9 Verksemda til Folketrygdfondet i 2012
9.1 Innleiing
Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har til oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Noreg (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna mandat som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet med forvaltninga av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Det finansielle målet for Statens obligasjonsfond er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til målet om å medverka til auka likviditet og betre kapitaltilgang til kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Finansdepartementet følgjer opp Folketrygdfondets forvaltning av dei to fonda, mellom anna gjennom kvartalsvise møte.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2012, der departementet òg gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 9.4 nedanfor.
Folketrygdfondet har for 2012 utarbeidd ein årsrapport og ein halvårsrapport om forvaltninga av SPN, i tillegg til ein årsrapport om forvaltninga av Statens obligasjonsfond. Årsrapporten frå Folketrygdfondet følgde som uprenta vedlegg til Meld. St. 27(2012–2013).
I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond. Det skjedde etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det samla sett økonomisk beste tilbodet fekk tilslaget. Det er òg gjort avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltninga av SPN er i samsvar med lov, mandat, forskrift o.a. som er fastsett av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.
Departementet har i ei særskild forskrift fastsett nærare reglar for korleis rekneskapen for Folketrygdfondet skal førast, jf. forskrift 8. desember 2011 nr. 1217 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 20. mars 2013.
9.2 Leiing og administrasjon
Fram til utgangen av 2012 hadde Folketrygdfondet eit styre på ni medlemer, med personlege varamedlemer, jf. lov om Folketrygdfondet § 8. Samansetjinga av styret i Folketrygdfondet vart endra med verknad frå 1. januar 2013. Etter endringane skal ikkje lenger fem av dei ni styremedlemene oppnemnast av Finansdepartementet etter framlegg frå partigruppene på Stortinget, og talet på styremedlemer går ned frå ni til sju, jf. Lov 14. desember 2012 nr. 83 om endringer i lov om Folketrygdfondet (endringer i styreordningen) og Innst. 109 L (2012–2013). Frå 1. januar 2013 vil styret i Folketrygdfondet telja desse personane:
advokat Erik Keiserud (leiar)
siviløkonom og rådgjevar Mai-Lill Ibsen
siviløkonom og banksjef Marianne Hansen
dr.polit., fyrsteamanuensis og forskar II Per Botolf Maurseth
professor i finansiell økonomi Bernt Arne Ødegaard
konsernsjef og statsautorisert revisor Maalfrid Brath
siviløkonom og administrerande direktør Renate Larsen
Faste vararepresentantar:
dr.oecon. og fyrsteamanuensis Trond M. Døskeland
advokat og rådgjevar Anne Kvam
Ved handsaming av administrative saker vert styret supplert med ein medlem og ein observatør, som begge vert valde av og frå dei tilsette. Den tilsettvalde representanten er Henning Lund.
Styret i Folketrygdfondet har sett ned eit revisjonsutval med Mai-Lill Ibsen (leiar), Marianne Hansen og Maalfrid Brath.
Ved utgangen av 2012 hadde Folketrygdfondet 49 tilsette, mot 47 ved inngangen til året. Kvinner utgjorde 41 pst. Ved årsskiftet sat ni personar i leiargruppa i Folketrygdfondet, av dei var fem kvinner.
I årsmeldinga 7. mars 2013 har styret i Folketrygdfondet gjort greie for styrearbeidet i 2012. Det er halde åtte styremøte i 2012. Styret nemner i meldinga si at det gjennom 2012 har vore arbeidd mykje med strategisk plan for investeringsverksemda, vurderingar av risiko og utøving av eigarskap. Styret ser kontrollsystema og kontrollmiljøet i Folketrygdfondet som tilfresstillande, og det er ikkje avdekt vesentlege operasjonelle feil i drifta.
9.3 Statens pensjonsfond Noreg
Ved utgangen av 2012 var marknadsverdien til SPN 145,1 mrd. kroner, som er 15,7 mrd. kroner høgare enn ved inngangen til året. Verdien av aksjane i SPN utgjorde ved årsskiftet 90,7 mrd. kroner. Av resultatet på 15,7 mrd. kroner utgjorde 2,6 mrd. renteinntekter og 3,5 mrd. kroner utbytte. Forvaltningskostnadene utgjorde 127,6 mill. kroner, og dei vert dekte ved at godtgjersla til Folketrygdfondet vert trekt frå bruttoavkastninga i SPN.
I 2012 var avkastninga av SPN 12,2 pst. målt i nominelle kroner, og resultatet er særleg prega av oppgangen i aksjemarknadene i fjor. Folketrygdfondet oppnådde i 2012 betre resultat enn referanseindeksen for norske aksjar og obligasjonsinvesteringar. Meiravkastninga var 0,24 prosentpoeng før forvaltningskostnader, det vil seia 0,24 prosentpoeng høgare avkastning enn avkastninga på referanseindeksen.
Styret i Folketrygdfondet skriv i årsmeldinga for 2012 at dei meiner det strukturelle rammeverket som no er etablert, er tenleg for dei oppgåvene Folketrygdfondet er sett til å ta seg av. I årsmeldinga for 2012 peikar styret på at Folketrygdfondet har eit godt risikostyringssystem for forvaltninga av SPN jamført med beste praksis. Styret meiner dei fastsette risikorammene ligg på eit forsvarleg nivå, og den venta relative volatiliteten har i 2012 lege innanfor rammene.
Ekstern revisor for Folketrygdfondet, Ernst & Young, har gjeve revisjonsmelding for 2012. Ifølgje meldinga er årsrekneskapen for SPN levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit rett bilete av den økonomiske stillinga til SPN per 31.12.2012 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.
Ei nærare vurdering av Folketrygdfondets forvaltning av SPN er gjeven i Meld. St. 27 (2012–2013).
9.4 Statens obligasjonsfond
9.4.1 Innleiing
Statens obligasjonsfond vart skipa i mars 2009 med ei ramme på 50 mrd. kroner. Meininga med fondet er å medverka til større likviditet og betre kapitaltilgang på kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Statens obligasjonsfond er eit generelt verkemiddel overfor obligasjonsmarknaden ved at fondet saman med andre investorar kjøper obligasjonslån som er lagde ut av norske føretak.
Folketrygdfondet er ansvarleg for forvaltninga av Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet, med eit mandat som er skilt frå mandatet for Statens pensjonsfond Noreg. Finansdepartementet fastsette 18. mars 2009 ei forskrift om forvaltninga av Statens obligasjonsfond som slår fast at fondet skal ha ei klår finansiell målsetjing. Forskrifta vart oppdatert og skifta ut med eit nytt mandat 21. desember 2010 i samband med endringar i det formelle rammeverket for SPN, jf. Meld. St. 15 (2010–2011) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2010. Folketrygdfondet er ansvarleg for å gjera investeringsval i samsvar med dei retningslinene som er gjevne. Fondet skal gjera einskildinvesteringar på eit forretningsmessig grunnlag, uavhengig av Finansdepartementet, og skal ikkje leggja investeringsavgjerdene fram for Finansdepartementet på førehand.
Investeringane skal skje på marknadsvilkår, og risikoen skal vera spreidd på mange utferdarar i fleire sektorar. Kravet om marknadsprising er viktig for at investeringane i Statens obligasjonsfond skal vera i samsvar med dei føresetnadene som vart lagde til grunn då lovframlegget vart fremja. Dette er òg avgjerande for å gå klar av EØS-reglane om ulovleg statsstønad.
9.4.2 Plasseringane
Det har vore eit kraftig fall i rentenivået sidan Statens obligasjonsfond vart skipa vinteren 2009, og kredittpåslaga på verdipapir i norske kroner er no lågare enn då dei toppa seg under finanskrisa. Det gjer at kostnadene er lågare enn i 2009 for norske føretak som ynskjer å finansiera verksemda si gjennom den norske kredittobligasjonsmarknaden.
Ved utgangen av 2012 var 7,7 mrd. kroner av den samla ramma på 50 mrd. kroner plasserte i obligasjonsmarknaden. Resten av midlane står på ein ikkje-renteberande konto i Noregs Bank i påvente av kjøp av obligasjonar. Det vart investert i til saman 55 ulike obligasjonslån, og drygt halvparten av investeringane var lån til selskap innanfor bank- og finanssektoren. 82,5 pst. av dei investerte midlane er lån som er gjevne til selskap med høg eller moderat kredittkvalitet («investment grade»), medan 17,5 pst. er lån som er gjevne til selskap med lågare kredittkvalitet («non-investment grade»).
Avkastninga av Statens obligasjonsfond var i fjor på 7,1 pst. målt i høve til nivået på dei investerte midlane, rekna som ei tidsvekta avkastning. Ved utgangen av 2012 var marknadsverdien av eigedelane i Statens obligasjonsfond 52,2 mrd. kroner, som er 0,54 mrd. kroner høgare enn året før. I 2012 var det gjennomgåandre god likviditet og kapitaltilgang i den norske obligasjonsmarknaden. Styret i Folketrygdfondet peikar i årsmeldinga på at det var ein sterk auke i aktiviteten på obligasjonsmarknaden i 2012, og med ein meir velfungerande marknad minkar behovet for at Statens obligasjonsfond skal ta del i nyemisjonar.
Statens obligasjonsfond kjøpte nye obligasjonar for i alt 322 mill. kroner i 2012, fordelte på 8 obligasjonslån. Samstundes vart det selt obligasjonar for 475 mill. kroner fordelte på 10 obligasjonslån. I 2012 har det også vært forfall på 12 obligasjonslån på til saman 851 mill. kroner.
I mandatet for Statens obligasjonsfond er det presisert at fondet i heilt spesielle situasjonar knytte til finansielle restruktureringar i selskap i porteføljen til fondet, kan vika av frå reglane i mandatet dersom det må til for å sikra verdiane i fondet, jf. Meld. St. 21 (2010–2011), Finansmarknadsmeldinga 2010 og brev til finanskomiteen i Stortinget 14. juni 2011. Stortinget handsama meldinga 16. juni 2011, og finanskomiteen hadde ingen merknader til presiseringa i mandatet. Som følgje av selskapshendingar i 2011 og 2012 er Statens obligasjonsfond eigar av aksjar i to selskap.
Mandatet for Statens obligasjonsfond slår fast at Folketrygdfondet innan utgangen av 2013 skal leggja fram ein plan for avvikling av fondet.
9.5 Særlovselskapet Folketrygdfondet
Administrasjonskostnadene til Folketrygdfondet utgjorde drygt 137 mill. kroner i 2012. Dei samla administrasjonskostnadene var om lag 18 mill. kroner høgare enn i 2011. Overførte forvaltningshonorar frå SPN utgjorde 127 mill. kroner eller 0,09 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 2012. Dette er innanfor ramma som er fastsett av departementet.
Årsrekneskapen for Folketrygdfondet for 2012 viser eit overskot på 1,8 mill. kroner. Av dette er det gjort framlegg om at snaut 1 mill. kroner vert sett av som utbytte til staten, jf. Prop. 1 S (2009–2010). Eigenkapitalen i Folketrygdfondet var 31. desember 2012 på 60,6 mill. kroner. Frå regnskapsåret 2012 anvender Folketrygdfondet IFRS, og har i den forbindelse endra prinsipp frå regnskapsføring av pensjonar.
Ekstern revisor for Folketrygdfondet konkluderer i revisjonsmeldinga for 2012 med at årsrekneskapen for Folketrygdfondet er levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit korrekt bilete av den økonomiske stoda per 31.12.2012 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.
Revisor har for året 2012 fått i oppdrag å gjennomføra eit attestasjonsoppdrag knytt til rammeverket for risikostyring og kontroll av motpartsrisiko. Revisor konkluderer i attestasjonsfråsegna si, dagsett 19. mars 2013, med at utforminga og gjennomføringa av rammeverket i det store og heile er i samsvar med internasjonalt tilrådd praksis og leiande praksis.