Meld. St. 22 (2014-2015)

Finansmarknadsmeldinga 2014

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Finanstilsynet i 2014

7.1 Innleiing

Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane steller seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Etter finanstilsynslova § 8 andre ledd skal Finanstilsynet kvart år gje ei melding om verksemda si til Finansdepartementet. I meldinga omtaler Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap, tilsynsarbeidet ålment og arbeidet på kvart tilsynsområde. Årsmeldinga til Finanstilsynet er eit ikkje prenta vedlegg til denne meldinga.

Finanstilsynet har tilsyn med bankar, finansieringsføretak, e-pengeføretak, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak, verdipapirfondsforvaltninga og marknadsåtferda i verdipapirmarknaden, børsar og andre regulerte marknader, oppgjerssentralar og verdipapirregister, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har Finanstilsynet kontroll med den finaniselle rapporteringa til børsnoterte føretak og med marknadsåtferda i verdipapirmarknaden. Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, fungerer tenleg og trygt i samsvar med lover og føresegner og etter føremålet og vedtektene til kvar institusjon. Tilsynet skal mellom anna sjå til at institusjonane tek hand om interessene og rettane til forbrukarane. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granske rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane og elles granske stillinga og verksemda til institusjonane i den mon tilsynet meiner det trengst.

7.1.1 Leiing og administrasjon

Styret i Finanstilsynet har etter lova det overordna ansvaret for verksemda i Finanstilsynet og behandlar mellom anna viktige fagsaker i samband med forskrifter og konsesjonar, budsjett og tiltaksplanar. Styret har fem medlemmer. Medlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Styreleiar Endre Skjørestad blei oppnemnd frå 15. april 2010.

Slik var styret sett saman fram til 1. mars 2014:

  • Advokat Endre Skjørestad, leiar

  • Assisterande direktør Vivi Lassen, nestleiar

  • Professor Hilde C. Bjørnland, styremedlem

  • Professor Mette Bjørndal, styremedlem

  • Tidlegare banksjef Harald Indresøvde, styremedlem

  • Professor Beate Sjåfjell, første varamedlem

  • Partnar Jostein Skaar, andre varamedlem

Spesialrådgivar i Noregs Bank, Arild J. Lund, observatør i styret

Direktør Sindre Weme, varaobservatør frå Noregs Bank

Frå 1. mars 2014 er styret sett saman slik:

  • Advokat Endre Skjørestad, leiar

  • Professor Giuditta Cordero-Moss, nestleiar (tiltredde 1. mai 2014)

  • (Professor Hilde C. Bjørnland fungerte som nestleiar frå 1. mars til 30. april 2014.)

  • Professor Mette Bjørndal, styremedlem

  • Professor Lars Sørgard, styremedlem

  • Pensjonist Arne Skauge, styremedlem

  • Professor Beate Sjåfjell, første varamedlem

  • Advokat Kjetil Wibe, andre varamedlem

Direktør i Noregs Bank, Sindre Weme er observatør i styret, mens assisterande direktør Ylva Søvik er varaobservatør for observatør frå Noregs Bank. To representantar som er valde av og blant dei tilsette, supplerer styret når administrative saker skal behandlast. Frå mai 2013 har desse representert dei tilsette:

  • Tilsynsrådgivar Anders S. Hole

  • Spesialrådgivar Gry Evensen Skallerud

Vararepresentantar var tilsynsrådgivar Aud Kogstad, seniorkonsulent Anne Nybohm og spesialrådgivar Irene Støback Johansen.

Ved utgangen av 2014 var det 270 fast tilsette i Finanstilsynet, mot 280 ved utgangen av 2013. Av dei fast tilsette er 52 prosent kvinner. I leiargruppa var det lik fordeling av kvinner og menn ved utgangen av 2014. Av alle som har leiaransvar, var 52 prosent kvinner.

Verksemda til Finanstilsynet krev både tverrfagleg kompetanse og spisskompetanse på dei ulike tilsynsområda. Avdelingane har kompetente medarbeidarar med god bransjekunnskap. Meir enn 90 prosent har høgare akademisk utdanning, og fleire har doktorgrad. Dei største utdanningsgruppene er samfunns- og siviløkonomar, juristar og revisorar. Organisasjonen er stabil og hadde i 2014 ei utskifting på 4,8 prosent. Generelt får tilsynet gode søkjarar til ledige stillingar.

Finanstilsynet er omfatta av IA-avtalen og legg vekt på å førebyggje sjukefråvær og på å ha mangfald og ein god seniorpolitikk.

7.2 Nærare om verksemda

7.2.1 Arbeidet med finansiell stabilitet

Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla for Finanstilsynet. Ein viktig lærdom frå den norske bankkrisa er at overvaking av systemrisiko er ein naudsynt del av tilsynsverksemda. Finanstilsynet oppretta difor i 1994 eit program for makroøkonomisk overvaking av risiko i det finansielle systemet, og arbeidet med finansiell stabilitet vart styrka i etterkant av den internasjonale finanskrisa. I dette arbeidet vert utviklinga i konjunkturar og på marknader vurdert, og risikofaktorar identifisert. Det gjerast særskilde analyser av om bankane har tilstrekkeleg langsiktig finansiering og ansvarleg kapital til å stå imot eit monaleg økonomisk tilbakeslag. Finanstilsynet har kvart halvår frå 1995 utarbeidd vurderingar av utsiktane for finansiell stabilitet, og rapportane er sende til Finansdepartementet og Noregs Bank. Finanstilsynet sitt syn vert offentleggjord gjennom dei to rapportane Finansielt utsyn kvar vår og Finansielle utviklingstrekk om hausten.

Rapportane syner tilstanden og utviklinga i dei viktigaste institusjonane under tilsyn. Dei risikoområda som Finanstilsynet følgjar med på, er òg omtala. I rapportane som vart offentleggjorde i 2014, vart det peika på at uvissa om den økonomiske utviklinga frametter framleis er stor. Ein varig låg oljepris kan gi monalege negative verknader på norsk økonomi. Samstundes er gjelda i hushalda og bustadprisane rekordhøge. Røyndom syner at konsekvensane av økonomiske sjokk vert større i situasjonar med høg hushaldsgjeld og ubalansar i bustadmarknaden.

Samla sett har bankane sine største utlån til hushaldssektoren. Problem i deler av hushalda kan føre til vanskar for heile økonomien, og ha negativ verknad på den finansielle stabiliteten. Finanstilsynet har difor i fleire år retta merksemda mot hushaldas høge og aukande gjeld og den risikoen som ligg i dei svært høge prisane på bustader. I mars 2010 ga Finanstilsynet retningsliner for god utlånspraksis for bustadformål, og retningslinene vart innskjerpa i desember 2011 på grunn av stoda i bustadmarknaden, og fordi bankane heldt fram med å gje bustadlån med høg lånegrad. Retningslinene skal medverke til robuste institusjonar, til finansiell stabilitet og til å minke risikoen for at enkeltpersonar tar opp lån som dei ikkje er i stand til å betale attende. Finanstilsynet har granska om bankane følgjer retningslinene gjennom undersøkingar, tematilsyn om bustadlån og regulære stadlege tilsyn. Bustadlånsundersøkinga som vart gjort hausten 2014, synte at talet på lån med høg lånegrad auka. Av den delen av porteføljen som går til kjøp av bustad hadde 31 prosent lånegrad over 85 prosent, og nærare ein tredel av desse låna hadde lånebeløp som var høgare enn bustadens verdi. Særleg unge kjøparar har høg lånegrad.

Finanstilsynet undersøkte i 2014 porteføljane til dei 17 største bankane for åra 2011 til 2013. Det vart innhenta opplysningar om lån til båe hushald og føretak og bankane vart bedne om å gje si vurdering av risikoen i dei ulike delane av porteføljen. Bankane har låg direkte eksponering mot oljesektoren. Skipsfart og næringseigedom har til saman over halvparten av bankane sine lån til verksemder, og bankane rapporterte særskild på desse utlåna. Resultata synte at risikoen i eigedomsporteføljen er noko redusert den siste tida. Risikoen i skipsfartsporteføljen har samla sett auka dei siste åra, men er ifølge bankane i ferd med å stabilisere seg. Meir enn halvparten av bankane sine samla utlån er til hushald. Bankane vurderer at risikoen i denne delen av portefølja har minka i undersøkingsperioden.

Finanstilsynet har byrja arbeidet med å utvikle ein modell for framskriving og stresstesting av bankane sine resultat og kapitaldekning («Bankmodellen»). Bankmodellen tek utgangspunkt i alle dei norske bankane og kredittføretaka sine resultatrekneskap, balanse og kapitaldekningstall for det siste rekneskapsåret. Dei historiske tala linkas til utviklinga i ein referansebane og ulike stressbanar for dei tre til fem neste åra i ein nyutvikla makromodell og SEBRA-modellen. Finanstilsynet sin nye makromodell byggjar på makromodellen NAM, som er ein liten likevektskorrigeringsmodell for norsk økonomi estimert på kvartalsvise data. Den nye makromodellen er utvida med ein finansdel. SEBRA-modellen (System for EDB-basert rekneskapsanalyse) gir Finanstilsynet anslag på sannsyn for mislighald og utlånstap knytt til den einskilde bank sine utlån til ikkje-finansielle føretak fem år fram i tid. Ved hjelp av makromodellen og SEBRA-modellen kan difor to av dei viktigaste risikofaktorane for bankane i ein stressituasjon, endringar i utlåns-/innskotsvekst og rentenivå (rentenetto) og utlånstap, inkluderast i Bankmodellen. Modellane vil betre Finanstilsynet sine analyser av finansiell stabilitet.

Risikoen, soliditeten og likviditeten i bankane vert mellom anna følgd gjennom stadlege tilsyn og Finanstilsynet si vurdering av bankane sitt kapitalbehov i Supervisory Review and Evaluation Process (SREP), som tek utgangspunkt i bankane sine eigne vurderingar av kapital og likviditet, Capital Adequacy Assessment Process (ICAAP). Finanstilsynet gjer ei vurdering av bankane sine planar og risikoen knytt til verksemda. Titt vert det peika på at ytterlegare styrking av kapital og likviditet er naudsynt. Bankane vert òg følgde gjennom den regulære rapporteringa og ymse analyser. I vurderingane av kapitaltilhøva i kvar bank legg Finanstilsynet vekt på både den risikoen banken står overfor som følgje av den makroøkonomiske utviklinga, og den risikoen for økonomien og marknadene som bankane kan skapa gjennom den samla åtferda si. Finanstilsynet si innsikt i og nærleik til utviklinga i institusjonane, gir moglegheit til både identifisering og rask oppfølging av kjelder til oppbygging av systemrisiko og til vurdering av verknad knytt til ulike makroverkemidlar. Pilar II er noko utvida i CRD IV, slik at tilsynsstyresmaktene nå skal vurdere risikoen som institusjonen utgjer for det finansielle systemet samla sett. Tilsynsstyresmaktene vil òg kunne gjere vurderingane gjeldande for grupper av institusjonar.

7.2.2 Tilsyn med bankar og kredittinstitusjonar

Stadlege tilsyn er viktige for å avdekkje problem i bankar tidleg. Gjennomføringa av tilsyna byggjer på risikomodulane til Finanstilsynet, som er tufta på internasjonale tilsynsstandardar. Modulane dekkjer kredittrisiko, marknadsrisiko, likviditetsrisiko, operasjonell risiko samt overordna styring og kontroll i bankane. På dei ulike risikoområda vurderer tilsynet både det aktuelle risikonivået og dei systema som bankane har for å styre og kontrollere risikoen. Modulane er tilgjengelege på nettstaden til Finanstilsynet. Utspørjing under inspeksjonsvitjingane skjer på grunnlag av dokument Finanstilsynet har bede om.

I 2014 vart det gjennomført 45 inspeksjonar i bankar og finansieringsføretak. I tillegg vart det i 2014 gjennomført 14 tilsyn knytte til IKT-infrastruktur, katastrofeløysingar og beredskap og åtte inspeksjonar knytte til IRB-søknader (internal ratings-based approach, interne risikomodellar) eller oppfølging av IRB-godkjende bankar.

I dei mindre og mellomstore bankane vert det oftast gjennomført inspeksjonar som dekkjer alle hovudrisikoområda, men likevel med særskilt vekt på kreditt- og likviditetsrisiko. Gjennom 2014 har Finanstilsynet bede fleire bankar gjennomføre tiltak for å minske risikoen på kredittområdet og skjerpe inn sin kredittpraksis. Dessutan har Finanstilsynet peikt på manglar når det gjeld handsaming av eksisterande engasjement. Fleire bankar er dessutan utfordra når det gjeld nedskriving av misleghalda og tapsutsette lån.

I 2014 har Finanstilsynet vidareutvikla si analyse av næringsporteføljen i små og middels store bankar ved bruk av Sebra-modellen (system for EDB-basert regnskapsanalyse). I alt sende 101 bankar inn opplysningar om 41 700 næringsengasjement med eit samla engasjementsvolum på 123 mrd. kroner. Risikoanalysen av bankane sine næringsporteføljar vert nytta som grunnlag for å velje ut bankar for inspeksjon og velje ut lånekundar som vert vurdert ved stadleg tilsyn. I tillegg er nokre banker pålagde å sende inn meir informasjon om særskilte næringskundar.

Finanstilsynet gjennomførte våren 2014 tematilsyn om etablering og vurdering av sikkerheiter i ti bankar. Gode rutinar for verdsetting av sikkerheiter er viktig når bankane yter og overvaker kredittengasjement. For bankar som nyttar avansert IRB-metode, har sikkerheitsverdien også verknad for kapitaldekningsberekningane. Undersøkingar som er gjennomførte av internrevisjonen i bankane og Finanstilsynet si gjennomgang under inspeksjonane synte at det for mange bankar er utfordrande å få til naudsynt kvalitet på verdsettinga av sikkerheitene.

Når det kjem til likviditetsrisiko, har Finanstilsynet lagt vekt på å at bankane har ein langsiktig finansieringsstruktur som gir seg utslag i høg innskotsdekning og lang marknadsfinansiering. Fleire bankar er bede om å auke innskotsdekninga. I tillegg har Finanstilsynet lagt vekt på at bankane har naudsynte likviditetsbufferar.

Hausten 2014 gjennomførte Finanstilsynet også tematilsyn om verksemdstyring i ti mindre bankar. Formålet med tematilsynet var å vurdere bankane si arbeidsdeling i viktige avgjerdsprosessar knytt opp mot kreditt- og verdipapirområdet og i tillegg vurdere bankane sine løysingar og prosessar for å sikre naudsynt verksemdstyring. Tematilsynet synte at fleire av bankane mangla naudsynt arbeidsdeling og kontroll i kredittytingsprosessen og ved handel med verdipapir. Fleire av bankane var i ferd med å skjerpe rutinane knytt til arbeidsdeling.

Til fleire bankar har Finanstilsynet gjennom 2014 sagt at oppfølginga av kvitvaskingsregelverket har vore svak. Behov for å utvikle internt rutineverk, skjerpe kundekontrollen, forbetre organiseringa og klargjere ansvarstilhøva samt gjennomføre intern opplæring er nokre av tilbakemeldingane som er gitt.

7.2.3 Tilsyn med forsikring og pensjon

7.2.3.1 Livsforsikringsselskap

Det vart gjennomført tre stadlege tilsyn i livsforsikringsselskap i 2014. I tilsyna vektlagde Finanstilsynet særlig overordna styring og kontroll, og gjennomføring av EIOPAs anbefalingar for førebuingar til Solvens II.

7.2.3.2 Pensjonsføretak

I 2014 vart det gjennomført tre stadlege tilsyn i pensjonskasser. Tilsyna dekka overordna styring og kontroll, kapitalforvaltningsområdet og forsikringsområdet. Finanstilsynet framheva også betydinga av å sikre tilfredsstillande samla kompetanse i styra til pensjonskassene.

7.2.3.3 Skadeforsikringsselskap

I 2014 vart det gjennomført stadlege tilsyn i tre skadeforsikringsselskap og fire brannkasser. Tilsyna var retta mot styring og kontroll, og omfatta særlig førebuing til det nye Solvens II-regelverket.

7.2.3.4 Forsikringsformidlingsføretak

Det ble gjennomført stadlege tilsyn i tre forsikringsformidlingsføretak i 2014. Risikostyring og internkontroll vart eit sentralt tema, i tillegg til kompetent og god kunderettleiing.

7.2.4 Tilsyn med verdipapirføretak

Dei stadlege tilsyna som Finanstilsynet gjennomfører, skal gjera verdipapirføretaka meir medvitne om risiko. Dessutan skal dei fremje godt kundevern på verdipapirmarknaden ved at føretaka følgjer krava til god forretningsskikk. Tilsyna skal og medverke til å sikre integriteten til marknadene. Verdipapirføretaka varierer mykje i storleik, organisering og investeringstenester. Finanstilsynet nyttar mellom anna risikobaserte kriterium for å velje ut føretak til stadlege tilsyn. Slike kriterium kan vere finansielle faktorar som likviditet, kapitaldekning, endringar i inntekter og lønsemd, eller det kan dreie seg om forvaltning og åtferd med utgangspunkt i klager frå kundar eller mistanke om brot på føresegner om god forretningsskikk. I 2014 vart det gjennomført ti stadlege tilsyn i verdipapirføretak og ett tilsyn retta særskilt mot IT-løysingane i verdipapirføretak. I tillegg vart det gjennomført tematilsyn om CFD- marknaden (Contract For Difference).

7.2.5 Tilsyn med forvaltningsselskap for verdipapirfond

Tilsynet med forvaltningsselskapa vart utøvd både gjennom stadleg og dokumentbasert tilsyn. I 2014 vart det gjennomført tre stadlege tilsyn i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Emnet for det dokumentbaserte tilsynet var korleis forvaltningsselskapa etterlevde reglane om kapitaldekning og store engasjement. Finanstilsynet gjennomfører en større undersøking av norske aksjefond som i følgje fondsdokumentasjonen skal forvaltast etter ein aktiv forvaltningsstrategi. Formålet er å undersøke om fond som blir tilbydt og prisast som aktivt forvalta fond, i praksis også forvaltast aktivt.

7.2.6 Tilsyn med åtferdsreglane i verdipapirmarknaden

Det overordna målet med tilsyn og overvaking av dei ålmenne åtferdsreglane er å stø opp om omdømmet til den norske marknaden og dermed den funksjonen marknaden har som kapitalkjelde. Reglane om ulovleg innsidehandel, marknadsmanipulasjon og forsvarleg informasjonshandtering er sentrale. Dessutan følgjer Finanstilsynet opp reglar om listeføring og granskingsplikt, forbodet mot urimelege forretningsmetodar og reglar om meldepliktig og flaggepliktig verdipapirhandel. Tilsynet er såleis retta mot ein vid krins: investorar, rådgjevarar og utferdarar av finansielle instrument og samarbeidspartnarane til utferdarane, inkludert verdipapirføretaka. Målet er å avdekkje og forfølgje ulovlege tilhøve på verdipapirmarknaden og, så langt åtferdsreglane gjeld, på marknadene for varederivat. Gjennom tilsynsarbeidet skal potensielle lovbrytarar gjerast kjende med at lovbrot er risikabelt, noko som kan verke førebyggjande. Finanstilsynet granska mange saker i 2014. Fleire av desse sakene vart sende over frå Oslo Børs, eller rapporterte til Finanstilsynet frå verdipapirføretaka. Dessutan sette tilsynet i gang ei rad undersøkingar på bakgrunn av marknadshendingar eller oppslag i media.

7.2.7 Tilsyn med infrastrukturverksemder på verdipapirområdet

Tilsynet med infrastrukturen i verdipapirmarknaden omfattar tilsyn med ulike marknadsplassar for finansielle instrument, det vil seie regulerte marknader, medrekna børs, og multilaterale handelsfasilitetar (MHF). Dessutan omfattar det tilsyn med oppgjerssentralar, verdipapiroppgjerssystem og verdipapirregisteret. Verdipapirsentralen ASA fører verdipapirregisteret og er operatør for det sentrale verdipapiroppgjerssystemet i Noreg (VPO).

7.2.8 Tilsyn med prospekt og den finansielle rapporteringa til noterte føretak

Finanstilsynet kontrollerer og godkjenner EØS-prospekt som gjeld (i) offentlege tilbod av omsettelege verdipapir retta mot den norske marknaden og (ii) notering av omsettelege verdipapir på norsk regulert marknad. Hensikta med krava til prospekt er å sjå til at investorar får informasjon som er nødvendig for å treffe ein velfundert investeringsavgjerd. Det er viktig for kapitalmarknaden at prospektkontrollen blir gjennomførd på ein effektiv og forsvarleg måte.

Finanstilsynet kontrollerer og at den finansielle rapporteringa til føretak notert på Oslo Børs og Oslo Axess er i samsvar med regelverket om rekneskap. Kontrollen omfattar at informasjon blir gitt til rett tid til og innhaldet i års- og delårsrekneskap til selskapa, årsrapportar, erklæringar frå leiinga m.m. Kvart år vel Finanstilsynet ut føretak til kontroll på bakgrunn av risiko, signal og rotasjon. Område som Finanstilsynets kontroll særleg er retta mot, er inntektsføring, verdsetting og viktige noteopplysningar. For brukarane (investorar, analytikarar, presse, myndigheiter m.m.) er det grunnleggjande at rapporteringa er rettidig og i korrekt.

7.2.9 Tilsyn med revisorar

Finanstilsynet kontrollerer om revisjonsarbeidet er godt nok utført, og om krava til revisjonsverksemd er oppfylte. Dessutan kontrollerer tilsynet at kvitvaskingsregelverket vert følgt, og at revisorar og revisjonsselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid.

Avgjerder om tilsyn vert tekne på bakgrunn av risikovurderingar, innrapporteringar eller andre signal, til dømes medieoppslag. Dessutan kan tilhøve som vert avdekte som ledd i det finansielle tilsynet på andre område, føra til nærare vurdering av arbeidet til ein revisor. Minst kvart sjette år skal Finanstilsynet gjennomføre periodisk kvalitetskontroll av revisorar som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige. Den periodiske kvalitetskontrollen er samordna med kontrollen som Den norske Revisorforening gjennomfører av medlemene sine. Dersom revisorforeininga finn grunnlag for tilbakekalling av godkjenninga som revisor, vert saka send til Finanstilsynet for oppfølging. Ikkje alle revisorane er medlemer av foreininga. Finanstilsynet kontrollerer at alle som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige føretak, vert underlagde kvalitetskontroll innanfor seksårsperioden.

For revisorar og revisjonsselskap som reviderer føretak av ålmenn interesse, skal den periodiske kontrollen skje kvart tredje år. Finanstilsynet gjennomførte frå 2011 desse kontrollane, i tillegg til anna tilsynsarbeid retta mot desse revisorane. Finanstilsynet gjennomførte 27 stadlege tilsyn hjå revisorar i 2014. 13 av desse tilsyna var med revisjonsselskap, og av dei var fire med selskap som reviderer føretak av allmenn interesse.

7.2.10 Tilsyn med rekneskapsførarar

Finanstilsynet kontrollerer om krava som gjeld for rekneskapsførarverksemd, er oppfylte. Mellom anna undersøkjer tilsynet kvalitetskontrollen av arbeidet i føretaka dersom det vert nytta medarbeidarar som ikkje er autoriserte rekneskapsførarar. Vidare kontrollerer tilsynet at pliktene etter rekneskapslova, bokføringslova og kvitvaskingsregelverket vert oppfylte, og at rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap leverer eigen rekneskap og sjølvmelding i rett tid. Sidan det finst så mange rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap, legg Finanstilsynet vekt på det kontrollarbeidet som Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) gjennomfører overfor sine medlemer kvart sjuande år, når dei prioriterer korleis tilsynet med rekneskapsførarar skal gjennomførast. Det er utarbeidd retningsliner for samarbeidet med NARF. Dessutan er det utarbeidd retningsliner for samarbeid med Den norske Revisorforening om kvalitetskontroll av medlemer som er autoriserte rekneskapsførarar. Finanstilsynet gjennomførte 51 stadlege tilsyn innanfor rekneskapsverksemda i 2014.

7.2.11 Tilsyn med eigedomsmekling

I 2014 vart det gjennomført 32 stadlege tilsyn med eigedomsmeklarføretak og advokatar. Her kontrollerte ein særleg korleis meklarføretaka og advokatane har innretta handsaminga av klientmidlane og satt i verk reglene om skriftleg bodgjeving . Mekling av nye bustader i prosjekt var òg eit viktig kontrollområde.

7.2.12 Tilsyn med inkasso

I 2014 var det gjennomført tre stadlege tilsyn i framandinkassoføretak. Ett av tilsyna var eit IT-tilsyn. Mellom anna ble føretakas rutinar for innkrevjinga gjennomgått.

7.2.13 IT-tilsyn

Det blei gjennomført 22 stadlege IT-tilsyn i 2014, og av desse var fleire integrert med ordinære inspeksjonar som Finanstilsynet hadde av føretaka. Det blei gjennomførd 41 forenkla IT-tilsyn, som omfatta eigedomsmeklings-, inkasso-, verdipapir- og rekneskapsførarselskap. Finanstilsynet avdekte i 2014 fleire døme på at kontrollen knytt til tilgangsrettar burde ha vore betre. Eit anna område Finanstilsynet fann manglar ved, var føretaka sin kjennskap til og oppfølging av planar og avtalar med leverandørane om kontinuitets- og katastrofeløysingar.

Fire av de stadlege tilsyna var i samarbeid med Bankenes Sikringsfond med fokus på å etterleva «Forskrift om krav til datasystemer og rapportering til Bankenes sikringsfond» med heimel i §2-11 i Banksikringsloven som tredde i kraft 1. juli 2013. Tema for tilsyna var å undersøkja kor raskt bankane, Finanstilsynet og sikringsfondet kan klargjere informasjonsgrunnlaget for utbetaling av sikra midlar dersom banken blir sette under offentleg administrasjon. Ikkje alle bankane hadde etablert løysingar for å rapportera i samsvar med krava i forskrifta. Informasjonsleveransane viste også store variasjonar i kvalitet. Temaet vil bli følgt opp med tilsvarande tilsyn i 2015.

Totalt fekk Finanstilsynet 217 rapportar om hendingar i 2014. Det er om lag same talet som dei siste åra. Første halvdel av 2014 fortsette den positive utviklinga frå 2013 med færre driftshendingar enn åra før. Like fullt auka det i mai og juni då det var fleire driftshendingar med få dagars mellomrom. Desse hendingane råka mange bankar. Nokre av hendingane avdekka òg manglar ved føretaka sine kontinuitets- og beredskapsløysingar. Gjennom resten av året var det nokre alvorlege hendingar der integritet og konfidensialitet blei råka. Det var få rapportar om vondsinna angrep. I 2014 blei det etablert ein rutine for å varsla Finansdepartementet om særlig alvorlege hendingar eller hendingar som kan få stor merksemd i media. Finansdepartementet ble varsla om 9 hendingar i 2014.

Finanstilsynet fikk 13 meldingar om endra eller nye betalingstenester i 2014. De fleste var knytt til mobile tenester. Nye betalingstenester blir følgde tett opp med tanke på risiko og sårbarheit. Løysingar der mobiltelefonen fungerer som betalingsinstrument og brukaren sin kortinformasjon ligg på mobilen, kan representera ein auka risiko for kompromittering.

Utviklinga i 2014 viste at stadig fleire føretak bytte leverandørar og løysingar innanfor sentrale delar av IKT-verksemda. Eksempel er DNB som valde HCL som ny driftspartnar for drift av den desentrale plattforma frå datasenteret Green Mountain, og Tata Consulting Services som leverandør av forvaltings- og utviklingstenester. Evry skal fortsatt drifta kjerneløysinga til DNB. Finanstilsynet vidareførde i 2014 oppfølginga av Nets når det gjaldt endringar i organisering av verksemda i Nets-konsernet (Nets) og salet av Nets. Særleg blei den avtalemessige delen mellom Finans Norge, som representerer bankane, og Nets, følgde opp. Finanstilsynet er bekymra for at utkontraktering til utanlandske føretak kan utarme norsk kompetanse på IT-løysingar til finanssektoren.

På oppdrag frå Finansdepartementet rapporterte i 2014 Finanstilsynet om status for norske finansinstitusjonar sin bruk av tenesteproduksjon levert frå høgrisikoområde. Oppgåvene som vert utførde fra høgrisikoområde hadde avgrensa omfang og risiko. Finanstilsynet delte leveransane i IKT-drift, oppgåver knytt til IKT-drifta og reine IKT-utviklingsoppgåver. Ingen finansføretak eller leverandørar hadde IKT-driftsleveransar frå høgrisikoland.

7.2.14 Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI)

I tillegg til myndigheitene er alle aktørar som opererer kritiske system og kritisk infrastruktur for finanssektoren i Norge, representert i BFI. BFI heldt to beredskapsøvingar i 2014. I den eine øvinga var scenarioet driftsproblem i en større bank som førte til langvarig avbrot i betalingstenestene. Øvinga viste mellom anna korleis manglande utbetalingar frå ein bank spreidde seg til problem også for dei andre bankane. I den andre øvinga blei krisestøtteverktøyet CIM brukt til å kalla inn til eit ekstraordinært telefonmøte i BFI der tidspunkt ikkje var varsla på førehand. BFI vurderte CIM som eit effektivt verktøy til møteinnkalling. Dei som motteke innkalling må ikkje ha installert CIM hos seg, det er enkelt å følgja kven som svarar, kva dei svarar og det kan brukast frå alle stader der det er Internett. Resultata av BFI-øvingane bidreg til jamlege oppdateringar og forbetringar av BFIs rutinar for varsling, problemhandtering og informasjonsdeling.

I 2014 vidareførte Finanstilsynet arbeidet med å forankre finanssektoren si prioritering av tilgang til straum og tele i ein beredskapssituasjon. Kommunikasjonen mellom dei prioriterte finansaktørane og dei mest sentrale straum- og teleleverandørene skal væra etablert på eit nivå som gjer det mogleg for straum/tele-leverandørene å følgja opp finanssektoren si prioritering i ein krisesituasjon uansett når denne skulle oppstå. Finanstilsynet vil framleis ha ein oppfølging knytt til at dei rutinane som no er etablerte, blir nytta ved system og drifts-endringar i finansføretaka som påverkar straum-/tele-leveransane.

Tabell 7.1 Tal på stadlege tilsyn etter institusjonstype (inkl. IT-tilsyn)

2010

2011

2012

2013

2014

Bank/finans

70

53

51

631

672

Betalingsføretak

1

13

Forsikringsselskap

12

14

8

8

13

Forsikringsformidlings-føretak

6

7

3

5

3

Pensjonskasser og -fond

8

2

6

5

3

Verdipapirføretak

24

19

17

12

11

Andre verdipapirinstitusjonar (inkl. forvaltingsselskap for

verdipapirfond)

5

8

5

3

3

Revisorar

87

47

48

55

29

Rekneskapsførarar

58

56

60

46

50

Eigedomsmeklarar

49

93

43

43

32

Inkassoføretak

13

12

11

11

3

Datasentralar/IKT-leverandørar

4

5

3

1

2

Andre

1

-

1 47 ordinære tilsyn, 6 IT-tilsyn og 10 inspeksjonar knytt til IRB-søknadar

2 45 ordinære tilsyn, 13 IT tilsyn og 9 inspeksjonar knytt til IRB-søknadar

3 E-pengeføretak

7.2.15 Rekneskap og budsjett

Stortinget fastset utgiftsbudsjettet og inntektsbudsjettet til Finanstilsynet som ein del av statsbudsjettet. Budsjettet for 2014 til driftsutgifter var opphavleg på 327,5 millionar kroner. Budsjettet auka med 6,1 millionar kroner som kompensasjon for lønnsoppgjeret. Inkludert overførte midlar på 9,1 millionar kroner frå 2013 og refusjonar på 6,6 millionar kroner i foreldre- og sjukepengar var den samla disponible utgiftsramma til drift 349,3 millionar kroner.

Delar av Finanstilsynets budsjett blir tildelt på post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald. Løyvinga er øyremerkt IT-utviklingsprosjekt, og ubrukte midlar kan overførast til seinare budsjettår uavhengig av driftsutgiftene. I budsjettet for 2014 vart det løyvd 12,3 millionar kroner, og saman med overførte midlar på 4,5 millionar kroner var den disponible utgiftsramma 16,8 millionar kroner.

Utgiftene summerte seg totalt til 349,7 millionar kroner, ein auke på 1,3 prosent frå 2013. Mindreutgifter for post 01 Driftsutgifter blei 11,2 millionar kroner, som Finanstilsynet har søkt overført til 2015. Mindreutgifter for post 45 vart 4,9 millionar kroner og vil kunne disponerast i 2015.

Dei samla lønnsutgiftene auka med 5,0 prosent. Korrigert for offentlege refusjonar var auken 4,2 prosent. Høgare vekst i lønnsutgiftene til Finanstilsynet enn årslønnsveksten i staten elles kan dels forklarast med at pensjonspremien var mellombels redusert i 2013, dels med at det har vore nødvendig å auke lønna i enkelte stillingar. Utbetalingar til investering og andre utbetalingar til drift må sjåast i samanheng. Samla viser desse ein nedgang frå 2013 på 8,9 prosent. For å halde utgiftene innafor beløpet som er løyvd, har det vore nødvendig å redusere både i bemanning og drift for øvrig gjennom 2014.

Utgiftene til Finanstilsynet blir etter finanstilsynslova § 9 dekte av institusjonar som er under tilsyn i budsjettåret. Etter lova skal utgiftene fordelast på dei ulike institusjonsgruppene etter omfanget av tilsynsarbeidet. Utgiftene blir derfor kravde inn på etterskot. Stortinget vedtek ei inntektsløyving som er lik utgiftsløyvinga for fjoråret. Det blir òg kravd bidrag frå filialar av føretak frå andre EØS-statar.

Statens innkrevjingssentral krev årleg inn tilsynsavgift og andre gebyr på vegner av Finanstilsynet. Det omfattar òg rekneskapsføring og rapportering av innbetalingar i statsrekneskapen.

Bidrag frå institusjonar under tilsyn utgjorde 308,7 millionar kroner i 2014. Summen av inntekter er mindre enn dei rekneskapsmessige utgiftene fordi bidrag frå institusjonar under tilsyn blir betalte på etterskot og ubrukte budsjettmidlar frå året før blei trekte frå.

22. mai 2014 godkjende Finansdepartementet forslaget til utlikning for 2013 etter føregåande høyring hos dei aktuelle bransjeorganisasjonane. I alt 14 767 tilsynseiningar blei omfatta av utlikninga for 2013. Av desse var 73 utanlandske filialar. Den største tilsynsgruppa er rekneskapsførarar, med 11 748 einingar. I 2012 var det totalt 14 080 einingar.

Riksrevisjonen reviderer Finanstilsynet si verksemd. Revisjonsmeldinga for 2014 er venta i andre kvartal 2015. I det avsluttande revisjonsbrevet frå 2. juni 2014 om rekneskapen for 2013 går det fram at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen eller måten Finanstilsynet hadde gjennomført budsjettet på.

Årsrekneskapen er avlagd i samsvar med reglement for økonomistyring i staten, og Finanstilsynets kontoplan byggjer på ei artsgruppering av utgifter og inntekter. Med utgangspunkt i denne planen er det sett opp ei formålsgruppering av utgiftene med samanlikningstal for 2013. Hovudgruppering etter formål går fram av tabell 6.2.

Tabell 7.2 Hovedgruppering av Finanstilsynets utgifter og inntekter

Tal i heile tusen kroner

2013

2014

Lønnsutgifter

248 090

261 245

Av dette:

Lønn

189 742

197 897

Arbeidsgiveravgift og pensjon

52 754

58 157

Andre ytelser (honorar, kantinebidrag mv.)

5 593

5 191

Varer og tenester

97 161

88 473

Av dette:

Investeringer

13 559

5 168

Drift

83 602

83 305

Sum utgifter

345 251

349 718

Bidrag frå institusjonar under tilsyn

312 004

308 693

Gebyr for prospektkontroll

8 381

7 878

Ubrukte budsjettmidlar frå året før

18 413

13 558

Refusjon foreldre- og sjukepengar

3 498

6 380

Sum inntekter

342 296

336 510

Figur 7.1 Utlikning i prosent fordelt på tilsynsgrupper

Figur 7.1 Utlikning i prosent fordelt på tilsynsgrupper

Til forsida