8 Verksemda til Finanstilsynet i 2012
8.1 Innleiing
Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane steller seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Etter lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynslova) § 8 andre ledd skal Finanstilsynet kvart år gje ei melding om verksemda si til Finansdepartementet. I meldinga omtalar Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap, tilsynsarbeidet ålment og arbeidet på kvart tilsynsområde. Årsmeldinga til Finanstilsynet er uprenta vedlegg til denne meldinga.
Etter finanstilsynslova § 1 har Finanstilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, det vil seia forretnings- og sparebankar, kredittføretak, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsselskap, forsikringsformidlarar, børsar og andre regulerte marknadsplassar. Etter finanstilsynslova § 1 nr. 14, jf. verdipapirhandellova § 15-1, har Finanstilsynet ansvar for å føra tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar og sjå til at reglane i verdipapirhandellova vert følgde. Finanstilsynet har òg ansvar for kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 8-1, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 30, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, tilsynet med revisorar og revisjonsføretak etter finanstilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 12, og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 7. Finanstilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter finanstilsynslova § 1 nr. 18. Finanstilsynet fører òg tilsyn med verksemda til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei tilfella styresmaktene i heimlandet ikkje gjer det. Finanstilsynet fører dessutan tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.
Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, fungerer tenleg og trygt i samsvar med lover og føresegner og etter det føremålet og dei vedtektene som kvar institusjon har. Tilsynet skal sjå til at institusjonane under tilsyn i verksemda si tek hand om interessene og rettane til forbrukarane. For å utføra tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granska rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane, og elles granska stillinga og verksemda til institusjonane i den mon tilsynet meiner det trengst, jf. finanstilsynslova § 3.
8.2 Leiing og administrasjon
Styret i Finanstilsynet har etter lova det overordna ansvaret for verksemda i Finanstilsynet og handsamar mellom anna viktige fagsaker i samband med forskrifter og konsesjonar, budsjett og tiltaksplanar. Styret har fem medlemer. Medlemene og varamedlemene vert oppnemnde av Finansdepartementet for periodar på fire år.
Slik er det noverande styret sett saman:
advokat Endre Skjørestad, leiar
assisterande direktør Vivi Lassen, nestleiar
professor Hilde C. Bjørnland, styremedlem
professor Mette Bjørndal, styremedlem
tidlegare banksjef Harald Indresøvde, styremedlem
professor Beate Sjåfjell, fyrste varamedlem
avdelingsdirektør Jostein Skaar, andre varamedlem
Direktør i Noregs Bank, Kristin Gulbrandsen, var observatør i styret frå 5. januar 2012 til 31. mai 2012. Direktør i Noregs Bank, Arild Lund, var observatør frå 1. juni 2012. Direktør Sindre Weme er vararepresentant.
To representantar som er valde av og frå dei tilsette, supplerer styret når administrative saker skal handsamast:
tilsynsrådgjevar Aud Kogstad
spesialrådgjevar Anders N. Kvam
Tilsynsrådgjevar Ole-Jørgen Karlsen, tilsynsrådgjevar Anne-Kari Tuv og spesialrådgjevar Jo-Kolbjørn Hamborg er vararepresentantar i styret.
Ved utgangen av 2012 var det 281 fast tilsette i Finanstilsynet, mot 275 ved utgangen av 2011. Av dei fast tilsette er 52 prosent kvinner. I leiargruppa var det like mange kvinner som menn ved utgangen av 2012. Av alle som har leiaransvar, var 44 prosent kvinner.
Finanstilsynet er omfatta av IA-avtala og legg vekt på mangfald, ein god seniorpolitikk og førebygging av sjukefråvær. Finanstilsynet vedtok ny HR-strategi i 2012. Strategien gjer greie for hovudretning og tiltak for å vidareutvikla tilsynet som ein attraktiv arbeidsplass med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Det er viktig at Finanstilsynet har den kompetansen som trengst for å utføra oppgåvene godt og effektivt. Ved utgangen av 2012 hadde 89 prosent av medarbeidarane i Finanstilsynet høgare utdanning, og om lag 70 medarbeidarar hadde lang røynsle (normalt meir enn fem års arbeid) frå verksemdene under tilsyn. Utskiftingsprosenten i verksemda var på 6,9 i 2012, mot 6,5 i 2011.
8.3 Nærare om verksemda
8.3.1 Arbeidet med finansiell stabilitet
Finanstilsynet etablerte i 1994 eit program for makroøkonomisk overvaking av risiko i det finansielle systemet. Gjennom dette programmet følgjer tilsynet utviklinga i konjunkturar og på marknader, i tillegg til endringar av strukturen i finansmarknaden, og vurderer kva konsekvensar utviklinga har for finansiell stabilitet. Finanstilsynet har kvart halvår sidan 1995 utarbeidd eit oversyn over risikofaktorar, og rapportane er sende til Finansdepartementet og Noregs Bank. Her vert òg makroøkonomiske tilhøve og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet vurderte. Frå 2002 har vurderingane vore offentleggjorde gjennom den årlege rapporten «Tilstanden i finansmarkedet». For å få fram at rapporten ser framover òg, er namnet endra til «Finansielt utsyn». Sidan hausten 2010 har tilsynet òg utarbeidd halvårsrapporten «Finansielle utviklingstrekk».
I tillegg til å syna tilstanden og utviklinga i dei viktigaste institusjonane under tilsyn peikar rapportane på dei risikoområda som Finanstilsynet følgjer med på. I rapportane som vart offentleggjorde i 2012, vart det i omtala av internasjonal økonomi peika på at uvissa om den økonomiske utviklinga frametter er uvanleg stor.
Finanstilsynet har bedt dei 18 største bankane i Noreg om å rapportera deira kreditteksponeringar mot næringseigedom og skipsfart etter delsegment og risikokategori per 3. kvartal 2012. Inndelinga er gjort med bankane sine interne risikoklassifiseringssystem og omdøming. Resultatet for bankane under eitt vart i april 2013 publisert i «Finansielt utsyn 2013» og synte at risikoen i eigedomsporteføljen er noko redusert det siste året. Risikoen i skipsfartsporteføljen har samla sett auka i perioden, spesielt for den delen av porteføljen som er vurdert til å ha høg risiko.
For å medverka til ei meir robust bustadfinansiering fastsette Finanstilsynet i mars 2010 retningsliner for forsvarleg utlånspraksis til bustadføremål. På grunn av stoda i bustadmarknaden og fordi bankane heldt fram å gje bustadlån med høg lånegrad, vart retningslinene innskjerpa frå 1. desember 2011. Gjennom undersøkingar, tematilsyn om bustadlån og regulære stadlege tilsyn granska Finanstilsynet i 2012 om bankane følgde retningslinene. Retningslinene er i stor mon innarbeidde i bankane og i kredittpraksisen deira. Det er likevel rom for forbetring, og Finanstilsynet vil frametter ta dette opp i tilsynet med nokre bankar. Bustadlånsundersøkinga som vart gjennomført hausten 2012, saman med tematilsynet, synte at talet på lån med høg lånegrad har gått ned.
Finanstilsynet gjennomfører detaljerte stresstestar av utlåna frå bankane til næringslivet, og desse testane vert nytta i samband med tilsyn og risikovurderingar. I rapporten «Finansielt utsyn» frå april 2013 stod det om ein slik test som var gjennomført for næringslivet under eitt og for dei 18 største bankane. Referansebana for den økonomiske utviklinga er basert på prognosar frå Statistisk sentralbyrå og vert samanlikna med ein djup og langvarig økonomisk nedgang svarande til utviklinga under den norske bankkrisa på slutten av 1980- og byrjinga av 1990-talet. Analysen synte mellom anna at næringslivet er sårbart for lågare etterspurnad og auke i rentenivået.
Hausten 2011 offentleggjorde Den europeiske banktilsynsmakta EBA ein plan for å auka kapitalen i dei største europeiske bankane. EBA gjekk inn for at rein kjernekapitaldekning skulle vera minst 9 prosent per 30. juni 2012. I tillegg ville EBA at desse bankane skulle ha reservar som dekkjer differansen mellom bokført verdi og marknadsverdi på statspapir. Finanstilsynet la til grunn at alle norske bankar burde ha ein rein kjernekapitaldekning på minst 9 prosent innan utgangen av juni 2012. Alle norske bankar hadde ved utgangen av 2012 ei høgare rein kjernekapitaldekning enn 9 prosent.
Finanstilsynet gav i oktober 2011 tilråding til Finansdepartementet om naudsynt tilpassing av norske lover til dei nye EU-reglane om kapital og finansiering for kredittinstitusjonar (CRD IV). Tilrådinga har vore på høyring frå Finansdepartementet. Finanstilsynet vil leggja fram ei tilråding om forskriftsendringar etter at reglane er endeleg utforma og vedtekne i EU.
For å skjerma banksystemet mot oppbygging av ubalansar gjennom sterk kredittvekst, er det i CRD IV lagt opp til at bankane i periodar med sterk kredittvekst skal ha ein motsyklisk kapitalbuffer av rein kjernekapital. Noregs Bank har hovudansvaret for å utarbeida grunnlaget for ei avgjerd om motsyklisk kapitalbuffer in Noreg, jf. kapittel 3.8 i Meld. St. 24 (2011–2012) Finansmarknadsmeldinga 2011. Finanstilsynet og Noregs Bank skal samarbeida og utveksla informasjon ved utarbeiding av avgjerdsgrunnlaget.
CRD IV opnar for at dei nasjonale tilsynsmaktene kan innføra strengare krav til risikovekting av bustadlån av omsyn til den finansielle stabiliteten. Finansdepartementet har bede Finanstilsynet om framlegg til korleis ein kan setja høgare risikovekter på bustadlån i kapitalberekninga til bankane, og desse framlegga vart sende til Finansdepartementet 4. mars 2013.
Finanstilsynet har i lengre tid rekna ut ulike likviditetsindikatorar for bankane. Den langsiktige likviditetsindikatoren som vert utrekna på konsernnivå, liknar på fleire punkt det føreslåtte kvantitative kravet til langsiktig finansiering i CRD IV.
Finanstilsynet har gjort ei vurdering av regelverket om obligasjonar med førerett (OMF) for Finansdepartementet og lagt fram ei tilråding. I pilar II-prosessen følgjer Finanstilsynet eigenvurderinga til bankane av risiko knytt til overføring av lån. Dersom graden av overføring vert vurdert til å vera for høg, kan Finanstilsynet påleggja institusjonane auka kapitalkrav eller avgrensa tilgang til OMF-finansiering. Slike vurderingar byggjer på både institusjonsspesifikk risiko og systemrisiko.
Risikoen og soliditeten til bankane vert mellom anna følgd gjennom stadlege tilsyn, gjennom Finanstilsynets vurdering av kapitalberekningane til bankane (ICAAP) og gjennom ymse analysar. I vurderingane av kapitalkravet til kvar bank byggjer Finanstilsynet på risikoen i banken og på risikoen i økonomien under eitt. I vurderingane av kapitaltilhøva i kvar bank legg Finanstilsynet vekt på både den risikoen banken står overfor som følgje av den makroøkonomiske utviklinga, og den risikoen for økonomien og marknadene som bankane kan skapa gjennom den samla åtferda si.
Finanstilsynet styrkte i 2012 arbeidet med finansiell stabilitet og makrotilsyn.
8.3.2 Tilsyn med bankar og kredittinstitusjonar
Stadlege tilsyn er viktige for å avdekkja problem i bankar i ein tidleg fase. Gjennomføringa av stadlege tilsyn byggjer på Finanstilsynets risikomodular, som er baserte på internasjonale tilsynsstandardar. Modulane vert nytta for å kartleggja kredittrisiko, marknadsrisiko, likviditetsrisiko, operasjonell risiko og overordna styring og kontroll i bankane. Innanfor alle risikoområda vurderer Finanstilsynet både det aktuelle risikonivået og banksystema for styring og kontroll av risikonivået. Inspeksjonane tek utgangspunkt i dokument som føretaka har sendt Finanstilsynet etter varsel om inspeksjon. Modulane er tilgjengelege på nettstaden til Finanstilsynet.
I 2012 vart det gjennomført 46 inspeksjonar i bankar og finansieringsføretak. Fem av inspeksjonane var tematilsyn om korleis bankane etterlevde retningslinene for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån. I tillegg vart det gjennomført fem tematilsyn på IKT-området.
I dei mindre og mellomstore bankane vart det oftast gjennomført generelle inspeksjonar som dekte alle hovudrisikoområda, men likevel med særskild vekt på kreditt- og likviditetsrisiko.
I arbeidet med kredittrisikoen i dei store bankane vart det i 2012 lagt særleg vekt på utlånsporteføljar som ein trur kan vera særleg påverka av finanskrisa. Dette gjeld mellom anna shipping, næringseigedom og oppkjøpsfinansiering. Tilsynet peika på høg risiko i utlånsporteføljen til somme bankar. Mange stader var risikoen stor på grunn av konsentrasjon mot einskildbransjar eller einskildengasjement. Bankane vart bedne om å innføra strammare rammer for slik eksponering.
Finanstilsynet gav fleire bankar klår melding om å auka likviditeten eller innskotsdekninga. Det vart òg peika på at bankane må ha klårare rammer for storleiken på likviditetsbufferen og for kvaliteten på dei likvide midlane som inngår i bufferen.
Innarbeiding av retningslinene for bustadlån i eigne retningsliner i bankane
Gjennom ei skriftleg undersøking, ved tematilsyn og i ordinære inspeksjonar granska Finanstilsynet i 2012 korleis bankane følgjer retningslinene for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån. Kartlegginga av retningslinene i dei største bankane synte at dei fleste endringane av Finanstilsynets retningsliner for bustadlån var gjennomførte i dei aller fleste bankane, men i nokre bankar var gjennomføringa av retningslinene mangelfull.
I ordinære inspeksjonar hadde om lag 20 prosent av dei inspiserte bankane på inspeksjonstidspunktet ikkje nedfelt at dei skal ta alle lån med pant i bustaden med i utrekninga av lånegraden. I om lag 35 prosent av bankane hadde ikkje styret fastsett kriterium for forsvarleg vurdering av saker der lånet utgjorde ein stor del av inntekta eller trygda til låntakaren.
Tematilsynet avdekte at mellom 10 og 18 prosent av låna hadde ein lånegrad over 85 prosent per fyrste kvartal 2012 i dei fem bankane der tematilsyn vart gjennomført. To av bankane hadde ikkje system til å kontrollera om det var gjort særskilde vurderingar av om låna var forsvarlege for dei relevante avvikssakene, og i ein bank var nesten to tredelar av sakene med høg lånegrad avgjorde på for lågt fullmaktsnivå. Finanstilsynet meiner gjennomgangen av einskildsaker viste at bankane framleis treng generelt betre rutinar for å handsama saker med høg lånegrad i høve til inntekt eller trygd.
Oppfølging av handel med aksjar («trading») i mindre sparebankar
Gjennom inspeksjonar fekk Finanstilsynet indikasjonar på at fleire små bankar hadde stor omsetnad av aksjar. Difor vart handel med aksjar i dei 90 minste sparebankane i 2012 gjennomgått. I kvar av dei 15 bankane som hadde uvanleg mykje aksjehandel, vart dette teke opp med styret i banken, anten gjennom stadleg tilsyn eller i brev. For Finanstilsynet var det viktig å sjå etter at styra i bankane var informerte om aksjehandlinga, og få styra til å ta stilling til denne verksemda. Alle dei 15 bankane opplyste i ettertid at dei hadde avslutta eller markant redusert omsetnaden av aksjar.
8.3.3 Tilsyn med forsikring og pensjon
8.3.3.1 Livsforsikringsselskap
Det vart gjennomført fem stadlege tilsyn i livsforsikringsselskap i 2012. Tre av tilsyna var tematilsyn på forsikringsområdet, og eitt var IT-tilsyn. Tilsyna vart gjennomførte med utgangspunkt i risikomodulane som er utarbeidde for å dekkja ulike risikoområde i forsikringsselskapa.
I tilsyna vart det lagt vekt på styrings- og kontrollsystem på overordna nivå. Av saker som vart tekne opp, kan nemnast kapitalsituasjonen, kostnadsoverskridingar innanfor somme bransjar/produkttypar, auka levealder og behov for større avsetningar i 2012. Det vart gjeve merknader om manglande strategi for forsikringsområdet, manglande formalisering av varafunksjonen, risikoramme/risikotoleranse for kapitalforvaltninga, risikoramme/risikotoleranse for forsikringsrisiko, manglande resultatanalysar av pristariffane, og framtidige IT-utfordringar.
8.3.3.2 Pensjonsføretak
I 2012 vart det gjennomført tilsyn i seks pensjonskasser, eitt av dei var tematilsyn på kapitalforvaltningsområdet. Finanstilsynet avdekte mellom anna brot på kapitaldekningskravet og solvensmarginkravet. Det vart òg peika på svak risikostyring og behov for ei samla risikovurdering. Rammestruktur og for tette band mellom forvaltar og kontrollfunksjonar vart òg kommentert. Andre merknader galdt handlingsreglar ved brot på overordna risikorammer, overvaking av interne retningsliner/lovkrav og styrerapportering.
8.3.3.3 Skadeforsikringsselskap
I 2012 vart det gjennomført stadlege tilsyn i tre skadeforsikringsselskap. Eitt av selskapa hadde svake resultat. I dette selskapet la Finanstilsynet vekt på kapitalsituasjonen, forretningsplanen og om selskapet hadde utsikter til å få tilført ny kapital frå eigar. I dei to andre skadeforsikringsselskapa avdekte Finanstilsynet mellom anna manglande formalisering av interne rutinar og retningsliner, manglar ved styringa av kapitalforvaltninga, manglande rutinar for oppfølging av regelverk og utilstrekkelig dokumentasjon av avtaler om utkontraktering. I tillegg var føretaka sårbare for tap av nøkkelpersonell. Manglande tiltak ved brot på maksimumsgrensa for eksponering og problem knytte til ansvarsfordelinga vart òg påpeika.
8.3.3.4 Forsikringsformidlingsføretak
Det vart gjennomført stadlege tilsyn i tre forsikringsformidlingsføretak i 2012. Tilsyna avdekte veike punkt i risikostyringa og internkontrollen. Det vart òg kommentert at det trengst formalisering av risikovurderingar, rutinar og kontrollar, i tillegg til at det trengs klårare ansvarsdeling mellom styret og den daglege leiinga.
8.3.4 Tilsyn med verdipapirføretak
Dei stadlege tilsyna som Finanstilsynet gjennomfører, skal gjera verdipapirføretaka meir medvitne om risiko. Dei skal òg fremja godt kundevern på verdipapirmarknaden ved at føretaka følgjer krava til god forretningsskikk. Tilsyna skal dessutan medverka til å sikra integriteten til marknadene. Verdipapirføretaka varierer mykje i storleik, organisering og investeringstenester. Finanstilsynet nyttar mellom anna risikobaserte kriterium for å velja ut føretak til stadlege tilsyn. Slike kriterium kan vera finansielle faktorar som likviditet, kapitaldekning, endringar i inntekter og lønsemd, eller det kan dreia seg om forvaltning og åtferd med utgangspunkt i klager frå kundar eller mistanke om brot på føresegner om god forretningsskikk. I 2012 vart det gjennomført 16 stadlege tilsyn i verdipapirføretak og eitt tilsyn retta særskilt mot IT-løysingane i eit verdipapirføretak.
8.3.5 Tilsyn med forvaltningsselskap for verdipapirfond
Tilsynet med forvaltningsselskapa vart utøvd både gjennom stadleg og dokumentbasert tilsyn. I 2012 vart det gjennomført tre stadlege tilsyn i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Emnet for det dokumentbaserte tilsynet var korleis forvaltningsselskapa etterlevde reglane om kapitaldekning og store engasjement.
8.3.6 Tilsyn med åtferdsreglane i verdipapirmarknaden
Det overordna målet med tilsyn og overvaking av dei ålmenne åtferdsreglane er å stø opp om omdømmet til den norske marknaden og dermed den funksjonen marknaden har som kapitalkjelde. Reglane om ulovleg innsidehandel, marknadsmanipulasjon og forsvarleg informasjonshandtering er sentrale. Finanstilsynet følgjer òg opp reglar om listeføring og granskingsplikt, forbodet mot urimelege forretningsmetodar og reglar om meldepliktig og flaggepliktig verdipapirhandel. Tilsynet er såleis retta mot ein vid krins: investorar, rådgjevarar og utferdarar av finansielle instrument og deira samarbeidspartnarar, inkludert verdipapirføretaka. Målet er å avdekkja og forfølgja ulovlege tilhøve på verdipapirmarknaden og, så langt åtferdsreglane gjeld, på marknadene for varederivat. Gjennom tilsynsarbeidet skal potensielle lovbrytarar gjerast kjende med at lovbrot er risikabelt, noko som kan ha ein preventiv verknad. Finanstilsynet granska mange saker i 2012. Fleire av desse sakene vart oversende frå Oslo Børs, eller rapporterte til Finanstilsynet frå verdipapirføretaka. Tilsynet sette òg i gang ei rad undersøkingar på bakgrunn av marknadshendingar eller oppslag i media.
8.3.7 Tilsyn med infrastrukturverksemder på verdipapirområdet
Tilsynet med infrastrukturen i verdipapirmarknaden omfattar tilsyn med ulike marknadsplassar for finansielle instrument (regulerte marknader, medrekna børs, og multilaterale handelsfasilitetar (MHF)), oppgjerssentralar, verdipapiroppgjerssystem og verdipapirregisteret. Verdipapirsentralen ASA fører verdipapirregisteret og er operatør for det sentrale verdipapiroppgjerssystemet i Noreg (VPO). I 2012 gjennomførte Finanstilsynet tilsyn i Oslo Clearing ASA og Nasdaq OMX Oslo ASA.
8.3.8 Tilsyn med revisorar
Finanstilsynet kontrollerer om revisjonsarbeidet er godt nok utført, og om dei andre krava til revisjonsverksemd er oppfylte, som kravet om at revisoren skal vera ubunden. Tilsynet kontrollerer òg at kvitvaskingsregelverket vert følgt, og at revisorar og revisjonsselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid.
Avgjerder om tilsyn vert tekne på bakgrunn av risikovurderingar, innrapporteringar eller andre signal, til dømes medieoppslag. Tilhøve som vert avdekte som ledd i det finansielle tilsynet på andre område, kan òg føra til nærare vurdering av arbeidet til ein revisor. Minst kvart sjette år skal Finanstilsynet gjennomføra periodisk kvalitetskontroll av revisorar som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige. Sidan 2002 har den periodiske kvalitetskontrollen vore samordna med kontrollen som Den norske Revisorforening gjennomfører av medlemene sine. Dersom revisorforeininga finn grunnlag for tilbakekalling av godkjenninga som revisor, vert saka send til Finanstilsynet for oppfølging. Ikkje alle revisorane er medlemer av Den norske Revisorforening. Finanstilsynet kontrollerer at alle som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige, vert underlagde kvalitetskontroll innanfor seksårsperioden.
For revisorar og revisjonsselskap som reviderer føretak av ålmenn interesse, skal den periodiske kontrollen skje kvart tredje år. Finanstilsynet gjennomførte frå 2011 desse kontrollane, i tillegg til anna tilsynsarbeid retta mot desse revisorane. Finanstilsynet gjennomførte 48 stadlege tilsyn hjå revisorar i 2012. 13 av desse tilsyna var med revisjonsselskap, og av dei var 9 med selskap som reviderer føretak av allmenn interesse.
8.3.9 Tilsyn med rekneskapsførarar
Finanstilsynet kontrollerer om krava som gjeld for rekneskapsførarverksemd, er oppfylte. Mellom anna undersøkjer tilsynet kvalitetskontrollen av arbeidet i føretaka dersom det vert nytta medarbeidarar som ikkje er autoriserte rekneskapsførarar. Vidare kontrollerer tilsynet at pliktene etter rekneskapslova, bokføringslova og kvitvaskingsregelverket vert oppfylte, og at rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid. Fordi det finst så mange rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap, legg Finanstilsynet vekt på det kontrollarbeidet som Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) gjennomfører overfor sine medlemer kvart sjuande år, når dei prioriterer korleis tilsynet med rekneskapsførarar skal gjennomførast. Det er utarbeidd retningsliner for samarbeidet med NARF. Det er òg utarbeidd retningsliner for samarbeid med Den norske Revisorforening om kvalitetskontroll av medlemer som er autoriserte rekneskapsførarar. Finanstilsynet gjennomførte 60 stadlege tilsyn innanfor rekneskapsverksemda i 2012.
8.3.10 Tilsyn med eigedomsmekling
I 2012 vart det gjennomført 43 stadlege tilsyn med eigedomsmeklarføretak og hjå advokatar. Her kontrollerte ein særleg korleis meklarføretaka og advokatane har innretta internkontrollen, handsaminga av klientmidlane og føringa av bodjournal. Mekling av nye bustader i prosjekt var òg eit viktig kontrollområde.
8.3.11 Tilsyn med inkasso
I 2012 vart det gjennomført 10 stadlege tilsyn i framandinkassoføretak med vekt på brei gjennomgåing av rutinane til dei store føretaka. Det vart òg avdekt ein del tilfelle av ulovleg inkassoverksemd i Noreg frå utanlandske føretak.
8.3.12 IT-tilsyn
Finanstilsynet valde i 2012 å gjennomføra tilsyn med IT og betalingstenester basert på tema. Følgjande tema var valde:
katastrofe- og beredskapsopplegg
elektroniske betalingstenester
styring og kontroll med IKT (med utgangspunkt i beste praksis/IT-styringsstandardar)
risikovurderingar av avtaler/opplegg nytta til å setja ut IKT-tenester («outsourcing», «offshoring» og variantar av «cloud computing»)
IKT-infrastruktur
Det temabaserte IT-tilsynet har vore ressurskrevjande, og det vart difor gjennomført færre IT-tilsyn i 2012 enn gjennomsnittet dei siste åra. 17 IT-tilsyn vart gjennomførte i 2012, av dei var 7 tematilsyn. Finanstilsynet gjorde òg 45 forenkla IT-tilsyn, mest innanfor inkasso og eigedomsmekling.
IT-tilsynet har i 2012 gjennomgått all dokumentasjonen av betalingssystema som bankane har levert etter hendingane i påska 2011 (store vanskar med kortbetalingane), vurdert dokumentasjonen og aktørane sine tiltak for å betre stabiliteten, og kvar einaste bank og leverandør har fått svar.
Til saman har Finanstilsynet fått inn 633 meldingar om ulike hendingar i betalingssystema i 2012. Særleg krevjande hendingar har vore kriminelle trojanåtak mot nettbankløysingane (særleg mot større bankar), alvorlege driftsfeil hjå ein tenesteleverandør, «phishing»-åtak mot ulike finansverksemder, feil ved kommunikasjonen og såkalte tenestenektåtak (DDoS-åtak).
Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI)
Finanstilsynet har i 2012 hatt ansvaret for sekretariatet til Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI). BFI har handsama alvorlege hendingar og overvakt den finansielle infrastrukturen og den tilhøyrande beredskapen. BFI har gjennomført to beredskapsøvingar i 2012. BFI gjev ut ei eiga årsmelding for verksemda.
Tabell 8.1 Tal på stadlege tilsyn etter institusjonstype (inkl. IT-tilsyn*)
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|---|---|
Bank/finans | 37 | 58 | 70 | 53 | 51 |
Betalingsføretak | – | – | – | 1 | – |
E-pengeføretak | – | – | – | – | – |
Holdingselskap | – | – | – | – | – |
Forsikringsselskap | 6 | 8 | 12 | 14 | 8 |
Forsikringsformidlingsføretak | 3 | 7 | 6 | 7 | 3 |
Pensjonskasser og -fond | 6 | 4 | 8 | 2 | 6 |
Verdipapirføretak | 19 | 21 | 24 | 19 | 17 |
Andre verdipapirinstitusjonar (inkl. forvaltningsselskap for verdipapirfond) | 1 | 3 | 5 | 8 | 5 |
Revisorar | 29 | 47 | 87 | 47 | 48 |
Rekneskapsførarar | 60 | 49 | 58 | 56 | 60 |
Eigedomsmeklarar | 66 | 30 | 49 | 93 | 43 |
Inkassoføretak | 13 | 12 | 13 | 12 | 11 |
Datasentralar/IKT-leverandørar | 4 | 2 | 4 | 5 | 3 |
Andre | – | – | 1 | – | – |
* Det vart gjennomført 17 IT-tilsyn, fem av dei var tematilsyn i bank/finans. Tilsyna vert gjennomførte anten separat eller i samband med vanleg tilsyn i føretaka. I tillegg vart det gjennomført 45 forenkla IT-tilsyn. Fem meldingar vart handsama, mottekne i høve til lov om betalingssystem.
8.4 Rekneskap og budsjett
Stortinget fastset budsjettet til Finanstilsynet som ein del av statsbudsjettet. Budsjettet for 2012 var opphavleg på 323,2 mill. kroner. I tillegg vart det løyvd 6,1 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret. Medrekna overførte midlar på 10,5 mill. kroner frå 2011 og refusjonar på 3,3 mill. kroner i foreldre- og sjukepengar var den samla disponible utgiftsramma dermed 343,1 mill. kroner. Dei samla utgiftene kom på 325,4 mill. kroner, ein auke på 4,5 prosent frå 2011. Lønskostnadene auka med 6,2 prosent, som kan forklarast med fleire tilsette og den generelle lønsauken. Utgiftene til varer og tenester var uendra. Det var ein auke i kontingentar for deltaking hjå tilsynsmaktene i EU og ein nedgang i IKT-kostnader, som må sjåast i samanheng med forseinka prosessar i EUs arbeid med å innføra Solvens II. Dei samla utgiftene til Finanstilsynet var 18,4 mill. kroner mindre enn det disponible budsjettet. Ubrukte midlar vart overførte til 2013.
Til liks med andre statlege verksemder som inngår i statsrekneskapen, fører Finanstilsynet rekneskapen etter kontantprinsippet. Rekneskapen vert ført etter kontoplanen for statsrekneskapen, som byggjer på ei artsgruppering av utgifter og inntekter. Finanstilsynet har med utgangspunkt i denne planen sett opp ei føremålsgruppering av utgiftene. Hovudgrupperinga etter føremål går fram av tabell 8.2.
I det avsluttande revisjonsbrevet 30. mai 2012 om rekneskapen for 2011 går det fram at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen eller måten Finanstilsynet hadde gjennomført budsjettet på.
Utgiftene til Finanstilsynet vert etter finanstilsynslova § 9 dekte av institusjonar som er under tilsyn i budsjettåret. Stortinget vedtek difor ei inntektsløyving som er lik utgiftsløyvinga. Etter lova skal utgiftene delast mellom dei ulike institusjonsgruppene etter omfanget av tilsynsarbeidet. Utgiftene vert difor kravde inn etterskotsvis. Det vert òg kravd tilskot frå filialar av føretak frå andre EØS-statar.
Tilskot frå institusjonar under tilsyn utgjorde 293 mill. kroner i 2012. At summen av inntekter er mindre enn dei rekneskapsførte utgiftene, kjem av at tilskot frå institusjonar under tilsyn vert betalte på etterskot, og at ubrukte budsjettmidlar frå året før vert trekte ifrå. Finansdepartementet godkjende 25. juni 2012 framlegget til utlikning for 2011. Før framlegget vart godkjent, var det til høyring hjå dei aktuelle bransjeorganisasjonane.
I alt 13 998 tilsynseiningar var omfatta av utlikninga for 2011. Av dei var 71 utanlandske filialar. Den største tilsynsgruppa galdt rekneskapsførarar, med 9944 einingar. I 2010 var det til saman 13 407 einingar.
Det samla utlikna beløpet for 2011 auka med 8 prosent frå 2010. Det er fleire grunnar til auken, fyrst og fremst at det trengst stadig større ressursar for å oppfylla skyldnadene til å gjennomføra reguleringar og tilsynssamarbeid innanfor EØS.
Tabell 8.2 Rekneskap. Tal i heile tusen kroner
2010 | 2011 | 2012 | ||
---|---|---|---|---|
Lønsutgifter | 202 491 | 223 685 | 237 673 | |
Av dette: | ||||
Løn og sosiale utgifter (alle stillingar) | 197 486 | 220 094 | 232 073 | |
Ekstrahjelp/vikarar | 4 002 | 2 792 | 4 388 | |
Andre lønsutgifter (styrehonorar) | 1 003 | 799 | 1 212 | |
Varer og tenester | 90 553 | 87 794 | 87 884 | |
Av dette: | ||||
Driftsutgifter | 38 780 | 29 762 | 31 114 | |
Informasjon | 2 154 | 1 843 | 1 615 | |
Administrative reiser og møte, kontingentar | 8 355 | 9 988 | 12 495 | |
Inspeksjonsreiser og anna tilsynsarbeid | 3 467 | 2 972 | 2 144 | |
OU-arbeid, leiar- og kompetanseutvikling | 5 657 | 5 511 | 5 585 | |
IKT-utgifter | 32 140 | 37 818 | 34 931 | |
Sum utgifter | 293 044 | 311 479 | 325 557 | |
Tilskot frå institusjonar under tilsyn | 246 508 | 280 541 | 292 870 | |
Gebyr for prospektkontroll | 3 775 | 7 151 | 6 565 | |
Ubrukte budsjettmidlar frå året før | 5 237 | 7 627 | 10 520 | |
Refusjon av foreldre- og sjukepengar | 4 407 | 4 272 | 4 161 | |
Sum inntekter | 259 927 | 299 591 | 314 116 |