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret. Inkludert overførte midlar på 5,2 mill. kroner frå 2009 var budsjettet på 296,6 mill. kroner. I tillegg fekk Finanstilsynet refundert 4,4 mill. kroner i foreldre- og sjukepengar. Den samla disponible utgiftsramma var etter dette 301,0 mill. kroner. Alt i alt summerte utgiftene seg til 293,0 mill. kroner, ein auke på 9,9 pst. frå året før. Dei samla lønsutgiftene auka med 15,3 pst., og utgiftene til varer og tenester minka med 0,7 pst. Dei totale utgiftene til Finanstilsynet var 8,0 mill. kroner lågare enn det disponible budsjettet. Ubrukte midlar vert overførte til budsjettet for 2011.
På same måten som for andre statlege verksemder som inngår i statsrekneskapen, vert rekneskapen til Finanstilsynet ført etter kontantprinsippet, ikkje etter rekneskapsprinsippet, som er det som gjeld for private verksemder. Rekneskapen vert ført etter kontoplanen for statsrekneskapen, som byggjer på ei artsgruppering av utgifter og inntekter. Finanstilsynet har med utgangspunkt i denne planen sett opp ei gruppering av utgiftene etter føremål.
I det avsluttande revisjonsbrevet datert 28. mai 2010 om rekneskapen for 2009 går det fram at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen eller måten Finanstilsynet hadde nytta budsjettet på.
Tabell 7.2 Rekneskap. Tal i heile tusen kroner (førebels rekneskap for 2010).
2008 | 2009 | 2010 | |
---|---|---|---|
Lønsutgifter | 154 593 | 175 516 | 202 491 |
Av dette: | |||
Løn og sosiale utgifter (alle stillingar) | 150 756 | 169 745 | 197 486 |
Ekstrahjelp/vikarar | 3 144 | 4 975 | 4 002 |
Andre lønsutgifter (styre/råd/andre honorar) | 693 | 796 | 1 003 |
Varer og tenester | 81 607 | 91 220 | 90 553 |
Av dette: | |||
Driftsutgifter | 35 558 | 43 957 | 38 780 |
Informasjon | 2 930 | 2 728 | 2 154 |
Administrative reiser og møte, kontingentar | 7 173 | 7 863 | 8 355 |
Inspeksjonsreiser og anna tilsynsarbeid | 3 795 | 3 754 | 3 467 |
OU-arbeid, leiar- og kompetanseutvikling | 4 671 | 4 318 | 5 657 |
IKT-utgifter | 27 480 | 28 600 | 32 140 |
Sum utgifter | 236 200 | 266 736 | 293 044 |
Det var særleg lønsutgiftene som auka nokså sterkt i 2010. Auken var på 27 mill. kroner. Det kan forklarast med fleire tilsette og den generelle lønsauken. Reduksjonen i driftsutgifter var på 0,7 mill. kroner. Auken i IKT-kostnader må sjåast i samanheng med større krav til elektroniske system, både til innrapportering, til analyse og i arbeidsprosessar.
Utgiftene til Finanstilsynet vert etter finanstilsynslova § 9 dekte av institusjonar som er under tilsyn ved byrjinga av budsjettåret. Stortinget vedtek difor ei inntektsløyving som er lik utgiftsløyvinga. Etter lova skal utgiftene fordelast på dei ulike institusjonsgruppene etter omfanget av tilsynsarbeidet, jf. figur 7.1. Utgiftene vert difor kravde inn etterskotsvis. Det vert òg kravd bidrag frå filialar av føretak som høyrer heime i andre EØS-statar.
Utlikningsbeløpet for 2009, som skulle innbetalast i 2010, utgjorde 247,1 mill. kroner. At den utlikna summen er lågare enn dei rekneskapsmessige utgiftene, kjem av at utlikninga tek utgangspunkt i budsjettløyvinga, at eventuelle overførte midlar frå året før vert trekte frå, og at ein del av utgiftene vert dekte av folketrygda gjennom fødsels- og sjukepengerefusjonar. Forslaget til utlikning for 2009 vart godkjent av Finansdepartementet 3. juni 2010 etter føregåande høyring hos dei aktuelle bransjeorganisasjonane. I alt 12 575 tilsynseiningar vart omfatta av utlikninga for 2009. Av desse var 75 utanlandske filialar. Den største tilsynsgruppa er rekneskapsførarar, med 8780 einingar.