2 Finanssektoren og finansiell stabilitet
2.1 Innleiing og oversikt
Finanssektoren består av finansinstitusjonar (som bankar, forsikringsselskap og verdipapirføretak), finansmarknader (for mellom anna kapital og finansielle tenester) og finansiell infrastruktur (til dømes betalingssystem og oppgjerssentralar). Finanssektoren i Noreg tilbyr eit bredt spekter av produkt og tenester som mellom anna gjer det mogleg å spare eller låne til bustad, forsikre gjenstandar mot skade og personar mot ulykke, gjennomføre betalingar og finansiere næringsverksemd. Velfungerande finansmarknader medverkar til økonomisk vekst og skatteinntekter til det offentlege.
Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er robust nok til å ta imot innskot og andre tilbakebetalingspliktige midlar frå ålmenta, formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte. Ein viktig del av dette er at bankar og andre finansinstitusjonar er solide og verkar på ein formålstenleg måte.
Dette kapittelet handlar om struktur og trendar i den norske finanssektoren og utsiktene for finansiell stabilitet. Avsnitta inneheld oversikter og vurderingar av marknadstilhøve, det makroøkonomiske biletet, risikoutviklinga og soliditet og resultat i finansinstitusjonane.
2.2 Struktur og trendar i den norske finanssektoren
2.2.1 Finanssektoren og norsk økonomi
Finanssektoren utgjer ein mindre del av økonomien her til lands enn i mange andre, jf. figur 2.1.1 Ei årsak er at verksemda til den norske finanssektoren hovudsakleg er retta mot tenesteyting på innanlandsmarknaden. I somme land, til dømes Storbritannia og Irland, har finanssektoren stor internasjonal verksemd og mange utanlandske kundar, og det gjer at han er stor i høve til resten av økonomien i desse landa. Figuren viser også at finanssektoren i land som Island og Irland hadde vakse seg svært stor i åra fram til den internasjonale finanskrisa, og at han nokre år etter krisa hadde vorte monaleg mindre.
Til liks med det ein har sett internasjonalt, har finanssektoren i Noreg lenge vakse som del av den samla økonomien, sjå figur 2.2. Medan avreguleringar medverka til sterk vekst på finansmarknadene i 1970- og 1980-åra, førte bankkrisa på byrjinga av 1990-talet til ein mellombels stans i veksten. I størstedelen av perioden etter bankkrisa har veksten både i norsk økonomi og i finanssektoren vore høg, med unnatak av tida rundt den internasjonale finanskrisa, då det igjen vart ein stans. Den samla forvaltningskapitalen i norsk finanssektor, inkludert statlege låneinstitutt, utgjorde om lag 350 pst. av BNP for Fastlands-Noreg ved utgangen av 2014. For perioden 1970–2014 som heilskap har bankane og andre kredittinstitusjonar hatt den sterkaste veksten, medan dei statlege låneinstitutta har vorte monaleg mindre i høve til BNP. Forvaltningskapitalen i forsikringsselskapa og pensjonskassene har vakse jamt i perioden.
Finanssektoren medverkar til verdiskapinga i norsk økonomi. I tillegg til den verdiskapinga som kjem av at finanssektoren stør opp om aktiviteten i resten av økonomien gjennom tilbodet av viktige finansielle tenester, er finansnæringa ei stor næring i seg sjølv. Bruttoprodukt er eit uttrykk for verdiskaping og er definert som produksjon minus produktinnsats. Bruttoproduktet i finansnæringa utgjer vel 5 pst. av bruttoproduktet i Fastlands-Noreg sett under eitt, og om lag 9 pst. om ein berre ser på bruttoproduktet i det ein kan kalle marknadsretta næringsliv, sjå figur 2.3. Dei seinare åra har finanssektoren stått for mellom om lag 15 og 30 pst. av utlikna selskapsskatt (når ein ser vekk ifrå petroleum og liknande), sjå figur 2.4. Skatteutvalet har nyleg, i NOU 2014: 13, vurdert og gjort framlegg om skattlegginga av mellom anna finansnæringa, sjå boks 2.1.
Finansnæringa har om lag 50 000 tilsette, sjå figur 2.5, noko som utgjer like under 2 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg.2 Sysselsetjinga i næringa har gått litt ned dei seinare åra. Produksjonen og sysselsetjinga i finansnæringa er samla i dei største byane, og ein stor del av dei tilsette i næringa arbeider i Oslo, jf. figur 2.6. Digitaliseringa av tenestetilbodet har ført til at lokalt nærvær har vorte mindre viktig, noko som også kan gjere det lettare for lokale bankar å halde på kundar som flytter frå heimstaden, eller tiltrekkje seg kundar utan lokal tilknyting. Men banknæringa er framleis ei næring med stor grad av lokalt nærvær. Til dømes er alle fylke, med unnatak av Finnmark, framleis hovudsete for minst éin sparebank.
Digitaliseringa har over mange år medverka til meir effektiv ressursbruk i finansnæringa, sjå boks 2.2. Det har gjort finansielle tenester billegare for kundane og frigjort ressursar til anna verdiskaping i norsk økonomi. Eit utslag av effektiviseringa er fallet i netto renteinntekter til bankane, sjå figur 2.7. Netto renteinntekter er skilnaden mellom renteutgifter og renteinntekter, og dette er eit nøkkeltal for innteninga i bankane. Netto renteinntekter i høve til forvaltningskapitalen har jamt over vore fallande i mange år, og ein av grunnane er billegare tenester og automatisering som følgje av teknologiske og administrative framsteg. Også auka konkurranse og meir direkte prising av kostnadskrevjande tenester kan forklare utviklinga. Figuren viser også at fallet i netto renteinntekter heng saman med lågare rentemarginar (skilnaden mellom utlåns- og innskotsrente i bankane).
Boks 2.1 Forslag frå Skatteutvalet om endringar i skattlegginga av finansnæringa
Skatteutvalet la i NOU 2014: 13 fram ei rad tilrådingar om endringar i det norske skattesystemet, mellom anna om endringar i skattlegginga av finansnæringa. I utgangspunktet er finansnæringa underlagd dei same skattereglane som næringslivet elles. Det inneber mellom anna at finansnæringa òg betaler skatt på overskot, og tilrådinga frå Skatteutvalet om å senke selskapsskattesatsen frå 27 til 20 pst. gjeld for finansnæringa òg.
Finansielle tenester står som hovudregel utanfor meirverdiavgiftssystemet. Bakgrunnen for unnataket er at delar av meirverdien i finansinstitusjonane stammer frå marginbaserte tenester, mellom anna rentemarginane, og det er vanskeleg å bestemme eit skattegrunnlag for meirverdien i slike tenester. Skatteutvalet tilrådde ei avgift på margininntekter frå finansielle tenester for å kompensere for unnataket for meirverdiavgift, slik også Finansdepartementet har greidd ut om tidlegare, sjå Prop. 1 LS (2013–2014). Utvalet meiner at avgifta bør utformast slik at ho har flest mogeleg av nøytralitetseigenskapane til meirverdiavgifta.
Utvalet meiner at det ikkje bør innførast transaksjonsskattar i finanssektoren.
I 2012 vart det gjeve særreglar for livsforsikringsselskap og pensjonsføretak mellom anna for å hindre at skattefrie aksjeinntekter under fritaksmetoden (kundemidlar) dannar grunnlag for skattefrådrag for selskapet. Utvalet meiner det er ein veikskap i dagens skattesystem at forvaltning av kundemidlar via dotterselskap og liknande inngår i avsetningsfrådraget på forsikringsselskapet si hand, slik at skattefrie inntekter hjå dotterselskap (til dømes aksjeinntekter under fritaksmetoden) kan generere eit særskilt frådrag hjå forsikringsselskapet. Utvalet meiner difor særregelen om avsetningar til forsikringsfond i skattelova bør vurderast nærare.
Boks 2.2 Digitalisering i finansnæringa
Norske bankar har generelt vore tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi. Felles-Data vart skipa av sparebankane i 1965. I 1977 vart dei første minibankane utplasserte av sparebankane og nokre år seinare kom dei fyste betalingsautomatane i butikkane. I 1991 gjekk sparebankane og forretningsbankane saman om å skipe selskapet BankAxept. Selskapet fekk ansvar for drifta av felles infrastruktur for betaling med kort. Gjennom BankAxept fekk Noreg tidleg eit avansert og effektivt system for kortbetaling. Telegiro vart lansert i 1994, medan Noregs første tilbod om nettbank til vanlege kundar kom i 1996. Dei siste åra har mobile bank- og betalingstenester vorte stadig vanlegare.
Samarbeidet bankane mellom har medverka til at Noreg har eit av dei mest effektive betalingssystema i verda, jf. også omtale i kapittel 3. Som figur 2.8. syner, har dei bedriftsøkonomiske kostnadene til bankane ved betalingsformidling gått monaleg ned. Det kjem mellom anna av at ein har gått over til meir effektive former for betaling.
At stadig fleire nyttar nettbaserte banktenester, har medverka til at talet på ekspedisjonsstader har vorte om lag halvert dei siste 25 åra. Ved utgangen av 2014 var det vel 1 000 ekspedisjonsstader for banktenester i Noreg, det vil seie ein per om lag 4 800 innbyggjarar, jf. figur 2.9. For 25 år sidan var det ein per om lag 2 000 innbyggjarar.
2.2.2 Etterspurnaden etter finansielle tenester
Norske hushald føretrekkjer generelt å eige bustaden sin, og det utløyser behov for bustadsparing og lån for å finansiere bustadkjøp. Skattereglane medverkar til at det er gunstig å kjøpe bustad.3 Figur 2.10 viser samansetnaden av balansen til norske hushald sett under eitt.4 Primærbustaden utgjer i gjennomsnitt om lag to tredelar av verdien av eigedelane til norske hushald. Resten er jamt fordelt på anna bustad eller eigedom, bankinnskot og anna finanskapital. Gjeld utgjer om lag ein tredel av balansen på passivasida og er hovudsakleg bustadlån.
Dei vanlegaste instrumenta for finansiell sparing hjå hushalda er bankinnskot, aksjar, andre verdipapir og fondsandelar. Sparing i bank er den vanlegaste forma for sparing i Noreg, og 98,8 pst. av hushalda hadde i 2013 innskot i bank. I overkant av 20 pst. av hushalda eig aksjar og andre verdipapir, medan i overkant av 30 pst. av hushalda eig partar i aksje-, obligasjons-, og pengemarknadsfond. Etterspurnaden etter finansiell sparing i Noreg er prega av at norske hushald vel å ha ein stor del av formuen bunden opp i bustadeigendom.
Utlån til hushald utgjer over halvparten av det samla utlånet frå norske bankar og kredittføretak, og over 90 pst. av hushaldsgjelda er bustadlån. Lån til hushald har vorte ein større del av kredittinstitusjonane sine samla utlån til ikkje-finansielle kundar dei seinare åra, men i eit lengre perspektiv ser ein at denne delen har variert noko rundt dagens nivå, jf. figur 2.12.
Hushalda si opplåning for forbruksformål utgjer ein liten del av den samla opplåninga deira, om lag 3 pst., men etterspurnaden etter slike lån har auka monaleg dei seinare åra, jf. figur 2.13.5 Fleire av finansieringsselskapa og somme bankar driv med forbruksfinansiering. Dette er lån som stort sett vert gjevne utan krav om trygd, og som inneber høg kredittrisiko. God lønsemd over lengre tid har gjort forbrukslån attraktivt for nye tilbydarar, og veksten i slike lån har vore høgare enn den generelle kredittveksten til hushalda.
Boks 2.3 Typar av finansføretak
Finansiell tenesteyting krev i regelen løyve frå styresmaktene.
Bankane skil seg frå andre typar finansføretak ved at dei har einerett til å ta mot innskot frå ein ubestemt krins av innskytarar. Dei kan utføre alle vanlege bankforretningar og banktenester, men kan ikkje drive næringsverksemd som det ikkje er vanleg at bankar deltek i.
Finansieringsføretak er fellesnemninga for kredittføretak og finansieringsselskap. Dei kan drive finansieringsverksemd og verksemd som naturleg heng saman med dette. Kredittføretaka yter langsiktige lån og finansierer i hovudsak verksemda med obligasjonslån. Finansieringsselskapa yter hovudsakleg kortsiktig kreditt innanfor såkalla leasing eller leigefinansiering, factoring, gjeldsbrevslån til næringslivet og forbrukarlån, ofte i samband med kredittkort. Verksemda vert finansiert i hovudsak gjennom kortsiktige innlån på kapitalmarknaden.
Forsikringsselskapa fordeler om risiko mellom kundane og overfører risiko frå kundane til seg sjølve. Livsforsikring omfattar kollektiv og individuell pensjonsforsikring, kapitalforsikring og livrenteforsikring, medan skadeforsikring omfattar forsikring mot tap eller skade på ting og rettar.1
Verdipapirføretak driv mellom anna med emisjons- og rådgjevingsverksemd, mekling av finansielle instrument, ordreformidling og investeringsrådgjeving og aktiv forvaltning. Forvaltningsselskap for verdipapirfond forvaltar ulike typar fond, til dømes aksje-, pengemarknads- og obligasjonsfond.
1 I tillegg kjem reassuranseverksemd, som inneber overtaking av andre forsikringsselskap sin risiko, og kredittforsikring, der forsikringstakaren kan dekkje seg mot tap på uteståande fordringar.
Etterspurnaden etter finansielle tenester frå hushalda vert påverka av utforminga av og tiltrua til det offentlege velferdssystemet. Offentleg alderspensjon kan, saman med andre offentlege ytingar, medverke til at hushalda etter måten har ein føreseieleg og trygg økonomi, anten inntektene kjem frå løn eller pensjon. Dette kan dempe etterspurnaden etter ulike typar forsikring, som helseforsikring og livsforsikring.
Figur 2.14 viser samanhengen mellom kor rause dei offentlege pensjonsytingane er, og kor mykje privat pensjonskapital det er i OECD-landa. I Noreg er forventa pensjon frå alderspensjonen i folketrygda vel 50 pst. av sluttløna, noko som er nokså høgt i internasjonal samanheng. Sett i høve til BNP er forvaltningskapitalen til norske forsikringsselskap og pensjonskasser monaleg mindre enn i mange andre land i Europa. Privat pensjonskapital i Noreg utgjer om lag 40 pst. av Noregs BNP, eit godt stykke under OECD-gjennomsnittet.
Eit sentralt trekk ved pensjonssystem og pensjonsmarknader, internasjonalt så vel som i Noreg, er overgang frå ytingsbaserte til innskotsbaserte tenestepensjonsordningar i privat sektor. Slike ordningar inneber som oftast investeringsval for arbeidsgjevar eller arbeidstakar, der arbeidstakaren ber risikoen for verdiutviklinga på den investerte pensjonskapitalen.
I Noreg vart innskotsordningar skattefavoriserte i 2001 på same vis som ytingsbaserte ordningar, og utbreiinga av innskotsordningane auka kraftig då tenestepensjon vart obligatorisk i 2006, sjå figur 2.15. Det er framleis mest pensjonskapital i dei ytingsbaserte ordningane, men premieinnbetalingane til innskotsordningane er no høgare enn til ytingsordningane. I 2014 var litt over halvparten av bruttopremiane knytt til ei innskotsbasert ordning, jf. figuren. Auken for innskotsordningane inneber at fleire arbeidsgjevarar og arbeidstakarar må treffe avgjerd om korleis pensjonskapitalen skal forvaltast. Det gjev grunnlag for auka etterspurnad etter rådgjevings- og forvaltningstenester, både frå livsforsikringsselskapa og andre tilbydarar.
Til liks med det som er tilfelle i mange andre europeiske land, er banklån den klart viktigaste kjelda til kreditt for ikkje-finansielle føretak i Noreg. Det er store forskjellar mellom land når det gjeld finansieringa av føretakssektoren, og ofte skil ein mellom land med bankbaserte og marknadsbaserte finanssystem ut ifrå kor stor del av finansieringa si føretaka hentar direkte på marknaden. I somme andre land, til dømes Storbritannia og USA, er det vanlegare å ta opp lån i obligasjons- og sertifikatmarknaden. Av innanlandsgjelda til dei norske føretaka er over 80 pst. teke opp i finansinstitusjonar, sjå figur 2.16. Norske føretak nyttar også obligasjons- og sertifikatmarknaden til å finansiere verksemda, og ved utgangen av 2014 var om lag 14 pst. av innanlandsgjelda til føretaka teke opp på desse marknadene. Obligasjons- og sertifikatmarknaden har vorte ei relativt viktigare finansieringskjelde for dei ikkje-finansielle føretaka dei siste par åra, jf. figur 2.17, men obligasjonsgjelda utgjer likevel ein mindre del av den samla gjelda enn til dømes for ti år sidan.
Etterspurnaden etter betalingstenester aukar, og i 2013 vart det gjennomført over 2,5 mrd. betalingar i Noreg, ein auke frå 1,8 mrd. i 2007.6 Kontantbetalingar og papirbaserte girotenester har minka dei seinare åra, medan elektronisk girobetaling og kortbetaling har auka monaleg. Utviklinga skaut fart etter at Noregs første nettbank vart lansert i 1996. Bankane har dei seinare åra lansert mobilbank og betaling med mobiltelefon. På mange område har bankane samarbeidd om å utvikle infrastrukturen, jf. boks 2.2.
2.2.3 Marknadsstruktur
Dei sentrale aktørane på den norske finansmarknaden er bankar og andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond. Medan det jamt over har vore ein reduksjon i talet på føretak både på kreditt- og forsikringsmarknaden, har talet på føretak på verdipapirmarknaden auka over mange år, sjå figur 2.20. Det er sju større finansgrupperingar eller finanskonsern på den norske finansmarknaden, jf. tabell 2.1. DNB er det klart største finanskonsernet i Noreg, med ein samla marknadsdel på om lag 33 pst., målt som del av samla forvaltningskapital. DNB-konsernet har verksemd i alle bransjar, og er den største kredittinstitusjonen og forvaltaren av verdipapirfond og den nest største aktøren innanfor livsforsikring. DNB har også ein god del verksemd i utlandet som er inkludert i tala i tabell 2.1. Ved utgangen av 2014 stod DNB sine internasjonale einingar for 19 pst. av dei samla utlåna frå konsernet.
Tabell 2.1 Strukturen i den norske finansmarknaden medrekna filialar. Samla forvaltningskapital (i mrd. kr.) i ulike bransjar og prosent av forvaltningskapital i ulike bransjar (marknadsdelar). Per 31. desember 2014
Kredittinstitusjonar | Verdipapirfond | Skadeforsikring | Livsforsikring | Sum | |
---|---|---|---|---|---|
Samla forvaltningskapital | 6 306 | 836 | 236 | 1 204 | 8 581 |
Prosent av forvaltningskapital | |||||
DNB | 37,0 % | 24,0 % | 1,0 % | 24,0 % | 33,0 % |
Sparebank 1-gruppa | 14,0 % | 4,0 % | 6,0 % | 3,0 % | 11,0 % |
Nordea | 10,0 % | 10,0 % | 0,0 % | 7,0 % | 10,0 % |
KLP | 0,5 % | 16,0 % | 2,0 % | 35,0 % | 7,0 % |
Storebrand | 1,0 % | 11,0 % | 1,0 % | 21,0 % | 5,0 % |
Eika-gruppa | 5,0 % | 1,0 % | 2,0 % | 0,0 % | 4,0 % |
Gjensidige | 0,5 % | 0,0 % | 28,0 % | 1,0 % | 1,0 % |
Sum konsern og alliansar | 68,0 % | 66,0 % | 40,0 % | 92,0 % | 71,0 % |
Andre føretak | 32,0 % | 34,0 % | 60,0 % | 8,0 % | 29,0 % |
Filialar sin del av totalen | 13,0 % | 28,0 % | 0,3 % | 10,0 % | |
Utanlandskåtte føretak sin del av totalen | 12,0 % | 0,5 % | 8,0 % | 10,0 % |
Kjelde: Finanstilsynet
Andre store grupperingar eller sameiningar er Sparebank 1-gruppa, Storebrand, KLP, Eika-gruppa og Gjensidige. Det svenske finanskonsernet Nordea er representert i Noreg gjennom norske dotterselskap og har ein samla marknadsdel på 10 pst. Samla sett har finansgrupperingane eller -konserna dei største marknadsdelane innanfor livsforsikring og bankverksemd. Utanlandske aktørar har også store marknadsdelar, gjennom både filialar og dotterselskap, særleg innanfor skadeforsikring og finansieringsverksemd.
I høve til forvaltningskapitalen er det kredittinstitusjonane, det vil seie bankane, kredittføretaka og finansieringsselskapa, som er den klart største gruppa. Kredittinstitusjonane hadde ein samla forvaltningskapital på om lag 6 300 mrd. kroner ved utgangen av 2014, jf. tabell 2.1. Livsforsikringsselskapa er nest størst og hadde ein samla forvaltningskapital på om lag 1 200 mrd. kroner.
Ser ein fleire år attende, har fleire viktige føresetnader for å delta på den norske finansmarknaden endra seg monaleg. For det første har det vorte enklare for europeiske aktørar å etablere seg på den norske marknaden. Etter at Noreg vart EØS-medlem i 1994, har finansinstitusjonar med konsesjon frå eit anna EØS-land i høve til «single passport»-prinsippet rett til å tilby finansielle tenester i Noreg gjennom etablering av dotterføretak eller filialar eller ved grensekryssande verksemd. Avtala gjev det same høvet til å yte finansielle tenester i andre EØS-land. Utanlandske aktørar har gradvis auka nærværet i Noreg, og utviklinga vil truleg halde fram i åra framover. Ved utgangen av 2014 var det 71 filialar av utanlandske bankar, andre kredittinstitusjonar og forsikringsselskap i Noreg, medan norske bankar, andre kredittinstitusjonar og forsikringsselskap hadde 33 filialar i utlandet. Utanlandske aktørar har monalege marknadsdelar på den norske finansmarknaden, både gjennom filialar og dotterselskap. Særleg på skadeforsikringsmarknaden utgjer filialane ein stor del. Her er to av dei tre største selskapa, If Skadeforsikring og Tryg Forsikring, filialar av utanlandske selskap. På bankmarknaden er to av dei fire største bankane, Handelsbanken og Danske Bank, filialar av utanlandske bankar.
Boks 2.4 Strukturtrekk
Bankmarknaden i Noreg er kjenneteikna ved at det er nokre få store forretningsbankar og ei rekkje mindre sparebankar. Blant forretningsbankane i Noreg er det eit stort innslag av dotterbankar og filialar av utanlandske bankar. Dei fleste dotterbankane og filialane i Noreg har skandinaviske morbankar. I 2014 (per 30. juni) var det 125 norske bankar og 12 filialar av utanlandske bankar som opererte i den norske marknaden. Dotterbankane og filialane har ein relativt større marknadsdel i næringsmarknaden enn i personmarknaden.
Mindre bankar har større marknadsdel i Noreg enn til dømes i Sverige og Danmark. I Sverige er det fire store bankar med tilnærma lik marknadsdel. Til saman utgjer marknadsdelane på utlån til dei fire største bankane i Sverige rundt 75 pst. I Danmark har to bankar rundt 60 pst. av utlånsmarknaden, medan den tredje største har ein noko mindre marknadsdel. Til saman har dei tre største danske bankane ein marknadsdel på rundt 80 pst.
105 bankar har løyve til å drive sparebankverksemd i Noreg, sjå figur 2.20. Det har vore ein monaleg nedgang i talet sparebankar sidan 1960-talet, då det var om lag 600 sparebankar i Noreg. Det er 19 bankar med konsesjon til å drive forretningsbankverksemd i Noreg. Av dei er det 17 som er norske, medan to (Nordea Bank Noreg og Santander Consumer Bank) er dotterbankar av utanlandske bankar.
Ved utgangen av 2014 var det ti norskåtte og to utanlandskåtte livsforsikringsselskap på den norske marknaden. I tillegg var det ein del mindre utanlandskåtte filialar. Den norske livsforsikringsmarknaden er blant dei mest konsentrerte i Europa. Dei tre største livselskapa har om lag 80 pst. av den samla forvaltningskapitalen. Blant anna som følgje av at DNB Liv og Storebrand avviklar porteføljane sine med offentleg tenestepensjon, har KLP auka marknadsdelen sin med 3,3 prosentpoeng i 2014. KLP er no det einaste livsforsikringsselskapet som tilbyr offentleg tenestepensjon.
Pensjonskassene har ein marknadsdel på i underkant av 20 pst. i den samla norske pensjonsmarknaden.1 Ved utgangen av 2014 var det 90 pensjonskasser på den norske marknaden, 52 private og 38 kommunale.
Det er 93 aktørar i det norske skadeforsikringsmarknaden. Konsentrasjonen i skadeforsikringsmarknaden har vorte redusert noko dei siste åra, men konsentrasjonen er framleis relativ høg i europeisk samanheng. Dei fem største skadeforsikringsselskapa har om lag to tredelar av marknaden. Nedgangen i marknadskonsentrasjonen kan sjåast i samanheng med at ei rekkje nye selskap har etablert seg i marknaden. Utanlandske filialar har ein marknadsdel på omtrent 40 pst.
Ved utgangen av 2014 var det 150 verdipapirføretak med konsesjon frå Finanstilsynet, inkludert utanlandske verdipapirføretak med filial i Noreg. Av desse var 102 ikkje-bankar, 26 vart integrerte i bankar, og 22 var filialar. Det var 30 forvaltningsselskap for verdipapirfond ved utgangen av 2014.
1 Definert som samla forvaltningskapital i livsforsikringsselskap og pensjonskasser.
For det andre har også framveksten av nettbankar og andre digitale plattformer medverka til at det er lettare for aktørar å etablere seg i nye geografiske marknader. Det er til dømes ikkje lenger nødvendig å byggje ut eit kostbart nettverk av bankkontor for å nå kundane. I dag kan det vere nok å etablere og marknadsføre ein digital distribusjonskanal. Der kundane tidlegare helst vende seg til tilbydarar nær dei, kan dei no hente inn tilbod lokalt eller frå nasjonale og internasjonale bankar utan omsyn til geografien.
For det tredje har alliansar og utstrekt samarbeid mellom sparebankar endra konkurranse- og risikotilhøva på bankmarknaden. Dei seinare åra har det vorte inngått nokså omfattande samarbeidsavtaler mellom elles uavhengige sparebankar. Samarbeidet er ofte organisert innanfor eller i nær tilknyting til eitt eller fleire finansføretak som vert oppretta og åtte i fellesskap av samarbeidspartnarane. Med å vere med i slike alliansar har dei små sparebankane mellom anna sikra seg tilgang til kompetanse, felles marknadsføring og eit breitt produktspekter. Medan samarbeid i grupper på somme vis kan styrkje konkurransen i marknaden, mellom anna ved å gje kritisk masse og meir effektiv drift til elles svakare aktørar, kan det også redusere konkurransen dersom det førekjem marknadsdeling eller medviten eller umedviten tilpassing av prisar og produkt mellom ulike tilbydarar. I den nyleg vedtekne finansføretakslova er det teke inn nye lovreglar som mellom anna inneber at fleire av reglane som gjeld for finanskonsern, også skal gjelde for slike samarbeidande grupper, sjå avsnitt 2.4. På 1990-talet vart det skipa to store alliansar mellom sparebankane, og i dag er dei fleste sparebankane knytte saman i ein av desse. I sparebankalliansen Eika er det i alt 72 sparebankar medan det i Sparebank 1-alliansen er 15. Dei to alliansane har ein marknadsdel på brutto utlån til personmarknaden på høvesvis om lag 20 og 9 pst. Det er 18 alliansefrie sparebankar i Noreg, og desse har ein slik marknadsdel på om lag 14 pst.
2.2.4 Verdipapirmarknadene
Oslo Børs er ein liten finansiell marknadsplass i internasjonal målestokk. Oslo Børs, miljøa rundt og lovverket er tilpassa norsk økonomi. Mellom anna er noteringskrava enkle. Det gjev lågare kostnader for mindre selskap som ynskjer å notere papir, og det gjev relativt god likviditet i smale marknadssegment som er viktige for norsk økonomi.
Børsen og andre marknadsplassar legg til rette for ei kopling mellom kapitalbehovet i næringslivet og behova til kapitaleigarane for plasseringsobjekt. Informasjon og transparens på marknadsplassen gjer det mogeleg for profesjonelle aktørar å ta stilling til risiko og kvar kapitalen kan kaste mest av seg.
Staten eig ein relativt stor del av verdipapira på Oslo Børs, og norske hushald investerer mindre direkte i aksjar og obligasjonar enn det som er tilfellet i ein del andre land.
Privat eigarskap utgjer om lag 65 pst. av verdiane på Oslo Børs, og delen utanlandsk eigarskap er om lag 37 pst. av det private eigarskapet. Den norske marknaden for såkalla høgrenteobligasjonar, det vil seie obligasjonar utferda av føretak med svakare kredittvørdnad, er eit døme på ein delmarknad med ein monaleg del internasjonale investorar. Oslo Børs er den største marknaden i Norden for slike verdipapir. Børsen er ein internasjonalt viktig marknadsplass for mellom anna sjømat, energi, oljeservice og shipping. Selskap i energisektoren utgjorde over 40 pst. av verdiane på Oslo Børs, og børsen er også stor når det gjeld børsnoterte energirelaterte selskap. Her har han flest i Europa. Oljeservice har vakse til å verte ein sentral del av energisektoren. Målt i noterte selskap er Oslo Børs den nest største børsen i verda på oljeservice. Han er også verdas nest største finansielle marknadsplass innanfor shipping og verdas største når det gjeld sjømat.
For føretaka kan utferding av obligasjonar erstatte eller kome i tillegg til banklån. Figur 2.16 over viser utviklinga i innanlandsk gjeld (K2) frå 1987 og fram til i dag, og ein ser at obligasjons- og sertifikatmarknaden har vakse dei siste åra. EU arbeider med å få på plass eit rammeverk for ein felles kapitalmarknadsunion som skal fremje alternativ til bankfinansiering, sjå boks 3.16. Ein særskild grunn til det har vore omsynet til finansiell stabilitet og det at føretaka har vore avhengige av finansiering via bankmarknaden.
Den norske marknaden for høgrenteobligasjonar har ein monaleg del internasjonale investorar, og den sterke stillinga Noreg har innanfor desse internasjonale næringane, kan ha vore med på å hjelpe framveksten av denne marknadsplassen, i tillegg til enklare juridiske krav i Norden enn elles i Europa og USA.
Den nordiske marknaden for høgrenteobligasjonar stettar ein etterspurnad etter kostnadseffektiv og enkel finansiering utanfor bankmarknaden, særleg for små og mellomstore føretak. I tillegg gjev han investorane ei moglegheit for høg avkastning. Det er vanskeleg å rekne seg til den nøyaktige storleiken på marknaden, sidan han ikkje er gjenstand for pliktig rapportering. Han er heller ikkje gjenstand for kredittvurdering, og tilgjengelege marknadsdata avheng difor av ei rekkje føresetnader om kva for ein del av marknaden ein ynskjer å sjå på. Figur 2.21 viser eit overslag over mengda høgrenteobligasjonar som er utferda på Oslo Børs frå 2003 fram til i dag. I 2014 vart det utferda høgrenteobligasjoner på Oslo Børs til ein verdi av om lag 60 milliardar kroner.
Figur 2.22 viser at 40 pst. av høgrenteobligasjonane målt etter uteståande volum er innanfor offshoreservice, 20 pst. innanfor industri og 20 pst. innanfor shipping. Dette er sektorar som historisk har vore påverka av svingingar i oljeprisen. I åra framover vil det vere monalege behov for refinansiering i høgrenteobligasjonsmarknaden, og det er uvisst korleis dette behovet kjem til å verte møtt i marknaden framover.
Verdipapirføretaka formidlar kjøp og sal av finansielle instrument og dei driv investeringsrådgjeving i samband med slike transaksjonar. Dessutan hjelper dei føretak med råd og tilrettelegging i samband med oppkjøp og samanslåingar. Dei har ofte lettare for å finne ut av risikoen og utsiktene for avkastning i eit investeringsprosjekt enn den einskilde investoren.
Figur 2.23 viser utviklinga i utvalde inntektspostar for verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar. Ein ser at inntekta frå emisjons- og rådgjevingsverksemd har falle monaleg frå toppnivået i 2007. Denne utviklinga er i tråd med reduksjonen i verdipapirføretak på same tidspunkt.
Forvaltningsselskap fungerer som forretningsførarar for verdipapirfond. Drifta av verdipapirfond vert utøvd av eit forvaltningsselskap, og selskapet står for alle disposisjonar over fondet. Eit forvaltningsselskap har ofte fleire verdipapirfond under forvaltning. Fonda vert ofte grupperte etter kva typar verdipapir som inngår i porteføljen: aksjefond, obligasjonsfond, pengemarknadsfond, kombinasjonsfond og andre verdipapirfond. Mandata er ofte svært presise, men dei seinare åra har fleire forvaltningsselskap gått over til verksemd som inneber aktiv forvaltning, noko som inneber eit større innslag av diskresjonære investeringsavgjerder.
Forvaltningsgodtgjersle er den største delen av driftsinntektene i forvaltningsselskapa. Hovuddelen av forvaltningsgodtgjeringa frå forvaltning av aksjefond varierer over tid og vert påverka av utviklinga på aksjemarknadene internasjonalt.
Kapitalen som vert forvalta av verdipapirfond, har auka monaleg dei siste åra og er meir enn tredobla sida 90-talet. Forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond var på 814 milliardar kroner ved utgangen av 2014. Figur 2.24 viser utviklinga i forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond fordelt på dei ulike fondstypane. Forvaltningskapitalen i aksjefond har auka gradvis sidan 2011. Forvaltningskapitalen i obligasjonsfond har om lag dobla seg frå nivået i 2011, men fekk ein nedgang ved utgangen av 2014 på grunn av fallet i oljeprisen. Store delar av forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond er plasserte i aksjefond og obligasjonsfond. Sidan 2012 har det vorte plassert meir kapital i desse instrumenta, og forvaltningskapitalen i pengemarknadsfond, kombinasjonsfond og andre verdipapirfond har halde seg stabil dei seinare åra. Netto teikningar i norskregistrerte verdipapirfond har stege frå eit nivå på 26,7 milliardar kroner i 2011 til 145 milliardar kroner i 2014. Hovuddelen av dette kjem frå teikning i obligasjonsfond.
2.3 Utsiktene for finansiell stabilitet
2.3.1 Det makroøkonomiske biletet
Den moderate oppgangen i verdsøkonomien held fram, men han er ujamn. Medan USA og Storbritannia opplever god vekst både i produksjon og sysselsetjing, slit euroområdet framleis med følgjene av finanskrisa. Etter to år med nedgang steig likevel verdiskapinga (BNP) i euroområdet i fjor, og arbeidsløysa har falle gradvis dei siste åra. Ein vidare oppgang i den økonomiske veksten i euroområdet krev truleg at landa greier å gjennomføre fleire reformer i arbeids- og produktmarknaden.
Mange prognosemakarar meiner at veksten i dei framveksande økonomiane kjem til å gå litt tilbake samanlikna med dei seinare åra. Den viktigaste grunnen er utviklinga i Kina, der styresmaktene ser ut til å godta lågare vekstratar. Samstundes er ein kombinasjon av lågare oljepris og økonomiske sanksjonar i ferd med å føre Russland inn i eit djupt økonomisk tilbakeslag. Veksten i Brasil og andre land i Latin-Amerika ser også ut til å ha vore meir avhengig av høge råvareprisar enn ein har trudd. Fleire afrikanske økonomiar vert også påverka negativt av lågare råvareprisar.
Det kraftige fallet i prisen på olje gjev lågare inntekter for oljeeksporterande land, men gjev auka kjøpekraft for importlanda. Effekten på den samla etterspurnaden er venta å vere positiv, slik at den låge oljeprisen vil stimulere til sterkare vekst i verdsøkonomien. Nedgangen i oljeprisen har også ført til svært låg inflasjon og har kome i lag med meir urolege forhold i aksje- og valutamarknadene. Svekka tru på potensialet for vekst i framveksande økonomiar, frykt for stagnasjon i euroområdet og utryggleik i forholdet mellom Hellas og dei andre eurolanda har også medverka til dette. Ulik konjunkturutvikling kjem til syne i auka skilnader i pengepolitikken og stor rørsle i valutakursar. Fleire sentralbanker har endra politikk sidan nyttår.
Norsk økonomi har klart seg bra i lang tid. Sysselsetjinga er høg og arbeidsløysa låg. Sidan årtusenskiftet har høg oljepris, låge renter og ein kortare periode med sterk vekst hjå handelspartnarane våre løfta etterspurnaden etter varer, tenester og arbeidskraft i den norske fastlandsøkonomien. Etterspurnaden er også trekt opp av stigande overføringar til statsbudsjettet frå Statens pensjonsfond utland. Auka prisar på olje og gass og låg vekst i prisane på importerte varer gav ei betring i Noreg sitt byteforhold til utlandet. Det var med på å drage opp veksten i realløna, og kostnadsnivået i Noreg har kome i utakt med nivået i land vi konkurrerer med. Høg etterspurnad og høgt lønsnivå har gjeve stor tilstrøyming av arbeidskraft utanfrå.
Det har lenge vore venta at etterspurnaden frå petroleumsnæringa kjem til å utgjere ein jamt mindre del av den samla verdiskapinga i fastlandsøkonomien. Fallet i oljeprisen mot slutten av fjoråret kan drage i retning av at omslaget på kort sikt kan bli kraftigare enn fyrst venta. Sjølv om oljeverksemda kjem til å vere ei viktig næring for Noreg i mange år framover, kjem ho neppe til å vere den same vekstmotoren for resten av økonomien som ho har vore dei siste førti åra. Det kjem til å stille norsk økonomi framfor krevjande omstillingar. Med låg arbeidsløyse og høg sysselsetjing har Noreg eit godt utgangspunkt for å møte slike omstillingar. Samstundes kan eit høgt kostnadsnivå i Noreg gjere det krevjande for norske bedrifter og arbeidstakarar å vende seg mot nye marknader. Svekkinga av krona dei siste to åra kan difor ha vore til stor hjelp. Kostnadsnivået er likevel framleis høgt samanlikna med nivået hos handelspartnarane våre. Også konjunkturutviklinga til handelspartnarane våre vil påverke kor lett føretaka kan vende seg mot nye marknader.
Lågare oljepris påverkar også norsk økonomi gjennom andre kanalar. Redusert aktivitet og lønsemd i den petroleumsretta verksemda kan peike i retning av lågare vekst i reallønene og svakare utvikling i privat etterspurnad. Samstundes kan utsikter til svakare økonomisk utvikling drage ned investeringane i føretaka og drage opp sparinga i hushalda. Forbrukartilliten fall inn i 2015 og ligg no under det historiske gjennomsnittet. Som nemnt over kan oljeprisfallet drage opp veksten i oljeimporterande land og medverke til auka eksport av norskproduserte varer og tenester. Det kan dempe utslaga i fastlandsøkonomien av lågare aktivitet i oljerelaterte føretak.
Trass i svekka utsikter for norsk økonomi har veksten i bustadprisane teke seg opp. Det heng mellom anna saman med at rentene på bustadlån har kome ned på svært låge nivå. Forventningar om at bustadprisane skal halde fram med å stige har truleg i seg sjølv vore med på å drage opp prisveksten. Fall i tilbodet av nye bustader har drege i same retning. Hushalda si gjeld veks framleis raskare enn inntekta deira. Målt som del av disponibel inntekt har hushalda si gjeld aldri vore høgare enn no. Med høg gjeld og i all hovudsak flytande rente på lån vil sjølv små renteaukar raskt slå ut i redusert kjøpekraft for hushalda.
I Nasjonalbudsjettet 2015 rekna Finansdepartementet med ein vekst i BNP for Fastlands-Noreg på 2 prosent i år. Utviklinga i norsk økonomi gjennom siste halvdel av 2014 og inn i 2015 dreg i retning av at veksten i BNP for Fastlands-Noreg kan verte noko lågare enn dette. Finansdepartementet vil leggje fram nye overslag i revidert nasjonalbudsjett i mai.
2.3.2 Bank og kreditt
2.3.2.1 Inntening og soliditet
Norske bankar fekk eit samla resultat før skatt på i overkant av 53 mrd. kroner i 2014, ein auke på 17 pst. eller om lag 8 mrd. kroner frå året før. Eigenkapitalavkastninga var 12,7 pst., noko opp frå 2013. Betringa av resultatet kjem for det meste av ein auke i netto renteinntekter, som er den viktigaste inntektskjelda til bankane. Salet av Nets Holding førte også til monalege vinstar for mange bankar. Utan denne vinsten hadde eigenkapitalavkastninga til bankane vore nær uendra frå året før.
Mengda og kvaliteten på den ansvarlege kapitalen i ein bank er sentrale for evna til å bere tap utan at innskytarar og andre vanlege kreditorar lir tap. Etter dei nye kapitaldekningsreglane som vart vedtekne i 2013, skal den reine kjernekapitalen utgjere minst 4,5 pst. av den risikovekta balansen. Den reine kjernekapitalen er i hovudsak eigenkapital, og han er det kapitalslaget som har høgast tapsberande evne. I tillegg til minstekrava skal institusjonane ha ein kapitalbuffer av rein kjernekapital. Dei nye bufferkrava aukar gradvis fram til 1. juli 2016, sjå figur 2.26. For bankar som ikkje er systemviktige, vil det samla kravet til rein kjernekapital då utgjere 11 pst., medrekna eit motsyklisk kapitalbufferkrav på 1 pst. Det samla kravet for systemviktige bankar vil vere 13 pst.
Alle norske bankar oppfylte dei gjeldande minstekrava og bufferkrava ved utgangen av 2014. Vekta etter storleiken på banken låg den gjennomsnittlege reine kjernekapitaldekninga på 12,9 pst. ved utgangen av 2014, sjå figuren. Dette er ein auke på 0,7 prosentpoeng frå 2013.
Norske bankar har styrkt soliditeten dei seinare åra. For bankane under eitt har den reine kjernekapitaldekninga auka jamt med til saman 5,7 prosentpoeng sidan 2008. Men om ein måler soliditetsstyrkinga på ein annan måte, med rein kjernekapital som del av den ikkje-risikovekta forvaltningskapitalen, har ikkje auken vore like kraftig, sjå figur 2.28. Dette soliditetsmålet har for bankane samla auka med om lag 1,8 prosentpoeng på desse seks åra, til eit nivå på 6,6 pst. ved utgangen av 2014. Dette er ikkje særleg høgt i historisk samanheng. Skilnaden mellom den reine kjernekapitaldekninga og det ikkje-risikovekta målet har auka over fleire år. Når skilnaden aukar, kan det indikere høgare vekst i utlån som vert vekta lågare i berekningsgrunnlaget for kapitalkrava, til dømes utlån til bustadformål.
Samla hadde kredittføretaka, unnateke Eksportfinans ASA, eit resultat før skatt på om lag 7 mrd. kroner. Dei fleste kredittføretaka som utferdar obligasjonar med førerett (OMF), er heilåtte av ein bank, og resultata deira inngår difor i resultata til bankane. For kredittføretaka samla var den reine kjernekapitaldekninga 14,3 pst. ved utgangen av 2014.
Boks 2.5 Arbeidet med finansiell stabilitet
Arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Finansdepartementet har det overordna ansvaret for å sjå til at det finansielle systemet fungerer godt. Noregs Bank og Finanstilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje trugsmål mot stabiliteten. Finanstilsynet fører også tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank er långjevar i siste instans.
I 2006 vart det etablert ei ordning med såkalla trepartsmøter mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. I desse møta vert det utveksla informasjon om mellom anna utviklinga i norsk og internasjonal økonomi og stoda i finansmarknadene. Møta vert haldne kvart halvår, men oftare når det trengst. I 2014 var det to slike møte.
Boks 2.6 Motsyklisk kapitalbufferkrav
Det motsykliske kapitalbufferkravet er eit element i det nye kapitalkravsregelverket som vart innført i Noreg i 2013, og som er basert på EU sitt nye kapitalkravsregelverk (CRR/CRD IV-regelverket). Nivået på det motsykliske kravet skal tilpassast utviklinga i norsk økonomi, og fastsetjast slik at bankane må styrkje soliditeten sin i gode tider. Kravet skal i hovudregelen variere mellom 0 og 2,5 pst. av berekningsgrunnlaget. Formålet med den motsykliske kapitalbufferen er å gjere bankane meir solide overfor utlånstap i ein framtidig lågkonjunktur og dempe faren for at bankane skal vere med på å forsterke ein eventuell nedgangskonjunktur med å redusere kredittgjevinga. Det skal vere krav om ein motsyklisk buffer i periodar med særleg høg kredittvekst eller anna utvikling som fører til auka syklisk systemrisiko. Om det vert lågare aktivitet i økonomien, kan kravet senkast eller fjerna. Medan eit krav om auka motsyklisk buffer normalt skal varslast minst 12 månader før det vert sett i kraft, kan kravet setjast ned med ein gong.
Finansdepartementet fastsette i oktober 2013 forskriftsreglar om korleis bufferkravet skal fastsetjast. Noregs Bank skal fire gonger i året, seinast innan utgangen av kvart kvartal, utarbeide eit avgjerdsgrunnlag som skal innehalde ein såkalla bufferguide. Noregs Bank og Finanstilsynet skal utveksle relevant informasjon og vurderingar av dette arbeidet. Noregs Bank vil gje departementet råd om nivået på bufferkravet. Finanstilsynet kan også gje sitt syn. Finansdepartementet skal inntil vidare fastsetje nivået.
Finansdepartementet bestemte i desember 2013 at bankane skal oppfylle eit krav til motsyklisk kapitalbuffer på 1 pst. av berekningsgrunnlaget med verknad frå 30. juni 2015. Departementet heldt ved lag denne avgjerda gjennom 2014 i dei kvartalsvise vurderingane av nivået på bufferkravet. Finansdepartementet bestemde 27. mars 2015 at nivået på det motsykliske kapitalbufferkravet vert halde uendra på 1 prosent frå 30. juni 2015, i tråd med råd frå Noregs Bank.
Det motsykliske kapitalbufferkravet er eit nytt verkemiddel. Noregs Bank og Finansdepartementet vurderer jamleg korleis bufferkravet verkar på norsk økonomi, og følgjer utviklinga i korleis dette bufferkravet vert fastsett og praktisert i andre land.
Boks 2.7 Stresstesting av banksektoren
Stresstesting av finansnæringa er eit nyttig verktøy for myndighetene. Gjennom simulering av ulike krisescenario kan sentralbanken, tilsynsstyresmakter og andre få betre oversikt over kor godt rusta bankar eller forsikringsselskap er til å klare seg gjennom dårlegare tider.
Då den europeiske sentralbanken (ESB) skulle ta over rolla som tilsynsstyresmakt for dei største bankane i euroområdet i november 2014, la ESB frem ei vurdering av 130 bankar i euroområdet og Litauen. European Bank Authority (EBA) la samstundes fram resultata av sine stresstestar av 123 bankar som vart gjord i samband med analysane til ESB. Stresstestane til EBA omfatta også bankar i EØS-området som ikkje er med i eurosamarbeidet, inkludert den norske DNB Bank.
Det negative scenarioet i EBA sin stresstest innebar mellom anna ein auke i globale obligasjonsrenter og ei forverring av kredittkvaliteten i land med låg etterspurnad. I scenarioet fører dette til ein markant nedgang i europeisk økonomi og auka arbeidsløyse i Europa. I det negative scenarioet kom DNB ut med ei rein kjernekapitaldekning på 11,3 pst. ved utgangen av 2016, godt over eit definert terskelkrav på 5,5 pst., sjå figur 2.29. I referansescenarioet som speglar den venta økonomiske utviklinga, reknar EBA med at DNB vil ha ei rein kjernekapitaldekning på 14,4 pst. ved utgangen av 2016. Terskelkravet i referansescenarioet var på 8 pst.
Tretten bankar, hovudsakeleg frå periferien i eurosona, klarte ikkje stresstesten. Til saman mangla bankane rundt 80 milliardar euro i kjernekapital. Tolv bankar betra kapitaldekninga si nok i løpet av 2014 til at dei klarte testen.
2.3.2.2 Risikotilhøva
Risikoen for at ein bank ikkje kan innfri skyldnader ved forfall sjølv om han er solvent, vert kalla likviditetsrisikoen.
Ein bank kan ta imot innskot og yte lån. Ein bank som finansierer langsiktige ikkje-likvide utlån med likvide innskot – eller satsar på å rullere kortsiktig finansiering i marknaden –, risikerer å ikkje ha likvide eigedelar når han treng dei. Så lenge innskytarar og långjevarar opptrer uavhengig av kvarandre, kan banken ha nokså god oversikt over denne risikoen og halde seg med likvide eigedelar nok til å handtere risikoen. Uro blant innskytarar eller på finansieringsmarknaden kan vere vanskeleg å handtere for ein einskild bank, men innskotsgarantiordninga hjelper til å redusere faren for at det skal oppstå uro hjå innskytarane.
Dei siste tiåra har innlån i kapitalmarknaden vorte ein viktig del av finansieringa til norske bankar og andre kredittinstitusjonar. Marknadsfinansiering gjer at bankane kan styre likviditetsrisikoen sin på eit vis som dei ikkje kan med innskot. Men om bankane legg til grunn at ny finansiering alltid vil vere tilgjengeleg i marknaden på kort varsel, kan likviditetsrisikoen deira auke raskt og mykje når desse marknadene vert mindre likvide.
Prosentdelen kortsiktig marknadsfinansiering hjå bankane og kredittføretaka har dei siste åra gått ned, jf. figur 2.30. Samtidig har obligasjonslån med løpetid på over eitt år, inkludert obligasjonar med førerett (OMF), utgjort ein stadig større del av den samla finansieringa, og no utgjer dei i underkant av 30 pst. Av dette utgjer OMF størsteparten. Løpetida på OMF og andre obligasjonslån auka jamt i åra etter finanskrisa, men dei siste to åra har dei vist ein fallande trend. I gjennomsnitt er løpetida på nye OMF-utferdingar no om lag 5 år.
Ein av grunnane til at OMF har vakse fram som ei av dei viktigaste finansieringskjeldene, er at bankane har tent på å skilje ut godt sikra bustadlån til kredittføretak som kan utferde OMF, medan dei sjølve har halde att meir risikable eigedelar i balansen. Ved utgangen av 2014 hadde bankane samla overført 54 prosent av bustadlåna til OMF-føretak. Høvet til å utferde OMF inneber auka fleksibilitet og tilgang til nye finansieringsmarknader, men utviklinga inneber at det i ein krisesituasjon vil vere mindre tilgang på sikre eigedelar som institusjonane kan pantsetje for å sikre seg finansiering. Det kan isolert sett medverke til at tilgangen til ny marknadsfinansiering vert mindre stabil.
Bankane og kredittføretaka utferda obligasjonsgjeld for om lag 360 mrd. kroner i 2014. Hovuddelen av utferdingane er OMF, og av dette er mesteparten i utanlandsk valuta. Gjelda i valuta finansierer utlån og andre eigedelar i norske kroner, noko som inneber ein ikkje ubetydeleg valutarisiko hjå institusjonane. Institusjonane motverkar risikoen med valutabyteavtaler på derivatmarknaden. Bankane sitt behov for å bruke derivatmarknaden for å styre valutarisikoen utgjer også ein potensiell risiko, som kan kome til syne ved forstyrringar i derivatmarknaden.
Det er viktig at institusjonane har god styring på likviditetsrisikoen sin. I tråd med nye EU-reglar skal det innførast nye krav som vil innebere ei kvantitativ avgrensing av kor høg likviditetsrisikoen kan vere, sjå boks 2.8. Medan likviditetsdekningskravet LCR skal sikre at institusjonane har nok likvide eigedelar til å takle periodar med svikt i finansieringsmarknadene, skal finansieringskravet NSFR sikre at finansieringa er stabil nok i høve til løpetida på eigedelane.
Norske bankar og bankkonsern hadde ved utgangen av 2014 ei samla likviditetsdekning på 115 pst. Dekninga til dei store bankane var 117 pst., medan dei mellomstore og mindre bankane hadde ei dekning på høvesvis 92 og 116 pst., sjå figur 2.31. Likviditetsdekninga til bankane vart betre i 2014, mellom anna som følgje av at LCR-definisjonen vart endra i tråd med dei endelege reglane frå EU-kommisjonen. Endringane inneber mellom anna at bankane i større mon kan telje med obligasjonar med førerett (OMF) i likviditetsdekninga.
Om ein ser på bankane si likviditetsdekning berre i norske kroner, har dei store bankane monaleg lågare dekning enn kva dekninga er for alle valutaer samla, sjå figur 2.31. Medan likviditetsdekninga i norske kroner var 40 pst. for bankane samla sett ved utgangen av 2014, var ho 30 pst. for dei store bankane. Dette inneber at bankane er avhengige av å kunne veksle om utanlandsk valuta til norske kroner i eit scenario der det er uro på finansieringsmarknaden, jf. utforminga av LCR-kravet (boks 2.8). Dei mindre bankane har stort sett ikkje verksemd i andre valutaer enn norske kroner.
Bankar og andre kredittinstitusjonar driv hovudsakleg med utlån, og kredittrisiko er normalt den viktigaste risikofaktoren for institusjonane. Kredittrisikoen er nær knytt til kva evne og vilje norske hushald og føretak har til å betale renter og avdrag, og til verdiutviklinga på bustader og annan pantsett eigedom. Bustadlån utgjer som nemnt i avsnitt 2.2 om lag halvparten av dei totale utlåna frå bankar og OMF-føretak. Tilhøva på bustadmarknaden har difor stor innverknad på etterspurnaden etter lån. Dei siste åra har etterspurnaden etter bustadlån vakse kraftig samtidig som kredittinstitusjonane har hatt god tilgang på finansiering til låg rente. Det at hushalda har hatt god tilgang til lån til låg rente, kan ha medverka til oppgangen i bustadprisane, og oppgangen har igjen auka behovet for og etterspurnaden etter lån.
Gjeldsbøra og rentebøra er nyttige tal når ein skal vurdere hushalda si evne til å bere gjelda. Gjeldsbøra er bruttogjeld i prosent av disponibel inntekt, medan rentebøra er renteutgifter i prosent av disponibel inntekt. Gjeldsveksten har i fleire år vore høgare enn inntektsveksten, slik at gjeldsbøra har auka. Gjeldsbøra ligg no på om lag 200 pst., sjå figur 2.32. Ho aukar framleis, men i lågare takt enn før finanskrisa. Rentebøra er etter måten låg, på like under 6 pst., men er var for renteendringar.
Boks 2.8 Likviditetsbufferkravet LCR
Formålet med likviditetsbufferkravet LCR (liquidity coverage requirement) er at bankane skal ha ein buffer av likvide eigedelar av høg kvalitet som er tilstrekkeleg til å møte forpliktingane til banken som oppstår i løpet av ein 30-dagarsperiode med omfattande uro i finansieringsmarknadene. Dei likvide eigedelane skal enkelt kunne seljast utan kraftig verdifall. Tanken er at bankane, utan hjelp ifrå styresmaktene, skal kunne kome seg heilskinna gjennom ein situasjon som den som oppstod i byrjinga av den internasjonale finanskrisa.
LCR har to komponentar:
Verdien av høglikvide eigedelar etter avkorting for venta verdifall under stress.
Samla netto utbetalingar i ein stressperiode på 30 dagar, definert som venta utbetalingar minus venta innbetalingar, ut ifrå ein føresetnad om at marknadsfinansiering ikkje kan fornyast, og at banken mister ein del av innskota.
Likviditetsbufferen er definert som verdien av høglikvide eigedelar (a) i prosent av totale netto utbetalingar (b) og skal i utgangspunktet vere over 100 pst. totalt sett og for kvar valuta banken har monaleg verksemd i.
Generelt vil auka behaldning av sikre og lett omsetjelege eigedelar og/eller lengre løpetid på finansieringa auke LCR-en til ein bank.
Likviditetsbufferkravet LCR skal fasast inn i EU frå 1. oktober 2015 og ha full verknad frå 1. januar 2018, men det er fullt høve for medlemslanda til å innføre kravet før.1 Finanstilsynet har fått i oppdrag frå Finansdepartementet å vurdere korleis kravet bør innførast i Noreg, og Noregs Bank gav hausten 2014 sitt syn på kva likviditetskrav som bør gjelde for norske bankar.2 Noregs Bank tilrår eit krav til LCR i norske kroner på 60 pst., medan bankar med signifikant likviditetsrisiko i utanlandske valutaer bør påleggjast å oppfylle LCR-kravet fullt ut i kvar av desse valutaene.
1 Eit krav til stabil og langsiktig finansiering (NSFR) er ikkje ferdig utforma enno, men skal etter planen innførast i 2018.
2 Finansiell Stabilitet 2014.
Boks 2.9 Utviklinga på bustadmarknaden
Sterk vekst i realløningane og låge realrenter har saman med høg folkeauke og tidvis god tilgang på kreditt medverka til sterk oppgang i prisane på bustader over fleire år. Gjennom 2013 sokk bustadprisane likevel noko, men det gjennomsnittlege prisnivået i 2013 var høgare enn i 2012. Veksten tok seg opp att gjennom 2014, og bustadprisane var 8,1 pst. høgare ved utgangen av 2014 enn eitt år før, jf. figur 2.33. Deflatert med veksten i konsumprisane, disponibel inntekt og gjennomsnittleg årsløn har bustadprisveksten vore monaleg lågare, men bustadprisnivået er høgt om ein måler det slik òg, jf. figuren.
Prisutviklinga for dei største byane vitnar om store regionale forskjellar. Tromsø har no i lengre tid hatt den sterkaste tolvmånadersveksten, jf. figuren. I februar var bustadprisane i Tromsø 16,6 pst. høgare enn i same månad i fjor. I tilsvarande periode har bustadprisane i Oslo auka med 11 pst. Blant dei større byane var veksten veikast i Stavanger, med ein vekst i den nemnde perioden på 3 pst.
Bak gjennomsnittstala for rentebøra og gjeldsbøra ligg det monaleg variasjon. Berekningar frå Noregs Bank og Finanstilsynet syner at mange hushald vil måtte bruke ein stor del av inntekta si til å betale på lån om rentene skulle auke vesentleg. Noregs Bank har rekna på korleis renteauke og bustadprisfall vil påverke talet på hushald som er særleg utsette for misleghald av bustadlån, det vil seie hushald som har høg gjeld, større nettogjeld enn bustadverdi og mindre enn éi månadsinntekt til overs etter at rentekostnader og naudsynt konsum er betalt.
Gjelda til den mest utsette gruppa av hushald utgjorde i overkant av 2 pst. av den samla gjelda i hushalda i 2012, ein nedgang på 1 prosentpoeng frå 2010. Om bustadlånsrenta aukar og bustadprisene fell, vil fleire av hushalda falle inn i denne gruppa. Om renta aukar med 3 prosentpoeng og bustadprisane fell med 30 pst. frå nivået i 2012, vil den særleg utsette gjelda auke til 6 pst. av gjelda til hushalda. Om lag 40 pst. av den særleg risikoutsette gjelda finn ein i hushald der hovudinntektstakarane er under 35 år.
I 2014 fortsette oppgangen i bustadprisane etter at veksten hadde stoppa opp i 2013, jf. boks 2.9. Dersom bustadprisane fell uventa eller renta aukar raskare enn venta, vil fleire hushald oppleve at det vert ubalanse mellom gjeld og formue. Slike finansielle ubalansar i hushalda kan medverke til at hushalda prøver å gjenopprette ein god balanse med å raskt auke sparinga og redusere etterspurnaden etter varer og tenester. Historia syner at gjeldsubalansar hjå hushalda kan gjere stor skade i økonomien, sjølv når tapa på bustadlån etter måten er små. Det kjem av at redusert etterspurnad hjå hushalda reduserer inntektene hjå føretaka. Det reduserer kapitalinntekta til dei som eig føretaka. Dersom føretaka reduserer bemanninga, vert også arbeidsinntekta hjå hushalda mindre. Resultatet kan verte at dei finansielle ubalansane i hushalda sett under eitt aukar, til dømes ved at bustadprisene fell vidare.
Også ein bank kan byggje opp ubalansar som gjer det naudsynt å te seg på ein måte som forsterkar ein nedgang. Dersom banken har låg eigenkapital i høve til gjelda, kan det verte naudsynt å stramme inn på utlånspraksisen både til føretak og hushald når økonomien syner teikn til nedgang. Men dersom mange bankar gjer det samstundes, kjem nedgangen raskare og vert djupare. Solide bankar som er i stand til å halde ein nokolunde stabil utlånspraksis inn i ein nedgangskonjunktur, kan difor vere med på å stabilisere økonomien.
Faren for at det byggjer seg opp finansielle ubalansar hjå hushalda, er til stades særleg når ein høgkonjunktur varer lenge, eller når renta er låg over ein lang periode, slik at låneetterspurnaden er høg over lang tid. Viss bustadlånspraksisen til bankane er for lempeleg i slike langvarige periodar med høg låneetterspurnad, kan det byggje seg opp store ubalansar.
Finanstilsynet gjennomfører kvart år undersøkingar om korleis bankane gjev bustadlån. Bustadlånundersøkinga vert mellom anna brukt i oppfølginga av Finanstilsynet sine retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for lån til bustadformål. Figur 2.34. syner utviklinga i fordelinga av nedbetalingslån med pant i bustad på lånegrad frå 2012 til 2014. Den siste undersøkinga er frå hausten 2014 og syner mellom anna at om lag 19 pst. av nye lån med pant i bustad hadde ein lånegrad på meir enn 85 pst., ein auke på 4 prosentpoeng frå året før. Omtrent ein tredel av desse låna hadde ein lånegrad på over 100 pst. Av lån med pant i bustad som vart nytta til bustadkjøp, hadde om lag ein tredel av låna ein lånegrad på over 85 pst. Naturleg nok er det særleg dei yngre låntakarane som tek opp store lån i høve til verdien av bustaden. Av lån til bustadkjøp til yngre lånetakarar hadde 46 pst. ein lånegrad på meir enn 85 pst., ein auke på 11 prosentpoeng frå 2013, jf. figur 2.35.
Bustadlånundersøkinga for 2014 syner at det har vore ein auke både i talet på lån med avdragsfritak og i lengda på dei avdragsfrie periodane. I 2014-undersøkinga var 14 pst. av bustadlåna lån med avdragsfritak, opp frå 12 pst. året før. Gjennomsnittleg periode med avdragsfritak var i undersøkinga 4 år, ein auke med i underkant av eitt år sidan førre undersøking i 2013.
Utviklinga i eigedomsmarknaden er også ei kjelde til kredittrisiko for bankane på lån til føretak. Om lag 45 pst. av utlåna til næringsmarknaden frå norskåtte bankar og OMF-kredittføretak er til føretak innan næringseigedom.7 Realprisane på næringseigedom steig monaleg gjennom 2014, sjå figur 2.36. Prisane er vare for utviklinga i utleigemarknaden og avkastningskrava til investorane, og har historisk svinga mykje i takt med utviklinga i økonomien generelt.
Misleghaldet av lån har gått marginalt ned dei seinare åra etter ein auke i åra etter finanskrisa, jf. figur 2.37.8 Om lag 0,8 pst. av utlån til hushalda og 1,8 pst. av utlån til føretaka var misleghalde i 2014.9 I internasjonal målestokk er misleghaldet av norske lån lågt, jf. figur 2.38. Misleghaldet av lån vart sterkt påverka av den makroøkonomiske utviklinga, noko som er med på å forklare det høge misleghalde i dei europeiske land som vart hardt ramma av finanskrisa, og auken i misleghaldet av lån i Noreg i samband med bankkrisa tidleg på 1990-tallet og under og i etterkant av finanskrisa.
Det er uvisse om den vidare utviklinga, og norske hushald si høge gjeld og utviklinga i bustadprisane utgjer ein risiko for den finansielle stabiliteten i Noreg. Etter mange år med svært gode resultat står bankane og dei andre kredittinstitusjonane betre rusta mot forstyrringar no enn for nokre år sidan. Dei har styrka soliditeten, og dei har ein mindre risikabel finansieringsstruktur enn før finanskrisa. Det er viktig at institusjonane held fram med å byggje opp soliditeten og redusere likviditetsrisikoen ytterligare. Tilhøva ligg godt til rette for dette no når innteninga er god og marknadene fungerer godt.
2.3.3 Forsikring og pensjon
2.3.3.1 Soliditet og inntening
Livsforsikringsselskapa hadde eit resultat før skatt på 5,9 mrd. kroner i 2014. Dette var ein nedgang på 1 mrd. kroner jamført med resultatet i 2013. Det verdijusterte resultatet før skatt, som tek omsyn til kursgevinstar som ikkje er realiserte, var 20,2 mrd. kroner i 2014. Dette var ein auke jamført med 2013 på i underkant av 4 mrd. kroner.
Bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa var 87 mrd. kroner ved utgangen av 2014 og utgjorde om lag 7 pst. av forvaltningskapitalen, sjå figur 2.39. Det er ein auke på 20 mrd. kroner sidan utgangen av 2013. Auken kjem for det meste av ein auke i kursreguleringsfonda. Bufferkapitalen gjev uttrykk for den evna livsforsikringsselskapa har til å ta tap utan å hamne under dei fastsette minstekrava til ansvarleg kapital.10
Kapitaldekninga i selskapa under eitt var 17 pst. ved utgangen av 2014. Dette var ein auke frå 2013 på 0,2 prosentpoeng. Kapitaldekningskravet for livsforsikringsselskapa er, til liks med det som gjeld for kredittinstitusjonane, 8 pst. av eit risikovigd berekningsgrunnlag. Alle selskapa stettar kapitaldekningskravet.
Finanstilsynet har utarbeidd ein stresstest for forenkla berekning av verdien av forsikringsskyldnader og kapitalkrav under det komande Solvens II-regelverket. Stresstesten viser at fleire av livsforsikringsselskapa ikkje fullt ut oppfylte dei framtidige kapitalkrava ved utgangen av 2014, men resultata tek ikkje omsyn til overgangsreglar. I samsvar med det EU-reglane fastset, vil det verte overgangsreglar på 16 år. Solvens II-regelverket er omtalt i boks 2.10.
Pensjonskassene hadde eit resultat før skatt på om lag 3,8 mrd. kroner i 2014.11 Dette var ein auke på omtrent 1,9 mrd. kroner frå 2013. Resultatet før skatt utgjer om lag 1,5 pst. av den gjennomsnittlege forvaltningskapitalen deira, ein auke på 0,6 prosentpoeng frå 2013. Kursreguleringsfondet auka monaleg mindre i 2014 enn i 2013, noko som medverka til nedgangen i det verdijusterte resultatet til 8,2 mrd. kroner i 2014 frå 13,4 mrd. kroner i 2013. Private pensjonskasser hadde eit noko høgare både bokført og verdijustert resultat enn dei kommunale pensjonskassene i 2014. Dette kjem først og fremst av høgare aksjedel. Ingen pensjonskasser hadde eit negativt bokført resultat i 2014. Ved utgangen av 2014 hadde pensjonskassene i utvalet ei kapitaldekning på 16,2 pst., om lag 0,4 prosentpoeng høgare enn året før.
Skadeforsikringsføretaka fekk eit resultat før skatt på 10 mrd. kroner i 2014, noko som er 3,3 mrd. kroner høgare enn i 2013.12 Betringa i resultatet botnar i hovudsak i premievekst og auka finansinntekter. Summen av skadeerstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning, målt i prosent av premieinntekter for eiga rekning vert kalla combined ratio. Det gjev eit uttrykk for kor lønsam sjølve forsikringsverksemda er. Er combined ratio høgare enn 100 pst., må selskapet ha andre inntekter enn premieinntekter for å gå i balanse, til dømes finansinntekter. I 2014 var combined ratio for skadeforsikringsføretaka på 84,7 pst. Dette var 4 prosentpoeng lågare enn året før. Skadeprosenten, det vil seie erstatningsutbetalingar i prosent av premieinntekter, minka med om lag tre prosentpoeng jamført med 2013 og var 68,3 pst. i 2014. Kostnadsprosenten, det vil seie driftsutgifter i prosent av premieinntekter, var om lag uendra og var 16,4 pst. i 2014. Kapitaldekninga til skadeforsikringsføretaka samla var på 34,1 pst. ved utgangen av 2014.
2.3.3.2 Risikotilhøva
Livsforsikringsselskap og pensjonskasser lovar forsikra personar ei yting når ei bestemt hending skjer, til dømes at den forsikra vert ufør, eller at han eller ho når den alderen som krevst for å få alderspensjon. Pengeverdien av desse lovnadene er dei viktigaste skyldnadene livsforsikringsselskapa og pensjonskassene har.
Risikoen for selskapet heng saman med kva slags forsikring kundane har, og kan vere knytt til mellom anna uførleik, død, livslengde og finansiell avkastning. Når det gjeld ytingspensjon, i motsetnad til innskotspensjon, har selskapa til dømes ofte teke på seg ein lovnad om livsvarig alderspensjon. Dersom kundane lever lenger enn det som vart lagt til grunn då premiane vart innbetalte, må forsikringsselskapa dekkje inn det som manglar.
Levealderen i Noreg aukar. Finanstilsynet fastsette i 2013 eit nytt minstekrav til det såkalla døyingsgrunnlaget (K2013). Det nye minstekravet skal sikre at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene set av nok kapital til å møte den høgare levealderen. Ved overgangen til det nye døyingsgrunnlaget må forsikringsselskapa auke premiane for alderspensjonane i kollektive pensjonsordningar. Dei finansielle avsetningane for allereie opptent alderspensjon må også aukast. Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene har fått inntil sju år på seg frå og med 2014 til å gjennomføre denne oppreserveringa. Selskapa kan nytte eit eventuelt overskot frå forvaltninga av kundemidlane til å finansiere opp til 80 pst. av oppreserveringa. Dette eventuelle overskotet er lik den avkastninga på kollektivportefølja som går ut over den renta selskapet har garantert kundane. Selskapa må sjølve stå for minst 20 pst. av oppreserveringa. Livsforsikringsselskapa nytta om lag 6,5 mrd. kroner av avkastningsoverskotet, som i utgangspunktet skulle ha gått til kundane, til oppreservering i 2014. Det står igjen eit oppreserveringsbehov på i underkant av 14 mrd. kroner. Oppreserveringsbehovet er i hovudsak innanfor privat ytingspensjon og i fripolisar. Dei offentlege tenestepensjonsordningane er for det meste ferdig oppreserverte.
I Nasjonalbudsjettet 2015 (avsnitt 3.5.3) er det ein nærmare omtale av auka levealder og fripolisar med investeringsval. Der står det at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene må tilpasse seg det nye døyingsgrunnlaget som tek omsyn til at levetida har auka. Selskapa har fått inntil 7 år på å tilpasse seg (gjennomføre oppreservering til det nye grunnlaget). Av omsyn til soliditeten deira har selskapa fått høve til å finansiere inntil 80 pst. av årleg oppreservering ved bruk av avkastning ut over garantert rente, som elles skulle tilkome kundane. Same stad i Nasjonalbudsjettet 2015 er det ein omtale av den nye høvet til frivillig å velje å konvertere ein fripolisekontrakt til investeringsval (frivillig kontraktsendring). Det har frå 1. september 2014 vore høve til å inngå avtalar om fripolisar med investeringsval mellom kunde og selskap. Slike avtalar inneber at kundane gjev frå seg den årlege avkastningsgarantien mot sjølv å kunne velje korleis pensjonsmidlane vert investerte. Finansdepartementet har stilt krav om at fripolisar skal vere fullt oppreserverte før det eventuelt kan inngåast avtale om investeringsval. Ein fripolise er ein fullt betalt kontrakt mellom forsikringstakar og pensjonsinnretning, basert på eit klart regelverk. Departementet har lagt til grunn at eventuelle endringar i slike kontraktar må byggje på avtale mellom partane, og ikkje på regelendringar.
Etter forsikringsverksemdslova skal kundar med kollektive pensjonsprodukt og kontraktfastsette ytingar kvart år førehandsbetale for forvaltning av pensjonsmidlane. Forsikringsselskapa ber ein marknadsrisiko, det vil seie at dei kan tape når marknadsprisane på eigedelane endrar seg. Det kjem av at selskapa har gjeve kundane ein rentegaranti, altså garantert dei ei avkastning av midlane deira. Det er viktig at selskapa tek seg betalt for denne rentegarantien, og at dei nyttar inntektene til å byggje opp forsvarlege eigenkapitalbufferar for dei åra avkastninga av kundeporteføljane er lågare enn rentegarantien. For fripolisar og individuelle forsikringskontraktar som er teikna før 2008, kan ikkje selskapa ta inn rentegarantipremie. Dei får i staden inntektene sine ved at selskapet og kunden deler eit eventuelt overskot frå kapitalavkastninga i dei åra ho er høgare enn garantien. Denne prisinga gjennom deling av eventuelt overskot gjer at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særleg utsette dersom dei har bygt for låge eigenkapitalbufferar før ein periode med låg avkastning på kundemidla.
Dei siste åra har marknadsrentene på lite risikable rentefordringar gått ned. Marknadsrenta på statsobligasjonar gjekk jamt ned gjennom 2014. Marknadsrenta på statsobligasjonar er no jamt over lågare enn den gjennomsnittlege rentegarantien, jf. figur 2.40. For selskapa vil eit vedvarande lågt rentenivå gjere det krevjande å sikre god nok avkastning i høve til rentegarantien. Låge renter inneber vesentleg forverra solvenssituasjon i fleire livsforsikringsselskap målt etter prinsippa i det komande Solvens II-regelverket, jf. boks 2.10.
Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene står framfor utfordringar i form av aukande levealder og låge renter. Gjennomføringa av Solvens II vil synleggjere desse utfordringane. Som Finansdepartementet har understreka i finansmarknadsmeldingane i fleire år, er det svært viktig at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene sjølve passar på at det med god tryggingsmargin er samsvar mellom den risikoen det einskilde selskapet tek på seg, og den soliditeten selskapet har.
Boks 2.10 Solvens II
Det såkalla Solvens II-direktivet (direktiv 2009/138/EF) vart vedteke i EU i 2009 og dreg opp hovudprinsipp for regulering av forsikringsverksemd. Formålet med direktivet er at forsikringsselskapa skal underleggjast krav til solvens (kapital) som betre reflekterer risikoen i selskapa enn det som følgjer av dagens EU-reglar.
Det har vore behov for å endre Solvens II-direktivet frå 2009 på fleire viktige punkt før det kan setjast i kraft, mellom anna for å tilpasse regelverket til EU sin nye tilsynsstruktur, men også som følgje av at berekningsstudiar viste at forsikringsselskap med langsiktige garantiar kunne få store problem med å oppfylle krava i det opphavlege direktivet.
Endringane i Solvens II-regelverket vart gjorde i det såkalla Omnibus II-direktivet (2014/51/EU), som vart vedteke i april 2014. I oktober 2014 fastsette EU-kommisjonen utfyllande reglar til direktivet i form av ei kommisjonsforordning. Kommisjonsforordninga skal gjelde direkte som forskrift i alle medlemslanda.
Medlemslanda har frist til 31. mars 2015 til å fastsetje nasjonale reglar i tråd med Solvens II-direktivet med endringar. Reglane skal i utgangspunktet og i hovudsak setjast i kraft 1. januar 2016, men det gjeld omfattande og langvarige overgangsreglar. Dei nye krava vil etter planen ikkje gjelde fullt ut før etter 16 år (2032).
Solvens II-direktivet er innlema i EØS-avtala, og i Noreg vert dei overordna reglane innførte i den nye lova om finansføretak. Finansdepartementet la fram ein lovproposisjon om ny finansføretakslov 20. juni 2014. Finansdepartementet har lagt opp til å gjennomføre dei meir detaljerte reglane i direktivet i forskrift og har hatt på høyring eit utkast til forskriftsreglar utarbeidt av Finanstilsynet, med høyringsfrist 20. mars 2015.
Boks 2.11 Pensjonskostnader
Føretak med pensjonsordningar for dei tilsette må ta omsyn til pensjonskostnaden i rekneskapen. For innskotsordningar er pensjonskostnaden samanfallande med årets innskot. Innskotet vert ført i resultatrekneskapen som ei utgift. For ytingsbaserte ordningar er berekninga av pensjonskostnader ikkje så enkel. I tillegg til å resultatføre årets innbetaling må føretaket føre ein pensjonsskyldnad i balansen. Føresetnader om uttakstidspunkt (som etter folketrygdreforma er fleksibelt), levetid (kor lenge ytinga skal utbetalast), lønsutvikling (mange ytingsbaserte ordningar definerer ytinga som ein del av sluttløn) og diskonterings- og avkastningsføresetnader kan få stor verknad for skyldnaden. I tillegg må det gjerast føresetnader om frivillige avgangar frå ordninga, til dømes ved jobbskifte. Norsk rekneskapsstiftelse publiserer ein standard for kva føresetnader som bør nyttast ved berekning av pensjonskostnader. Per 31. desember 2014 var føresetnadene i standarden ei diskonteringsrente på 2,3 pst. dersom det vert teke utgangspunkt i renta på føretaksobligasjonar (OMF), og 2 pst. om det vert teke utgangspunkt i renta på statsobligasjonar. Vidare vert det mellom anna føresett ein gjennomsnittleg lønsauke på 2,75 pst., medrekna eit såkalla karrieretillegg, ei avkastning på plasseringar gjennom livsforsikringsselskap på om lag 3,2 pst. og ein venta inflasjon på om lag 1,5 pst.
Det vedvarande låge, og i den seinare tida søkkande, rentenivået har ført til aukande pensjonskostnader i mange føretak med ytingsbasert pensjonsordning, noko som kan føre til auka omdanning av ytingsbaserte ordningar til innskotsbaserte ordningar.
2.3.4 Verdipapirføretaka
Verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar hadde driftsinntekter på 6,5 mrd. kroner i 2014, om lag det same som i 2013. Driftsresultatet var om lag 1,4 mrd. kroner, noko som er 195 mill. kroner meir enn i 2013. Verdipapirføretak som er integrerte i bankar hadde driftsinntekter på 6,9 mrd. kroner, om lag det same som i 2013.
2.3.5 Operasjonell risiko i finansføretaka
Operasjonell risiko er risiko for tap som kjem av manglande eller sviktande interne prosessar, svikt i system eller svikt hjå personar. Operasjonell risiko omfattar mellom anna juridisk risiko og omdømerisiko. Årsakene kan til dømes vera mangelfulle prosedyrar, feil i IKT-system, regelbrot, brann, åtak eller tillitssvikt. Avgrensinga mot andre typar risiko er ikkje presis, og tap som vert klassifiserte under kredittrisiko eller marknadsrisiko, kan kome av eller verte forsterka av operasjonell svikt, til dømes svake sider ved kredittvurderingsprosessar.
Finansdepartementet har som mål at det skal drivast systematisk førebyggjande arbeid for å gjere finansinstitusjonane og finansmarknadene mindre sårbare og sikre ei god nok vernebuing til å handtera risikohendingar. Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) vart skipa for å tryggje samordning av vernebuingsarbeidet i den finansielle infrastrukturen. Utvalet vurderer driftsstabilitet, risiko og sårbarheit i den finansielle infrastrukturen og kjem saman ved alvorlege hendingar. Utvalet har i 2014 hatt tre ordinære møte og to vernebuingsøvingar. Finanstilsynet er sekretariat for BFI, og verksemda til utvalet er difor også omtalt i kapittel 7 om verksemda til Finanstilsynet.
Bankane sin tilgang til ein felles betalingsinfrastruktur gjer at kundar i ein bank lettvint og kostnadseffektivt kan gjennomføre transaksjonar med kundar i andre bankar. Stabiliteten i systema i den finansielle infrastrukturen i Noreg er etter måten god, og tapa som følgje av misbruk og svindel er små. Likevel er infrastrukturen sårbar for teknisk svikt og trugsmål utanfrå. Figur 2.41 syner at tilgjengelegheita til systema i den finansielle infrastrukturen var noko dårlegare i 2014 enn i dei siste par åra. Dei fleste avvikshendingane og feila skjedde frå mai og ut året. Storparten av dei avvikshendingane og feila som skjer, kjem til syne som problem i nettbankane. I 2014 var det også ein viss auke i talet på feil o.a. i dei interne systema i finansføretaka. Etter Finanstilsynet si vurdering var ikkje hendingane i 2014 av ein type som trua den finansielle stabiliteten. Angrep og andre avvikshendingar i den finansielle infrastrukturen har foreløpig gjeve små direkte tap. Mykje av årsaka til det er tiltak og sikring hjå enkeltføretaka og arbeid som aktørane gjør saman.
Ny teknologi har ført til effektivisering i sektoren og gjort det mogleg for finansnæringa å tilby nye tenester. Innan betalingsformidling har det til dømes vore introdusert mange nye internettbaserte og mobile løysingar og produkt dei seinare åra. Ny teknologi og nye tenester kan skape nye ukjende sårbarheiter og utfordringar for dei som skal vurdere og kontrollere risikoen i verksemdene og i det finansielle systemet. Eit anna aktuelt tema er finansføretaka si bortsettjing av drift og utvikling av IKT-system til andre aktørar. Bortsettjing av IKT-verksemd kan minske kostnadene, men det kan også gjere betalingssystem og andre delar av den finansielle infrastrukturen meir utsett for driftsavvik. Mellom anna kan ein få dårlegare kontroll med systema og større operasjonell risiko om ein stor del av IKT-verksemda i finanssektoren vert utkontraktert og/eller flytt til utlandet.
Det er lang tradisjon i Noreg for utstrekt bruk av utkontraktering av IKT-oppgåver i finanssektoren. Tidlegare var bankar og forsikringselskap ofte både eigarar og kundar av dei aktuelle leverandørane. I dag er dei fleste IKT-leverandørane frittståande verksemder, ofte børsnoterte og med eigarar i og utanfor Noreg.
Fram til omkring år 2000 hadde alle norske bankar si drift av IKT-verksemda i Noreg. No er ein større del av IKT-drifta til norske bankar og filialar flytt ut av Noreg, mellom anna etter at norske bankar har vorte oppkjøpte av utanlandske, og attverande norskåtte bankar har sett bort verksemd til utlandet. Også på verdipapirområdet skjer mykje av IKT-verksemda i utlandet. Det er viktig at utflytting av IKT-oppgåver skjer på ein forsvarleg måte både for det einskilde finansføretaket og for finanssystemet som heilskap.
Noregs Bank og Finanstilsynet publiserer årleg kvar sin rapport om den finansielle infrastrukturen. Noregs Banks årsrapport om betalingssystem drøftar utviklinga i kunderetta betalingsformidling og i interbanksystema, medan risiko- og sårbarheitsanalysen til Finanstilsynet tek føre seg bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i finanssektoren.
2.4 Konsolidering i samarbeidande grupper
2.4.1 Generelt
Reglane om konsolidering av verksemda i bankar og i føretak som bankane eig, skal sikre at soliditetskrava for bankar ikkje vert svekka av at verksemda skjer i ei anna juridisk eining enn banken sjølv. Er verksemda organisert som eit konsern, til dømes med ein morbank og eit dotterføretak, vil soliditetskrava gjelde for verksemda til konsernet som heilskap, som om heile verksemda hadde vore driven i sjølve banken. Dersom banken ikkje inngår i eit konsern, men til dømes har flytt noko av verksemda til føretak som han er deleigar av, skal banken sitt soliditetskrav som oftast også gjelde (forholdsmessig) for denne verksemda. Dette fører til at banken ikkje kan redusere soliditetskravet sitt ved å flytte verksemd til andre føretak, uansett om dei er heil- eller delåtte føretak.
I dei seinare åra er det utvikla eit nokså omfattande samarbeid mellom grupper av elles uavhengige bankar og føretak, altså mellom juridiske einingar som ikkje inngår i konsern med kvarandre. Mellom anna har mange sparebankar gått saman om å etablere OMF-føretak som overtek bustadlåna til bankane, og andre produktselskap. Eigardelen til banken i slike OMF-føretak kan vere avgrensa, til dømes kan dei vere mindre enn 20 eller 10 pst. i OMF-føretaket, slik at eigardelen ikkje vert fanga opp av dei generelle konsolideringsreglane, men den kan likevel vere stor i høve til banken sin storleik ettersom dei fellesåtte OMF-føretaka kan vere store. I slike tilfelle kan banken si ikkje-konsoliderte kapitaldekning gje eit feilaktig bilete av den reelle soliditeten i banken. Banklovkommisjonen viste i utgreiinga NOU 2011: 8 til at samarbeidande grupper av bankar har mange likskapstrekk med finanskonsern, og foreslo at slike grupper generelt skal behandlast som finanskonsern, og at eigardelar i føretaka som inngår i slike grupper, skal reknas med hjå eigarbankane uavhengig av storleiken på delane.
Stortinget vedtok 7. april 2015 ny lov om finansføretak og finanskonsern, finansføretakslova, på bakgrunn av Innst. 165 L (2014–2015) og Prop. 125 L (2013–2014). Forslaget til Banklovkommisjonen i NOU 2011: 8 om generelt å sjå på dei samarbeidande gruppene som finanskonsern, vart ikkje følgt opp av departementet i lovframlegget, og Stortinget stødde departementet i dette. Lova seier i staden nøyaktig kva reglar som gjeld for dei tettaste formene for samarbeid mellom bankar som ikkje er vanlege finanskonsern.
I tråd med forslaget til departementet og Banklovkommisjonen har Stortinget vedteke at eigarbankar i samarbeidande grupper skal utføre forholdsmessig konsolidering uavhengig av storleiken til eigardelen, jf. § 17-13 i lova. Dette vil forenkle og målrette det gruppebaserte tilsynet med bankane og forhindre at krava til soliditeten reelt vert svekt som følgje av organisatoriske tilhøve i ei samarbeidande gruppe.
2.4.2 Unnatak frå konsolidering der det er ubetenkelig
Stortinget vedtok eit tillegg til departementet sitt lovforslag i lova § 17-13 som opnar for konsolidering i samarbeidande grupper ved at det vert vedteke ein unnataksheimel for departementet. I komiteen sine merknader står det blant anna: «Komiteen viser videre til at departementet bør gis adgang til å gjøre unntak fra de generelle kravene om forholdsmessig konsolidering av eierandeler på under 10 pst. enten ved forskrift eller ved enkeltvedtak når dette er ubetenkelig. Komiteen ber departementet komme tilbake til praktisering og håndheving av unntaksbestemmelsen i Finansmarknadsmeldinga 2014.»
Etter hovudregelen i finansføretakslova § 17-13 skal finansføretak som deltek i samarbeidande grupper, ved bruken av reglar om kapitaldekningskrav og andre soliditets- og tryggleikskrav, gjere ei forholdsmessig konsolidering av eigardelar i det eller dei finansføretaka som driv den verksemda som samarbeidet omfattar, uavhengig av storleiken på eigardelen. Unnataksheimelen som er komen inn, gjev departementet høve til å gjere unnatak frå kravet om forholdsmessig konsolidering av eigardelar på mindre enn 10 prosent i andre føretak enn kredittføretak anten ved forskrift eller enkeltvedtak. Kravet om konsolidering er ein viktig og naudsynt del av soliditetsreguleringa av samarbeidande grupper. Heimelen til å gjere unnatak er difor avgrensa til tilfelle der dette er ubetenkeleg.
Det er for tida tre samarbeidande grupper som føresegnene i lova i hovudsak vil gjelde for. Samarbeidet i desse gruppene omfattar kredittføretak (bustad og eventuell næring), samarbeid om felles IT-løysingar og føretak som tilbyr debet- og kredittkort, leasing, salspantlån, kapitalforvaltning eller fond, investeringstenester, eigedomsmekling og ulike forsikringsprodukt. Dei fleste føretaka som driv den aktuelle verksemda, er finansføretak som vil omfattast av konsolideringskravet.
Ein unnataksheimel som nemnt kan praktiserast slik at det vert gjort unnatak dersom eit finansføretak er av minimal betydning og det aktuelle soliditets- eller tryggleikskravet på konsolidert basis, medrekna ein forholdsmessig del av berekningsgrunnlaget for det aktuelle føretaket, ikkje vil avvike vesentleg frå soliditets- eller sikkerheitskravet utan ei slik konsolidering. Unnataksheimelen kan også praktiserast slik at det vert gjort unnatak frå konsolidering for andre soliditets- og tryggleikskrav enn kapital- og bufferkrava og kravet til uvekta kjernekapitaldel dersom innkonsolideringa av det aktuelle føretaket ikkje blir vurdert som formålstenleg for berekninga av oppfyllinga av det aktuelle kravet.
Finanstilsynet har etter den gjeldande finansieringsverksemdslova § 2a-9 andre ledd høve til å gjere unnatak frå konsolideringskravet ved forskrift eller enkeltvedtak. Finanstilsynet har tidlegare i eit par tilfelle gjeve mellombels unnatak frå konsolideringskravet i form av enkeltvedtak for institusjonar som elles ikkje ville ha vore omfatta av kapitalkrav på konsolidert basis, og der konsolidering har liten effekt på den berekna kapitaldekninga. Forskrifta om bruk av soliditetsreglar på konsolidert basis er endra som følgje av gjennomføringa av EU-forordninga 575/2013/EU. Føretak som, kvar for seg og samla, har eigedelar, medrekna postar utanom balansen, som er mindre enn 10 millionar euro og 1 pst. av eigedelane, medrekna postar utanom balansen, til institusjonen som gjer konsolidering skal etter endringa vorte unnateke frå konsolidering, jf. forskrifta om konsolidering § 5 tredje og fjerde ledd. Finanstilsynet har etter endringa av forskrifta om konsolidering ikkje gjeve unnatak frå konsolideringskravet anna enn for oppfyllinga av likviditetskravet. Slike unnatak har vorte gjevne der konsolidering vil gje eit villeiande bilete av den faktiske likviditetssituasjonen fordi den deltakande institusjonen ikkje har tilgang til dei likvide aktivaa for eksempel i eit kredittføretak som institusjonen er deleigar i.
Etter artikkel 18 (1) i forordning 575/2013/EU skal berre dotterselskap innkonsoliderast ved berekning av oppfyllinga av likviditetskravet på konsolidert basis, ikkje delåtte selskap eller selskap som har felles leiing med det aktuelle føretaket. Det vil tilsvarande ikkje vere aktuelt å krevje forholdsmessig konsolidering ved oppfylling av likviditetskravet for samarbeidande grupper etter føresegna i finansføretakslova § 17-13.
Når det gjeld konsolidering av andre tryggleiks- og soliditetskrav, kan det vere aktuelt å inkludere ein forholdsmessig del av Solvens II-krava, sidan felles forsikringsføretak er ein viktig del av den verksemda som samarbeidet omfattar. Også reglane om store engasjement skal i utgangspunktet gjelde på konsolidert basis, sjølv om Finanstilsynet sannsynlegvis ikkje vil følgje det opp ved ei fast rapportering for samarbeidande grupper der aktuelle motpartar for fellesføretaka vert forholdsmessig innkonsolidert.
Eigarføretaka skal utføre forholdsmessig konsolidering av eigardelar i det eller dei finansføretaka som driv den verksemda som samarbeidet omfattar. Den forholdsmessige konsolideringa for eigardelar under 20 pst. skal difor ikkje omfatte verdipapirføretak, eigedomsmeklarføretak, forvaltningsselskap for verdipapirfond og uregulerte selskap. Til liks med Finanstilsynet meiner Finansdepartementet at det er viktig å innkonsolidere for eksempel forsikringsføretak, finansieringsselskap og bankar, og ser ikkje nokon grunn til å innsnevre typane finansføretak som vert omfatta. Føretak som, kvar for seg og samla, har eigedelar, medrekna postar utanom balansen, som både er mindre enn 10 millionar euro og mindre enn 1 pst. av eigedelane, medrekna poster utanom balansen, til institusjonen som gjennomfører konsolidering, skal ikkje innkonsoliderast. Dette følgjer av både konsolideringsforskrifta og forordninga. Mindre føretak som det er mindre viktig å konsolidere inn, vil difor uansett ikkje verte omfatta av kravet om konsolidering. For den einskilde institusjon er det ikkje berre den absolutte, det vil seie beløpsmessige, storleiken som er viktig, men også den relative.
Hovudregelen i den nye finansføretakslova er at finansføretak som driv verksemd som vert omfatta av lova, må oppfylle krava i lova innan eitt år etter at ho er sett i kraft. Ettersom føresegna om konsolidering i samarbeidande grupper er ny, har finanskomiteen i innstillinga gjeve uttrykk for at ingen bankar skal måtte utføre konsolidering av eigardelar på under 10 pst. før 31. desember 2017. Departementet vil følgje opp dette. Finanskomiteen har ikkje foreslått at den lange overgangsperioden fram til utløpet av 2017 også skal omfatte eigardelar mellom 10 pst. og 20 pst., og dette stør departementet Finanskomiteen i. Både Finanstilsynet og Finansdepartementet meiner, i tråd med dette, at det er viktig at deltakarbankane viser ei kapitaldekning som tek omsyn til risikoen som er knytt til verksemda som samarbeidet omfattar, og at det ikkje er naudsynt eller ynskjeleg med ein slik lengre overgangsperiode for slike eigardelar mellom 10 og 20 pst., og at dette som sagt heller ikkje er lagt til grunn av Finanskomiteen.
Finansdepartementet legg til grunn, etter å ha lagt saka fram for Finanstilsynet, at det klart mest formålstenlege er å praktisere unnataksheimelen i lova § 17-13 slik at unnatak vert gjeve ved enkeltvedtak. Institusjonane må, for at det skal vere «ubetenkeleg» å gje unnatak, godtgjere at effekten av konsolidering som då på søknadstidspunktet må vere ubetydeleg, også vil vere det over tid. Ein ser føre seg at unnataka blir gitt for ein avgrensa periode av gangen, og ikkje permanent. Det kan også verte aktuelt å sette vilkår til unnataket. Finanstilsynet har opplyst at dei går ut ifrå at det vil vere få tilfelle utover dei unnataka som allereie gjeld, der det vil vere ubetenkelig å gjere unnatak. Departementet vil vurdere om heimelen for vedtak om unnatak, no eller seinare, skal delegerast til Finanstilsynet.
2.4.3 Enkle rapporteringsreglar
Eit særskilt spørsmål som var oppe då lovproposisjonen vart handsama i Stortinget, er rapporteringa. Finansføretak skal rapportere ei kapitaldekningsoppgåve til Finanstilsynet kvart kvartal både for konsolidert og ikkje-konsolidert eining. Det er viktig for sparebankane at rapporteringa av konsoliderte tal vert innretta slik at ho ikkje vert meir krevjande enn naudsynt, og at det difor må etablerast praktikable rapporteringsfristar. Rapporteringsfristane er no slik som vist i tabell 2.2.
Tabell 2.2 Rapporteringsfristar
Rapporteringsperiode | Rapporteringsfrist |
---|---|
1. kvartal | 12. mai |
2. kvartal | 11. august |
3. kvartal | 11. november |
4. kvartal | 11. februar |
For å unngå innsideproblematikk i samband med rapportering av konsoliderte tal, har Finans Norge foreslått ein utsett rapporteringsfrist for rapportering av konsoliderte tal. Etter årsrekneskapsforskrifta for bankar, finansieringsføretak og morselskap til slike (§§ 2-1, 2-9 og 9-4) skal delårsrekneskap vedtakast av styra til institusjonane innan 45 dagar etter slutten av rekneskapsperioden og utan unødig opphald offentleggjerast på heimesida til institusjonen. Årsrekneskap og årsmelding skal vedtakast av styret til institusjonen seinast tre månader etter slutten av rekneskapsåret og skal, etter fastsetjing, utan unødig opphald offentleggjerast på heimesida til institusjonane. Det er vanleg at føretaka offentleggjer rekneskapstall i god tid før utløpet av maksimalfristane.
Departementet legg til grunn, etter råd frå Finanstilsynet, at dei samarbeidande gruppene skal få ein frist for rapportering til Finanstilsynet på 46 dagar etter slutten av rekneskapsperioden, noko som er fire dagar lengre enn fristen for den vanlege kapitaldekningsrapporteringa. Ein god del av dei fellesåtte finansføretaka har ikkje børsnoterte verdipapir og kan sende over rekneskapstal til deltakarbankane sjølv om ikkje tala er offentleggjorde. Vidare er det ikkje vanleg at den lange fristen på 45 dagar for offentleggjering av delårsresultat vert nytta fullt ut. Finanstilsynet vil leggje opp til ei enkel rapportering av soliditets- og tryggleikskrav som inneber at dei fellesåtte finansføretaka inngår forholdsmessig, slik at det det ikkje vert mange sider å fylle ut. For rapporteringa per 31.12., altså ved slutten av kvart år, kan det takast utgangspunkt i balansetala for 4. kvartal, slik det vert gjort for den vanlege kapitaldekningsrapporteringa. Dersom det vert avvik etter fastsetjing av årsrekneskapen, skal ein ettersende ein retta rapport.
Boks 2.12 Årsmøte i samvirkeføretak
I Innst. 165 L (2014–2015) kapittel 2.6 skriv finanskomiteen: «Når det gjelder samvirkebaserte foretak legger komiteen til grunn at det er medlemmene i foretakene som skal utgjøre øverste organ. Departementet bes komme med en nærmere vurdering og avklaring av dette i Finansmarknadsmeldinga 2014.»
I NOU 2011: 8 foreslo Banklovkommisjonen at samvirkeføretak av låntakarar skulle vere underlagde reglane om generalforsamling i finansføretakslova i staden for reglane om årsmøte etter samvirkelova. Etter innspel frå mellom anna Landkreditt i høyringsrunden foreslo departementet i Prop. 125 L (2013–2014) i § 8-1 første ledd tredje punktum at årsmøtet etter samvirkelova er øvste organ i samvirkeføretak av låntakarar. Departementet har omtalt dette i avsnitt 9.3.4.2 i proposisjonen. Føresegna inneber at det er føresegnene i samvirkelova som gjeld for samansetninga av årsmøtet. Etter samvirkelova § 36 har medlemane rett til å møte på årsmøtet. I landsdekkjande føretak eller føretak med meir enn 100 medlemmar kan vedtektene fastsetje at medlemmane skal vere representerte ved utsendingar på årsmøtet, jf. § 37. Berre medlemer kan etter samvirkelova vere utsendingar. Slik departementet ser det, sikrar dette at kundane til føretaket er representerte, og departementet legg også til grunn at dei tilsette ikkje vil utgjere meir enn ein firedel av årsmøtet. I proposisjonen har departementet mellom anna vist til at det kan vere særlege omsyn som kan tilseie at lånekollektivet åleine ikkje bør vere den øvste styresmakta i føretaket. Dersom det er naudsynt av dei omsyna som finansføretakslova skal ta hand om, kan departementet etter § 8-2 tredje ledd difor gje forskrift med reglar for val og samansetjing av årsmøte i samvirkeføretak. Slik forskrift kan gjere unnatak frå føresegnene i samvirkelova.
Fotnotar
Figuren viser kor stor banksektoren er i høve til resten av økonomien, målt etter brutto nasjonalprodukt (BNP). Banksektoren utgjer mesteparten av finanssektoren i dei fleste land.
Kjønnsfordelinga blant dei tilsette i næringa er jamn, med om lag 51 pst. mannlege og 49 pst. kvinnelege tilsette.
Fast eigedom er lågt verdsett i formuesskatten, og bustader og anna eigedom er også gunstig behandla elles i skattesystemet. Bustadsparing for Ungdom (BSU) gjev tilskuv til sparing til bustadkjøp.
Pensjons- og forsikringskrav er ikkje rekna med.
Forbrukslåna omfattar kortbaserte utlån og andre slags lån, og dei fleste ligg mellom 10 000 kroner og 400 000 kroner.
Noregs Bank Memo nr. 5/2014, «Kostnader i det norske betalingssystemet».
Per 30. juni. Kjelde: Noregs Bank
Eit lån vert rekna for å vere misleghalde dersom rente- og/eller avdragsbetalingar er forseinka med meir enn 90 dagar.
Per 30. juni. Kjelde: Noregs Bank.
Bufferkapitalen er samansett av eigenkapital, i form av kjernekapital ut over minstekravet, og kundemidlar, i form av tilleggsavsetningar, opp til eitt års rentegaranti, kursreguleringsfond og risikoutjamningsfond.
Desse tala for pensjonskassene byggjer på eit utval som står for om lag 95 pst. av den samla forvaltningskapitalen i pensjonskassene.
Ikkje medrekna captives, sjøforsikringsselskapa Gard og Skuld og Den Norske Krigsforsikring for Skib.