4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Kapittelet inneheld ei omtale av organiseringa av opptaket til høgare utdanning, i tillegg til at økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga blir skildra.
Overordna foreslår regjeringa ei vidareføring av korleis opptaket er organisert i dag. Endringane er primært innanfor området rangering, som handlar som kven som får studieplass der det er konkurranse om plassane. Desse endringane har avgrensa effekt på sjølve gjennomføringa av opptaket og systemet i stort, men kan lette behovet for behandlinga av dokumentasjon.
4.1 Organisering av opptaket
Omtalen nedanfor samanfattar korleis det samordna opptaket til høgare utdanning er organisert. Reglane for opptak til høgare utdanning gjeld for alle grunnutdanningar, og ikkje berre dei som deltar i det samordna opptaket.
Departementet har utarbeidd delar av omtalen nedanfor basert på innspel frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som er ansvarleg for å gjennomføre det samordna opptaket til høgare utdanning gjennom tenesta Samordna opptak.
Historikk
Før samordninga starta var det ulike reglar, rangeringsmåtar og rutinar for opptak til kvar høgskule og kvart universitet. Søkarane måtte sende ein søknad om opptak til kvar lærestad dei var interesserte i, og alle institusjonane behandla alle søknadane dei fekk inn. Kvar enkelt søkar forheldt seg til kvar institusjon han eller ho hadde søkt om opptak ved, og fekk svar frå kvar og ein av desse. Søkarane som hadde dei høgste poengsummane, fekk ofte mange tilbod og det var mogleg å takke ja til meir enn ein plass og slik vente med å ta ei avgjerd. Ved studiestart stod derfor mange studieplassar tomme, og etterfylling av studieplassane heldt fram til langt ut på hausten.
Eit mål med å utvikle eit samordna opptak var å få oversikt over søkinga til høgare utdanning, og å sørge for at studentane raskare fekk tilbod om studieplass.
Samordna opptak starta med innsamling av statistikk om opptaket frå 1991. I 1993 og 1994 gjennomførte SO to pilotprosjekt, samordning av opptaket til treårig ingeniørutdanning, og samordning av opptaket til sjukepleiarutdanning. I 1995 blei opptaket til dei aller fleste statlege og private høgskulane samordna for første gong, med felles informasjon (Søkjaravisa), felles søknadsskjema og felles opptak. Universiteta og dei vitskaplege høgskulane hadde framleis sine eigne opptak, og i 1996 kom dei med i det samordna opptaket. Sidan det har Samordna opptak hatt ei nøkkelrolle i gjennomføring av opptaket nasjonalt, og innført full digital behandling av søknader i fleire trinn.
Boks 4.1 Institusjonar som er med i det samordna opptaket til høgare utdanning
Både statlege og private institusjonar er med i det samordna opptaket. Per 2024 deltek 27 institusjonar.
Statlege institusjonar:
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskole i logistikk
Høgskolen i Østfold
Høgskulen i Volda
Høgskulen på Vestlandet
Nord universitet
Noregs handelshøgskole
Noregs idrettshøgskole
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
OsloMet – storbyuniversitetet
Politihøgskolen
Sámi allaskuvla / Samisk høgskule
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Søraust-Noreg
Private institusjonar:
Ansgar høyskole for teologi, musikk og psykologi
Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning
Fjellhaug Internasjonale Høgskole
Lovisenberg diakonale høgskole
MF vitenskapelig høyskole
NLA Høgskolen
VID vitenskaplige høgskole
Dei statlege institusjonane Kunsthøgskolen i Oslo, Noregs musikkhøgskole, Forsvarets høgskole og Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) deltek ikkje i det samordna opptaket. I tillegg er det ei rekke private institusjonar som ikkje deltek.
Studium som er med i det samordna opptaket til høgare utdanning
I det samordna opptaket til universitet og høgskular kan akkrediterte grunnutdanningar med minst 60 studiepoeng meldast inn. Det vil seie årsstudium, kandidatstudium, bachelorstudium, femårige integrerte masterstudium og profesjonsstudium.
Studium som deltek kan ikkje ha unntak frå krav om norsk for søkarar med utanlandsk utdanning, jf. § 2-2 (7) i forskrift om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta).
Opptak til toårige masterstudium, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), etter- og vidareutdanning, doktorgradsstudium og enkeltemne skjer lokalt på institusjonane, og ikkje gjennom det samordna opptaket.
Sjå boks 4.1 for ei oversikt over kva institusjonar som er med i det samordna opptaket.
Rolla til HK-dir
Ei av dei faste myndigheits- og forvaltingsoppgåvene til HK-dir er å forvalte opptaksforskrifta. Forvaltingsansvaret inneber å arbeide med utgreiingar, utarbeide utkast til høyringsnotat, samanfatte høyringssvar, og legge fram forslag til endringar for departementet. HK-dir har òg ansvar for å rettleie og informere om reglane i forskrifta, og for å sørge for at det samordna opptaket blir gjennomført i tråd med forskrifta.
Ein stor del av arbeidet med forskrifta er å tolke reglane og lage retningslinjer for søknadsbehandling. Retningslinjene skal sørge for at like søkarar blir behandla likt, og er ein føresetnad for at institusjonane kan behandle søknadar for kvarandre.
4.2 Administrative konsekvensar av samla forslag til endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning
Det er eit mål at opptaksregelverket skal bli enklare å forstå og bruke både for søkarane og for dei som behandlar søknadene ved institusjonane. Fleire av endringane har som mål å bidra til at søkarar kjem raskare inn i høgare utdanning. Dette gjeld mellom anna forslaga om å ta bort alderspoeng og andre tilleggspoeng, utvidinga av førstegongsvitnemålskvota, endringar i 23/5-regelen, og endringar i nivåkrava. Dersom søkarar kjem raskare inn i høgare utdanning vil dette kunne ha positive konsekvensar på samfunnsnivå ved at ferdig utdanna studentar kan kome tidlegare ut i arbeid.
Regjeringa meiner overordna at organiseringa av opptaket til høgare utdanning fungerer godt, men at det er rom for forbetringar på nokre område. Forenklingar i regelverket vil bidra til at institusjonane, i saksbehandlinga av søkarane, vil få mindre arbeid med å vurdere dokumentasjonen frå søkarane. Denne effekten vil særleg kome av at kravet om å dokumentere praksis for å kunne søke etter 23/5-regelen fell bort, jf. omtale i kapittel 2. Vidare kjem det til å bli mindre behov for å dokumentere tilleggspoeng, sidan regjeringa foreslår å fjerne tilleggspoeng for høgare utdanning, fagskule og folkehøgskule, jf. omtale i kapittel 3. Ved at opptaket blir meir effektivt vil det bli større rom for å gjere forbetringar i systemet, til dømes med tidslinja i opptaket
Tidspunktet for søknadssvar
Fristar og datoar i opptaket baserer seg i stor grad på skuleåret i VGO. I dag får dei fleste søkarane svar på søknaden sin i hovudopptaket 20. juli. Søkarane har òg høve til å søke om tidleg opptak, viss dei oppfyller retten til dette. Søkarar som kan dokumentere at dei må seie opp ein jobb, byte barnehage/skule for barn eller flytte med familie for å kunne takke ja til ein studieplass, kan ha rett til tidleg opptak. I tillegg må søkaren vere kvalifisert på søknadstidspunktet og ha ein poengsum som er lik eller høgare enn medianverdien til poengsummen blant søkarane som blei tekne opp til studiet året før. Om ein får tidleg opptak, får søkaren førebels svar på søknaden sin rundt 20. mai og endeleg svar i hovudopptaket 20. juli. Avgangselevar og andre søkarar som ikkje er kvalifisert for opptak på søknadstidspunktet, kan ikkje få tidleg opptak.
Regjeringa meiner ambisjonen bør vere at søkarar får svar tidlegare enn i dag, men at ein må sjå effektane av eit nytt system i praksis, før ein gjer større endringar i tidslinja for opptaket.
Med eit enklare regelverk vil søkarane trenge mindre dokumentasjon som er relevant for å søke om opptak til høgare utdanning. Utviklinga av eit nytt teknisk opptakssystem er starta, og systemet skal etter planen vere ferdig om nokre få år, jf. omtale i kapittel 1. Eit moderne opptakssystem vil legge til rette for at meir dokumentasjon og fleire søknadar skal kunne behandlast automatisk. Det nye systemet vil kunne bidra til at dei som søker gjennom det samordna opptaket, kan få tidlegare svar.
Lokale opptaksprøver og unntaksordningar
Som omtalt i kapittel 3 om rangering, vil regjeringa gi institusjonane større rom for å bruke lokale opptaksprøver. Institusjonane som tar i bruk opptaksprøver vil til dømes kunne velje å tilby prøvene til kun eit utval av dei kvalifiserte søkarane basert på institusjonane sine vurderingar.
Regjeringa meiner at dagens forskrift i nokre tilfelle regulerer forhold som det ikkje er nødvendig å forskriftsfeste like detaljert som i dag, som til dømes opplistingar av bestemte studium som har moglegheit til å bruke unntaksregler. Institusjonane må søke departementet når dei ønsker å gjere lokale unntak og liknande. Ei årsak til at dei må søke unntak er at ein vil at reglane skal vere like nasjonalt, og at bruken av unntak blir avgrensa. I arbeidet med ei ny forskrift vil Kunnskapsdepartementet vurdere om det er mogleg å gi institusjonane noko større rom for å nytte unntaksordningar utan søknad til departementet.
Utvida bruk av lokale opptaksprøver vil kunne medføre kostnader for institusjonane som vil stå for gjennomføring av prøvene. Regjeringa legg til grunn at institusjonane, som i dag, framleis finansierer opptaksprøver innanfor gjeldande rammeløyving.
4.2.1 Tidspunkt for innføring av endringar
Endringane som er foreslått i meldinga, vil kunne bli innført på ulike tidspunkt. Det er viktig at framtidige søkarar blir kjende med opptaksreglane før dei skal velje fag i VGO, sidan regjeringa mellom anna foreslår å ta bort tilleggspoenga for programfag i framandspråk. Ei førebels vurdering tilseier at endringar bør vere kjende for søkarar som begynner på vidaregåande opplæring hausten 2024. Det betyr at dei fleste forslag til endringar tidlegast kan tre i kraft frå 2027. Regjeringa vil òg vurdere om nokre endringar bør tre i kraft tidlegare.
Det endelege tidspunktet for endringane vil bli fastsett som ein del av arbeidet med ei ny forskrift.
Regjeringa har som mål at dei endra opptakskrava for profesjonsutdanningane kan tre i kraft allereie for opptaket i 2025 eller tidlegare.
Arbeid med ny forskrift
Arbeidet med ei ny forskrift om opptak til høgare utdanning er starta opp, og regjeringa forventar at forslaget til ny forskrift kan sendast på høyring i løpet av 2024–2025. Ei ny forskrift vil erstatte den gjeldande forskrift om opptak til høgare utdanning.
4.3 Tiltak
Regjeringa vil
vidareføre ansvarsfordelinga og organiseringa av opptaket som i dag
foreslå ei ny forskrift om opptak til høgare utdanning
arbeide for å lette mengda dokumentasjon institusjonane må behandle i opptaket
sjå på tiltak for å etablere fleire lokale opptaksprøver