7 Verksemda til Noregs Bank i 2012
7.1 Innleiing
Etter lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbanklova) § 1 fyrste ledd skal Noregs Bank vera utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt, fremja eit effektivt betalingssystem og overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken skal òg forvalta Statens pensjonsfond utland (SPU) og sine eigne valutareservar. Etter sentralbanklova § 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggja desse dokumenta fram for Kongen og kunngjera dei for Stortinget. Årsmeldinga frå Noregs Bank for 2012 følgjer i tillegg til bankens eigen rapport om forvaltninga av SPU i 2012 som uprenta vedlegg til denne meldinga.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden snarast råd etter å ha fått papira senda årsrekneskapen for banken, årsmeldinga frå hovudstyret, fråsegn frå representantskapet om protokollar frå hovudstyret og eventuelle fråsegner om andre tilhøve som gjeld banken, til Riksrevisjonen. Det følgjer òg at statsråden skal greia ut for Riksrevisjonen om korleis styringsretten som ligg hjå departementet og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank, har vore nytta. Departementet sender årsrekneskapen til Riksrevisjonen når departementet har fått han frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og i saker der ein lèt vera å instruera. Finansministeren gjev ei særskild utgreiing om verksemda i Noregs Bank til Riksrevisjonen.
Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåva Noregs Bank har med å forvalta SPU, er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og eit særskilt mandat fastsett av Finansdepartementet. Forvaltninga av Statens pensjonsfond vert omtala i ei særskild melding til Stortinget, jf. Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2012.
7.2 Leiing og administrasjon
Dei øvste organa i Noregs Bank er hovudstyret og representantskapet. Hovudstyret leier den utøvande og rådgjevande verksemda til banken, medan representantskapet skal føra tilsyn med at reglane for bankverksemda vert følgde. I hovudstyret sit sju medlemer som er oppnemnde av regjeringa, med sentralbanksjefen som leiar og visesentralbanksjefen som nestleiar. Dei fem andre medlemene er ikkje tilsette i banken. Det er òg oppnemnt to varamedlemer for dei eksterne medlemene som normalt møter fast. Dei tilsette har to medlemer som supplerar hovudstyret ved handsaming av saker som gjeld den interne drifta i banken og tilhøva for dei tilsette.
Hovudstyret arbeider for å verkeleggjera måla og verdiane til banken, med særleg vekt på å fremja prisstabilitet, finansiell stabilitet og ei effektiv og tillitsvekkjande kapitalforvaltning. Det vert lagt vekt på at sentralbanken skal gjennomføra oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader.
Hovudstyret har ansvar for at verksemda er forsvarleg organisert, og for at det er tilfredstillande rammer, mål og prinsipp for verksemda. Hovudstyret skal dessutan sikra god styring og kontroll med rekneskapen og kapitalforvaltninga og sjå til at risikostyringa og internkontrollen til banken er tilfredstillande i alle delar av verksemda.
Hovudstyret har delegert mykje av den operative drifta til sentralbanksjefen og leiar av NBIM. Sentralbanksjefen har eigenkompetanse etter § 5 siste ledd i sentralbanklova til å «forestå bankens administrasjon og gjennomføring av vedtakene».
Hovudstyret var ved inngangen til 2013 samansett slik:
Øystein Olsen, leiar
Jan F. Qvigstad, nestleiar
Liselott Kilaas
Brit K. Rugland
Ida Helliesen
Eirik Wærness
Egil Matsen
Varamedlemer:
Gøril Bjerkan
Espen R. Moen
Representantar for dei tilsette:
Jan Erik Martinsen
Petter Nordal (varamedlem)
Gøril Bjerkhol Havro
Berit Moen (varamedlem)
Representantskapet til Noregs Bank har 15 medlemer som er oppnemnde av Stortinget. Gjennom tilsyn og rapportering skal representantskapet forvissa Stortinget om at Noregs Bank, medrekna forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, er forsvarleg og føremålstenleg, og at lover og føresetnader er følgde. Representantskapet legg kvart år fram utgreiinga om verksemda si for Stortinget i form av ein eigen rapport, jf. sentralbanklova § 30. Rapporten for 2012 vart framlagd 20. mars 2013. Dei siste åra har det skjedd fleire endringar som gjeld representantskapet. I 2009 vart tilsyns- og kontrollansvaret til representantskapet og hovudstyret presisert i sentralbanklova, og i 2010 vart det gjort ei viktig endring som gjekk ut på at representantskapet ikkje skal senda meldinga om verksemda til Finansdepartementet, men beinveges til Stortinget. Frå 2011 vart ansvaret for å fastsetja honorar for medlemene i representantskapet overført frå Finansdepartementet til Stortinget. Departementet meiner at ein bør vera open for å sjå nærare på korleis rolla til representantskapet kan utvikla seg vidare over tid, til dømes ved val av hovudstyre. Departementet gjer ikkje nærare greie for verksemda i representantskapet her.
Representantskapet var ved inngangen til 2013 samansett slik:
Reidar Sandal, leiar (vara: Ola Røtvei)
Frank Sve, nestleiar (vara: Tone T. Johansen)
Eva Karin Gråberg (vara: Rita Lekang)
Runbjørg Bremset Hansen (vara: Camilla Bakken Øvald)
Tormod Andreassen (vara: Beate Bø Nilsen)
Morten Lund (vara: Torunn Hovde Kaasa)
Synnøve Søndergaard (vara: Britt Hildeng)
Reidar Åsgård (vara: Kari-Anne Opsal)
Erland Vestli (vara: Jan Blomseth)
Marianne Lie (vara: Lars Gjedebo)
Monica Salthella (vara: Lars Haakon Søraas)
Randi Øverland (vara: Anne Grethe Kvernrød)
Vidar Bjørnstad (vara: Hans Kolstad)
Tine Sundtoft (vara: André Støylen)
Ingebrigt S. Sørfonn (vara: Solveig Ege Tengesdal)
Etter sentralbanklova skal sentralbanksjefen stå for den daglege leiinga av banken. Visesentralbanksjefen er nestleiar. Sentralbankverksemda er organisert kring kjerneoppgåvene avdelingane i Marknader og banktenester (MB), Pengepolitikk (PPO) og Finansiell stabilitet (FST). I tillegg kjem avdelinga Konsern- og fellesfunksjonar og Stab for sentralbankleiinga. Meir informasjon om styring og organisering av banken finst i årsrapporten til Noregs Bank, som følgjer som uprenta vedlegg. Meir omtale av oppgåver og organisering i sentralbankverksemnda står i årsmeldinga frå banken for 2012.
For NBIM har hovudstyret delegert avgjerdsmakt direkte til NBIM-leiaren gjennom stillingsinstruks. NBIM forvaltar Statens pensjonsfond utland og delar av valutareservane. NBIM har ein del eigne støttefunksjonar, men får òg støtte frå administrasjonen (KF) i sentralbankverksemda. Meir informasjon om styring og organisering av NBIM står i årsrapporten om Statens pensjonsfond utland.
7.3 Arbeidet med finansiell stabilitet
7.3.1 Innleiing
Finansiell stabilitet er eit hovudmål for Noregs Bank og skal – saman med målet om prisstabilitet – medverka til økonomisk stabilitet. Oppgåvene til Noregs Bank når det gjeld å sikra eit stabilt og robust finansielt system, er forankra i sentralbanklova. Etter § 1 skal banken utferda setlar og myntar, fremja eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. Etter § 3 skal banken varsla departementet når den meiner det trengst tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter frå andre instansar enn banken. Vidare gjev § 13 Noregs Bank eineretten til å utferda norske setlar og myntar. Etter § 17 skal Noregs Bank utføra bankforretningar for staten. Sentralbanklovas § 19 gjev Noregs Bank høve til å yta lån til og gjera innskot i forretnings- og sparebankar, medan § 20 slår fast at Noregs Bank tek imot innskot frå bankane. Av dette følgjer eit særleg ansvar for at bankverksemda fungerer slik ho skal. Lova om betalingssystem gjev Noregs Bank ansvaret for å gje konsesjon til avreknings- og oppgjerssystema for bankar og for å føra tilsyn med systema.
Noregs Bank overvaker heile det finansielle systemet. Noregs Bank har offentleggjort to rapportar om finansiell stabilitet i 2012, som er oversendt til Finansdepartementet. Rapportane om finansiell stabilitet inneheld vurderingar av utsiktane til finansiell stabilitet og råd om tiltak som kan motverke oppbygging av systemrisiko.
Noregs Bank styrer likviditeten i banksektoren frå dag til dag ved å tilby bankane lån og ved å ta imot innskot. Det gjev Noregs Bank eit særskilt ansvar for å overvaka likviditetsrisikoen i banksystemet. Som långivar i siste instans har Noregs Bank ei sentral rolle når det gjeld å handtera kriser i det finansielle systemet.
I pressemelding 31. oktober 2012 «Omlegging av Norges Banks rapporter om pengepolitikk og finansiell stabilitet» skrev Noregs Bank følgjande:
«Tradisjonelt har Norges Bank redegjort for pengepolitikken og drøftet utsiktene for den finansielle stabiliteten i separate rapporter. Erfaringene fra finanskrisen viste på en tydelig måte hvordan utviklingen i realøkonomien og finansmarkedene henger tett sammen. For å videreføre og videreutvikle analysene av pengepolitikken og finansiell stabilitet har vi kommet til at det er hensiktsmessig å se disse analysene i sammenheng i en felles rapport.»
7.3.2 Noregs Bank si vurdering av tilstanden i finansmarknaden
Dei internasjonale finansmarknadene var sterkt prega av uro ved inngangen til 2012, særleg knytt til kredittrisiko i europeiske statsobligasjonar. Trass i uroa hadde norske bankar slik Noregs Bank ser det, tilgang på finansiering og til betre vilkår enn bankane i mange andre land gjennom 2012. Gode statsfinansar og den gode makroøkonomiske situasjonen i Noreg medverka truleg også til at investorar oppfatta risikoen i norske bankar som relativt låg.
Gjeldsbøra til hushalda, målt etter gjeld i høve til disponibel inntekt, heldt seg på eit svært høgt nivå. Noregs Bank peika på at den høge gjelda i hushalda vil vera ein betydeleg risikofaktor for den finansielle stabiliteten dersom inntektene i den norske økonomien skulle falla.
Oljerelatert verksemd hadde gode resultat, medan særleg skipsfartsnæringa og delar av eksportnæringa fekk mindre gjeldsbeteningsevne som følgje av den svake utviklinga hjå mange av handelspartnarane våre. Analysane som Noregs Bank har gjort, syner at norske bankar er sårbare for eit kraftig fall i oljeprisen. Noregs Bank sine stresstestar av kapitaldekninga til bankane synte at banksektoren som følgje av den auka kapitaldekninga sidan 2009 no er betre rusta til å takla ein markant nedgang i internasjonal økonomi.
7.3.3 Framlegg til tiltak frå Noregs Bank
Det føreslåtte bankregelverket i EØS-området (CRD IV/CRR), som gjeld regulering av kapitaldekninga og likviditeten til bankane, byggjer på dei nye standardane i Basel III. Regelverket skal gjera det finansielle systemet meir robust. Etter planen skal det ta til å gjelda fullt ut fyrst ved inngangen til 2019. I brev til Finansdepartementet 11. mai og 23. november 2012 i samband med rapporten «Finansiell stabilitet» tilrådde Noregs Bank å innføra krava i det nye regelverket i norsk lov og gjera det gjeldande så snart som råd.
Noregs Bank tilrådde at norske styresmakter varslar krav om ekstra kapital for store norske bankar, slik det nye regelverket truleg vil opna for. Vidare rådde Noregs Bank til å auka risikovektinga på bustadlåna til bankane, slik at vektinga betre speglar risikoen som den høge gjeldsbøra i hushalda utgjer, både for kvar einskild bank og for heile det finansielle systemet. Fram til dette er gjennomført, meiner Noregs Bank at dagens overgangsregel for risikovekting frå Basel I-reglane bør førast vidare.
Noregs Bank meiner at norske bankar bør halda fram med å styrkja kapitalen slik at dei kan tola ei brå forverring i økonomien og større tap på utlån. Noregs Bank rådde bankane til å prioritera ei vidare styrking av eigenkapitalen når overskotet for 2012 vert fordelt. Noregs Bank meiner òg at norske bankar bør nytta dei sjansane som byr seg, til å henta meir langsiktig finansiering og ta sikte på å tilpassa seg så tidleg som råd. Noregs Bank meiner dessutan at dei norske bankane bør offentleggjera tal for korleis dei oppfyller dei venta likviditetskrava i det komande regelverket.
Finanstilsynet og Noregs Bank kommenterte i eit sams brev 7. september 2012 framlegget frå Baselkomiteen om endringar i kapitalkrav knytte til handelsporteføljen til bankane. Finanstilsynet og Noregs Bank støtta framlegget frå Baselkomiteen om å revidera standardmetoden for å rekna kapitalkrav ved marknadsrisiko.
7.4 Betalingssystemet, setlar og mynt
7.4.1 Betalingssystem
Noregs Bank syter for eit sikkert og effektivt oppgjer av betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank og forsyner samfunnet med setlar og myntar på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem. I tillegg overvaker Noregs Bank dei norske betalingssystema. Føremålet er å fremja robuste og effektive betalingssystem og såleis medverka til stabilitet i det finansielle systemet.
Overvakinga er fyrst og fremst retta mot å avgrensa risikoen i systema for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankane (interbanksystema), men Noregs Bank overvaker òg viktige utviklingstrekk i betalingssystemet som heilskap. Tilsynet Noregs Bank har med dei konsesjonspliktige interbanksystema, skjer mellom anna på grunnlag av rapporteringskrav og tilsynsmøte.
Noregs Bank meiner dei norske betalingssystema har fungert godt i 2012. Stabil drift av systema er særs viktig for finansiell stabilitet. Alle betalingar mellom bankane og mellom kundane i ulike bankar vert avrekna og gjorde opp i desse systema.
Den 3. september vart eit system for oppgjersrammer teke i bruk i Norwegian Interbank Clearing System (NICS). Systemet legg til rette for at dei private oppgjersbankane kan setja ei grense for eksponeringa mot dei ymse deltakarbankane. Dersom ei slik grense vert broten, kan det skipla driftsmønsteret for avrekningar og oppgjer. Noregs Bank har difor peika på at oppgjersbankane må ta omsyn både til eigen risiko og til effektiviteten i betalingsformidlinga når dei set desse grensene. Eit fjerde dagleg oppgjer av massebetalingar vart innført frå 12. oktober 2012. Det har vore få avbrot i dei konsesjonspliktige interbanksystema i 2012.
I årsrapporten om betalingssystem drøftar Noregs Bank utviklinga i interbanksystema og dei kunderetta betalingssystema. Noregs Bank meiner at norske system for avrekning og oppgjer held eit høgt internasjonalt nivå. Noregs Bank meiner at bankane ikkje bør gjera det vanskelegare for folk å skaffa seg kontantar, men heller styrkja kostnadsdekninga på kontanttenester.
7.4.2 Oppgjerssystemet til Noregs Bank
Noregs Bank er den øvste oppgjersbanken for betalingar mellom bankane i Noreg. Denne oppgåva er knytt til det ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova om å fremja eit effektivt betalingssystem innanlands og mot utlandet, og til at bankane har høve til å ha konto og ta opp lån i Noregs Bank. Fordi sentralbanken utferdar pengar, er innskot i sentralbanken utan kreditt- og likviditetsrisiko for bankane. Difor er renta på sentralbankpengar ein basis for rentedanninga i heile økonomien.
Alle bankar i Noreg kan ha konto i Noregs Bank. Ved utgangen av 2012 hadde 130 bankar slik konto, mot 129 i 2011. Av bankar med konto i Noregs Bank gjorde 22 opp betalingane sine dagleg i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO), både enkeltbetalingar og nettoposisjonar i avrekningar. Dei andre bankane nytta kontoen til betalingar som i hovudsak var knytte til lån og innskot i Noregs Bank.
I oppgjerssystemet til Noregs Bank vart det i 2012 i gjennomsnitt gjort opp betalingar for 216 milliardar kroner dagleg, mot 183 milliardar kroner i 2011. Ved utgangen av 2012 hadde bankane folio- og reserveinnskot på i alt 35 milliardar kroner.
Noregs Bank har avtale med EVRY ASA (tidlegare EDB ErgoGroup ASA) om å levera IKT-driftstenester for oppgjerssystemet. Ei ny teknisk løysing for oppgjerssystemet vart sette i drift fyrste halvår 2012. Det har ikkje vore alvorlege avbrot i oppgjerssystemet i 2012.
Bankane betaler for oppgjerstenestene i Noregs Bank, og prisane er sette slik at inntektene skal dekkja dei relevante kostnadene med å utføra desse tenestene. For 2012 vart prisane auka noko for å dekkja berekna kostnader på 54 millionar kroner, 1 million kroner meir enn i 2011.
7.4.3 Setlar og mynt
7.4.3.1 Organisering av kontantforsyninga
Sentralbanklova gjev Noregs Bank ansvaret for å utferda pengesetlar og myntar. Noregs Bank forsyner bankane med kontantar frå fem sentralbankdepot, og bankane står for distribusjonen ut til publikum. Sentralbanken har òg eit ansvar for kvaliteten på setlar og myntar i omlaup, ved å leggja til rette for at slitne og skadde setlar og myntar vert tekne ut av omlaup og destruerte. Målet for verksemda til Noregs Bank på kontantområdet er å fremja effektiviteten i kontantforsyninga og i det samla betalingssystemet.
Etter sentralbanklova er det berre Noregs Bank som kan utferda setlar og myntar. Noregs Bank må stå som skyldnar for desse betalingsmidla. Produksjon, destruksjon og distribusjon kan gjerast av andre, men Noregs Bank må sjå til at oppgåvene vert gjennomførte, og at det vert gjort i samsvar med dei krava sentralbanken sett.
Noregs Bank har sett bort fleire oppgåver på kontantområdet. Setlar og myntar vert produserte av eksterne leverandørar. Forvaltninga av Noregs Banks sentralbankdepot i Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø er sett ut på kontrakt til NOKAS. NOKAS utfører òg behandlingstenester knytte til sentralbankoppgåvene (destruksjon av slitne setlar osv.) på desse stadene. Frå 1. januar 2012 står Noregs Bank sjølv for drifta av sentralbankdepotet i Oslo. Avtalene med Oberthur (Frankrike) og De La Rue (England) om setelproduksjon gjekk ut i 2012. Etter ein anbodskonkurranse vil norske setlar frå og med 2013 verta produserte av Oberthur og Giesecke & Devrient (Tyskland). Myntane vert produserte av Det Norske Myntverket på Kongsberg.
Årsgjennomsnittet av verdien av setlar og myntar i omlaup auka med 0,8 milliardar kroner frå 2011. Verdien av setlar og myntar i omlaup utgjer likevel ein stadig mindre del av verdien av betalingsmidla som publikum disponerer (M1).
Norske setlar skal fungera effektivt som betalingsmiddel, og publikum skal kunna lita på at setlane er ekte. Det vert beslaglagt få falske setlar i Noreg. I 2012 vart det beslaglagt i underkant av 200 setlar. Kvaliteten på dei fleste forfalskingane er svært dårleg, og dei er enkle å avdekkja. Risikoen for at norske setlar vert forfalska, heng saman med korleis dei er utforma. Noregs Bank har sett i gang arbeidet med å utvikla ein ny setelserie. Serien vert den åttande i rekkja. Å utvikla ein ny setelserie er eit komplisert prosjekt som kjem til å vara i fleire år.
50-øringen slutta å vera obligatorisk betalingsmiddel 1. mai 2012. Mynten kan løysast inn hjå Noregs Bank fram til 1. mai 2022. Med det forsvann nemninga «øre» frå myntrekkja, og beløp som skal betalast i kontantar, må no rundast av til næraste heile krone. Innløysingsplikta til Noregs Bank for setlar av utgåve VI gjekk ut 1. november 2012.
7.4.3.2 Utgjeving av minnemyntar
Noregs Bank gjev ut jubileums- og minnemyntar i gull og sølv med heimel i sentralbanklova § 16 og sirkulasjonsmyntar med spesielt preg etter sentralbanklova § 13, som er den generelle heimelen for utferding av myntar. Det er Kongen som fastset om ein skal gje ut gull- og sølvmyntar etter sentralbanklova, jf. § 16. Denne kompetansen var i perioden 1994–2011 delegert til Noregs Bank.
I 2012 har Noregs Bank gjeve ut ein jubileums- og minnemynt i sølv for å markera 75-årsdagane til kongeparet. Vinnarmotivet, som vart valt etter ein kunstnarkonkurranse, er det bilethoggaren Håkon Anton Fagerås som har utforma. Riksvåpenet som er brukt som baksidemotiv på mynten, er utforma av Ingrid Austlid Rise ved Det Norske Myntverket.
7.5 Utøvinga av pengepolitikken
Under dette punktet vert utøvinga av pengepolitikken i 2012 vurdert. Pengepolitikken i tidlegare år er drøfta i finansmarknadsmeldingane for dei respektive åra. Som eit grunnlag for vurderinga følgjer det fyrst ei omtale av retningslinene for pengepolitikken. Deretter følgjer ei omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2012 og dessutan vurderingar frå nokre andre institusjonar. Departementet sine vurderingar kjem til slutt.
7.5.1 Retningslinene for pengepolitikken
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vera eit utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt og fremja eit effektivt betalingssystem. Dessutan skal Noregs Bank overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene.
Dei noverande retningslinene for pengepolitikken vart fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jamfør boks 7.1. Retningslinene vart grunngjevne og utdjupa i St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningsliner for den økonomiske politikken, som vart lagd fram same dagen.
Boks 7.1 Forskrift om pengepolitikken
Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd.
I
§ 1.
Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.
Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 pst.
Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.
§ 2.
Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
§ 3.
Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet.
§ 4.
Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.
II
Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.
I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikta mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Den operative gjennomføringa av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverka til å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes medverka til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at rentesetjinga til Noregs Bank skal vera framoverretta og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret i Noregs Banks fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får verknad. Dessutan skal styret sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje vil påverka den underliggjande pris- og kostnadsveksten.
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverka til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må omsynet til låg og stabil inflasjon i pengepolitikken vegast mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Ofte er det ingen motsetnad mellom desse to omsyna. Dersom det kjem til konflikt, må Noregs Bank utøva skjønn og vega dei to omsyna mot kvarandre.
7.5.2 Utøvinga av pengepolitikken i 2012
7.5.2.1 Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken
Det viktigaste verkemidlet i utøvinga av pengepolitikken er styringsrenta, som er renta på bankinnskot over natta i Noregs Bank. I normale situasjonar har endringar i styringsrenta nokså sterkt gjennomslag i dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seia dags- og vekesrentene. Marknadsrentene på lån og plasseringar med lengre løpetider er mellom anna påverka av nivået på styringsrenta og av korleis marknadsaktørane ventar at styringsrenta kjem til å utvikla seg i framtida.
Forventningane til styringsrenta i marknaden heng saman med kva aktørane trur om den økonomiske utviklinga, særleg om vekst og prisstiging, og med synet deira på det framtidige handlingsmønsteret til sentralbanken i pengepolitikken. Marknadsrentene verkar inn på kronekursen, på prisane på verdipapir, på bustadprisane og etterspurnaden etter lån, på investeringar og på forbruk. Styringsrenta til Noregs Bank påverkar òg forventningane om den økonomiske utviklinga og framtidig inflasjon. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspurnads- og produksjonstilhøva og på prisar og løner.
I årsmeldinga for 2012 skriv Noregs Bank mellom anna dette om fleksibel inflasjonsstyring:
«Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at det blir lagt vekt på å jamne ut svingingar både i inflasjon og i produksjon og sysselsetjing når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer bru mellom den langsiktige oppgåva for pengepolitikken, som er å halde inflasjonen låg og forankre inflasjonsforventingane, og omsynet til utjamning av utviklinga i produksjonen.»
Fram til og med 2012 har Noregs Bank tre gonger i året publisert Pengepolitisk rapport, samstundes med publisering av renteavgjerder til hovudstyret. I rapportane vurderer Noregs Bank den økonomiske stoda og utviklinga. Hovudstyret fastset så ein pengepolitisk strategi i form av eit intervall for styringsrenta for perioden fram til publisering av den neste pengepolitiske rapporten. I samband med at Noregs Bank har fått nye oppgåver med å gje råd om ein motsyklisk buffer, vil banken frå og med 2013 fire gonger i året gje ut ein sams rapport som skal innehalda vurderingar om rentesetjinga og etter kvart òg råd frå Noregs Bank om den motsykliske bufferen.
For at pengepolitikken skal vera truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank legg til grunn for den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken på rimeleg vis vega dei ulike omsyna pengepolitikken skal ta, mot kvarandre. Når handlingsmønsteret til Noregs Bank i pengepolitikken vert oppfatta som stabilt og truverdig, styrkjer det òg verknaden av pengepolitikken. Noregs Bank har utarbeidd eit sett kriterium for kva banken meiner er ei god framtidig utvikling i renta. Det er gjort greie for kriteria i dei pengepolitiske rapportane.
Gjennomføringa av pengepolitikken krev god tilgang til informasjon om den økonomiske utviklinga. Hausten 2002 skipa Noregs Bank eit regionalt nettverk av føretak og offentlege verksemder for å henta inn informasjon om utviklinga i produksjon og prisar og om planar for investeringar og sysselsetjing i tida framover. Om lag 1500 kontaktar er knytte til dette nettverket. Saman med tilgjengeleg offisiell statistikk er rapportane frå det regionale nettverket ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget til banken.
7.5.2.2 Pengepolitikken i 2012
Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing i 2012 er difor påverka av pengepolitikken i tidlegare år òg.
Strategien som hovudstyret la for styringsrenta i Pengepolitisk rapport 3/11, var at ho burde liggja i intervallet 1¾ – 2¾ prosent i perioden fram til neste rapport skulle leggjast fram 14. mars 2012, med mindre norsk økonomi skulle verta utsett for nye store forstyrringar. Kraftig auke i premiane i penge- og kredittmarknadene mot slutten av 2011 medverka til at Noregs Bank sette ned styringsrenta med 0,5 prosenteiningar i desember 2011, til 1,75 prosent. Ved inngangen til 2012 låg styringsrenta dermed i nedre del av strategiintervallet til hovudstyret.
Den første tida i 2012 var prega av stor uro i finansmarknadene, og anslaga for den økonomiske veksten internasjonalt vart justerte ned. Den økonomiske utviklinga var særleg svak i euroområdet. Tidspunktet for når aktørane i marknaden venta at styringsrentene skulle byrja å ta seg opp att, vart skove utover i tid. I februar sette Sveriges Riksbank ned styringsrenta i Sverige, og i mars varsla Federal Reserve at styringsrenta i USA truleg ville halda seg nær null heilt fram til utgangen av 2014. Mot slutten av fyrste kvartal styrkte krona seg markert. Høg aktivitet i petroleumssektoren førte til at veksten i norsk økonomi heldt seg oppe. Veksten var likevel noko svakare enn Noregs Bank tidlegare hadde venta. På rentemøtet i mars vedtok hovudstyret i Noregs Bank å setja ned renta med 0,25 prosentpoeng, til 1,5 prosent. Hovudstyret uttala at dårlege vekstutsikter ute og den sterke krona gjorde sitt til å halda inflasjonen låg og dempa den økonomiske utviklinga i Noreg. Strategien framover var at styringsrenta burde liggja i intervallet 1–2 prosent fram til neste rapport skulle leggjast fram 20. juni, med mindre norsk økonomi skulle koma ut for nye store forstyrringar.
Fram mot rentemøtet i mai tok uroa i finansmarknadene seg opp på ny. Rentene på statspapir frå land i euroområdet med høg offentleg gjeld auka, og internasjonale aksjeindeksar fall. Den venta oppgangen for styringsrentene internasjonalt vart endå ein gong skoven ut i tid. Samstundes melde kontaktane i det regionale nettverket til Noregs Bank om ein litt høgare aktivitetsvekst i Noreg enn tidlegare venta. På rentemøtet i mai la hovudstyret vekt på at svake vekstutsikter i Europa og ei sterk krone ville medverka til å halda prisstiginga låg og dempa den økonomiske veksten i Noreg. På den andre sida var det teikn til noko betre utvikling i norsk økonomi. Etter ei samla vurdering vedtok hovudstyret å halda styringsrenta uendra på 1,5 prosent, i tråd med prognosen i den pengepolitiske rapporten frå mars.
Uroa i finansmarknadene vart endå verre fram mot rentemøtet i juni. I Spania var det økonomisk tilbakegang, og spanske styresmakter bad dei andre landa i euroområdet om hjelp til å rekapitalisera spanske bankar. På ny melde det seg uvisse om Hellas si evne til å innfri gjeldsskyldnadene sine, og prisen på å sikra seg mot mishald av gjeld auka. Fleire land i Europa opplevde fall i den økonomiske aktiviteten, og i framveksande økonomiar i Asia minka veksten. Endå ein gong vart den venta oppgangen i styringsrentene internasjonalt skoven ut i tid. Samstundes førte høg aktivitet i petroleumssektoren og byggjenæringa til at veksten i norsk økonomi var noko høgare enn Noregs Bank tidlegare hadde venta. På rentemøtet i juni la hovudstyret vekt på den auka uroa i finansmarknadene og den store uvissa om utviklinga i Europa. Hovudstyret rekna no med at den økonomiske veksten hjå handelspartnarane ville verta lågare enn venta. På den andre sida var veksten i norsk økonomi litt sterkare, og trass i at prisstiginga var låg, peika utviklinga mot at inflasjonen etter kvart ville ta seg opp. Hovudstyret valde difor å halda styringsrenta uendra. Den nye prognosen for styringsrenta innebar uendra rente fram mot årsskiftet.
Gjennom sommaren var utviklinga både i Noreg og hjå våre største handelspartnarar godt i samsvar med prognosane frå Pengepolitisk rapport 2/12. Den europeiske sentralbanken (ESB) reduserte si styringsrente frå 1 til 0,75 prosenteiningar i juli og gav i august fråsegner om støttekjøp av statspapir frå land i euroområdet med gjeldsproblem som er med i eit program med EUs krisefond EFSF/ESM. Tiltaka til ESB var med på å roa marknadene. Aksjekursane steig, premiane i penge- og kredittmarknadene minka, og rentene på statspapir frå land med gjeldsproblem fall. På rentemøtet i august vedtok hovudstyret i Noregs Bank å halda styringsrenta uendra, i tråd med prognosen frå Pengepolitisk rapport 2/12.
Fram mot rentemøtet i oktober var utviklinga hjå dei største handelspartnarane våre samla sett om lag som Noregs Bank hadde venta. I USA steig den økonomiske aktiviteten moderat, og det var teikn til betring i bustadmarknaden. I framveksande økonomiar heldt aktiviteten seg framleis godt oppe, sjølv om veksten hadde minka noko. Endå ein gong vart tidspunktet for når marknadsaktørane venta at styringsrentene skulle setjast opp, skove ut i tid. I finansmarknadene stabiliserte situasjonen noko etter dei nye tiltaka frå ESB. Risikopremiane i penge- og kredittmarknadene fall markert, og aksjekursane steig. Krona styrkte seg og var litt sterkare enn forventa i Pengepolitisk rapport 2/12, målt med den importvegne valutakursen (I-44). Veksten i norsk økonomi var god og litt sterkare enn venta. Gjeld og bustadprisar steig framleis noko raskare enn inntektene til hushalda. Hovudstyret valde å halda styringsrenta uendra på rentemøtet i oktober, i samsvar med rentebana frå Pengepolitisk rapport 2/12. Etter den nye rentebana ville styringsrenta halda seg uendra til over årsskiftet. Prognosen for styringsrenta i 2013 låg litt lågare enn prognosen frå juni.
Fram mot årsskiftet var den økonomiske situasjonen ute framleis prega av svak utvikling, særleg i Europa. I USA heldt bustadmarknaden og arbeidsmarknaden fram med å betra seg, men uvissa om finanspolitikken var stor. Tidspunktet for når marknadsaktørane venta at styringsrentene ville gå opp, vart endå ein gong skove ut i tid. Utviklinga i norsk økonomi var samla sett om lag som Noregs Bank hadde lagt til grunn i den pengepolitiske rapporten frå oktober. Ifølgje det regionale nettverket til Noregs Bank hadde veksten i produksjonen minka litt, men fleire verksemder melde om kapasitetsproblem. Etter ei samla vurdering vedtok hovudstyret på rentemøtet i desember å halda styringsrenta uendra. I pressemeldinga etter rentemøtet i desember skreiv Noregs Bank:
«Siden forrige rapport ble lagt fram, kan det se ut til at vekstutsiktene for Europa er noe svekket. Markedsaktørene venter nå at det tar enda litt lengre tid før styringsrentene ute øker. På den andre siden har risikopremiene i kredittmarkedene avtatt. I norsk økonomi har utviklingen i hovedsak vært som ventet. En samlet vurdering av utsiktene og risikobildet tilsier at renten holdes uendret ved dette møtet.»
Tabell 7.1 Rentevedtaka til hovudstyret i Noregs Bank i 2012
Rentemøte | Endring i prosentpoeng | Styringsrenta etter møtet |
---|---|---|
14. mars | -0,25 | 1,50 |
10. mai | 0,00 | 1,50 |
20. juni | 0,00 | 1,50 |
29. august | 0,00 | 1,50 |
31. oktober | 0,00 | 1,50 |
19. desember | 0,00 | 1,50 |
Kjelde: Noregs Bank.
Figur 7.1 viser endringane i prognosen for styringsrenta frå Pengepolitisk rapport 3/11 til Pengepolitisk rapport 3/12. Søylene illustrerer korleis Noregs Bank i denne perioden vurderte at ulike faktorar verka inn på inflasjon, produksjon og sysselsetjing. Gjennom 2012 justerte Noregs Bank prognosen for styringsrenta ned og skauv oppgangen ut i tid. Både utsiktene til lågare styringsrente ute, mindre vekst ute og sterkare krone drog renteprognosen ned gjennom 2012.
7.5.2.3 Nærare om utviklinga i risikopåslag og utlånsrentene til hushald og føretak
Då uroa i euroområdet loga opp att sommaren 2011, auka skilnaden mellom pengemarknadsrentene og det marknadsaktørane venta at styringsrenta ville verta i den same tidsperioden, jf. figur 7.3. I byrjinga av 2012 utgjorde dette påslaget på pengemarknadsrenta med tre månaders løpetid meir enn eit prosentpoeng. Gjennom 2012 fall påslaget markert, og ved utgangen av året var det på vel ¼ prosentpoeng. Både oppgangen hausten 2011 og nedgangen gjennom 2012 må sjåast i samanheng med utviklinga i pengemarknaden internasjonalt. Noregs Bank skriv mellom anna dette om utviklinga i årsmeldinga for 2012:
«Utviklinga i Noreg følgde i stor grad utviklinga internasjonalt. Spesielt har uroa rundt den økonomiske situasjonen og statsfinansane i ein del europeiske land påverka utviklinga i pengemarknadene. I løpet av seinsommaren og hausten 2012 førte fleire myndigheitstiltak til rolegare marknadsforhold i dei europeiske finansmarknadene, og dei norske pengemarknadsrentene fall i takt med den reduserte uroa.»
3. oktober 2011 vart det innført eit nytt system for å styra likviditeten til bankane. I det nye systemet får bankane berre ein viss kvote forrenta til styringsrenta. Innskot utover kvoten vert forrenta til reserverenta, som ligg eit prosentpoeng lågare enn styringsrenta. Føremålet med det nye systemet er å fremja utlånsaktiviteten i internbankmarknaden. Samstundes som det nye systemet for likviditetsstyringa vart innført, byrja Noregs Bank å notera NOWA-renta. NOWA er eit vekta gjennomsnitt av rentesatsane på avtaler om usikra lån i norske kroner mellom bankar med utbetaling same dagen og tilbakebetaling neste bankdag. I 2012 var det mest ingen skilnad mellom NOWA-renta og styringsrenta.
Etter initiativ frå Noregs Bank har Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO) i samarbeid med bankane utarbeidd eit regelverk for å fastsetja NIBOR-renta, med sikte på å gjere fastsetjinga meir oversiktleg. Det nye regelverket inneheld mellom anna ein klår definisjon av denne referanserenta og korleis ho skal tolkast i høve til tilsvarande renter i andre land.
Utlånsrentene til hushald og føretak har på den andre sida ikkje falle i takt med lågare pengemarknadsrente, jf. figur 7.4. Årsaka er auka utlånsmarginar i bankane knytt til behovet deira for å auka kapitaldekninga.
I rentesetjinga tek Noregs Bank omsyn til både utviklinga i risikopåslaga i pengemarknaden og utviklinga i bankane sine utlånsmarginar.
7.5.2.4 Nærare om utviklinga i inflasjon, produksjon, sysselsetjing, valutakurs og inflasjonsforventningar
KPI vil ofte variera mykje frå månad til månad, særleg ved store svingingar i straumprisane. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst har ein freista å fjerna endringar i konsumprisane som kjem av mellombels forstyrringar. Prisveksten justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) er eit slikt mål. Sidan 2008 har Noregs Bank òg rekna ut indikatoren KPIXE for underliggjande inflasjon. I denne indikatoren er KPI justert for avgiftsendringar og mellombels endringar i energiprisane, medan det er freista å fanga opp eventuelle trendar i energiprisane. Noregs Bank opplyser i tillegg om utviklinga i eit trimma snitt og ein modellbasert indikator for underliggjande prisvekst (KPIM).
I den pengepolitiske rapporten frå oktober 2011 la Noregs Bank til grunn at veksten både i KPI og KPXE ville verta 1½ prosent i 2012, medan veksten i KPI-JAE ville verta 1¾ prosent. I den pengepolitiske rapporten frå oktober 2012 justerte Noregs Bank prisanslaga til ein vekst i KPI på ¾ prosent, i KPI-JAE på 1¼ prosent og i KPIXE på 1 prosent. Veksten i konsumprisane (KPI) vart i gjennomsnitt på 0,8 prosent frå 2011 til 2012, ned frå 1,2 prosent året før. Dei siste fem åra har KPI i gjennomsnitt auka med 2,1 prosent årleg. Figur 7.5 syner veksten i konsumprisane gjennom dei siste åra.
I årsmeldinga for 2012 skriv Noregs Bank mellom anna dette om utviklinga i inflasjonen over tid:
«Ut frå mandatet i pengepolitikken tek Noregs Bank sikte på ein årsvekst i konsumprisindeksen (KPI) som over tid ligg nær 2,5 prosent. Konsumprisveksten for eit kortare tidsrom er ikkje eit tilstrekkelig grunnlag for å vurdere om måla i pengepolitikken er nådde over tid. […] Dei siste ti åra har den gjennomsnittlege årlege konsumprisveksten vore 1,8 prosent. Avviket frå inflasjonsmålet på 2,5 prosent kjem av at økonomien tidlegare i tiåret var ramma av ei rekkje gunstige forstyrringar på produksjonssida, mellom anna sterk vekst i produktiviteten, god tilgang på arbeidskraft frå andre land og lågare prisvekst på importerte varer. Det speglar seg i at veksten i norsk økonomi var sterk, samtidig som inflasjonen ein periode var lågare enn venta.»
Dersom aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken når inflasjonsmålet, vil dei venta at inflasjonen på sikt vert lik målet. I årsmeldinga for 2012 skriv Noregs Bank mellom anna:
«Tillit til at inflasjonsmålet blir nådd, er ein føresetnad for at pengepolitikken òg kan medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Inflasjonen vil ikkje vere lik målet til kvar tid, men med tillit til pengepolitikken vil den forventa prisveksten på lengre sikt vere nær inflasjonsmålet. Det er i seg sjølv med på å stabilisere inflasjonen.»
På oppdrag frå Noregs Bank gjennomfører Perduco kvartalsvise spørjeundersøkingar om mellom anna venta inflasjon. Figur 7.7 syner utviklinga i venta prisvekst dei siste åra. I 1. kvartal 2013 venta fagøkonomane ein konsumprisvekst på 2,1 prosent om to år og 2,4 prosent om fem år. Arbeidslivsorganisasjonane venta òg ein prisvekst på 2,1 prosent om to år og 2,4 prosent om fem år. Hushalda har til vanleg hatt eit noko høgare anslag for prisveksten enn dette.
Noregs Bank nyttar eit berekna produksjonsgap for å uttrykkja korleis dei vurderer den samla kapasitetsutnyttinga i økonomien. Figur 7.8 syner korleis Noregs Bank rekna utviklinga og variasjonen i produksjonsgapet frå 1982 til 2012. Variasjonen er illustrert med bandet rundt produksjonsgapet. I årsmeldinga for 2012 skriv Noregs Bank at svingingane i økonomien målt på denne måten dei siste ti åra i gjennomsnitt har vore noko mindre enn i åra kring 1990. Utslaga i produksjonen hausten 2008 og våren 2009 var likevel meir markerte enn dei hadde vore på fleire år.
Det er stor uvisse kring utrekninga av produksjonsgapet. I Inflasjonsrapport 3/2006 skreiv Noregs Bank mellom anna:
«Produksjonsgapet er ikke observerbart og må anslås. Det er stor grad av usikkerhet i anslagene, ikke bare for framtidig produksjonsgap, men også for produksjonsgapet i dag. Ulike beregningsmetoder kan gi ulike anslag på produksjonsgapet [..]. Hver metode har sine styrker og svakheter, og det er ikke opplagt hvilken av metodene som gir det beste uttrykket for ressursknappheten. I tillegg til metodeusikkerhet er anslag på produksjonsgapet usikkert på grunn av usikre data [..]»
Difor meiner Noregs Bank at fleire indikatorar må til når ein skal vurdera kapasitetsutnyttinga i økonomien. Utviklinga i arbeidsløysa er ein slik indikator.
Den internasjonale finanskrisa har medverka til store svingingar i kronekursen dei siste åra. Målt med konkurransekursindeksen svekte krona seg med heile 18 prosent gjennom andre halvår 2008. I 2009 snudde det slik at krona ved slutten av året var 14 prosent sterkare enn i starten av året. Dei tre siste åra har krona styrkt seg med i gjennomsnitt vel 2½ prosent per år.
7.5.3 Vurderingar frå andre av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken
Det er kome fleire rapportar som omtalar korleis pengepolitikken i Noreg har vore utøvd i tida etter at Finansmarknadsmeldinga 2011 vart lagd fram i mai 2012. Nedanfor er vurderingane i desse rapportane kort omtala:
Norges Bank Watch 2013, ein rapport frå ei ekspertgruppe oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME) ved Handelshøyskolen BI. Finansdepartementet er med og finansierer denne rapporten.
Årsmeldinga 2012 frå Finanstilsynet, som vart publisert 12. mars 2013.
I Norges Bank Watch 2013 heiter det mellom anna om utøvinga av pengepolitikken i 2012:
«When looking at monetary policy in 2012 there is a clear difference between the first quarter of the year and the rest. NBW 2013 has pointed at several issues in the period up until and including the March MPC meeting, while during the remainder of the year there was less to comment on.
Firstly, we question the 25bp cut in policy rates at the March MPC meeting. One reason is that the downward revision of the domestic output gap which Norges Bank made in the March 2012 MPR does not look fully justified by the economic development at the time. The other reason is related to unintended signals given by Governor Olsen in his Annual Address that policy rates would not be cut further […].
The second issue concerns the new loss function which was introduced at the March MPC meeting […]. Given that Norges Bank actually revised down the output gap, we would have expected an even larger downward revision of the interest rate forecast. The reason is that the output gap was expected to stay close to zero, while inflation still was very low and expected to stay low […].
The final remark concerns the October MPR and Norges Bank’s view on banks’ lending rates. In the October MPR there was for the first time a separate effect on the interest rate forecast from banks’ lending margins. What happens to banks’ lending margins and Norges Bank’s view on the margins will be of increasing importance going into 2013 with all the upcoming changes in banking regulation. NBW 2013 encourages Norges Bank to publish its view and forecast also for banks’ lending rates (or margins) going forward.»
Norges Bank Watch-gruppa skriv at dei stiller seg positive til den omlegginga Noregs Bank no gjer av arbeidet med pengepolitikk og finansiell stabilitet, som har sin bakgrunn i at banken framover skal gje råd om makroregulering av finansmarknadene. Gruppa meiner det utvida ansvaret for banken gjer det endå meir naudsynt å endra systemet med framleggingsplikt og instruksjonsrett.
Vidare peikar gruppa på Noregs Banks indikator KPIXE, som Noregs Bank sidan våren 2008 har nytta som ein av fleire indikatorar på underliggjande inflasjon. Gruppa meiner KPIXE har fleire veike sider, og at KPI-JAE i staden bør brukast som hovudindikator for underliggjande inflasjon.
I årsmeldinga frå Finanstilsynet for 2012 omtalar Finanstilsynet den økonomiske utviklinga. Om verknaden rentepolitikken har på norsk økonomi, heiter det mellom anna:
«For å bidra til å holde den økonomiske aktiviteten oppe, har sentralbankene videreført svært lave renter og tilført markedene ekstra likviditet. I finansmarkedene forventes et lavt rentenivå i lang tid. Et lavt internasjonalt rentenivå har også bidratt til fortsatt lav rente i Norge.
Norske banker er solide og lønnsomme. Høy aktivitet i norsk økonomi og lav rente bidrar til lave utlånstap. I en høykonjunktur med høy oljepris, internasjonal usikkerhet og lav rente er det særlig viktig at både myndigheter og banker har et langsiktig perspektiv i sine risikovurderinger. Kredittvurderingene må ta høyde for framtidig konjunkturomslag og renteoppgang.
[…]
Husholdningenes gjeld og boligpriser vokste fortsatt sterkt i 2012 og har nådd meget høye nivåer. Veksten er i hovedsak drevet av høy etterspørsel, blant annet som følge av lav rente, høy inntektsvekst og lav boligbeskatning. Utviklingen gir grunn til uro.»
I kapittel 2 i denne meldinga er det ei nærare omtale av utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg.
7.5.4 Departementet sine vurderingar av korleis Noregs Bank utøver pengepolitikken
Retningslinene for pengepolitikken som vart fastsette 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om desse retningslinene. Det ser ut til å vera tillit til pengepolitikken både hjå marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og ålment i opinionen. Innanfor retningslinene skal Noregs Bank utøva eit sakleg avgrensa skjøn. Ansvarsdelinga mellom dei politiske styresmaktene og Noregs Bank er, slik departementet ser det, tenleg.
Departementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for korleis Noregs Bank skal utøve pengepolitikken, og at retningslinene har vist seg robuste, òg i samband med finanskrisa. Retningslinene gjorde det mogleg for Noregs Bank å setja ned rentene markant då den venta inflasjonen og produksjonen fall hausten 2008. Den ekspansive pengepolitikken har i stor mon vore med på å stabilisera utviklinga i norsk økonomi. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring.
I forskrifta for pengepolitikken heiter det at pengepolitikken skal sikta mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Pengepolitikken skal sikta mot låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid ligg nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal samstundes stø finanspolitikken ved å medverka til stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing og stabile forventningar om valutakursutviklinga.
Budsjettpolitikken og pengepolitikken må verka saman med sikte på stabil utvikling i produksjon og etterspurnad. Retningslinene for den økonomiske politikken gjer at pengepolitikken har ei klår rolle å spela i stabiliseringspolitikken. Verkemidla i pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien endrar seg.
Pengepolitikken skal vera framoverretta. Noregs Bank fastset renta med sikte på å stabilisera inflasjonen nær målet på 2½ pst. på mellomlang sikt. Horisonten varierer med dei forstyrringane økonomien er utsett for, og kva verknader slike forstyrringar har på inflasjonen og realøkonomien framover. I utøvinga av pengepolitikken må Noregs Bank vega omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort til mellomlang sikt.
Utviklinga i konsumprisane i Noreg varierer mykje frå år til år, mellom anna som følgje av store variasjonar i straumprisane. Konsumprisane (KPI) auka med 0,8 prosent frå 2011 til 2012 og med 1,2 prosent året før. Gjennomsnittleg vekst i konsumprisane har vore 2,1 prosent dei siste fem åra, dvs. noko lågare enn inflasjonsmålet i pengepolitikken.
Når ein skal vurdera prisutviklinga over tid, er det utviklinga i samla KPI som er det sentrale målet. Når ein skal vurdera inflasjonen i dag og utsiktene for den vidare prisveksten, gjev KPI, slik han ser ut i augneblinken, likevel ikkje det beste vurderingsgrunnlaget. I ulike indikatorar for underliggjande prisvekst freistar ein å fjerna endringar i konsumprisane som skriv seg frå mellombels forstyrringar som ein bør sjå bort frå ved fastsetjing av renta, jamfør det som er sagt ovanfor. Noregs Bank nyttar fleire indikatorar for å få eit bilete av den underliggjande inflasjonen. Konsumprisane justerte for avgiftsendringar og frårekna energivarer, KPI-JAE, er ein sentral indeks. I tillegg reknar Noregs Bank ut ein indeks kalla KPIXE, der ein med utgangspunkt i KPI-JAE justerer for tendensutviklinga i energiprisane. Noregs Bank publiserer prisveksten målt med denne indikatoren same dagen som KPI vert publisert. Veksten i KPI-JAE var på 1,2 prosent i 2012, 0,3 prosentpoeng høgare enn året før. KPIXE var 1,0 pst.
Forventningane til inflasjonen nokre år fram i tid ser ut til å vera godt forankra nær inflasjonsmålet, jamfør avsnitt 7.4.2 ovanfor. Slik tillit til inflasjonsmålet gjer det lettare for Noregs Bank å medverka til stabilitet i produksjon og sysselsetjing, jamfør forskrifta for pengepolitikken. Sjølv om inflasjonen var låg i 2012, er det lite som tyder på at det er fare for deflasjon i norsk økonomi. Låge importprisar styrkjer kjøpekrafta for norske hushald og betrar lønnsemda for norske bedrifter. Veksten i aktiviteten i Fastlands-Noreg var høgare i 2012 enn i 2011, og høgare enn gjennomsnittet dei siste 40 åra. Sjølv om arbeidsløysa, slik ho vert målt i arbeidskraftundersøkinga til Statistisk sentralbyrå, har gått noko opp dei siste månadene, er arbeidsløysa framleis låg, både historisk og når ein samanliknar med andre land. Framfor å setja ned styringsrenta endå meir har Noregs Bank i denne stoda sagt uttala at ein vil bruka noko lengre tid på å nå inflasjonsmålet.
Noreg har greidd seg betre enn dei fleste andre landa gjennom finanskrisa og det etterfølgjande tilbakeslaget i internasjonal økonomi. Det er truleg fleire grunnar til det. Næringsstrukturen har denne gongen vore gunstig i møte med tilbakeslaget i USA og i Europa. Som eksportør av energi- og råvareprodukt har Noreg note godt av sterk vekst i etterspurnaden frå Kina og andre framveksande økonomiar. I tillegg medverka penge- og finanspolitikken til å stabilisera utviklinga. Sidan dei aller fleste bustadlåna i Noreg er lån med flytande rente, slo rentereduksjonane til Noregs Bank frå hausten 2008 til sommaren 2009 raskt ut i auka kjøpekraft. Veksten i BNP for Fastlands-Noreg var på 2,5 prosent i 2011 og 3,5 prosent i 2012.
Sommaren og hausten 2011 vart utsiktene dårlegare både for internasjonal økonomi og norsk økonomi. I mange andre land sette sentralbankane ned styringsrenta. I denne stoda vedtok Noregs Bank i desember 2011 å setja ned styringsrenta med 0,50 prosenteiningar, til 1,75 prosent. I mars i fjor vart styringsrenta sett ned med endå 0,25 prosentpoeng. Styringsrenta er sidan vorten liggjande i ro på 1,5 prosent. Stoda hjå dei viktigaste handelspartnarane er no slik at rentene der truleg vert verande svært låge ei god stund framover. Det påverkar i sin tur dei avvegingane Noregs Bank gjer i rentesetjinga. Rentebana til Noregs Bank, som vart publisert i samband med rentemøtet 14. mars i år, tyder på at rentene vil halda seg låge i Noreg òg dei næraste åra, endå om det vert ein gradvis auke.
Uroa i finansmarknadene internasjonalt har ført til at skilnaden mellom tre månaders pengemarknadsrente og den styringsrenta marknadsaktørane ventar seg, har vore høgare enn vanleg. Skilnaden har vore høgare i Noreg enn i mange andre land. Dette var ein viktig grunn både til at Noregs Bank tok initiativ overfor finansnæringa til å betra regelverket for NIBOR-fastsetjinga, og til at banken vedtok å endra systemet for styring av likviditet med tanke på å dempa etterspurnaden etter sentralbanklikviditet og fremja auka aktivitet i interbankmarknadene, jamfør omtale ovanfor. Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO) innførte på denne bakgrunnen eit nytt regelverk for fastsetjing av NIBOR gjeldande frå 1. august 2011, medan Noregs Banks nye system for likviditetsstyring vart iverksett 3. oktober 2011. Finanstilsynet har i eit brev til Finansdepartementet den 31. august 2012 skrive mellom anna at FNO bør betra kommunikasjonen til ålmenta om korleis NIBOR vert fastsett og korleis fastsetjinga vert overvaka, og at styringsgruppa for NIBOR bør få eit tydeleg ansvar for å ta imot og vurdera meldingar om mistanke om feil. Med verknad frå 1. februar 2013 innførte FNO nye interne reglar. Dei nye reglane seier at bankar som deltek i fastsetjinga av NIBOR, skal ha klåre retningsliner for å identifisera og handtera interessekonfliktar som måtte melda seg som følgje av at bankane sjølve har interesser i marknader der NIBOR vert nytta som referanserente. Retningslinene skal vera dokumenterte og kunna leggjast fram når Finanstilsynet bed om det. Departementet meiner det er særs viktig at systemet for fastsetjinga av NIBOR-renta er robust og tillitvekkjande.
Risikopåslaget i pengemarknadsrentene har gått mykje ned gjennom siste del av 2012. Utlånsrentene til hushald og føretak har på den andre sida ikkje falle i takt med lågare pengemarknadsrente. Årsaka er auka utlånsmarginar i bankane knytt til behovet dei har for å auka kapitaldekninga. I rentesetjinga tek Noregs Bank omsyn til både utviklinga i risikopåslaga i pengemarknaden og utviklinga i bankane sine utlånsmarginar.
Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverka til stabilitet i den internasjonale kroneverdien og til å stabilisera forventningane om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. Difor er det ikkje sett noko fast mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel innverknad på rentesetjinga, fordi kursen påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten og open økonomi som den norske.
Det har vore store endringar i verdien av den norske krona i samband med uroa på finansmarknadene dei siste åra. Krona svekte seg markert gjennom andre halvår 2008, men brorparten av dette vart reversert i 2009. Dei tre siste åra har krona styrkt seg vidare, og i byrjinga av 2013 var ho 7,4 prosent sterkare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra.
Pengepolitikken og finanspolitikken må verka saman for å stabilisera utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Ei høgare rente i Noreg enn i utlandet kan føra til at krona styrkjer seg, noko som særleg kjem til å råka det konkurranseutsette næringslivet. Regjeringa legg vekt på å føra ein budsjettpolitikk som legg til rette for ei balansert utvikling i norsk økonomi, og til at renta ikkje vert unødig høg. Ei slik utvikling vil isolert sett dempa presset på konkurranseutsette verksemder.
Tydeleg kommunikasjon om intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken medverkar òg til å stabilisera forventningane om valutakursutviklinga. Det at Noregs Bank publiserer ei eiga bane for renta framover, er ein viktig del av denne kommunikasjonen.
Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Noregs Bank skal saman med Finanstilsynet sjå til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkja element som kan truga stabiliteten. Noregs Bank er òg långjevar i siste instans for bankane. I kapittel 2 i denne meldinga er arbeidet med finansiell stabilitet nærare omtala. Der er det òg gjort greie for nye retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for lån til bustadføremål, som Finanstilsynet fastsette i desember 2011. Desse retningslinene kan i nokon mon dempa det samspelet mellom kredittvekst, inntektsvekst og rente som ein har sett dei siste åra.
Som omtala i kapittel 2 har både bustadprisane og gjelda til hushalda auka sterkt i Noreg over fleire år. Utviklinga i gjeld, formuesprisar og gjeldsbetalingsevne har i lang tid vore ein del av grunnlaget for rentesetjinga til Noregs Bank. Banken har mellom anna sagt at han vil ha eit langsiktig perspektiv på inflasjonsmålet ettersom mogleg ubalanse i formuesprisane kan påverka aktiviteten og inflasjonen ei god stund frametter.
I Pengepolitisk rapport 1/12, som blei lagd fram 14. mars i fjor, justerte Noregs Bank kriteriene for ein god rentebane. I tillegg til omsynet til stabil utvikling i inflasjon og produksjon legg Norges Bank og vekt på at rentesettinga bør vera robust. I det ligg det at banken vil setje renta slik at pengepolitikken dempar faren for at finansielle ubalansar byggjer seg opp i økonomien, og slik at ein akseptabel utvikling i inflasjon og produksjon etter banken sitt syn er sannsynleg, òg med alternative føresetnader om verkemåten til økonomien. Ifølgje Noregs Bank gjer dette at det er riktig å bruka tid på å få inflasjonen opp mot målet. I den same rapporten endra vidare Noregs Bank den såkalla tapsfunksjonen ved å auka vekta på produksjonsgapet og erstatta omsynet til avviket til renta frå enkle pengepolitiske regler med eit omsyn om rentas avvik frå ein normal rente. Om dette uttala Noregs Bank mellom anna at auka vekt på produksjonsgapet i tapsfunksjonen kan redusera faren for at finansielle ubalansar byggjer seg opp. Omsynet til finansiell stabilitet må vegast mot dei andre omsyna i mandatet til Noregs Bank.
I Prop. 96 L, som vart lagd fram 22. mars 2013, vart det gjort framlegg om å innføra ein motsyklisk kapitalbuffer for norske finansinstitusjonar. Det er føreslått at regelverket skal gjerast gjeldande frå 1. juli 2013, og eit eventuelt krav om buffer vil då tidlegast gjelda frå 1. juli 2014. Framlegget om å innføra motsyklisk kapitalbuffer er nærare omtala i kapittel 3.
Det er viktig for hushalda og andre aktørar i økonomien at Noregs Bank opplyser klårt om kva for vurderingar som ligg til grunn for renteavgjerdene, og korleis banken vurderer den framtidige renteutviklinga, slik at ein kan tilpassa seg. Det har i den samanhengen hatt god verknad at Noregs Bank sidan hausten 2005 har offentleggjort sine eigne renteprognosar. Noregs Bank har vekt merksemd i utlandet med den gode og opne formidlinga av vurderingane som styrer utøvinga av pengepolitikken. Noregs Bank skriv òg kva styret har lagt vekt på i vurderingane som ligg bak renteavgjerdene, og om ein har vurdert andre alternativ for renta. Frå og med nummer 1/11 har Pengepolitisk rapport opna med eit kapittel som omtalar vurderingane og drøftingane i hovudstyret på møtet dei held to veker før rentemøtet. Frå og med nummer 3/11 har ein òg teke med drøftingane i hovudstyret frå rentemøta som vert haldne mellom dei pengepolitiske rapportane. Og frå og med nummer 1/13 har finansiell stabilitet fått ein meir sentral plass i rapportene.
Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til den måten Noregs Bank har utøvd pengepolitikken på i 2012.
7.6 Kapitalforvaltninga
7.6.1 Innleiing
Ved utgangen av 2012 hadde Noregs Bank 4071 milliardar kroner til forvaltning i dei internasjonale kapitalmarknadene. Statens pensjonsfond utland (SPU), som vert forvalta på vegner av Finansdepartementet, utgjer storparten av dette. Banken forvaltar òg sine eigne internasjonale reservar.
7.6.2 Noregs Banks internasjonale reservar
Valutareservane skal kunna brukast til transaksjonar i valutamarknaden som ledd i å gjennomføra pengepolitikken eller ut frå omsyn til den finansielle stabiliteten. I tillegg skal valutareservane brukast til å oppfylle dei internasjonale skyldnadene Noreg har. Dei internasjonale reservane til Noregs Bank omfattar valutareservane og krav på Det internasjonale valutafondet (IMF). Valutareservane utgjorde 92 prosent av dei samla internasjonale reservane ved utgangen av 2012. Etter frådrag for innlån var marknadsverdien av valutareservane 265 milliardar kroner ved utgangen av 2012. I 2012 fastsette hovudstyret strengare krav til likviditeten i valutareservane.
Hovudstyret i Noregs Bank fastset retningsliner for å forvalta valutareservane og har delegert til sentralbanksjefen å gje utfyllande reglar på visse område. Reservane er delte inn i ein pengemarknadsportefølje og ein langsiktig portefølje. I tillegg er det ein petrobufferportefølje som skal samla opp midlar for valutaoverføring til SPU. Pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen inneheld berre renteinvesteringar, medan den langsiktige porteføljen har ein aksjedel på 40 prosent og ein obligasjonsdel på 60 prosent. Både for den langsiktige porteføljen og for pengemarknadsporteføljen er dei strategiske hovudvala spesifiserte ved definering av referanseindeksar, som er konstruerte porteføljar med bestemte land- og valutafordelingar og med konkrete verdipapir eller renteindeksar innanfor dei ulike delmarknadene eller valutaene. Referanseindeksane er utgangspunktet for å styra og overvaka risikoeksponeringa og for å vurdera den avkastninga Noregs Bank faktisk oppnår i reserveforvaltninga.
Den langsiktige porteføljen utgjer storparten av valutareservane og hadde ved utgangen av 2012 ein marknadsverdi på 227 milliardar kroner. Målet for forvaltninga av den langsiktige porteføljen er høg avkastning på lang sikt, men porteføljen skal òg kunna brukast til pengepolitiske føremål eller ut frå omsynet til finansiell stabilitet dersom det trengst. Avkastninga av den langsiktige porteføljen var 9,8 prosent i 2012, målt i ei valutakorg som svarar til samansetjinga av referanseindeksen. Målt i norske kroner var avkastninga 2,49 prosent. Skilnaden kjem av at den norske krona styrkte seg i høve til valutaene i korga. Dei siste ti åra har den årlege nominelle avkastninga av den langsiktige porteføljen vore 5,62 prosent målt i valutakorga for referanseindeksen. Etter frådrag for forvaltningskostnader og prisstiging har netto realavkastning vore 3,44 prosent. I denne perioden har forvaltninga gjeve ei meiravkastning på 0,23 prosentpoeng samanlikna med kva ein ville ha oppnådd ved å investera i referanseindeksen.
Det er fastsett eit nivå for kor mykje den langsiktige porteføljen kan avvika frå referanseindeksen. Forvaltninga skal innrettast med sikte på at venta relativ volatilitet ikkje skal overstiga eitt prosentpoeng. Venta relativ volatilitet er eit samla risikomål, og for å rekna ut dette måltalet gjer ein bruk av ein modell som tek utgangspunkt i historiske svingingar i marknadene. I 2012 vart venta relativ volatilitet i gjennomsnitt målt til 0,5 prosentpoeng.
Pengemarknadsporteføljen er den mest likvide delen av valutareservane og skal saman med den langsiktige porteføljen kunna brukast til transaksjonar som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken eller ut frå omsynet til finansiell stabilitet. I tillegg vert pengemarknadsporteføljen brukt til å møta dei internasjonale skyldnadene Noregs Bank har, mellom anna transaksjonar med IMF og lån til enkeltland. Porteføljen er plassert slik at han innan éin handledag kan nyttast til transaksjonar i valutamarknaden utan å måtte realisera særleg store tap. Porteføljen er kortsiktige pengemarknadsinstrument. Dette utgjør for det meste sikra utlån til godkjende internasjonale bankar og i statssertifikat med løpetid på opp til eitt år.
Pengemarknadsporteføljen skal svara til mellom 3,5 og 4,5 milliardar SDR («Special Drawing Rights») og ha ein strategisk valutadel for amerikanske dollar og euro på etter tur 75 og 25 prosent. Referanseindeksen skal setjast saman av overnatts-pengemarknadsindeksar og statssertifikatindeksar.
Det er fastsett rammer for kor mykje den faktiske porteføljen kan avvika frå referanseindeksen. Valutavektene kan avvika med ±5 prosentpoeng frå referanseindeksen. Grensa for venta relativ volatilitet er sett til 1 prosent, og banken bruker ein modell som tek omsyn til historiske svingingar i marknadene. Venta relativ volatilitet vart i gjennomsnitt målt til 0,03 prosent i 2012.
Ved utgangen av 2012 var pengemarknadsporteføljen 34,2 milliardar kroner (4,0 milliardar SDR), ein nedgang på 0,7 milliardar kroner frå utgangen av 2011. I 2012 var avkastninga av porteføljen 0,11 prosent, målt i lokal valuta, medan referanseindeksen gav ei avkastning på 0,09 prosent. Ein må sjå den låge avkastninga i samanheng med dei strenge krava til likviditet og beredskap som gjeld for porteføljen.
Bruttoinntektene i valuta frå Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumssektoren (SDØE) vert selde til Noregs Bank og plasserte i petrobufferporteføljen. I tillegg kjøper Noregs Bank i periodar valuta direkte i marknaden for å kunna dekkja det beløpet som skal setjast av til Statens pensjonsfond utland. Frå 1. juni 2012 vart ansvaret for å forvalta petrobufferporteføljen flytta frå Noregs Bank Investment Management til Noregs Banks avdeling for marknader og banktenester.
Midlane i petrobufferporteføljen vert plasserte i pengemarknadsinstrument. Ved utgangen av 2012 var verdien av porteføljen 6,5 milliardar kroner. Til vanleg vert det overført midlar frå petrobufferporteføljen til Statens pensjonsfond utland kvar månad. For året 2012 har petrobufferporteføljen hatt ei avkastning på –7,15 prosent målt i norske kroner. Det er ikkje fastsett nokon referanseindeks for petrobufferporteføljen.
Krav på IMF omfattar SDR, reserveposisjonen og Noregs bilaterale lån til IMF. Noregs Bank har fått tildelt 1563 millionar SDR frå IMF. Noregs Bank har gjort avtale med IMF om frivillig kjøp og sal av SDR, som seier at den faktiske SDR-behaldninga skal vera mellom 782 og 2345 millionar SDR. Ved utgangen av 2012 var behaldninga på 1502 millionar SDR, som svarar til 12 850 millionar kroner. Noregs Bank har gjort ei avtale som gjev IMF høve til å trekkja opptil 3000 millionar SDR for å finansiere dei generelle låneordningane til fondet. Etter at IMF-innlånsordninga «New Arrangements to Borrow» (NAB) vart utvida i mars 2011, vert trekka til IMF under det bilaterale lånet utan opphald overførte til NAB. Noregs plikter under NAB er 3871 millionar SDR. Trekk på den bilaterale avtala mellom Noregs Bank og NAB skal sjåast i samanheng, slik at dei samla skyldnadene til Noreg ikkje skal overstiga NAB-ramma. Finansdepartementet har gjort ei avtale om å stilla lånemidlar til rådvelde for IMFs låneordningar for låginntektsland innanfor ei ramme på 300 millionar SDR. Ved utgangen av 2012 hadde IMF trekt i alt 623 millionar SDR under desse avtalane. I tillegg signerte Noregs Bank og IMF ei ny låneavtale 12. oktober 2012, som gjev IMF ein trekkrett på opp til 6000 millionar SDR.
7.6.3 Statens pensjonsfond utland (SPU)
Noregs Bank står for den operative forvaltninga av SPU på vegner av Finansdepartementet. Ved utgangen av 2012 var marknadsverdien av fondet 3816 milliardar kroner, før frådrag for forvaltningshonorar til Noregs Bank. Finansdepartementet overførte i 2012 til saman 279 milliardar kroner til Statens pensjonsfond utland.
Forvaltningsoppdraget er regulert av forskrifta «Mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland». Finansdepartementet har fastsett ein strategisk referanseindeks samansett av 60 pst. aksjar og 40 pst. obligasjonar, fråtrekt den delen av investeringsporteføljen som er investert i eigedomsporteføljen. Referanseindeksen uttrykkjer oppdragsgivarens investeringsstrategi for fondet. Den er eit viktig utgangspunkt for å styra risikoen i den operative forvaltninga og for å vurdera resultata av forvaltninga i Noregs Bank. I 2012 vart referanseindeksen endra, slik at europeiske marknader tel mindre i indeksen. Finansdepartementet har sett grenser for kor mykje den faktiske porteføljen kan avvika frå referanseindeksen. Noregs Bank har høve til å investere i land utanom referanseindeksen som del av den aktive forvaltninga. Samla sett hadde fondet investeringar i 72 land ved utgangen av 2012, samanlikna med 68 land ved utgangen av 2011.
Fondet hadde i 2012 ei avkastning på 13 prosent, målt i ei valutakorg som svarar til samansetjinga av referanseindeksen. Det er dette avkastningsmålet som best uttrykkjer utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Målt i internasjonal valuta var avkastninga på aksjeporteføljen 18 prosent, medan renteporteføljen hadde ei avkastning på 7 prosent.
Avkastninga i 2012 var 0,21 prosentpoeng høgare enn avkastninga på referanseindeksen. Sidan 1998 har den årlege nominelle avkastninga vore 5,05 prosent målt i internasjonal valuta. Etter frådrag for forvaltningskostnader og prisstiging har netto realavkastning vore 2,97 prosent per år. Forvaltninga av SPU i 2012 er nærare omtala i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2012.
7.7 Rekneskap og budsjett
Årsrekneskapen til Noregs Bank er avlagd etter rekneskapslova og forskrift om årsrekneskap for Noregs Bank. Forskrifta krev at rekneskapen til Noregs Bank skal utarbeidast i samsvar med International Financial Reporting Standards, som er fastsett av EU (IFRS), men stiller særlege krav til presentasjon av investeringsporteføljen til Statens pensjonsfond utland og dotterselskap som berre utgjer investeringar som ledd i forvaltinga av investeringsporteføljen. Forskrifta fastset at rekneskapen til Noregs Bank skal omfatte rekneskapsrapportering for investeringsporteføljen til Statens pensjonsfond utland, og at denne skal utarbeidast i samsvar med IFRS.
Valutareservane er den dominerande eigedelen i Noregs Bank når ein ser bort frå Statens pensjonsfond utland (SPU), som ikkje verkar inn på resultatet i Noregs Bank. Noregs Bank har ei rentefri gjeld i form av setlar og myntar i omløp. I tillegg har banken innanlandske innskot frå staten og andre bankar. Denne samansetjinga av balansen vil normalt gjeve ei positiv avkasting over tid. Eigedelane til banken er hovudsakleg plasserte i valuta, mens gjelda primært er i norske kroner. Det gir ein valutarisiko som krev nok eigenkapital. Noregs Bank presenterer eigne kolonnar i resultatoppstillinga, balansen og kontantstraumoppstillinga som viser valutareservane til banken. I all hovudsak er kontantstraumane i Noregs Bank av operasjonell karakter.
Inntektene til Noregs Bank består i hovudsak av netto inntekt frå finansielle instrument knytte til valutareservane. Gevinstar og tap består av valutakursendringar, aksjekursendringar og renteendringar som påverkar obligasjonskursane. Resultatet for Noregs Bank er avhengig av utviklinga av desse parametrane, og det kan gi store årlege svingingar i resultatet.
For 2012 viser totalresultatet for Noregs Bank eit overskot på 0,8 milliardar kroner, mot eit overskot på 8,4 milliardar kroner i 2011.
Netto inntekt frå finansielle instrument i dei internasjonale verdipapirmarknadene knytte til valutareservane til banken har gitt ein gevinst på 0,3 milliardar kroner i 2012, mot 11,9 milliardar i 2011. Grunnen til reduksjonen i denne nettoinntekta er at den norske krona har styrkt seg mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane, som – omrekna til norske kroner – har ført til eit valutatap på 21,2 milliardar kroner i 2012.
I 2011 gav svekkinga av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane ein valutagevinst på 6,2 milliardar kroner for valutareservane. Gevinstar og tap som skriv seg frå endra kronekurs, verkar ikkje inn på den internasjonale kjøpekrafta for valutareservane. Renter betalte til statskassa var på 0,6 milliardar kroner i 2012. I 2011 utgjorde dei totale rentekostnadene til statskassen 0,9 milliardar kroner.
Endring i aktuarmessige gevinstar og tap for pensjonspliktane til banken utgjer 1,2 milliardar for 2012 og –1,1 milliard i 2011.
Kursreguleringsfondet var på 72,6 milliardar kroner ved utgangen av 2011. Etter resultatdisponering for 2012 utgjer kursreguleringsfondet 73,3 milliardar kroner. Finansdepartementet har fastsett kor mykje Noregs Bank kan setje av til kursreguleringsfond for å møte endringar i valutakursane og verdipapirprisane. Storleiken på valutareservane og dei innanlandske fordringane ved årsskiftet gir grunnlag for å setje av inntil 110 milliardar kroner i kursreguleringsfondet.
Den totale balansen for Noregs Bank ved utgangen av 2012 var på 4137 milliardar kroner. Rekneskapen til Noregs Bank omfattar kronekonto og investeringsporteføljen til Statens pensjonsfond utland og utgjer om lag 92 prosent av balansen. Kroneinnskotet til Statens pensjonsfond utland er ein gjeldspost for Noregs Bank og utgjer ved utgangen av året 3814 milliardar kroner. Motverdien av kroneinnskotet blir investert av Noregs Bank i ein øyremerkt investeringsportefølje i utlandet. Den oppnådde avkastinga på investeringsporteføljen blir tilført kronekontoen til Statens pensjonsfond utland. Kostnadene som Noregs Bank har ved forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, blir dekte av Finansdepartementet innanfor ei øvre grense.
Tabell 7.2 Resultatreknskapen for Noregs Bank for 2011 og 2012. Millionar kroner.
2012 | 2011 | 2012 | 2011 | |
---|---|---|---|---|
Av dette valutareservar | Av dette valutareservar | |||
Netto inntekt finansielle instrument | ||||
Renteinntekter frå innskot og krav | 19 | 111 | 12 | 11 |
Renteinntekter frå utlån til banker | 283 | 946 | - | |
Renteinntekter frå utlån knytte til gjensalsavtaler | 47 | 105 | 41 | 105 |
Netto inntekt/ kostnad – gevinst/tap frå: | ||||
Aksjar | 15 750 | -6 204 | 15 597 | -6 225 |
Obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 5 924 | 11 773 | 5 925 | 11 773 |
Finansielle derivat | -43 | 91 | -43 | 91 |
Rentekostnader på innlån knytte til gjenkjøpsavtaler | -3 | -28 | 0 | -21 |
Rentekostnader på innskot frå bankar og statskassa | -1 356 | -2 081 | - | - |
Netto renteinntekt frå fordring/gjeld på Det internasjonale valutafondet | 15 | 31 | - | - |
Skattekostnad | -13 | -22 | -13 | -22 |
Andre finansielle inntekter/kostnader | 1 327 | 50 | 0 | -1 |
Netto inntekt frå finansielle instrumenter før gevinst/tap valuta | 21 950 | 4 772 | 21 519 | 5 711 |
Gevinst/tap valuta | -21 644 | 5 416 | -21 210 | 6 168 |
Netto inntekt frå finansielle instrument | 306 | 10 188 | 309 | 11 879 |
Forvaltning investeringsporteføljen statens pensjonsfond utland | ||||
Totalresultat plasseringar for Statens pensjonsfond utland | 225 669 | -39 583 | ||
Trekt/tilført kronekonto Statens pensjonsfond utland | -225 669 | 39 583 | ||
Av dette forvaltningsgodtgjersle Statens pensjonsfond utland | 2 193 | 2 539 | ||
Forvaltning investeringsporteføljen Statens pensjonsfond utland | 2 193 | 2 539 | ||
Andre driftsinntekter | ||||
Andre driftsinntekter | 113 | 129 | ||
Sum andre driftsinntekter | 113 | 129 | ||
Andre driftskostnader | ||||
Personalkostnader | -1 050 | -898 | ||
Andre driftskostnader | -1 924 | -2 361 | ||
Av- og nedskriving | -88 | -93 | ||
Sum andre driftskostnader | -3 062 | -3 352 | ||
Årsresultat | -450 | 9 504 | 309 | 11 879 |
Totalresultat | ||||
Årsresultat | -450 | 9 504 | 309 | 11 879 |
Endring i aktuarmessige gevinstar og tap | 1 223 | -1 128 | ||
Totalresultat | 773 | 8 376 | 309 | 11 879 |
Tabell 7.3 Noregs Bank sine eigedelar per 31. desember. Millionar kroner.
Eigedelar | 2012 | 2011 | 2012 | 2011 | |
---|---|---|---|---|---|
Av dette valutareservar | Av dette valutareservar | ||||
Finansielle eigedelar: | |||||
Innskot i bankar | 3 749 | 11 790 | 3 672 | 11 713 | |
Utlån knytte til gjensalsavtaler | 12 388 | 15 964 | 12 388 | 15 964 | |
Uoppgjorde handlar | 1 | 162 | 1 | 162 | |
Aksjar | 96 721 | 90 849 | 96 520 | 90 778 | |
Utlånte aksjar | 2 821 | - | 2 821 | - | |
Obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 152 735 | 153 736 | 152 735 | 153 736 | |
Utlånte obligasjonar | - | 71 | - | 71 | |
Finansielle derivat | 6 | 3 | 6 | 3 | |
Krav på Det internasjonale valutafondet | 34 315 | 36 113 | - | - | |
Utlån til banker | 12 006 | 25 241 | - | - | |
Andre finansielle eigedelar | 6 460 | 6 958 | 14 | 42 | |
Sum finansielle eigedelar | 321 202 | 340 887 | 268 157 | 272 469 | |
Plasseringar for Statens pensjonsfond utland | |||||
Plasseringar for Statens pensjonsfond utland | 3 813 576 | 3 309 033 | |||
Sum plasseringar for Statens pensjonsfond utland | 3 813 576 | 3 309 033 | |||
Ikkje-finansielle eigedelar | |||||
Andre ikkje-finansielle eigedelar | 1 941 | 1 855 | |||
Sum ikkje-finansielle eigedelar | 1 941 | 1 855 | |||
Sum eigedelar | 4 136 719 | 3 651 775 | 268 157 | 272 469 |
Tabell 7.4 Norges Banks gjeld og eigenkapital per 31. desember. Millionar kroner.
Gjeld og eigenkapital | 2012 | 2011 | 2012 | 2011 | |
---|---|---|---|---|---|
Av dette valutareservar | Av dette valutareservar | ||||
Finansiell gjeld | |||||
Kortsiktig innlån | 0 | - | 0 | - | |
Innlån knytte til gjenkjøpsavtaler | 0 | 137 | 0 | 137 | |
Motteken kontanttrygd | 1 160 | 72 | 1 160 | 72 | |
Uoppgjorde handlar | 1 450 | 9 722 | 1 450 | 9 722 | |
Finansielle derivater | 4 | 51 | 4 | 51 | |
Anna finansiell gjeld | 1 927 | 3 157 | 1 015 | 3 | |
Gjeld til Det internasjonale valutafondet | 24 845 | 26 720 | - | - | |
Innskot frå bankar m.m. | 35 336 | 92 134 | - | - | |
Innskot frå statskassa | 130 783 | 81 673 | - | - | |
Setlar og mynt i omlaup | 53 755 | 54 766 | - | - | |
Sum finansiell gjeld | 249 260 | 268 432 | 3 629 | 9 985 | |
Innskot kronekonto statens pensjonsfond utland | |||||
Innskot kronekonto Statens pensjonsfond utland | 3 813 576 | 3 309 033 | |||
Sum innskot kronekonto Statens pensjonsfond utland | 3 813 576 | 3 309 033 | |||
Ikkje-finansiell gjeld | |||||
Pensjonar | 330 | 1 609 | |||
Anna gjeld | 215 | 136 | |||
Sum ikkje-finansiell gjeld | 545 | 1 745 | |||
Sum gjeld | 4 063 381 | 3 579 210 | 3 629 | 9 985 | |
Eigenkapital | |||||
Eigenkapital | 73 338 | 72 565 | |||
Sum eigenkapital | 73 338 | 72 565 | |||
Sum gjeld og eigenkapital | 4 136 719 | 3 651 775 | |||
Sum valutareservar | 264 528 | 262 484 |