Meld. St. 20 (2023–2024)

Opptak til høgare utdanning

Til innhaldsliste

3 Rangering i nytt regelverk for opptak

I 2023 søkte 139 166 personar om opptak til høgare utdanning, og 111 199 av dei fekk tilbod om studieplass. Ikkje alle kvalifiserte søkarar får plass. I 2023 var det 13 971 kvalifiserte søkarar som stod utan noko tilbod.1

Når det er fleire kvalifiserte søkarar enn det er ledige plassar ved eit studium, må ein ha ein måte å fordele plassane rettferdig på. Reglar for rangering av søkarar til høgare utdanning er derfor den andre hovuddelen i opptaksforskrifta. Sjølv om meininga med regelverket først og fremst er å fordele studieplassar til søkarar på ein føreseieleg og rettferdig måte, har det òg blitt ein måte å styre åtferda og vala til enkeltsøkarar på, gjennom å tildele poeng for spesifikke fagval eller for aktivitetar etter vidaregåande opplæring (VGO). Desse tilleggspoenga kan medverke til å forbetre rangeringsposisjonen til den enkelte søkaren. Dette kan igjen bidra til å heve poenggrensene ved studium med høg konkurranse. Søkarar kan i dag auke poengsummen sin ved å bli eldre og ved å gjennomføre førstegongsteneste, folkehøgskule, fagskule eller høgare utdanning. Dette kallar vi tilleggspoeng etter VGO. I tillegg kan søkarar auke poengsummen sin gjennom å velje realfag eller å ta framandspråk som programfag. Ein kan òg oppnå desse poenga gjennom privatisteksamen etter VGO. Dette kallar vi tilleggspoeng for fagval i VGO.

Dette kapittelet startar med ein gjennomgang av dagens regelverk for rangering og forslaga frå opptaksutvalet. Deretter blir regjeringa sine vurderingar og forslag til endringar i rangeringsregelverket presenterte. Til sist følger ei gjennomgang og vurdering av dagens regelverk knytt til dei spesielle kvotane.

3.1 Dagens regelverk for rangering

3.1.1 Overordna om rangeringsregelverket

Rangeringa av søkarar til høgare utdanning skjer i hovudsak på grunnlag av karakterar frå VGO, både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Karakterane blir brukte til å rekne ut ein poengsum, kalla karakterpoeng, og denne poengsummen blir brukt til å ordne dei kvalifiserte søkarane i rekkefølge. Søkarar med høg poengsum blir rangerte framfor søkarar med lågare poengsum, så jo betre karakterane er, jo lenger fram i køen kjem søkaren. Denne rekkefølga blir så brukt til å gi eit avgrensa antal søkarar tilbod om studieplass der det er konkurranse.

Rangeringa skjer innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt antal eller ein bestemt del av studieplassane som skal fordelast blant søkarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav. Alle kvalifiserte søkarar som innan fastsette fristar for opptaket dokumenterer at dei oppfyller kriteria for ein gitt kvote, konkurrerer om studieplass i denne kvoten. Søkarar med lik poengsum i ein kvote skal rangerast etter alder, slik at eldre søkarar går føre yngre søkarar.

I dagens regelverk er det to hovudkvotar: førstegongsvitnemålskvoten og den ordinære kvoten. Alle søkarar konkurrerer i utgangspunktet i den ordinære kvoten, uavhengig av alder. Førstegongsvitnemålskvoten gjeld for søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som etter normal tid i VGO har fått eit vitnemål som gir generell studiekompetanse. Søkarane blir automatisk plasserte i den kvoten som gir best utteljing.

I førstegongsvitnemålskvoten er det berre karakterpoenga og eventuelle tilleggspoeng søkaren har fått for fagval, som tel med i rangeringa. Til enkelte studium er det òg mogleg å få tilleggspoeng for underrepresentert kjønn.

I den ordinære kvoten kan ein forutan poeng for karakterar og fagval få poeng for alder og diverse aktivitetar ein har gjennomført etter VGO. I den ordinære kvoten tel òg eventuelle forbetra karakterar og nye fag ein har teke som privatist etter fullført VGO, med i poengsummen.

Halvparten av studieplassane er reserverte for søkarar i førstegongsvitnemålskvoten. Kvoten er meint for at det skal vere mogleg for søkarar som kjem rett frå VGO, å kome inn på studium der det er stor konkurranse om plassane. I denne kvoten slepp dei unge søkarane å konkurrere med eldre søkarar som har hatt høve til å samle fleire tilleggspoeng og forbetre karakterane sine. I førstegongsvitnemålskvoten er derfor poenggrensene for å kome inn på dei ulike utdanningane ofte lågare enn dei er i den ordinære kvoten.

Dagens regelverk opnar òg for å bruke andre, spesielle kvotar på enkelte studium, når særskilde forhold gjer det ønskeleg.

3.1.2 Tilleggspoeng for fagval i vidaregåande opplæring

Reglane i dag

I dagens regelverk kan søkarar til høgare utdanning få til saman fire tilleggspoeng for fagval i VGO. Elevar som vel realfaglege programfag, kan få inntil fire tilleggspoeng. Dei ulike programfaga gir ulik poengsum, og ein finn ei oversikt over fag og poengsummar hjå Samordna opptak.2 Elevar som har teke framandspråk som programfag, kan òg få inntil fire tilleggspoeng. Det er ikkje mogleg å få meir enn 1,5 språkpoeng for same språk, og det er heller ikkje mogleg å få språkpoeng for framandspråk tekne som fellesfag, for engelsk eller for eit skandinavisk språk. Det går an å ha både realfags- og språkpoeng samtidig, men ikkje meir enn fire poeng totalt. Ein kan òg få tilleggspoenga som privatist, men ein får ikkje desse poenga for fag tekne i høgare yrkesfagleg utdanning, forkurs med meir.

Tilleggspoenga for fagval blei innførte i to rundar. Det starta med at Tveitereid-utvalet foreslo å innføre poeng som eit tiltak for å rekruttere fleire til realfagsstudium.3 Realfagspoenga blei så innførte som ei prøveordning i 1998, før dei blei permanente i 2006. Språkpoenga blei varsla i stortingsmeldinga Språk bygger broer, og blei innførte frå 2011. Målet var å stimulere til at fleire skulle ta språk som programfag i VGO, og at fleire skulle gå vidare til språkstudium i høgare utdanning. Frå 2014 blei programfag i latin og gresk lagde inn i ordninga.

Tilleggspoeng for framandspråk

I studieførebuande utdanningsprogram er det obligatorisk med framandspråk som fellesfag i minst to år. Om ein ikkje har hatt framandspråk i ungdomsskulen, må ein ha det som fellesfag i tre år i VGO. Dei som har opplæring i samisk som første- eller andrespråk, kvensk eller finsk som andrespråk eller norsk teiknspråk, treng ikkje ta opplæring i framandspråk som fellesfag. Det er framandspråk som programfag, ikkje som fellesfag, som gir språkpoeng. I 2022–2023 var det til saman omtrent 1 700 elevar i dei framandspråklege programfaga det blir undervist i på VGO.4 Dei fleste av elevane som gjekk vidare med det høgaste nivået av språkfag i VGO (nivå III), tok eit av dei tre største framandspråka, spansk, tysk eller fransk.

Dei fleste som opparbeider seg språkpoeng, gjer det som privatistar. Det blei avlagt om lag 8 900 privatisteksamenar i skuleåret 2022–2023 av personar som tok eit framandspråk som programfag første gong. Desse privatistane må ta både skriftleg og munnleg eksamen i faget. Vi veit ikkje kor mange enkeltindivid som oppnår språkpoeng gjennom privatistordninga, fordi nokre personar truleg tek eksamen i fleire språk same året. Tal frå Samordna opptak på søkarar til studium som hadde poenggrense i ordinær kvote i 2022–2023, viser at litt over 12 000 av desse søkarane hadde språkpoeng. Søkarar med tilleggspoeng for språk utgjorde 10 prosent av søkarane til desse studia. Dei fleste søkarane med språkpoeng oppnådde eitt poeng.5

Gjennom ordninga med tilleggspoeng for framandspråk kan søkarar med svakare karaktersnitt konkurrere ut søkarar med opphavleg betydeleg betre snitt. NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler gjer nærare greie for dette.6 Den vanlegaste måten å få språkpoeng på er å ta privatisteksamen i eit framandspråk ein meistrar frå før, til dømes som morsmål. Desse tilleggspoenga gjeld ved opptak til alle studium. Det er lite som tyder på at poenga har auka rekrutteringa til høgare utdanning i språk. Det er heller ikkje grunnlag for å seie at språkpoenga har ført til at fleire tek framandspråk som programfag i VGO.

Tilleggspoeng for realfag

I 2005 gjennomførte NIFU ei evaluering av effekten av realfagspoenga. Ifølge evalueringa var det lite som tydde på at poenga oppfylte den opphavlege intensjonen, som var å auke rekrutteringa til realfag i høgare utdanning.7 Derimot kan det verke som om realfagspoenga påverkar fagvala til elevar som ønsker opptak til utdanningar der det er stor konkurranse. Udir viser i si utgreiing av konsekvensar for VGO til at det er fleire som tek realfag i VGO enn som søker seg til realfaglege høgare utdanningar.

Utdanningsdirektoratet peiker på at endringar i fag- og opptakskrav ser ut til å påverke fagvala elevane gjer i VGO, relativt raskt.8 Det er derfor grunn til å tru at det å fjerne realfagspoenga vil føre til at færre tek realfag som programfag i VGO, men vi veit ikkje kor stor ein slik effekt vil bli. Fleire rapportar har vist at nokre elevar vel realfag berre for å få tilleggspoeng, ikkje for å ta eit realfagleg studium.9 I tillegg kan forskjellen mellom talet på dei som tek realfag i VGO, og talet på søkarar til realfaglege studium, tyde på at mange tek realfag i VGO for å ha alle moglegheiter opne seinare. Det er mykje anna som speler inn på kva fag elevane vel, mellom anna interesser og karrieremoglegheiter innanfor fagområda.

Forslaget frå opptaksutvalet

Opptaksutvalet foreslår å fjerne alle tilleggspoeng, både i og etter VGO. Utvalet meiner at fag i VGO skal likestillast i opptak til høgare utdanning. I utgreiinga seier dei: «Det er gode grunner til at elever bør velge både realfag og språk i VGO, men det bør ikke gi fordeler i rangeringen til høyere utdanning.»10 Dette argumentet bygger på utvalets oppfatning av at for mange utfordringar blir løyste gjennom opptakssystemet i dag, framfor med andre verkemiddel.

Utvalet viser til to ulemper med språk- og realfagspoeng. Den første er at ein del VGO-elevar kan velje vekk fag som er relevante for seinare studium fordi dei treng språk- og realfagspoeng for å oppnå høg nok poengsum til å kome inn på studiet dei vil søke seg til. Denne ulempa viste òg Lied-utvalet til.11 Den andre ulempa er at poenga kan få store utslag i rangeringa der søkarane søker seg til studium som ikkje er i realfag eller språk. Tilleggspoenga kan altså vere med på å drive opp poenggrensene ved dei mest populære studia, utan å oppfylle hensikta om å rekruttere fleire til studium i realfag eller språk.

3.1.3 Tilleggspoeng etter vidaregåande opplæring

Reglane i dag

Søkarar til høgare utdanning kan i den ordinære kvoten få tilleggspoeng for alder og for diverse aktivitetar som normalt blir gjennomførte etter den vidaregåande opplæringa. Dette er poeng som blir lagde på toppen av karakterpoenga, og som kjem i tillegg til realfags- og språkpoeng og kjønnspoeng.

Tilleggspoeng for alder

Søkarar i den ordinære kvoten får automatisk to tilleggspoeng per år frå og med det året dei fyller 20, til og med det året dei fyller 23 år. Søkarar etter 23/5-regelen får to tilleggspoeng per år frå og med det året dei fyller 24 år. Ein kan maksimalt få åtte tilleggspoeng for alder.

Alderspoenga kom i 1992 som erstatning for eit komplisert regelverk for å fange opp arbeidserfaring, utdanning og livserfaring. Det var til dømes ulike forskrifter om opptak til ei rekke utdanningar, mellom anna sjukepleiarutdanning, lærarutdanning og sosionomutdanning, som alle hadde forskjellige måtar å gi poeng for relevant yrkeserfaring på. Det førte til at mange brukte fleire år på å skaffe seg arbeidserfaring for å auke sjansane for å kome inn på ei utdanning. På nokre utdanningar blei dessutan omgrepet «relevant erfaring» tolka stadig vidare, og det var etter kvart få som ikkje fekk poeng for erfaring. Søkarar til medisinutdanninga fekk ikkje alderspoeng før i 2009, ettersom dei fram til det hadde hatt andre særordningar, mellom disse tilleggspoeng for lønt relevant arbeidspraksis.

Den opphavlege intensjonen med alderspoenga var å fange opp og påskjønne erfaring utan å vidareføre ulempene som krava til relevant erfaring hadde ført med seg. Poenga påskjønner erfaring nøytralt, ettersom alle får desse poenga, uavhengig av kva dei har brukt tida si på. I St.meld. nr. 49 (1996–97) Prinsipp for rangering av søkjarar til studium ved universitet og høgskolar skreiv det dåverande Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet følgande om alderspoenga:

Alderspoenga fangar opp både arbeidserfaring, utdanning og anna livserfaring utan å nytte millimetermål. Alderspoeng er høgt korrelert med arbeids- og omsorgserfaring og utdanning ut over vidaregåande skole, men diskriminerer ikkje dei arbeidslause. Ved å nytte eit så generelt verkemiddel blir det ikkje etablert nye portar som søkjarane blir oppmoda til å komme seg gjennom.

Tilleggspoeng for diverse aktivitetar

Søkarar i den ordinære kvoten kan få inntil to tilleggspoeng dersom dei kan dokumentere å ha gjennomført ein av desse aktivitetane:

  • fullført studium eller samla 60 studiepoeng ved universitet eller høgskule

  • fullført studium eller samla 60 fagskulepoeng/studiepoeng frå fagskule

  • fullført eitt år på folkehøgskule

  • fullført militær førstegongsteneste

  • fullført sivilteneste

Totalt kan kvar enkelt søkar berre få to poeng, sjølv om dei kan dokumentere å ha fullført fleire av aktivitetane. Ein søkar som fullfører og dokumenterer mellom 30 og 59 studiepoeng i høgare utdanning eller fagskuleutdanning, får berre eitt tilleggspoeng. Søkarar som har oppnådd generell studiekompetanse med grunnlag i høgare utdanning eller fagskuleutdanning, kan ikkje få tilleggspoeng for dette. Det er fordi same kompetanse ikkje skal kunne telje dobbelt, det vil seie at det som kvalifiserer deg ikkje i tillegg kan gi utteljing i tilleggspoeng.

Tilleggspoenga er innførte på ulike tidspunkt og alle har hatt noko ulike grunngivingar. Poenga har som funksjon å påskjønne aktivitetar som kan gi erfaring og kompetanse som kan vere nyttig i høgare utdanning. Fleire utdanningsinstitusjonar gav tilleggspoeng for høgare utdanning og militærteneste før felles rangeringsforskrift blei innført i 2000–2001. I samband med behandlinga av St.meld. nr. 51 (1995–96) Om folkehøgskolen og utdanningssamfunnet vedtok Stortinget i 1997 at eitt års folkehøgskule skulle gi tre tilleggspoeng. Talet på tilleggspoeng blei redusert frå tre til to frå og med studieåret 2009–2010, for alle aktivitetar som gav tilleggspoeng. I 2017 blei det i samband med Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning bestemt at fagskule òg skulle gi tilleggspoeng etter dei same reglane som for høgare utdanning.

Det har ved fleire høve blitt teke initiativ til at ordninga med tilleggspoeng skal utvidast. I forkant av at opptaksutvalet blei sett ned, blei det i Stortinget teke initiativ til å utvide ordninga til òg å gjelde bibelskular.12 Dette forslaget enda i eit vedtak der Stortinget bad regjeringa gjennomgå regelverket for rangering av søkarar til høgare utdanning. I Prop. 2 S (2017–2018) Videreutviklingen av Hæren og Heimevernet – Landmaktproposisjon blei det skrive at regjeringa skal sjå på moglegheita for å gi ekstra tilleggspoeng for dei som blir pålagde 16 månaders førstegongsteneste.

Omfanget av tilleggspoenga

Tal frå Samordna opptak viser at ein stor andel av søkarane har alderspoeng. Av dei 125 169 søkarane som var kvalifiserte i opptaket i 2023, hadde 102 521 av dei minst to alderspoeng. Av desse hadde 57 559 maksimalt med alderspoeng, altså 8 poeng.13

Tal frå Samordna opptak viser òg at 61 989 av dei kvalifiserte søkarane i 2023 hadde tilleggspoeng for minst ein av aktivitetane. Av dei som fekk tilbod om studieplass i den ordinære kvoten, hadde over 67 prosent av søkarane tilleggspoeng for minst av ein av aktivitetane.14

I gjennomsnitt har søkarar i den ordinære kvoten omkring 7 tilleggspoeng totalt.15 Dette inkluderer tilleggspoeng for fagval, for alder og for diverse aktivitetar. Kjønnspoeng er ikkje inkludert i dette talet.

Forslaget frå opptaksutvalet

Opptaksutvalet foreslår å avvikle alle tilleggspoenga. Dei skriv at tilleggspoenga har blitt ein barriere for å begynne tidlegare i høgare utdanning. Dei argumenterer for at det utifrå eit arbeidslivs- og samfunnsøkonomisk perspektiv er uheldig at studentar får ein forseinka studieoppstart når vi samtidig har eit arbeidsliv som manglar kvalifisert arbeidskraft. Ei avvikling av tilleggspoenga gjer òg opptaksregelverket enklare og meir føreseieleg å ta omsyn til.

Om alderspoenga skriv utvalet at dei har mykje å seie for dei som søker seg inn på studium med høge poenggrenser i den ordinære kvoten, der mange først kjem inn etter at dei har fått alle alderspoenga. Poenga gjer at eldre søkarar lett utkonkurrerer yngre søkarar som har betre karakterar. Utvalet peiker på at dette fører til at fleire ventar på å kome i gang med utdanninga til dei har oppnådd full opptening av poeng. Fleire bruker ventetida på å forbetre karakterar, noko som bidreg til at poenggrensene blir høgare. Andre startar på andre utdanningar som dei ikkje fullfører. Utvalet peiker òg på at fleire studiar viser at eldre studentar har høgare fråfall frå utdanning enn yngre studentar, og at det dermed er positivt med ein tidlegare start.

Om tilleggspoenga for diverse aktivitetar skriv utvalet at sjølv om poenga har gode formål, er dei problematiske for opptakssystemet. Utvalet argumenterer for at ungdom er ei attraktiv målgruppe for ulike aktivitetar, og at det er ei generell oppfatning at poenga blir brukte som eit verkemiddel for å styre åtferda til denne gruppa. Det er ei utfordring at aktivitetane som gir tilleggspoeng, ikkje nødvendigvis har større relevans enn andre aktivitetar som søkarane kan ha gjennomført. Til dømes er det vanskeleg å argumentere for at eitt år med folkehøgskule skal gi poeng, medan eitt års jobbing i barnehage ikkje skal gi poeng. Utvalet påpeiker òg at sjølv om diverse aktivitetar etter VGO kan gi nyttig erfaring og kompetanse, er tilleggspoenga eit insentiv til å utsetje studiestart. Utvalet peiker på at jo fleire tilleggspoeng søkarane kan få, jo mindre blir poenga verde. I eit system utan tilleggspoeng er det ikkje behov for å ta stilling til kva aktivitetar som skal gi poeng og ikkje.

Utvalet meiner at tilleggspoenga for fullført militær førstegongsteneste står i ei særstilling. Soldatar i førstegongsteneste er ein del av den ståande forsvarsstrukturen og av vesentleg betydning for at Forsvaret skal kunne utføre oppdraget med å forsvare Noreg. Allmenn verneplikt er fastslått i Grunnlova og er ei plikt staten pålegg den enkelte. Den enkelte har i liten grad høve til å påverke når tenesta skal utførast, og førstegongstenesta kan derfor bli ei ulempe for dei som planlegg eit utdanningsløp. I dagens opptaksregelverk blir mange for gamle for førstgangsvitnemålskvoten etter at dei har gjennomført førstegongstenesta, og dei har dårlegare føresetnader for å kunne forbetre karakterar. Denne ulempa, som har blitt kompensert med to tilleggspoeng, blir fjerna i forslaget utvalet har til ny modell. Det er òg ei ulempe at førstegongsteneste og studiestart ikkje er synkroniserte, og at dagens ordning med reservasjon av studieplass i opptil to år ikkje er treffsikker nok. Utvalet foreslår derfor å utvide ordninga med reservasjon til så lenge som nødvendig for å gjennomføre tenesta. Mindretalet i utvalet foreslo at ein framleis skal få tilleggspoeng for førstegongsteneste dersom ikkje innføringa av ein ny opptaksmodell etablerer andre fullgode kompensasjonsordningar.

Fleirtalet i opptaksutvalet peiker òg på at tilleggspoenga for førstegongsteneste kan opplevast urettferdige for søkarar som ikkje har høve til å gjennomføre tenesta, til dømes dei som blir sett bort frå av fysiske årsaker, eller som har utanlandsk statsborgarskap.

3.1.4 Forbetring av karakterar

Reglane i dag

I dag kan ein forbetre karakterar så mange gongar ein vil, og få ført desse på vitnemålet. Ein vil konkurrere i ein annan kvote ved opptak om ein forbetrar karakterar medan ein går på VGO enn om ein gjer dette etter VGO. Samordna opptak beskriv det slik:

Du konkurrerer i kvoten for førstegangsvitnemål dersom du ikke fyller mer enn 21 år i året du søker opptak og har fått vitnemål merket som førstegangsvitnemål fra et studieforberedende utdanningsprogram i videregående opplæring, eller har generell studiekompetanse med vitnemål fra et yrkesfaglig utdanningsprogram tatt på normal tid, enten med Vg4 påbygg til generell studiekompetanse eller studiekompetansefagene tatt i tillegg.
[...]
I kvote for førstegangsvitnemål konkurrerer du kun med skolepoengene dine. Alle blir samtidig poengberegnet i ordinær kvote, og dette gjør saksbehandleren din automatisk. I kvote for førstegangsvitnemål får du ikke med eventuelle tilleggspoeng, alderspoeng, nye fag eller fag som du har forbedret etter videregående. Dette får du bare med i ordinær kvote. 50 % av alle studieplassene gis i kvote for førstegangsvitnemål.16

Sjå ytterlegare omtale av kvotar i delkapittel 3.1.6. Dersom ein ønsker å forbetre karakterane på vitnemålet, kan ein ta faga som privatist.

Reglane for førstegongsvitnemål

Førstegongsvitnemål får ein i dag når ein gjennomfører på normert tid, det vil seie tre år, eller inntil fem, dersom ein har vedtak om utvida frist.

Ny opplæringslov skal etter planen tre i kraft hausten 2024, og forskrift til ny lov var på høyring vinteren 2023–2024. I forslaget til forskrift foreslo Utdanningsdirektoratet å innføre ein forenkla femårsregel om retten til førstegongsvitnemål. I høyringa presenterte dei òg eit alternativt forslag som likna meir på dagens treårsregel med fleire unntak. Den nye forskrifta, inkludert reglar om førstegongsvitnemål, vil bli fastsett av Kunnskapsdepartementet og tre i kraft samtidig med den nye opplæringslova.

Forslaget frå opptaksutvalet

Opptaksutvalet foreslår at dagens ordning med førstegongsvitnemålskvote og ordinær kvote blir erstatta med éin karakterkvote der alle konkurrerer med karakterane frå første gongen dei bestod faga. Utvalet fører likevel vidare moglegheita til å forbetre karakterar som privatist undervegs i VGO. Den andre kvoten utvalet foreslår, er ein opptaksprøvekvote (som òg er reservert for dei som har vitnemål med GSK eller tilsvarande). Dette forslaget inneber at ein fjernar moglegheita til å forbetre karakterar på vitnemålet frå VGO. Nye fag tekne etter fullført VGO skal likevel kunne påverke karaktergjennomsnittet, men berre ved opptak til studium som har faget eller faga som eit spesielt opptakskrav. Dette vil seie at ein kan ta alle fag som er spesielle opptakskrav (til dømes realfag), som privatist etter at ein har fullført VGO.

Utvalet meiner at forbetring av karakterar forseinkar studiestarten for studentar på dei studia der det er konkurranse. Dei meiner òg at når søkarar forbetrar karakterar, kan det bidra til å drive opp poenggrensene på studium med konkurranse om plassane. Slik utvalet ser det, kan dette gi auka karakterpress på elevar i VGO og føre til at fleire blir opptekne av å tene opp tilleggspoeng når dei konkurrerer i ordinær kvote.

Som ein konsekvens av at dei vil fjerne moglegheita til å forbetre karakterar, foreslår utvalet ei rangerande opptaksprøve. Sjå omtale i delkapittel 3.1.5.

Boks 3.1 Privatistar

Privatistar er personar som tek eksamen i eit fag dei ikkje er elev i. Forbetringsprivatist er ein privatist som har bestått faget frå før, og melder seg opp til eksamen for å forbetre karakteren. Førstegongsprivatist er ein privatist som ikkje tidlegare har bestått faget.

Førstegongsprivatistar er ei heterogen gruppe som mellom anna består av personar som tidlegare har stroke i faget og personar som tek nye fag for å kome inn på studium i høgare utdanning med spesielle opptakskrav. Praksiskandidatar, som må bestå ein teorieksamen før dei gå opp til fagprøve, blir òg rekna som førstegongsprivatistar. Privatistar, med unntak av praksiskandidatane, melder seg opp til den same eksamenen som ordinære elevar i vidaregåande opplæring.

3.1.5 Opptaksprøver

Reglane i dag

Dagens opptaksforskrift opnar for bruk av lokale opptaksprøver for nokre grupper av studium. Opptaksprøvene kan vere berre kvalifiserande, berre rangerande eller fungere i kombinasjon med dei andre rangeringsreglane. Det er Kunnskapsdepartementet som bestemmer kva for eit alternativ som skal brukast for kvart studium.

Dagens ordning med lokale opptaksprøver er avgrensa og blir hovudsakleg brukt til studium der det er særleg grunngitt, som kunst- eller arkitektutdanningar. Det finst òg fleire døme på bruk av opptaksprøver til høgare grads studium. Vi har inga erfaring med ei nasjonal rangerande prøve i Noreg.

Forslaget frå opptaksutvalet

Opptaksutvalet foreslår ein karakterkvote på om lag 80 prosent av alle studieplassane. Dei resterande 20 prosentane av plassane foreslår dei å plassere i ein ny opptaksprøvekvote. Opptaksprøva skal gi søkarar som ikkje har gode nok karakterar til å kome inn på studiet dei ønsker, eit høve til å konkurrere seg inn gjennom resultat på ei nasjonal, standardisert prøve. Denne prøva skal òg brukast til å rangere søkarar som ein ikkje kan poengberekne, til dømes realkompetansesøkarar. Utvalet har ikkje greidd ut kva slags prøve opptaksprøva skal vere, men legg til grunn at det må gjerast eit arbeid med å sjå på korleis prøva skal vere utforma.

Utvalet foreslår òg at ordninga med lokale opptaksprøver blir utvida, og foreslår å opne for at institusjonar som ønsker det, kan ta i bruk supplerande rangeringskriterium. Desse kriteria skal brukast for å skilje ut dei best eigna blant dei best kvalifiserte søkarane, og vil vere avgjerande for kven som får tilbod om studieplass til slutt. Til dømes kan institusjonane ta i bruk testar av fagleg kompetanse, intervju eller arbeidsprøver. Lokale opptaksprøver vil i forslaget frå utvalet vere eitt av fleire moglege supplerande kriterium. Forslaget inneber ein forskjell frå lokale opptaksprøver slik dei blir brukte i dag, fordi institusjonane skal kunne sette grenser for kven som skal kunne rangerast gjennom dei supplerande kriteria.

3.1.6 Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote

Reglane i dag

Rangering av søkarar skjer innanfor kvotar. I dagens regelverk er det to hovudkvotar, førstegongsvitnemålskvoten og ordinær kvote. Alle søkarar konkurrerer i ordinær kvote, uavhengig av alder. Søkarar konkurrerer i kvoten for førstegongsvitnemål dersom dei ikkje fyller meir enn 21 år, har fått vitnemål merkt som førstegongsvitnemål frå eit studieførebuande utdanningsprogram i VGO, eller har generell studiekompetanse med vitnemål frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram teke på normal tid. Hovudregelen er at alle studium har kvote for førstegongsvitnemål, men det er mogleg for institusjonane å søke unntak i spesielle tilfelle.

I førstegongsvitnemålskvoten kan søkarar få realfagspoeng, språkpoeng, kjønnspoeng og poeng for opptaksprøver der det er relevant. Alderspoeng og andre tilleggspoeng kjem først til i ordinær kvote. I den ordinære kvoten blir òg eventuelle forbetra karakterar og nye fag ein har teke som privatist etter fullført VGO, talde med i poengsummen.

Forslaget frå opptaksutvalet

Som omtalt i delkapittel 3.1.5 anbefaler opptaksutvalet å innføre ei nasjonal rangerande opptaksprøve med ein tilhøyrande kvote. Utvalet foreslår ein karakterkvote på om lag 80 prosent av plassane. Dei resterande 20 prosentane av plassane er foreslått å gå til ein ny opptaksprøvekvote, der søkarar som ikkje har gode nok karakterar til å kome inn på studiet dei søker seg til, kan konkurrere seg inn gjennom den nasjonale rangerande prøva. Dette betyr at det i forslaget frå utvalet ikkje lenger er ein førstegongsvitnemålskvote, men at alle søkarar må søke med karakterane frå VGO.

3.1.7 Dobbeltrangering

Reglane i dag

23/5-regelen inneber at søkarar som er over 23 år og med fem års praksis av ulike typar, kan ta norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og historie og oppnå generell studiekompetanse. Regelen kom til for å sørge for at søkarar som er over 23 år og som ikkje har fullført VGO, kan oppnå generell studiekompetanse utan å oppnå vitnemål med studiekompetanse frå VGO. Sjå omtale i delkapittel 2.1.1. Regelen er først og fremst ein kvalifiseringsregel, men har store konsekvensar for rangeringa av søkarane. Hovudårsaka til det er at alle søkarar, òg dei med vitnemål frå VGO, kan rangerast etter regelen dersom dei oppfyller krava. Det vil seie at søkarar kan bli rangerte etter to ulike ordningar, såkalla dobbeltrangering.

Forslaget frå opptaksutvalet

Opptaksutvalet meiner at dobbeltrangering ikkje skal vere ein del av eit nytt opptaksystem, og at berre søkarar som oppnår studiekompetanse gjennom ein ny 23/6-regel, skal rangerast etter denne regelen. Ei viktig grunngiving for dette forslaget er at søkarar som vil forbetre rangeringsposisjonen sin, skal kunne ta ei opptaksprøve heller enn å forbetre karakterane i dei aktuelle faga, og at det då ikkje lenger er behov for den gamle 23/5-regelen som alternativ veg for alle søkarar. Opptaksutvalet viser vidare til at dobbeltrangering fører til meirarbeid for institusjonane som behandlar søknadene om opptak.

3.2 Vurderingane og tiltaka til regjeringa

3.2.1 Karakterar som grunnlag for rangering

Regjeringa meiner at vitnemålet og karakterane frå den vidaregåande opplæringa framleis skal vere grunnmuren i opptaket til høgare utdanning. Som omtalt i kapittel 2 skal generell studiekompetanse førast vidare som hovudgrunnlaget for kvalifisering. Dei aller fleste søkarane kjem derfor til å ha vitnemål og karakterar frå VGO som grunnlag. Karakterbasert opptak er det beste alternativet når mange søkarar skal rangerast mest mogleg effektivt og rettferdig, slik opptaksutvalet òg vurderer det. Karakterane frå eit bredt utval av fag frå VGO er eit godt grunnlag for rangering, av fleire grunnar. For det første er karakterar enkelt å forstå. HK-dir skriv i høyringssvaret sitt til NOU 2022: 17:

Søkjarane oppfattar karakterar som ein objektiv og rettferdig måte å bli vurdert på, og det er enkelt å forklare kvifor ein høgare karakterpoengsum er betre enn ein lågare. Også når det er liten skilnad på poengsummane.

For det andre blir karakterar som grunnlag for rangering oppfatta som rettferdig, i alle fall så lite urettferdig som mogleg i eit slikt system.17 For det tredje er det godt dokumentert at det er klare samanhengar mellom karakterar frå VGO og gjennomføring i høgare utdanning.18 Fråfallet er høgast blant dei med dårlegast karakterar frå VGO. Studentar med høgare karaktersnitt frå VGO opplever òg å vere betre førebudde på høgare utdanning.19 På bakgrunn av dette vil regjeringa føre vidare karakterar som hovudgrunnlag for rangering i opptaket til høgare utdanning.

3.2.2 Tilleggspoeng for fagval i vidaregåande opplæring

Regjeringa meiner det er grunn til å redusere tilleggspoenga for fagval så mykje som mogleg, ettersom dei bidreg til å komplisere opptakssystemet. Dei kan òg medverke til at unge bruker meir tid på å kome i gang med høgare utdanning og vidare ut i arbeid. I tillegg bidreg tilleggspoeng for fagval til å drive opp poenggrensene ved studium der det er stor konkurranse om plassane. I ein studie frå 2020 såg NIFU på opptaket til studieprogramma psykologi, medisin, jus og grunnskulelærar 1.–7. trinn.20 Ved alle studieprogramma fekk søkarar med fleire språk- eller realfagspoeng oftare tilbod om plass enn søkarmassen som heilskap. Ved opptaket til jus i 2019 var det berre 23 prosent av dei som fekk tilbod om plass i den ordinære kvoten, som ikkje hadde tilleggspoeng for framandspråk eller realfag. Det er om lag halvparten så stor andel som i søkarmassen i stort, ved eit studium som ikkje stiller spesielle krav til verken realfagskompetanse eller kompetanse i framandspråk. Dømet underbygger at tilleggspoenga er med på å drive opp poenggrensene ved studia der det er konkurranse.

Tilleggspoeng for framandspråk

Regjeringa meiner at det ikkje er grunn til å behalde språkpoenga, verken ut frå omsyn til rekrutteringa til språkstudium eller ut frå omsyn til kompetansebehovet i samfunnet. Det store fleirtalet med tilleggspoeng for språk får desse poenga som privatistar. Dei deltek altså ikkje i ordinær opplæring. Ut frå dei særs høge karaktersnitta i dei vanlegaste språka ser det ut til at dette er språk privatistane meistrar frå før, slik at tilleggspoenga ikkje fører til reell kompetanseheving. Ein kan argumentere for at språkpoenga gir utteljing for kompetanse som kan vere nyttig for samfunnet, men ein slik argumentasjon er ikkje tilstrekkeleg for å oppretthalde ulempene ved språkpoenga i dag.

Samisk språk

Regjeringa ønsker å legge til rette for auka samisk språkkompetanse i Noreg. Sametinget har i sitt innspel til arbeidet med meldinga løfta fram tiltak som kan bidra til dette, mellom anna tilleggspoeng til samisk som fellesfag i VGO. Sametinget viser mellom anna til Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning, der det kjem frem at mange elevar i VGO vel opplæring i samisk andrespråk framfor førstespråk. I same melding står det at regjeringa har som mål at «Flere bør gjennomføre videregående opplæring med samisk som førstespråk og andrespråk.» Det kom òg forslag om tilleggspoeng for samisk som førstespråk i NOU 2016: 18 Hjertespråket — Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. Kunnskapsdepartementet vil gjere ein samla vurdering av tiltak som kan auke samisk språkkompetanse i samband med oppfølginga av opptaksmeldinga, og sjå på om tilleggspoeng kan være eit eigna verkemiddel.

Tilleggspoeng for realfag

Regjeringa meiner at det er viktig med realfagskompetanse, både for den enkelte og for samfunnet. God realfagskompetanse er avgjerande for eit samfunn i utvikling og for framtidige arbeidsplassar. Regjeringa meiner derfor at ein ikkje bør fjerne realfagspoenga no, all den tid ein ser at poenga kan påverke kva fag elevar vel i VGO, og ein treng større rekruttering til ein del yrke der realfagskompetanse er nødvendig. Realfagspoenga har ikkje blitt evaluerte sidan 2005. Regjeringa vil derfor sette i gang ei evaluering av effekten av realfagspoenga.

I utsynsmeldinga peikte regjeringa på eit særleg behov for rekruttering til ein del realfaglege utdanningar for å dekke kompetansebehovet i framtida.21 Meldinga presenterte ingen tiltak for dei studieførebuande utdanningsprogramma og omtalte ikkje realfagspoenga. Det er likevel eit viktig poeng både i utsynsmeldinga og her at det ikkje er slik at kompetansebehovet i samfunnet er knytt til realfag generelt, skilt frå alle andre fag.

Regjeringa meiner ein bør sette i gang ei brei utgreiing av alternative verkemiddel for rekruttering til teknologi- og realfag der samfunnet har størst kompetansebehov. Denne utgreiinga skal rette seg mot heile skuleløpet – og bør sjå etter tiltak som fremmer begeistring og forståing for kva ein kan bruke teknologi- og realfag til. Når evalueringa av effekten av realfagspoenga og utgreiinga er ferdige, vil regjeringa gjere ei ny vurdering av realfagspoenga.

Når dei fleste tilleggspoenga blir fjerna, er det viktig at dei poenga som står igjen, blir justerte ned for ikkje å få for stor vekt i opptaket. Eitt tilleggspoeng svarer til ei forbetring med om lag éin karakter i tre fag på vitnemålet. Størsteparten av privatistane tek opp berre eitt fag. Når regjeringa tek vekk dei andre tilleggspoenga, vil til dømes fire realfagspoeng vege særs tungt i opptaket til høgare utdanning. Regjeringa vil derfor justere ned dei poenga som står igjen, til halvparten av det dei er i dag. For tilleggspoenga i VGO vil det seie at det vil vere mogleg å oppnå to realfagspoeng der ein i dag kan oppnå fire.

Forskjellar mellom tilleggspoenga for fagval

Det er fleire forskjellar mellom språkpoenga og realfagspoenga. Framandspråk er obligatorisk i minst to år på dei studieførebuande utdanningsprogramma i VGO. Fagmiljøa og elevtalet er i stor grad varetekne gjennom framandspråk som fellesfag. Berre ein liten del elevar tek språkfag som programfag i VGO i dag. Vi har ikkje grunnlag for å seie kor viktige tilleggspoenga er for elevane som vel framandspråk som programfag i VGO, men det er ikkje urimeleg å anta at mange tek programfag i framandspråk som privatistar for å oppnå tilleggspoeng.

Ingen realfag utover fellesfaget naturfag er obligatorisk i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Fagmiljøa og elevtalet for realfag er derfor ikkje varetekne gjennom fellesfaga.

Regjeringa vil

  • behalde tilleggspoeng for realfag, men justere dei ned til halvparten av det dei er i dag

  • avvikle tilleggspoeng for framandspråk

  • gjere ei vurdering av korleis ein kan legge til rette for auka samisk språkkompetanse

  • sette i gang ei evaluering av effekten av realfagspoenga

  • sette i gang ei brei utgreiing av alternative verkemiddel for rekruttering til teknologi- og realfag der samfunnet har størst kompetansebehov

3.2.3 Tilleggspoeng etter vidaregåande opplæring

Som opptaksutvalet vektlegg, blir tilleggspoenga for mange søkarar ein barriere for å kome tidleg i gang med høgare utdanning. To tilleggspoeng svarer til ei forbetring med minst éin karakter i seks fag på vitnemålet. Reglane for tilleggspoenga fører i praksis til at eldre søkarar blir rangerte framfor yngre søkarar innanfor den ordinære kvoten. Regjeringa meiner at det verken er formålstenleg for den enkelte eller for samfunnet at unge bruker fleire år på å samle poeng før dei startar på høgare utdanning. Det er uheldig at studentar får ein forseinka oppstart når vi samtidig manglar kvalifisert arbeidskraft på mange viktige område. Poenga bidreg òg til dei svært høge poenggrensene ein ser på mange studium.

For å få eit forenkla og meir forståeleg regelverk meiner regjeringa at det bør ryddast opp i ordninga med tilleggspoeng etter VGO. Tilleggspoenga kompliserer regelverket både for søkarane og for styresmaktene som forvaltar det. Tilleggspoenga aukar behovet for dokumentasjonskrav frå søkarane og individuell saksbehandling hos utdanningsinstitusjonane. Å redusere poenga vil derfor gi ein enklare og meir effektiv søknadsprosess for søkarane og meir effektiv saksbehandling for utdanningsinstitusjonane.

Vidare meiner regjeringa at den samla kompetansen til søkarane best kjem til uttrykk gjennom vitnemålet frå den vidaregåande opplæringa, og ikkje gjennom alder eller at ein kan dokumentere å ha gjennomført eit utval aktivitetar.

Tilleggspoeng for alder

Den tidlegare nemnde rapporten frå NIFU viser at alderspoenga fører til eldre søkarar, og simuleringar indikerer at det er dei same søkargruppene som kjem inn anten rett etter VGO i førstegongsvitnemålskvoten eller når dei har fylt 23 eller 24 år og har oppnådd alle alderspoenga.22 Dette gjeld spesielt ved studium med stor konkurranse. Alderspoenga gjer at eldre søkarar lett utkonkurrerer yngre søkarar sjølv om desse har betre karakterar. Ei avvikling av alderspoenga vil derfor gjere at alle søkarar, uavhengig av alder, stiller likare i opptaket til høgare utdanning.

Frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv vil det vere positivt om fleire studentar kan kome tidlegare i gang med utdanning og vidare ut i arbeidslivet. Det vil òg vere positivt for søkarane å kunne starte tidlegare med utdanninga. Den nemnde rapporten frå NIFU, og dessutan statistikk frå SSB, viser at det er negativ samanheng mellom alder og gjennomføring i høgare utdanning.23 Eldre studentar tek generelt færre studiepoeng og har høgare fråfall enn yngre studentar. Omsynet til å verdsette erfaring før opptak til høgare utdanning, som var så viktig for mange då alderspoenga blei innførte for over tretti år sidan, betyr heller ikkje like mykje i ei tid der ungdomskulla blir mindre og det er om å gjere å nytte kompetansen i samfunnet best mogleg.

Tilleggspoeng for diverse aktivitetar

Tilleggspoenga er eit insentiv til å skaffe seg andre erfaringar eller annan kompetanse før ein eventuelt søker seg til høgare utdanning. At søkarar opparbeider seg ulik erfaring og kompetanse, kan vere positivt for både den enkelte og samfunnet. Samtidig er det vanskeleg å grunngi kvifor visse typar erfaring eller kompetanse er meir nyttige eller eigna enn andre. Ordninga med tilleggspoeng kan derfor bli oppfatta som urettferdig ved at enkelte typar erfaringar blir påskjønte, medan andre erfaringar, som kan vere minst like nyttige eller verdfulle, ikkje gjer det. Det kjem stadig ønske om å innføre nye poeng for andre aktivitetar, noko høyringsrunden til rapporten frå opptaksutvalet òg viser. Men å innføre fleire nye tilleggspoeng er ikkje ønskeleg, for då vil poenga miste sin verdi.

På same måte som alderspoenga bidreg tilleggspoenga for diverse aktivitetar til at søkarane blir eldre; dei fungerer med andre ord som eit insentiv til å utsette studiestart.

Ut frå tala på omfanget av tilleggspoeng ser vi dessutan at ein stor del av søkarane som får tilbod om studieplass gjennom den ordinære kvoten, har eitt av tilleggspoenga. Hensikta med og effekten av tilleggspoeng i opptaket blir viska ut når så mange har eitt av poenga.

Tilleggspoeng for militær førstegongsteneste

Regjeringa meiner at tilleggspoenga for militær førstegongsteneste står i ei særstilling. I mandatet til opptaksutvalet blir det vist til Prop. 2 S (2017–2018) Videreutviklingen av Hæren og Heimevernet – Landmaktproposisjon, og at det skal vurderast om, og eventuelt korleis, opptaksregelverket kan vareta dei vernepliktige. Ifølge mandatet skulle opptaksutvalet òg legge til rette for at Forsvaret og Tillitsvaldordninga i Forsvaret kunne legge fram synspunkta og problemstillingane sine for utvalet.

Gjennomføring av førstegongstenesta er noko staten pålegg den enkelte borgaren ved lov, og fører til at mange unge får ein utsett start på studietida. Teneste i Forsvaret kan i dag innebere at studiestarten blir utsett med så mykje som to år, og kanskje endå meir når Forsvaret framover vil nytte 16 månaders førstegongsteneste i større grad.

Regjeringa er oppteken av at ulempene ved å måtte gjennomføre førstegongstenesta skal vere minst mogleg. Dette gjeld spesielt i dagens geopolitiske og tryggingspolitiske situasjon. Tilleggspoenga for førstegongstenesta støttar opp under det viktige samfunnsoppdraget til Forsvaret ved å gjere verneplikta meir anerkjend og dermed gjere den enkelte meir motivert for tenesta.

Tilleggspoenga er ein faktor som knyter personar med høgare utdanning til Forsvaret. Den største delen av det disponible personellet til Forsvaret er såkalla reservistar. Reservistar er tenestepliktige personar som har gjennomført førstegongstenesta, og som har det daglege og primære virket sitt i det sivile livet, men som har ein funksjon i Forsvarets struktur ved krise og krig. Reservistane tilfører Forsvaret nyttig kompetanse frå det sivile virket sitt, ikkje minst dei som har teke høgare utdanning etter førstegongstenesta.

På bakgrunn av dette meiner regjeringa at tilleggspoeng for militær førstegongsteneste bør vidareførast. Samtidig vil ei avvikling av dei andre tilleggspoenga, for alder og andre aktivitetar, føre til at tilleggspoenga for førstegongsteneste får ein auka effekt på den endelege poengsummen søkarane kan opparbeide seg i opptaket. For at tilleggspoenga for førstegongsteneste ikkje skal slå uforholdsmessig sterkt ut på poengsummen, foreslår regjeringa å redusere dei frå to poeng til eitt poeng. Eitt tilleggspoeng vil ha mykje å seie i opptaket når dei andre tilleggspoenga blir avvikla.

Opptaksutvalet skisserer at det er ei ulempe at førstegongsteneste og studiestart ikkje er synkroniserte, og at dagens ordning med reservasjon av studieplass i opptil to år ikkje er treffsikker nok. Reservasjon av studieplass er ei ordning som er regulert i lokale forskrifter ved utdanningsinstitusjonane, og regjeringa kan ikkje utvide denne ordninga utan først å fastsette nasjonale reservasjonsreglar. Ved reservasjon gjennom dei lokale reglane må søkaren søke på den reserverte studieplassen på nytt etter avtent førstegongsteneste, men er då garantert å få plassen.

I 2022 blei det innført nasjonale reglar om permisjon frå studium i universitets- og høgskulelova, som inneber at studentar har rett til permisjon i samband med førstegongstenesta.24 Retten til permisjon gjeld frå ein student har fått opptak til det aktuelle studiet, og så lenge behovet tilseier det. Ved permisjon beheld vedkomande studieretten og treng ikkje å søke på studieplassen på nytt etter avtent førstegongsteneste. Retten til permisjon etter universitets- og høgskulelova er ei betre ordning enn retten til reservasjon etter dei lokale forskriftene. Regjeringa meiner derfor at det ikkje er behov for å utvide ordninga med reservasjon av studieplass.

Siviltenesta blei avvikla i 2012, og det er dermed ikkje mogleg å opparbeide seg poeng for sivilteneste lenger. Desse poenga blir dermed mindre og mindre relevante i opptaket. Regjeringa meiner likevel at det er viktig å kompensere dei som tente landet gjennom siviltenesta, til liks med den militære førstegongstenesta. Høvet til å få tilleggspoeng for gjennomført sivilteneste blir derfor ført vidare, med dei same føresetnadene som for tilleggspoeng for militær førstegongsteneste.

Regjeringa vil

  • avvikle tilleggspoeng for alder, høgare utdanning, fagskuleutdanning og folkehøgskule

  • vidareføre tilleggspoeng for militær førstegongsteneste og sivilteneste, men redusere talet på tilleggspoeng frå to til eitt

3.2.4 Forbetring av karakterar

Opptaksutvalet held fram forbetring av karakterar som ei utfordring ved dagens system som forseinkar studiestarten for mange studentar. Samtidig viser tala at fleirtalet av privatistane er førstegongsprivatistar, og at talet på privatisteksamenar går ned.

Tal frå Utdanningsdirektoratet for privatisteksamenar i skuleåret 2022–2023 viser ein kraftig nedgang frå året før, særleg blant forbetringsprivatistar.25 Det blei teke over 9 000 færre forbetringsprivatisteksamenar i 2022–2023 samanlikna med året før, ein nedgang på over 30 prosent.

Det blei teke rundt 102 400 privatisteksamenar i skuleåret 2022–2023. Av desse blei 82 700 tekne av førstegongsprivatistar, medan om lag 19 700 blei tekne av forbetringsprivatistar. Det vil seie at berre 20 prosent av alle privatisteksamenane blei tekne av forbetringsprivatistar. Det er i følge Utdanningsdirektoratet også lik at 84 prosent av forbetringsprivatistane ønsker å forbetre ein karakter mellom 2 og 4, medan resten, altså 16 prosent, ønsker å forbetre ein femmar. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser óg at om lag 60 prosent av alle privatistane tek berre éin eksamen.

Våren 2023 gjorde SSB tre analysar av høvesvis privatistar som søker seg til studium med nivåkrav, privatistar som søker seg til studium med høge poenggrenser, og personar som er privatistar i meir enn eitt år.26 Utvalet i desse analysane var privatistar i skuleåra 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021. Det vil seie at analysane ikkje fangar opp nedgangen i talet på privatistar dei siste to skuleåra. Her er nokre funn frå analysane:

  • Rundt 3 000 forbetringsprivatistar søker årleg studium med nivåkrav (til dømes sjukepleiarutdanning, lærarutdanning, ingeniørutdanning ved NTNU). Omkring halvparten av dei søker sjukepleiarutdanninga.

  • Blant søkarane til lærarutdanning og sjukepleiarutdanning er det høvesvis 40 og 30 prosent som ikkje klarer nivåkrava og derfor ikkje blir kvalifiserte til studia.

  • Blant dei som klarer krava og blir kvalifiserte, er det over 60 prosent av søkarane til sjukepleiarutdanninga som ikkje får tilbod om plass.27

  • Av dei som søkte seg til høgare utdanning i dei tre skuleåra 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021, var det i underkant av 3 000 personar (til saman for alle tre åra) som hadde prøvd å forbetre karakterar frå VGO i meir enn eitt år.

  • 10 prosent av desse hadde vore privatistar tre år på rad.

  • Dei vanlegaste faga denne gruppa ønskte å forbetre karakteren i, var matematikk og norsk, og dei søkte oftast sjukepleiarutdanninga, medisinutdanninga eller master i rettsvitskap.

På bakgrunn av desse tala vurderer regjeringa det slik at høvet til å forbetre karakterar ikkje i seg sjølv er noko som forseinkar studentar flest.

Konsekvensar av å avvikle moglegheita for karakterforbetring

Opptaksutvalet foreslår å fjerne høvet til å forbetre karakterar etter VGO. Privatisteksamen er ein eksamen i fylkeskommunal regi som ein kan ta for å dokumentere kompetanse i eit fag ein ikkje er elev i. Sjølv om ein avgrensar kor mange karakterforbetringar éin person kan gjere, er det er viktig å merke seg at dette ikkje vil påverke privatistordninga i stor grad, verken når det gjeld finansiering eller dimensjonering. Det vil òg berre i avgrensa grad påverke moglegheitene for å tilby opplæring til privatisteksamen i den private marknaden. Det er fordi fleirtalet av privatistane tek fag for første gong og ein god del av dei er vaksne som skal ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidatar. Desse eksamenane vil fylkeskommunen uansett måtte gjennomføre og finansiere.

Mandatet til opptaksutvalet inkluderte ikkje å greie ut konsekvensar for VGO, men endringane som blir foreslått, vil ha store konsekvensar for elevar i VGO og vil påverke åtferda deira når det gjeld val av utdanningsprogram, fag og strategi for gjennomføring. Dette har regjeringa lagt vekt på.

Regjeringa meiner det er nødvendig å ha ein «sikringsventil» i systemet, slik at ikkje ein dårleg dag på ein eksamen eller uventa hendingar stenger dører for framtida. Slik regjeringa vurderer det, er moglegheita til å forbetre karakterar ein meir rettferdig sikringsventil enn ei opptaksprøve. Karakterforbetring er òg føreseieleg, all den tid elevane kjenner faga frå før. Regjeringa meiner dessutan at prosessen med å forbetre ein karakter i eit enkeltfag kan innebere reell læring for eleven. Det er uklart om ei opptaksprøve vil ha same effekt.

Det er eit alternativ å sjå på om det er mogleg å avgrense kor mange forbetringar kvar enkelt kan gjere, men dette vil òg ha ein kostnad, ettersom det ikkje er mogleg å registrere talet på forbetringar ein har gjort, i dagens system. Det vil heller ikkje bidra til å forenkle opptakssystemet. Regjeringa vurderer at dette ikkje er hensiktsmessig eller nødvendig.

Det kan vere eit alternativ å sjå på eigne grep for dei utdanningane der det er ein stor mengde søkarar og poenggrensene er kunstig høge. Les om lokale opptaksprøver ved studium med stor konkurranse i delkapittel 3.2.5.

Dersom ein fjernar moglegheita til å forbetre karakterar og innfører ei nasjonal opptaksprøve, vil det kunne ha negativ effekt på skulemiljøet og den psykiske helsa til elevane. Det er stor risiko for at karakterpresset aukar når elevane ikkje har høve til å forbetre karakterar etter VGO, og at det kan gi seg særlege utslag hos spesielt sårbare elevgrupper.

Prøver og testar som er viktige for elevane, har ein såkalla «washback-effekt», altså at innhaldet i desse prøvene og kva dei testar, vil påverke korleis og kva ein underviser i skulen.28 Det reiser spørsmål om forholdet mellom læreplanane for VGO og ei eventuell opptaksprøve.

Det er grunn til å tru at dersom ein innfører ei opptaksprøve og fjernar moglegheita for karakterforbetring etter VGO, vil det kunne auke presset på vurderingssituasjonane i VGO, spesielt på settinga av standpunktkarakterar. Det meiner regjeringa er uheldig. Det er òg slik at elevane frå hausten 2024 har rett til å få opplæring til dei har bestått VGO, den såkalla fullføringsretten. Det er ikkje ønskeleg å skape insentiv til å bruke meir tid i VGO og ta færre fag kvart år, noko det å fjerne moglegheita til å forbetre karakterar vil kunne bidra til.

Mange av elevane som treng høge poengsummar for å kome inn på studia dei ønsker opptak til, vel fag strategisk. I ein situasjon der ein ikkje kan forbetre karakterar, men berre legge til karakterar i fag ein treng for å kome inn på visse studium, kan detoppstå eit insentiv til å ta realfag som privatistetter VGO. Dette kan på sikt få negative konsekvensar mellom anna for realfagsmiljøa i VGO, og det vil sannsynlegvis ikkje ha ein utjamnande effekt på sosioøkonomiske forskjellar.

Basert på ei samla vurdering av konsekvensane, og regjeringa sitt mål om at søkarar skal kunne få nye sjansar, vil regjeringa vidareføre moglegheita til å forbetre karakterar som i dag.

Regjeringa vil

  • vidareføre moglegheita til å forbetre karakterar på vitnemål frå vidaregåande opplæring

3.2.5 Opptaksprøver

Nasjonal opptaksprøve

Regjeringa meiner det er lite aktuelt å innføre ei nasjonal rangerande opptaksprøve så lenge det framleis blir mogleg å forbetre karakterar. Formålet med ei nasjonal opptaksprøve, basert på forslaget frå opptaksutvalet, vil vere å erstatte forbetring av karakterar ved privatisteksamen. Dersom søkarar framleis kan forbetre karakterar som i dag, vil behovet for ei opptaksprøve i stor grad falle bort.

Opptaksprøva utvalet foreslo, var ikkje skildra detaljert, og det er derfor opent korleis ho ville blitt utforma, organisert og gjennomført. Moglegheita til å vurdere effektar og konsekvensar det å innføre ei opptaksprøve kan ha for opptaket, er dermed avgrensa. Ikkje minst vil det ved innføring av ei opptaksprøve vere behov for å sjå nærare på kva effektar ho kan ha for heile utdanningssystemet, inkludert vidaregåande opplæring.

Kunnskapsdepartementet har innhenta vurderingar frå HK-dir om innføringa av ei opptaksprøve. HK-dir tek fleire atterhald om at rammene for prøva ikkje er bestemte, men vurderer det slik at ei innføring vil krevje omfattande ressursar og ta lang tid.29 Ifølge anslaga må ein òg rekne med at det å utvikle ei prøve vil vere kostbart og krevje eit betydeleg antal årsverk. I tillegg kjem kostnadar til å gjennomføre prøva.

Det beste grunnlaget for å seie noko om effektane av ei opptaksprøve vil vere erfaringar frå det svenske högskoleprovet.

Det er mogleg ei nasjonal opptaksprøve kunne blitt innført raskare og enklare om ein tok i bruk ei prøve lik den svenske, i samarbeid med svenske styresmakter. Men HK-dir vurderer at det per i dag ikkje er grunn til å tilrå å gå for ei prøve som er svært lik den svenske.30 Eit argument for dette er at det norske og det svenske utdanningssystemet ikkje er like, og at ei norsk prøve må vere tilpassa det norske systemet. Eit anna argument er at Sverige og Noreg er ulike samfunn kulturelt, historisk og politisk, noko som òg har mykje å seie for utforminga av ei prøve. Den svenske prøva har dessutan eksistert i over femti år, og ein kan sjå føre seg at ho også i Sverige ville blitt utforma på ein annan måte i dag. I tillegg kan det vere opphavsrettslege spørsmål knytte til å ta over og drifte ei svensk prøve.

Ei opptaksprøve kunne hatt nokre positive konsekvensar. Ho kunne gjort det enklare å rangere søkarar som i dag ikkje blir poengberekna på bakgrunn av karakterar frå ordinær vidaregåande opplæring, til dømes realkompetansesøkarar og søkarar med fagskuleutdanning eller utdanning frå utlandet. Men dei positive konsekvensane er ikkje store eller sikre nok for å gi grunnlag til å innføre ei nasjonal opptaksprøve. Regjeringa går derfor ikkje inn for å innføre ei nasjonal opptaksprøve no. Regjeringa vil samle erfaringar med lokale opptaksprøver og vurdere behovet for ei nasjonal opptaksprøve på nytt, etter at ein ser effektane av dei andre endringane i opptaksregelverket.

Lokale opptaksprøver

Dagens ordning med lokale opptaksprøver er avgrensa og blir hovudsakleg brukt til studium der det er særleg grunngitt, som kunstutdanningar eller arkitektutdanning. Det finst òg fleire døme på bruk av opptaksprøver til høgare grads studium.

Regjeringa meiner at det er gode grunnar til å utvide ordninga med lokale opptaksprøver. Institusjonane kan til dømes få eit verktøy for å rangere dei best kvalifiserte søkarane på studium med stor konkurranse om plassane. Regjeringa legg til grunn at institusjonane vil vurdere å innføre lokale opptaksprøver for fleire av denne typen studium. Som del av ei slik ordning vil det bli opna for at institusjonane kan avgrense kven som får moglegheit til å ta lokale opptaksprøver, for å sikre at ressursbruken ikkje blir for stor.

Regjeringa vil

  • sjå på tiltak for å etablere fleire lokale opptaksprøver for å rangere søkarane ved studium med stor konkurranse om plassane og høge poenggrensar, i dialog med institusjonane

  • vurdere behovet for ei nasjonal opptaksprøve når ein ser effektane av dei andre endringane i opptakssystemet

3.2.6 Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote

Kvoten for førstegongsvitnemål skal sørge for at yngre søkarar kjem raskare i gang med høgare utdanning. Regelen fungerer stort sett etter intensjonen ved at dei aller fleste studium der det er konkurranse om plassane, har høgare poenggrenser i den ordinære kvoten enn i kvoten for førstegongsvitnemål. Regjeringa meiner det er eit viktig mål å sørge for at unge søkarar kjem raskt i gang med utdanninga si. Sidan det ikkje er planlagt å innføre ei opptaksprøve, trengs det ikkje ein eigen kvote for søkarar som ville blitt rangert etter den.

Kvoten for førstegongsvitnemål er i dag på 50 prosent. I tråd med målet om at søkarar skal kome raskare i gang med høgare utdanning, meiner regjeringa at det er grunnlag for å sjå på om han bør bli større. Dette vil føre til at fleire søkarar kan kome inn i høgare utdanning med førstegongsvitnemålet. Kunnskapsdepartementet vil i det vidare arbeidet med opptaksregelverket vurdere kor mykje større kvoten bør bli. I samband med dette, vil departementet òg vurdere om det er behov for endringar i aldersgrensa og namnet på kvoten.

Regjeringa vil

  • halde fram med ein førstegongsvitnemålskvote og ta sikte på å gjere kvoten større, samt vurdere om det er behov for endringar i aldersgrensa og namnet på kvoten

3.2.7 Dobbeltrangering

Som omtalt i kapittel 2 om kvalifisering foreslår regjeringa å fjerne praksiskravet i 23/5-regelen, sidan dei aller fleste søkarane uansett tilfredsstiller dette kravet og universiteta og høgskulane bruker mykje ressursar på å kontrollere dokumentasjon. I staden ønsker regjeringa ein 23/6-regel, der talet 6 viser til kor mange fag søkarane må ha bestått, tilsvarande forslaget frå opptaksutvalet. 23/5-regelen er med på å drive opp poenggrensene i den ordinære kvoten. Sidan eldre søkarar med vitnemål frå VGO og som kan dokumentere praksis blir dobbeltrangert, kan dei velje å ta faga som inngår i regelen, som privatistar. Regjeringa vil fjerne denne moglegheita. Slik blir 23/6-regelen avgrensa til berre å vere ein måte for søkarar utan GSK å bli kvalifiserte på, og ikkje ein måte for søkarar med GSK til å unngå å måtte bruke heile vitnemålet på.

Denne endringa vil kunne bidra til lågare poenggrenser i den ordinære kvoten ved studium med stor konkurranse, sidan det ikkje lenger bli mogleg å ta opp berre faga som inngår i 23/6-regelen, for søkarar som allereie har vitnemål med studiekompetanse frå VGO. Det kan føre til at færre vil ta privatisteksamen. Endringa vil òg forenkle saksbehandlinga i opptaket.

Regjeringa vil

  • avvikle moglegheita for å rangere søkarar på fleire grunnlag

3.3 Spesielle kvotar

3.3.1 Dagens regelverk

Opptaksforskrifta opnar i dag for positiv særbehandling av enkelte grupper av søkarar, både gjennom tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønn (kjønnspoeng) og gjennom kvotering av søkarar som fyller nærare fastsette kriterium. Eit døme på det sistnemnde er spesiell kvote for søkarar med minoritetsbakgrunn. I tillegg opnar forskrifta for ei kvotering av søkarar med ei nærare bestemt geografisk tilknyting (regionale kvotar). Innanfor regionale kvotar er det òg sett av kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse.

Dagens regelverk om spesielle kvotar

Kunnskapsdepartementet kan fastsette spesielle kvotar for enkelte studium ved ein institusjon når særskilde forhold gjer dette ønskeleg, jf. opptaksforskrifta § 7-3. Ein spesiell kvote inneber at eit visst antal studieplassar er sett av til søkarar som fyller fastsette kriterium for kvoten. Dersom kvoteplassane ikkje blir fylte opp, sørger opptakssystemet for at plassane blir tilgjengelege for alle søkarar (såkalla kvoteflyt). Det er ikkje omtalt i forskrifta kva slags spesielle kvotar som finst i dag, det kjem fram av det årlege rundskrivet til forskrifta.31

Dagens regelverk om kjønnspoeng

Institusjonane har ei plikt til å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering, slik likestillings- og diskrimineringslova krev. Eit vidare mål er at tiltaka skal gi betre kjønnsbalanse i arbeidsmarknaden. Blir det oppnådd betre kjønnsbalanse på studiet, kan dette òg tiltrekke seg fleire søkarar av begge kjønn.

Det er ingen spesielle kvotar for kjønn i dag. Det følger av opptaksforskrifta § 7-9 at departementet, for å jamne ut forskjellar og oppnå meir likestilling mellom kjønna, kan fastsette at søkarar av det kjønnet som er underrepresentert på eit studium, kan få inntil to tilleggspoeng. Universitet og høgskular som har utfordringar med kjønnsbalansen på eit studium, kan såleis i dag søke departementet om å bruke kjønnspoeng ved opptaket til det konkrete studiet. Det følger ikkje av opptaksforskrifta kva slags studium som har kjønnspoeng i dag, det kjem fram av det årlege rundskrivet til forskrifta.

Dagens kvotar

Det største talet på eksisterande spesielle kvotar finn vi ved Universitet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT), som har hatt kvotar for søkarar frå Nord-Noreg32 sidan rett etter opprettinga av universitetet i 1968. Hensikta med kvotane følger av grunnlaget for å opprette universitetet: å sikre den nordlege delen av landet betre tilgang til høgare utdanning, og å sikre rekruttering til landsdelen. Krava ein må oppfylle for å bli rangert i nordnorsk kvote, og kvotestorleikane er omtalte i boks 3.2. Det er òg sett av studieplassar til søkarar med samisk språkkompetanse. Sjå boks 3.3 for ei nærare oversikt.

Boks 3.2 Regionale kvotar for Nord-Noreg

Ein søkar kan dokumentere nordnorsk tilknyting med ein bustadattest. Den skal vise at søkaren har budd i Nord-Noreg dei siste ti åra, og framleis bur i landsdelen. For å dokumentere tilknytingen spesifikt til Nord-Troms eller Finnmark må søkaren ha bustadattest derfrå. Har søkaren ikkje budd i Nord-Noreg dei ti siste åra, kan søkaren framleis konkurrere i kvoten dersom han eller hun kan dokumentere minst tre av følgande punkta:

  • fullført vidaregåande opplæring i Nord-Noreg med vitnemål eller fag- eller sveinebrev

  • vitnemål frå grunnskuleopplæring i Nord-Noreg

  • bustadadresse i Nord-Noreg i minst ti år

  • at minst éin av foreldra bur og har budd i Nord-Noreg dei siste ti åra

  • at mor budde i Nord-Noreg då søkaren blei fødd

Ved UiT finst det i studieåret 2023–2024 følgande kvotar for søkarar med nordnorsk tilknyting:

  • helsefaglege profesjonsstudium (sjukepleie, fysioterapi, tannpleie, bioingeniørfag og radiografi): 80 prosent av studieplassane,

  • ernæring: 60 prosent av studieplassane

  • ergoterapi: 50 prosent av studieplassane

  • farmasi: 50 prosent av studieplassane

  • medisin: 60 prosent av studieplassane – av desse er åtte plassar reservert søkarar frå Nord-Troms og Finnmark

  • odontologi: 60 prosent av studieplassane

  • paramedisin: 50 prosent av studieplassane

  • psykologi (profesjon): 60 prosent av studieplassane

  • rettsvitskap: 67 prosent av studieplassane

  • teknologiske fag (integrert master): 50 prosent av studieplassane

Andre spesielle kvotar er til dømes kvote for søkarar med interkulturell/internasjonal erfaring på eit studium i sosialt arbeid ved Noregs teknisk-naturvitskaplege, og kvote for søkarar med minoritetsbakgrunn på eit studium i journalistikk ved OsloMet – storbyuniversitetet.

Forslaget frå opptaksutvalet

Opptaksutvalet omtalte bruken av spesielle kvotar ved opptak til høgare utdanning. Utvalet var delt i vurderingane og forslaga sine når det gjaldt både vidareføring og utvida bruk av spesielle kvotar. Utvalet var berre samla om å føre vidare dagens ordning med spesielle kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse. Eit fleirtal i utvalet foreslo å føre vidare kvotar for søkarar med tilknyting til Nord-Noreg og opne for bruk av kvotar for kjønn på studium med stor kjønnsubalanse. Mindretalet var usamde i bruken av regionale kvotar og innføringa av kjønnskvotar og peikte på at alle skal ha like høve til å ta høgare utdanning, og at val av utdanning skal styrast av evner og ønske, ikkje av bakgrunn.

Boks 3.3 Kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse

Nokre lærestadar har studium med kvotar for søkarar med samisk tilknyting. Ein søkar kan dokumentere samisk tilknyting med eitt av følgande punkt:

  • samisk som første- eller andrespråk i vidaregåande opplæring

  • vitnemål frå grunnskulen som viser samisk som første- eller andrespråk

  • 60 studiepoeng eller eit semesteremne i samisk som morsmål frå universitet eller høgskule.

Ved Høgskolen i Innlandet finns det følgande kvote reservert for samiske søkarar:

  • bachelor i TV-teknikk: to studieplassar

Ved NMBU finst det følgande kvote reservert for samiske søkarar:

  • veterinærstudiet: ein studieplass

Ved UiT finst det følgande kvotar reserverte for samiske søkarar:

  • akvakultur, fiskerifag og fiskehelse: éin studieplass

  • farmasi: inntil to studieplassar

  • ergoterapi: ti prosent av studieplassane innanfor kvoten for nordnorske søkarar

  • helsefaglege profesjonsstudium: (sjukepleie, fysioterapi, tannpleie, bioingeniørfag og radiografi): ti prosent av studieplassane innanfor kvoten for nordnorske søkarar.

  • medisin: inntil seks studieplassar

  • paramedisin: inntil to studieplassar

  • psykologi (profesjon): inntil to studieplassar

  • odontologi: inntil to studieplassar

  • rettsvitskap: tre studieplassar

  • ernæring: inntil to studieplassar

  • teknologiske fag (integrert master): fem prosent av studieplassane

  • vernepleie: inntil to studieplassar

Heile utvalet var samd om å avvikle ordninga med kjønnspoeng, men med ulik grunngiving. Fleirtalet meinte at kjønnspoeng ikkje var eit effektivt nok verkemiddel, medan mindretalet vurderte kjønnspoeng på same måte som forslaget om å innføre kjønnskvotar.

Utvalet peikte på at mange studium har ei skeiv kjønnsfordeling. Det kjem delvis av preferansane til søkarane og delvis av at det er ei overvekt av kvinnelege søkarar generelt. Fleirtalet i utvalet meinte at forskjellsbehandling kan forsvarast ut frå omsynet til dei som skal møte desse personane når dei er ferdig utdanna.

3.3.2 Vurderingane og tiltaka til regjeringa

Offentleg finansierte studieplassar er eit gode som i utgangspunktet bør vere mest mogleg tilgjengeleg for alle. Konkurransen om studieplassane bør skje på mest mogleg like vilkår og baserast på element ein kan påverke gjennom eigen innsats. Alle skal ha like høve til å ta høgare utdanning, og val av utdanning bør styrast av evner og ønske, ikkje av bakgrunn. Når særlege forhold gjer det nødvendig, kan likevel Kunnskapsdepartementet fastsette spesielle kvotar for enkelte utdanningar. Slik kvotering er ei form for positiv særbehandling som må vere innanfor gjeldande regelverk for å vere lovleg.

Regjeringa viser til at Grunnlova33 i 2014 blei supplert med ei rekke menneskerettar. Likskapsprinsippet og ikkje-diskrimineringsprinsippet blei tekne inn i Grunnlova § 98. Første ledd lyd «[a]lle er like for lova», medan andre ledd presiserer at «[i]kkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling.»

Vernet mot diskriminering i § 98 er, etter ordlyden, ikkje knytt til eitt bestemt diskrimineringsgrunnlag, men forma ut som eit generelt forbod mot all usakleg eller uforholdsmessig forskjellsbehandling. Formålet med eit generelt forbod er å sikre at det dekker all diskriminering som openbert er usakleg og har samanheng med vesentlege forhold ved ein person.34 Føresegna er ei kodifisering av gjeldande rett og inneber at «[…]lovgiver ikke vil ha adgang til å gi privilegier til enkelte personer eller grupper i samfunnet». Samtidig presiserte kontroll- og konstitusjonskomiteen at føresegna er meint som eit «tolkningsprinsipp for rettsanvendere mer enn som en skranke for lovgiver».

Diskrimineringsgrunnlag er forhold ved ein person som det er ulovleg å diskriminere på grunn av. Det er forbode å diskriminere nokon på grunn av mellom anna

  • kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel og adopsjon, omsorgsoppgåver

  • etnisitet, religion og livssyn

  • funksjonsnedsetting

  • seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

  • alder

Dette følger av formålet med likestillings- og diskrimineringslova35 § 6, jf. § 1.

Grunnlova § 109 andre ledd seier at «[d]ei statlege styresmaktene skal sikre […] likt høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar». Tilgang til høgare utdanning er av grunnleggande betydning både for det vidare livet til den enkelte og for samfunnet.

Når styresmaktene er pålagde å sikre like høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar, handlar det mellom anna dette om å gi alle like moglegheiter til å ta utdanning, uavhengig av eventuelle personlege utfordringar eller den økonomiske bakgrunnen til den enkelte. Dette blir sikra gjennom universell utforming, individuell tilrettelegging og økonomisk bistand gjennom Lånekassa. Utan sakleg grunngiving kan det ikkje diskriminerast på grunnlag av kjønn, etnisitet eller andre personlege særdrag ved tildeling av studieplassar.

Å gi nokon ein fordel andre ikkje får, byggjer på ei erkjenning av at forbod mot diskriminering ikkje er nok i seg sjølv til å oppnå reell likestilling. I Ot.prp. nr. 77 (2000–2001) kapittel 7.2 blei dette uttrykt slik når det gjeld likestilling mellom kjønn:

Her står en således overfor to uforenlige målsetninger og må ta et valg. I enkelte situasjoner vil det imidlertid framtre som mer ønskelig ut fra et samlet syn å sikre en mer likelig fordeling av kjønnene enn å sikre full rettferdighet for enkeltindividet.

Bruk av spesielle kvotar inneber ei forskjellsbehandling av søkarar. Det følger som nemnt av Grunnlova § 98 at usakleg og uforholdsmessig forskjellsbehandling er forboden. Forskjellsbehandling som har eit sakleg formål, som er nødvendig for å oppnå formålet, og som ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor dei som blir forskjellsbehandla, er likevel lov. Om det kan brukast kvotar for kjønn eller minoritetar ved opptak til høgare utdanning, må vurderast med utgangspunkt i likestillings- og diskrimineringslova § 11. Når det gjeld handlingsrommet for vidareføring av regionale kvotar, må ein ta omsyn til EØS-retten og dei fire fridommane.

Kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse

Kvotane for søkarar med samisk språkkompetanse gjeld søkarar som har kompetanse innanfor lulesamisk, nordsamisk eller sørsamisk. Desse språka har vern etter del III i minoritetsspråkpakta.36 Alle språk som er omfatta av minoritetsspråkpakta, har rettar etter del II i pakta. Føresegnene i del III er meir omfattande og har meir detaljerte reglar for mellom anna utdanning, rettsvesen, offentleg forvaltning, media og kultur.

Ifølge UNESCO er nordsamisk rekna som eit trua språk, medan lulesamisk og sørsamisk er rekna som alvorleg trua språk. Samane har ei spesiell rettsleg stilling i Noreg. Grunnlova § 108 omhandlar pliktene staten har overfor samane i Noreg. Føresegna pålegg staten å legge forholda til rette for at den samiske folkegruppa kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt. Regjeringa legg derfor til grunn at bruk av kvotar ved opptak for søkarar med samisk språkkompetanse kan førast vidare med omsyn til å verne om urfolks rettar og vidare eksistens, der språk er ein viktig del. Slik kvote er òg i tråd med Noregs internasjonale forpliktingar, under dette FN-konvensjonenom økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK). Det er behov for at det blir utdanna samisktalande yrkesutøvarar i mange yrke, slik at samiskspråklege kan bruke språket når dei er i kontakt med til dømes helsevesenet og skulen. Kvotane for samiske søkarar sørger for at søkarar med samisk språkkompetanse får eit visst antal plassar.

Sametinget har gitt innspel om at det er behov for å sjå på vilkåra for opptak i kvoten for søkarar med samisk språkkompetanse, for å sikra at kvoten blir brukt for søkarar som er funksjonelt samiskspråklege. Vidare har Sametinget gitt innspel om at rekkefølga på opptak i og utanfor kvoten bør vurderast slik at kvoten ikkje berre sikrar opptak av ein minimumsdel søkarar med samisk språkkompetanse, men sørger for eit ekstra tal samiskspråklege studentar ved utdanningane som har kvotar, utover dei som uansett konkurrerer seg inn. Sametinget meiner òg at storleiken på kvotane bør vurderast, då storleiken ikkje har auka i takt med auken av studieplassar på enkelte studium. Regjeringa har som mål å auka samisk språkkompetanse i samfunnet, og er opptekne av at spesielle kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse bidreg til dette. Regjeringa vil i arbeidet med ny opptaksforskrift vurdere om det skal gjerast endringar i kvoten for søkarar med samisk språkkompetanse for at kvoten skal bli eit betre verkemiddel for å auka samisk språkkompetanse i samfunnet.

Kvotar for kjønn

Kjønnsforskjellen i høgare utdanning kjem i hovudsak av at fleire kvinner enn menn søker opptak til studium ved universitet og høgskular. For studium med stor konkurranse om studieplassane er det òg høg grad av samanheng mellom delen kvalifiserte søkarar og tilbod fordelte på kjønn. Kjønnsforskjellane i utdanningssystemet oppstår tidleg og kan mellom anna sjåast i at det er fleire jenter enn gutar som søker seg til studieførebuande utdanningsprogram i VGO. Dette legg føringar for kven som får opptak til høgare utdanning, noko som igjen forplantar seg i arbeidslivet. I dag er det rundt 60 prosent kvinner og 40 prosent menn i høgare utdanning. Statistikk viser òg at kvinner gjennomfører høgare utdanning i større grad enn menn gjer, noko som forsterkar konsekvensane av den skeive kjønnsfordelinga.37 På enkelte studium er det ein klar overrepresentasjon av menn, medan det på andre studium er ein klar overrepresentasjon av kvinner. Dette resulterer i at den allereie kjønnsdelte arbeidsmarknaden vi har i dag, held fram med å vere kjønnsdelt. Skal ein få fleire menn eller kvinner inn på studium der det er ujamn kjønnsfordeling, må fleire av det underrepresenterte kjønnet søke seg til desse utdanningane.

Kjønnsubalansen heng primært saman med preferansane til søkarane, slik det er omtalt i rapporten Kjønnsdelte utdannings- og yrkesvalg: En kunnskapsoppsummering frå Institutt for samfunnsforsking (2019).38 Rapporten viste mellom anna til at sjølv om kjønnsdelinga på arbeidsmarknaden har blitt mindre dei siste tiåra, er den norske arbeidsmarknaden framleis svært kjønnsdelt. Kjønnsdelinga på arbeidsmarknaden forklarer nesten halvparten av kjønnsforskjellane i lønn og er òg tett knytt til arbeidstid, arbeidsvilkår og karriereutvikling. Rapporten viser òg til at gutar i gjennomsnitt gjer det betre i tekniske og numeriske fag enn i teoretiske fag og språkfag, medan jenter i gjennomsnitt gjer det betre i teoretiske fag og språkfag enn i tekniske og numeriske fag. Men gutar og jenter med same akademiske styrkane vel likevel ikkje likt. Spesielt har jenter ein tendens til å velje bort tekniske karrierar, sjølv når dei gjer det betre i tekniske og numeriske fag enn i teoretiske fag og språkfag.

Trass i at studenttala endrar seg frå år til år, endrar kjønnsbalansen i studentmassen seg lite over tid. Fordelinga av kvinner og menn på fagområda i norsk høgare utdanning er stabil over tid.39 Dei tre største faga dei siste åra har vore økonomisk-administrative fag, der kvinner utgjer litt over halvparten av studentane, pleie- og omsorgsfag der kvinner utgjer 85 prosent av studentane, og informasjons- og datateknologi der menn utgjer rundt tre firedelar av studentgruppa. Rundt ein tredel av alle kvinnelege studentar tek faga barnehagelærarutdanning, pleie og omsorg, lærarutdanning (grunnskulelærar, pedagogikk, vidareutdanning for lærarar), psykologi og sosialfag. Overrepresentasjon av kvinner i dei største kvinnedominerte faga står for nesten tre firedelar av kjønnsforskjellen.40

Eventuelle tiltak for å få ein betre kjønnsbalanse, må vurderast opp mot det juridiske handlingsrommet som følger av likestillings- og diskrimineringslova. Likestillings- og diskrimineringslova (ldl.) § 6 inneheld eit alminneleg diskrimineringsforbod mot å diskriminere på grunn av mellom anna kjønn. Med diskriminering sikter ein til direkte og indirekte diskriminering som ikkje er lovleg etter lova §§ 9, 10 eller 11, jf. § 6 fjerde ledd. Ldl. § 9 gjeld forskjellsbehandling som er sakleg, nødvendig og forholdsmessig, og § 10 inneheld ei særskild føresegn om lovleg forskjellsbehandling på grunn av graviditet, fødsel, amming og permisjon ved fødsel eller adopsjon. Positiv særbehandling følger av ldl. § 11 og er berre tillate dersom

  1. særbehandlinga er eigna til å fremme formålet med lova

  2. det er eit rimeleg forhold mellom formålet ein ønsker å oppnå og kor inngripande særbehandlinga er for den eller dei som blir stilte dårlegare

  3. særbehandlinga stansar når formålet med ho er oppnådd

Formålet med særbehandlinga er å kompensere for ein dårlegare utgangsposisjon og motverke eller jamne ut forskjellar slik at personane tiltaket gjeld, får dei same moglegheitene som andre.41 Følgeleg er det ein grunnføresetnad at ei gruppe eller enkeltindivid reelt får dårlegare moglegheiter enn andre i samfunnet dersom særordninga blir borte.42 Det er lagt til grunn at tilgangen til positiv særbehandling ikkje kjem i konflikt med forbodet mot forskjellsbehandling i Grunnlova § 98, såframt forskjellsbehandlinga ikkje går lenger enn det som er sakleg og forholdsmessig for å oppnå reell likestilling.43 Diskrimineringsnemnda har i praksisen sin vist til at positiv særbehandling bidreg til å «korrigere strukturelle forhold som over tid har ført til forskjeller på ulike samfunnsarenaer, særlig i arbeidslivet», og at det er eit effektivt tiltak som omgåande korrigerer skeivskapar i staden for å vente på samfunnsutviklinga.44

Regjeringa vurderer det slik at det er Grunnlova, EØS-avtalen, konvensjonar Noreg har slutta seg til, og likestillings- og diskrimineringslova som set dei overordna rettslege rammene for om det er mogleg å forskjellsbehandle eitt kjønn framfor eit anna ved opptak til høgare utdanning. Europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/54/EF av 5. juli 200645 er teken inn som del av EØS-avtalen, og er òg gjort til del av norsk rett gjennom likestillings- og diskrimineringslova. Direktivet er i utgangspunktet avgrensa til å gjelde på område i arbeidslivet. Tilvisinga i direktivartikkel 14 nr. 1 bokstav b til «all types and to all levels of vocational guidance, vocational training, advanced vocational training and retraining, including practical work experience» kan likevel òg forståast slik at direktivet omfattar tilgang til (høgare) utdanning. Utsegner i mellom anna kommentarutgåva til likestillings- og diskrimineringslova46 og NOU 2020: 347 støttar opp under at det mest sannsynleg er tilfellet.

Tiltak for å motverke kjønnsubalanse

I eit forsøk på å jamne ut ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, bruker ein i dag kjønnspoeng ved opptak til enkelte studium. Formålet er å oppnå større grad av likestilling mellom kjønna på eit overordna nivå og dermed jamne ut strukturelle forskjellar i samfunnet. Samtidig er positiv særbehandling eit inngripande verkemiddel fordi ein person frå det underrepresenterte kjønnet kjem inn på eit studium i staden for ein søkar frå det overrepresenterte kjønnet, sjølv om den sistnemnde søkaren har betre karakterar enn den som kjem inn på grunn av særbehandlinga.

For at positiv særbehandling skal vere lov, må det derfor vere barrierar som hindrar personar i den underrepresenterte gruppa i å få dei same moglegheitene som andre. Sjølv om barrierar ofte gir seg utslag i underrepresentasjon, er ikkje underrepresentasjon åleine nødvendigvis nok til å legitimere særtiltak dersom det ikkje kan påvisast at underrepresenterte kjønnet blir hindra av barrierar eller ulemper.

Blant 15-årige elevar er risikoen for låge skulefaglege prestasjonar og fråfall i utdanningsløpet mellom anna knytt til sosioøkonomisk bakgrunn, utdanningsbakgrunnen til foreldra, etnisitet og kjønn, i tillegg til elevane sin motivasjon og haldninga elevane har til deira skule.48

Det er forska på biologiske forskjellar i tidleg og sein pubertet.49 Begge kjønn går gjennom den same modningsprosessen, men på ulike tidspunkt kor utviklinga til jentene har fleire års forsprang på gutane. I NOU 2019: 3 Nye sjanser - bedre læring blei det mellom anna peikt på at tidleg utvikling av kognitive evner kan påverke kor mykje kunnskap barn kan tileigne seg før skulestart og dermed kva utgangspunktet dei får for vidare læring i skulen. Dette temaet er òg belyst i Folkehelseinstituttets forskingsprosjekt Health Gap om modning og kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar.50

Regjeringa legg til grunn at formålet med ein eventuell bruk av kvoter for kjønn må vere å hindre ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, og at ein kjønnsdelt arbeidsmarknad har ein uheldig innverknad på samfunnet, mellom anna ved at ein får profesjonar beståande berre av det eine kjønnet. Dette er ei utvikling som staten har ein legitim grunn til å motarbeide. Til dømes kan menn ha rettmessige forventningar om, og behov for, at det er mannlege psykologar i samfunnet, og kvinner kan ha rettmessige forventningar om, og behov for, at det er kvinnelege legar og så vidare.

Regjeringa legg til grunn at det skal vere mogleg å særbehandle positivt ved opptak til høgare utdanning. Bruk av spesielle kvotar må vurderast i samsvar med dei same vurderingskriteria som har lege til grunn for bruken av kjønnspoeng, og slike kvotar kan i utgangspunktet berre brukast ved behov – det må ligge føre ein faktisk underrepresentasjon og barrierar som hindrar personar frå det underrepresenterte kjønnet å få dei same moglegheitene som det andre kjønnet, samt at kvoten må vere forholdsmessig.

Regjeringa meiner at dersom kvoter for kjønn skal nyttast, vil ei løysing med kjønnsnøytrale kvotar, der ein viss prosentdel av studieplassane blir sett av til begge kjønn, vere meir forholdsmessig enn kjønnskvotar for berre eitt kjønn. Ei slik løysing er òg eit unntak frå hovudregelen om at opptak til utdanning skjer på bakgrunn av kvalifikasjonar åleine. Men dersom det er påvist kjønnsforskjellar innan ein sektor eller ei yrkesgruppe som kvoteordninga er meint å kompensere for, vil dette likevel vere ei mindre radikal form for særbehandling, mellom anna fordi det blir sikra at begge kjønn blir representerte opp til eit visst nivå. Regjeringa har derfor vurdert det slik at det ikkje er ønskeleg å innføre kjønnskvotar for eitt kjønn, men at det i visse tilfelle, på studium med stor kjønnsubalanse, kan innførast kjønnsnøytrale kvotar. Regjeringa meiner at ein får eit større handlingsrom med kjønnsnøytrale kvotar enn med reine kjønnskvotar som utvalet foreslo, og reknar med at ei slik ordning kan likestillast med ordninga med kjønnspoeng som vi har i dag.

I praksis vil dette få den konsekvensen at på eit studium der det er stor kjønnsubalanse og ønskeleg med kjønnsnøytrale kvotar, vil ein fylle desse kvoteplassane først for å sikre eit visst minimum av begge kjønn. Så vil dei resterande plassane bli fylte i samsvar med dei ordinære rangeringsreglane. For at bruken av kjønnsnøytrale kvotar skal vere forholdsmessig, må det ikkje bli for stor forskjell i karaktergrunnlaget mellom dei som kjem inn på kvote og dei beste som ikkje kjem inn på studiet. I samsvar med dagens ordning med kjønnspoeng, bør kvotane normalt ikkje settast høgare enn at kvart kjønn skal vere representert med minst 20 prosent på studiet.

Regionale kvotar

Regionale kvotar fell ikkje inn under likestillings- og diskrimineringslova all den tid det verken er tale om diskriminering eller positiv særbehandling på grunn av nokre av forholda som er nemnde i § 1, jf. § 6. Bruk av regionale kvotar må i staden vurderast opp mot reglane i EØS-retten.

Noreg er gjennom EØS-avtalen ein del av den indre marknaden i EU med fri rørsle av varer, kapital, tenester og personar. Gjennom EØS-avtalen har Noreg forplikta seg til å sørge for at restriksjonar på grenseoverskridande handel og verksemd blir fjerna. Dette betyr mellom anna at EØS-borgarar har omfattande sosiale og økonomiske rettar i andre EØS-land. Ved motstrid går rettane etter EØS-lova framfor andre nasjonale lover. EØS-avtalen med tilhøyrande rettsakter kan gi rett til rørslefridom på fleire grunnlag, og dette er ikkje berre avgrensa til arbeidstakarar og andre økonomisk aktive personar, men kan òg gjelde søkarar/studentar.

Regionale kvotar kan bidra til å halde oppe busetjinga i distrikt og sørge for at arbeidslivet får dekt kompetansebehova sine. Det er langvarige, særeigne utfordringar med busetjing og kompetanse i Nord-Noreg samanlikna med resten av landet. I sak E-3/05, ESA mot Noreg, slo Efta-domstolen fast at regionalpolitiske mål om å hindre at eit område blir avfolka, kan vere eit legitimt omsyn som kan grunngi restriksjonar. Resonnementet til domstolen i den saka er som følger:

57 Next, it needs to be examined whether the contested measure can be objectively justified. The Finnmark supplement was introduced as a part of a package of measures with the overall aim of promoting sustainable settlement in the designated area, where there has been a decline in population, and where living conditions are particularly difficult due to inter alia harsh climate, vast distances and sparse population. The residence requirement in question therefore stems from a regional policy goal – to prevent an area from being depopulated – which can in principle be regarded as a legitimate aim (see for comparison Case C-302/97 Konle v Austria [1999] ECR-I 3099, paragraph 40 and as concerns services Case E-1/03 EFTA Surveillance Authority v Iceland [2003] EFTA Court Report 143, paragraph 35; and further Case E-6/98 Norway v EFTA Surveillance Authority [1999] EFTA Court Report, 74, paragraph 70).

Det berande formålet for dei regionale kvotane i denne saka er busetjinga i Nord-Noreg, som mellom anna igjen vil avhenge av at det finst arbeidsplassar og tilstrekkelege fagressursar til at behovet til befolkninga, til dømes helsetenester, blir ivaretekne. Omsynet til å sikre eit høgt utdanningsnivå i befolkninga er òg anerkjent som eit legitimt omsyn.51 Regionale kvotar kan vere eit eigna tiltak til å sikre vidare busetjing og nødvendig fagkompetanse. Nødvendigheita av regionale kvotar, og storleiken på kvotane, må vurderast konkret for kvart enkelt studium der dette er aktuelt.

Ein må sjå på som regionale kvotar er nødvendige for å vareta formålet om å sikra busetjing og tilstrekkeleg kompetanse i Nord-Noreg, eller om dette kan sikrast på ein tilstrekkeleg god måte gjennom mindre inngripande midlar. Gitt at dei regionale kvotane inneber at personar som oppfyller tilknytingskravet for å omfattast av kvoten blir gitt ein fordel framfor personar som ikkje blir omfatta av kvoten, må det stillast nokså strenge krav til nødvendigheita av tiltaket. Dette må særleg gjelde på studia der karakterforskjellen mellom dei som blir tekne inn på kvoten, og andre søkarar er særleg påtakeleg.

Regjeringa meiner at regionale kvotar kan bidra til å halde oppe busetjing i distrikt og sørge for at arbeidslivet får oppfylt kompetansebehova sine. Det gjeld ikkje berre i nord, regjeringa ser òg at det mellom anna er ei utfordring med tilgangen til veterinærar i distrikta. Men utfordringane med busetjing og kompetanse er meir langvarige og særeigne i Nord-Noreg samanlikna med resten av landet. Regjeringa ønsker derfor å vidareføre bruken av dei regionale kvotane. Regjeringen vil òg sjå nærare på utfordringar knytt til kompetansemangel i distrikta, mellom anna når det gjeld rekruttering til og utdanning av veterinærar. Regjeringa vil derfor ikkje gjere større endringar i ordninga med spesielle kvoter for søkar med tilknyting til Nord- Norge. Mindre justeringar kan skje i særskilte høve, men utan at det får vesentlege konsekvensar for rekruttering og busetjing i Nord-Noreg. Kunnskapsdepartementet vil gå i dialog med universitets- og høgskulesektoren om bruk av regionale kvotar, og vurdere fleire måtar å sikre rekruttering og busetjing i Nord-Noreg på.

Minoritetskvotar

Det finst i dag spesielle kvotar for søkarar med minoritetsbakgrunn. Ofte må desse søkarane oppfylle visse kriterium, mellom anna må dei kunne dokumentere at dei, eller begge foreldra, er fødde i anten Afrika, Asia (inkludert Tyrkia) eller Latin-Amerika.

Handlingsrommet for å bruke kvotar for minoritetar må vurderast opp mot likestillings- og diskrimineringslova. Likestillings- og diskrimineringslova § 11 opnar for positiv særbehandling på grunn av mellom anna etnisitet, såframt særbehandlinga er eigna til å fremme likestilling og hindre diskriminering, den er forholdsmessig og stansar når formålet er nådd. Som ei oppfølging av EF-traktaten artikkel 13 vedtok EU-rådet 29. juni 2000 eit direktiv om gjennomføring av prinsippet om likebehandling uavhengig av rase eller etnisk opphav (rådsdirektiv 2000/43/EF). Direktivet er gjort til del av norsk rett gjennom likestillings- og diskrimineringslova. I visse tilfelle er det ønskeleg å kunne særbehandle minoritetar for å oppnå større grad av likestilling mellom majoritetsbefolkninga og minoritetsbefolkninga på eit overordna nivå. Dette kan jamne ut strukturelle forskjellar i samfunnet og bidra til at det over tid oppstår ønskte endringar i samfunnsstrukturar og mindre diskriminering av individ.

Positiv særbehandling er berre tillate overfor grupper og enkeltindivid som elles ville hatt svakare reelle moglegheiter i samfunnet. Siktemålet med den særlege behandlinga er å kompensere for ein dårlegare utgangsposisjon og å bidra til å motverke undertrykking.52 I Ot.prp. nr. 33 (2004–2005) er det presisert at positiv særbehandling berre er tillate når det er ei sakleg og rimeleg grunn for det. Spørsmålet blir så om det er eit rimeleg forhold mellom det ein ønskjer å oppnå og kor inngripande forskjellsbehandlinga er for den eller dei som blir stilte dårlegare. Kvoteringsordningar vil som oftast avgrense moglegheitene til andre personar, og vil dermed lettare kunne reknast som uforholdsmessige tiltak. I forarbeida er det vidare fastslått at føresegna om positiv særbehandling må: «[…] tolkes i lys av utviklingen i internasjonal praksis knyttet til RDK. Bestemmelsen må imidlertid i alle tilfeller også tolkes og anvendes med de begrensninger som måtte følge av Norges internasjonale forpliktelser, herunder EØS-avtalen».53

Spesielle kvotar for søkarar med minoritetsbakgrunn er eit inngripande verkemiddel fordi ein person med minoritetsbakgrunn som kjem inn på eit studium som følge av kvoten, gjer dette i staden for andre søkarar som har betre karakterar. Skal dette vere lov må det ligge føre barrierar som hindrar personar med minoritetsbakgrunn i å få dei same moglegheitene som andre. Regjeringa meiner at spesielle kvotar for søkarar med minoritetsbakgrunn kan brukast der vilkåra i likestillings- og diskrimineringslova er oppfylte. Kunnskapsdepartementet vil gå i dialog med universitet og høgskular om bruk av slike kvotar, og vil vurdere alternative måtar å sikre mangfald i rekrutteringa på.

Oppsummering

Spesielle kvotar fører i realiteten til at søkarar med dårlegare karakterar kjem inn på eit studium i staden for søkarar med betre karakterar. Uavhengig av kvotetype vil det nesten uansett vere slik at poenggrensa innanfor dei spesielle kvotane er lågare enn poenggrensa for dei resterande studieplassane. Tal frå opptaket dei siste åra tyder på dette, men bruken av kvotar slår ulikt ut på ulike studium. Regjeringa meiner derfor at forskjellen i karakterpoeng ikkje kan vera for stor mellom dei som blir tekne inn på eit studium på ein kvote, og dei som ikkje kjem inn på studiet, men har betre karakter enn dei som kjem inn på kvoten. Dersom forskjellen blir for stor, vil ikkje bruk av kvote vere forholdsmessig. Resultatet kan bli at ein kvote ikkje kan brukast eller må setjast lågt. Det er svært vanskeleg å seie noko generelt om storleiken på kvotane, ettersom dette må vurderast konkret for kvart enkelt studium der slike kvotar er aktuelle. Men det er klart at kvotane ikkje kan vere større enn det som faktisk er nødvendig for å kompensere for eventuelle urimelege forskjellar.

Regjeringa meiner at det under visse føresetnader framleis bør vere mogleg å bruke spesielle kvotar ved opptak, men at det bør stillast strenge krav til at kvotane er nødvendig og forholdsmessig og i tråd med regelverket.

Når det gjeld regionale kvotar, kvotar for minoritetar og kjønnsnøytrale kvotar, må kvotestorleiken sjåast i samanheng med karakterforskjellen mellom dei som blir kvoterte inn, og dei beste som ikkje får plass på studiet. Når det gjeld innføring av kjønnsnøytrale kvotar (som sikrar eit visst minimum av begge kjønn på eit gitt studium), bør dei i tråd med tidlegare føringar frå Stortinget54 når det gjeld tilleggspoeng, som hovudregel ikkje bli nytta med mindre det eine kjønnet er representert med 20 prosent eller mindre på studiet. Regjeringa foreslår derfor at kvart kjønn normalt skal veres representert med minst 20 prosent på studium der det er stor kjønnsubalanse og vilkåra for særbehandling elles er oppfylte.

Regjeringa vil

  • vidareføre spesielle kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse

  • vidareføre spesielle kvotar for søkarar med tilknyting til Nord-Noreg. Kunnskapsdepartementet går i dialog med universitets- og høgskulesektoren om bruk av slike kvotar, og vurderer òg alternative måtar å sikre rekruttering og busetjing i Nord-Noreg på

  • vidareføre spesielle kvotar for søkarar med minoritetsbakgrunn. Kunnskapsdepartementet går i dialog med universitets- og høgskulesektoren om bruk av slike kvotar, og vurderer òg alternative måtar å sikre mangfald i rekrutteringa på

  • innføre bruk av kjønnsnøytrale kvotar på aktuelle studium med stor kjønnsubalanse. Normalt bør ikkje kvotane settast høgare enn at kvart kjønn skal vere representert med minst 20 prosent på studiet

  • avvikle ordninga med tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønn (kjønnspoeng)

  • sjå til at det ikkje blir for stor karakterforskjell mellom dei som blir kvoterte inn på eit studium, og dei som ikkje kjem inn på studiet, ved vurderinga av om det skal brukast spesielle kvotar

  • vidareføre ordninga med at universitet og høgskular må søke Kunnskapsdepartementet om å bruke spesielle kvotar

3.4 Tiltak

Under følger ei oppsummering av regjeringa sine forslag innanfor rangering i opptaket til høgare utdanning.

Regjeringa vil

  • behalde tilleggspoeng for realfag, men justere dei ned til halvparten av det dei er i dag

  • avvikle tilleggspoeng for framandspråk

  • gjere ei vurdering av korleis ein kan legge til rette for auka samisk språkkompetanse

  • sette i gang ei evaluering av effekten av realfagspoenga

  • sette i gang ei brei utgreiing av alternative verkemiddel for rekruttering til teknologi- og realfag der samfunnet har størst kompetansebehov

  • avvikle tilleggspoeng for alder, høgare utdanning, fagskuleutdanning og folkehøgskule

  • vidareføre tilleggspoeng for militær førstegongsteneste og sivilteneste, men redusere talet på tilleggspoeng frå to til eitt

  • vidareføre moglegheita til å forbetre karakterar på vitnemål frå vidaregåande opplæring

  • sjå på tiltak for å etablere fleire lokale opptaksprøver for å rangere søkarane ved studium med stor konkurranse om plassane og høge poenggrensar, i dialog med institusjonane

  • vurdere behovet for ei nasjonal opptaksprøve når ein ser effektane av dei andre endringane i opptakssystemet

  • halde fram med ein førstegongsvitnemålskvote og ta sikte på å gjere kvoten større, samt vurdere om det er behov for endringar i aldersgrensa og namnet på kvoten

  • avvikle moglegheita for å rangere søkarar på fleire grunnlag

  • vidareføre spesielle kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse

  • vidareføre spesielle kvotar for søkarar med tilknyting til Nord-Noreg. Kunnskapsdepartementet går i dialog med universitets- og høgskulesektoren om bruk av slike kvotar, og vurderer òg alternative måtar å sikre rekruttering og busetjing i Nord-Noreg på

  • vidareføre spesielle kvotar for søkarar med minoritetsbakgrunn. Kunnskapsdepartementet går i dialog med universitets- og høgskulesektoren om bruk av slike kvotar, og vurderer òg alternative måtar å sikre mangfald i rekrutteringa på

  • innføre bruk av kjønnsnøytrale kvotar på aktuelle studium med stor kjønnsubalanse. Normalt bør ikkje kvotane settast høgare enn at kvart kjønn skal vere representert med minst 20 prosent på studiet

  • avvikle ordninga med tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønn (kjønnspoeng)

  • sjå til at det ikkje blir for stor karakterforskjell mellom dei som blir kvoterte inn på eit studium, og dei som ikkje kjem inn på studiet, ved vurderinga av om det skal brukast spesielle kvotar

  • vidareføre ordninga med at universitet og høgskular må søke Kunnskapsdepartementet om å bruke spesielle kvotar

Fotnotar

1.

Tal frå HK-dir sende på førespurnad frå Kunnskapsdepartementet

2.

https://www.samordnaopptak.no/info/opptak

3.

Tveitereid mfl. (1997)

4.

Utdanningsdirektoratet (2023c)

5.

Tal frå HK-dir sende på førespurnad frå Kunnskapsdepartementet

6.

NOU 2020: 3, punkt 17.4.4

7.

Lødding (2005)

8.

Utdanningsdirektoratet (2023a)

9.

Utdanningsdirektoratet (2014), Schreiner mfl. (2020)

10.

NOU 2022: 17

11.

NOU 2019: 25

12.

Innst. 387 S (2017–2018)

13.

HK-dir (2024). Tal bestilt av departementet. Ikkje publiserte.

14.

HK-dir (2024). Tal bestilt av departementet. Ikkje publiserte.

15.

HK-dir (2024). Tal bestilt av departementet. Ikkje publiserte.

16.

Samordna opptak (2023)

17.

Hovdhaugen og Carlsten (2018)

18.

Andresen og Lervåg (2022)

19.

Bakken mfl. (2019)

20.

Hovdhaugen mfl. (2020)

21.

Meld. St. 14 (2022–2023)

22.

Hovdhaugen mfl. (2020)

23.

Andresen og Lervåg (2022)

24.

Prop. 74 L (2021–2022)

25.

Utdanningsdirektoratet (2023b)

26.

Keute og Steen-Johnsen (2023a) (2023b) (2023c)

27.

Tala er nasjonale. Det er forskjellar mellom ulike institusjonar. Nokre institusjonar har stor konkurranse om studiaplassane, medan andre ikkje får fylt deg opp.

28.

Utdanningsdirektoratet (2020)

29.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (2023c)

30.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (2023c)

31.

Det siste rundskrivet er Rundskriv F-01-23 – Forskrift om opptak til høgare utdanning

32.

Nord-Noreg består av fylka Nordland, Troms og Finnmark

33.

Lov av 17. mai 1814 Kongeriket Noregs Grunnlov

34.

Innst. 186 S (2013–2014) kapittel 2.1.6 side 25

35.

Lov av 16. juni 2017 nr. 51 om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)

36.

Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk

37.

Statistisk sentralbyrå (2023b)

38.

https://samfunnsforskning.brage.unit.no/samfunnsforskning-xmlui/handle/11250/2592572

39.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (2023d)

40.

https://www.samfunnsforskning.no/core/publikasjoner/core-indikator-status/kjonn-og-utdanning/

41.

Ot.prp. nr. 33 (2004–2005) s. 118 og Prop. 81 L (2016–2017) s. 174

42.

Ot.prp. nr. 44 (2007–2008) s. 254

43.

Prop. 81 L (2016–2017) s. 165

44.

LDN-2014-8

45.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/54/EF av 5. juli 2006 om gjennomføring av prinsippet om like høve for og lik handsaming av menn og kvinner ved tilsetjing og i arbeidstilhøve

46.

Bolken Ballangrud og Søbstad (2021)

47.

NOU 2020: 3, kapittel 17.4.5 side 158 og dei påfølgande sidene

48.

OECD International migration outlook 2011. Paris: OECD Publishing

49.

Torvik mfl. (2021)

50.

https://www.fhi.no/cristin-prosjekter/avsluttet/health-gap-helse-modning-og-kjonnsforskjeller-i-skoleprestasjoner/

51.

C-830/18, PZ mfl., para. 40.

52.

Prop. 81 L (2016–2017) merknaden til § 11, jf. Ot.prp. nr. 33 (2004–2005) side 118

53.

Ot.prp. nr. 33 (2004–2005) side 120

54.

Stortingets oppmodingsvedtak nr. 605 (2016–2017), der Stortinget bad «regjeringen utrede utforming og innføring av ekstrapoeng til gutter og jenter som søker på studier der det er for eksempel 80 prosent eller mer av det motsatte kjønn».

Til forsida