1 Innleiing
1.1 Regjeringa sine mål og ambisjonar for opptak til høgare utdanning
Måla til regjeringa er at vi skal ha eit demokratisk og berekraftig samfunn med høg verdiskaping, rettferdig fordeling, utbreidd tillit i befolkninga og gode offentlege tenester over heile landet. Deltaking i utdanning og arbeid er nøkkelen til ei meir rettferdig fordeling, mindre utanforskap, sterkare samfunnsengasjement og personleg frigjering.1 Utdanning og kompetanse er dessutan den viktigaste ressursen Noreg har når det gjeld framtidig verdiskaping, utvikling av landet og eit kunnskapsbasert samfunn basert på høg tillit.2
Studieplassar i høgare utdanning er eit offentleg velferdsgode som det er knappleik på. Det er derfor avgjerande at måten ein fordeler studieplassar på, har høg legitimitet i samfunnet. Tidlegare fastsette universitet og høgskular eigne krav til opptak til studium ved sine institusjonar. Frå midten av 1990-åra har ein hatt eit samordna opptak til grunnutdanningar i høgare utdanning. Alle statlege universitet og høgskular må delta i det samordna opptaket, medan det er frivillig for dei private høgskulane. Fordelinga av studieplassar blir regulert gjennom forskrift om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta), med heimel i universitets- og høgskulelova. Enkelt forklart skal opptaksregelverket svare på to spørsmål: Korleis kan ein kvalifisere seg til å søke opptak til høgare utdanning? Og kven skal få tilbod om studieplass når det er fleire søkarar enn plassar? Desse spørsmåla har ingen enkle svar, og svara vil variere utifrå kven ein spør.
Kvart år søker over 130 000 personar seg til høgare utdanning gjennom det nasjonale samordna opptaket. Desse søkarane konkurrerer om drygt 62 000 studieplassar og 1 300 studium.3 For å fordele studieplassane på alle desse søkarane meiner regjeringa at vi treng eit opptaksregelverk som er forståeleg, føreseieleg og effektivt, og som blir oppfatta som rettferdig av både søkarane og resten av samfunnet. Regelverket må òg legge til rette for at dei som kjem inn på høgare utdanning, er kvalifiserte for å gjennomføre studiet dei er tekne opp til. Med bakgrunn i dette har regjeringa følgande mål for utviklinga av ein ny modell for opptak til høgare utdanning:
Modellen for opptak til høgare utdanning skal vere rettferdig.
Regelverket skal bli enklare og meir forståeleg.
Søkarar skal kunne få nye sjansar.
Flest mogleg skal kome raskt i gang med høgare utdanning og ut i arbeid.
Modellen for opptak til høgare utdanning skal vere rettferdig
For å sikre at opptaket til høgare utdanning har legitimitet, og at regelverket står seg over tid, må vi ha ein modell for opptak som både søkarane og samfunnet generelt oppfattar som rettferdig. Ein rettferdig opptaksmodell er òg avgjerande for å sikre at alle har lik rett og moglegheit til å ta høgare utdanning. Det vil vere mange ulike oppfatningar av kva som er ein rettferdig modell for opptak. For regjeringa er det nokre faktorar som er særskilt vesentlege for å sikre at opptaksregelverket blir oppfatta som rettferdig. Regelverket må vere opent og føreseieleg og sørge for likebehandling. At det er opent og gjennomsiktig, er grunnleggande for at søkarane skal forstå kvifor, eventuelt kvifor ikkje, dei får tilbod om studieplass. At reglane ikkje plutseleg endrar seg, er viktig for at søkarane skal vite kva dei skal førebu seg på, og kva som gjeld når dei søker seg til høgare utdanning. Det er òg viktig at søkarane opplever at dei blir behandla likt som andre søkarar, og at eventuell positiv særbehandling er lovleg, avgrensa og godt grunngitt.
Regelverket skal bli enklare og meir forståeleg
Opptaksregelverket skal vere enkelt å forstå og forhalde seg til både for søkarane og for dei som forvaltar det. Dagens opptaksregelverk er eit resultat av fleire endringar og tillegg som har kome til over tid, for å tilpasse det til ulike behov og for å møte utfordringar innanfor andre samfunnsområde. Dette har gått utover heilskapen i regelverket, som i dag er komplekst og fragmentert. Mellom anna er det eit stort omfang av tilleggspoeng som søkarane kan opparbeide seg. Forenkling er derfor eit viktig mål for regjeringa i utviklinga av eit nytt opptaksregelverk. Forenkling vil òg kunne gjere regelverket meir effektivt og digitaliseringsvennleg, til dømes gjennom å redusere behovet for manuell saksbehandling.
Søkarar skal kunne få nye sjansar
Det har lenge vore eit viktig prinsipp i det norske opptaksregelverket at ein skal ha høve til å forbetre rangeringsposisjonen sin i opptaket. Regjeringa meiner at dette er eit prinsipp som bør førast vidare i den nye modellen for opptak til høgare utdanning. Søkarane skal framleis ha høve til å forbetre karakterar eller ta nye fag etter at dei har fullført den vidaregåande opplæringa (VGO).
Flest mogleg skal kome raskt i gang med høgare utdanning og ut i arbeid
Det er ei utfordring i dagens opptaksmodell at mange som ønsker å ta høgare utdanning, må vente eller bruke tid på å kome i gang med studia. Frå eit arbeidslivs- og samfunnsøkonomisk perspektiv er det lite hensiktsmessig at søkarane får ein forseinka oppstart når vi samtidig har stort behov for kvalifisert arbeidskraft på mange viktige område. Vi veit òg at det er negativ samanheng mellom alder og gjennomføring i høgare utdanning. Eldre studentar tek generelt færre studiepoeng og har høgare fråfall enn yngre studentar.4 Det vil dermed vere positivt både for den enkelte søkaren og for samfunnet at dei som ønsker det, kan kome raskare i gang med å studere. Samtidig er det viktig å sørge for at dei som får tilbod om studieplass, er kvalifiserte til å gjennomføre studiet. Regjeringa har derfor som mål at endringar i opptaksregelverket skal legge til rette for at godt kvalifiserte søkarar skal kome raskt i gang med høgare utdanning og vidare ut i arbeid.
Andre faktorar som påverkar opptaket
Det er viktig å understreke at opptaksregelverket langt ifrå er det einaste som verkar inn på kven som søker og kjem inn på høgare utdanning. Dette blir i stor grad bestemt av utanforliggande faktorar som opptaksregelverket ikkje kan påverke. Slike faktorar er til dømes kor tilbøyeleg befolkninga er til å studere, kor store ungdomskulla er, kva kompetanse arbeidsmarknaden har behov for, og kor mange tilgjengelege studieplassar det finst. Opptaksregelverket kan ikkje åleine løyse utfordringar med til dømes rekruttering og kompetansebehov i sentrale utdanningar og yrke. Endringar i opptaksregelverket må derfor sjåast i samanheng med endringar i resten av utdanningssystemet. Les meir om andre prosessar som verkar inn på opptaket til høgare utdanning i kapittel 1.3.
1.2 Utfordringar i dagens opptaksregelverk
Regelverket for opptak til høgare utdanning har blitt utvikla over tid. Som nemnt var det tidlegare slik at universitet og høgskular sjølv fastsette reglar om rangering og spesielle opptakskrav. Før 1992 var det i fleire tilfelle ulike opptaksreglar for like enkeltutdanningar eller for same høgskuleslag. Frå 1990-åra auka søkinga til universitet og høgskular kraftig. I 1990 var det om lag 130 000 studentar i høgare utdanning, i 2000 var det nærare 190 000.5 Det fragmenterte regelverket gjorde det vanskeleg for søkarar å orientere seg, og ein enda opp med at kvalifiserte søkarar ikkje fekk tilbod om studieplass, samtidig som attraktive studieplassar ikkje blei fylte opp. Ein såg derfor behov for å lage felles, nasjonale reglar for både kvalifisering og rangering, noko som gjorde det samordna opptaket meir oversikteleg for søkarane. Etter nærare 30 år med ei felles opptaksforskrift som har blitt justert årleg og endra på grunn av ulike omsyn, er det på ny tid for å sjå nærare på innhaldet i reglane for opptak til høgare utdanning og på kva effekt reglane har på søkarane. Under presenterer regjeringa nokre av dei største utfordringane i dagens regelverk.
1.2.1 Eit fragmentert og uoversiktleg regelverk
Som omtalt ovanfor har regelverket utvikla seg til å bli fragmentert og uoversiktleg som følge av at endringar og tillegg har kome på ulike tidspunkt og med ulike siktemål. Regelverket er derfor utfordrande å forhalde seg til både for søkarane og for dei som forvaltar det. Det store omfanget av tilleggspoeng som søkarane kan opparbeide seg, er noko av det som gjer regelverket uoversiktleg. Poenga fører med seg dokumentasjonskrav for søkarane, behov for ekstra saksbehandling og ønske frå ulike aktørar om å innføre nye tilleggspoeng. Eit anna trekk som gjer dagens regelverk uoversiktleg, er moglegheita for dobbeltrangering, det vil seie at søkarar som til dømes både har vitnemål frå VGO og oppfyller krava i 23/5-regelen, kan bli rangerte etter to ulike ordningar.
1.2.2 Høge poenggrenser på enkelte studium
Ei anna utfordring er dei svært høge poenggrensene ein ser på mange populære studium. På enkelte studium ligg grensa opp mot 70 poeng i den ordinære kvoten. For å oppnå så mange poeng må søkarane ha eit tilnærma perfekt karaktersnitt og dessutan ha samla mange tilleggspoeng. På mange av desse studia har poenggrensene stige jamt over fleire år. I hovudopptaket i 2023 hadde 16 av dei 20 studia som hadde dei høgaste poenggrensene, høgare poenggrense enn året før.6 Den store summen av tilleggspoeng bidreg til dei høge poenggrensene. På nokre studium er det ikkje mogleg å få studieplass utan å ha samla tilleggspoeng, sjølv om ein berre har seksarar på vitnemålet frå VGO. For å få same effekt som eit tilleggspoeng har på poengsummen, må ein forbetre tre fag på vitnemålet med minst éin karakter.7
1.2.3 Forseinka studiestart
Det er ei stor utfordring at dagens opptaksregelverk fører til forseinka studiestart for mange søkarar. Mellom anna bidreg ordninga med tilleggspoeng som ein kan opparbeide seg etter VGO, til at eldre søkarar blir rangerte over yngre søkarar. Spesielle krav til karakterar på enkelte studium bidreg òg til å forseinke studiestarten for ein del søkarar, ettersom dei må forbetre enkelte av karakterane sine for å oppfylle krava. Statistisk sentralbyrå (SSB) har funne at om lag 3 000 personar tek opp fag og søker studium med nivåkrav kvart skuleår, og at halvparten av desse søker sjukepleiarutdanninga.8 Det at mange unge får ein forseinka start på høgare utdanning, har store samfunnsøkonomiske kostnadar, spesielt når samfunnet har stort behov for kvalifisert arbeidskraft. Ikkje sidan før finanskrisa har det vore større etterspurnad etter arbeidskraft, og spesielt i distrikta er det store udekte behov for kompetanse.9
1.3 Andre relevante prosessar
Det er sett i gang fleire prosessar innanfor høgare utdanning og vidaregåande opplæring som er relevante for utviklinga av opptaksregelverket. Her nemner vi dei mest sentrale.
1.3.1 Stortingsmelding om profesjonsutdanningane
Våren 2024 legg regjeringa fram ei melding til Stortinget om profesjonsutdanningane. Meldinga legg hovudvekt på dei rammeplanstyrte lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane. Regjeringa legg fram tiltak som skal bidra til at utdanningane blir meir profesjonsnære og tett knytte til arbeidslivet. Universitet og høgskular skal få meir handlingsrom til å tilby attraktive utdanningar som er tilpassa den lokale rekrutteringssituasjonen. Utdanningstilbodet skal vere fleksibelt og desentralisert, sånn at det blir tilgjengeleg for fleire.
1.3.2 Utvikling av nytt IT-system for Samordna opptak
Samordna opptak står for gjennomføringa av opptaket til høgare utdanning. Dei digitale systema for å behandle søknader blei utvikla i 1990-åra og tidleg på 2000-talet. Systema er i dag utdaterte, har stor driftsrisiko, er lite brukarvennlege og oppfyller ikkje dagens lovkrav til datasystem. I 2023 blei det starta eit arbeid med å utvikle eit nytt IT-system for Samordna opptak. Målet med prosjektet er å utvikle eit sikkert, påliteleg og framtidsretta system for opptaket til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Planane legg til grunn at bruksområdet for systema kan bli utvida til å omfatte opptak til fleire typar utdanning i framtida. Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) held fram arbeidet i 2024.10
1.3.3 Fullføringsreforma i vidaregåande opplæring
Fullføringsreforma i vidaregåande opplæring inneheld ei lang rekke tiltak som skal bidra til at fleire fullfører VGO.11 Målet er at alle som går inn i VGO, fullfører og blir kvalifiserte til arbeid og utdanning. Stortinget har vedteke ny opplæringslov, som etter planen trer i kraft hausten 2024. Då vil alle ha rett til opplæring fram til dei har fullført med studie- eller yrkeskompetanse. Dette vil innebere ei meir fleksibel vidaregåande opplæring og gjere det mogleg for fleire å fullføre.
1.3.4 Dimensjonering av høgare utdanning
I Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge (utsynsmeldinga) la regjeringa fram sine forventningar til korleis høgare utdanning skal dimensjonerast i framtida for å møte kompetansebehova, og tiltak for å oppnå eit betre system for dimensjonering. For å dekke dei viktigaste kompetansebehova framover må heile utdanningssystemet innrettast og dimensjonerast slik at kapasiteten følger etterspurnaden frå utdanningssøkande og behovet i arbeidslivet, på både kortare og lengre sikt. I høgare utdanning har universiteta og høgskulane og styresmaktene eit delt ansvar for å dimensjonere studietilbodet. Dei sentrale styresmaktene har eit ansvar for den samla utdanningskapasiteten og har dimensjonert dels på bakgrunn av studiesøking, dels ut frå særlege behov for arbeidskraft, og dels ut frå opptakskapasitet og praksiskapasitet, særleg i ein del profesjonsutdanningar. Ved universiteta og høgskulane har styra ansvar for å dimensjonere studieporteføljane i tråd med både studiesøkinga og arbeidsmarknadsbehova. Regjeringa forventar at universitet og høgskular innanfor porteføljen sin prioriterer ressursar til helsefag, IT og område som er viktige for det grøne skiftet. I tillegg forventar regjeringa at institusjonane gjer løpande vurderingar av framtidige kompetansebehov, både nasjonalt og regionalt, og vurderer tiltak for ei meir fleksibel og dynamisk utnytting av utdanningskapasiteten.12
Dimensjoneringa av høgare utdanning verkar inn på opptaket. Talet på tilgjengelege studieplassar påverkar talet på tilbod til søkarane og dermed konkurransen om plassane. Samtidig kan ein ikkje berre auke talet på studieplassar der det er høge søkartal, ettersom behovet i arbeidslivet og kapasiteten på institusjonane òg skal takast omsyn til.
1.4 Kunnskapsoppsummering
Til grunn for denne meldinga ligg eit kunnskapsgrunnlag som blir omtalt overordna her og referert i dei kapitla der det er relevant. Opptaksutvalets NOU 2022: 17 Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler og den påfølgande høyringainngår som ein del av kunnskapsgrunnlaget. I tillegg er det dei siste åra utarbeidd ulike rapportar som ser på bestemte delar av opptakssystemet. Fleire av desse er utarbeidde på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Her omtaler vi nokre av dei mest sentrale rapportane.
1.4.1 NIFU: Opptak til høyere utdanning: En studie av konsekvensene av kvote og poengberegning med fokus på psykologi, medisin, jus og grunnskolelærerutdanning
Rapporten frå NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) omhandlar det norske systemet for opptak til høgare utdanning og ser på korleis karakterar og tilleggspoeng verkar inn på opptaket til nokre utvalde utdanningar.13 Rapporten blei bestilt av Kunnskapsdepartementet og var med på å danne grunnlaget for avgjerda om å sette ned eit utval til å sjå på heilskapen i opptakssystemet. NIFU fokuserer på fire utdanningar: psykologi-, medisin-, jus- og grunnskulelærarutdanninga. Ein fellesnemnar for dei tre første er at dei er studium med stor merksemd og konkurranse om plassane.
Dei viktigaste konklusjonane frå rapporten er knytte til alderspoeng og alderen på søkarane. Rapporten viser at alderspoeng har mykje å seie for kven som kjem inn på studium med stor konkurranse. Funna tilseier at fleire søkarar må vente på å bli eldre for å kome inn. Rapporten viser òg ein negativ samanheng mellom gjennomføring og alder. Yngre studentar fullfører fleire studiepoeng og gjennomfører studia sine raskare enn eldre studentar.
1.4.2 NOU 2022: 17 Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler
Mandatet og medlemmene til opptaksutvalet blei offentleg kjende 22. april 2021, og utvalet leverte rapporten sin til Kunnskapsdepartementet 1. desember 2022. Mandatet bad utvalet om å kome med forslag til eit nytt opptakssystem:
som er lett å forstå for søkarane og som blir oppfatta som rettferdig
som bidreg til at elevar i vidaregåande opplæring og andre kan ta gode og informerte val av fag og kome raskt i gang med utdanninga
som bidreg til at ressursane i befolkninga blir utnytta best mogleg
som bidreg til forståing av konkurransen om og fordelinga av studieplassane
som bidreg til at vi får dekt kompetansebehova i arbeidslivet og som ikkje er til hinder for eit mangfaldig og kjønnsbalansert arbeidsliv
som er effektivt og digitaliseringsvenleg
Med utgangspunkt i mandatet la utvalet fram forslag til ein ny modell for opptak til høgare utdanning. Utvalet og kjeldene deira er eit særskilt sentralt kunnskapsgrunnlag og blir derfor referert gjennom meldinga. Forslaga utvalet kom med, er omtalte i dei kapitla der dei er relevante.
1.4.3 SSB-artiklar og tal frå Utdanningsdirektoratet
Våren 2023 gjorde SSB tre analysar av høvesvis privatistar14 som søker seg til studium med nivåkrav, privatistar som søker seg til studium med høge poenggrenser og personar som er privatistar i meir enn eitt år. Sentrale funn frå analysane er presenterte i tre artiklar.15 Utvalet i analysane var privatistar i skuleåra 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021. Artiklane gir nyttig informasjon om kven som er privatistar, og kor omfattande bruken av ordninga for å forbetre karakterar er. Her er nokre funn:
Rundt 3 000 forbetringsprivatistar søker årleg studium med nivåkrav (som sjukepleiarutdanning, lærarutdanning, sivilingeniørutdanning ved NTNU).Omkring halvparten av dei søker sjukepleiarutdanninga.
Blant søkarane til lærarutdanning og sjukepleiarutdanning er det høvesvis 40 og 30 prosent som ikkje klarer nivåkrava og derfor ikkje blir kvalifiserte til studia.
Blant dei forbetringsprivatistane som klarer krava og blir kvalifiserte, er det over 60 prosent av søkarane til sjukepleiarutdanninga som ikkje får tilbod om plass.16
Av dei som søkte seg til høgare utdanning i dei tre skuleåra 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021, var det i underkant av 3 000 personar (til saman for alle tre åra) som hadde prøvd å forbetre karakterar frå VGO i meir enn eitt år.
10 prosent av desse hadde vore privatistar tre år på rad.
Dei vanlegaste faga denne gruppa ønskte å forbetre karakteren i, var matematikk og norsk, og dei søkte oftast sjukepleiarutdanninga, medisinstudiet eller master i rettsvitskap.
Artiklane frå SSB bruker tal frå 2018–2021. Oppdaterte tal frå Utdanningsdirektoratet om privatisteksamenar i skuleåret 2022–2023 viser ein kraftig nedgang frå året før.17 Nedgangen er særleg stor blant forbetringsprivatistar. Det blei teke over 9 000 færre forbetringsprivatisteksamenar i 2022–2023 enn året før, ein nedgang på over 30 prosent. Det blei teke rundt 102 400 privatisteksamenar i skuleåret 2022–2023. Av desse blei 82 700 tekne av førstegongsprivatistar, medan om lag 19 700 blei tekne av forbetringsprivatistar. Det vil seie at 80 prosent av alle privatisteksamenar blei tekne av førstegongsprivatistar, som altså ikkje forbetrar karakterar.
Forbetringsprivatistar som søker seg til studium med nivåkrav
Artikkelen18 omtaler forbetringsprivatistar som søker seg til studium med nivåkrav. SSB framhevar at om lag 3 000 personar tek privatisteksamen og søker seg til studium med nivåkrav kvart år, og analysane viser at dette talet held seg stabilt i dei åra SSB har sett på.
Personar som er forbetringsprivatistar i meir enn eitt år
Artikkelen19 omtaler søkarar som er forbetringsprivatistar over fleire år. Frå 2018 til 2021 var det om lag 3 000 personar som var forbetringsprivatistar i meir enn eitt år. Artikkelen syner òg at dei vanlegaste faga å ta opp er matematikk og norsk. I underkant av 300 personar tok opp fag i alle dei tre åra.
Personar som søker seg til studium med høge poenggrenser
Artikkelen20 tek føre seg privatistar som søker seg til eit utval av studium med høge poenggrenser over fleire år. Det som er i fokus, er eigenskapane til desse søkarane, og om dei kjem inn på utdanninga dei søker seg til. Ein av fire privatistar som søker studia som er valde ut i artikkelen, får tilbod om studieplass på førstevalet sitt. Dei fleste som får plass, takkar ja og begynner på studiet dei får plass på. Artikkelen viser vidare at ein stor del av privatistane som søker desse studia, er under 22 år, men at dei som søker sjukepleiarutdanninga, er noko eldre.
1.4.4 Vurderingar frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Utdanningsdirektoratet (Udir)
Etter at opptaksutvalet leverte sin NOU, blei både HK-dir og Udir bedde om å vurdere delar av forslaga frå utvalet. HK-dir har levert vurderingar om mellom anna opptaksprøver og karakterforbetring gjennom privatisteksamen. Udir har levert ein gjennomgang av konsekvensane som forslaga frå opptaksutvalet vil kunne ha for VGO dersom dei blir innførte.
Både vurderingane frå HK-dir og dei frå Udir må sjåast i lys av dei avgrensingane som låg til grunn då oppdraga blei gitt. Mellom anna var fleire av forslaga frå opptaksutvalet ikkje skildra detaljert.
1.5 Tiltaka og prioriteringane til regjeringa
Regjeringa meiner det trengst fleire endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning for å løyse utfordringane som er omtalte i delkapittel 1.2, og for å nå måla som er skildra innleiingsvis.
Dei viktigaste hovudelementa i dagens modell for opptak skal bestå. Eit viktig omsyn regjeringa har teke i vurderingane sine, er å legge til rette for at fleire skal kome raskare i gang med høgare utdanning. Forslaget frå regjeringa er òg ei forenkling av dagens modell for opptak, som sikrar at vi får eit forståeleg, føreseieleg og rettferdig regelverk. Dessutan vil regjeringa sikre at søkarane framleis skal kunne få nye sjansar.
Under følger ei oppsummering av regjeringa sine forslag innanfor høvesvis kvalifisering og rangering. Sjå figur 1.1 for ein illustrasjon av regjeringa sitt forslag til modell for opptak til høgare utdanning.
1.5.1 Kvalifisering
Generell studiekompetanse (GSK) skal framleis vere det viktigaste grunnlaget for kvalifisering til høgare utdanning, og dei ulike måtane å oppnå GSK på skal bestå. Det same skal dei ulike unntaka frå GSK, slik som realkompetanse, dispensasjon og alternative opptak til enkelte studium, som forkurs og Y-veg. 23/5-regelen blir ført vidare som 23/6-regelen, der kravet om minst fem års arbeidserfaring og/eller utdanning blir avvikla. Talet «6» viser til fellesfaga norsk, engelsk, historie, samfunnskunnskap, matematikk og naturfag i VGO. Regelen skal berre gjelde for søkarar som ikkje har oppnådd eit vitnemål med studiekompetanse frå VGO. Dei som har oppnådd GSK på andre grunnlag vil heller ikkje kunne dobbeltrangerast etter 23/6-regelen. Dette forenklar søknadsprosessen for søkarane og saksbehandlinga for universiteta og høgskulane.
Dei spesielle opptakskrava blir i stor grad vidareførte. Moglegheita til å fastsette innhaldskrav og opptaksprøver til enkelte studium blir ført vidare, ettersom innhaldskrav og opptaksprøver er viktige for å sikre at studentane har visse kunnskapar og eigenskapar før dei startar på studia. Regjeringa foreslår å avvikle nivåkrava på sjukepleiarutdanningane, men behalde dei på lærarutdanningane. Regjeringa ønsker likevel å opne for at utdanningsinstitusjonar som ønsker det, kan få dispensasjon frå nivåkrava på lærarutdanningane, føresett at dei set i verk kompenserande tiltak som dei tilbyr studentar som ikkje oppfyller krava. Dette kan lette ein stadig meir krevjande rekrutteringssituasjon på viktige profesjonsutdanningar, samtidig som det sikrar at studentane og dei framtidige yrkesutøvarane har den kompetansen som krevst.
Les meir om regjeringa sine vurderingar og forslag innanfor kvalifisering i kapittel 2.
1.5.2 Rangering
Vitnemålet og karakterane frå VGO skal framleis vere grunnlaget for rangeringa av søkarane. Karakterar som grunnlag er enkelt å forhalde seg til for søkarane, det blir oppfatta som rettferdig, og det er ein effektiv måte å rangere mange søkarar på. Det er ein klar samanheng mellom karakterane frå VGO og kor godt studentane opplever å vere førebudde på høgare utdanning.
Søkarane skal framleis ha moglegheit til å forbetre rangeringa si i opptaket til høgare utdanning. Opptaksutvalet foreslår å erstatte dagens ordning, der ein kan forbetre karakterane sine som privatist, med ei nasjonal rangerande opptaksprøve. På bakgrunn av oppdatert kunnskap om forbetringsprivatistar, om effektane forslaget kan ha på elevane i VGO, og om kostnader, ønsker regjeringa å behalde moglegheita for å forbetre karakterar. På bakgrunn av dette meiner regjeringa at det ikkje er grunnlag for å gå vidare med forslaget om ei nasjonal opptaksprøve no. Bruk av lokale opptaksprøver på studium med mange søkarar og høge poenggrenser kan likevel vere formålstenleg, og regjeringa ønsker derfor å opne for utvida bruk av slike prøver.
Tilleggspoenga, både dei ein kan opparbeide seg i VGO, og dei ein kan skaffe seg seinare, gir fleire utfordringar i opptaket. Regjeringa ønsker derfor å redusere tilleggspoenga betydeleg. Tilleggspoenga for språkfag, alder, høgare utdanning, fagskule og folkehøgskule blir avvikla. Tilleggspoenga for realfag og militær-/sivilteneste blir førte vidare, men blir reduserte for ikkje å gi eit uforholdsmessig utslag på poengsummane. Den betydelege reduksjonen i tilleggspoenga vil få ned dei høge poenggrensene ein ser på mange populære studium, og bidra til at fleire kan kome raskare i gang med høgare utdanning.
Ettersom moglegheita for å forbetre karakterar blir ført vidare, blir også ordninga med førstegongsvitnemålskvote og ordinær kvote ført vidare. I tråd med målet om at søkarar skal kome raskare i gang med høgare utdanning, meiner regjeringa at det er grunnlag for å sjå på om førstegongsvitnemålskvoten bør bli større.
Regjeringa ønsker å føre vidare ordningane med spesielle kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse, for søkarar med tilknyting til Nord-Noreg, og for søkarar med minoritetsbakgrunn. For å betre kjønnsbalansen på studium med stor ubalanse foreslår regjeringa å erstatte dagens ordning med kjønnspoeng med kvotar for kjønn. Samtidig vil regjeringa sjå til at det ikkje blir for stor karakterforskjell mellom dei som blir kvoterte inn på eit studium og dei som ikkje kjem inn på studiet, ved vurderinga av om det skal brukast spesielle kvotar.
Les meir om regjeringa sine vurderingar og forslag innanfor rangering i kapittel 3.
Fotnotar
Meld. St. 5 (2022–2023)
Meld. St. 14 (2022–2023)
Hovdhaugen mfl. (2020), Andresen og Lervåg (2022)
Statistisk sentralbyrå (2023a)
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (2023b)
Sandsør mfl. (2022)
Keute og Steen-Johnsen (2023a)
Meld. St. 14 (2022–2023)
Prop. 1 S (2023–2024)
Meld. St. 14 (2020–2021)
Meld. St. 14 (2022–2023)
Hovdhaugen mfl. (2020)
Ein privatist er ein person som melder seg opp til eksamen i eit fag utan å følge ordinær undervisning i ein vidaregåande skule.
Keute og Steen-Johnsen (2023a) (2023b) (2023c)
Utdanningsdirektoratet (2023b)
Keute og Steen-Johnsen (2023a)
Keute og Steen-Johnsen (2023c)
Keute og Steen-Johnsen (2023b)